Olav Midttun
Aasmund Olavsson Vinje
Tale ved Vinje-støtta
Gran, 17. mai 1965
Kilde: Syn og Segn, Årg. 71, s. 341-347, Oslo 1968.

Godt folk! - Med dei orda helsa Vinje møtelyden når han heldt tale, visseleg etter mønster frå det engelske «Gentlemen»!

I dag for hundre år sidan, nett no, stod Vinje og tala ved Krohg-støtta ved Ankertorget i hovudstaden. Det var den fyrste støtta som var reist i samband med fridomsverket på Eidsvoll og grunnloven. Det var til ære for statsråd Christian Krohg, som så djervt hadde verna fridomsverket mot mange åtak frå Karl Johan. Minnesmerket vart reist nokre år etter han døydde, og Wergeland avduka det i 1833 med den velkjende talen sin. Seinare vart det vanleg skikk å tala og leggja krans der 17. mai.

Vinje byrjar talen sin med å rosa Krohg som var ein gild mønstermann, stø og djerv, som landet nett trong til å verja fridomen. Det er vel verdt å minnast han på denne dagen.

Vi vart frie 17. mai, så vi kunne styra og stella med det vesle vi har så godt vi har forstand til.

Å vera fri er som å vera frisk, og å vera frisk er ingen ting å kjenna, ikkje å ha noko vondt. (Han skal elles ha byrja med å seia: «Når du har vondt i magen, kjenner du at du har ein mage.» Men det er litt omskrive i «Dølen».) Slik er det med fridomen og med å vera fri - det er som å vera frisk, du veit ikkje kor verdfullt det er før du har mist helsa. Det er det naturlege tilværet. Det varte då ei tid før folk utover landet fekk inn i hovudet sitt at fridom og 17. mai var noko å bry seg om. Å halda høgtid var å hefta bort ein dyr arbeidsdag i våronna, då ein har anna å gjera enn å hoppa og dansa. Det varte jamvel ei god tid før han sjølv skjøna dagen. Han tenkte bråket kanskje kunne koma av at ein fyrst på den dagen kunne høyra gauken, og han spår lukke, veit vi!

Det er for landsens lukke, for det gode som fall til heile folket, at vi på denne dagen skulle vera glade. Men eit gode som er så stort og for så mange, kan ikkje rett vel'ma opp andre enn dei som er stor­tenkte, så dei kan døy for sine brør.

Allemannsbaten skjønar ikkje folk. I allmenningsskogar høgg kvar så mykje han berre kan. Endå verre er det «med ei so stor sameign som rikskassa og det heile rike der kvar synest liksom det er rett å snyta det som er so stort. Den ku vil alle mjølka. Men dette er nett tvertimot tanken for denne dagen. Det er alle vi skal tenkja på, og dette å tenkja på alle og ofra seg sjølv for ålmenningsgagnet, det er dagens tanke, det er det som vert kalla samfunnsånd og borgardygd ; det er det som i Rom vart kalla republikanske dygder. Då desse vart borte, då kvar berre vilde grava til seg sjølv, då vart samfunnet eit hundesamfunn der alle låg og slost om beinknokane, og då fór og samfunnet snart til avgrunns. Det er berre dei beste folk som kan tenkja på næsten sin.» Når vi ser land i trældom, som Italia for ei stund sidan, då er det berre dei beste og gjævaste menn som har mod til å tala for alle og døy for alle. Dei andre rømmer unna og karar berre elden under si eiga gryte og seier: «Det lyt kvar sørg ja for seg!» Det er eit slikt ord for dyr som er imot tanken i denne dagen. Men til all lukke er det så at den som syter godt for seg sjølv på rette måten, er ein god borgar. Den trugne arbeidsmannen er ein god 17. mai-mann, og kan han få tid til å koma ut slik ein dag og liksom få seg ein vigsel, er det godt.

Tenkjer vi oss rett om, så er det ikkje så lite som fell på min og din part av dette samfunnsgode, som ligg i dagen. Vi er frie og kan gjeva oss sjølve Storting og regjering eller det heile riksstyre. Og er ikkje styret godt, så har vi oss sjølve å takka for det. Det kan tidt falla tungt og dyrt slik å vera sin eigen mann. Det har gått godt til no, og vi kan vel venta at det vil gå endå betre etter denne dagen. Det fell ikkje så mykje på din og min part som vi ser t. d. ved presidentval i Amerika, liksom vi ser i eventyret at Oskeladden fekk kongsdottera. Men i eit sivilisert samfunn går det ikkje lenger slik til.

Vi har endå grunn til å vera glade. Og vi har endå større grunn til å setja oss føre å bruka vår fridom som vaksne folk. Gjer vi ikkje det, men set alt til i dårskap, vert vi gjorde umyndige. Vi er eit så lite folk, at det berre er med å vera eit mønsterfolk vi får lov til å vera eit fritt folk. -

Som vanleg endar han med eit vers, der han bed folk koma i hug alt det dei fekk 17. mai:

«Vi fingo so mykje at kvar ein som vil,  
kan leva som mann utan harming, 
og rikdom og ære kan streva seg til,  
og takka seg sjølv er han arming,  
når Herren gav vitet og helsa;  
for fridom vi fingo og frelsa.»

