Peter Hognestad
Gud er attaat
17. mai 1905
Kilde: Peter Hognestad "Gud signe vaart dyre fedraland!", Norigs ungdomslag, Oslo 1905.

Det vart tala mykje her i 1814, og vaare fremste og beste menner bar fram mange gode ord. Men eitt lite ord kvelver seg som ein himmel yver alt i saman. Den som tala det ordet, var korkje konge eller prins, han var ein bonde. Det var den bonden som sagde til professor Sverdrup paa vegen til Eidsvoll 16. februar: "Kva du so segjer og gjer, so kom i hug at Gud er attaat."

Gud var attaat i det som hende med vaart folk i 1814, elles hadde me ikkje i dag kunna samlast i Guds hus paa denne høgtidsdagen 90 aar etterpaa. Og bonden gav ord fyr det som nordmennerne i det heile meinte i 1814, for dei vilde gjerne hava Gud attaat.

Me vil helst segja i vaare dagar, at det var ein klen kristendom vaare fedrar hadde i den tid, ein flat rationalisme. Men daa bør me fyr det fyrste hugsa at Hans Nielsen Hauge hadde vekt upp store mengder av folket til ein meir livande kristendom. Og fyr det andre skal me vita, at den rationalistiske kristendom just hadde sin styrke naar det galdt aa ropa Gud til hjelp i jordlivs naud. Daa kom det flugt i salmesongen og varme i bønerne. Dei kunde lite med det djupaste i kristendomen, aa beda seg ut or syndi. Men dei kunde beda fyr fedralandet. No kann det henda det finst mange kristne som kann ropa i syndenaud, men ikkje finn ord til aa beda fyr fedralandet. Det beste var um me kunde baade det eine og det andre. Gud hjelpe oss til aa verta slike heilstøypte kristne!

Gud er attaat! Det kom til orde paa fleire maatar i 1814. I eit brev som prins Kristian Fredrik den 19. februar skreiv til bisparne, tok han til med desse ordi: "Den bedste begyndelse til alting er at begynde med Gud. Fra ham kommer velsignelse naar vi gjør hvad ret er." I dette brevet gav han fyresegn um at det norske folket kring i alle sokner skulde halda ein bededag, daa dei skulde samlast i kyrkja og sverja at dei vilde "hævde Norges selvstændighed og vove liv og blod for det elskede fædreneland." So skulde dei velja sendemenner til riksmøtet paa Eidsvoll. Til tekst fyr preika paa denne dagen gav prinsen upp Salme 62, 8-9, som den tid vart umsett soleis: "Hos Gud er min frelse og min ære. Min styrkes klippe, min tilflugt er i Gud. Forlader eder paa ham til hver tid, kjære folk! aabner eders hjerter for hans ansigt! Gud er vor tilflugt. Sela."

I Kristiania vart bededagen halden fredag den 25. februar i Vor Frelsers kyrkja og i Akershus slottskyrkja. Ved gudstenesta vart det millom anna sunge:

"Knæl, folkets fyrste! ydmyg ned for Herrens aasyn og tilbed! Gud Jehovah velsigner kroner, Gud Jehovah henaander throner. O jordens gud! kom det i hu: At han er Herren! - støv er du! Knæl folk med eders fyrste ned i tillidsfuld ærbødighed. Gud Jehovah, du er vor fader! Selv naar du revser, er du fader! Men hvo som lyder dine bud, ham, fader! lønner du som Gud!"

I slottskyrkja song dei:

"For dig som skuer fjern og nær, alvidende! vi stande her, det frie Norges sønner! Du hørte edens høie ord; du saa vort hjerte da vi svor; du straffer, og du lønner! Styrk du hver mand til at stride, virke, lide, ufortrøden, dig og Norge tro til døden."

Den 10. april daa riksmøtet paa Eidsvoll kom saman, var just lste paaskedag, og daa møtte heile tinget saman med prinsen i Eidsvolls kyrkja, for dei vilde vigsla sitt verk med gudstenesta; og den 19. mai. Kristi himmelferds dag, daa verket var ferdigt, møtte dei med sin nyvalde konge atter i kyrkja til takk og bøn. Me maa likjast federne i dette stykket. Maatte berre dei øvste styremagter i Norig aldri gløyma aa halda den tanken livande: Gud er attaat ogso i politiken!

Me ser at den tanken gjekk sterkt gjenom nordmennerne i 1814: Gud er attaat! Var so verkeleg Gud attaat? "Ja", hev mange sagt, "Gud gav oss fridomen i 1814", og dette hev dei halde so sterkt fram, at det mest skulde sjaa ut som fridomen kom dettande fraa himmelen beint i fanget paa det norske folk. I den seinare tid hev sogekunnige menner kome med motmæle mot denne syn paa den norske soga. 1814 hev ikkje kome dettande yver det norske folket, men det kom som ei frukt av ein lang framvokster. Sume ser soleis berre Gud som upphavsmannen, andre ser berre folket. Men dei hev urett baae tvo. For Gud var attaat, og det er han i all framvokster paa jordi. Folki veks sjølv og gjer fremgang, men det er Gud som set all vokster i gang og styrer all framgang. Vaart folk hadde vakse seg fram til 1814, men me takkar Gud at han styrde vokstren den veg. Og av og til i dei store vendetider kjem det tydelegare fram enn elles, at her hev Gud site til rors, han som styrer alle folks lagnad.

