Jørgen Løvland
Nationale spursmaal
Fyredrag aat ungdomslagi
Oslo, 1904
Kilde: J. Løvland: Nationale spursmaal. Oslo 1904, s. 3-31

"Med skilnad i tungemaal, heimland, ætt, sed og skikk hev Gud skipa nationarne paa jordi, at dei skal hava kvar sitt eige liv", sa pave Pius IX, daa han i 1848 vigde inn eit fritt styre i Roma og kyrkjestaten. Og han la til: "Gud hev gjeve Italia alle desse sermerke, som ingen kann taka fraa oss". Men straks etter vart han bakstrævar og strauk ut desse fagre ordi or talen sin. Men han kunde ikkje faa stroke deim ut or livet. Sanningi orkar ingen aa strjuka ut, endaa um det er paven sjølv. Italia samla seg til eitt og vart fritt og tok Roma ut or henderne paa paven.

Ein kann ikkje segja det, at tjodskapen, sermerki paa eit folk, fraa fyrst av er ein naturgivnad. I bibelen stend det, at skilnaden kom fram, daa manneætti vilde samla seg um ein stor by og eit himmelstormande taarn: daa nøydde maalskilnaden deim til aa fara kvar sin veg. Daa kristentrui kom, daa vart ho preika paa alle maal, "som folk er fødde i", og den siste sjaa-aren i bibelen ser til slutt folki samla "av alle tungemaal".

Det er nok so, at ordet "nation" styrer tanken paa det, ein er fødd med. Men det er vel raadlaust aa tenkja seg, at nationaliteten ligg i sjølve mannenaturi. Tenkjer me oss at tri norske smaaborn vert sende til uppaling, eitt til England, eitt til Italia og eitt til Japan, og dei so møtest atter, naar dei er vaksne, lat oss segja, naar dei er yver 30 aar, so hev vel den eine vorte engelsmann, den andre italienar og den tridje japanar. Naar ein nation liver samla, daa er dei merke, som skil han fraa andre nationar, so klaare og sterke, at dei veks inn i borni fraa den stund, dei opnar augo; det vert natur. So sterk er nationaliteten, at innflytjarar or framande land vert fanga og umskapa etter det nye heimlandet og det nye folket, so framt dei er noko unge, og jamt gjeng det so med borni deira. Me kann daa ikkje segja, at nationaliteten fraa fyrst av er ein naturgivnad, men at han er so sterk som ei naturmagt.

Eit folk vaknar ikkje til aa kjenna og vita um nationaliteten, fyrr det hev kome langt i kultur. Folkekjensla, folkesamvitet veks med kulturen og er sterkast hjaa dei folki, som er lengst komne, t. d. hjaa engelsmennerne og fransmennerne; og slike er dei sterkaste til aa halda han uppe. Naar me hjaa dei gamle folki i Asia, t. d. kinesarane og japanarane, møter ei so djup og sterk folkekjensla, so kann me derav vita, at dei er gamle kulturfolk.

Den fulle folkekjensla er eit vilkaar for at eit folk skal veksa og koma seg fram. Liksom ein einskild mann maa hava den fulle kjensla av sin rett og sin skyldnad, av sin vyrdnad og sin dugleik, av si uppgaava og sitt andsvar, - soleis er det og med folki. Det er sant, at folkekjensla kann rengja seg um til eit faarlegt lyte. Naar einskildmannen vert sjølvgod, vanvyrder andre og meiner han sjølv er den beste, vil inkje høyra og inkje læra, daa gjeng det til atters med han. Like eins kann eit folk lett verta sjølvklokt og fullt av ovmod, vanvyrda andre folk og storkna fast i sitt eige. Daa stansar det i vokster, i kultur, og vert kinesarar. Der ligg faaren. Ein kann finna slik sjølvgodskap hjaa nationar, som berre hev kome halvvegs i kultur, t. d. hjaa russarane. Men tidast hjaa kulturfolk, som er langt framkomne, soleis hjaa mange nationar i Asia. Det er ikkje fritt for det, at fransmennerne etter den store Ludvigen (1643-1715) og den store revolutionen (1789) hev vorte sjølvgode og hev trutt, at det er "den store nationen"; men so kom ulukkorne yver deim 1870-1871, og sidan hev dei lært - dei vitugaste av deim - at dei maa ikkje stengja seg inne som kinesarar, men fylgja med og læra av andre folk, so framt dei ikkje skal veksa nedetter.

Me kjenner og ein slik "nationalisme": Daa skandinavarne raadde i aandslivet paa lag 1840-64, daa kjende dei "Norden" som den beste av alle, og etter ufreden 1848-50 gjekk bylgjorne so høge, at ein saag ikkje anna. "Norden" og "de nordiske folk" var det beste som fanst. Der er nok av visor og talar um "det frie og megtige Norden". Mest vanvyrde dei og hata tyskarne, stakar. Den "skandinaviske" folkekjensla og nationalismen stengde av, so her var trongt og kvævt. Liksom det franske ovmodet fekk sin domedag 1870, so hadde den skandinaviske nationalismen fenge sitt svimeslag 1864. Den tunge innestengde lufti kjendest daa meir kjøvande enn nokosinne. Bjørnson laut brjota ut i 1872 og "forandre signalerne" mot tyskarne, og Georg Brandes fann ei livsuppgaava i aa lufta ut og sleppa straumar fraa Evropa inn i dei innestengde danske sundi og fjordarne. Liksom Holberg og Wessel i det attande hundradaaret hadde tukta danskarne (og svenskar og nordmenner med) av di dei gjorde seg til apekattar etter fransmenner og tyskarar, so laut no Brandes og hans skule tukta dei for det motsette: sjølvgodskap og heimfødingskap. Baae ting er like galne; eg veit ikkje, kva er verst. Baae veks vel upp som ugras av utarma jord. Visst er det, at det danske folket, som i midten av det fyrre hundradaaret livde som i ein draum paa skandinavisk nationalisme, sidan hev vakna og reist folk og land til ein vokster og ei bløming, som vekkjer undring i alle land.

Bakslaget mot denne skandinaviske nationalismen vart so sterkt, at ungdomen heldt paa aa svinga til den andre kanten. Alt i 1886 høyrde eg i det frilynde studentlaget i Kristiania, ein av førarane sa, at dei hadde tapt hugen til dei nationale uppgaavorne; det var dei sosiale spursmaali, som no tok ungdomen. Den same karen hev elles sidan vorte ein god national nordmann.

