Nikolaus Gjelsvik
Den frilynde ungdomsrørsla
Årsmøtefesten for Norigs mållag og Norigs ungdomslag
Oslo, 5. juli 1914
Kilde: N. Gjelsvik: Fyredrag aat ungdomslag nr. 14: Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag, Oslo 1914.

Det var i aatti og nitti aari, at den frilynde ungdomsrørsla rett tok fart. Daa grodde det fram ungdomslag liksom av seg sjølv, utan noko arbeid fraa eit landslag eller eit landsstyre. Ungdomslagi skipa seg i fylkeslag, og nokre fylkeslag grunnla so Norigs ungdomslag paa eit møte i Trondheim i 1896. Det er no i alt millom 8 og 9 hundrad einskildlag og 27 fylkeslag, og talet paa lagsfolket er noko yver 40 000.

Det er snart mange nok lag og lagsfolk; men den frilynde ungdomsrørsla maa endaa veksa mykje i indre kraft og i arbeidsevne.

Det var ymse moment som gjorde, at den frilynde ungdomsrørsla tok fart sist i det 19de hundradaaret. Ho hekk nøgje saman med den politiske og nationale vekkjing, som fylgde med den politiske striden i 70 og 80-aari. Folkehøgskularne og andre ungdomsskular gjorde og sitt. Ungdomar, som hadde vore paa ungdomsskule, vart nokre av dei beste lagsmennerne i ungdomslagi. Ein gild flokk folkeskulelærarar i bygderne la seg og hardt i selen.

Skal ei slik rørsle koma upp og faa magt, maa det vera noko sers, som tek hugen. Eit idealitetsgrunnlag maa til. Dette grunnlaget var den nationale atterreisingstanken: At det norske folket skulde verta det som det ein gong var: Eit sjølvstendigt folk baade politisk og nationalt.

Det kom sagte motburd. Motburd fraa alt, som heldt fast i gamall, ingrodd tankegang. Ja ofte motburd av den grunn, at det var ei idealitetsrørsle, som tok ungdomshugen. Eller som ei klok gamall kone sa til meg ein gong ho gret so saart yver det, at son hennar var med i ungdomslaget i bygdi: "Det kann vel ikkje vera noko gale i seg sjølv, men det tek so lett hugen burt fraa det eine naudsynlege."

Eg klandrar henne ikkje; og eg klandra henne ikkje den gongen helder. Ho tala soleis som ho laut tala etter alt det som var prenta inn i folket i lange tider.

Det kan henda, at ungdomen, som braatt kjende andedraget av ei ny tid, hadde ein altfor hard dom um dei gamle og den motburden som kom.

Motburden gjorde godt. Gullet skal reinskast i elden, og den ideale trongen maa stia eldprøva, han og, skal han vera egte. Eg kann fortelja eit tilfelle, som hende. Ein foreldrelaus gut budde hjaa morsyster si, som ikkje hadde born. Tanken var, at han skulde faa garden hennar. Men so vart det halde eit møte i bygdi imot ungdomslaget. Presten styrde møtet. Der vart ungdomslagsfolki granska og saumfarne, baade dei, som var til stades, og sume andre. Det kom fram "harde" skuldingar. Soleis hadde dei paa eit møte i ungdomlaget lese upp "Ervingen". Fraa den andre sida vart det sagt: "men ungdomen er daa avhaldsfolk." Slikt forsvar hjelpte ikkje. Aa vera avhaldsmann var farisæisme, som so lett førde til sjølvrettferd. Daa presten hadde høyrt desse skuldingarne heldt han ei tale og sa m.a., at han merka, at den franske vantrui heldt paa aa skola upp etter dei norske strenderne.

Det vart stor uppøsing i bygdi, kann ein vita, og guten fekk valet millom aa segja seg laus fraa ungdomslaget og alt som høyrde det til, eller aa gjeva upp garden. Han gav upp garden.

Lagi vaare kallar seg dei frilynde ungdomslagi. Dette namnet hev ikkje noko med partipolitiken aa gjera i trongare meining. Alle ungdomar kann vera med, kva politisk parti dei so høyrer til. Men me hev paa den andre sida visse grunntankar, som me held so fast paa, at me segjer: Betre aa ro rette leidi med lite mannskap enn galne leidi med stort.

