Valgerd Svarstad Haugland
Alt må erobres, bror
KrFs landsmøte
Bergen, 23. januar 2004
Kilde: www.krf.no
 

KJære landsmøte! 
Eg vil ta dykk med på ei reise.  
Ei reise som starta for omkring 13 år sidan. 
Eg vil både sjå litt tilbake og peika på ferda vidare.

Haugesundslyrikaren Kolbein Falkeid har skreve eit dikt der han beskriver situasjonen på Vasco da Gamas kjende skute "Sao Raphael" for rundt 500 år sidan. I dette diktet finn ein desse fire strofene:

"Alt må erobres, bror. 
Bare taperen tror han er framme hver kveld. 
Det er alltid nødvendig å seile. 
Til havs med Vasco da Gama om bord, Sao Raphael!"

 
Eg vil stansa litt ved desse strofene. Skuta kan symbolisera Kristeleg Folkeparti.  
Etter ei spanande ferd med solgangsbris og hauststormar legger skuta til kai ved Bryggen her i Bergen for å gjera seg klar for nye seilas.  
Denne gongen er stoppet i hamna spesielt, fordi det skal skiftast kaptein.  
Men mannskapet er likevel det same.

I ein slik situasjon er det naturleg at den avtroppande deler nokre erfaringar og formidlar råd til resten av mannskapet og til den påtroppande.

Alt må erobres, bror 
Falkeids strofer kan være eit ypparleg utgangspunkt:

Alt må erobres, bror:

Kva har vi erobra dei siste åra?  
Kvar er vi? 
Har vi lukkast med erobringane våre? 
Har vi klart å erobra dagsorden på viktige områder?

For å svara på desse spørsmåla vil eg tilbake 13 år til våren 1991. Eg sat heime og førebudde meg til landsmøtet. Eg var ein av fleire kandidatar til nestleiarvervet i partiet.

Eg skreiv på innlegget mitt til debatten etter leiars tale. Det var eit utfordrande bodskap eg hadde. Eg ville utfordra partiet til å sjå vidare enn vi hadde gjort for å få støtte for politikken vår.  
"Er vi berre for dei vellukka, dei som fiksar livet sitt, dei som kallar seg kristne, dei som les nok i Bibelen, dei som aldri har tatt abort, dei som fiksar kvardagen med alle krav og gjeremål?  
Er KrF berre for dei prektige som aldri trør feil og som enkelte hevdar er imot alt som er moro? Det er faktisk det biletet mange har av oss. Vi blir sett på som eit parti av "hengehuer" som brukar peikefingeren og understrekar dei moralnormene som det er andre enn oss sjølve som har problem med å etterleva......" 
Eg avslutta innlegget med denne oppfordringa: 
"Vi må klarare stå fram som eit parti som står for ein menneskevarm politikk tilpassa folk av i dag."

Eg hadde ein draum om å nå nye veljargrupper.  
Vi er komen eit langt stykke på veg.  
Vi når vidare ut med bodskapen om ein betre og varmare kvardag for folk flest.

Det er framleis langt fram. Det er framleis mange som sit med eit vrengebilete av KrF, som eit parti for dei frelste - ei avgrensa sfære - for dei innanfor. Det er berre vi sjølve som kan gjera noko med det.

Eg har framleis ein draum - eit inderleg ønske - om at KrF sin politikk skal treffe folk i deira kvardag! Vi er opptatt av menneska sin kvardag - og min store draum er at endå fleire skal oppdage kor relevant politikken vår er.

Vi skal vera noko meir enn eit parti for spesielt interesserte! 
KrF skal vera det naturlege valet for dei som  
- kjempar mot sosial naud, 
- ynskjar ei meir rettferdig fordeling av ressursane - ute og heime 
- ser at det gode liv består av meir enn materielle gode.

Eg trur prøvesteinen på om KrF vil lukkast framover er om vi klarer å treffa folk heime i deira kvardag.