Men me møter tidt det rangsyn, at nationaliteten er ei utlivd form for livet. Det er dei internationale, samfolkelege eller aalmenne spursmaali, som maa styra hugen og arbeidet. Og daa fyrst dei sosiale. Det er sant, at dei sosiale uppgaavor er dei største, og dei er sams for alle kulturfolk. Men dette gjeld um alle kulturspursmaal. Det er menneskjesaker og ikkje sersaker. Det gjeld alle aandssaker og meir til: trui, samfundsskipnad, skulestell, og det meste av loverne, kunst og vitskap, teknik, jordbruk, sjøbruk, handverk, handel o. s. fr. Men kvart folk maa løysa deim i si tid og paa sin maate. Liksom ein mann maa dyrka garden sin, ettersom han ligg og er laga, etter vêrlag, ettersom han hev magt og arbeidshjelp, og ettersom garden hev vore stelt fyrr, - soleis maa eit folk løysa alle dei sosiale spursmaali òg etter sine vilkaar og evnor. Spursmaali er dei same, men i mangt fær dei ei sers utforming i kvart land. Den nationale tanken stend ikkje imot sosiale framstig; tvertimot er han eit vilkaar for at framstigi vert laga paa beste maaten i kvart land.

Det same gjeld um alle kulturspursmaali. Jamvel den "almennelege" (katolske) kyrkja er og var national, ikkje minst i Norig. Og politiken. Han er "aalmenn", men alle er samde um, at han maa hava sitt eige nationale lag etter land og folk. Det same gjeld um kunsti. Grieg og Gade og Wagner er norske, danske og tyske i musiken sin. Endaa klaarare er dette i bokriket. Um enn Holberg og Ibsen skreiv i dansk maal, so hev den norske nationaliteten vore eit av vilkaari for det dei hev gjort. Mykje meir gjeld det um deim som brukar sitt nationale tungemaal, som Vinje og Garborg; dei kom fyrst fullt fram, daa dei tok det norske maalet. Um dei store heimsdiktarane, som Dante, Shakespeare, Voltaire og Göethe gjeld det visst, at dei maatte liva fullt i sin nationalitet, i sitt eige maal.

Det er difor eit rangsyn, at folkekjensla, folkesamvitet, nationaliteten er "kulturfiendsk". Dei beste kulturarbeidi, fraa dei eldste til dei seinaste tider, er sers nationale. Ikkje noko folk hev vore meir nationale enn israel og hellenarne. Liksom nationaliteten sjølv veks med kulturen, soleis er han eit vilkaar for kulturarbeidet. Berre, naar han stengjer seg inne og èl fram sjølvgodskap, vert han "kulturfiendsk"; men daa stansar han sjølv i voksteren og visnar.

Det er like eins eit rangsyn, naar dei set upp fredstanken mot nationaltanken. Fredstanken er ikkje det, at nationarne skal blandast; det er ikkje national vanvyrding og samrøring. Nei det er, at nationarne, alle nationar, skal hava sin fulle vyrdnad, anten dei er smaa eller store. Fredstanken er det: liksom lov og rett vèr kvar av oss i samfundet, so den sterke og den veike kjenner seg like trygg, skal det millom folki koma same skipnaden, at det gjeng etter rett i staden for etter vald og magt. Fred paa grunnlag av rett, det er fredstanken. Fredstanken skal difor ikkje uppløysa nationarne og gjera deim til inkjes, men varna og verja dei, smaa og store, med retten si magt, so kvart folk kann "liva trygt under sitt vintre og sitt fikentre". Fredstanken hev nett vakse upp av det synet, at freden og trygdi for nationarne ikkje skal kvila paa kanoner og riflor, men paa rettferd og lov. Dei gamle vilde "byggja land med lov;" det vil me og. So langt me kann vil me byggja heile jordi med lov "og inkje med ulov øyda."

Dei lærde er vel no samde med Sars og Sophus Bugge i det, at det serleg var vikingtidi (um lag 800-900) med kjøpferder og krigsferder, som reiste oss til eit kulturfolk. Den gamle heimekulturen fekk groe og vokster og folket vann nye hugmaal. Tonar og dikting, sogefortelnad, umskiping i husebygnad, i innreiding og stell, i samfundsskipnad, lovgjeving og rettargang, livemaate og arbeidskunst kom seg upp. Eddakvadi og skaldediktingi voks fram. Kristentrui vart kjend og feste seg. Me kom so langt, at Harald Haarfagre og Heilag Olav skipa eit tjodrike og ein ny samfundsskipnad, som fullt svara til tidi. Daa kom sagatidi 900-1300. Norig og det norske folket livde daa heilt med i kulturen. Riket var kjent og vyrdt. Dei tenkte endaa paa aa faa den norske kongen til romersk keisar i det store interregnum um lag 1250, daa Hohenstaufarne var øydde. Domen i Nidaros var den største, fagraste og mest kjende og vyrde kyrkja i Nordlandi. Den norske dikting og sogeskriving var den beste i Evropa i 12 og 13 hundrad-talet, og alt gjekk paa norsk maal, medan Saxo sat i Sorø og skreiv Danmarks soga paa latin. Daa var me eit kulturfolk. Boki "Kongespegelen" (konungs skuggsjaa), som er skrivi i Norig paa lag 1250, syner det. Men daa var me og fullt nationale. Kultur og nationalitet blømde saman.

So kom hanseat- og dansketidi (1300-1800), daa me fekk utlendske handels- og sjøfolk og handverkarar, ei ny styring og ei ny tru fraa Kjøbenhavn med danske futar og danske prestar og - dansk maal. Men folket heldt seg under det framande styret, og riket heldt namnet sitt og serskilt lov. Fram imot aaret 1800 hadde me vakse so, at nationalkjensla vakna att. Peder Claussøn hadde alt um lag 1600 umsett kongesogorne og vekt kjennskap til sagatidi. "Odelsbonden", fri paa sin gard, gav tru til framtidi. Daa me so vart frie i 1814, fløymde det av "songar og talar til normansens pris". Jakob Aall umsette kongesogorne, og Rudolf Keyser granska den gamle soga vaar.

Henrik Wergeland saag med sit geniale klarsyn at Norig i sagatidi og det nye Norig var tvo halvringar, som høyrde ihop. Millomtidi, dansketidi, høyrde ikkje med. Dei stod ei stund synkvervde. Det var ikkje underlegt. Det var dlen tidi, daa alle drøymde seg attende til millomalderen med riddarar og kjempor og fagra borgfruer; det var romantiken. Men Wergeland livde ikkje etter det. Han tok upp arbeidet for eit veksande Norig og vende alltid synet frametter.

Ein av jamningarne hans var Peter Andreas Munch. Det var ein ørn. Han vilde vera Norigs Herodot, vaar nye Snorre. Og han vart det. I Danmark, i England, i Roma leita han fram nye ting um den gamle soga vaar. Han skreiv "Det norske folks historie". Det var ikkje "Nordens" historie, men um "det norske folk", - legg merke til det! Og det var hans uppgaava aa syna, at me med alt det, me vanta, likevel var eit folk. I hans brennande sjæl livde folk og land, han vigde til deim sine merkelege evnor, sin rike kunnskap og sitt umaatelege arbeid. Han døydde i arbeidet. Ein kann segja av arbeidet; men han hadde gjeve oss eit kjempeverk, "det norske folks historie" i 5 digre band. Han vilde vinna og han vann sitt folk fram or gløymsla og samrøring. Munch skulde hava si minnestytta jamsides med Wergeland.

