Erik Solheim
Naturvern er ein rett
Norges Naturvernforbunds landsmøte
Frofjellet, 13. juni 2003

Kjære naturvener!

Vi er samla her i eit rikt landskap, rikt på jord og landbruk, rikt på natur og rikt på kjende namn frå Noregssoga, frå dei eldste tider og til den nyare miljøkampen. "Vern Forra!" var eit langvarig krav fram til Stortinget i 1986 vedtok varig vern av vassdraget. 108 km2 med variert myrland i dette området vart i 1990 verna som Øvre Forra naturreservat. Alternativet var kraftutbygging, med neddemming og turrlegging. Sigeren mot eit stort skytefelt på Fosen er ein annan yngre klassikar i norsk naturvern. La meg òg nemne den nye opninga i den øydeleggande fyllinga til Tautra her ute i fjorden som eit døme på at det nyttar å kjempe, om det tek tid. Det er for seint å gje opp, seier Oddvar Torsheim. La oss for all del ikkje gjere våre motstandarar den tenesta at vi resignerer.

Nord-Trøndelag. Dette fylket har framleis store og viktige saker gåande. Vårt landsmøte er plassert midt mellom to aktuelle konfliktar som dreiar seg om dei mest sentrale miljøproblema i verda i dag. Den eine er konsekvensane av menneskeskapte klimaendringar og den andre er konsekvensane av at den biologiske rikdommen på jorda minkar i eit tempo som vi ikkje kjenner til frå før.

På Skogn heng planane om gasskraftverk som eit Damoklessverd over den norske klimainnsatsen. Bak sverdet står det mange og ropar: La det falle. Bygg ut, bygg ut! Nokre vil jamvel ha staten, som snakkar om pengemangel kvar gong det handlar om nokre millionar til å sikre arvesølvet i naturen, ha staten til å bruke milliardar på forsorgsstøtte til gasskraftverk som ikkje klarer seg økonomisk. Vi veit det er feil, vi veit det er fortidsretta, og vi skal kjempe imot dei med alle lovlege middel.

Den andre store saka i Nord-Trøndelag gjeld kampen for ein stor og forsvarleg nasjonalpark i Verdal, Snåsa og Lierne, eit av dei største områda i landet utan vesentlege tekniske inngrep. Mykje av det har reint villmarkspreg, med eit rikt plante- og dyreliv, den eldste innvandringa av gran frå Sverige for eit par tusen år sidan osv. Dette området har ingen kopi.

Men i nasjonalparkspørsmålet møter vi grunneigarar, kommunar og fylkeskommunen i ein front mot vern. Snøskuterinteressene har mobilisert kraftig. Nokre framstiller situasjonen for folk i Lierne som tilstanden for underpriveligerte i u-land. Ei makelaus stemningsbølgje er piska opp. Dersom dette viktige verneområdet blir delt i to ved fjellgardane i Snåsa, får snøskuterinteressene fri løype over grensa mot Sverige.

Nasjonalparkideen er i fare for å bli torpedert. Og bakom rusar snøskuterane. Dette er ei nasjonal sak. Det handlar om å ta vare på naturverdiar av nasjonalt og internasjonalt format. Det opphavelege forslaget er vesentleg redusert. Store og rike filetar er fjerna.

Minstekravet vårt må vere at det som Direktoratet for naturforvaltning nå går inn for som nasjonalpark, blir segla av Kongen i statsråd. Vi må ta vare på natur og villmark der naturen og villmarka er. Sør for Nordland har vi berre 5 prosent. For 100 år sidan hadde vi 50. Det er ingen angrefrist når dersom skaden er gjort.

For 20-25 år sidan kjempa dei her i Trøndelag for vern av Forra og for naturreservatet. Kommunen ville byggje ut. I dag kallar kommunen Øvre Forra naturreservat for Levangers stolthet. Er det ikkje flott? La oss legge oss i selen for at Verdal, Snåsa og Lierne i framtida kan seie det same om nasjonalparken. Og at restane av våtmarksområde i Trondheimsfjorden kan bli skattar å vere stolte av.

Det er ikkje berre her i fylket presset ser ut til å auke frå serinteresser som vil utnytte utmarka med hyttebygging, vegar, motorferdsel og mangt som ikkje høyrer heime der. Kommunane skal få meir av forvaltningsansvaret, også i verna område, og vi ser klart teikninga av ei ettergjevande haldning når lokale entreprenørar og grunneigarar spør etter land. Vi må spørje: Korleis handterer vi denne situasjonen? Kan vi dempe konfliktane utan å tape vår sak?

