Bjarne A. Undheim
WTO og retten til eigen matproduksjon
Noregs bondelags årsmøte
Lillehammer, 21. juni 2006

For eit år sidan avslutta me Norges Bondelag sitt årsmøte med å starta Framtidsmarsjen frå Stjørdal til Genève.

I år startar me årsmøte med å ha hovudfokuset på WTO og "Retten til eigen matproduksjon"

Marsjen var ein dristig øving og tiltak. Men er det nokon organisasjon som kan gjennomføra eit slikt arrangement med tre månaders planlegging så er det Norges Bondelag. Det er kun Norges Bondelag som har evne, styrke og engasjement til å gjennomføra ein slik kraftanstrengelse. Det norske forsvaret kunne kanskje gjort det, men det hadde då vel kosta 1 milliard kroner og to års planlegging.

Me har alle grunn til å vere stolte av å vere leiande tillitsvalde i ein organisasjon som har ei slik evne og dristighet. Eg vil nytta høvet til å takka alle, og det var mange som bidrog på kvar sin måte, til at ei slik massiv WTO-markering vart gjennomførd på ein særdeles vellukka måte.

Oppmerksomheten marsjen fekk, både nasjonalt og internasjonalt, sette landbruket og WTO-forhandlingane på kartet på ein slik måte at det har gitt gjenklang i mange miljø. Eg er ikkje i tvil om at marsjen har sett sine spor i dei pågåande forhandlingane.

Eg vil, ordførar, innleiingsvis gå tilbake for å trekkja nokre historiske linjer og understreka strategiske val me har gjort dei siste tre/fire åra. Det er særleg tre store politiske spørsmål som har prega arbeidet i organisasjonen i denne perioden, EU-saka, WTO-forhandlingane og utforminga av landbrukspolitikken.

Alle hugsar 2003, da Harbinsson la fram eit forslag til løysing på WTO-forhandlingane. Den var av ein slik karakter, og ville hatt ein slik virkning på norsk landbruk, at me fant det nødvendig å markera vår avstand gjennom bålbrenning over heile landet. Dåverande landbruksminister Lars Sponheim, var også med og kasta papiret på bålet på Voss.

2003 var også prega av sterke meiningsmålingar for ja-sida, noko som førde til at dei ivregaste tilhengarane såg for seg at ei ny folkeavstemming var nær føreståande. Ikkje minst var entusiasmen hjå EU-tilhengarane knytta til spørsmålet om utviding av EU. Det var tilsynelatande tunge argument for at også Norge måtte setja i gang ein debatt om EU-medlemskap for fullt. Nei til EU var ikkje dimensjonert for å ta på seg ei sentral rolle i ein eventuell medlemskapsdebatt.

Med dette som bakteppe fatta årsmøtet til Norges Bondelag i 2003 vedtak som innebar at organisasjonen og landbruket ville setja inn dei nødvendige ressursane, for å forhindra at medlemsspørsmålet igjen dukka opp med full tyngde i Norge. Målsettinga var å bidra til å byggja opp igjen Nei til EU gjennom finansiell og organisasjonsmessig støtte. Me måtte setja EU-spørsmålet på topp i organisasjonen sitt arbeidsprogram gjennom ei større kompetanse- og kunnskapsheving. Me skulle bidra til at me ikkje fekk eit vedvarande ja-fleirtal på meiningsmålingane. Eit vedvarande ja-fleirtal var nemleg kriteriet for at både Arbeiderpartiet og Høgre ville reise EU-spørsmålet i full tyngde.

Dei klare prioriteringane og ressursinnsatsen frå Bondelaget si side har vist seg å gje resultat. Meiningsmålingane i EU-spørsmålet har snudd frå klar overvekt av ja-"stemmer", til klar overvekt av nei. Så skal eg ikkje underslå at dette også hadde noko samanheng med avstemmingsresultata om grunnlovsspørsmålet i Nederland og i Frankrike våren 2005. Men eg er heilt overbevist om at dei tiltaka Norges Bondelag sette i gang, hadde ein klar og tydeleg effekt.  Reorganiseringa og oppbygginga av Nei til EU gav ja-sida klar og eintydig beskjed om at EU-motstanden fortsatt var stor i folket, og at nei-sida nok ein gang hadde vist evne til å informera, organisera og mobilisera til innsats. Ein skal hugse at då det blåste som verst i 2002-2003 og fleire organisasjonar måtte tenkja gjennom sine nei-standpunkt på nytt, stod Bondelaget opp og sa klart og tydeleg ifrå. På den andre sida kan ein lura på kvifor ingen ja-organisasjon nå vurderer standpunktet sitt på nytt, når situasjonen er snudd.

Nå ligg EU-saken i ro, men ikkje meir i ro enn at me fortsatt må vedlikehalda beredskapen som er bygd opp, utnytta det reiskapet som Nei til EU nå har blitt, spesielt i forhold til EU-spørsmålet, men også når det gjeld meir generelle handelspolitiske spørsmål og Norge sitt forhold til EØS-avtalen.

