Anders Hovden
Flagget talar til oss
Preken i anledning folkeavstemningen om oppløsning av unionen.
Krødsherad Kirke, 13. august 1905
Kilde: Anders Hovden: Heim og hamn, bd. 3. Oslo 1944.

Gode nordmenn, brør og sysken alle!

Eg ber med meg det reine norske flagg i dag uppå preikestolen, eg slær den raude kross-vengen ut. Og eg segjer: Gud velsigne folk og land!

Eg ser de er gripne. Unge reiser seg i hugvarme, og tåror blenkjer i augo på dykk gamle - det er perlor frå ein rik skatt i barmen dykkar: fedralandskjærleiken.

No endeleg skynar me det, alle, at det er gildt å vera komne heimatt til våre eigne fargar i vårt eige flagg.

Under flagget her - eg synest det dukkar upp mange andlet, eit ungt andlet med frisk morgonsol yver seg: Wergeland. Og ein bondemann med glans av Gud yver sitt åsyn: Hauge. Me ser og ein Hjelm og ein Ueland. Sjå desse store, kloke augo under pannekvelven: Ivar Aasen. Og han der som stend fremst i framgangsflokken: Johan Sverdrup. Gud velsigne deim og løne deim og glede deira sjel! Dei sådde ofte med gråt under stor motgang, og lite fekk dei hausta med glede i levande live. No fær me hausta etter deim.

At me skulde få uppleva denne fagnad!

Berre eitt vantar oss endå, at me og kjem heimatt til vårt eige norske mål.

Men eg kjenner meg kje verdig til å uppleva det; hjarta mitt er for gamalt til å tola det.

Dette er vonleg den merkelegaste dag nokon av oss kjem til å uppleva, ein av dei dyraste i vår soge.

Det norske folk i hus og hytte skal fram og avgjera vårt lands lagnad. Og me er komne so langt me tykkjer det er rett at alle som i tilfelle av krig må våga livet for landet, dei skal og i lovleg alder få leggja sitt ord med i laget.

Det er ein fagnad å eiga røysterett i dag!

Det er sundag, og det er høgtid i hjarto: Alle kyrkjeklokkor ringjer, ei varm tone-bylgje dirrar yver alt landet, og kallar folket fram til den mest ålvorlege gjerning som soga veit. Augo blenkjer av hugvarme, og takk og bøn stig mot himmelen.

Den grå lerka hev "lyngtuva til fat," men likevel stig ho fegi mot kvelven, stilt syngjande, endå um vinteren rår, og syng i sol-tru mot våren.

So lenge ho syng, stig ho. Og so lenge ho stig, syng ho. Men straks ho sluttar å syngja, sig ho og sokk ned mot jordi.

Vårt norske folk hev det på same måten: So lenge me eig livsmod og song, so stig me og fær framgang. Men misser me livsmodet, so søkk me heller fort.

Me er eit bondefolk. Me hev ikkje og vil ikkje eiga annan adel enn den som arbeidet gjev. Og um so vår råd kan liknast med lyngtuva, og vadmål er vårt folks klednad, so hev me da likevel til denne tid vore nøgde og takksame.

Den grå lerka som stig syngjande frå si fatige råd, skal vera mynsteret vårt - me vil gjerne vera eit kristelegt bonde- og arbeidsfolk.

Og so kjem våren for lerka, ho stig fra blomevangane og upp i solskyene. Ja, "no livnar det i lundar, no lauvast det i lid" for Noregs folk. Alle hjarto bankar varmt i takt; for det hev hendt eit under, som sjeldan fyrr i landet, at alle stend samde som ein mann. Land og by, alle blad, alle partiflokkar. Her er ikkje lenger hat og strid, alle gjev kvarandre handi til ei syskenkjede um fedralandet, tvinnar sine evnor saman til eit styrkebelte um mor Noreg.

