Hagbard Emanuel Berner
Vakthaldet um det norske maalet
Studentmaalaget, 1917
Kilde: H.E. Berner: Vakthaldet um det norske maalet. Studentmaallaget, Kristiania 1917.

Unge vener!

"Som me att vaar fridom fekk

so maa me faa vaart mæle."

So song Dølen for meir enn 50 aar sidan; han meinte at ein national norsk politik og eit nationalt norsk tungemaal maatte fylgjast aat; "for det eine er folkets sjølvstendige liv ut og det andre inn".

Men kor langt har vi naadd fram i desse aari?

Det var spaadd alt i 1811 av ein dansk professor, at no naar nordmennene endeleg fekk sin høgskule (universitetet), daa skulde det ogso setja det norske maalet i høgsætet att, liksom i soge-tidi. Han tenkte vel, denne dansken, at Norigs høgskule skulde kjenna det som sin fyrste skyldnad aa læra upp embættsmennene i det norske folkemaal, som dei ein gong skulde arbeida millom, og som minst 95 pct. av folket tala og enno talar.

Men det norske universitetet har ikkje vorte noko slikt vakthald um det norske morsmaalet, so som dansken trudde det skulde verta. Tvertum; vaart embættsstand har vore det stridaste til aa stydja det danske bokmaalet og til aa halda norsken nede. Det var berre slike framifraa fridomsmenner som Jonas Anton Hjelm og Henrik Wergeland som i 1820-30 aari saag samanhengen millom fridomen og folkemaalet.

Det kunde vel òg i dei fyrste tiaari etter 1814 vera mykje som kunde orsaka høgskulen og embætts og borgar-klassane i dette nationale spursmaalet. Men daa Ivar Aasen for yver 60 aar sidan hadde lagt det norske maalet fram i ordbok og grammatik o.a., og synt aalmenta skilnaden millom norsk og dansk, daa skulde ein vel trudd at ikkje berre lærde menner, men alle som vilde fremja fridomsverket, ogso vilde vera med paa aa atterreisa folkemaalet vaart til bokmaal. Kvart menneskje maatte i minsto no sjaa at folkeupplysningi fyrst fekk si rette magt paa grunnlag av det norske folkemaalet.

Men det saag mest ut til at dei styrande var heller nær-synte eller synkvervde. Dei meinte at

"kultur" var det dei skulde fremja, og det framande bokmaalet var det einaste saliggjerande kulturmaalet. Stakarane hadde, liksom trolli vi les um i Ibsens Peer Gynt i halli aat Dovregubben, faatt eit risp i auga, so at det som var vesalt og rangt, saag ut som rett og gildt. Dei hadde sjølv ikkje so høg kultur at dei hadde syn for at kultur hjaa eit folk er det same som ein framvokster av den nationale personlegdom; eller at det ikkje er tenkjande nokon sann kultur utan personleg eller folkeleg framvokster paa sant nationalt grunnlag. Eller som professor Moltke Moe i ei utgreiding i "Samtiden" um "Nationalitet og kultur" har sagt: "Nationalitet er folkepersonlighet, - - og - i dypet er al personlighet en kraft, meget mer end et produkt, en kraft som fordøier enhver tilførsel og omsætter den til liv".

Dei trudde at dei fraa si høge framande kulturstode kunde sjaa ned paa den heimlege "raabarka bonden". I den framande kulturen sitt namn hadde dei rett og plikt til aa bruka all si magt til aa kverka det maalet som bonden hadde faatt i farsarv fraa soge-gullalderen, og som var morsmaalet til borni hans. Dei skyna ikkje at bonden nettupp var det som er, og all tid maa vera, landsens magt og merg, baade økonomisk og socialt og nationalt. For det er han som bind saman fortid og notid, so framtidskulturen kann rotfesta seg og bløma paa ein trygg national grunnvoll. Med trollrispet i auga saag dei "halv-kultiverte" ikkje det som diktaren Welhaven i ein heppen time timja, daa han song:

"Din hjemstavn bonde er en hellig jord!

Hvad Norge var, det skal han engang vorde

paa land, paa bølge og i folkerang!"