 
Eg er takksam for at eg har fått vera med på seilasen. KrF har gitt meg sjanse til å engasjera meg i politikken og partiet har gitt meg mange utfordringar.

Eg har eg funne saman med andre som brenn for dei same sakene. 
Eg har funne andre som deler det same verdigrunnlaget og den same ideologien.

Vi er ikkje berre ein gjeng samfunnsengasjerte solo-spelarar i kvar vår vesle jolle. 
Vi er i den same båten.

 
Eg føler meg privilegert som har vore i partileiinga i nær 13 år.  
Saman har vi vore med på nokre av dei mest spanande og utfordrande åra i partiet si historie.

Eg vil takka partiet for tilliten eg har fått gjennom desse åra.  
Eg vil takka for all den innsatsen som er lagt ned i alle ledd i organisasjonen.  
Vi har stege mot stjerner vi mest ikkje trudde det var mogleg å nærma oss. I løpet av kort tid gjekk vi frå å vera eit 7-8%-parti til å bli eit nøkkelparti med bortimot 20% på målingar.

I løpet av mine år i leiinga har partiet verkeleg vist sitt store potensiale, men også opplevd kor kort vegen kan vera frå stor tillit til tap av tillit.

 
Partiet si rike historie peikar på at den einaste vegen ut av motgang er å kjempa saman mot felles mål. Slik er det også denne gongen.  
Vi kan berre lukkast om vi står saman.  
Vi må gjera kvarandre gode.  
Vi må spela på lag.  
Politikar sentralt og medlemmane i kvart enkelt lokallag må trekka i same retning.

Vi må trekka i same retning, ikkje springa til media for å markera usemje. 
Vi må fokusera på gjennomslag, ikkje dyrka nederlag.  
Vi må fronta partiets politikk, ikkje våre eigne standpunkt.

Partiet er inne i ein svært krevjande fase. Vi gjorde det dårlegaste lokalvalet sidan krigen.

Men dette er ikkje slutten.  
Til det er engasjementet for stort 
Til det er sakene våre for viktige. 
Til det er vi for sterke. 
Saman skal vi kjempa oss tilbake.

Ved å stå samla skal vi 
snu motgang til medgang.  
snu pessimisme til optimisme  
snu fallande oppslutning til nye høgder.  
vinna tilbake gamle veljarar og overbevisa nye.

 
Bare taperen tror han er framme hver kveld 
Eg vil venda tilbake til Falkeid.

Alt skal erobres bror  
Bare taperen tror han er framme hver kveld

Vi er alltid undervegs.  
Den siste tida har vist oss at vi ikkje kan kvila på tidlegare erobringar. 
Vi må ikkje tru at vi er i mål om vi har vunne ein etappe. 
Vi skal erobra nytt land. 
Derfor må vi visa mot og tenkja nytt.

Fornyingsprosessen i KrF har alltid engasjert meg sterkt. Kommunikasjonen vår med veljarane er heilt avgjerande for korleis vi blir oppfatta.

Eit kinesisk ordtak seiar: 
"Når det blåser forandringens vind, kan man enten bygge leskur eller vindmøller."

KrF må vera eit parti som klarer å utnytta alle vindkast vi kan få. Med vind i segla skal vi erobra nytt land.

Eg er sikker på at det er fleire enn 6,5 % av det norske folk deler visjonen vår: 
Eit varmare samfunn:  
- Som tar vare på dei svakaste. 
- Med valfridom for familiane.  
- Der alle er sikra ein verdig alderdom.

Utfordringa er å formidla bodskapen vår slik at folk skjønar kva vi seier. Folk må kjenna oss igjen.

Fornying betyr ikkje at vi riv vår ideologiske grunnmur ned og bygger ein ny.  
Nei, det betyr at vi står fram stadig meir tydeleg, at vi blir meir bevisste på ideologifundamentet vårt.  
Slik kan vi møta nye utfordringar med gode og tidsmessige svar. 
Slik kan vi kommuniserer betre med folk flest.