Vår sak må vera heilag som soleis kan skapa: semje og brorsinn. Det er òg tilfelle: "Gud er attåt." Det hev me set fra fyrste ferd. Stilt og verdigt hev det gjenge fra sjuande juni og til no. Tidi var fullkomi.

Det kan segjast um oss: "Me skjelte ikkje att, då me vart utskjelte," sterke ord hev vore bruke imot oss, men me hev ikkje svara med same mynt. Det gjekk eingong ein bonde gjenom landet sin stilslege veg, men det fylgde ljos i sporet hans, for han hadde ei mektug ånd i seg, og han hadde Guds ånd. Og åndi i han var so sterk, at han bles til sides papirlovene som forbaud lekfolk å tala Guds ord. Han braut lovi kvar gong han tala - Hans Nilsen Hauge.

Han gjekk beint fram etter sitt ærlege samvit, og etter Guds bod, som er større enn menneskebod. Han vart kalla "falsk profet". Men baketter prisar alle verket hans. Det vart til signing for fedrelandet.

Den gjerning som Hauge gjorde i det kristelege, gjer no storting og landsstyre i det "verdslege". Men dei hev ikkje brote nokor lov, tvertum so hev dei just vore lovlyduge til yttarste lina. Og deira verk skal og verta til signing for folket. Med gods samvit hev dei bore vår landssak inn i Guds hus. På fyrste pinsedag i år bad me ned krafti frå det høge yver vårt sjølvstende. Me minnest det var ein stor dag her i kyrkja.

Ja, kristenfolket måtte fyrst og fremst vera med, for dei er kjerna og stjerna, mergen og krafti, saltet og ljoset i landet.

Det ser mest at ti1 at Gud vil la oss få møta i kyrkja med vårt ja i staden for ved grensa med krut. Og kan me vinna fram med eit hugheilt ja, so er det meir enn billeg. Fær med det for billeg, so er det å ottast at me ikkje rett kan verdsetja vårt sjølvstende. Mest alle folk hev måtte kjøpt fridomen med sitt dyraste blod. Me var ikkje for gode me heller.

Nordmenn i 1814 kom heimatt frå Danmark i opne båtar yver havet, utsette for fiendslege krigsskip. Men då tindane av fedrelandet steig upp i himmelsynet, blenkte augo umkapp med glitrebredane, og hjarto banka med varm tonemalm som kimande kyrkjeklokkor. Dei vilde heim og hjelpa si gamle mor, dela lagnad med sitt folk.

Gjev den same hugvarmen måtte fylla oss alle i dag!

Mitt land, eg gjev med hugheilt mod

alt det som heiter m i t t!

Min sveite og mitt friske blod,

sjå, det er allting ditt!

Lat denne eine store tanken få rom i alle hjarto i dag: "Ja, for fedrelandet!" Lat oss tenkja på alt som hev vore stridt og streva, gråte og lide gjenom tidene i landet, og som hev gjort vår heim kjær for oss! Alle tunge tak, alle sveittedropane yver åkre- og engflekkar, som er upprudde i dette land!

Då skotteheren kom til Romsdalen og bonden Klungnes vart tvinga til å vera vegvisar, leidda han fienden - med eige livs vågnad - burt i umark og ulende. Soleis røysta dei gamle når framande vilde blanda seg inn. Dei åtte kje nei, hjarta var eit ærlegt ja for fedrelandet.

Du bonde, likar du å ta garden din i bygsel av framande? Vil du vera husmann på din eigen gard? Vil nokon under formyndarskap òg missa rådevald yver sitt eige?

Vil nokon det, so fær han røysta nei til Noreg i dag. Ein gamal høgremann sa til meg for ein time sidan: "Det var kje lett for meg å gje` upp mi rotfeste meining og gå yver til det nye; men so hev eg no set i vår soga at Noreg åtte sjølvstende under sine eigne kongar i 500 år, og då var landet stort og gjævt. Men i 500 år var me so saman med framande, og då var Noreg veikt og folket sovande."