Det var ei stor ære for Vinje å få tala ved Krohgstøtta. Morgenbladet prentar talen på Døle-mål og melder at han «hyppig blev afbrudt af livlige Bifaldsraab».

Same kvelden for hundre år sidan var det som vanleg festleg samkome i studentsamfunnet. Både Bjørnson og Vinje var der, og litt utpå kvelden vart det eit sprakande ordskifte mellom dei om diktingsvilkår. Bjørnson hevda i ein tale at i eit lite land særleg, måtte dei stella vel med diktarar og kunstfolk, så dei kunne få veksa fram i ro. Nei, meinte Vinje, det skulle ikkje vera noka kjæling, diktarane skulle ikkje ha det for godt. Kritikk var sjølve livsdrifta i åndsarbeidet, den skulle salta livet. - Bjørnson kom att og meinte at diktinga trong songbotn i folket. Det var fyrst i kjærleik og fred ho fekk bløma fram og veksa seg stor som fura i skogen. - Men Vinje hevda på ny at det store skaptest fyrst gjennom strid og sjølvoffer. Diktaren skulle vera som den verbitne fura på fjelltoppen, som vinden piska frå nord og sør, aust og vest, så ho krøktest til alle sider; men var rota god, voks treet beint opp likevel og fekk den feitaste tyri. - Dei nemnde båe til døme for sine meiningar ei mengd av dei fremste diktarane i heimslitteraturen, så det vart ein leikande strid mellom to ulike grunnsyn og livsrøynsler. Det enda med at formannen bad studentane drikka ei skål for den største diktaren som hadde vore innanfor veggene der, og den skåla drakk både Bjørnson og Vinje, heiter det.

Det har vel sin grunn at Vinje freista trøysta seg med at diktaren ikkje skulle ha det for godt. Det fekk han altfor mykje røyna.

Vinje var ein morosam, fengslande talar. Han kom og gjerne til møte eller fest med ein song i lomma. Somme av talane og songane hans er prenta. Alt i 1854, på 40-årsdagen for fridomsverket, tala han i «Christiania Haandværkerforening» og hadde med ein song han fekk prenta i Drammens Tidende. Han var den vidgjetne «Kristiania-korrespondenten» der.

På 45-årsdagen tala han i sjølve rikssalen på Eidsvoll. Han hadde song med. Det var eit vers frå den han slutta med i talen ved Krohg­støtta i 1865. Det var general Birch som hadde fått han med til Eidsvoll. Vinje tala og frå trappa utanfor om «Brorskapstanken», og han tala for general Birch som hadde vare vaktsjef på Eidsvoll i 1814, og til slutt tala han for kongen, så han nytta dagen vel ut.

Året etter var han på Blaker skanse og tala særleg om forsvar og skyteøving. Han var ihuga for det, endå han slett ikkje ville ha krig med Sverige nett då i statthaldarstriden.

I «Blandkorn» (1867) prentar han ein lang, fin 17. mai-tale, eit samandrag frå fleire han har halde. Han har nærare utforma tankar frå talen ved Krohgstøtta om kva det er å vera fri. Det skal filosofi til å finna ut det. Det er eit tanketak. «Du må i likning med det som er sagt om løva, og som eg sjølv hev sét av oksen, liksom daska og dengja deg opp med din eigen hale, alt til du kjem i den rette 'stemning'. Dette må i det minste eg gjera, når eg skal ut med ein sang til denne dag eller når eg skal tala. Eg må aga og eggja og øsa meg opp med det eg tenkjer i hop; for det kjem ikkje av seg sjølv det som etter kunstmålet er noko 'negativt'. Det er vel 'positivt' og, men dette er på ein annan måte.»

Han talar om framgangen frå 1814, så vi har rett til å leva som fri nasjon. Det som krevst av oss, er at det «er ei ny side av den store glimestein eit folk skal slipa ut, so at tankestrålen i denne kan liksom få ein ny farge, og at me hev ein livstanke framifrå dei andre folk å gjeva den tanketrengande jord».

I gammal tid hadde vi slik ein tanke, og når det praktiske engelske folket seier: «Eit folk med femti tusen gode sjømenn er verdt å ha til sambunden» (alliert), så seier vitskapsmannen jamvel i det åndfulle og store Frankrike: «Eit folk med den litteratur er stort, om det er aldri så lite. Verda ville vanta ein av sine mest særmerkte tankar, om den var borte.»

Alt Wergeland, som gjorde så mykje for 17. mai, braut på målet og ville ha meir «folkeoriginalitet». Det er ikkje nok med skipsferdsle og fiske, endå det trengst. Men det kunne drivast om ein ikkje var ein fri nasjon. Det trengst god styring med matstrev; men det er heller ikkje nok, endå det er ein stor kunst å styra seg sjølv, å gjennomføra ei politisk sjølvregjering.