KrF si fornying skal ikkje innebera at vi skal bli meir like Høgre eller Ap for den saks skuld.  
Tvert om skal vi gjera skilnadene mellom kristendemokratisk politikk og andre parti sin politikk tydelegare.

Skal vi styrka grepet vårt i norsk politikk, har vi ikkje råd til å halda folk som er opptatt av saker vi brenn for, på armlengds avstand.

Mange unge etterlyser meir tydeleg tale og meir idealisme i politikken.  
Det gjeld ikkje minst unge med kristen livsforankring - eller i det minste med engasjement i forhold til saker som menneskeverd og menneskesyn, solidarisk forvaltning, miljø osv.

Derfor må vi satsa på ungdommen - ikkje berre med fine ord, men også i konkret handling. Dette er eit viktig ledd i fornyinga. 
Det er viktig å dyrka fram nye unge politikarar. Det er vi gode på. 
Vi har mange av dei mellom anna i regjerings- og stortingsapparatet.

Kristendom er radikal.  
Kristendemokratisk ideologi er radikal.  
Derfor må og KrF tala tydeleg - og radikalt når det trengst.  
Det er i dette spenningsfeltet vi skal leva - og fornya oss. Det er ei utfordring til oss alle. I dette viktige arbeidet har vi ikkje råd til å ha trange dører og høge tersklar.

Må vi velja mellom å vera tydeleg og å utøva makt?  
Mange seier at KrF var meir trufaste mot verdigrunnlaget før.  
Dei gamle er alltid best!  
Men er det slik?  
Har vi som har stått i leiinga dei siste 10 - 15 åra gått bort frå verdigrunnlaget?  
Forskjellen er at vi dei siste åra har hatt maktposisjonar. Vi får gjennomført mykje av politikken vår, men må kompromissa på andre saker. Vi kan ikkje få både i "pose og sekk" som det heiter.  
Vi har gått frå å vera eit protestparti til eit parti med makt.  
Det kostar!  
Har vi gløymt abortsaka når vi sit i regjering med parti som ikkje vil endra abortlova?  
Har vi blitt alkoholliberale fordi vi er saman med Høgre i regjering? 
Nei, verdigrunnlaget og programmet vårt er som før.  
Men må vi gå ut av regjering for å bevisa det? 
Eg meiner nei. Til no har vi fått gjennomslag for så mange og viktige saker at det er verd å fortsetta.

 
Etter 13 år i leiinga og nær 9 år som leiar er det tid for å sjå tilbake. 
Eg vil ta dykk innom nokre av dei hamnene vi har hatt størst suksess med.

Bare taperen tror han er framme hver kveld

Felles for sakene er at det er saker der KrF på ulik vis har gjort skilnaden.  
Utan KrF hadde desse sakene truleg aldri blitt noko av.

Eg vil trekka fram 4 områder der eg meiner KrF har vist seg frå si beste side.

Familie- og likestillingspolitikken  
Den fyrste hamna eg vil legga inntil er familie- og likestillingspolitikken vår. 
Det passar særleg godt etter at Ingrid Alexandra er født.

Det er viktig å sjå likestillingspolitikken vår i samanheng med kampen for kontantstøtte. Kritikarane av kontantstøtta seier at kontantstøtte er på kollisjonskurs med likestilling. Dette er totalt feil.

Kontantstøtta er noe av det beste som har skjedd innanfor familiepolitikken på lang tid. Ikkje berre er ordninga god i seg sjølv, men debattane og fokuset som er komen i etterkant har og endra familiepolitikken.

Takka vera kontantstøtta har vi fått fokus på barnehageutbygging.  
Det hadde aldri blitt så stor barnehagesatsing om ikkje KrF hadde fått gjennom kontantstøtta.

For oss har målet heile tida vore valfridom. Vi ville gi familiane høve til sjølv å velja omsorgsform for borna sine. Dermed har barnehageutbygging vore ein viktig premiss for kontantstøtta. Vi må ha fleire barnehagar for å sikra reell valfridom.