Børge Brende skal ha ros for at han har fått fart på opprettinga av nye verneområde. På nokre månader gjorde han meir enn andre fekk til på heile 1990-talet. Forolhogna, Dovrefjell-Sunndalsfjella og Nærøyfjorden er juvelar i vår natur som nå har fått Kongens segl. Eg går ut frå Brende veit at slikt skaper voner om meir. Han har òg levert eit klart og godt svar på oppdraget frå Stortinget under budsjettforliket i fjor, om å greie ut berekraftig kvalitetsturisme i verna område.

Men eg trur vi må tenkje lenger enn til sjølve vernevedtaket. Kva skal skje etterpå? Korleis forvaltar vi desse utvalde landskapa? Blir dei ein påakta verdi for land og folk? I vel 40 år har vi verna område etter naturvernlova. Nå er tida inne for neste steg. Vi treng ein ny nasjonalparkpolitikk.

Vi må ta nye steg for å gjere forvaltninga av nasjonalparkar og landskapsvernområde til ein aktiv rikdom. Nasjonalparkane skal ha eit strengt vern. Vi skal ikkje ha tilrettelegging der naturen bør vere i fred. Men delar av parkane treng òg ei aktiv forvaltning. Vi treng mange stader meir skjøtsel av kulturpåverka areal som er verna. Nokre har litt nedlatande kalla slike passive parkar for papirparkar. Nasjonalparkane bør bli ei kjelde til meir naturkunnskap og naturoppleving for fleire. Dette kan vere grunnlag for arbeidsplassar i bygdene omkring verneområda, og ikkje alltid meir trafikk innanfor grensene. Også for Norges Naturvernforbund er det viktig at folk blir buande i bygdene og at dei held verdiane i landskap og kulturminne vedlike.

Ei slik aktiv forvaltning må byggje på sonering av areala inne i parkane og utanfor. Tilgrensande bygder bør bli økonomiske tiltakssoner for nye inntekter i nasjonalparkbygda eller nasjonalparkkommunen. Å kombinere lokale initiativ med statlege råmer og tiltak kan gje nytt grunnlag for liv i bygdene, i samspel med vern av naturverdiane. Akkurat dette er hovudtema når Den europeiske nasjonalparkunionen i august skal ha sin årlege kongress i Stryn, og for første gong i Norge.

I andre land vi kan samanlikne oss med, inneber nasjonalparkstempelet også ein stor innsats i forvaltning av områda, tiltak for å hegne om verdiane og gjere dei kjende. Forsking, opplysning, skjøtsel og enkel tilrettelegging nokre stader. Forslag om nasjonalparkar blir ofte godt mottekne. Det inneber ny aktivitet. Gjennomsnittleg har administrasjonen av europeiske nasjonalparkar utanom vårt land 66 tilsette. Bayerischer Wald i Tyskland, 242 kvkm stor, sysselsette for nokre år sidan 160 personar, med eit romsleg budsjett. Jostedalsbreen nasjonalpark er meir enn fem gonger så stor, og har om lag 1,5 tilsette i forvaltninga.

Vi kan ikkje alltid samanlikne direkte med parkar i andre land. Men vi ligg så langt etter at ein ny offensiv trengst. Ei tre-fire-dobling av forvaltningsinnsatsen ville i første omgang endre mykje. Det dreiar seg eigentleg ikkje om mykje pengar, nokre titals millionar.

I staden for at nasjonalparkane blir ein kamp om kor liberalt ein skal praktisere vernereglane, bør forvaltninga vere med på å skape aktivitet i bygdene rundt parkane, aktivitet som er i tråd med verneføremålet og ikkje i strid med det. I staden for ein kamp om kven som skal forvalte vernereglane, staten eller kommunane, må staten i samarbeid med lokale interesser ta eit større ansvar for å kombinere ei nasjonal forvaltning med nytt liv i bygdene. I staden for å diskutere store erstatningar for nasjonalparkvern, bør bygdene få støtte til å utvikle og tene pengar på dei ettertrakta verdiane dei disponerer. Erstatningspengar vil for ein stor del gå til store advokatfirma og grunneigarar som ikkje lenger bur i bygda.

