Magnhild Meltveit Kleppa
Eit meir rettvist Noreg, ei meir rettvis verd
Senterpartiets Landsmøte
Lillehammer, 16. mars 2007

Gode landsmøte! 

Skogen stend, men skifter sine tre, skreiv Olav H. Hauge.  
Slik er det med Senterpartiet sine stortingsgrupper også. Nye kjem til.  
Når eg no skal rapportera frå dagens stortingsgruppe, blir rapporten kort og godt:  
Eg stolt over det vi får til! 
Vi leverer varene! Både på Stortinget og i Regjeringa.  

Vi opplever både brei tillit og djup støtte!  
 
Det er eit privilegium å vera representant i denne tida. Men òg eit stort ansvar.  
Vi kjenner uroa over krefter som verkar sjølvforsterkande sentraliserande.  
Vi er utolmodige etter å få gjennomført Soria Moria. 
 
For at orda der skal verta handling - politikk - må vi spela på lag.  
Vi har brukt mykje tid på å få til gode arbeidstilhøve mellom både regjeringspartia i Stortinget og mellom Stortinget og regjeringa.  
Forankring er kodeordet her!  
Det er bra når opposisjonen stiller opp og skaper breie fleirtal i lag med oss.  
Dette er likevel eit raudgrønt prosjekt:  
I 2009 skal vi møta veljarane etter fire år med Soria Moria-politikk frå a til å!
 
Eg har ei lang rekkje saker eg gjerne skulle sagt noko om, men de får fylla ut i debatten!  
Eg nøyer meg med nokre få: 
 
- Vi har levert to solide statsbudsjett som viser at vi held lovnadene våre: Eit krafttak for lokal velferd. Offensiv næringspolitikk inklusiv eit solid løft for samferdsel og fornybar energi. Meir kultur og frivilligheit. Og som de veit; vi er i gang med 2008-budsjettet!  
 
- Vi har fått på plass ei meir aktiv, grundig og open drøfting av EØS-relaterte saker. Det må få følgjer for t.d. handsaminga av tenestedirektivet! 
 
- Eit samla storting har gjennomført radikale endringar av Grunnlova. Frå og med komande stortingsperiode er todelinga med Odelsting og Lagting ein saga blott. Vi har også modernisert Riksretten og gjort det instituttet meir rettssikkert. 
 
- Eigarskapsmeldinga som no ligg til handsaming i Stortinget inneber tydelege signal om eit aktivt statleg eigarskap. På tide; i tida! 
 
- Senterpartiet står på barrikadane for levande bygder og gode lokalsamfunn i heile landet. Vi skal snu pessimisme til optimisme i landbruket! Vi skal gjeninnføra respekten for vanlege folk sitt ærlege arbeid. Vi skal slost for gode lokale løysingar for omsorg, skule og yrke. 
 
Vi fekk ikkje alt som vi ville på Soria Moria. Vi prøvde i det lengste å få sjukehusa tilbake til 
folkevalt regional styring. Det gjekk ikkje! Forslaget om å slå saman Helse Aust og Helse Sør  
viser til fulle at føretaksmodellen er feil!  I Soria Moria II må vår modell på plass!! 
 
Senterpartiet si stortingsgruppe består av farande og reisande folk. Vi fyk ikkje hit og dit utan meining. Vi på veg til møte; nye menneske, trufaste vener og tilfeldige hendingar. Alt dette gjer noko med oss. Både som menneske og politikarar. Vi endrar oss; tenkjer nytt.  Fornying i lys av erfaringar. 
 
Dette var svært handfast for berre eit par veker sidan.  
Då var eg på reise i lag med resten av kontroll- og konstitusjonskomiteen til Sør-Afrika; landet der vinter (er) sommar.  
 
Eg har med tre sterke inntrykk derifrå:  
 
Først dette smilande alvoret. Den eine etter den andre - politikaren, kelneren, mannen i gata - så gode smil, så smittande. Midt oppi alvoret, samtida og utfordringane.  
 
Dessutan: Ubuntu. Denne afrikanske tanken, denne varme oppfatninga av at eg finst ikkje utan deg. Utan deg er ikkje eg meg. Vi høyrer i lag, og skal leva saman. Stundom nesten eit umenneskeleg ideal. Men samstundes sjølve definisjonen av t.d. Nelson Mandela.  
 
Og til sist: Tilfeldigheitene. Den vesle guten som kjem tiggande bort til oss, dei fælslege skura i slummen, jenta som ligg og søv attmed rullestolen sin - pladask nedpå fortauet og rett under den steikande sola. Det kunne ha vore ein av oss!  
Så utfordrande tilfeldig!