Med andre ord: dei saag ikkje at den norske maalrørsla - som Moltke Moe nærmare greider ut - er ei sann og djup kultur-rørsle. Dette har ogso andre no faatt syn for. Professor Gerhard Gran m.a. har synt oss korleis Aasmund Vinje ikkje naadde fram til aa løysa ut si store diktargaave fyrr han sprengde seg ut or det tillærde bokmaalet, og tok til aa skriva og dikta paa sitt eige morsmaal. Daa steig han med ein gong høgt til vers som lyft av ei Ganymedes-ørn. Bokmaalet laag som ein tyngjande stein paa givnaden hans. Og slik har det vore med alle som er fødde i norsken, men skuletukta i dansken. Bokmaals-tvangen har vore ei bakstrævar-rørsle til "forsimpling" og "u-kultivering" av folket vaart. Det ser soleis ut til at jamvel Ibsen sjølv har havt eit slikt trollrisp i auga, daa han i Peer Gynt nyttar høvet til aa hæda og svivyrda maalreisingi hjaa det norske folket, ei hæding og svivyrding som den andre store norsk-danske diktaren vaar, Bjørnstjerne Bjørnson, gapskratta og "storhauka" aat.

Naar det gjekk so med dei grøne trei, kann ein sagte vita korleis det saag ut i det store embættsverket og i dei so kalla "kultiverte" yverklassane. Dei saag nok at i alle kultiverte land var kulturen ein national vokster i samband med det nationale maalføret. Svensk i Sverike, dansk i Danmark, tysk i Tyskland o.s. fr. Men dei naadde ikkje fram til aa sjaa klaart samanhengen millom kultur og maalrørsle. Dei livde som i ein skoddeheim.

Var det nokon stad ein skulde ha venta rettare syn paa det ei atter-reising av det norske folkemaalet hadde aa segja for kulturframstigi, laut det vel fyrst og fremst vera hjaa styrarane av kyrkje- og undervisningsdepartementet. Det var dei som raadde for skipnaden av folkeskulen og dei læreverk som skulde utdana lærarar til folkeskulen. Men nei! Heile riksraadet sat som i Dovrehallen og saag paa korleis "kulturbylgjone" herja vaar beste fedrearv, vaart dyre morsmaal; dei jamvel gledde seg. Det hjelpte ikkje at vi den 17de mai 1814 hadde atter-reist Norig til framstig paa alle umkverve. I riksraadet var det det danske bokmaalet som raadde - trass i alt.

Ein fransk riksdagsmann sa nokre aar etter at den franske republikken var skipa i 1871: "Keisar- og kongeættene kverv burt, riksraadane skifter - men regjeringskontori sit fast, og med dei dei gamle misbruk (l'acien régime!) So òg hjaa oss. Den Danske "kanseli-aand" og det danske "kanseli-maal" hadde si faste borg i regjeringskontori - og har det for største parten enno. Den gamle "slendrian", den gamle skeive trotten har nettupp sine djupaste røter der. Derifraa har han for ein stor del spreidd seg yver alt landet - den gamle "slendrians-aand" som professor Gran for eit par aar sidan so raakande nemnde i immatrikuleringstalen sin til dei nye studentane. "Vi norske er slendrians-folket millom dei andre folk," sa han. Det er som Goethe segjer i "Faust":

,,Es erbt sich Gesetze and Recht wie eine ewige Krankheit fort." Men um den naturlege menneskjelege retten - retten til aa vera heilt ut seg sjølv er det diverre aldri spursmaal um.

Difor skal de, unge studentar! hugsa paa at de har den skyldnaden naar de seinare kjem inn i embætts-yrket, eller i andre styregreiner eller livsstillingar, at de skal vera "dei nye kostar" til aa sopa burt desse eldgamle slendrians- og fordoms-kingelvevane, til aa lufta ut denne helsedrepande gamle kontor-lufti. Gløym ikkje at bokmaalsbacillen er ei likso faarleg farsott i folket vaart som tuberkelbacillen; han avnorskar folket og gjer oss til eit laakare folk enn baade svenskar og danskar og andre som baade heidrar og dyrkar sine nationale maal.

