Karin Moe
Ivar Aasen og den nynorske kritikken
Tale ved Ivar Aasen-bysta under Aasen-veka til Studentmållaget
Universitetet i Oslo, 2. september 1996
Kilde: Mål og makt, Årg. 26, nr 3 (1996), s. 14-16.

Ivar Aasen har aldri vore min mann.

Like fullt må eg erklæra meg som gratispassasjer på målomnibussen hans. Like fullt må eg æra det store modernistiske prosjektet hans, målfunksjonalismen og den urbane skapinga av det nynorske skriftspråket, som han skritta opp på kryss og tvers i det halvartikulerte norske landskapet, ein fisk på land i store sko, ein formfiskar av dei lure; me kan vera glade for at denne møringen i dag ikkje er tilsett hos Røkke og Gjelsten, eller er blitt sett på oppgåva å skapa eit EU-normert fellesspråk.

Ivar Aasen kjem aldri til å bli min mann.

Ivar Aasen var ein luring; han fekk språket til å arbeida for seg. Den som ikkje fattar målreisinga som avantgarden i den norske modernismen, skulle korkje skriva bokmeldingar eller norsk litteraturhistorie, eller redigera antologiar om norsk modernisme.

Ivar Aasen har aldri vore min mann.

I nekrologen som stod i Morgenbladet i september 1896, vart han æra for sin framragande dansk­norsk. Ivar Aasen var to-språkleg, av nødvendigheit, det er så. Han var to­språkleg fordi han ville kommunisera, også fordi han ville handla gjennom språket. Det har vore mykje snakk om det messianske ved hans store offerprosjekt: Eit liv i forsaking, for skuld landsmålet og allmugespråket. Det var ingen som bøtte sokkane hans, og dette kunne Hovden aldri tilgi norske kvende. Den som ser på hans to-språklege verksemd, vil sjå at han ligg nærare Jahve og skapingsguden som sender ord ut i verda for å gjera, for å handla eller for å virka, for å funka. Ivar Aasen er den store funksjonalisten i norsk språkhistorie. Han visste at ei kona er eit teikn med ufullkomne former.

Ivar Aasen har aldri vore min mann.

Det følgjer ubehag med Ivar Aasen. Han kasta eit ubehageleg lys rundt seg, med sine innsikter om kva språk er, føremålet med det og det fullkomne ved eit språk og det system eit språk er, det kunstige eit språk er. Dette er den indirekte nynorske kritikken. Det nye norske språket, nynorsken, kom til å kasta lys eller skarp skugge innover det ufullkomne språket i den norske fjellheimen, danskemålet og, seinare, riksmålet og bokmålet. Samstundes såg Ivar Aasen det særeigne og det fullkomne i riksmålet: Evne til å gripa abstraksjonar og den lange syntaksen for relasjonar. Dette er den indirekte kritikken, arven frå det nynorske prosjektet, som har ei større forståing av kva språk er enn det medvit det innleigde språket kan kosta på seg og halda seg med. Slikt bremsar. Målreisinga, som indirekte kritikk, kastar eit grelt sidelys over det innleigde språket og sjølve innleiginga, overkastinga og overordninga.

Når eg, utan å vita at eg er ektefødd Aasens dotter, så langt er me komne(!), går inn i ein frukt- og tobakksforretning i Oslo i 1965 og bed om å få ei pera, utøver eg denne kritikken og får svar på tiltale: «Hva sa?». «Eg sa ei pera!». Og peikte på røyndomen. «Å! De mener en pære.» «Nei, ei pera!», då vekkjer det ubehag, for her er ei som utan å vita det! veit dobbelt så mykje om språk og språkhandlingar og språkmakt som den andre i denne samhandlinga, den som tilsynelatande har overtaket på bygdejenta i hovudstaden. Så sjølv om Ivar Aasen ikkje er min mann, har han gjort sine ting for meg, for meg som umedviten kritikar, for meg som medviten kritikar. No, i 1996, hundre år etter at gamlingen i eit siste sprell døydde, er nynorskprosenten i P4 sine nyhendesendingar kommen opp i 40. Noreg toler ikkje meir enn ein nynorskprosent på 25, av dette landsmålet og denne nye norsken som er så mykje større og vidtfemnande og vitugare i sin innebygde kunnskap om kva språk er og kan vera. Nynorsken omsluttar og innlemmar bokmålet, både i sitt prosjekt i moderniteten og i si funksjonalistiske omsorg for kommunikasjonen begge vegar. I dette lyset forstår ein desperasjonen til dømes i dette lesarinnlegget dagsett 27. august, frå Aftenposten 1996: «Det skrikes opp om at nynorskprosenten er langtfra nådd. Når man hører på nyhetssend­inger og hallo-folk, høres det som om det ikke er annet enn nynorsk; dette målføre som er skrapt sammen fra noen bygder på Nordvestlandet og tvunget nedover hodet på resten av nasjonen. Tror NRK at vi ikke skjønner noe?».