Det er mykje å læra av dette!  Vi bør verta eit meir afrikansk senterparti!  
Vi kan aldri smila nok, aldri smitta mange nok med lått!  
Og Ibsen tok feil. Den sterkaste er ikkje den som står aleine. Dei aller, aller fleste av oss er fordi andre held av oss. Det kan eigentleg seiast med to ord: Meir omsorg:  
 
- Senterpartiet skal sjå, lytta og snakka meir om omsorg. Smilande, men alvorlege.  
 
- Vi skal bry oss; vi er ikkje heile utan dei som treng omsorg. Vi vil ha eit samfunn der vi bryr oss meir, ikkje mindre! 
 
- Vi skal bryna oss: Korleis gjera tilfeldigheiter mindre avgjerande? 

Eit av dei mest kjende landemerka i Australia er Ayer's rock. Midt på det flate slettelandet: Eit fjell. Veldig overraskande!  
Vi er på den toppen, vi. Vi er dei rikaste menneska i historia. 
Mange, mange lever gode, lukkelege og meiningsfulle liv.  
Kanskje er den nordiske modellen - det jamstelte, fleksible, trygge velferdssamfunnet der folk i regelen har like mykje - noko av det fremste menneske har tenkt ut.  
Og dei fleste av våre problem vil mange i Afrika ikkje forstå i det heile.  
Men sjølv oppå Ayer's rock er det mogeleg å koma høgare opp. Det er alltid eit høgare mål!  
 
Vi skal ikkje ha meir omsorg fordi alt her er ravgale og nær kollaps. Vi skal ha meir omsorg for å gjera det gode endå betre. Fordi vi kan læra av andre. Fordi vi vil leita etter lokale fjelltoppar å klatra opp på - oppå Ayer's rock.  
 
Tidleg på 1970-talet gav Harvard-filosofen John Rawls ut boka A theory of justice. Ho er framleis aktuell og meir enn lærerik. Den raude tråden til Rawls er denne, som på Eidsvoll i 1814:

Vi kjem i lag og skal tenkja ut eit rettvist samfunn. Skriftfesta mål om fordeling av alle slags ressursar. Men mellom oss og det verkelege livet heng det som på nynorsk så nydeleg vert kalla eit slør av fåkunne: Vi veit ikkje kven vi vil vera etterpå, når vi går ut i det samfunnet vi har innretta og laga lovene for.  
 
Då seier Rawls: I ein slik situasjon vil vi verta samde om demokratiske rettar. Rett til å tra oss. Stemma og bestemma. Men så vil vi laga lover og ordningar som gjer livet best mogeleg for dei verst stilte. Eit rettvist samfunn er det samfunnet som gjer mest for dei mest uheldige. Og bak sløret av fåkunne vil alle - alle - verta samde om dette, seier Rawls.

Fordi vi må ta innover oss at dei mest uheldige kan vera oss sjølve. 
 
Eit rettvist samfunn er eit samfunn som minimerer følgjene av negative tilfeldigheiter. Der dei med flaks tek ansvar for dei med uflaks. Og omsorg handlar om dette. Rettferd - for dei svakaste. 
 
Godtfolk, utfordringane står i kø på dette feltet!  
Vi skal gå nærare inn i dette temaet i morgon. Lat oss likevel i dag ta med nokre påminningar: 
 
Fersk forsking frå Universitetet i Oslo viser at pasientar på sjukeheimar er avhengige av familie for å sikra at kvaliteten på omsorgstenestene er god nok.  
 
Kvifor? Jo, fordi 75-80 prosent av pasientane er demente. Resten i regelen svært sjuke, dei også.  
 
Ein tredel av 80-åringar og halvparten av 90-åringar har ingen barn i nærleiken av seg.  
Nett desse får eit dårlegare tilbod enn dei med familie som stiller opp og talar deira sak.  
Det er få som snakkar og stiller opp for dei verkeleg hjelpelause. Her er det rom for politikk: Fleire må inn i sjukeheimane og observera kva som skjer. Det same gjeld også barnehagar. Og skular. Vi må diskutera om tilsette der i større grad skal ha informasjonsplikt; varsla om barn som er på veg bort og under.  
 
Det handlar i det heile om sjå dei som ikkje har stemme eller kan stemma. 
 
Meir omsorg må førebu og forventa mange former for sakte endringar i samfunnet.  
 