Kontantstøtta er ein viktig ideologisk sak. 
Vi ynskjer ikkje eit samfunn der staten skal pressa A4 løysingar på alle.  
Den enkelte og familiane kan ta fornuftige val på eigne vegne.  
Dei fleste foreldra er best skikka til å velja kva for skule borna skal gå på, eller kva for omsorgsform som passar dei best.

Eg kan ikkje skjøna at det skal vera eit mål for staten at alle born skal gå i barnehage. Like lite som det bør vera eit mål at alle born skal vera heime med mor eller far.  
Vi treng valfridom.  
Vi er forskjellige og treng forskjellige løysingar.

Det vil nok framleis vera høg temperatur i debatten, men ein ting er heilt klart: 
Kontantstøtta har gitt auka valfridom!

Kontantstøtta er komen for å bli!

 
I mi tid som leiar er KrF blitt eit parti med ein radikal likestillingspolitikk.

Ser ein tilbake på historia kan ein vel seia at partiet har vore gjennom ein "kjønnsmodningsprosess".

Då likestillingslova vart vedtatt var det berre ei, Anne Olaug Ingeborgrud, i KrF si stortingsgruppe som stemte for lova - resten trong meir tid på seg.

Om KrF var trege i starten har vi sanneleg tatt det igjen.

Vi har vore sentrale i å leggja fram omfattande endringar i likestillingslova. 
Vi har pålagt næringslivet å få fleire kvinner i styra. 
Vi har lage ein eigen kvinnehelseplan.

For 100 år sidan var det fullstendig utenkeleg at ei kvinne kunne bli statsminister, springa maraton, bli prest eller professor i kjemi. No er det i næringslivet det gjeld, og vi må våga å gå nye vegar for å betra likestillinga i næringslivet.

Menn har blitt kvotert inn i leiing og styrer lenge nok. Nå er det dyktige kvinner si tur! Kjønnskvotering kan innebere at halvgode menn blir erstatta av velkvalifiserte kvinner.

Samfunnet treng menn og kvinner på alle nivå. Vi har rett og slett ikkje råd til å utelukka halvparten av folket på arenaer der viktige avgjerd vert fatta.

Etter min meining handlar ikkje dette berre om kjønnskamp, det handlar like mykje om å sikra breidde og kompetanse i rekrutteringa.  
Næringslivsleiarar vel altfor ofte eit styre som speglar dei sjølve.  
Blåruss i mørke dressar er for dominerande!

Likestilling er ikkje berre kvinnesak, det handlar om menneskerettar. 
For KrF er ikkje likestilling ein blant mange saker.  
For oss handlar likestilling om kampen for menneskeverdet.  
Det inneber at likestillingsdebatten direkte rører ved menneskesynet vårt, mennesket sin ukrenkelege verdi, realiseringa av likeverdstanken.

 
Frå familie- og likestillingspolitikken går ferda vidare til vi ankrar opp ved eit stabilt verdigrunnlag, trusopplæring.

Jon Lilletun sette i sin tid ned eit utval for å utgreie trusopplæringa. Utvalet la fram si innstilling for Trond Giske.  
Men kva skjedde? 
Giske gjorde ingenting med saka så lenge han var kyrkjeminister.

Med KrF i regjering vart det igjen fart på saka.

Eg kan ikkje tenka meg noko, som er viktigare enn å styrkja borna si eiga tru og identitet. Ei tydelegare verdisak skal du leita lenge etter.

Det handlar om å gi dei tryggleik - å rusta dei for livet.  
Det handlar om å gi dei forankring i eit stabilt verdigrunnlag. 
Skal trua overleva, må bodskapen nå komande generasjonar.

At KrF har kjempa for trusopplæring er ikkje noko nytt. 
Meir oppsiktsvekkande er det at vi no har overbevist fleirtalet på Stortinget.