Det trengst soleis eit trufast vakthald um det norske maalet.

Men korleis har det t.d. gaatt med kravet fraa 1870-aari um at "talesproget skal lægges til grund ved skoleundervisningen?" Vi ser paa folkeskulane her i byen korleis "skulefrøkna" arbeider kvar dag med aa rydja ut hjaa borni det folkemaal som ogso aalment vert tala av underklassane her i byen. Naar borni segjer kua, brei, gauk o.s. fr., fyk "frøkna" straks i vêret og rop "Fy! Du maa ikke tale saa simpelt! Det heter koen, bred, gjøk!" Ein tarv heller ikkje gaa langt ut i bygdeskulane for aa faa høyra korleis riksmaals-lærarar og lærarinnor ogso der legg all si magt paa aa faa reinska ut tviljodane, dei tri kyn og mykje anna som er serdrag for det norske maalet; danske ord og ordformer er det dei strævar med aa faa sett i staden. Det er mest eit under at desse fleire tusund trottuge skulemeistrane ikkje i alle desse aari har magta aa faa det norske maalet heilt utrudd hjaa borni! Men so djupe, sterke røter har det, at jamvel denne øgjelege bokmaalstvangen har arbeidt til faanyttes.

Skulde ikkje daa kyrkje- og skuledepartementet med alle sine skuledirektørar her ha halde eit loyalt vakthald um morsmaalet og halde nedrivingsflokkane i age?

Eller korleis har det gaatt med den jamstellingi millom "landsmaal" og "bokmaal" som vart vedteke av stortinget i 1885? Det har gaatt slik at sjølve leidaren av riksmaalsrørsla beint fram negtar at det er vedteke noko jamstelling! Visst er det at vi har sét heller lite til denne jamstellingi. Enno sit norsken som eit svivyrdt stykkbarn i dei fleste skulane vaare og dei fleste umkverve i riksens styregreiner. Av dei millionar krunor som stortinget kvart aar løyver til desse skulane og andre kultur-uppgaavor, er det berre lite som kjem norsken til gode, mot det som kjem til bate for norsk-dansken. Heile stortingsvedtaket har liksom gaatt i gløyme-boki, baade i skule-departementet og annanstad. Til meir trengst det at den ungdomen som ein gong skal faa magti i landet, er vaken og ikkje let dei som her har synda, faa døy i syndi. For det er vel faa ting som soleis bryt ned vyrdnad for lov og rett som brot paa eit vedtak som baae parti hadde vorte samde um som eit fredsvilkaar.

Men skulde ikkje stortinget sjølv magta aa halda uppe den semja um jamstelling, som var vedteke i 1885? Vi har so lenge trudd at stortinget hadde magt og vilje til aa "retta det som rengt er, reisa det som velt er".

Henrik Wergeland sa i helsingssongen sin til stortinget 1842:

"Haakons hall og Olavs kirke

reise vilde de av grus.

Ha! det var Nordmannavirke,

var det ikke, Akershus?

Og hvad fryd for dine taarne

saa du Haakons tid igjen!

Det beror paa Norges kaarne.

Tidens guder er dens mænd".

Det vart so stilt i landet daa Henrik Wergeland døydde i 1845. Den nationale uppvekkjing hadde mist føraren sin. Hadde han faatt lengre livedagar - hadde han faatt uppliva Ivar Aasens og andres modige upprop til bøndene um aa setja morsmaalet sitt i hogsætet att i skule, kyrkje og offentlege møte - so skulde det visst set anleis ut i mangt og mykje. Han skulde nok teke hand i hanke for at hundradaaret ikkje skulde "nedrødmet" fyrr det norske maalet vaart hadde kome til sin rett.