Han rakk berre ut sagatidi. Men so kom det ein ung mann, som klaart og visst peika paa samanhengen i folket sitt liv. Ernst Sars hadde alt fyrr sett fram det synet, som han sidan hev gjeve fullare og rikare i si "udsigt over den norske hisorie".

Sars syner her, at dansketidi og høyrer med i vaart liv, - at det er same folket som i eddatidi og sagatidi, som veks og utviklar seg gjenom dei 400 aar til det, me er i 1800 og 1900 talet, og at det er full historisk samanheng i denne voksteren. Det kom mange ting til, som gav vissa um, at Sars saag rett. Landstad fann folkevisorne, Lindemann folketonarne. Asbjørnsen og Moe eventyri, som alt synte, at det nationale kulturlivet hadde halde seg og vakse i samanheng. Kunstnarar og granskarar, som Dahl, Tidemann og andre peika paa dei gamle buri og stavkyrkjorne og anna gamalt kunstarbeid, og paa folkelivet, som like eins var ein livande national kultur. Men mest undring vekte det, daa Ivar Aasen og sidan Hans Ross synte oss, at det norrøne, det norske maalet er livslivande og hev utvikla seg til modern form og skikk. Det er gripande aa lesa, kor Munch vart hugteken, daa han saag Aasens arbeid! Og Sars sa mange gongjer, daa han arbeidde paa boki si, at det var raadlaust: hans norske historie maatte enda med maalreisingi; det var logisk; han kunde ikkje anna.

Desse tvo store sogeskrivarane hev vunne Norig og det norske folket heimatt og paa vitskapeleg veg gjeve oss rom og rett millom folki. No veit me, at me likso vel som danarne, svearne og engelsmennerne er eit kulturfolk med ei samanhangande soga paa meir enn tusund aar. Det gav tru og von til framtidi. Det gav vokster til norsk dikting og onnor kunst, ein norsk renaissance (nyreising) i alle leider. Ikkje minst i politik, - der bønderne tok styret med tilhjelp av mange med rikare kunnskap og daning.

Men dette høvde ikkje med skandinavismen. Skandinavismen saag i Norig berre eit stykke av fedralandet. Dei tri landi, Norig, Sverike og Danmark, "det treenige Norden", - det var det store fedralandet. Sjølve Munch og Sars var sume tider inne paa dette, og for dei store diktarane, Bjørnson og Ibsen, var det eit bil mest som ein religion. Nokre av dei beste mennerne vaare ligg enno og baskar uppi denne "nordiske einskapstanken". Verst var det ei stund med Ibsen. Han sat fleire aar og "brandad og g(r)yntad mot fedralandet", som Vinje sa. "Peer Gynt" er fødd av harm yver, at Norig vilde vera for seg sjølv og ikkje hjelpa Danmark i ufreden i 1864. Det var trollet, som var "seg sjølv nok", og det norske maalstrævet var den galenskapen, som han fann maken til i daarehuset i Kairo.

Men med all skandinavismen sin er desse kararne nordmenner og hev gjort mykje til aa vekkja norsk hug og syn og tru kvar i si leid. Mest Johan Sverdrup som aldri var skandinav, og Steen; dei fekk den uppgaava aa klaarna synet gjenom all den politiske samrøringi, som hadde sige inn yver landet og inn i hugen og tankarne hjaa folket like fraa 4de november 1814. Her hadde dei god hjelp av dei fyrre skandinavarne Dunker, Bjørnson, Sars og Vinje og sidan av fleire yngre menner.

Daa so Ivar Aasen og Vinje tok stiget fullt ut og bruka til bokmaal det livande norske maalet, som alt Wergeland hadde peika paa, daa stokk mange. Bønderne sjølve totte, dei vilde taka bibel og salmar og trui fraa deim, og dei andre ropa, at dei vilde taka kulturen. Det danske maalet bar Norigs kultur, sa dei. Sverdrup, Steen og Sars skyna likevel maalsaki, og etter kvart vekte Aasens og Vinjes skrifter synet vidare utyver landet. Mange bønder skyna saki. Folkehøgskularne vart med og mange folkeskulelærarar. Teologar som Skaar, Blix, Bang, Hovden, Hognestad o. fl. like eins.

Enno jamrar sume seg for kulturen. Det kann nok vera, at det millom maalmennerne av og til kjem fram noko heimfødingskap um at berre me er bønder og landsfolk, so er me adel og alt godt, me tarv ikkje meir; "byfolk" er ikkje nordmenner, og meir sovore.

Men dette er berre tankeløysa, som maalreisingi ikkje hev skuldi fyre. Maalvenerne Ernst Sars og Johan Sverdrup, Hans Ross og Steinar Schjøtt, var "fransmenner og evropæarar", lenge fyrr Georg Brandes og hans evropæarar i Kjøbenhavn. Det var difor bladstyrar Friele og hans folk vilde tyna Sverdrup, og professor Lochmann vilde halda Sars burte fraa universitetet. Og Vinje var liksom Wergeland den mest evropæiske og kunnskaspsrike av diktarane vaare. Han livde meir med Goethe, Byron og Heine enn med Øhlenschläger og Heiberg. Og som det er i bokavlen, er det i livet. Dei beste maalmennerne ute i bygderne høyrer til dei mest upplyste, tenksame og dugande lærarar, jordbrukarar, handverkarar og fiskarar. Kvar ein ser, so er det, som ein maatte venta: dei mest nationale, er millom dei beste framstigsmenner. Slepper folk seg laus fraa dei gamle grunntankarne, i staden for aa utvidka deim og gjeva det nye samanheng med det gamle, so gjeng det jamt gale. Det er godt, um me gjer stova høgre under rotet og held henne reinare enn dei gjorde fyrr i mange bygder; det er bra med gilde fjøs og lødor og gjødselkjellarer, naar alt er laga etter det garden orkar og treng. Men det er armod aa halda større og grummare hus og greidor enn ein hev bruk for. Det er mange, som hev "bygt seg ute". Eg hev set mange gardar, der dei hev retta stell og heim etter kvart og gjenge smaatt fram. Dei hev prøvt seg fyre baade med kaltvatsmaaten og separatoren og meieriet, og framstigi hev gjenge jamt og visst. Folk hev lært aa gjera seg nytta av deim etter kvart, og utgifterne hev vore rimelege. Dei hev reinska og hegna upp skogen, og det hev vorte velstand og hugnad i gard og heim. Men sume stader hev dei skunda so paa, at dei hev ikkje orka aa gjera nytta av framstigi. Dei hev rive ned og bygt og buldra og danera, hogge ned skogen og halde fine køyregreidor, teke klæde fraa fabrikken og laant i banken og pantsett og gjenge fraa gard grunn.