"Ja," svara eg, "me lyt vera herra i vårt eige hus, kor lite det er. Betre vera herre i eit lite hus enn træl i eit stort."

Vangilja i dag talar um dei £alske profetar. Det er just slike som i det kristelege vil sleppa gjera sin skyldnad ... som vil leva lett og makeleg, ikkje ta ålvorleg upp striden imot det vonde; men fira, slå av, fara med lure- og lirkepolitikk * fuska, og til slutt svika. Judas var òg profet. Men det gjekk honom ille. Kvar stor framgangssak skal ha sin Judas - det ser me no um dagen òg.

Vera hjartegripen - det er heile saki i det kristelege .... at ein fær den store hugvarmen i seg, liksom ein vår som sprengjer is og løyser telen.

Det er just den store, ærlege hugvarmen som må til, når det gjeld fedrelandet òg. Dei falske profetar no um dagen er dei som vil dra seg undan sin skyldnad og fara krokvegar.

Men beint fram er visaste vegen!

"Å, norske brødre, bryst ved bryst,

vi ville med vemodig lyst

vor moders bryst selv dekke til,

det er en kjærlig tanke!"

Med vårt ja i dag vil me løyna mor Noregs lyte, hennar skjemsle frå den lange framand-tidi.

Ja er fridom og utløysing, sjølvstende og ære. Med nei støyper du kula til hjarta at di eigi mor; du gjer motparten modig og kravfull.

Me her i bygdi hev sers god grunn framum andre til å røysta varmt ja. De ser enda syrgjestasen etter likferdi her i fyrrdags. Det var den fyrste 7. juni-mann som døydde. De fylgde han gjerne i levande live. Kor mykje meir må de kje no heidra hans minne, då han hev slokna på skansen for den sak som i dag hev samla oss!

Noreg er kledt i flagg i dag, i berre reine norske fargar. Då unionsflagget 9. juni i år vart fira ned på Akershus festning, tagde alle. Men då det reine norske flaug til topps, gret alt folket, og song fedrelandssongar. Ei ugløymeleg stund.

Gjev no at alt framandt fusk i hug og tanke måtte gå æveleg under med den gamle kluten ... og at ei ny, rein, norsk og heimleg tid måtte svinga yver landet med det nye flagget ... at me ikkje lenger berre tykkjer grumt um det som er heimført og framandt i mål og sed, men elskar det som høyrer våre eigne foreldre og vår eigen heim til. Då skal me "byggja og bøta med bot som duger".

Sjå på dette vårt norske flagg, som eg her i dag hev hengt nedyver preikestolen. Eg vil kje preika aleine i dag, eg vilde ha ein betre prest med: våre norske fargar. Eg trudde den presten vilde ha eit ord med i laget ein slik dag.

Sjå på det raude her, og lat oss hugsa det blod som i tusen år hev runne for dette landet. Det kvite minner oss um bønene som vår norske mor i all denne tid hev bede for borni sine. Det blå minner um himmel og hav - etter folketalet er me det største av alle sjøfarande folk. Heilt fra vikingtidi hev me våshardt pløgt bylgja med skip og fiskarbåt.

Men sjå framum alt krossen. "Ved denne skal du sigra," heiter det fra gamal tid. Ja, me vil ta Gud med oss. Gud skal vera vår styrke. Den vonde rømer for krossen, helst når krossen er skriven i eit ærlegt kristenhjarta. Lat oss då med vigsel av kyrkja og krossen no gå til val - og eg vil sjå den mann som svarar nei til fedrelandet i dag!

"Didind, hvor fyrren suser, ind

tør ingen nidding vandre,

som har forglemt med troløst sind

sit fædreland for andre!"

Våre fedrar ser på oss. Våre born ser på oss. Heile Europa ser på oss. Gud ser på oss.

Gakk fram åt valurna og gjer din skyldnad!