Stephen J. Walton
Ivar Aasen
Tale på "Nynorsk Varieté"
Det Norske Teatret, 26. september 1996
Kilde: Mål og Makt, Årg. 26, nr 3 (1996), s. 3-5.

«Detta Aaret hever voret eit stort Aar fyre alle deim, som lengta etter Festar og Stas og store Gjestebod; den eine Festen var stor, og den andre større, og Talar og Skaaler hava fallet so riklege at det lenge sidan maatte synast, at der inkje var Rom til fleire». Dette var Aasens kommentar til minneefestane i 1864 for femtiårsjubileet for Eidsvoll-grunnlova. Det kan godt hende at Aasen hadde Aasen-året 1996 i tankane òg, utan at vitskapen eller telepatien er i stand til å bevise dette. No er festane store og denne festen er størst. I år vil alle ha Aasen. Sin Aasen. Og - det underlegaste av alt - dei som ikkje vil ha Aasen i år, dei held faktisk kjeft. Nett slik som i dødsåret har Aasen igjen opplevd å verte til eit nasjonalt samlande symbol.

Kva gjorde så Aasen for å fortene den merksemda han får? Jo, han løfta fram det norske målet. Han gjorde synleg den kulturrikdomen som levde mellom det jamne landsfolket, på landsfolket sine premissar. Han laga eit skriftmål etter dei siste og beste vitskaplege metodane som samtida visste om. Ingen skal gå rundt og orsake seg for at nynorsken er eit konstruert skriftmål. Visst er han det, og det er derfor han er så god. Aasen gav dette skriftmålet bestemte eigenskapar. Framfor alt skulle det ta vare på det han kalla den «fortrolige, kvikke og gnomiske Maneer» som særmerkte talemålet. «ligesaa den humane, medfølende og venlige Tone, hvori det skildrer Folks Stilling og Befindende». Dette var eit skriftmål med ein innebygd moral, og dette forpliktar dei som brukar det. I same stykket forte! Aasen om leva nytte eit norsk skriftmål kan gjere for seg. Det ville for det første vere lettare for allmugen å forstå enn noko anna mål. For det andre ville det vek.kje nasjonalånda, styrkje sam­kjensla i folket og syne at nordmen­nene var verdige etterkomarar etter forfedrane, og ikkje nokon trellehop under framand herskap. Dette må da vere verdige føremål i dag med.

Aasen vart kjend i si samtid, han vart faktisk éin av dei første kjendisane i Noreg i moderne forstand, ein person som var berømt for å vere berømt. Påskjøningar fekk han òg. Eit klekkeleg stipend frå Stortinget på livstid, og lovord frå den store fagmannen i samtida, tyskaren Jacob Grirnm. Han tok imot prisar og medaljar, fødedagshelsingar frå sjølvaste Ibsen og såg det spira ei folkerørsle av det frøet han hadde sådd.

Likevel var det ikkje noko sigerstog Aasen dikta om. I diktsamlinga Symra, som skulle bli den første nynorske bestseljaren, klaga han på vegner av dei som «framand uti Verdi stend, heimlaus, frendelaus og litet kjend». Aasen var modernist, og i diktinga skildra han livskjensla til det moderne mennesket, som vert rive opp med røtene og slengt hist og pist av marknadskrefter og økonomiske kalkylar. Dette hadde Aasen dei beste føresetnader for å forstå, denne mannen som vandra på ei vertikal ferd opp gjennom samfunnet åleine, før bondestudentane si tid og mest utan førebilete. Så laut han sjølv gjere seg opp ei meining om saker og ting, og dermed vart han original. «Ringaste Gjesten heve gløggaste Auga», noterte han seg ein gong. Det det gløgge auget hans såg, var at det materielle framsteget var kjærkome dersom det kunne lette på tungorket og slitet. Det måtte kome folket til gode, ikkje kapitalen, eller «Etarane», som hans sa.

Trass i at vi - kanskje i reint særskild grad i kveld - gjerne vil oppfatte Aasens liv og verksemd som ein ubroten sigersgang, var det ikkje slik han uttala seg om det. Det finst eit ord om at alle politiske karrierar endar med eit nederlag, og det hadde nok Aasen nikka attkjennande til. Kjensla av å ha mislykkast hadde mange toppar hos han, og minnefestane i I 864 var ein av dei.

Den 17. mai det året vart det reint for mykje. «Kor gjeng det til, at me allesaman vilja so gjerna vera Nordmenner, men ingen av oss torer tala elder kveda i Nordmanns Maal? Kvi er det so, at sjølve Stortingsbønder ljota klæda seg i Kjole og tala Framandmaal, so snart som dei skulo inn i Tinget?», spurde han. Dette vart eit sentralt spørsmål for Aasen. Korleis kunne det ha seg at dei pene borgarane i Christiania kunne ruse seg opp på nasjonale festar, og likevel ikkje tole å høyre målet til det jamne landsfolket og enda mindre finne seg i at ein brukte det i skrift.

Når Aasen så igjen har blitt eit nasjonalt symbol, er det både lettvint og uforpliktande å skråle med i hurra­ropet. Det er lett å oversjå at det framleis finst sprengstoff i den kulturpolitiske bodskapen til Aasen. Og når ein er på fest, og har det hyggeleg, ligg det nær å gløyme at den bodskapen berre har nådd fram på grunn av ein lang og beinhard kamp. Dersom ein vil vere med og heidre Aasens minne, er det ikkje nok å stave seg gjennom dei fem mest sungne strofene av «Nordmannen», og slå seg til tols med det. Ein må først og fremst arbeide for å auke bruken av, eller i det minste vørdnaden for, det målet som Aasen skapte og som er den varige gåva hans til det norske, og alle verdas, folk. Noko anna er berre å gjere seg skuldig i den hyklinga Aasen såg, og høyrde, og vart så vonbroten over under minnefestane i 1864.