Ja - de tykkjer kanskje, dette ligg langt fraa det emne eg talar um. Men det er ikkje so. Det som gjeld for ein bondemann, ein handelsmann, ein handverkar, ei bygd, ein by: det gjeld for eit folk og eit land. Vil me sjaa i Hamburg, i Leipzig, i Liverpool, so skal ein bisna paa, kor mange gamle handelshus det er. Dei held paa "traditionen". Dei varnar og vaktar arven, men so hev dei raad til fylgja med tidi òg. Det er samanheng, vokster, utvikling. Livet gjeng ikkje paa den maaten, at ein drep og øyder og brenner upp, so grunnen vert snaud, og so flytjer ein inn splinternytt altsaman, - andre tre, andre dyr, andre folk. Nei livet nyskaper ved avling, vokster, utvikling og adling og skalar av det gamle, naar det er utlivt. Like eins i kulturen. Den, som ikkje hev so mykje hug og umsyn at han held i hævd alt godt i arven fraa dei gamle, han hev ikkje magt og vit til aa taka det nye, som kann auka og gjeva vokster til den materielle og aandelige kulturen. Missionærarne vaare er inne paa den rette maaten, naar dei fer til kaffar, madagassar, santalar og kinesarar og vil pota og planta inn trui si og kulturen sin i utlendingarne sitt eige maal og i samvokster med det gode og brukande, som dei hev i sin eigen kultur. Men her heime hev prestar og lærarar stræva i mannsaldrar, ja hundradaar med aa kristna og dana um det norske folket til ein annan nation.

*

Naar me skal sjaa paa dei praktiske uppgaavorne - kva er det daa, som eit folk helst maa vakta og varna som naturleg og umissande eigedom?

Det er fridom med sjølvstye, heim og land og vaart eige tungemaal.

Vinje sa: det er ikkje so godt aa tala om fridom; me veit ikkje kva det er, fyrr me saknar han. Eg ser med dette kneet mitt: fyrr skyna eg ikkje paa det, kanskje eg harmast sume tider paa det, at eg var heller kalvbeint. Men no eg hev fenge skade i det, - no er eg "bejeistra" for kne. So vilde det gaa oss, um me miste fridomen.

Frie er me, naar me ikkje stend under framandt styre. Men me maa hava full fridom inne i landet og, so kvar kann tro, tenkja og tala, arbeida og liva fritt utan mein og hinder, naar han ikkje gjer skade for andre. Me ser nok av det i andre land, mest fyrr i tidi, at folk ikkje hadde lov til aa tru, tala og liva som dei vilde; det var fyresett, korleis dei skulde vera klædde, kva dei fekk lov til aa eta og meir slikt. Sovore er borte no. Men me kann hava att same tanken i andre former. Dersom ein dugande mann skal staa til sides av di han er katolik, eller av di han hev eit anna politisk syn enn magthavarane, so er det ufridom. Det var ufridom aa negta Kielland diktarløn, av di han ikkje trudde og tenkte som fleirtalet i stortinget vilde. Det var ufridom aa taka livebraudet fraa Vinje, av di han skreiv mot riksstyret i unionspolitiken, og like eins daa dei sette Garborg ut av statsrevisjonen av di han skreiv noko dei ikkje lika. Det gjeld i samfundet, at me ikkje brukar ytre magt av noko slag i aandelege spursmaal. Daa fyrst hev me fridomen.

Og sjølvstyre, med det meiner eg, at folket sjølv raar for lov og rett, skatteleggjing og landsstyring. Eit folk kann skipa det paa mange maatar: dei kann hava eit kongelegt einvaldsstyre, som under sume av dei upplyste kongarne i det l8de hundradaaret eller eit republikansk einvelde som det president Diaz sit med no i Mexiko. Og det kann vera so klokt og godt, at folk tykkjer dei er best tent med det; ein kann hava eit kongelegt eller eit republikansk stortingsstyre som i England, Frankrike, Norig, Danmark og fleire stader, eller eit styre med endeframme avgjerder av folket sjølv (referendum) som i Sveits. Her talar eg ikkje um, kva for ein skipnad i styremaaten heime er den beste. Alle skipnader kann vera like nationale. Ein einvaldskonge kann vera likso national som eit storting og eit folk. Eg trur, at eit folkestyre med fullt offentlegt tilsyn og kontroll er det rette og det tryggaste i lengdi, men det er eit spursmaal, som ikkje høyrer med her.

Men det, som er hovudsaki for det nationale livet., det er at styremagti ligg heime, at Norig vert styrt av nordmenner. Den siste kongen av Haarfagreætti sa, daa han skulde døy: lat aldri Norigs rike verta styrt etter raad fraa utlendske menn. Og det var det, som mest vart gjort i den lange tidi, me var i union med Danmark. Og dessverre! me hev ikkje kome lenger, enn at Norigs konge i 1860 nøyddest til aa avgjera ei norsk sak (stathaldarsaki) mot alle norske raad, men etter krav og raad fraa Sveriks riksdag og Sveriks riksraad. Og i 1893 veit me, at kongen tok ei avgjerd "utan norsk manns raad", som Emil Stang sa.

Lenger hev me ikkje kome.

Og me sit endaa verre i det. Tenk berre etter! Der sit ein svensk riksraad med eit heilt embætsverk under seg heime og eit verk av konsular og sendemenner kringum i utlandet og styrer ikkje berre Sveriks, men alle dei saker, Norig og nordmennerne hev i utlandet òg, og han fører ordet hjaa kongen, naar han skal avgjera utlendske saker, som gjeld Norig. Det er svenske raad i norske saker. Og dette er ikkje berre eit hende ender og daa. Det er ein skipnad, det er institutionelt og endaa mot lovi.

Naar kongen av Norig skal tala i Norigs namn til kongen av Danmark, England, presidenten i Frankrike, Amerika o. s. fr., so er det den svenske utriksministaren, som ber bodet og tek imot svaret. Norigs munn og øyra mot utlandet er svenske "organ".

Det er difor ikkje underlegt, at utlandet ikkje kjenner ein sjølvstendig stat eller eit rike, som heiter Norig, men anten berre Sverik eller Sverik-Norig. Tak utlendske blad, der stend yver "Sverik-Norig", og so kjem det telegram fraa Stockholm, Kristiania, Göteborg, Trondheim o. s. fr. um kvarandre. Hovudstaden i "dubbeltriket" er Stockholm; der sit ikkje berre kongen, men den utriksministaren òg, som er hovudet for dei sendemenner og konsular, som rundt paa jordi skal vera tenarar og bodberarar for baae riki under eitt. Paa landkorti stend dei tvo riki farga med sama lèten med ei landskapsgrensa millom som millom England og Skotland. Nordmenner som reiser i utlandet, er jamt plaga med dette, at dei vert kalla svenskar, so ein av venerne mine sa nyleg, at han hadde vorte leid av aa retta paa det, so han let det ganga, naar dei kalla han "svenske". Paa store samfolkelege møte eller kongressar, der norske og svenske møter, og der landi er sette etter bokstavrekkja, vert nordmennerne jamleg sette under bokstav "S." (Sverike) og ikkje under "N." (Norig). Me er so vane med det, at ein professor her um aaret skreiv, at han paa eit slikt møte var glad med aa standa under Sveriks vyrde namn. Det er vondt aa faa utlendingarne til aa skyna, at det ikkje er rett: "De hev same kongen i Stockholm og same representanten mot utlandet, liksom England og Skotland." Det er traatt aa faa utlendingen til aa skyna, korleis det heng ihop, men ein maa ikkje verta trøytt av aa gjeva praktisk upplysing. Soleis fekk eg ein engelsmann til aa sjaa rettare paa det, daa eg fortalde honom, at Norig hadde serskilde pengar, serskilt tollstell, serskilde jarnvegar, post- og telegrafstell. Ein tysk offiser skyna noko, daa eg sa, me hadde serskilt herstell og herstyre. Ein bladmann ville gjera Bjørnson til svensk diktar, og gav seg fyrst daa eg upplyste, at dei laut umsetja hans drama til svensk naar dei vilde spela deim i Stockholm. Eg lagde til, at det turvte dei ikkje i Kjøbenhavn. - "Ja - men Danmark er eit anna rike", sa han daa.