Ivar Aasen vil aldri bli min mann. Eg likar måten han skapte seg sjølv på, sjølvproduksjonen som gjekk parallelt med språkproduksjonen og tekstproduksjonen. Det er to menn som interesserer meg spesielt i første halvdel av førre århundre. Det er Hans Nielsen Hauge og det er Ivar Aasen. Hos Wergeland saknar eg Camilla Colletts framandblikk. Welhaven på landsmålet ville falla heilt igjennom. Det er altså desse karane, Hans Nielsen og Iver Iversen, som gjekk landet på kryss og på tvers. Og som skapte malar for ein ny identitet og ein ny dannelse for folk i bygdene, utanom borgarskapet og utanom sentrum. Hans Nielsen satt i fengsel i Rådhusgata og Iver Iversen i Teatergata. Den eine opererte suverent som gründar, som igangsetjar av småindustri, ut frå Ordet med stor O; den andre kom til å operera like suverent, ut frå ordet, med liten o, eller ut frå språket, systemet. Det finst haugiansk­inspirerte ungdomsdikt frå Ivar Aasen si hand, men var det gründaren Hans Nielsen Hauge som hadde sett spor i unge Aasen sitt sunnmørske sinn? Begge valte dialogen, begge revolusjonerte den unge nasjonen innanfrå, i det ytre og i det indre.

Ivar Aasen blir aldri min mann.

Ivar Aasen blir aldri min mann. Han er for damete; eg ser på han med det kritiske blikket ei kvinne sender ei anna kvinne. Han visste å sno seg, han var gjennomført taktisk i alt han skreiv, visste å argumentera pragmatisk, men aldri uredeleg. Eg ser han som i «gåseaugo», med masker, sminka som usjåeleg bondemann, med urbane vanar. Og han er nettverksorientert; får andre til å jobba for seg, smir jernet mens jernet er varmt, redigerer «Dølen» og får konsekvens på Vinje. Eg har respekt for dama Ivar Aasen, som vel arbeid framfor ekteskap og forsørgjer seg sjølv, formålsretta. Det er i dette perspektivet eg forstår at det kunne bli ein så oppheita debatt i vår tid, om hans kjønn. Han kjente sine kumpanar som ei kvinne kjenner menn. Paradigmet Ivar Aasen kan brukast.

Ivar Aasen er ikkje min mann. Eg kan ikkje tilgi Ivar Aasen den måtelege naturlyrikken, dei gamle fjell og gamle grendir og så bortetter, denne historisk så naturlege prøveskrivinga som førte til at nynorsken fekk feil image, dette antikvariske som førte til at ingen bokmålingar og knapt ei handfull nynorskingar og ein engelskmann først 100 år etter hans død såg det modernistiske prosjektet som Ivar Aasen spadde opp og bladde opp.

Ivar Aasen blir aldri min mann. Han er inkjekjønn og fleirspråkleg. Det vil eg æra han for.

Takk for målet. Forbarme deg over alle bygdetullingane som nesten har klart å forkludra det moderne prosjektet ditt. Det nynorske skriftprosjektet er ein spegel som nådelaust avslører, også sine eigne.

Og ha tusinde takk for det kritiske målmedvitet, den indirekte kritikken, som var med og styrte landet utanom EU.

Takk for målet!