Oddny Miljeteig
Asylborna skal bli!
Fakkeltog til Korskirken
Torgallmenningen, Bergen, 12. januar 2013
Kilde: Oddny Miljeteigs private arkiv

Jesus var også eit flyktningebarn. Vår del av verdas mest kjende flyktningebarn.

Kjære alle saman. I dag handlar det om borna. Om 544 born nett no. Dei lengeventande asylborna. Dei som har venta meir enn tre år. Dei som slik sett er i same båt som dei som i Stortinget i 2004 fekk eit så godt som amnesti, og som dei som i 2007 fekk nesten så godt som amnesti. 

I dag skin sola over Bergen. Dagane blir lengre. Våren er i emning. I dag er det markeringar 22 stader i Bergen for dei lengeventande asylborna. Er det ein asylpolitisk fønvind som byggjer seg opp for borna?

Ein rettferdig asylpolitikk. Kor mange gonger har vi ikkje høyrt det? Rettferdig og konsekvent? Kjære alle saman, la oss erobra språket og forståinga: Det finst ikkje rettferd utan humanitet -- skreiv Roar Abrahamsen, leiar for Avd. 5 i Fellesforbundet heilt nyleg. Nei det finst ikkje ein rettferdig asylpolitikk utan humanitet. Eg vil ha ein rettvis asylpolitikk -- ein asylpolitikk kjenneteikna av human rettvise. Og konsekvent. Eg vil ha ein asylpolitikk som konsekvent set borns interesser fyrst. Kan det vera for mykje forlangt? Kan vi i det heile kjempa for eit solidarisk samfunn om vi ikkje set borns interesser fyrst? Kan vi i det heile tala om konsekvens i samanheng med born utan å setja borna fremst? Nei. Så la oss erobra språket -- og erobra asylpolitikken.

Eg er heldig. Kyrkja mi, partiet mitt og forbundet mitt står alle bak asylbarnaksjonen i dag. Og uendeleg mange fleire. Så langt er det likevel ikkje nok for å få gjennomslag for asylborna. Den humane asylpolitikken vann i Soria Moria 1 i 2005, men har tapt sidan 2008, om enn med einskilde unntak. Og det nyttar altså ikkje for SV å gå til Stortinget -- eg trur på mirakel, men eg ser jarntriangelet i norsk asylpolitikk, Høgre, FRP og AP -- i overveldande Stortingsfleirtal.

Høgsterettsbehandlinga av to asylbornsaker før jul var ikkje ei avgjerd i human lei. Fleirtalet i Høgsterett fylgde ikkje sin justitiarius, og jussprofessor Bernt ved UiB tok i bruk dei sterkaste ord eg har sett han bruka. Takk og lov for Bernt og mindretalet i Høgsterett. Men det er ikkje nok. Oppmjukingane ved Stortingsmeldinga «Barn på flukt» var heller ikkje nok til at Høgsterett tok ei avgjerd på borna, enn seia barnekonvensjonens, premissar.

I Korskirken i dag må vi seia det som det er, utan omskrivingar: det er Arbeiderpartiet som sit med nøkkelen til ein rettvis politikk overfor asylborna. Eg ser Venstre og KrFs ferske forslag til Stortinget om forskriftsendring slik også -- dei seier dei vil hjelpa SV med å snu AP, dei trur altså ikkje at det er Høgre og FRP som kan snuast. No seier AUF at dei vil ta omkamp i AP for born -- måtte de vinna! AP og SP i Bergen er med her -- ære vere dåkon, og lukka til for å snu moderpartia! Eg oppmodar LO på det sterkaste til å ta vårens fremste rettferdskamp, kampen for asylborna -- for ingen i Noreg har større styrke enn LO når LO legg breisida til.

Og eg har ein bodskap til oss alle her: det er ikkje å kvila ein einaste dag før vi har fått gjennomslag. Vi som i dag står opp for asylborna, vi har aksla ansvaret, uansett parti eller organisasjonstilhøyrsle eller kyrkjetilhøyrsle. Kampen for asylborna er vår kamp, ein sak vi ikkje kan overlata til andre -- og borna er her no. Dei har ikkje tid å venta. Livet deira er no -- framtida deira startar kvar morgon.

Vi er midt i striden, vi veit ikkje når vi vinn, men vi veit at vi ikkje gjev oss før vi vinn. Det må vi lova kvarandre i Korskirken i dag, og frå markering til markering over heile landet. Vi gjev oss ikkje, vi skal vinna, for vår eiga sjølvrespekt, for humaniteten og rettferda -- asylborna skal bli!