Halvdan Koht
Slepp ikkje krigen laus!
NRK radio, 25. august 1939
Kilde: NRK.no - "Stemmer fra arkivet".

Høgvyrde lyarar,

Eg går ut ifrå at de alle har hørt eller lese den fredsappellen som no sist onsdags kvelden vart sendt ut ifrå Brüssel. Denne appellen sa i grunnen ikkje meir eller anna enn det som alle vetuge menneske tenker. Alle reddast for krigen, alle ønsker fred. Og alle vi som står utafor dei spørsmåla som striden står om, vi synest at disse spørsmåla er ikkje annleis enn at dei burde kunna bli løyst på ein måte som var til gagn for alle partar - så sant partane ville legge godviljen til. Men det var som det skulle vera uråd å få i stand den venskapelege samrådinga og tinginga som kunne løyse striden. Og som om ingen annan utgang var mogeleg enn at striden førte heile verda ut i krig.

Det var dette som me ikkje kunne sitta roleg og sjå på. Det måtte bli ei samvetssak for alle regjeringar som styggest ved krigen å seia frå om kva dei tenkte, og gjera alt som stod i deira makt for å stagga dem som rusa fram imot krig. Difor var det utanriksministrane frå Oslo-statane møttest.

Det var Kong Leopold av Belgia som kalla i hop møtet. Og det var naturlige at tiltaket kom ifrå han. Denne unge kongen veit kva krig og tap og ulukke vil seie. Han har alt røynt så mykje av det. Det har merkt andletet hans med ei sorg som berre ein vennleg smil lyser opp i. Og han er talsmann for eit land som gjennom mange hundre år har vore slagmarka for dei europeiske hærane. Alle som hørte på da han las opp fredsappellen i kringkastinga, måtte kjenne at han var sterkt personleg grepen og fylt av alvoret i det han sa. Eg var til stades i den salen på slottet i Brüssel der han stod framføre sendaren og tala. Og eg såg at han stundom måtte stanne opp og samle viljen sin så han skulle få det fulle herredømme over røsta. Han tala utan noko slag retorisk konst - endeframt og einfeldt. Men kvart eit ord kom ifrå hjarta. Det var ministrar som hadde forma setningane i appellen, og dei var kanskje i seg sjøl noko turre. Men det var Kong Leopold personleg som hadde vilja ha med dei poetiske orda til slutt, om den mektige vona som skulle sprenge redselslufta over jorda liksom havgula bryt igjennom skodda og opnar veg for lyset.

En fikk ein samtale med kongen etterpå. Og det var tydeleg å merke kor sårt han lengta etter eit svar på appellen sin - eit svar som kunne gje trøst og von.

Eg vil gje nokre faktiske opplysninger om det som heng i hop med talen hans. Det var den 8. august at han skreiv breva sine til dei andre monarkane innafor Oslo-gruppa, og ba dem spørre regjeringane sine om dei ville vere med på eit møte i Brüssel og rådlegge om slik ein fredsappell. Han sendte ein mann rundt med disse breva, og dei nådde fram til den siste regjeringa den 13. august. Så rådla regjeringane kvar for seg og seg imellom. Det siste svaret nådde, etter alt eg veit, fram til Brüssel den 18. august, og innkallinga til møtet gikk så ut den 20., søndagen. Tre dagar etter, om morgonen, måtte vi alle vera i Brüssel.

Oslo-gruppa er dei sju statene som er med på Oslo-konvensjonen frå 1930: dei fire nordiske statane i lag med Belgia, Luxemburg og Nederland. Oslo-konvensjonen er ingen politisk avtale. Han gjeld berre reint økonomiske spørsmål. Men dei politiske vilkår har i dei siste åra drive nett desse sju statane nærare og nærare i hop, og i fjor sommar, i juli 1938, vart den fyrste politiske samkoma mellom dem halden, i København. Det var da dei forkynte nøytralitetspolitikken sin. Og da lova dei kvarandre at dei skulle halde på med å samrå seg med kvarandre om freds- og nøytralitetsspørsmål. Difor var det Kong Leopold vendte seg just til disse statane. Og alle utanriksministrane deira følgde innbjodinga hans.

