Erling Folkvord
Det er slutt på den tida da vi berre tier og tåler
Birkelunden, Oslo, 1. mai 2005

Til lykke med dagen, godtfolk.

I år blir mai ein meire dramatisk månad enn vi er vant med.

Det er det same folkefiendtlege spøkelset som går igjen i heile Europa og elles der det finst offentlege velferdsordningar av eit visst omfang. Det er berre maktas språkbruk som varierer litt frå land til land. Berlusconi i Italia snakkar annsleis enn den sosialdemokratiske regjeringssjefen i Tyskland, men dei fører begge ein beinhard kamp mot arbeidarklassen og mot fagrørsla: Dei kuttar offentlege budsjett og tar vekk sosiale og faglege rettigheter. Den italienske fagrørsla mobiliserer mot Berlusconi mens tyske fagforeningskameratar må føre forsvarskamp mot den sosialdemokratiske kanslaren som har Dei Grønne som støtteparti.

Her heime har Bondevik, Kjell Inge Røkke, Stein Erik Hagen, Erna Solberg og dei andre som styrer Norge, tatt mål av seg til å gjere store forandringar i løpet av våren. Dei satsar på at vi som blir styrt og hersa med, skal fortsetje å vere lydige, lågmælte og tålmodige.

Vi bør vise dei at det er slutt på den tida da vi berre tier og tåler. Anten det er urett som rammar oss sjølve. Eller det er urett som rammar andre.

***

I dei siste seks åra har Norge vori ein krigførande stat som sender ut sin eigen ungdom for å drepe og dø i krig for å etablere ein amerikansk verdsorden. I Jugoslavia, i Irak og i Afghanistan. Det er eitt år sia den første norske offiseren mista livet i denne urettferdige erobringskrigen. Vi bør ikkje gløyme at det var eit einstemmig Storting som sende han til Afghanistan.

Vi må slutte å finne oss i at Norge fører angrepskrig. Vi må vise folka i Afghanistan, i Irak og resten av Midtausten at det finst eit anna Norge, eit Norge som ønskjer at USA og USA sine norske allierte skal tape. Eit Norge som ønskjer at dei som slåst for frigjering, skal lykkast.

***

Norge er den rikaste staten i Europa. Likevel bestemmer Stortinget at kommunane ikkje skal få nok pengar til å drive anstendig eldreomsorg og ein god skole. Det breie fleirtalet i Oslo bystyre bukkar og skrapar for Erna Solberg og lesser alle byrdene over på folk flest i Oslo.

Dette må vi slutte å finne oss i. Ein bydelsdirektør som legg fram forslag om å avvikle eldresenteret, berre fordi bystyret oppfører seg feigt og underdanig overfor storting og regjering, bør ikkje få ha ein einaste fredeleg og roleg dag. Det fleirtalet i bydelsutvalet som vedtar nye overgrep mot befolkningen, bør ikkje få vere i fred.

Vi har ikkje har råd til å miste ein einaste skole eller fritidsklubb, ikkje ei einaste avdeling verken i sjukeheim eller barnehage. Dei som treng heimehjelp og heimesjukepleie, skal ha fleire timar hjelp i veka, ikkje endå færre.

Ettersom dei fleste svikter både i bystyre og bydelsutval, så er det folket på grasrota som må ta ansvar:

Fagforeningane, pårørandegrupper, idrettslag og velforeningar må ruste seg til vedvarande forsvarskamp og finne nye måtar å gjere motstanden så synleg at det blir plagsamt for makta.

Den tyske journalisten Günther Walraff sa for 25 år sia at "Forbrytelsen har navn og adresse". Dei budsjettkutta som blir vedtatt i bydelane denne våren er også forbrytelsar. Vi må finne motstandsformer som viser at også desse forbrytelsane har namn og adresse. Slik at både overgrepa og overgriparane blir synlege: Byrådsleiar Erling Lae (H), byråd Margaret Eckbo (Frp) osv.

***

Regjeringa vil øydeleggje arbeidsmiljølova. Bondevik foreslår så store lovendringar at dei bedriftene som utnyttar mulighetene fullt ut, kan innføre 13 timars dag og 78 timars arbeidsveke. Viss dette blir ny lov, vil undergravinga av normalarbeidsdagen starte i småbedrifter og i lurvete firma som har spesialisert seg på sosial dumping. Men etterkvart som den slags spreier seg, blir det eit press for å forlenge arbeidsdagen og senke lønna for alle, også i dei bedriftene som i dag har ordna forhold og gode tariffavtaler.

***

Denne våren har den nyliberale makteliten i Storting og regjering stilt seg eit endå meire ambisøst mål. Dei har avtalt at bærebjelken i folketrygda skal knekkast torsdag 26. mai.

Fram til februar var alle partia på Stortinget einige om opplegget. Da sørga heldigvis landsstyret i SV for at partileiingas JA til trygdekutt vart snudd til eit NEI TIL TRYGDEKUTT NÅ.

Dette handlar ikkje om at dei neste generasjonane skal bruke mindre pengar på pensjon enn vi gjer i dagens Norge. Det er ikkje det Bondevik og Stoltenberg og dei andre bekymrar seg om. Dei veit jo så inderleg godt at vi kan beholde dagens folketrygd om den samla skatten berre auker med 1 promille, ein tiandedels prosent i året.