Men ein må og ha eit sjølvstendig tankeliv til å møta fram på åndslivets verdsmarknad. Eit folk vil som ein mann mest mot sin vilje ha eit mannemerke, når det etter si ætt og avkjøme og mål og mæle og landslagnaden er eit folk for seg sjølv og ikkje ei kunstig utskiljing av eit anna og større. Men til denne naturgrunn for eit folkemerke må eit folk like eins vita seg som eitt og foredla sine særskilde naturgåver og ikkje gjeva opp denne beste arven sin.

Den 17. mai sleppte liksom laus dei bundne krefter som låg i vårt folk, og det vart eit rikt samspel. Vi smiler ofte åt den ting at vi norske så gjerne vil at ein ting skal vera norsk, svenske at den skal vera svensk, franske at den skal vera fransk, osv. med alle nasjonar. Det kan vera barnaktig fåfengd dette, som det og tidt er. Men - godt folk! - det ligg noko djupare og meir alvorsamt i det. Det er eit nasjonalt livsinstinkt som kjenner på seg at det folk som ikkje eig noko framifrå, ingen rett har til å leva. Av dette kjem og den forunderlege makt som det nasjonale eig. Eg og du, om vi er aldri så sjølvgode, tenkjer likevel som så, anten vi så veit av det eller ei: mitt og ditt liv er snart ute, men folkets liv er evig, og det nasjonale mæle er liksom eit mæle frå Gud.

I 1867 var det i hovudstaden eit sterkt unionsskandinavisk drag, så dei «gløymde» å halda offisiell fest 17. mai. Men studentane hadde fest på Klingenberg, der Vinje tala om det verd idealistane har i livet. Han hadde og ein song der han spottar dei som tykte: «Me er smaae», og berre vil sjå ned i molda og ikkje opp til sola. «Me maa, me maa sjaa til aa faa borge/ eit svenske- og eit danskerud !/ nei, draga gamle Norge/ ei trettan grader lenger sud,» spottar han.

I 1869 kom han 17. mai noko seint til studentfesten. Han vart så godt som dregen fram til å tala. I «Dølen» prentar han då noko «som eg vilde ha tala», om dei ulike krefter som brytst i samfunnslivet, og som det gjeld å få til å arbeida saman til gagn for heile folket. - Det vart siste 17. mai-talen vi har frå han. Ein må elles mest undra seg over kor mangt i tankane hans kan vera dagsnært enno.

Men i røynda er det ikkje for 17.mai-talar og songar at vi minnest Vinje og møtest her ved gravstaden hans i dag, endå han i arbeidet sitt var mykje samfunnsborgar og skreiv mykje om politikk, samlivstankar og økonomisk vokster. Men det er som diktar og kulturstridsmann vi mest minnest han. Han har vorte folkesongar, som vi kan sjå i songane vi har med oss: «Du gamle mor», «At far min kunne gjera», «Kunnskap skal styra rike og land», «Tytebæret oppå tuva» og «Her ser eg fagre fjord og bygder». Det kunne vore mange fleire. Og kanskje aller mest minnest vi han for dei vedunderlege, mangstilte personlege dikta som t. d. Grieg med sine tonar har vore med og gjort udøyelege, som «Våren». Litt inspirasjon til diktet fekk han truleg på 17. mai-ferda til Blaker. Dikta hans er noko av vår dyraste åndsarv.

I 1870 vart Vinje sjuk og kom på Rikshospitalet. Han ottast det bar mot slutt. Han sa stillferdig ein dag: «Når eg no er lagd i kista, så vil mi ånd slå opp sin heim der oppe mellom fjella, og så vil eg sitja der på Falketind og sjå utover Noreg.» Han lengta til fjells og ville femna heile landet i sine tankesyner.

Han drog frå Rikshospitalet og kom hit til venen sin, kapellan A. Chr. Bang. Dei tok kjærleg hand om den sjuke mannen. Han fekk heimemat (dravle) til kvelds. Han mintest barneåra hjå mor si. Det vart sant at

Inn i siste svevn meg ein gong huggar 
dei gamle minne og de gamle skuggar

Han døydde der borte på kapellangarden Sjo 30. juli 1870.

Berre tre år etter fekk venene reist denne minnestøtta på gravstaden hans med byste laga av Brynjulf Bergslien. Der var dikt av Aasen og Garborg. Bjørnson kom eins ærend til avdukinga. Han heldt ein varm tale for Vinje ved minnekvelden. Han «dvelte i et utførligere, beåndet foredrag, der flere ganger beveget tilhørerne til tårer, ved enkelte trekk i Vinjes liv og gikk deretter over til å omtale betydningen av den gjerning som han hadde utført, hans høye, frie syn utover verdenstankene i sin tid, hans humor og hans idylliske dikternatur. Likesom Vinje hadde forstått sitt folk best, således ble han selv også bedre forstått enn de fleste andre forfattere. Derfor skulle han også bli minnet og hans skrifter lest».

Det har slått til. Vinje er ein av dei diktarane våre som lever i dag og i folkelivet vårt med si mangslungne ånd og sine stemningsrike dikt og sine tankefylte utgreiingar.