Anders Hovden
Gud tenkte det til det gode
Reykjavik Domkirke, 1906
Kilde: Heim og hamn - Preikesamling, bd. 3. Oslo, 1944.

"De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga mykje folk." (1. Mos. 19.)

Lenge hev eg vore lysta å lydast til dykk, frendane våre på Island. Og sers hugnadsamt kjenner eg det i denne stund å stå her midt millom dykk. Eg tykkjer eg ser berre kjende andlet, so eg mest kunde tru eg stod i ei kyrkje heime i Noreg.

Men helst kjenner eg det soleis, at eg hev kome attende til soge-tidi, til dei gamle fedrane våre.

Hardstyret under Harald Hårdfagre fekk mange av Noregs beste ætter til å busetja seg her. Landet er skoglaust og magert, men hev ei storfelt, veldug natur med høgfjell og hav. Og den store einsemdi susar um landet på breide vengjer.

Og de hev dei varme kjeldone, de hev Geysir, som sprutar himmelhøgt. De bur på lava-grunn. Velduge krefter brultar under desse tuftene . . . og veldug åndskraft hev det vore i dette vesle folket. Det er liksom Store-Geysir, ho sprutar so høgt at all verdi ser henne.

Men grannefolki hev vore mot dykk som brørne mot Josef. De fekk ikkje lenge njota det sjølvstende de søkte, då de sjølvbyrge forlet hardstyret i Noreg og flytte til denne nakne heimen uti havet.

Ein krigsher hev aldri vore i land på denne fredarstad. Men endå vart det laga soleis at de fyrst kom under Noreg, og deretter under Danmark.

De kan segja som Josef til brørne sine: "De tenkte vondt imot meg, men Gud hev vendt det til det gode - å halda mykje folk i live."

Det same segjer no òg Noreg med takk og vyrdnad.

For kva hadde Noreg vore utan Island? Eit gløymt folk, ukjent av seg sjøly og av andre. Me hadde lite og ingenting visst um den lysande rad av sterke fedrar, so framt ikkje Island hadde halde minni deira uppe. Men trufast samla det skattane våre og gav oss skrinet fullt av dyre perlor. De hev i sanning "halde mykje folk i live", som elles vilde ha lege under tjukke lag av gløymsle. Dersom ikkje du hadde vore, so hadde den drivkraft som ligg i mini um fedradåd vore teki burt frå Noregs folk.

Du hev halde norskdomen uppe, ublanda; du hev halde fast på målet ditt. Du lærer oss å atterreisa vårt, du gjev oss heil vilje. Du syner oss at morsmålet einast er sloket som åndskreftene må strøyma igjenom til å driva alt framgangsverk. Einaste i sitt eige mål kan eit folk slå so djupe røter at voksteren vert fullhøg og fager.

Då kan eit lite folk veksa jamhøgt med dei største nasjonar. Det er du det beste døme på. Du hev halde Noreg uppe nasjonalt.

Ivar Aasen var utenkjeleg utan Snorre.

Henrik Ibsen hev gjenge i skule hjå Egil Skallagrimson.

Snorre hadde ei varm kjelde han laga laug av. Eg bada meg der nyst. Og me nordmenn kan bada oss i "Snorrelaug", me og borni våre, gjerne kvar dag; for me hev Heimskringla.

Meir enn noko anna er det Snorre som gjer oss til gode, framtøke nordmenn, det er han som vender barnehjarto til fedrane, gjev oss sjølvkjensle, og tru på folk og framtid. Men ikkje berre Noreg hev orsak til å takka deg, men alle germanarfolk. Du kveikte det fyrste store ljoset inn yver germanar-åndi, då dei endå berre dreiv fysisk dåd. Du var den fyrste store utstråling av ånd i vår folkegrein. Du skapte dine mektige kvæde og dine lysande ættesogor; dette stend jamhøgt med det beste mannatanken hev skapt til denne tid.

Josef heidra sine foreldre og åtte difor signingi av det fjorde bod, som bar han gjenom dei tyngste tider og til sist førde han på uppveg.

Han hadde det med å drøyma stort, og åtte og evna til å tyda draumar.

Du òg hev signingi av det fjorde bod yver deg, for du heldt hjartebandet ved like, fedramålet. Difor åtte du store draumar og tankesyn. Det var signingi, du vart det fyrste åndsfolk i germausk folkegrein.

Du kan jamførast med eit lite folk i gamal tid, Hellas. Island og Hellas er glitretindane av åndsfolk i Europa.