Kom ikkje her å sei at vi ikkje har gjennomslag! 
Det er meir enn ein siger, det er som å vinna eit helt slag!

I dag ser vi at kulturelle og religiøse motsetnader pregar dei store konfliktane i verda.  
Vi må kjempa for at møte mellom religionar kan bli ein del av løysinga, ikkje ei kjelde til konflikt.

Vi må ikkje la fundamentalistar styre dagsorden.  
Vi treng dialog mellom religionar og mellom kulturar.

Nøkkelen til auka forståing mellom ulike kulturar og religionar er å vera trygge på det som er vårt. Er vi trygge i vårt eige er det lettare å møta andre med respekt.

Kjære venner, 
Etter å ha funne forankringa, ballasten vår, er vi klar for å reisa vidare ut i verda.  
Kampen mot fattigdom var ein av hovudsakene til at eg valde å engasjera meg i KrF. 
Som kandidat til Stortinget i -93 hadde eg to politiske saker på flygebladet mitt; kontantstøtte og gjeldssletteplan.

Det var ambisiøse lovnader, men med KrF i regjering kom begge sakene på plass.

Kontantstøtta kom i 98 og sikra valfridom for barnefamiliane. 
I oktober same år la Hilde Frafjord Johnson fram ein historisk gjeldssletteplan.

Kampen for dei fattigaste i verda er framleis styrande for mitt politiske engasjement.  
Vi kan ikkje vera passive når vi veit at 1,2 milliardar personar lever for under $ 1 om dagen.  
Kampen mot fattigdom er dessverre meir aktuell enn nokon gong.

Skal dei fattigaste landa ha sjanse til å betra situasjonen sin, må dei få lettingar i gjeldsbyrda si. Noreg har under Hilde Frafjord Johnson vore ein internasjonal pådrivar for gjeldsslette.

I disse dagar arbeider utviklingsministeren med å sluttføre ein ny handlingsplan for gjeldsslette. Fem år etter den fyrste planen er tida inne for å staka opp kursen vidare.

Men gjeldssletting aleine er ikkje noko trylleformular. Dei fattigaste treng og midlar til utdanning og infrastruktur.

 
Eg er også stolt over at KrF har løfta fram bistanden. Takka vera vår innsats har det aldri før vore gitt så mykje i bistand frå Noreg. Aldri før! 
Vi skal ikkje bli sjølvgode av dette, men vi skal vera stolte over politiske prioriteringar som har løfta fram kampen mot fattigdom internasjonalt.

Like lite som gjeldsslette aleine er nok, kan heller ikkje bistand aleine løfta utviklingslanda ut av fattigdommen. Gjeldsslette og bistand må støttast opp med ein utviklingsfremmande politikk.

Regjeringa arbeider og med ei ny stortingsmelding om utviklingspolitikk.  
Meldinga vil sjølvsagt handla om bistand, men ho skal og klart markera at utviklingspolitikk famnar vidare enn dette og at bistand langt frå er vårt einaste virkemiddel til å kjempa mot fattigdom.

Det er behov for politikarar som set kampen mot fattigdom fyrst. 
Det er behov for politikarar som ikkje lar likeverdstanken og menneskeverdet stansa ved riksgrensa. 
Det er behov for KrF

 
Siste hamn eg vil innom i denne etappen er ein miljøpolitikk for framtida.

Eg har vel aldri opplevd at miljøfana hang høgare enn då sentrumsregjeringa gjekk av 17. mars 2000. Men vi kan ikkje lena oss på det som skjedde for snart fire år sidan.

KrF skal også i dag vera eit parti som vågar å stå for dei verdiane og prinsippa vi har,  
sjølv om det ikkje alltid er like populært. 
Eit felt der det er særleg viktig å tenka langsiktig er miljøpolitikken. 
Her må vi tenka lenger enn neste meiningsmåling, eller neste val for den skuld 
Vi må tenka på slektene etter oss.

KrF har ei lang historie bak miljøengasjementet vårt.