Alle norske borgarar hev den skyldnad aa vakta og varna um Norigs namn og æra. Dei skal gjera som oberstløytnant Hjorth gjorde, daa han møtte i Paris for dei norske jarnvegar; han vart uppropa under "Sverike" og svara ikkje; so skreiv dei "ikkje møtt". Daa alle var uppropa, gjekk han burt til styret for møtet og melde, at Norig hadde sendt honom. Han fekk daa sitt rette rom. Paa ein av dei fyrste samfolkelege fredsstemnor i London var Horst, Lund og Ullmann. Dei stod under Sverike og Norig, og engelsmennerne, som stødt liknar desse riki med England, Skotland og Irland, heldt paa, at dei var eit. Men dei norske sendemennerne gav seg ikkje, fyrr Norig vart flutt upp paa sitt rette rom som serskilt rike. Eg kunde gjeva mange slike døme, - um ein norsk student - no er han professor - som maatte senda fargelagd teikning av Norigs flagd til den "svensk-norske generalkonsul", fyrr han fekk honom til aa skyna, at Norig hadde sitt eige flagd, - um norske studentar, som i eit "skandinavisk sellskap" i utlandet laut læra "vaar" konsul, at Norig ikkje høyrde med til Sverike liksom Skaane og Gotland. Farande nordmenner maa ikkje verta trøytte av dette. Det hjelper, det hev eg røynt. Kjeidsamt er det, men me maa ikkje tola, at fedralandet vert gløymt.

Ja - segjer mange, det er ikkje noko aa gjera med det, at utlendingar veit lite or landkunna; dei skriv svenske byar under Norig, det hender og. Eg fekk nett no eit brev fraa Argentina, der stod Stockholm, Norvegia. Naar det berre er vant paa kunnskap, som naar nordmenner legg Belgrad i Bulgaria eller Rio i Argentina! Men me møter det so jamt, i blad, i offentlege kontor og hjaa upplyste folk i utlandet. Og dei hev god grunn fyre seg, so lenge det er skipa so, at Norigs og Sveriks konge berre viser eitt kongeembætte i staden for tvo, og baae riki berre viser seg som eit rike med hovudstaden Stockholm mot utlandet. Fær berre utlendingarne sjaa og høyra Norig, og slepp aa venda seg til Stockholm, naar dei hev vendingar med oss, so vert me snart kjende.

Ja men alt sovore er daa berre ytre smaating, segjer dei. Det kann sjaa so ut. Men spyr andre folk, danskar, hollendingar, sveitsarar, um det er smaating, at andre folk kjenner deim og veit, at dei er frie sjølvstendige folk, og dei vil svara, at det er ei hovudsak. Det er ei æresak og det er naudsynlegt for deim. Men det norske folket skal vera tent med at det ser ut som det høyrer eit anna folk til. Det norske folket skal sitja som husmann i eigen heim.

Og nett desse ytre ting syner, kva som ligg under; dei syner den store røynsla, at Norig aa sjaa til for utlandet, ligg i skuggen av Sverik. Og det verste er, at dette er so, som eg fyrr hev synt. Eg skynar ikkje at folkekjensla, folkesamvitet kan vera vake hjaa den, som ikkje harmast og krev raadbot paa dette. Etter grunnlovi er me eit fritt, sjølvstendigt rike, og Norigs konge skal styra etter norske raad og med norske embætsmenner i alle statssaker heime og ude1. Det er uppgaava for folket aa arbeida paa det og ikkje gjeva seg, fyrr vaar rett som sjølvstendigt folk og dei uppgaavor, grunnlovi hev sett oss, er førde ut i livet. Eg tek det uppatt: eg skynar ikkje, at det norske folk ikkje for lenge sidan hev stade samstelt og sterkt baade um norsk konsulatsak og norsk utriksstyre!

Kvart anna folk, som ikkje hev det, vilde krevja det med ei samla magt, som berre vald og hardstyre kunde setja seg imot. Men naar me krev nett det same som Sverike hev, Danmark, Sveits og alle frie sjølvstendige folk hev og maa hava, - so er det "nationalisme, chauvinisme" og anna slikt. Og det er ikkje berre svenskarne, som segjer det; mange av vaare eigne landsmenner talar i same tonen. Det er frukterne av, at me i yver 500 aar hev vore eit unionsfolk. Slikt liv set arv.

Er me og vil me vera eit fritt sjølvstendigt folk? Det er spursmaalet. Daa maa me vinna dei kaari som høyrer til, og som andre folk hev. Me kann ikkje i lengdi liva som "eit namnlaust folk".

Men kva er so baten for oss, um me vinn desse ting?

Um me vann dei kaari i morgon, so vilde det ikkje med ein gong gjera det betre og lettare paa sjø og land for det norske folket, det er sant. Me vilde gaa mindre aat, naar me fekk det, enn naar me vantar det. Det hev seg so. Men fyrst vil eg taka med nokre ord, som Dunker skreiv i 1868:

"Er der nogen, som tror at saadanne fremskridt (som landet har gjort efter 1814) vilde eller kunde være blevet gjort, dersom Norge fremdeles var forblevet en dansk provins eller det fra 1814 havde været en svensk? Den, som ikke kan se, at det er friheden, selvstændigheden, selvstyrelsen og de kræfter, det liv og den foretagelsesaand, som kun uafhængigheden og selvansvarligheden kan frembringe, vi har at takke for de seiervindinger, vi i det halve aarhundrede har vundet i den haarde og daglige kamp mod vort lands gigantiske naturmagt - for ham har den hele fremgang været forgjæves".

Og eit stykke nedanfor segjer han:

"Thi selv om det modsatte forhold var det virkelige, om det uafhængigheden og selvstyrelsen skaffede, kun var fattigdom, arbeide, nød og lidelse, vilde vor mening være den same. Friheden og selvstyrelsen er i og ved sig selv det første og ypperste af alle timelige goder. Og ligesaalidt som vi tillægger den udvortes gode gjerning nogen fortjeneste for Gud, naar den har været grundet paa beregning om timelige fordele, ligesaalidt erkjender vi den fædrelandskjærlighed for sand og ægte, den uafhængighedsfølelse for ædel og berettiget, der tragter efter uafhængigheden alene for de timelige fordeles skyld, de kan beregnes at bringe.