Samtidig har det vore nødvendig for Norges Bondelag å ta nye tak i u-landsdebatten i tilknyting til WTO-forhandlingane. Me måtte byggja kunnskap for å bryta ned ei utbredt oppfatning om at norsk landbruk og landbrukspolitikk står i vegen for utviklinga av u-landa.

Gjennom eit grundig og nitidig arbeid under temaet - Retten til eigen matproduksjon - klarte me å få gjennomslag i u-landsmiljøet og i bondeorganisasjonar i mange land. Fleire og fleire kom til erkjennelsen av at det ikkje var noko bondekonflikt mellom eit landbruk i Norge og høvet til å utvikla landbruket i u-landa, spesielt dei minst utvikla landa. Seinare på hausten gjekk Bondelaget til motangrep mot organisasjonar og media som fortsatt presenterte den nyliberale argumentasjonen om at norsk landbruk står i vegen for utviklinga i Sør.

Gjennom rapporten "Bøndene, milliardærane og verdshandelen" sette me igjen debatten på kartet. Det er ikkje grunn til å leggja skjul på at det førte til ei rekkje tøffe møte med media og organisasjonar. Dette var viktige tiltak og bidrog til å redusera gjennomslagskrafta for dei som prøver å bruka u-landsargumentet for å svekkja landbruket og norske styresmakter sine posisjonar i WTO-forhandlingane. Mange av aktørane på den sida av debatten, har heilt andre motiv enn å bidra til ei betre utvikling i u-landa. Men dei fekk føle kva det betyr å leggje seg ut med Norges Bondelag. At Siv Jensen prøvde å spele rolla som ei taktisk talskvinne trur eg dei fleste gjennomskua. 

I oppkjøret mot WTO-forhandlingane i Cancun hausten 2003 vart det klart vist at den norske Regjeringa ikkje følgde opp det arbeidet som tidlegare var prioritert i forhold til samarbeidet innafor G10-gruppa. Delar av det politiske leiarskapet meinte at den rette strategien var å ikkje binda seg til noko gruppering. På den måten kunne ein veksla med å samarbeida med ulike interesser, avhengig av kva spørsmål som var oppe til diskusjon. Det viste seg ganske raskt at Norges Bondelag fekk rett i at dette var ein fullstendig feilslått strategi, og det førde til at Norge var i ferd med å verta sett på gangen i alle sentrale møte i tilknyting til forhandlingane. Bondelaget sin sterke kritikk av Regjeringa sin feilslåtte strategi, gav heldigvis resultat og Norge igjen vart ein del av G10-gruppa.

Gjennom det politiske regimeskiftet me har fått er EU-saka parkert og truleg for heile denne stortingsperioden. I utanriks- og handelspolitikken merkar me ei endring Regjeringa viser ein vesentleg større fasthet m. a. i WTO-forhandlingane, og bidreg aktivt i å styrkja samarbeidet innan G10-gruppa. Så må me forutsjå at dette også er tilfelle nå når WTO-forhandlingane stramar seg til. I forhold til EØS-avtalen er ambisjonane å føra ein meir aktiv politikk, og ikkje utan vidare akseptera kvar ei endring eller direktiv avgjort nærast på førehand.

Når eg bruker nokre minutt på å trekkja desse linjene bakover, er det for å minne kvarandre om at det nyttar. Hardt, grundig, systematisk og strategisk arbeid gir resultat. Me er i ein annan situasjon nå enn det verda såg ut til å verta for 4-5 år sidan. Det er viktig at me minner kvarandre om dette når me synest at utfordringane står i kø, og at arbeidsoppgåvene er meir enn mange nok.

Igjen nærmar me oss eit kritisk punkt i WTO-prosessen. Til tross for at me har hatt fleire samanbrot eller manglande framgang, kjem me for kvar gong nærare endepunktet. WTO-forhandlingane i Geneve i neste veke kan verta avgjerande for Norge, idet norsk landbruk si framtid kan verta avgjort. Så vil nokon seia - WTO nå igjen - ja, eg er einig i det. Men me må trå til nå - det avgjerande slaget kan stå nå i denne omgangen.

I WTO er det ei rekkje grupper av medlemsland som har lagt fram sine posisjonar. Fleirtalet av medlemslanda er nettoimportørar som i G10, G33 og ACP, nokre er store eksportørland som EU, USA og Brasil. Sistnemnte er også saman med dei store u-landa i G20, der fleire  er store eksportørar.