I vaar tekst idag syng Jesu moder Maria um Herrens velduge verk i soga. "Han hev støytt dei velduge ned av kongssæte og lyft dei laage upp." Dette syner den heilage soga mange døme paa.

Daa folket vilde byggja Babels taarn med toppen upp til himmelen, daa steig Gud ned og hindra deira byggverk. Daa kong Nebukadnezar seinare hadde bygt upp Babel, stod han upp paa sitt kongsslott og sagde: "Er ikkje dette det store Babel, som eg hev bygt til kongssæte ved mi sterke kraft og ved mi herlege æra?" Daa kom det ei røyst fraa himmelen og sagde: "Riket er gjenge fraa deg, kong Nebukadnezar."

Naar folk vert megtuge paa jordi, so, dei lyfter sitt hovud mot himmelen og segjer: "Eg er Gud!" daa fær dei kjenna Guds velduge hand i nakken, og dei maa bøygja seg med eller mot sin vilje.

Misunner Gud menneskjet naar det vert stort? Er han rædd fyr si eigi magi? Nei, det er ikkje fyr si skuld Gud gjer dette, men fyr vaar skuld. Det er fyr dei store sjølv som hev godt av aa verta rivne ut or sine falske draumar og sjaa sanningi, kva dei verkeleg er. Og det er til gagn fyr alle dei smaae paa jordi. Dei ovmegtuge menner og dei ovstore rike vil so gjerne koma til aa trakka og trykkja paa dei smaae. Dei vil so lett verta rovfuglar, og daa er det godt fyr alle smaafuglar aa vita at det sit ein Gud uppe i himmelen som kana segja til rovfuglarne: "So langt og ikkje lenger!"

Maria tottest vera ein slik liten fugl som fekk søkja livd under Guds vengjer. Vaart norske folk er og ein liten fugl millom alle stormagterne. Og i 1814 fekk det kjenna denne livd av Guds vengjer mot rovfuglarne. Dei store fuglarne hadde daa slege seg saman mot den største av alle, mot Napoleon, og dei hadde fenge honom i bur. No var dei samla i Paris og heldt høgtid, baade keisarar og kongar. Eg kann tenkja det lyste og lavde av gull og silke.

Paa same tid drog det i Norig ei kongsferd til Eidsvolls-kyrkja. Det var mennerne fraa rikstinget med sin nyvalde konge. Ei underleg ferd. Kongen hadde daa endeleg fenge ei vogn; men dei fleste av hans fylgje skrangla avstad i kjerror eller gjekk i vaarbløyta yver dei søylutte leirbakkarne. Det var ikkje stor stasen ved denne fatige ferd. Jacob Aall som sjølv var med, segjer: "Aldrig har vel en procession i simplere skikkelse, uden bram og ceremoni fundet sted ved et høitideligt kongevalg."

Dei megtuge kongar og keisarar hadde alt sendt sine menner som skulde gjera heile verket aat det norske folket um inkje. Men Gud saag ned paa den fatige ferd i Norig og sagde: "Her er noko som skal standa ved lag." Og han saag paa dei store kongar og keisarar i Paris og sagde: "Med det vesle norske folk skal de ikkje faa dykkar vilje fram."

Gud er attaat, og han vil vera attaat, men paa eit vilkaar: Me maa ottast honom og tena honom. Dersom Gud fær bruka smaafuglarne til sine tenarar, daa vil han verja deim. Det lyt vera framtidsvoni fyr vaart norske folk. Ogso eit lite folk kann verta stormodigt i sin hjartans tanke; men daa er det dømt. Profetarne laut gong pa, gong minna Israels folk um at dei ikkje kunde venta hjelp av Gud, naar dei ikkje vilde lyda honom.

I vaar forntid ser me Guds finger, han vil og vera med oss i vaar framtid Eg hev vore med deim som ræddast fyr vaar framtid og skalv fyr dei store rovfuglarne som kvesste klørne mot oss. Men det hev hendt noko som gav meg mod. Det var sumaren 1900 i Kristiania. Eg hadde vore hjaa ein ven, og me hadde tala um den store faaren fraa aust, og kor myrkt det saag ut fyr dei smaae folk. Med tunge tankar gjekk eg heim um kvelden. Men daa fekk eg paa gata ein liten setel, og eg gløymer aldri daa eg fekk lesa det som stod der. Det var eit ord av profeten Malakias, 3, 17, og det lydde so: "Og de skulle, siger Herren, hærskarernes Gud, paa den dag jeg skaber, være min eiendom, og jeg vil vise skaansel mod dem, ligesom en mand viser skaansel mod sin søn der tjener ham."

Det var svar fraa Gud paa mine myrke tankar. No held eg meg til det svaret, og det hev gjeve meg fred. Eg trur at Norig hev ei framtid. Og skulde det i denne framtid turvast ein stor aalvorsdag, daa heile folket skjelv, so kjem denne dagen ikkje ifraa magter i aust eller vest, men fraa Gud, og han styrer ogso utgangen. Gud vil vera attaat og "vise skaansel".

Ja, vakta oss, Gud, so me kaun bu

i heimen med fred og hyggja!