Langtidsprogrammet til Korvald-regjeringa var banebrytande. Det løfta fram globale miljøutfordringar som ei av dei fremste politiske oppgåvene i moderne tid.

Sentrumsregjeringa var den fyrste regjeringa som gikk av på ei miljøsak. Vi kunne ikkje ta ansvaret for å byggja forureinande gasskraftverk med gammaldags teknologi.

Samarbeidsregjeringa har og vist gjennom fleire saker at vi har gitt miljøomsyna forkjørsrett.  
Mykje av miljøpolitikken blir bestemt i Olje- og Energidepartementet.  
Eg vil seia at regjeringa sin vinnarkombinasjonen i miljøpolitikken er ein energisk miljøvernminister og ein miljøvennleg energiminister.

Det er ikkje tilfeldig at KrF har eit så stort engasjement i miljøpolitikken. 
For oss er miljøpolitikken sterkt forankra i ideologien vår.

For oss er det to grunnleggjande prinsipp som styrer miljøpolitikken.  
Mennesket sin uendeleg verdi og forvaltaransvaret.

Med eit menneskeverd som er ukrenkjeleg, kan vi ikkje akseptera ei økonomisk verdsordning som undergrev rettane til verdas fattige, eller klimaendringar som rammar dei fattige hardast.  
Med eit forvaltaransvar kan vi ikkje la den økonomiske aktiviteten overgå skaparverket si tåleevne.

Miljøsaka er meir enn summen av mange gode tiltak. Miljøsaka handlar djupast sett om kva for syn vi har på skaparverket og på mennesket.

Vi må klara å ha ein sunn verdiskaping og livskraftig næringsutvikling, utan at dei økologiske rammene vert sprengde. Dette er ei krevjande oppgåve.

I dette spenningsfeltet må KrF spela ei nøkkelrolle i åra som kjem. Vi har eit ansvar for livsvilkåra til slektene etter oss. Vi skal visa at ein god miljøpolitikk må kvila på respekten for skaparverket og for mennesket.

 
Når ein ser tilbake på kva vi har opplevde på reisa så langt er eg er stolt over gjennomslaga KrF har hatt.

Felles for alle sakene er at det er KrF som har utgjort skilnaden.  
Utan KrF i regjering hadde desse sakene ikkje blitt gjennomført.  
Regjeringsdeltaking gir gjennomslag.

 
Det er alltid nødvendig å seile 
Eg vil venda tilbake til Falkeids strofer igjen.

Alt må erobres bror. 
Bare taperen tror han er framme hver kveld. 
Det er alltid nødvendig å seile

Vi er alltid undervegs. 
Vi skal ikkje kvila i tidlegare erobringar. 
Nye mål vert berre vunne gjennom å heisa segl og setta kursen til havs.

Vi har fått kontantstøtte, men det er for få som kjenner ein reell valfridom.  
Vi har satt krav om fleir kvinner i styrer, men kvinner er ikkje likestilt i næringslivet. 
Vi har fått gjennom ein trusopplæringsreform, men ho dekker ikkje heile landet. 
Aldri før har kampen mot fattigdom vore sterkare, men skilnadene mellom fattige og rike aukar. 
Vi har ein offensiv miljøpolitikk, men dei globale miljøutfordringar aukar.

Kjære landsmøte, 
Sanninga er at vi er komen langt, men vi har endå mykje å gjera.

Vi skal vera stolte, men ikkje tilfredse.  
Vi skal sjå oss tilbake, men ikkje for å spegla oss i glansen.  
Vi skal skryte, men ikkje vera ukritiske.

Vi skal vera eit utolmodig parti som heile tida har fokuset retta framover.  
Vi må ikkje skryta av gjennomslag og la det bli med det. 
Fokuset må vera retta mot framtida.

Kjære venner, 
Med ein visjon om eit varmare samfunn, blir vi aldri arbeidslause.