Eg kjem just frå ei rideferd yver ein snipp av landet dykkar. Eg reiste frå Borg, heimen åt Egil. Eg låg ei natt på Reykholt, heimen åt Snorre. Eg stogga på Tingvellir, der Njål og andre lyste upp med lovlærdom. Og då eg såg havstrandi her, måtte eg segja med Gunnar: "Fager er lidi, aldri hev eg set ho fagrare!"

Og aldri i alt mitt liv hev eg set so mange svanor som på denne ferdi. Dei store, kvite fuglane hev visst sin heimstad på Island - liksom dei store, fagre tankesyn og diktardraumar. Når eg heretter kjem til å minnast Island, vil eg alltid tenkja meg det som ei kvit svane, symjande her vest i havblånen under midnattsol.

Josef drøymde ein gong at sol og måne og stjernor kom og bøygde seg for han. Og den tidi kom at både foreldri og sysken heidra han.

Den tid er òg komi for Island. Alle folkeferd, både dei store og dei små, heidrar deg og ser upp til deg. For alle hev dei so mykje å takka deg for.

Fagrare soleglad hev eg heller aldri set enn her.

Ja, Gud gylle landet og verne folket med all sin rike kjærleik og nåde! Han fylle alle hjarto med kristendom!

Ja, Kristus er ljoset som skal upplysa kvart menneske som kjem til verdi. Han er Josef som hugheilt ofra seg for brørne, han tok vår sjukdom på seg og bar våre pinor. Han let seg viljugt såra og knusa for våre synder og misgjerningar. At han kunde gjeva lækjedom og hjartefred.

Livsraudt let han blodet sitt springa på krossen, i sine beste år, at han som den gode hyrding kunde frelsa det fortapte frå synd og undergang.

Den styggaste ugjerning i verdi, er den me menneske gjorde mot menneskesonen!

Men Gud vende det til det gode: å halda mykje folk i live.

Jesu død er just vår uppattreising. Her ser me den evige kjærleik i flamme. Sumarsoli er ikkje so ljos og varm som Kristi kjærleik til oss. Hans kjærleik er liksom midnattsoli, som skin både natt og dag. Men i frelsarkjærleiken kjem ingi myrketid.

Og Jesus er utstråling av Faderen, "den som hev set meg, hev set Gud".

Brør, her er livskjelda til uppattnying for tjodene; her er grorkjelda under hjarteroti åt alle folk.

Me ser herlegdomen åt den einborne frå Faderen, full av nåde og sanning! Her er Golfstraumen gjenom det kalde menneskelivet, den som sender varm grorluft inn gjenom alle fjordar og strender i mannehugen.

Hardt må de strida her i eit magert lende, og på eit vilt hav, millom brot og brand! Det skrik langs strendene her av mann på båtkjølen.

Sonartapet er stort; og inkje land hev sunge med større styrke og kvide um det enn Island gjenom Egil Skallagrimson.

Men mogne og merge dykk med kristendomen! Ein kristen kjem aldri i slik vande at det er rådlaust. Han som køyrde gjenom isen, ropte um hjelp. Men tilhøvet var soleis, at ingen kunde hjelpa.

"So fær han hjelpa som einast kan det," sa han. Dermed køyrde han seg under isen med uppreist hovud.

Og den gamle fiskaren som vart kjøvd inn av skodda på havet - han sette seg roleg til årane og bad berre til Gud: "No må du styra, far, so skal eg ro!"

Han fann heim; for den ærlege barnetrui vert ikkje narra, ho løyser flokane, der mannevitet berre knyter uløyselege knutar. Lat oss tru stort um Gud fader i Jesu namn. Og kor myrkt det enn ofte kan sjå ut, lat oss aldri leggja årane inn, lat oss aldri gjeva upp og missa modet. Lat oss leggja oss hardt pa årane og driva vårt yrke, til me sig under tofta. Det er dette som er mannsferd, at du døyr pa din post. So fær Gud styra, han kjenner leid og lengd. Han skal føra oss vel i hamn.

Då me kom hityver til dykk, var det heile dagar me berre såg himmel og hav. Der var korkje skjer eller knaus. Det er eit bilete på Guds nåde. Det er berre himmel og hav, der er ikkje flud eller fall - ikkje eit nei i hans miskunn.

Dei store stjernone stråla ned som hans kjærlege fadertankar yver oss.

Men nar me kjem inn mot skjeri, og når skodda fell yver oss - vener, lat oss då alltid minnast: "No må du styra, far, so skal eg ro!»