Bønder har gått foran og vist gjennom fellesuttalingar med brei oppslutning i nord og sør, at dette ikkje er ein kamp mellom yrkesbrør, men mellom statar og multinasjonale selskap som ønskjar kontroll over handelen med mat - verdas viktigaste råvarer. Nå må Regjeringa arbeida hardt og ta leiarrollen i G10, verdas største matimportørar, for å styrkja gruppas posisjon og samtidig aktivt søkja samarbeid med andre nettoimportørar i sør. Det må klargjerast at det ikkje kan verta ein avtale utan at G10 sine interesser vert høyrde.

Eg er tilfreds med at utanriksministeren har sagt at det kan vera aktuelt for Norge å setja foten ned dersom eit tolltak vert teke med som ei forutsetning for ein avtale. Men me kan heller ikkje akseptere tollkutt som vil rasera norsk landbruk.

Eit forhandlingsresultat skal skapa eit rettferdige handelssystem og resultata skal vere balansert mellom medlemslanda. Dei vurderingane og det opplegget forhandlingsleiar på landbruk, Crawford Falconer (NZ) presenterer, der eit fåtal av eksportørlanda sine interesser vert presentert som ei sannsynleg forhandlingsløysing - G20-forslaget - kan overhode ikkje aksepterast. Dei som skal gi etter, vert stadig forsøkt pressa meir, mens dei som tener på dette ikkje set begrensingar på  krava sine.

· Falconers vurderingar  inneber at tollsatsar på norske jordbruksvarer skal reduserast med minst 75%. Eit svært avgrensa tal varer, kanskje under 50, skal kunna definerast som sensitive produkt. Årsmøtet i Norges Bondelag kan absolutt ikkje akseptera ei forhandlingsløysning som ligg i nærleiken av Falconer sine vurderingar. Ei slik løysing vil:

· innebære at vi i framtida ikke vil kunne ha et levedyktig landbruk over hele landet

· føre til at landskap vil gro igjen, bygder vil fraflyttes og arbeidsplasser og verdiskaping i primærnæring og industri går tapt

· bare ivareta interessene til et fåtal store eksportland og multinasjonale selskap som ønskjar kontroll over handelen med mat - verdens viktigaste råvarer

· være øydeleggande for bønder i nettoimporterende land både i sør og nord.

Me krev at regjeringa, saman med dei andre landa i G10- gruppa og u-land i G33 og ACP, nå sett alle krefter inn på å få ein avtale som er balansert og som ivaretek interessene til nettoimporterande land. Det må koma klart fram at det ikkje vert ein ny WTO-avtale utan at G10 sine interesser vert høyrde.

Regjeringa må stå fast på G10 sine forslag. Norges Bondelag må setje klare krav til Regjeringa. Me må krevja frå Regjeringa at ho:

· Ha basis i G-10s forslag til kutt i tollsatsene

· Ikke inneholde tolltak

· Ikke ha urimelige høye kutt i tollsatser i øverste bånd

· Ha et tilstrekkelig antall sensitive produkter

· Være fleksibel med hensyn til tollreduksjon og tollkvoter ved behandlingen av de sensitive produktene

Det er ikkje til å underslå, at dei posisjonane Norge har stilt seg bak gjennom G10-gruppa, er og av ein slik art at dei kan føra til store problem for norsk landbruk. Inntektsreduksjoner av reduserte marknadsinntekter som følgje av ein ny WTO-avtale, må kompenseras både for primærjordbruket og industrien, Med bakgrunn i Soria- Moria erklæringa forutsett eg at også Regjeringa legg dette til grunn. Samtidig må virkemidla kunne utformast slik at det ligg nødvendige stimulans og utfordring for den enkelte bonden til å driva ein lønnsam produksjon, bygd på fagleg dyktigheit og kvalitet.

Me går nokre avgjerande dagar i møte, mykje står på spel. Eg er i alle fall innstilt på at me frå Norges Bondelag si side skal gjera det som står i vår makt for å sikra ein WTO-avtale som er til å leva med. Me må nok ein gong, ordførar, setja heile organisasjonen i høgaste beredskap og gjennomføra nødvendige tiltak for å understreka alvoret i situasjonen. Og så forventar eg at denne Regjeringa sitt ambisjonsnivå ikkje ligg langt frå Bondelaget sitt mål.

Årsmøtet i 2005 vedtok eit 10-punktskrav til politikarane. Det var eit viktig vedtak som la grunnlag for Bondelaget sitt arbeid fram mot stortingsvalet og regjeringsdanninga. Me utfordra alle dei politiske partia under valkampen, og følgde det opp gjennom innspel til regjeringsforhandlingane på Soria Moria. Det er godt å konstatera at det var muleg å kjenna igjen ei rekkje formuleringar i Soria Moria-erklæringa. Men for å leggja endå større press på Regjeringa, følgde me det opp gjennom uttale frå leiarmøtet i Norges Bondelag i november 2005. Der påpeikte me dei politiske utfordringane Regjeringa med grunnlag i regjeringserklæringa, må prioritera og vektleggja framover.