 
Det er eit møte frå valkampen i haust eg kjem til å hugsa lenge. I regi av Oppland KrF fekk partileiinga mellom anna sjå eit samarbeid mellom sosialetaten, trygdeetaten og a-etat. Vi fekk sjå korleis personar som før var passive mottakarar av trygdeytingar fekk sjølvrespekten tilbake gjennom å få ein tilpassa jobb. Dette var ein del av satsinga i den såkalla "fattigdomsmeldinga".

"Vi er ikke fattige noen av vi som er her, vi er rike på mye" (Jan Åge Reinli) sa ein av dei som hadde fått seg jobb gjennom prosjektet.

Eg syns han sette fokus på noko vi aldri må gløyma.  
Det er i møte med menneske at verdiane våre får eit innhald og at politikken vår blir konkret. 
I slike møte går politikken frå å vera teori til å bli ein realitet.

KrF skal vera eit parti som ser enkeltmenneske. 
I vår iver etter å hjelpa, må vi ikkje gruppera menneske slik at dei mister sjølvrespekten.

 
På mandag kunne vi lesa i Dagbladet at vekstnæringa nr 1 i Noreg var trygd. 12,5 % av alle i yrkesaktiv alder er uføretrygda.

Vi står framfor viktige velferdsdebattar. Velferdssamfunnet er under press. Trygdeutgiftene aukar dramatisk. Pensjonsforpliktingane blir i framtida så store at vi må gjera endringar.

Pensjonsdebatten er i full gang, men andre områder vil følgja etter.

Viktigare enn nokon gong er det at KrF er delaktige i debattane for å tala dei svakaste sin sak.

Den siste tida har det kan hende vore for mykje ord som ansvarleg budsjett, kronekurs og rentenivå frå oss i KrF.  
Dette er viktig nok, men det er ikkje desse orda som viser kven KrF er.  
Det er ikkje dette folk ynskjer eller ventar å høyra frå omsorgspartiet KrF.

Skal vi vinna tilbake tilliten, må vi mykje tydeligare visa fram KrF sitt sosiale hjarta. 
Det handlar om å visa omsorg for dei minste blant oss, dei svakaste, dei mest utsette og dei fattigaste. 
Det handlar om ein av dei mest sentrale kristne verdiar - nestekjærleiken.

Noreg vart i år kåra til det beste landet i verda å bu i for tredje gong på rad.

Dei fleste av oss har det veldig bra, det er ingen tvil om det. 
Men nokre fell utanfor også i vårt godt utbygde velferdssystem. 
KrF skal kjempa for. 
dei bustadlause,  
rusmissbrukaren som treng helsehjelp og behandling,  
dei fattigaste og  
dei utslåtte.

KrF si oppgåve er å gå til kamp mot all form for sosial naud. 
Skal vi lukkast med det, må vi kjempa for ein meir radikal økonomisk fordelingsprofil.

For å kunna hjelpa dei som treng det mest, må fleirtalet ta ein større del av ansvaret. 
For å kunna prioritera dei svakaste, må vi andre kunna forsaka noko.

Utfordringar i ei innstrammingstid må for KrF bety at nødvendige sparetiltak må ramma rettferdig.

Vår verdiplattform betyr at dei svake i samfunnet skal ha vår støtte.

 
Mennesket lever ikkje av brød åleine. 
Vi må ha eit åndeleg innhald i livet.

Eg har lova å ta dykk med på å reise. 
Gjennom heile livet og særleg dei siste åra, har eg sett kor mykje eit godt idretts- og kulturtilbod betyr for folk.

I by og bygd, for unge og gamle, gir kultur påfyll i kvardagen.  
Folk treng kultur både som aktive deltakarar og som publikum.

Vi treng eit breitt tilbod: det høge og det låge, det såkalla smale elitistiske og det populære folkelege.

