Tarjei Vesaas
Du er midt i dagen og striden
Tale på fest for Aksel Sandemose 50 år
19. mars 1949
Kilde: Olav Vesaas: Tarjei i tale. Det Norske Samlaget, Oslo 1977, s. 91-92.

Kjære Aksel Sandemose

Å halde noko som liknar ei 50-års tale og vurdering av diktinga di, det kan pokker gjera, og knekke nakken på. Eg vil ikkje prøve meg; men nokre helsingsord skal du no hava då, farlege og gåtefulle menneske du er, og velsigna barnesinn som du òg er. Du er ei blanding over all forstand.

Det var godt at du fann ut at du ville vera norsk diktar og kom til oss - no er det 20 år sidan. Takk for at du totte det var her du var heime. Norsk dikting treng sandeleg ein slik oppstrammar som draumane dine er. - Du klomsa oss med trolldomskunster i «En flyktning krysser -» og sidan har du herja på i bøker som skjek - gler -og argar folk - og som dukkar oppatt som sitat på alle mogelege stader. Det viser kor mykje bøkene dine tyder.

Vi har fått lært å kjenne dei fine evnene dine. Ein som kan seia noko om språkhandsaming, kunne stå fram og tala noko om det i kveld. Og ein som kan tala noko om psykologi, kunne stå fram og seia like mykje, og ein tredje som kunne skildre dei forunderlege bileta som lyner opp for deg, han skulle få nok å gjera. Eg skal hoppe over alt saman, for eg kan ikkje, i staden vil eg koma med eit sitat frå «Det svundne er en drøm» som viser kva du kan få nåde til å seia: «Det kan være noe universelt ved pikeansikter, noe vitende og avgjort midt i en stor uskyld. En kan få en kjensle av en livsbane like sikker og like ubevisst som trekkfuglenes reise.»

Den som kan seia slik er i selskap med mangt rart og mangt kosteleg. Og trekkfuglanes reise kjenner du bokstaveleg. Det er ei av dei finaste sidene ved deg at du er ein vetskapsmann når det gjeld trekkfuglane - denne reisa som må kjennast i eins eigen kropp før ein rett kan skjøne henne, og som er like lokkande og uutseieleg i sine gåter som detta ditt eigi sitat.

Du er på ingen måte av dei stille i landet. Du er tvertimot ein av dei urolege der. Det står gjerne gny kring deg, du har stor evne til å arge. Det er heitt for den som blir ute for deg. Du har det med å setje fingeren på ting. Du er midt i dagen og striden. Ein har ei kjensle av at du kjempar både til høgre og venstre samstundes. Og tvillingar trillar ikring deg fort vekk, og all ting slik. Du er sandeleg midt i livet på alle vis.

Difor er vi glad i deg og vil ha deg. Du er eit faremoment som ein aldri er trygg for, men som er sunt å ha. Og så gjev du ein desse støytane av glede når du møter opp med di store kunst. Du er ikkje slik at du gjer det lett for deg sjølv, og det har ikkje vi noko med å blande oss i eller gje deg råd for på noken vis. Vi har berre å takke deg fordi du har gjort norsk dikting rikare.

La oss drikke ei skål.

Kjære Aksel Sandemose, du må leva og få skape!