Det er klart at samansetninga me fikk på Stortinget etter valet med påfølgjande regjeringserklæring, byggjer på mange av dei same verdiane og kjernespørsmåla i politikken som dei Norges Bondelag har. Regjeringserklæringa gir klart uttrykk for at regjeringa ynskjer ei kursendring i forhold til fordelingspolitikken og dei liberalistiske linjene som lenge har vorte lagt til grunn for norsk politikk. Dette skal me sjølvsagt utnytta og sørgja for å minna Regjeringa om, slik at erklæringa vert omsett til politiske realitetar. Dette vart og lagt til grunn i Bondelaget sitt krav under jordbruksforhandlingane i vår.

Jordbruksforhandlingane i år vart spesielt viktige. Me skulle forhandla med ei ny Regjering. Det skulle synleggjerast i praksis kva regjeringserklæringa innebar, og at desse forhandlingane måtte representera eit første skritt i ei ny retning. Eg vil konkludera med at den framforhandla avtalen representerer ein ny kurs. Tidlegare politiske målsettingar om ei todeling av landbruket med nisje- eller volumproduksjon, er forlatt. I staden vert mangfaldet vektlagt samt styrking av familiejordbruket. Så vil eg raskt leggja til, sjølvsagt hadde Regjeringa skapt forventningar i forkant, forventningar me følgde opp i vårt krav. Slik sett hadde eg nok håpa å koma enda eit skritt lenger i årets avtale.

Når det er sagt vil eg understreka at eg vurderer denne avtalen som eit første skritt i rett retning, og at både inntektsramma og profilen vert følgd opp og forsterka framover i denne stortingsperioden. Så er eg klar over at Regjeringa har eit høgt ambisjonsnivå på ei rekkje politiske område. Det er derfor heilt avgjerande at Regjeringa leverer ein politikk som er i samsvar med ambisjonane, om den skal sikra seg fornya tillit i 2009.

Nå har næringskomiteen avgitt si innstilling om jordbruksoppgjeret, og stortinget har sluttbehandla avtalen. Eg konstaterer med tilfredshet fleirtalet sine merknadar - frå Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet -  der det heiter:

 "Under Stortingets åpne høring viste Norges Bondelag til at årets jordbruksoppgjør har vært en viktig snuoperasjon for å bedre rammevilkåra for næringen. Dette flertallet har merket seg dette.

Dette flertallet imøteser det videre arbeidet med tiltak for å nå målene i regjeringserklæringen.

Dette flertallet vil peke på at årets oppgjør er starten på en kursendring i landbrukspolitikken. Årets oppgjør må sees i sammenheng med behandlingen av og innretningen på kommende års jordbruksoppgjør.

Dette flertallet vil i denne anledning vise til at det i Soria Moria-plattformen heter at:

 "Regjeringen vil sikre utøvere i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper". Videre heter det at "regjeringen vil sikre et landbruk med en variert bruksstruktur over hele landet", og at "strukturprofilen må styrkes".

 Det er ikkje ofte fleirtalet på stortinget så presist legg Norges Bondelag sine formuleringar til grunn. Dette er formuleringar som vil verta føld opp i forhandlingane neste år og.

At Høgre lenge har vore i mot jordbruksavtalesystemet er ikkje noko nytt. Men å stemma i mot avtalen på prinsipielt grunnlag, er oppsiktsvekkjande. Eg tek det som eit klart uttrykk for at Høgre nå nærmar seg Fremskrittspartiet i landbrukspolitikken. Dette er eit signal som fleire enn eg bør merka seg.

Det er difor viktig at Kristelig Folkeparti og regjeringspartia saman understrekar verdien av eit nært samarbeid mellom styresmaktene og næringa for å nå måla i landbrukspolitikken. Eg er difor tilfreds med at dei same partia slår fast at forhandlingssystemet skal førast vidare.

Me kravde endringar i strukturpolitikken for å motvirka effekten av dei tiltaka førre Regjering gjennomførde. Dette er følgd opp i Soria Moria-erklæringa og gjennom jordbruksforhandlingane. Som dokumentasjon for ein slik påstand, vil eg bare visa til at  dei frie budsjettmidlane vart fordelte i den nedre og midtre delen av produksjonsskalaen. I tillegg vart det innført ei ny arealgrense i kornproduksjonen, samtidig som det vart sett tak på investeringsstøtta pr bruk. Kombinert med effekten av utvidinga av skattefrådraget, gir dette ein god fordelingsprofil. Det er nødvendig å fortsetja ei slik dreiing av strukturprofilen dersom me skal sikra eit variert landbruk med vekslande bruksstruktur over heile landet.

