Ludvig Hope
Vår kristne arv
Tale ved etableringen av Kristent Samråd, som skulle bli det samlende organ for kirkekampen fram til april 1942.
Calmeyergatens misjonshus, 28. oktober 1940
Kilde: Kirke og Kultur, bd. 47, s. 523-528, 1940.

Himmelriket er likt ein skatt som var  
nedgraven i ein åker. Den skatten var det  
ein mann som fann; han grov den nedatt,  
og glad som han var, gjekk han bort og  
selde alt han åtte og kjøpte åkern. Matt. 13,44.

Det er for oss alle her ei kjend sak at mellom dei mange rike som var og som er her på vår jord, så har me også eit rike som ber namnet Guds rike - eller Jesu Kristi rike. Det er det riket som er bygt på den nåde som er gjeven oss i Jesus Kristus frå evige tider, og det var dette riket som kom til oss då Guds son steig her ned til oss som menneske mellom oss menneske.

Dette Guds rike er såleis heilt igjennom bygt på Jesus Kristus.

Det er bygt på det han er i seg sjølv, det er bygt på det han har gjort for oss gjennom sitt liv, sin død og si oppstoda frå dei døde - og - det er bygt på det han no er for oss ved å syna seg for Guds åsyn for vår skuld.

Derifrå styrer han sitt rike med uinnskrenka makt både i himmelen og på jorda.

Derifrå er han herre over herrane og konge over kongane og styrer med si allmakts hand mot eit evigt og fullkome mål.

Han stig ikkje frå sitt kongssæte før han har gjort alle ting nye.

Då først overgjev han Gud og Faderen riket, og Gud skal vera alt i alle.

«Hans slott kan ingen makt bekrige,  
det står på evighetens grunn.  
Hans fiender må i gresset bite,  
når han kun taler med sin munn.»

Når alle andre rike her på vår jord er knuste og lagde i grus og ikkje noko menneske kan byggja noko nytt, då skal Jesu Kristi rike stå fram i si fullending; då skal sanning, rettferd og fred bera alle folk og kvila over vår jord som vatnet ligg over havbotnen.

Ein av dei største statsmenn, kanskje den største - Daniel - som med sitt profetsyn såg fram til denne tid, han har mellom anna sagt om Jesu Kristi rike:

«Men i dei dagar dei kongane lever, skal Gud i himmelen reisa eit rike som aldri i æva skal øydast, og makta over det skal ikkje latast til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle andre rike, men sjølv skal det stå evig.» Daniel 2, 44.

Dette trur me kristne.  
Dette arbeider me for. 
Og: dette ventar me på.

Det var ordet om dette riket som også kom til oss her langt oppe i nord, og det var inn til dette riket me vart førde då ho mor - eller ein ven av mor - heldt oss over dåpen. Og det var ordet om dette riket ho kviskra inn i vårt øyra og hjarta då ho tok oss i fanget, la fingrane våre saman og lærde oss å be til Gud, og då ho song for oss jolekveld:

«Oss er ein evig frelsar fødd!»

Når me så nådde fram til skulestova, fekk me katekisma, forklåring og bibelsoga. Me lærde å syngja om fedreland, om frelse for syndarar og om vår rette heim hjå Gud. Me fekk vita at Gud tok imot oss i nåde og at me skulle få koma til ham som til far og mor.

I hundratals år har livsens ord vorte bore fram i vårt folk frå heim, frå skulestova, frå kyrkja og forsamlingssal, meir klårt og åndsbore enn kanskje i noko anna folk, og i denne tid vaks me fram til eit av dei lukkelegaste folk på vår jord.

Det er også andre folks meining om oss.

Når så kyrkje og bedehus vart for småe for oss, då sette me oss i bakkane mellom våre fjordar og fjell, og mens ordet vart tala og sangen brusa frå mange tusen munnar, song fuglar og fjell med. Og når kyrkjeklokkene ringde over grava, då song me:

«I liv som i død jeg vet min vei,  
med begge jeg er fortrolig;  
ti Kristus, Guds Sønn, har lovet meg 
i Faderens hus en bolig.»

Og:

«Når morgonen stiger, jeg er i havn  
og fedrelandet gjenkjenner.  
Da kysser jeg med usigelig fryd  
de naglemerkede hender.»

Kjære kristne - og elles kven de måtte vera:  
Kva syn est du om denne arv?  
Er det verdt å halda på han?  
Er det verdt å ofra noko for han?

Heilag Olav gav sitt liv for at me skulle få han, og Hans Nielsen Hauge sat i fengsel i ti år for at me skulle få behalda han og få han rikare og større.

Skal me ofra - og om så skulle vera - lida for å eiga han og gi han rein til våre born?

Det finst ingen betre arv me kan gi til komande ætter. Det vil menneske-ætta få vita meir klårt heretter enn nokon gong før.

Ein av våre beste menn, som fann skatten, han har sagt til oss:

«Og finner du ham, da finner du alt  
hva hjertet kan evig begjære.  
Da reiser seg atter hvert håp som falt,  
og blekner så aldri mere.»