Underkastelse under en anden vilje, ikke som forbigaaende overenskomst, men som en livsvarig tilstand, er i alle sine former og grader skadelig og fordærvelig, og det ikke alene for den underordnede, men ogsaa for herren, uanseet at tjeneren eller slaven fødes, klædes og huses uendelig bedreend han kunde bli det i fri tilstand. Men ligesom friheden, selv i pjalter og hungrende, er en ædlere og mennesket værdigere tilstand end trældommen, om end denne er noksaa mæt og velklædt, saaledes er af samme grund for en nation uafhængigheden og selvstyrelsen, uanseet om den maatte finde noksaa store savn, byrder og lidelser, ubetinget at foretrække for underkuelse under en anden nations vilje, hvor store timelige fordele end derved kunde være at vinde.

Sandheden er at man regjeres bedre og finder sig lykkeligere ved at regjeres feilagtig af sine egne landsmænd, naar man selv har overgivet landets styrelse til dem, end ved at regjeres godt af fremmede herrer".

So fagert og sterkt tala Dunker, endaa han berre tenkte paa sjølvstøda i heimestyret, av di han som dei fleste i den tidi ikkje hadde auga ope for det same i utrikssakerne.

Og so vil eg leggja til: det ein vinn med fridom og sjølvstendet, det syner seg ikkje med ein gong, liksom naar du legg ein veg, ein jarnveg, ein kanal, ei hamn eller ei telefonlina. Det er i lengdi det kjem. At me fær fullt samliv med andre folk og rike, det vidkar synet, arbeidsmarki, aukar voksteren, umtanken, tiltaki og dugleiken og gjev oss same vilkaar som andre frie folk. Det kjem gjenom tiderne og gjenom ætterne. Difor er fridomen og sjølvstendet, fullt og heilt, eit krav, me aldri kann sleppa. Me maa faa det sett igjenom, so framt me vil liva og vera eit folk.

*

Eg lyt endaa nemna ein politisk tanke, som me tidt møter: "ahja - kva kann det nytta? Russen kjem so likevel snart og tek baade Norig og Sverik!". Det veit me ikkje noko um. Eg vil berre taka med dei ordi, som statsministeren i Austrike von Kørber sa ifjor: "Det er eit sermerke for vaar tid, at aldri hev tilværet aat dei smaa statar vore betre trygda enn no. Endaa dei veikaste av deim - - fær uhindra liva sitt liv".2 Me skal merka oss, at dette er ord fraa ein røynd statsmann i Austrike, der det ligg fullt av smaastatar ikring: Rumænia, Serbia og Bulgaria, og so det litle Montenegro, Svartfjellandet. Og i vest ligg Sveits. Alle desse smaarike hev eingong lege under stormagter og tidt vore truga av desse spelege grannar. Men no kann formannen for styret i eit av desse storriki ropa ut for all verdi: aldri hev smaariki vore tryggare enn no!

Eg hev, heilt fraa eg var liten, av og til lese ord fraa norske og svenske bladmenner og professorar, som gjeng imot dette. Men eg trur, at Kørber hev meir vit paa det, og at han hev livet og soga med seg.

Liksom desse smaariki fraa Sveits til Rumænia ligg millom stormagter (Russland, Tyskland, Habsburgriki, Italia, Frankrike og Tyrkland), gamle røvarmagter, soleis ligg baade Norig, Sverike og Danmark med tri stormagter til grannar: England, Tyskland og Russland. Og desse tri hev same grunnarne til aa lata oss vera i fred, som magterne der sørpaa, - for aa bruka Kørbers ord: "Um det kjem seg av di at dei smaa skal taka av støyten (vera "puffarar") millom dei store riki, eller um det er - som eg heller trur - at dei hev den fulle vyrdnad for sjølvstendet deira."

Ingen av oss kann spaa visst um framtidi. Naar dei gjeng her og talar um, at "smaastaternes tid er forbi," so er det tankelause ord fraa den tidi, daa alle dei italiske og tyske smaariki samla seg til eit, av di det var eitt folk, ein nation, som vilde ihop3. Men draget i Vestevropa gjeng meir og meir paa den leidi, at nationarne skil seg ut, um dei endaa lenge hev vore saman, naar dei ikkje høyrer til same folket. Den vegen gjeng det i det gamle Tyrkland og i Austrike, og dit peikar det med Irland og. Liksom vaare norske politikarar i blad og bøker, paa vers og i annan stil, fór her og hermde etter Kjøbenhamnarar i hat og vondord mot Tyskland, soleis hev dei lært seg til aa herma etter Stockholmarane i det aa skræma med Russland. Det er likso naturlegt for svenskarne aa fæla for russarne, som det var for danskarne aa fæla for tyskarne, for dei hev havt hundradaargamall strid med desse grannarne sine. Men naar nordmenner skaper seg til med tyskehat og russefælska, so er det berre herming. Me hev i lange tider ikkje havt aa klaga, korkje yver Tyskland eller Russland. Og naar Kørber kann segja, at smaariki paa sudsida av Russland aldri hev vore tryggare enn no, so trur eg det høver endaa betre paa oss, som bur paa nordsida.

Eg trur difor, det er aa sjaa skrymt og spøkri, naar dei fer med all denne skræmsla med Russland. Korleis det kann laga seg i framtidi, veit me ikkje. Og so lenge retten endaa ikkje er meir vyrd, er det nok det tryggaste aa bu seg paa aa verja landet, um det skulde turvast. Det er ei onnor sak. Men dei smaa folki kann verja land med meir von no enn fyrr.

Me maa sjaa sanningi beint i auga. Norig hev inkje "ervefiendar" havt, korkje i Tyskland eller Russland, soleis som Danmark og Sverik. Naar me reknar fraa hanseatarne og nokre ugreidor upp i Finnmarki, so hev dei tvo store grannarne aldri gjort oss noko. Nei, det er Danmark og Sverik, som hev vore spelege for oss. Det er reine sanningi. So langt soga veit, hev dei skiftevis stræva med sume tider aa taka luter av Norig og sume tider med aa leggja heile landet under seg. Den dag i dag ligg svenskarne og gjer meinkrokar mot Norigs fridom og sjølvstende. Det er der, vandarne og motstandet ligg. Det nyttar ikkje med alt snakk um brorskap og venskap, og det hjelper ikkje med møte av skuleborn og ungdomslag og skyttarar og offiserar og professorar og riksdagsmenner og alt sovore: so lenge Sverike legg seg i vegen for Norigs sjølvstende, vert det aldri trygt og godt millom oss. Det lyt me segja oss sjølve og segja svenskarne det, og ikkje dekkja yver med skaaltalar og andre talemaatar. Alle stundar me etter aa faa det trygt og godt med Sverike. Men daa maa all samrøring og formynding burt.