Det er viktig å ha dei langsiktige perspektiva og utviklingslinjene klart i sikte når ein vil dreia utviklinga i ei ønska retning, og at resultata kjem over tid. Dette inneber ikkje at ein legg lokk over eller prøver å stoppa den teknologiske utviklinga, eller den enkelte produsenten sitt høve til å ekspandera. Me må som medlems- og forhandlingsorganisasjon sørgja for å leggja til rette for at rammevilkåra i jordbruket gir høve til utvikling, både på store og små bruk. Difor representerer ein slik politikk ingen konflikt verken mellom bruksstrukturen, regionar eller produksjonar. Ein slik fordelings- og strukturpolitikk har det vore brei semje om i Bondelaget.

Eg skal ikkje gå i detaljar om avtalen. Den er vel kjent, men eg har likevel lyst til å kommentera noko nærare spørsmål knytta til mjølkeproduksjonen, kvote og avgrensinga i talet på deltakarar i samdrifter.Det er viktig å ha klart for seg dei landbrukspolitiske samanhengane som må leggjast til grunn, dersom me ynskjer å ha eit politisk landbruk

Det vil etter mitt syn vera ei uheldig utvikling, dersom ein innan mjølkeproduksjonen nærast skal få ei todeling der den eine retninga går mot etablering av store samdrifter, i ein viss grad basert på meir eller mindre fiktivt og nærast leige av kvote, mens det er små mulegheiter for utvikling av Dette vil  forsterka strukturendringa og strukturrasjonaliseringa i mjølkeproduksjonen.

Mjølkeproduksjonen representerer halvparten av verdiskapinga og sysselsettinga i jordbruket, og er avgjerande for busettinga og utviklinga i mange bygder. Ei forsert strukturutvikling vil fort innebera ei større avskalling av talet på mjølkeprodusentar, og dermed ei svekking av landbruket si betydning som matprodusent, kulturlandskapspleiar og sysselsettingsfaktor. Ikkje minst slike faktorar vert tillagt avgjerande politisk vekt når landbruket som næring vert drøfta og dei nødvendige økonomiske tiltaka vert prioriterte. Mjølkeproduksjon er i dag fordelt på om lag 17.000 produsentar med ein gjennomsnittskvote på ca 100.000 liter. Som eit tankeeksperiment vil ei dobling av gjennomsnittskvoten føra til ei halvering av talet på mjølkeprodusentar. Eg vil ikkje underslå at det ligg utfordringar her knytta til politisk forankring og opinionsmessig forståing for den næringa me representerer.

 Under førebuinga til jordbruksforhandlingane vedtok representantskapet til Bondelaget at Norges Bondelag kunne akseptera at avgrensinga i talet på deltakarar i samdrifter vart fjerna under forutsetning av at kvotetaket vart senka. Dette var ein posisjon som vart vidareført i opplegget vårt til forhandlingane. Me lukkast ikkje med å få gjennomslag hos staten for ei slik endring, noko som innebar at både kvoteavgrensinga og avgrensinga i talet på deltakarar pr samdrift vart som tidlegare. Men me fekk gjennomslag for å setja dei økonomiske virkemidla og investeringsvirkemidla inn mot enkeltforetak. Det var eit viktige grep.

Eg er difor glad for at me gjennom årets forhandlingar har lagt grunnlag for ei sterkare nasjonal styring i bruken av investeringsvirkemidla, og at me har innført eit tak på 600.000 kr pr bruk i maksimal investeringsstøtte.

Jordbruksforhandlingane er aldri lette, det skal dei heller ikkje vera og det var dei heller ikkje i år. Eg har ikkje tenkt å kommentera sjølve prosessen rundt forhandlingane noko særleg, men eg er glad for at me kom fram til ei forhandlingsløysning. Regjeringa hadde sjølv skapt store forventningar og sjølvsagt følgde me opp. Derfor må eg medgi at me vart svært skuffa då tilbudet kom. For oss var det avgjerande å gå inn i forhandlingane for å oppnå langt betre resultat ang. inntekt, struktur, velferd og tilgang på investeringsmidlar.

Så er det alltid slik at i avslutninga av forhandlingane kjem ein i vanskelege avvegingar - skal ein velja den eine eller andre utgangen. Årets forhandlingar var i så måte ikkje noko unntak. Forhandlingsutvalet fant det rett å inngå avtale med ei ramme på 850 millionar og med ein økonomisk forhandlingsvinst på 270 millionar kroner. Det er ikkje til å underslå at den politiske situasjonen la eit stort ansvar på partane for å finne fram til ei løysing.

Så konstaterer eg at Norsk Bonde- og Småbrukarlag, på same måte som i 1997 og i 2002, valde å bryta forhandlingane etter at dei nærast føregjekk på overtid. Det er sjølvsagt Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt frie og sjølvstendige val. Eg reknar med at fleire enn eg merkar seg at Norsk Bonde- og Småbrukarlag nok ein gong vel ein strategi som går ut på å sitja ved forhandlingsbordet så lenge som muleg, og så forlate arenaen så seint dei kan. Hadde Norges Bondelag gjort det same ville staten sitt tilbud vorte resultatet. Kva andre konsekvensar eit brot ville fått, skal eg ikkje spekulera i. Det er imidlertid lett å spela frihest når andre tek ansvar.