Eg vågar å påstå at her er ikje eit einaste menneske, ikkje eit ynske, ikkje ein trang, nei, ikkje ei aning i det djupaste djup i vårt åndslekamlege vesen som lengtar eller ynskjer noko forbi det Jesus Kristus lova å gi dei som gjev sitt liv til han!

Som havet fyller alle fjordar, kvar bukt og kvar sprekk, så fyller Gud all vår trang i herlegdom i Jesus Kristus.

Så stor er arven Gud gav oss i sitt rike. Me får «Det hjertet evig begjærer!»

Me kan ikkje dølja anten for oss sjølve eller for kvarandre at me er komne inn i ei stor og ansvarsfull tid. Berre den all­vitande Gud kjenner vår framtid.

Men ein ting veit me visst, at Gud, at folk og fedreland set store krav til oss no, og me er komne saman her idag for å vekkja kvarandre til å forstå det. Sviktar me, då sviktar grunnen under vårt folk!

Då tek flaumen oss!

Er me klår over dette?

Skal me lova Gud og kvarandre at me vil verna om «skatten» og «arven»?

I alle slag vekslande tider.  
I kamp, i sår og tåre.  
I fred og i ufred.  
I velstand eller svalt.  
I kva livet måtte by oss eller ta ifrå oss, vår kristne arv, skatten me fekk i Guds rike, han vil me ikkje svikta.

Me vil be Gud om nåde til det. Han vil høyra vår bøn og på nytt løysa og lyfta oss opp og fram til ei ny lysande framtid, og på nytt la oss verta midnattsola i tidens natt.

Eg vil vedgå at den tru og den trøst kan eg ikkje sleppa.

Kristne folk! No er det ikkje tid til å missa motet! No er det heller ikkje tid til å kjæla for sitt eige liv!

Er du motlaus på den dag du er i trengsla, då har du lite kraft.

«Kjemp for alt hva du har kjært,  
dø om så det gjelder!  
Da er livet ei så svært,  
døden ikke heller.»

Mange av våre sønner og døtre, på hav og på land, har gjeve sitt liv for vårt land; skulle så ikkje me kristne stå saman i ei ånd og i tru på Jesus Kristus som vår einaste redningsmann, og leva for han?

La oss lyda han og tena han mellom vårt folk! Mange som ikkje er kristne, ser opp til oss med tillit, og ventar hjelp fra oss nettopp fordi me vedkjenner oss å vera kristne.

La oss syna oss verdige denne tillit!

«Gud er med oss.  
Gud er med oss, - 
i hans kraft vi seire må.»

*

Når eg ser utover denne store forsamling, då er eg nøydd til å tru at mange av dykk lever uomvende, tankelaust og lettsindig. Tanken på Gud, på Guds rike og på livets største alvor, det bryr de dykk ikkje om.

De trakkar på arven de fekk av dykkar fedrar!

Når eg er nøydd til å tru dette, då kan eg ikkje gå ifrå denne plassen utan å ropa eit varsku og eit varningsord.

Guds ord, Guds And og Jesu Kristi vitne har så mange ganger kalla dykk frå mørkret til lyset, frå Satans makt til Gud. I ei lang og god tid har de saman med vårt folk elles høyrt dette lokkande kall. Men de har sagt nei alt til idag. De ville leva så som de fann for godt.

No er ikkje Guds kall til oss berre ei lokkande hyrdingsrøyst; no er det også ei domsrøyst.

Vil de heller ikkje høyra no?

Vil de heller ikkje venda om no?

Er det endå for tidleg å søkja Gud?

Vil de vedvarande leika på kanten av helvetet?

No vel, så får de også lov til å stiga ned der. Vegen til himmelen og til helvetet er for oss fritt valg.

Men eg ber deg: Vend om! Vend om no!

Gjev ditt liv til Jesus Kristus, han som gav sitt liv for deg! Kom og ta imot det riket der alle ting vert nye, der «løst er hver jordiske gåte, besvaret hvert hvorfor jeg grundet på.» Det er mitt livs djupasete overtyding at Jesus Kristus er vår einaste redning. Utanfor han er alt evig natt. Alt er tapt og fortapt utanfor han.

Ungdom - og elles kven de er - gjev dykkar liv til Jesus Kristus! -

«Navnet Jesus blekner aldri,  
tæres ei av tidens tann.  
Navnet Jesus, det er evig,  
ingen det utslette kan.

Det har bud til unge, gamle,  
skyter stadig friske skudd,  
det har evne til å samle  
alle sjeler inn til Gud.

Jesu navn, hvor skjønt det klinger,  
la det runge over jord!  
Intet annet verden bringer  
håp og trøst som dette ord!

For det navn må hatet vike,  
for det navn må ondskap fly.  
Ved det navn skal rettferds rike  
skyte friske skudd på ny.

Midt i nattens mørke blinker 
som et fyrtårn Jesu navn,  
og hver hjelpeløs seiler vinker  
inn til frelsens trygge havn.

Og når sol ei mere skinner,  
Jesu-navnet lyser enn;  
da den frelste skare synger  
høyt dets pris i himmelen.»

Dette er vår kristne arv: Jesus Kristus, vårt lys, vår frelsar, vår Far, vår Gud og vår konge.

Og dette lys vil me skal lysa over Noreg, for oss og for komande ætter!