Eit lite døme paa korleis det stod til i tidi nærmast etter at Ivar Aasen hadde faatt alle dei lærde gjæsene paa Capitolium til aa skrika, lyt eg her fortelja: Daa eg kom inn paa Nissens latinskule i 1851 var læraren i norsk ublug nok til aa nytta "Boyesens Danske Grammatikk". det var den vi skulde læra etter. Det var berre bruken av "sin" og "deres" som det var lite grand ugreide med, sa han. I Danmark sa dei t.d.: "Medens de stakkels sømænd lider ondt paa havet, koser de andre sig i hjemmene med deres koner". Dette er rett i dansk, etter det 6te bod i Mose lov, men sa vi so her i landet, var Gamle-Eirik laus, og det 6te bodet var krenkt! Han vara seg for as faa oss til aa skyna meiningi i det 4de bodet: "Æra far din og mor di so du fær liva lenge i landet". I minsto fekk vi ikkje under inntuktingi i "Boyesens Danske Grammatik" høyra noko um at vi skulde æra det norske morsmaalet som det norske folk hadde ervt fraa far og mor saman med det landet vi livde i. Det var Boyesens og danskanes maal vi skulde æra, maa vita! Med det framande maalet skulde vi liva baade godt og hyggjeleg i embætts-baasane i riksens store fehus (som Vinje tala um). For riksmagtene sytte ikkje for andre enn dei som var heime i dansken. Eg minnest òg kor ille det gjekk meg ein gong eg sa til ein dansk lærar i geografi at Norig laag paa 58de og 71de breiddegrad paa norsk, medan han vilde ha det paa dansk, (otte og halvtredsindstyvende og en og halvfjerdsindstyvende). Eller ein annan gong eg i ein norsk stil um "En høstdag" hadde skrive: "vi legte gjemsel mellem kornstaurene". Daa fekk eg vita at det "paa norsk" ikkje heitte "legte" men legede og at det berre var "den ukultiverede almue" som sa "staur", "dannede mennesker" sa stør. - So høgt stod dansken her i hovudstaden i dei dagar, at dei paa det einaste teater berre hadde danske skodespelarar, den fine kultursnobben skulde ha eit godt mynster til aa retta talen sin etter! Det var system i avnorskingsarbeidet! Det har ogso med systematisk drivhus-drift halde seg godt i hovudstaden, som dei difor ogso arbeider so hardt for skal verta heitande Christiania og ikkje taka det gamle norske namnet Oslo. Det har nok ogso tidt og jamt synt seg baade ved gymnasiast-pipingi mot "Det norske teatret" og ved andre tilhøve at "gjengangerene", pedantane og danemaalsmennene trivst framifraa vel i det gamle døyande Christiania - liksom makken i gamall, utskjemd ost eller ult kjøt.

De kann daa skyna kor sterk "provins-aandi" har vore i yverklassane. Og som epli ikkje fell langt fraa treet, so har borni ogso heilt gaatt i fotefari til federne sine - til dess dei - eller sume av dei i minsto - som hadde ete av "kunnskapstreet" ein vakker dag gjorde upprør og reiste seg til vern um det norske morsmaalet.

I 1850-aari tok daa endeleg vinden so smaatt til aa snu seg. Som Vinje song i fyrste nr. av "Dølen" i 1858:

"Her lengje bles ein sunnanvind,

som Noreg sveid og brende.

No er det som ein nordanvind

vil driva den attende".

Med Aasen og Vinje kom det eit heilt tidskifte. Ein norsk bokavl tok no til aa bløma upp. Vi ser av Anton Aures boklista yver norske bøker at norsken alt no har ein gild bokavl, og rekk snart sagt yver alle umkverve, i dikting, vitskap, soge og praktiske kunnskapsgreiner. Norsken tevlar no med norsk-dansken i mest alle leider.

Difor reiser det seg ogso sterkare krav til aa bryta nye vegar, so morsmaalet kann naa fram til full jamstelling med bokmaalet. Vi har ogso no, serleg etter 1905, vakse munaleg fram i den ærekjensla som krev at alle fedrelandsvener legg all sin hug og dug i eit djervare vakthald og aa søkja jamt lenger og lenger fram.

"Dagen er uppe; det er tid til aa vakna og gjera manndomsverk", som det heiter i Bjarkemaal som Tormod kvad paa Stiklestad. Men det er mange som maa vekkjast or svevn og faakunne. Det er diverre enno altfor mange i sjølve maalmannslægret og i ungdomslagi, som dei høver paa dei ordi av Henrik Ibsen:

"Gaar til sin gjerning de norske mænd,

viljeløst, vimrende, ved ei hvorhen.