Frilynde er helder ikkje frilynde i moral eller i god sed eller skikk. Dei segjer for eit gamalt ord: Lediggang er roti til alt vondt. Det gjeld og i det aandelege i nokon mun. Ungdomen maa ha noko aa bry seg um; han maa ha hugmaal. Den ungdomen som hev hugmaal, hev lettare for aa liva eit godt og reint ungdomsliv enn huglanse ungdomar.

Hugmaalet adlar mannen. Eller som det stod i "Aftenposten" (24/9-1912) i eit stykkje um den irske maalrørsla: "Det har altid sin interesse at følge en bevægelse, der har ideale formaal, og som derfor bunder i det bedste i menneskenaturen."

Ungdomen maa burt fraa alt, som dreg ned. So kom det kravet upp: Ungdomslag og rusdrykk hev ingenting med kvarandre aa gjera. Aarsmøtet i Kristiansand i 1903 gjorde soleis vedtak um, at det ventar, at ungdomslagi held rusdrykken burte fraa alle møte og festar. Dette er eit krav, som strengt maa haldast uppe.

Augo er spegelen til sjæli. Det sannar seg, naar ein ser ein full mann i augo. Han ser så inderleg tosken ut! Inkje under; for rusdrykken hev døyvt tanke og vitcentret i heilen. "Naar ølet gaar inn, gaar vitet ut." Men det henner seg ofte, at vitet gaar ut, um det so er berre for ei kort stund. "Det drukken bryt, lyt han udrukken bøta."

I ungdomslagi skai ungdomen kjenna, at han samlast med sine eigne, kven det so er som styrer laget eller fører ordet. Ingen maa kjenna, at han kjem til nokon, som smaaminkar seg til aa vera saman med han. Eg minnest noko, som ei frue fortalde ein gong. Ho og nokre andre fruer og frøkner hadde skipa seg saman og skulde gjera noko til gangn og hyggje for fabrikgjenturne. Men fabrikgjenturne var ikkje det minste takksame fortalde frua; og ho undra seg. Men hekk det ikkje so saman, tru, at fabrikgjenturnu, kjende, at dei fine fruerne og frøknerne tykte dei gjorde eit offer og ei sers god gjerning med arbeidet sit for gjenturne? Ingen tek gjerne imot offer eller gode gjerningar paa den maaten.

Ein rett ungdomslagsgut eller jente gaar paa møti og er med i arbeidet og set ikkje berre krav til dei andre, til styret, men hjelper til sjølv etter beste evne. Men dei skal og ha den sjølvnøydingsevna, at dei gjerne er burte fraa møti, naar foreldri eller husbondsfolket treng arbeidet deira net paa den tid. Inkje noko kaldsurt andlit i dette høvet! Ingen gut og ingi gjente gaar ifraa den sjuke mori, som treng til hjelp.

Den idealiteten, som ber arbeidet i dei gode ungdomslagi, er det sagte mange, som vil nytta ur, kvar for sine arbeidsmaal. Det er mest ikkje ende paa alt dei trur ungdomslagi skal gjera.

Fyremaali kann vere gode i seg sjølv, det er ikkje for det; men for mykje er for mykje og fører so lett til, at inkje gagns arbeid vert gjort, naar ein spreider seg so. Det er sagte brev nok fraa folk, som vil nytta undomslagi til arbeidsmark. Eg klandrar ingen; alle meiner det vel. Men ungdomslagi kan ikkje vera arbeidsmark for alt og alle. Daa faar dei ikkje ryggmerg, men vert lett til siv, som svagar for vinden.

Ungdomslagi skal hjelpa den bra ungdomen til idealitet i ungdomsaari: men det er ikkje det same som at ungdomslagi skal vera bergingsheimar for vanseda ungdom. Ungdomslagi skal vera heren, som vinn landet: men heren hev ikkje bruk for invalidarne. Alle som vil draga ungdomslagsarbeidet moralsk ned, maa kjenna, at dei hev ikkje noko i ungdomslaget aa gjera.