Familiemønster vil endra seg endå meir framover. 
Fleire besteforeldre som bur andre stader enn barnebarn, kanskje fleire einslege, meir sikkert mindre familiar.  
Offentleg og meir eller mindre anonym omsorg rår grunnen stadig meir.  
Dette er ikkje noka ny utvikling, men gjer at dei offentlege tenestene meir enn før må jordast hos folk; utformast i lag med dei som bruker tenestene.  
Folkestyrt omsorg.  
Her kan store og folkerike kommunar læra mykje av dei minste, og vi må løfta opp og fram døme på og historier om omsorgspolitikk nettopp i småkommunar.  
Ikkje minst må vi hegna om lokalsjukehusa! Gode, desentraliserte og trygge helsetilbod - der folk bur. Vi skal lytta til folk, og levera det dei vil ha. Folk skal sleppa å gå i fakkeltog! 
 
Meir omsorg må også møta og utfordra endra verdiar.  
Meir egoisme, mindre ubuntu. 
Eit hektisk jag og kav, mindre leik og dugnad. Kjøp i dag, betal i morgon:  
Tida går kjappare, framtida invaderer samtida. Mange kjenner seg ikkje igjen i si eiga tid.
Fleire og fleire barn er triste og deprimerte, og må få hjelp av det psykiske helsevernet.  
Årsakene er samansette. Kanskje er vi komne til eit punkt der vi må spørja: Var det dette jaget vi ville? Spørsmålet no er: Korleis vil vi samfunnet vårt skal verta om 20 år? Meir omsorg handlar ikkje minst om dét! 
 
Meir omsorg handlar også om å løfta dei svakaste; syta for ei meir rettvis fordeling.  
Det har vi gjort mykje med før:  
For 10 år sidan stod vi i spissen for å auka minstepensjonen. Frå 1.mai 1998 fekk einslege minstepensjonistar 1000 kroner meir i månaden.  
Det var eit stort løft!  
I dag er minstepensjonistane meir enn 100 000 færre.  
Ein einsleg minstepensjonist får utbetalt snaue 113 000 kroner i året.  
Som de ser på figuren: Dette svarar til ein tredel av årsinntekta for lønstakarar.  
Først og fremst er desse kvinner.  
Korleis lever dei eigentleg på denne pensjonen?  
Nokre har ei lita meirinntekt, nokre har formue. Somme får bustøtte, kanskje nokon sosialhjelp. Truleg kan mange av dei læra oss noko om nøysemd.
Senterpartiet må ta til orde for ein gjennomgang av levekårsutviklinga til minstepensjonistane! Det er vår plikt i storting og regjering å vera opptekne av utjamning, av gode tiltak for dei som har minst! Vi kan faktisk ikkje lukka augo viss nokon vert hangande etter, tvert i mot, då må det handling til! 
 
Kanskje er vi - gamle Norig - på toppen av Ayer's rock. 
Oljefondet er blant dei største fonda i verda, om ikkje det største.  
Inntektene våre skyhøge.  
År etter år har vi blitt rangerte som nummer 1 på SN sin Human Development Index.  
Men vi er ikkje aleine.  
Den vesle guten som tagg pengar av meg i Sør-Afrika er ein av oss.  
Dei som bur i slummen utanfor Kappstaden er ein del av oss. Kor avgjerande det er at vi deler med dei!  Meir enn i dag! Og sikkert betre enn i dag!  
Eit meir rettvist Noreg er ikkje mogeleg, ikkje ein gong tenkjeleg utan ei meir rettvis verd. Der dei svakaste vert sett og løfta, der vi maktar å redusera konsekvensane av negative tilfeldigheiter. Meir Rawls. Mindre Rolls Royce.  
 
Og vi er på veg: Inga norsk regjering har hatt eit større og meir offensivt bistandsbudsjett enn vår. Det skulle berre mangla, men det bør vi også vera stolte av.  
 
Eit tankeeksperiment no: Vi står på Lista, heilt sør i landet. På førehand har vi festa ein kraftig vaier på Nordkapp. Så drar vi, drar og drar, og Nord-Noreg lettar frå bakken!  
Dinest følgjer Midt-Noreg etter, opp i lufta. Til slutt har vi klart det: Vi har snudd Noreg opp-ned, sør-nord: Lista er med eitt det nordlegaste punktet, og resten av landet har lagt seg fint og roleg til rette oppå kontinentet. Kor er Finnmark no? Jo, rett attmed Sicilia! Vips! så er perspektiva på plass:  
Nordområda er laaangt unna Oslo, og til no: Nesten usynleg på Akersgata-radaren.
 