Skrukker sig hjerterne, smyger sig sindene,

veke som vaggende vidjer for vindene."

Kjenner ikkje nokon kvar folk som gjev seg ut for maalmenner, og som ikkje legg ei stikke i kross til aa fremja vaar sak? Som staar "viljeløst vimrende", endaa dei veit at her er ei fedrelandsk heilag sak, som skulde vekkja "viljens unge løve" til siger og ære og framgang for folk og land?

"Setzet Ihr nicht das Leben ein, nie wird Euch das Leben gewonnen sein." Røynsla har vist at desse ordi av den store tyske diktaren Schiller er eit sant ord til alle tider.

Eller hugsar de ikkje korleis Ibsen i Peer Gynt let presten tala ved gravi til han som hadde hogge tumalfingeren av seg for aa gaa fri hermannstenesta, til vern for folk og land?

"- - - Han var en nersynt mand.

Folk, fædreland det høie,

det som skulde malmtungt hjerter naa,

stod stedse slørt av taake for hans øie."

Men aa gjera seg av med morsmaalet sitt er vel verre enn aa gjera seg av med tumalfingeren sin? Yver honom som gjer dette nidings-verket skal vel gravtalen falla med mangedubbel vegt. Ein slik kar er vel mange gonger laakare en nokon "forsvars-nihilist". Men Ibsen hadde, som fyrr sagt, sjølv faatt noko av trollrispet i auga, han gjekk sjølv i taake og saag ikkje korleis gravtalen til presten var ein tale yver han sjølv, daa han hædde det norske maalet og maalmennene ("400 aarig natten ruget over abekatten" o.s. fr.). Han var sjølv for nærsynt til aa sjaa kva "folk, fædreland det høie, som skulde malmtungt hjerter naa", hadde aa segja i ei national kulturørsle som maalsaki er.

Men vi kann likevel, i takksemd for det store og gode han har dikta og fremja, segja med presten i slutten av talen:

"- - Men høit paa heiens hvelv

i slægtens snævring, hvor han saa sit virke,

der var han stor, fordi han var sig selv.

Den klang, han skaptes ved, den blev sig lig.

Hans færd var langspil under spaanens dæmper."

"Ver deg sjølv!" Ja, rett sagt, og godt, kjære Ibsen! Det er vilkaaret for all vokster, for all kultur, for all sann og sterk personlegdom. Men skal den norske bonden, det norske folket faa vera "seg sjølv" i aand og sanning, lyt det ogso faa hevda sitt norske morsmaal fullt og fritt. Daa lyt det ogso vera slutt med riksmaalstvangen, som vil hindra borni fraa aa vera seg sjølve, og gjer oss armare enn vi kunde vera.

Fram daa - til vakthald um det norske maalet! Latt oss minnast Ibsens ord!

Det var "i slægtens snævring" Ibsen stillte si harpe og song; det var under fortrykte aandsvilkaar for det norske folket; det hadde ikkje naadd fram til aa vera seg sjølv; det hadde ikkje vunne aa gjera seg fri fraa dansketids-skodda. Berre ei sterk, frisk national aand, runni av norsk bondeætt, som Aasmund Vinje, kunde magta aa lyfta seg upp yver denne "slægtens snævring", og trass i all motgang og all hinder rydja tufti for ein blømande norsk bokavl, til framtids gagn og ære for land og folk.

Det politiske bakstrævet sette i 1860-70 aari serleg hardt inn med skandinaviske (dansk) og amalgamistiske (svensk) straumdrag til tyning av alt norsk. Mistrui til alt nationalt ovra seg paa mange maatar. At national-diktaren vaar, Aasmund Vinje, vart kasta ut av justitsdepartementet i 1868 er kjent nok. I same aaret var det at nokre av høgre-riksraadane i eit framlegg til stortinget raadde fraa eit forslag fraa Vinje um at gamal-norsk skulde vera eit læreemne i dei høgre skulane. Dei nøgde seg heller ikkje med dette, men vaaga endaa til aa bannlysa alt som kunde fremja ein national kultur-framvokster. Dei sa at "interessen for og troen paa og kjærligheden til det nationale" var so altfor stor fyrr, at ein skulde vara seg for aa nøra upp under denne skade-elden med gamal-norsk. Naar folk kom til aa lesa sogone vaare i grunn-maalet, kunde dei koma til aa samanlikna Norig i si glanstid med nedgangs- og forfalls-tidi i 1860-80-aari, og vidare faa augo opne for korleis det norske talemaalet i vaar tid ættar fraa det gamle norske.