Det er mange skjer aa koma framum for folket vaart i vaar tid. Det maa serskilt nemnast, at den nationale sjølvupphaldingsviljen maa styrkjast. Folket maa ha eit so vake nationalt samvit og ei so sterk national andsvarskjensle, at det ikkje i noko høve vil spela hazard med landsens lagnad som sjølvstendigt land. Eg hev stundom den kjensla, at noko vantar her. Den rette sjølvupphaldingsviljen vil ikkje faa ro, fyrr me veit, at me hev gjort alt me magtar til aa vera bune mot aatak utanifraa kva tid det skal vera. Ingen veit, naar det vert bruk for aa vera parat. I april 1905 gjekk eg ein tur utanfyre Ulm. Eg kom daa framum den staden, der Blau-elvi skal demmast upp, naar festningsgraverne skal fyllast med vatn. Det var ikkje verre cementstøypingi, som var parat, men jamvel dei plankarne, som skulde nyttast til uppdemmingi; dei laag jamsides under tak. Var de ikkje raad aa faa plankar etter ein krig tok til, men fyrr fienden stod utanfyre murarne til Ulm? Aa jau, det var vel raad. Men eit folk, som vil vera parat, set ingenting upp til ufredstider av det, som kann gjerast i fredstider. Naar ufreden kjem, er det nok aa greida med likevel. So tenkjer eit folk med den rette sjølvupphaldingsviljen.

Hjaa eit lite folk ligg den freisting paa lur: "kva kann det nytta?" Eg skal ikkje gaa inn paa den militære sida, men berre peika paa den folkepsykologiske og den politiske sida: Det folket som i ei tid som vaar ikkje vil ofra alt det magtar paa forsvaret, viser at det ikkje hev den rette energiske sjølvopphaldingsviljen. Det folket viser, at det er eit godt emne til eit tenarfolk. Det ser dei andre og vil gjerne leggja eit slikt folk under seg og nytta det ut for sine nationale fyremaal. Alle vil gjerne ha gode tenarar. Naar eit folk, som er eit godt emne til tenarfolk, vert eit tenarfolk, kjem det paa rette hylla og gjer størst gagn. Ein kan difor ikkje gaa altfor hardt i rette med den livslovi, som fører med seg, at eit slikt folk maa verta eit tenarfolk fyrr eller sidan.

Paa den andre sida kann ein minnast det som den austrikiske professoren Ratzenhofer er inne paa i eit av verki sine. Han segjer som so: "Austrike maa tola mangt av Montenegro, som det ikkje ville tola av eit anna land. Montenegrofolket er fatigt og stridshuga, og Austrike agtar seg vel for aa leggja det under seg og dermed faa den kvefsen inn i huset."

Paa ymse ungdomsstemnur i aar er det sagt ifraa til riksmagterne, at ungdomen er viljug til aa taka paa seg det ofret, som trengst. Det er gildt aa høyra. Men fraa ungdomen si side er det ikkje fyrst og fremst spursmaal um eit offer, men um eit krav. Den ungdomen som skal verja landet, hev det kravet til riksmagterne og til heile folket, at han fær den øving, som trengst, naar han skal vera motstandaren heilt vaksen i militær tame. Fyrst naar soldatarne og officerarne hev den kjensla, at dei er motstandaren heilt vaksne i militær tame, kann det vera tale um, at kommandoordi og gaa-paa-signalet skapar den massesuggestionen, som ingen kan staa seg imot.

Ein her, som ikkje hev den rette øving, vil ha stort mannespille, utan nytte. Det fortel ei soge fraa den fransktyske krigen 1870-71, etter fransmennerne hadde mist feltheren sin. Ein flokk av ein improvisera her skulde storma ein plass, som det var sers mykje um aa gjera aa taka fraa fienden. Ja, dei franske soldatarne byrja aalaupet svært uppglødde, og det gjekk godt til dei kom midtvegs, daa fyrste salven kom imot dei, so nokre laag att paa plassen. Daa snudde dei andre med ein gong og sprang tilbake det snøggaste dei vann. So raad-la officerarne um, kva dei no skulde gjera. Dei vart so einige um, at dei skulde storma fram, anten so soldatarne snudde eller ei; dei trudde at naar soldatarne fekk vita det, so vilde dei fylgja med. Dei gjorde so aalaupet paa nytt. Men soldatarne gjorde som fyrste gongen: snudde, daa dei fekk fyrste salven imot seg. Officerarne, som likevel gjekk paa, vart nedskotne til siste mann. Som rimelegt var; officerarne aaleine kan ikkje jaga fienden.

Som ein ser: Nyttelaust mannespille. Det er difor me segjer; Den ungdommen som skal verja landet, hev rett til aa krevja den øving, som trengst, anten so tillegget til det som no er, vert stort eller lite.

Korleis skal eit folk som vaart faa den energiske sjølvupphaldingsviljen, som skal til i vaar tid? Jau, folket maa kjenna med seg sjølv, at det hev eit politisk fyremaal, eit nationalt kall. Elles er det ein aalmuge og fær same lagnaden.