Landbruket er kjenneteikna som ei langsiktig næring der investeringar vert gjennomførde for lang tid framover. Difor er også investeringsvirkemidla og innretninga på disse eit sentralt element for strukturutviklinga innan næringa. Bruk av investeringsvirkemidla eller investeringsstøtta skal byggja på hovudfilosofi om at ein reduserer forskjellen i inntekta mellom dei etablerte og dei som er i etableringsfasen. Samtidig må ein sikra at investeringsvirkemidla og dei løpande økonomiske virkemidla verkar i same retning.

I den landbrukspolitiske diskusjonen og utforminga av landbrukspolitikken, må me leggja til grunn kva slags landbruk me ynskjer å ha i Norge om 15 - 20 år. Dette inneber at kortsiktige vurderingar som grunnlag for avgjerda ein tek, ikkje alltid er dei rette. Eg registrerer diskusjonenog ønsket om utvikling på det enkelte bruket. Det har eg forståing for. Det skal vere ein kontinuerlig debatt, men då innafor den klare ramma me har for produksjonsvolumet i Noreg, at landbruket i Noreg må vera ei politisk næringog at me skal ha eit mangfald innan landbruket spreitt over hele landet.

Då må det verta slik at ein gjennom politikken også legg ein del rammer, begrensningar og føringar gjennom virkemiddelbruken. Det må nødvendigvis få virkning for enkeltbruka. Men det hindrar ikkje at me har og skal ha høve til ei utvikling av det enkelte bruket innanfor denne ramma som er ein del av ein omforent politikk. Dette handlar både om store og små bruk, og om den geografiske fordelinga av produksjonen. Det har vore stor semje om dette i Norges Bondelag, ei semje som ikkje minst er mykje av årsaka til at me har det landbruket me har i Norge i dag.

Eg er sikker på at det vil vera brei semje om ei slik utvikling også framover, og at denne grunnhaldninga til politikken vil vera motoren og drivkrafta i Norges Bondelag si påvirkning av landbrukspolitikken også framover. Me har i alle fall eit godt grunnlag både gjennom Stortingsmelding nr 19 og regjeringserklæringa som sitjande Regjering styrer etter. Difor vert det opp til oss å utnytta og vidareutvikla desse politiske dokumenta, for å sikre eit landbruk i framtida i samsvar med Norges Bondelag sine eigne mål.

I gjennomføringa av landbrukspolitikken står samvirkeorganisasjonane sentralt. Arbeidsdelinga mellom faglaga som forhandlingspart og samvirke som ein forlengjande arm av avtalesystemet, er tydeleg og presist avklart. Men eg registrerer at sterke krefter ønskjer å svekkja landbruket si rolle og betydning i samfunnet, ved å svekkja samvirkeorganisasjonane sitt grunnlag for å utøva sin funksjon. Dette er både politiske aktørar og aktørar innan landbruket. Me har eit felles ansvar for å hindra at desse kreftene får gjennomslag for strategien sin.

Det er bekymringsfullt når enkelte aktørar bevisst svekkjer Gilde Norsk Kjøtt si konkurransekraft i primærleddet. Spesielt på gris ved å etterspørja og premiera store kostnadslette og marknadsnære produsentar gjennom bl.a. høge slaktevekter. Dette er alvorleg, spesielt for situasjon i svinehaldet der me slit med stor overproduksjon og høge kostnadar for produsentane. Heldigvis har me fått på plass meir konkurransenøytrale virkemiddel gjennom reduserte slaktevekter.

Eg vil så sterkt eg kan rå til at alle svineprodusentar og andre aktørar, nå må innsjå alvoret ang. marknadssituasjonen me er oppe i, og lojalt følgja opp dei tiltaka som vert iverksette. La ikkje dette verta ein kamp - alle mot alle  - og bare taparar. Eg ber om at kvar enkelt uansett produksjon tenkjer gjennom konsekvensane av ein situasjon som svekkjer marknadsregulator si evne og kraft til å utøve funksjonane knytta til gjennomføringa av jordbruksavtalen. Både på kort og lang sikt er eg overbevist om at det bare er våre eigne samvirkebedrifter som tek vare på den enkelte bonden best, enten ho eller han er liten eller stor, driv bruket sitt i sør eller langt mot nord.

Norsk landbruk er kjent som ei næring med høg produktivitetsvekst og stor omstillingsevne. Dette har prega næringa gjennom generasjonar og vil også gjera seg gjeldande framover. Det inneber at skal me lukkast i å ta vare på eit mangfald av bruk fordelt over heile landet, må me sikra enkeltbonden rom og evne til å utnytta heile ressursgrunnlaget for å auka verdiskapinga og inntekta frå bruket.

