Anders Hovden
Kristendom og norskdom
Nyttårstale
Melhus Kirke, 31. desember 1913
Kilde: Heimn og hamn - Preikesamling, bd. 3. Oslo, 1944.

Me hev samla oss her i natt. Og Noregs soge opnar seg for augo våre. Mange gamle andlet dukkar upp. Det rodar av kong Olavs soleglad på Stiklestad, han "måla krossen på fedrelandet med sitt blod," ofra livet for sin kongstanke: kristendom og norskdom.

Og dette sitt program brende han inn i Noregs hjarta, so det bårar i vårt blod den dag i dag. På det vaks Noreg seg stort og sterkt, både materielt og åndeleg. Og dette program vimpla yver folket i mange hundrad år. Jamvel under borgarkrigen, da Sverre tappa folket for vårt beste hovdingblod.

Noregs velde nådde frå Finnmarki og Gøtaelvi til Man og Grønland.

Som åndsfolk vart me eit av dei fremste i Europa på den tid, skapa høg kunst både i bokverk og byggverk. I 1319 låg den siste kongen av Hårfagreætti og døydde. Håkon 5. Magnusson, han var fylt av kong Olavs norske ånd. Det siste han gjorde, var å taka hovdingane i eid på at dei aldri måtte tillata utlendingar å få blanda seg inn i landsens styr og stell.

Men det gjekk ikkje etter hans vilje. Me gav utlendingen ein finger, og snart tok han heile handi. All denne samanrøringi med unionar var det just som då tok til, og som Noreg alltid hev tapt på. Kongen budde i landet. Her heime var ingen samlingsstad lenger, sambandet innanlands vart slite, alt fall i stavar. Våre eigne hovdingar vart skubba til sides for framande.

Og med eit einaste stort slag fekk danskane rothogge vår gamle kultur. Det var då dei tvinga lutherdomen på oss. Det gjorde dei av den grunn, at dei vilde gjera seg rike ved ran og plyndring av kyrkjor og jordegods. Kongen eigna da til seg kyrkjegodset, um lag 1/3 av all landsens jord. Tyskarane i Bergen rana til seg retten til handelen, og førde jamvel krig imot landsens lov, og fekk gjera det strafflaust. Sjølv åtte me ingen krigsher. Og det verste var at me vart avskorne frå Europa; for sjøfarten var vart det no og slutt med. Folket sovna, og dei som hovdingar skulde vera, tok til å vanvyrda alt det som var norsk og heimlegt, og apa etter det f ramande som tottest vera so mykje finare.

Domkyrkja i Nidaros stod lenge som eit lysande vitne um Olavs kongstanke. Men snart låg ho i brot, ho med. Alle høge tårn og rake tankar i Noreg skulde avstuvast.

Og det var berre rimeleg då, at "svartedauden" herja bade ånd og lekam, og sopte Olavs kongstanke ut or landet.

Me var komne ned i djupaste bylgjedalen, det var berre undergangen att.

Men når det er på det verste, so vert det kje verre. Der var endå ein frisk kjerne att, ein trufast rest i folket vårt. Det var hjå bonden. Han heldt sambandet med fedrane uppe i dei gamle kvæde, eventyr og tonar. Og han heldt uppe det norske målet, Noregs sjel. Og so lenge målet levde, var ikkje Olavs kongstanke radt slokna. Han låg fulla berre som ei sloknande glo i oska. Men so lenge ikkje målet var utsløkt, so var det von um at det kunde verta eld på åren atter. Og det vart det. I det siste hundradåaret fyre 1814 kom Noreg på uppgangsveg. Me fekk oss krigsher; sjøfarten tok til; folketalet auka fort.

Og so kom 1814.

Me stod brått åleine, og hadde Europa imot oss. Me var ynksamt plukka for alle vare øyar og for store fylke. Og det verste av alt - for vårt skriftmål.

Det hadde vore uår i landet, og buslit i pengestellet. Men Olavs ånd vakna i folket, rådde på Eidsvoll, men endå meir hjå den norske bonde og soldat.

Men 17de mai fekk dessverre sin 4de november. Og det vart ein Lang strid for å koma heilt heimatt til fullt sjølvstende.

Me hev alle upplevt ein herleg sogedag, 7de juni 1905. Olavs kongstanke var då so sterk at han fylte oss alle, han "lyste or augo på Noregs gut".

Men hausten kom etterpå. Me måtte riva våre eigne festningar. Me litte oss berre med halv siger i 1905, som i 1814. Me slo av på Olavs program.

I det siste hundradåret hev det gjenge tvo straumdrag gjenom landet. Det fyrste og sterkaste hev vore det som hev ynskt unionar og samband med framande, og som hev set skeivt til Olavs kongstanke um norskdom. Det andre straumdraget hev havt Olavs og Haakon Magnussons ånd i seg: "Fullt sjølvstende i mål og styre, ingi framand innblanding." I denne lysande lina ser me ein Wergeland, ein Hjelm, ein Aasen, ein Sverdrup o. fl.

Men den siste flokken bør ikkje skulda den fyrste for vond vilje; for soli gyller fyrst tindane, medan dalane enno ligg i skugge. Men soli skal skina ned i dalane og - dei kjem etter smått um senn. Og då skal Olavs kongstanke verta program åt heile det norske folket.

Men det er sant, at aldri hev det vore verre strid imot og verre øyding av norskdom enn i det siste hundradåret.

I ei bygd kom eg ein gong yver kyrkjevaskarane, med dei kveikte upp under vaskegryta med biletskurd av ei gamal altartavle.

"Dei brenn so godt," sa dei.

"Ja, det er rimeleg; for dei er brende fyrr - det er apostlar og martyrar."

Soleis hev me lenge fare fram med vår gamle norske kultur i mål og sed. For eit nasjonalt blodtap, at våre folkeeventyr vart umsett frå norsk til norskdansk!

Me må læra å elska "vår gamle slitne mor," røta oss, alle, i vokstergrunnen åt fedralandet. Gjer me ikkje det, må Gud læra oss det ved tung motgang.

Det ligg liksom ein skjelvi lufti yver Europa, d'er mest som ein ventar på ein stor smell. Dei små folkeferd kryp saman i otte som småfuglen når hauken kviler uppi lufti på stille vengjer, og griske augo glø'r.

Ved små nasjonars grensemur

dei store rovdyr ligg på lur

med løvegap og tigergrin

og augo som av mordlyst skin.

Me hev havt fred i 100 år, og me hev gjenge munaleg fram på alle leider. Men hev me havt det for godt, so me gløymer gjevaren for gåva?

Å, lat Olavs merke gå til topps: "Kristendom og norskdom." Då tek me vår Gud i sinn og set livet inn.