Sjølve sakas kjerne er noko heilt anna: Folketrygda står i vegen for dei store forsikringsselskapa. Så lenge vi kvart einaste år finansierer trygdeutbetalingane over skatteseddelen, så får ikkje forsikringsselskapa sjanse til å ekspandere inn i den svært store trygdesektoren. Storebrand, Vital og Gjensidige vil ha tak i dei pengane som framtidige generasjonar ellers ville betale i skatt. - Ingen av gjerningsmennene vil innrømme at det er slik. Stoltenberg og Bondevik snakkar jo som om dei vil folkets beste. Men sjølve kjerna i den pensjonsreformen dei vil ha opp i Stortinget 26. mai, det er at på sikt skal skatt erstattast av forsikring.

Folket må gi makteliten svar på tiltale. Og Landskonferansen av lokale LO-avdelingar som var samla for to veker sia, ga eit svar som er høveleg. Utsendingar frå 28 LO-avdelingar oppfordrar til generalstreik 24. mai, til forsvar for folketrygda og arbeidsmiljølova.

Den oppfordringa gjeld heile befolkninga. Tirsdag 24. mai må vi sørge for at Oslo står stille. Da skal Bondevik og resten av gjengen bli omringa av folk som ikkje godtar eit trygdekupp i Stortinget rett før valet.

I suveren forakt for den samstemmige motstanden på grunnplanet har toppane i LO stilt seg opp ved sia av Bondevik og Stoltenberg i angrepet på folketrygda. LO seier dei vil kaste regjeringa. Det er jo utmerka. Men da er det jo fullstendig ulogisk at dei rett før valet vil lage kompromiss med den regjeringa som dei vil kaste.

For å seie det enkelt: I pensjonssaka er ikkje Gerd Liv Valla truverdig. Ho snakkar med to tunger.

For nokre dagar sia la LO-toppen fram sitt forslag til trygdekompromiss med Bondevik, som viser at LO-leiaren i denne saka ikkje berre har bryti med grunnplaner. Ho har tatt farvel med fornuften og. Gerd Liv Valla kallar opplegget sitt for Folkepensjon. LO-kompromisset går ut på at dei årlege trygdeutbetalingane i 2050 skal reduserast med 18 prosent samanlikna med kva det vil koste å fortsetje med dagens folketrygd. Bondevik vil som kjent redusere med 20 prosent, så det er jo ein bitteliten skilnad som det går an å kompromisse rundt. Kanskje vi kan gjette at LO-sjefen etter harde forhandlingar kan godta 18,5 eller 19 prosents trygdekutt?

Men samtidig som dei tilbyr eit slikt kompromiss til Bondevik, hevdar Gerd Liv Valla i fullt alvor at: "Den nye Folkepensjonen vil gi bedre pensjon for alle inntektsnivåer enn (hva) dagens folketrygd." (Sitat frå LO si heimeside.) Eg gjentar: Gerd Liv Valla, LO-leiar og nyvald sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, hevdar at ho har funni ut korleis absolutt alle kan få høgare pensjon enn dagens folketrygd, samtidig som dei samla utgiftene blir redusert med 18 prosent.

Eg spør: Skal vi gråte eller le? Eller skal vi spleise på ei kuleramme til LO-sekretariatet?

For 80 år sia skreiv ein av Oslos største diktarar, Rudolf Nilsen, eit nid-dikt om pampane på toppen i LO:

I sekretariatet 
de ligger ansvarsflate 
og undgår bryderi 
for landets industri. 
Slik kryper de på maven frem 
og fører kamp med fynd og klem 
i sekretariatet.

Eg foreslår at vi fram til generalstreiken 26. mai utlyser ein liten diktkonkurranse. Kven er det som kan lage eit par nye vers som på høveleg vis karakteriserer talkunstnarane i LO-toppen som i dag ligg ansvarsflate for Storebrand, Vital og Gjensidige, i strevet for å splitte den nesten samstemmige motstanden mot trygdekutt som preger fagforeningane i LO.

Klassekampen påviste i går at ein som tener 240.000 i året vil få sju prosent mindre i pensjon viss LOs "folkepensjon" blir vedtatt, samanlikna med det som dagens folketrygd gir. Vi kan samanlikne det med eit lønsoppgjer der LO-toppen sitt krav til NHO er 7 prosent lønsnedslag for dei som tener 240.000 kroner og så gradvis høgare lønsnedslag for dei som tener meire. Ein diktkonkurranse kan vise om det finst ord for å karakterisere den slags?

***

Norge er det einaste landet ved sia av Iran som er styrt av ein prest. Mens norske storkonsern no er på veg inn i Iran, er fengsla hos det iranske presteregimet fylt av fagforeningsaktivistar og andre frihetskjemparar. Komala, KDP-I og andre organisasjonar ber i dag om støtte til dei som dannar uavhenige arbeiderorganisasjonar i Iran. Desse fagforeningsaktivistane organiserer med livet som innsats. Norske fagforeningar må gi dei full støtte og krevje at dei som er fengsla blir slept fri.

La oss bruke 1. mai til både å styrke den nødvendige sosiale forsvarskampen i Norge og den internasjonale solidariteten med dei som risikerer livet når dei slåst mot kapitalistisk undertrykkjing i andre delar av verden.

Ha ein fin og raud 1. mai.