"Et folk som kjenner kallet

er verdens største kraft;

mod det maa alting falle,

det staa høit eller lavt."

Men eit slikt nationalt kall kann folket ikkje kjenne, dersom det trur, at det alltid skal verta verande liksom ein urpost for eit anna lands kultur og nationalitet. Dette kjenner og folk paa seg, reint instinktivt; og her hev me djupaste grunnen til arbeidet med aa reisa uppatt det norske maalet. Det er denne instinktive kjensla, som hev gjeve dette arbeidet vinden i segli. Det er ikkje hat og misunning so som mange segjer. Aa nei, hat og misunning hev aldri gjort noko storverk, naar det galt aa reisa det, som laag nede. Det maa nok andre krafter til.

Ingen kann visa nokon annan veg til aa faa folket til aa kjenna eit nationalt kall. Difor er det for oss ikkje tale um aa gjeva upp, fyrr sigeren er vaar. Me strider for grunnlaget for det nationale livet og for livsvilkaaret for folket.

Sume kjem til oss og segjer: "De arbeider for "maalet hennar mor". Kunde De ikkje heller gjera noko for dei fatige!" Ja, so um lag sa Judas Iskariot òg i ei noko liknande stode, daa nye ting var i gjerdom. Han fekk det svaret: "Dei fatige hev de alltid hjaa dykk; men meg hev de ikkje alltid." Det vil segja i vaar samanheng: "Um me fekk framandstyre paa nytt her i landet, so hadde me likevel godt høve til aa hjelpa dei fatige. Dei vart det ikkje færre av, det kan me vera støde paa. Men det var ikkje sagt me fekk høve til aa arbeida for Norigs nationale atterreising. Det høvet hev me no, ingen veit um me fær det sidan, dersom ikkje arbeidet no vert gjort.

Og um me mang ein gong synest det gaar smaatt og traatt, so misser me ikkje modet for det. Anten me er mange eller faa, me held ut. Me veit òg svært godt, at det er ikkje fleirtalet som raar eller stakar upp framtidi, men fleirtalet av dei, som hev ein energisk politisk vilje i kvar sak; og det kann godt vera eit mindretal, ofte eit lite mindretal. Daa independentarne styrde i England, var dei 10 % av folketalet. Kvifor hadde dei so magti? Av di sei var fleirtalet av dei, som hadde ein energisk politisk vilje. Daa dei kristne tok magti i Romarriket, var dei berre 25 % av folketalet. Og løyndomen var den same: Desse 25 % var fleirtalet av dei som vilde noko og sette kraft inn i arbeidet. Likesæla og daudkjøtet raar aldri - og bør helder aldri raa.

I arbeidet med aa reisa landet paa alle leider: nationalt, økonomisk og i forsvarsevne, legg me oss alle mann hardt i selen, kvar mann i sitt livsyrkje. Her er sanneleg arbeidsmark nok for alle. Naar me so alle saman, kvar i sitt livsyrkje, gjer vaart beste, so er ikkje det berre for den arme føda, men me gjer vaar skyldnad for folket og landet si skuld. I skuledagarne kjende eg ein gut, som var nokre aar eldre enn eg. Eg kom inn um garden hans for eit par aar sidan. Han synte meg ikring paa garden so eg fekk sjaa alle ækrurne, han hadde brote upp og lagt inn, og so sa han: "Naar eg um ei tid lèt garden ifraa meg til dei tvo gutarne, skal dei faa kvar sin likso gode gard, som den eg tok imot av far." Han gledde seg yver dette, for di han visste med seg sjølv, at han hadde gjort gagnsverk for folk og land. Det er aa ha idealet bak yrkjet. Det gjev livet innhald, so det vert korkje tid eller høve til aa spyrgja: Er livet verdt aa liva? Soleis er det at hugmaalet adlar mannen.

Paa sumarstemnurne vaare skal ungdomen faa kveikjing og hugstyrkjing, so han kan reisa heimatt med ny kraft til aa taka paa med arbeidet, til gagn og glede for seg sjølv, for folket sitt, for bygdi og landet.

So segjer me med Anders Hovden:

Mitt land eg gjev med hugheilt mod

alt det som heiter mitt;

min sveite og mitt friske blod,

sjaa det er allting ditt!

So sælt ein gong for sliten mann

aa sova i di jord.

Gud evigt signe Norigs land,

det er mitt siste ord.