Men - det politiske bakstrævet grov si eigi grav. Etter 1884 kom det ei sterkare national rørsle i 1885 fekk vi det fyrr nemnde stortingsvedtaket um at norsken skulde vera jamstelt med dansk-norsken. Det leid og det skreid frametter, um ikkje paa langt nær so fort og sterkt som ventande kunde vera. Sjaa berre paa korleis avnorskingsarbeidet vert drive med full kraft enno; sjaa kor iherdigt det driv, so ser ein òg kor smaatt norskdoms-arbeidet gaar i samanlikning! Her ligg enno ei vid mark som ventar paa folk med plog og horv og saakorn!

Men no tek ogso austlandsbygdene, som so lenge har lege stille, til aa røra paa seg i maalvegen. Vi har sét at Romerikes ungdomssamlag har gjeve upp si "nøytralitet" i maalsaki og teke paa med "et selvstændigt maalarbeide her øst". Amtsskulestyrar Eivind Berggrav-Jensen har alt halde liktalen yver "den norsk-danske riksmaalsbevægelse"; den har "ifølge selve livsloven været en dømt bevægelse"; den er "uten haap og nationalt uklar". Men alt lenge fyrr Berggrav-Jensen og Romerikes ungdomssamlag tok til aa røra paa seg, hadde folk skyna, at det med austlandsbygdene eller "flatbygdene" paa austlandet baade vilde koma ei ny og sterkare magt i atterreisingi av vaart norske folkemaal. Med austlandsmaalet vilde ein òg koma nokre stig nærmare den faktisk livande talen, og dermed gjeva heile maalrørsla ein sterk framstøyt. Alt i 1883 heldt eg paa eit møte her i hovudstaden eit foredrag um dette. (Sjaa "Dagbladet" for 10de januar 1884, og i "Dagbl." for 23de febr. s.a. kom ogso Moltke Moe med eit uppsett der han gjev meg sin studnad). Sidan har fleire og fleire reist kravet paa at "landsmaals-normalen" i skriftform m.v. maa verta revidert, so det kann verta liksom ei tidhøvelegare bru millom austland og vestland.

Det har vorte ein strid um dette spursmaalet. Men ikkje reftare enn eg ser, er austlandsreisingi retta mot riksmaalet eller norsk-dansken og ikkje mot den norske maalrørsla. Eg skynar ikkje at det er nokon faare for den norske maalreisingi i at ein gjev rom for slike austlands-former som kua og sola i staden for kui og soli o.s. fr. Eg er ikkje samd med futen i Holbergs "Peder Paars", som

"da han et i foruden tøddel saa

skreg: inden stakket tid vi et barbari vil faa!"

Kann no desse flatbygdene faa tilhøve til aa reisa seg til strid for bygdemaali sine, vil det vera eit munalegt framstig for maalrørsla i det heile. Noko "barbari" eller "anarki" fæler eg ikkje for, um amtsskulestyrar Berggrav-Jensen fær lukka med seg i den striden. Eg i minsto er Berggrav-Jensen takksam for den striden han har reist. Han fann òg ei høveleg tid til aa reisa uppropet til flatbygdene um aa slaa fylgje i maalsrørsla til hevding av bygde-maalet. Det kom paa lag samstunds med det store bondemøtet paa Litlehamar, der bøndene dryfte spursmaali um korleis dei best skal halda bondebaten fram i vaare tider. Og bondebaten - vart det sagt - heng med hjartestrengjene sine saman med det norske bondemaalet. Utan maalreising vert det heller ikkje nokor magt i bondereisingi. Ogso i høgrepartiet er det dei som skynar, at eit konservativt parti maa òg staa paa national norsk grunn um det skal vera liv lage.

