Kjartan Fløgstad
Det språkstyrte samfunnet
Makt- og demokratiutredningens sluttkonferanse
Gamle Logen, Oslo, 26. august 2003

I Per Selles fortelling kjem det til syne et samfunn der dei politiske skilnadene blir mindre i takt med at dei sosiale blir større. Der dei folkevalde alt mindre får blanda seg inn i sitt eige arbeid. Der folkerørsler og motkulturar forduftar. Der dei frivillige organisasjonane ikkje lenger klarar å formidla mellom folk og makt. I ein marknadsfundamentalistisk stat knirkar både det nasjonale klasseforliket og kulturforliket i samanføyningane. For å sleppe å bruka norsk, satsar universitetet i Oslo på å bli lokalt læresete i Oslofjord-humanisme på basic English. Sentrum prøver å bli provins, og klarer det med glans. Reføydaliseringa av det offentlege livet får forvitnelege former. Mediayndlingar blir adla til krimdronningar og rockekongar og kokkekongar. Avantgarden i vaktstova i Kunstnernes hus erstattar Hans Majestets Kongens garde som monarkisk livvakt. Det litterærindustrielle kompleks blir viktigare enn det militærindustrielle. I det språkstyrte samfunnet lever vi ikkje lenger på geografiske stader i naturen, men på skriftstader, nettstader, spalteplasser. Sosialt blir det viktigare å komma langt fram på scenekanten enn langt ut på Vestkanten. Lykkehjulet avløyser tannhjulet som viktigaste økonomiske drivkraft. Avindustrialiseringa av landet gjer Oslo til ein einsidig ideologistad djupt inne i ein fjordbotten på Austlandet. Frå våre skriftstader og spalteplasser ser tropiske samlebånd og kinesiske sweatshops ut som om de ligg ein stad i gamle dagar og ikkje i den fattige verda som rikdommen vår i dag kviler på.

Mykje av dette og meir til kjem godt fram i Per Selles foredrag. Når tilhøvet mellom folk og stat blir sendt direkte som reality-TV står folkestyret svakare enn før. I dag er det ikkje folket, men prinsessa, som fortel folkeeventyr. Da Edvard Grieg, Ole Bull og Jørgen Moe drog ut i det skjulte Norge, møtte de myllarguten, Maren Ramskjei, Ivar Aasen, Anne Lillegård. Når kultureliten vågar seg ut på det botnlause folkedjupet i dag, så ser de ufikse boblejakkar, ukorrekt hårvekst i ansiktet, Mørkets øy, 1734 Høtten. Om ikkje som pøbel blir folk oppfatta som en dinosaur som døydde ut ein gang like før årtusenskiftet, med bare fossile rester igjen etter seg. Særleg utdøydd er som kjent arbeidarklassen, som har gått i samla flokk til dei evige jakt*marknader, som det vel heter i dag, men som samma så stemmer hardnakka på'n Carl, med etternavn I. Hagen, frå en sosial posisjon seks fot under jorda. Når vi døde vaagner kvart valår, får ordet stemmeurne ein illevarslande dobbelklang, som burde interessere andre enn bare valforskarar.

Men sjøl om folkerørslene forduftar og forvitrar, dukkar nye opp. I skjeringspunktet mellom massemedier, pengar og lystane til folk flest, utgjer for eksempel supporterklubbane i fotball, sterke og livskraftige samanslutningar, organiserte rundt draumen lokalt om å være med og å høyre til og høyre frå. Dette er folkerørsler med munn og mæle, like lite studerte av samfunns- som språkvitskapane. Dei spillar seg ut på eit tungt, symbollada felt. Spørsmålet er sjølsagt: Kor stor og tung symbolsk bør kan idretten og fotballen og for eksempel VIF-klanen bera når ingen andre er igjen? Svaret er: Alt, men ikkje nok.

Mitt perspektiv er likevel lysare, trur eg, enn Per Selles. Der verken politikken eller samfunnsvitskapane har et språk som strekk til, har den nye skjønnlitteraturen vist overraskande og imponerande evne til å spegla samfunnsendringar. Så mitt råd til slutt er derfor: les Levi Henriksen, les Lars Ramslie nøye, les Kyrre Andreassen, og les Olaug Nilssen, og høyr gjerne lenge på plate med for eksempel Jokke og Elias Akselsen. Dinosauren 'folket' rører på seg, og har kropp og stemme den dag i dag, som kan sjåast og høyrast, utanfor språket til maktutrederane, som nå er ferdige med sitt grundige og verdifulle arbeid, og maktinnrederane, som nå skal gå i gang med sitt.

Tusen takk.