Slik er det ikkje lenger: Vi har laga nye kart. Vi har endra dagsordenen! 
Senterpartiet tok initiativet til ein forvaltningsplan for nordområda;  
vi var med på å flytta nordområda inn i den offentlege samtalen.  
Vi laga nye ord for nord i norsk politikk.
 
Ei slagkraftig og offensiv satsing på nordområda er eit lysande døme på Senterparti-politikk som fungerer. Her er alt med: Det handlar om å snu sentralisering, skapa ny næringsutvikling i nærkonktakt med naturressursar og ikkje minst visa at spreidd og desentralisert busetnad er ein viktig føresetnad for at vi maktar å ta heile landet i bruk.  
Eitt av Framstegspartiet sine slagord er at "Fremtiden skapes, den vedtas ikke".  
 
Nordområdesatsinga viser at dette ikkje utan vidare er rett.  
Politikk - frå vilje via vedtak til krafttak - formar framtida; utløyser skaparkraft og påverkar folk sine val. Val av bustad. Val av yrkesveg. Val av framtid, rett og slett! 
 
 Dette er viktig: Nordområda handlar ikkje berre om olje og gass, norsk suverenitet og forvaltning av viktige fiskebestandar. For all del: Dette er viktig i seg sjølv! Men det er minst like viktig å sjå på dette som ein del av ein heilskapleg og målretta distriktspolitikk på land; vi må læra av nordområdesatsinga . Det handlar om å sjå folka som bur der.  
 
Dette har vi lært alt no: Politikk fungerer, vi kan påverka samfunnsutviklinga. Vi kan omsetja visjonar til praktisk handling og levande lokalsamfunn - der mange ikkje kunne tru at nokon kunne bu.  
 
Godtfolk, både meir omsorg, meir nordområdepolitikk, meir kommuneøkonomi, meir samferdselspolitikk, meir satsing på landbruket, meir fornybar energi - meir makt! - ber bod om eit Senterparti i endring; midt mellom rotfeste og fornying.  
 
Eit Senterparti på veg opp og fram!  
Overbygninga over dette er satsinga som lyder namnet "Eit breiare Senterparti".  
Stortingsgruppa er også tett på dette! Ola Borten Moe - Borten 2 mellom vener! - leier dette arbeidet.  
Denne satsinga, denne tenkinga er avgjerande viktig.  
Skal vi styrkja fotfestet vårt i større kommunar, skal vi verta eit 10 prosentsparti på landsplan, må vi vera nytenkjande, heile tida utvikla ny politikk - utan å mista oss sjølve, utan å verta dårlegare på det vi er gode til.  
Det handlar om å tenkja langsiktig. Rekruttera breiare, dyrka fram nye talent. Driva profesjonelle valkampar og - som Åslaug sa det - vera ei tydeleg stemme og eit folkeleg ekko.  
Centern i Sverige har klart dette. Vi skal klara det, vi også! 
 
Den greske filosofen Platon rekna seg fram til at idealsamfunnet bestod av 5040 kjernefamiliar. Vel, på norsk svarar vel dette til ein middels stor kommune! Det er nett slike mellomstore kommunar vi har blinka oss ut og skal vinna i ein sakte marsj frå periferi til meir sentrale strøk.  
Her har også stortingsgruppa vår og regjeringsfraksjonen ei viktig rolle å spela. Valforskinga viser at jo større kommunen er, jo viktigare vert nasjonale saker, nasjonal politikk for folk sine val av parti.  
Lokale listetoppar og lokale saker vil aldri gå av moten, men heile partiet må tenkja, skriva, lesa og læra når vi skal vidare; etablera eigarskap til saker som folk flest er opptekne av og ønskjer løysingar på.  
Utviklinga er på vår side: Før var veljarane trufaste. No er dei i langt større grad trulause; ein tredel bestemmer seg for kva dei skal stemma dei siste dagane før eit val.  
Med andre ord: Meir enn før har vi faktisk muligheit til å vinna fram og vinna val! Det er opp til oss. Ingen ting er betre enn det! 
 
Skal vi veksa, skal vi nå nye mål, må vi vera audmjuke overfor folk. Vi ber ikkje til torgs verken endelege løysingar eller fasit på alt. Det må vi hugsa på.

Eg trur Olav H. Hauge sette ord på nett dette i diktet som eg no rundar av med: 
 
Kom ikkje med heile sanningi, 
kom ikkje med havet for min tørste, 
kom ikkje med himmelen når eg ber um ljos, 
men kom med eit glimt, ei dogg, eit fjom, 
slik fuglane ber med 
seg vassdropar frå lauget 
og vinden eit korn av salt. 

Just presis! Takk for meg!