Eg skal ikkje her gaa nærmare inn paa korleis brui millom dei ymse bygdemaali skal verta bygd. Den nemndi kyrkje- og skuledepartementets styrar, Løvland, nett har faatt samla, vil nok snart leggja fram ei utgreiding som liksom skal peika ut framtids-vegen til ei semje i maalvegen paa norsk grunnlag.

Til slutt skal eg, som har vore med i maalrørsla heilt fraa 1860-aari, berre faa lov til aa segja at sjølve den "fornorskingi", som ein flokk av "riksmaalsmennene" held paa med, ogso er "eit stig paa heimvegen" til norsk maal, som vi maalmenner òg har orsak til aa gleda oss yver. Di meir fornorsking - di nærmare det norske livande talemaal. Ogso riksmaalsfolk tek til aa sjaa at skal det verta tale um "fornorsking", so maa ogso riksmaalsfolk ha all samhug for det norske folkemaalet, som er den kjelda dei skal ausa "fornorskingi" av til sitt eige arbeid. Di meir "fornorsking", di meir von um aa møtast paa sams norsk grunn! Det er soleis ei historisk utjamning som i minsto eg vil ynskja maa ha lukke med seg.

Men det er fleire flokkar av riksmaals-menn. Det er dei som heilt vil fylgja dansken som fyrr - korkje ha harde konsonantar eller tviljod eller norsk orddaning eller taka upp norske ord. Dei er aa likna med kona til Lot som ikkje kunde halda seg for aa stâna paa flugti og kasta eit kjærlegt augnekast til sin gamle heim i Sodoma og Gomorah - og vart til ei steinstytte! Slike steinstyttor ser det ut til at ogso dei riksmaalsmenner kann verta, som vil verta staaande ved dei altfor stutte og snaude tilmaatingane til norsk skriftbruk som i 1907 var fastsette i rettskrivingi av norsk-dansken. Men den tridje riksmaalsflokken (med professorane Falk og Frithjof Nansen i brodden) vonar eg vil sjaa berre frametter, naar dei legg ei fast hand paa plogstyret, for aa gjeva vaar heimlege jord den beste grøda.

Kor som er: De, unge vener, vil eg berre vona daa fær sjaa gode vendingar i maalstriden! De kann faa sjaa atterreist det folkemaalet som lyt vera det sanne grunnlaget for framgang i national ærekjensle, for alt det som praktisk høyrer med til rett skiping av folkelegt styre i skule, i kyrkje og alt vaart offentlege stell!

Det er de som fyrst og fremst skal vera vakthaldet um maalreisingi frametter.

Lat det norske heimemaalet dykkar ljoda sterkt og jamt ved alle høve i det private liv og offentleg. Norske blad og bøker maa stydjast mot den ovstore flaumen av danske og norsk-danske bøker og blad. Stutt sagt: "Lat det merkjast i meir enn i ordi", at de held fedre-arven vaar i stand!

Naar det vert reist herskrik mot folkemaalet - og det hender dagleg - so møt fram djervt til vern og verje for det. Reis dykk mot maaltvangen i skulane og annanstad.

Haldt serleg auga med administrationen og alle som styrer med skular eller andre kommunale ting.

Lær dei aa gjera sin skyldnad! Lat jamstellingi millom norsk og norsk-dansk bokmaal ikkje lenger, vera ein laus talemaate.

Lær alle aa ha vyrdnad for den store nationale kultur-rørsla som maalreisingi er. Kunnskaper magt! Vyrdnad for andres meiningar er ei samfunds-dygd!

Hugs ogso Sverres ord til birkebeinane: "Det vert sjeldan noko til kar av dei som er blaute i ungdomen". Gaa paa med klokskap og djervskap som Sverre naar Andvake-luren ljomar yver fjell og fjord og dal, yver bygd og by!

Fram daa frendar

i fredelege kappstig!

retta det som rangt er

reise det som velt er!

Byggje og bøte

med bot som duger!

Gjere verk som varer

til verdi øydest!