Skal me lukkast i dette, er det sjølvsagt avhengig av oss sjølv, men det er og avhengig av at dei ytre rammevilkåra vert lagt til rette. Det gjeld enten me snakkar om utmarksbasert næringsaktivitet, jakt og fiske, energiproduksjon, reiseliv eller grøn omsorg. Regjeringa har som mål at ho skal føre ein aktiv næringspolitikk. I det må det liggja at ein ønskjer å bidra gjennom politisk styring, rammevilkåra og dei økonomiske virkemidla. Dette er avgjerande for å betra næringsutviklinga og verdiskapinga generelt, men spesielt for landbruket. Ein aktiv næringspolitikk krev også ein handelspolitikk og ein internasjonal politikk som sikrar oss råderetten over ressursane både nasjonalt og lokalt.

Nå har Regjeringa sete i bare 8 månadar. Men skal dei koma i nærleiken av å nå ambisjonane sine i regjeringserklæringa, må dei levera heilt andre resultat enn det me har sett til nå. Eg kan heller ikkje sjå at å bytte ut Gabrielsen si tomme verktøykasse med eit smykkeskrin, representerer noko løft. Det må langt meir til.

I Norges Bondelag har me lenge arbeidd aktivt for å bidra til å auka næringsutvikling med basis i garden sine ressursar. Eg konstaterer med tilfredshet at det skjer mykje, og eg registrerer at satsinga gir større økonomisk inntening, noko som ikkje minst og er målet. Eg er heilt sikker på at denne satsinga må me føra vidare.

Som ein tilleggseffekt merkar me også at Bondelaget som organisasjon vert oppfatta som ein sentral og aktiv aktør i andre og til dels nye miljø. Dette gjeld både sentralt, regionalt og lokalt. Ei slik utvikling gir oss ei breiare kontaktflate som igjen gir større forståelse for landbruket si betydning.

Dersom eg skulle trekkja fram tre område som peikar seg spesielt ut som satsingsområde, vil det være reiseliv, grøn energiproduksjon og grøn omsorg. Innan alle desse områda bør det liggja høve for større inntening og verdiskaping hos mange.

Regjeringa satsar tungt innanfor reiseliv under merkevarestrategien; - friskhet og sterke opplevelser i ren og vakker natur. Så kan ein stilla spørsmålet: Kva rolle kan landbruket spela i den norske opplevelsesøkonomien? For det første er reiseliv ei sterkt veksande næring i verdensmålestokk der trendane viser klart større etterspørsel etter kulturbaserte aktivitetarog opplevingar. Som bønder og grunneigarar sit me nettopp på mykje av dei ressursane som skal til for å møta slike utviklingstrendar. Skal Norge som nasjon lukkast i satsinga og me som bønder bidra og utnytta muligheitene som ligg her, må me dyrka fram det særeigne som er spesifikt, stadbunde og som har identitet og nærhet til det lokale.

For å bidra aktivt i utforminga av politikken Regjeringa nå har sett i gang, vil me delta i næringsministeren sitt kontaktutval for reiseliv. Samtidig har me inngått eit samarbeid med NHO Reiseliv. Det er eit samarbeid eg forventar store resultat av, der med i fellesskap skal skapa ein vinn-vinn effekt for landbruket og reiselivet gjennom gode opplevelsesprodukt, større marknad og betre lokal forteneste.

Reiselivet er viktig for landbruket og landbruket er viktig for reiselivet. Me får Norge til å gro og me sørgjer for at landet er vakkert. Me produserer råvarene og mange ulike matopplevelsar. Dette er produkt reiselivet er heilt avhengig av for å gjera Norge til eit attraktivt reisemål, både for nordmenn og utlendingar. Me må sørgja for at dei produkta me leverer gir grunnlag for meirverdi og større avkastning både for reiselivet og for landbruket.

Gir styresmaktene oss dei nødvendige rammevilkåra skal me bidra til at Regjeringa si satsing her vert vellukka.

Bioenergi er eit viktig satsingsområde med stort potensiale for sysselsetting og verdiskaping i landbruket. Gjennom større satsing på bioenergi kan landbruket bidra til å nå mange mål innan miljø-, landbruks-, distrikts- og energipolitikken. Å utvikla virke til bioenergi til eit lønnsamt sortiment for landbruket, vil bidra til auka verdiskapinga og lønnsomheten innafor bioenergikjeden frå skog til ferdig varme.

"Inn på Tunet" gjer også auka mulegheiter. Saman med myndigheitene  skal me utvekle kvalitetssystemer og auka kompetansen som grunnlag for auka verdiskaping.

Aktiv næringsutvikling og verdiskaping i alle delar av landet krev at me har høve til aktiv forvaltning av våre ressursar. Dette gjeld også rovviltspørsmålet.