Desse politiske kravi gjeng ut paa store og umissande ting. Mange folk hev stridt og lide i lange tider so dei kunde vinna deim. Fridomen og sjølvstyret er band, som er sterke nok til aa halda eit samfund som det sveitsiske saman i strid og naud som i dei gode dagarne, og til aa gjeva lukka og gleda for heimen, naar fridomen ikkje berre mot utlandet, men ogso heime og er sanning: fri tru, fridom for tungemaalet, for tenkjing og meiningar og for liv og arbeid innetter og utetter.

*

Endaa er den politiske fridomen ikkje det djupaste og største. Større er det, at eit folk kann halda uppe sin aandelege arv i tungemaalet. Maalet er, um ein vil, den lekamen, nationen si aand liver i. Drep maalet, og nationen døyr. Det veit alle landvinnarar og hardstyrarar, difor strævar dei med aa drepa maalet til dei nationarne, som stend i vegen for deim. Det danske styret gjorde alt til aa trengja undan det norske maalet i Norig. "Der gives ingen nordmænd mere; vi er allesammen borgere af den danske stat," sa riksstyrar Guldberg, han med salmeboki. Det var programmet. Me kann sjaa paa Nordslesvik, paa Polen og paa Finnland. I Finnland hev svenskarne stræva i lange tider, med same lukka som danskarne i Norig, med aa gjera folket svensk; no kjem Russland og vil gjera det russisk i maalet og.

Eingong trudde fridomsmennerne, at "maalet, - det var nationen". (La langue, c'est la nation). Det var yverdrive, av di det høyrer meir med til nationen. Men det var sant paa den maaten, at maalet er det centrale, hovudsaki for ein nation. Tak burt den politiske fridomen, legg landet under utlendsk styre og lov, men lat det hava att maalet sitt i heimen, i kyrkja, i skulen, i retten og i bøker, - nationen liver enno og kann vinna att sjølvstendet. Men driv ut morsmaalet og gjev det maalet fraa grannefolket, - det kann vinna politisk fridom og magt, men det vert daa aandeleg, i tanke og tale, eit stykke av eit anna folk. Er det nybyggjarar fraa eit anna land, som islendingarne fraa Norig og amerikanarane fraa England, Spania og Portugal, so tek dei med heimemaalet sitt. Men endaa vil det med tidi ganga so, at etter hand som det veks fram i det nye landslaget og det nye livet, i andre hugmaal og eit anna liv, i ein ny nationalitet, so vil det gjeva maalet ein annan lit og eit anna lag og avvik i mange ting fraa maalet i det gamle heimlandet.

Men naar eit folk hev sitt tungemaal, um det er nokso mange bygdemaal i det, men det er det maalet, som folket hev aatt og ervt so langt det er soga og segn til, og ein daa driv ut dette maalet og set eit anna i staden, - daa gjer ein dette folket um til nybyggjarar, riv det laust fraa heim og arv og set det til aa liva i ein ny utlendsk ham. Med tidi kann det venja seg til denne hamen og kanskje laga paa han, so han etter kvart kjem til aa skilja seg noko fraa hamen i det landet han hev kome fraa. Men den rette klædnaden vert det ikkje.

Det er denne utlendske hamen, dei i lange tider hev stræva aa gjeva oss. Der hev det norske folket livt med sitt maal fraa so langt me veit, og maalet hev vakse med folket. Men dei vil, at me skal leggja det av, læra oss til aa bruka det innførde danske maalet, som daa etter hand skal tøygjast og laga seg etter norsk liv og krav, - plent som me var eit folk av danske kolonistar i Norig. Er det daa ikkje laglegare, at me brukar det norske maalet, og treng me aa taka med noko dansk, so tek me det inn i norsken og set norsk lit og lag paa det? So hev angelsaksarne gjort i stor stil med fransken, som normannarne kom til England med. Det er ikkje for det, at eg trur me treng nokor hjelp av dansken. Men um so er, so er det lett aa bruka han. Og so lenge det er tvo maal i landet, vil det lett koma noko blanding for oss, som veks upp med baae maali. Men det norske maa vera grunnlaget, som bind oss til federne og til livet i landet.

I alle land hev reisingi i folket til full nationalkjensla og kulturarbeid synt seg i reising av morsmaalet. So var det i Norig, daa Eddakvadi og skaldediktingi, politik og lovgjeving, soge-segjing og sogeskriving reiste vaart norrøne maal til aa bera vaar gamle kultur. So var det i Italia, daa Dante i 1300 talet av tolv bygdemaal, som han sjølv segjer, reiste Italiamaalet. So vart det daa dei i England etter det fransk-normanniske maalet reiste det engelske. Og so var det i Sverike, daa Gustav Wasa og reformatorarne fekk uppatter det svenske maalet, og like eins i Danmark, daa den nye lovgjevingi, reformationsprestarne og salmediktararne og til slut Holberg i det 16de til l8de hundradaaret fekk det danske maalet i høgsætet. Difor ser me no i alle land, der nedkuga folk reiser seg, der gjeng dei fram i sitt eige maal. Magjararne og kroatarne i Ungarn, tsjekarne i Bøhmen, flamlendingarne i Belgia, keltarne i Wales, finnarne i Finnland, - og nordmennerne i Norig.

Det store Russland hev lagt under seg 142 folkeslag. Det er meir enn kong Ahasverus, som etter Esters bok raadde yver 127 land. Men det er reint syndlegt som russarne hatar og hyddar folkemaali: i Litauen, i Polen og andre stader. Mot dette hardstyre, ser me, at desse folki set eit seigt motstand, og enno held dei uppe sine eigne maal, endaa dei vert utestengde paa mange maatar til offentlegt bruk.

Eit av dei underkuga folki er rutenarne eller sudrussarne, som jamleg vert nemnde gale med namnet "litlerussar". Dei er paa lag 25 millionar eller helvti i tal mot storrussarne eller moskovitarne. Dei hev ein gamall kultur og ein rik bokavl; av alle diktarane deira er kanskje Sjevtsjenko mest kjend i utlandet. I 1876 fastsette tsaren, at no maatte dei ikkje prenta blad, trudomsbøker eller spelstykke, men berre historiske brevskap og romanar paa rutenisk. Bibelen paa rutenisk og andre ruteniske bøker slepp ikkje inn i landet.

No bur det vel 3 millioner rutenarar i Galisia i Austrike og ½ million i Ungarn. I Austrike gjev dei millom anna ut ei tidsskrift kvar fjortandagsdag "Rutenisk Revue"; i det tyske maalet skal den gjera Vestevropa kjend med rutenarne sin maalstrid. Dette bladet hev i aar sendt rundt til kjende menner spursmaal um, kva dei tykkjer um tsarlovi (ukasen) av 1876 mot maalet deira. Svari sterid i revuen, og eg skal taka med eit ordrag or nokre av deim.

Bjørnstjerne Bjørnson "vil staa jamsides med deim, som reiser motmæle". Lovbodet av 1876 meiner han, at alle rettvise menner og kvende "held for det dummaste, som nokon hev høyrt gjete i aandslivet."