Det som fredsappellen gikk ut på, det var å be dei partane som var i strid om at dei skulle møtast til broderleg drøfting istanden for å truge einannan med våpenmakt. Personleg ville eg ha ønskt at denne oppmodinga hadde fått slik ei form så stridspartane hadde vore nøydde til å svare eit "ja" eller eit "nei". Hadde ein endefram spurt regjeringane i Europa om dei ville vera viljuge til å ta imot ei innbjoding til ålmenn internasjonal fredskonferanse, så hadde dei måtta ta standpunkt. Dei hadde ikkje kunna nøyast med å berre legge bort appellen som eit vakkert skriftstykke. Og da hadde dei stått klart og greitt framføre kvart sitt ansvar. Men sakleg sett var innhaldet det same. Og ansvaret kan ingen renne ifrå.

Kan vi ha noka von om at appellen vil føra fram? Det ser smått ut med det. Det ser ut som ingen ting lenger kan stanse framrennet imot krig. Paven har fulgt etter med sin fredsappell, president Roosevelt med sin. Kravet reiser seg sterkare og sterkare frå alle kantar: Slepp ikkje krigen laus, men la spørsmålet bli løyst i fredeleg drøfting! Ingen kan vera i tvil om kva folkemeininga og folkeønsket i verda er. Og så lenge ikkje krigen er endeleg slept laus, så får vi halde oppe ei lita von om at det er mogeleg å halda han tilbake.

I alle høve har no dei sju Oslo-statane, deriblant Noreg, gjeve klart og greit ord for det ålmenmenneskelege fredskravet. Det er statar som står utanfor alle dei stridsspørsmåla som no vel ufred i verda. Det er statar som ikkje er bundne til noka maktgruppe i Europa eller i verda i det heile. Dei har inga anna interesse enn fred og rett. Dei burde difor kunne ha ei von om at orda deira vart høyrt.

Ein ny verdskrig no ville vera noko så fælt så mest ingen kan skjønne det fullt ut, og alle som har ansvar for folka sine burde støkke tilbake ifrå den grufulle øydelegginga som krigen ville bli. La oss vone i det lengste at ingen torde ta ansvaret for krigen på seg.

Men så må eg til slutt få seie eit par ord særskilt til det norske folket. Skal den ulukka hende at det blir ny storkrig i verda, da blir det ei hard tid for oss òg. Om vi så greier å halde landet vårt utanfor krigen - og det trur eg vi bør kunne greie - så kjem livet vårt til å bli innkrenkt og innsnørt på mange måtar. Det blir ikkje tale om krigsforteneste og glade dagar. Her blir ingen fridom for spekulantar. Og her blir innskrenkingar og bandleggingar for sjølve den normale handelen og skipsfarta. Det kjem partane i krigen til å sørge for. Vi kjem til å måtte sakne mange ting som vi no synest høyrer med til det daglege brød. Men krigen kjem i det minste ikkje denne gongen så uventande på oss som i 1914. Og vi er mykje betre førebudde enn vi den gongen var til å møte alle vanskane. Ein må difor ikke la seg gripe av nokon redsel. Vi har det meste av det vi treng i landet. Og jamvel om det kan bli smått med tilførslene, så kan vi da slå oss igjennom. Samhjelp og samskipnad er det som skal til. Og der må vi alle vera med, frå øvst til nedst. Vi må syne at den nasjonale ånda i folket vårt er sterk og levande nok til å føre oss samstelt igjennom dei harde tidene som kan koma.

Men la oss likevel enda, så lenge som råd er, halde oppe ei von om at disse fæle krigstidene ikkje må koma over verda. Og la oss halde den tanken levande i oss, at vi vil vera med og freiste på å bygga upp samfunnet slik at krig til slutt blir umogeleg.

God kveld.