Det skal fortsatt vere muleg med levedyktig næringsverksemd i landbruket, også områder med rovvilt. Stortinget har slått fast at me skal ha både rovdyr og ei levedyktig næring basert på utnytting av beiteressursane i norsk natur, og at ein skal ta i vare kulturlandskapet.

Stortinget har vedteke at forvaltninga av dei store rovdyra skal leggjast til regionale rovdyrnemnder. Norges Bondelag forventar at nemndene i praksis følgjer opp denne todelte målsetninga om at det både skal være rovdyr og ein levedyktig næring i norsk natur. Me forventar også at nemndene ser på næringsorganisasjonane, som ein ressurs i arbeidet med å finna konfliktforebyggjande løysningar.

Rovviltforvaltninga skal vera effektiv. Særleg gjeld dette uttak av skadedyr. Dette er slått fast både av stortinget og Regjeringa. Me forlangar at det vert følgd opp av forvaltninga.

Mattilsynet har nyleg utarbeid ein veileder som kan brukast til å påleggja husdyrholdarar i rovdyrutsatte områder pålegg som døgnkontinuerleg tilsyn, inngjerding eller forbud mot å sleppa dyr på beite.  Norges Bondelag er einig i at dyrevelferd er eit prioritert område. Men dersom dei tiltaka Mattilsynet nå varslar er nødvendige ut frå dyrevelferdsmessige omsyn, inneber det at dagens rovdyrbestand ikkje er foreneleg med Stortinget si todelte målsetjing. Norges Bondelag krev i så fall at myndigheta raskt sett inn tiltak som bringer bestanden ned på eit nivå som er forenleg med å ha beitedyr i utmark.

Begrepet trygg mat har aktualisert seg i løpet av våren. E.coli smitte av ein sjeldan karakter dukka opp og førte til alvorleg sjukdom hjå personar og i eit tilfelle beklageleg vis til tap av liv. I slike situasjonar vert alle ledd i matvarekjeden sett på med kritiske augo. Frå bondens ståstad var mediefokuset på skitne dyr, dyrevernsaker og kasserte dyr på slakteriet eit resultat av situasjonen.

Kva var det som skjedde i denne saka? Det er ikkje muleg for bonden og sjå teikn på sauen eller lamma før slakting at dyret har nokon form for sjukdom. Skal ein kunne fange opp slike tilfelle i framtida, er det ein plass å stoppa dette det er på slakteriet. Me må ta høgde for at det i framtida kan dukka opp like og liknande tilfelle som må stoppast. Me må minimalisera sjansane for at mat med smitte når ut til forbrukarane. Nå skal ein evaluera E.coli saka som har sett både Folkehelseinstituttet og Mattilsynet på den hardaste prøven noko gong når det gjeld handtering av saker. Eg forventar at evalueringsrapporten avdekkar kva som svikta, og at nødvendig tiltak vert sett inn i alle ledd i matvarekjeden.

Me må ikkje bare ha trygghet og helse for  våre dyr,  me må også passa på vår eiga helse. Statistikken viser at her har me store utfordringar for næringa. Utfordringar me igjen må setja høgare på dagsorden.

Ulukkessituasjonen i landbruket er framdeles uhaldbar. Det betyr at me må ta i bruk meir konkrete virkemiddel dersom garden som bustad og arbeidsplass skal verta trygg og attraktiv. 

Norges Bondelag er både ein interesse-, forhandlings- og kamporganisasjon. Me skal kjempe for ei samfunnsutvikling som sikrar nasjonal og lokal råderett over ressursane, eit mangfaldig næringsliv, som gir grunnlag for levedyktige lokalsamfunn. Det må førast ein politikk i Noreg som er tilpassa Norge. Ein aktiv næringspolitikk med eit variert næringsliv, bygd på våre naturgitte føresetnader, treng eit sett av politiske og økonomiske virkemeddel.

For fyrste gong på lang tid har me ei fleirtalsregjering i Norge. Ei fleirtalsregjerings samansett av tre partiar som deler mykje av våre grunnverdier. Eit slikt politisk grunnlag skaper sjølvsagt forventningar. Forventningar me må gjere vårt til vert til realitetar.

Det politiske grunnlaget for landbrukspolitikken er betre enn på lengje og med høge ambisjonar for utviklingaav landbruket.

Så vert det viktig, at me frå vår side, vert ein aktiv pådrivar og medspelar i å nå Regjeringa sine mål i Soria Morianerklæringa.

Jordbruksforhandlingane i år var første skritt, neste år må verta det neste.

Som eg var inne på innleiingsvis kan me dokumentera betydelege resultat i vanskelege og store spørsmål for næringa og landet. Står me fortsatt saman og møter utfordringane med felles kraft og innsats frå næring, er eg sikker på at me også skal løyse dei utfordringane som nå  ligg føre oss, både nasjonalt og internasjonalt.

Eg ser fram til ein god debatt og eit framtidsretta årsmøte.