Kultur engasjerer langt fleire menneske i dette landet, enn det kommersielle mediebildet reflekterer. 
Til dømes var det fleire som i løpet av fjoråret såg profesjonelt teater enn som såg tippeligaen i fotball.  
Utan at avisene ber særleg preg av det! 
Då har eg ikkje tatt med mylderet av revyar, amatørteater og kabaret.

Eg har sjølv gjennom dei siste åra opplevd korleis kulturelle opplevingar gir overskott og påfyll. Vi snakkar ofte om livskvalitet. Dette må ikkje berre omfatta det materielle, men og dei sosiale og åndelege sidene.

KrF har lenge lagt til rette for at vi skal få ta vare på våre andelege behov.  
Trusopplæring og gode vilkår for kyrkja og andre trussamfunn er dømer på dette.

Eg vonar at KrF i framtida og legg vekt på at kultur er viktig for oss.

KrF og kultur høyrer uløyseleg saman.  
Kultur byggjar eit varmare samfunn.  
KrF skal vera Kulturpartiet i Noreg.

 
Eg har sett fram mot denne dagen med litt blanda kjensler. I november sa eg at eg var letta. I dag er eg vel både letta, men og litt vemodig. Det er spesielt å overlata ansvaret for skuta til ein annen. Særleg spesielt er det å gjera det på eit ekstraordinært landsmøte. Eg trur Einar og kjenner det litt slik. Men vi kjem ikkje til å mønstra av endå. 
Vi vil vera med på ferda vidare i andre roller og i andre oppgåver.

I byrjinga av januar hadde ei avis følgjande karakteristikk av forholdet mellom Dagfinn og meg. 
"Det er en dårlig skjult hemmelighet at det er et anstrengt forhold mellom dem to, som blant annet skriver seg fra den dramatiske nominasjonskampen før valget i 1993"

Å korrigera media er som å slost med vindmøller.  
Eg har prøvt nokre gonger.  
Eg vinn aldri.  
Men det er viktig for meg å fortelja alle KrFarane i salen at denne påstanden er sprøyt.

Dagfinn og eg har hatt våre "vegkryss". Det veit alle. Men vi har klart å ta vare på vennskapen gjennom all dramatikken (for å bruka avis-terminologien).

I dag kan eg overlata roret til Dagfinn Høybråten.  
Eg veit at partiet er i trygge hender med han i front.  
Han vil leia partiet med stø kurs vidare.

Eg er trygg på at han vil vidareføra satsingane og halda fokus på dei som trenger KrF si stemme.  
Han har eit stort engasjement for dei svakaste i samfunnet, dei som sit nederst ved bordet. Det vil han sikkert koma tilbake til sjølv i morgon.

Draumen min om å opna partiet for nye velgjargrupper har vore ei rettesnor for arbeidet mitt i partileiinga. Det vil og vera mitt håp for partiet vidare. Vi har i periodar klart det, men no er utfordringa like aktuell som for 13 år sidan. Det klarer vi ikkje utan kamp og tøffe debattar.

KrF må vera eit modig parti. Vi har valgt å stå i tøffe verdidebattar. Ikkje fordi det alltid har vore lett. Men fordi vi har meint det har vore rett. Vi må aldri som parti gå på akkord med det vi meiner er rett. I lengda er eg sikker på at det vil betala seg.

Eg tar det som eit teikn på at vi gjer det rette dersom vi skaper debatt. Det er fyrst når vi får vind i segla at vi kjem framover. Møter ein motstand er det eit teikn på at vi utfordrar. KrF er eit verdiparti. Vi har høgt trykk på verdisaker. Då må vi rekna med trykk tilbake. KrF tener på å vera tydelege.

Vi skal utfordra. Vi skal skapa debatt. Ein usynleg politikar er ein ufarleg politikar.

KrF må halda fram med fornyinga og halda fast på rolla vår.

Alt må erobres, bror. 
Bare taperen tror han er framme hver kveld 
Det er alltid nødvendig å seile 
Til havs med Vasco da Gama om bord, Sao Raphael!

Til havs med ein menneskevarm politikk tilpassa folk av i dag.