Professor Sergi i Rom: "Aa verja sitt eige maal, det er aa verja si eigi sjæl og dermed det nationale livet." "Eit framandt paatvinga maal er som ei tvungi rørsla, som ikkje vert sett i gang innantil og ikkje gjeng ut fraa den menneskjelege viljen; difor vanskaper og rengjer det sjæli". "Rutenarne krev berre det, som naturi hev gjeve deim, dei krev retten til aa gjera kjent, at dei er til, retten til aa bera fram det indre livet paa ein naturleg maate, - det er retten til aa bruka sitt eige maal. Ingi magt hev lov til aa gjeva eller taka ein slik rett, likso visst som ingen hev lov til aa umskapa folkesjæli paa ein unaturleg maate."

Professor Hasse i Leipzig: "Fraa den nationale synsstad eg stend paa, maa eg døma slike skipnader paa det hardaste".

Professor Buchholz i Leipzig: "TiI slutt er det idearne, som vinn, og ikkje dei ytre skipnader."

Riksdagsmann Adolf Hedin i Stockholm: "Maalet er folket sitt andedrag. Aa kjøva det frie livet for ein nationalitet, det er aa røva fraa sivilisationen ei framgangskraft, som ikkje kann koma att."

Professor Browning i Cambrigde: "Eg hev sterk godhug for dei folki, som talar flamsk (i Belgia), waelsk (i Vestengland), irsk, rumænsk og finsk og vilde gjera alt til aa berga maali deira fraa aa ganga under. Det rutenske hev same retten, ja endaa sterkare krav paa verjemaal."

Johannes Schlaf (Berlin): "Rutenarne strider for maalet sitt: dei strider for si livande sjæl".

Den svenske riksdagsmann von Scheele bisp yver Gotland: "Mi meining um, kva den keisarlege ukasen av 1876 hev paa seg for kulturen - med den fulle utestengjing av rutensk bokavl og maal - er den same, som ein møter i heile Evropas kulturheim.

Maalet er det same for eit folk som andedraget for eit einskildt menneskje. Utan andedrag kann ikkje eit individ liva, og likeins kann ikkje ein nation liva utan fri og uhindra bruk av morsmaalet sitt.

Eg ser for mitt aandelege auga dette bilæte: Eg kjem i hug ein gut i landi ved Øystresjøen - han var ikkje russisk -, som klaga seg for far sin, at han fekk ikkje lov til fritt aa bruka maalet sitt i skulen. Ugløymande røta seg i sjæli mi dei siste ordi hans: "Far, eg vert kjøvd!" Han skyna det berre halvt, men den vesle fann nett det rette ordet "kjøvd". Ja, kjøvt vert einskildmenneskjet, kjøvt vert heile folket. Det, aandelege livet døyr, naar ein ikkje fær lov aa bruka morsmaalet."

Professor Anatole Leroy-Beaulieu i Paris, som hev gjort eit framifraa bokverk um Russland i 3 band og kjenner landet og folket utifraa vel, segjer: "Eg hev aldri halde upp med aa mæla imot den øydeleggjingi, som dei vil føra yver det fagre maalet. Eg hev alt i 1877 i den største franske tidsskrifti (Revue des Deux Mondes) peika paa den russiske lovi av 1876 og paa den harmen, som alle kulturmenneskje maa kjenna yver dette aagripet paa den heilage retten aat eit folk aa bruka fritt morsmaalet sitt."

Eg hev teke med denne maalstriden so han kann verta kjend; han er so lik den norske. Rutensk og storrussisk er nærskylde maal liksom norsk og dansk. I Rutenia (Ukrajne) lærer dei i skularne berre storrussisk. Embætsfolk og "dana" folk talar storrussisk. Naar daa den "officielle statistik" reknar for faa rutenarar, so kjem det av di, at dei reknar fraa alle dei rutenarar (embætsmenner og andre), som maa bruka russemaalet. Som ein vil sjaa hev den nationale maalreisingi varm samhug av gode folk i mange land.

Til slutt nokre ord um praktisk maalstræv. Eg tek uppatter det eg fyrr hev sagt i stortinget: Det er no eingong so, at me hev tvo maal her i landet: Fyrst det norske talemaalet med si skriftform, landsmaalet. Det er ikkje berre eit maal paa landsbygderne. Mengdi av folket i byarne talar og norsk i dagleglivet, naar dei slepper seg til, ikkje berre "almuen", men "borgarane" og. Det er ikkje rett aa setja by og land mot kvarandre i maalet. Ivar Aasen hadde ikkje granska talemaalet i byarne, og difor gjekk han ut fraa, at det var innført. Men det er ikkje so: den naturlege livande talen i byarne som i bygderne er norsk. - Det andre maalet er det innførde danske skriftmaalet, som til heimebruk vert tala av faa, men til høgtids og i offentlege saker (i kyrkja, skule og ting) og i bokavlen bruka so mykje meir.

So er det i Norig, og me kann ikkje gjera det um med ytre magt. Baae maali er "riksmaal", dei hev same retten: dei er jamstelte. Difor lyt kvar nordmann kjenna og helst kunna baae maali med full fridom til aa bruka det han finn lettast og mest laglegt. Men i skulen maa borni læra aa skyna deim baae.

Mange tykkjer, dette er ugreidt og brysamt. Men det er ikkje raad med det. Naar dei i Belgia og Finnland hev tvo og i Sveits tri "riksmaal", so lyt me tola det, me òg.

Naar det soleis er full fridom og jamstelling millom baae maali, so vil livet og utviklingi gjera resten. Kvar lyt daa hava si tru um, kva maal utviklingi vil føra til. Dei, som meiner, at danskemaalet skal laga seg meir og meir um til eit norskdansk, lyt liva i si tru, men dei lyt tola, at me andre nordmenner hev den faste trui og den visse voni, at det norske maalet vil veksa og vinna fram til aa verta det, som det eingong var: Norigs rette riksmaal.

Noter:

1. Endaa utlendingar, som den ungarske statsmannen Andrasy skyna Norigs grunnlov rett i dette stykke.

2. Ordi fall so: "Es ist ein charakteristisches Zeichen unserer Zeit, dass die kleinen Staaten in ihrer Existenz niemals so gesichert waren, wie jetzt. Selbst die Schwächsten unter ihnen, von denen vielleicht manche Bedenken über das Maass ihrer eigenen Kraft erwecken, bleiben in ihrer Tätigkeit unbehindert. Ob man ihnen die Rolle der Puffer zumisst, welche den Zusammenstoss der grossen Staatswagen hintanhalten sollen, oder ob - wie ich lieber glaube - ihrer Selbständigkeit der volle Respekt entgegengebracht ist, - genug, dass es ist wie est ist, das muss als vollgültiger Beweis für die Friedensliebe der grossen Mächte aufgenommen sein".

3. Dr. Jellinek, professor i folkerett ved universitetet i Heidelberg, sa for nokre aar sidan: Aldri hev smaastatarne spela ein større rolle enn i vaar tid; og i framtidi kjem dei til aa faa endaa meir aa segja.