Norges Naturvernforbund kjempa i si tid gjennom fredingsprinsippet i Viltlova. Alt vilt er freda om ikkje anna er sagt.

Nå er det på tide å utvide fredingsregelen til eit automatisk vern av alle artar som er truga, artane og deira leveområde. Biomangfoldlovutvalet arbeider med saka. Vi treng òg ei lovfesta plikt for alle forvaltningsorgan til å etterleve internasjonale konvensjonar som Norge har slutta seg til om forvaltning av livet på jorda. Eit anna prinsipp som vi går inn for, er å gjere ei ny biomangfaldlov til den overordna, lovverket som set grenser for kva som er akseptable inngrep. Så kan dei ulike sektorane innanfor desse grensene avgjere korleis utnyttinga skal skje.

Mange stader i landet er det dyrka og beita landskapet i forfall. Ein tredel av dei raudlista artane i vårt land, rundt 1000 ulike planter, fuglar osv. knytta til kulturlandskapet. Meir enn 100 norske naturtypar kan bli borte under skog og kratt som gror over. Dette gjeld både enger og beite, lyngheiar på kysten, havstrender og skog. For nesten halvparten av dei som er i faresona, er situasjonen akutt. Dette vil seie at kulturlandskapet er ei naturvernsak.

Bakgrunnen kjenner vi. Bygder og kommunar i utkantane stagnerer. Inntektene av tradisjonelt landbruk går ned. Om neste generasjon vil overta garden, er eit usikkert spørsmål for stadig fleire. Kulturlandskapet gror igjen etter kvart som hendene vert færre og traktorane større.

Framleis brukar staten 11 milliardar kroner på å halde i drift eit landbruk der kvar einskild bonde får meir støtte di meir han eller ho produserer. Produktivitetsveksten har vore det økonomiske hovudproblemet for landbruket i over 50 år. Samla produserer bøndene meir enn det er avsetning for, sjølv om vi importerer halvparten av maten vår. Vi kan redusere det øydeleggande effektivitetspresset ved større stimulansar til økologisk landbruk. Støtta som verkar til å auke produksjonen på kvar gard, verkar òg til at mange må forlate jordbruket. Kvar dag blir det lagt ned 8 bruk i landet. Mykje av det spesialiserte bulk-landbruket er i ferd med å møte solnedgangen.

Eg ser det som bortimot utenkjeleg på kort sikt at matvareprisane skal gå opp, eller at dei samla overføringane til konvensjonelt jordbruk skal gjere det. Det er utenkjeleg ut frå samansetninga av Stortinget, og det er utenkjeleg ut frå regelverket i WTO, Verdas handelsorganisajon.

Nedgangen ser vi. Men vi ser òg ei gryande nyorientering hos nokre bønder. Dei leitar etter nye vegar til inntekter, lokal foredling, serveringstilbod, grøn omsorg, stølsopplevingar osv. Det viktigaste for landet og landskapet er at bøndene blir verande på gardane og held jord og bygningar vedlike. Matjorda vil nok igjen bli ettertrakta, men det er usikkert når det skjer. Det kan ikkje vere noko viktig mål at gardane leverer meir enn det er avsetning for.

Nyleg var eg på ein nordisk kulturlandskapskonferanse i Ulvik i Hardanger. Der har ein kokk stilt seg i spissen for Slow Food Hardanger, som hadde skaffa flott og variert mat til 150 personar i tre dagar. Den mest langreiste retten var gammalost frå Vik i Sogn. Vi fekk sjå gardsbruk i bygda der eigarane har restaurert sine gamle hus og rydda nedvoksne beite. Også Lars Sponheim er litt med på oppryddinga, kanskje meir på eiga mark enn i Landbruksdepartementet. Ein familie i grenda Fykse har si årsinntekt på 20 mål innmark. Her betaler gjestene godt for enkel og tradisjonell mat, av god kvalitet i eit trivleg og ekte miljø.

Dei bøndene som har skaffa seg andre bein å stå på enn mjølketanken og slaktebilen, har gjort det med nye initiativ, stor kraft og ein del tilskot frå staten, tilskot til spesielle tiltak. Skal vi berge det vesentlege av kulturlandskapet som ein biologisk grunnmur, må fleire få meir pengar til å halde drifta gåande, sjølv om produksjonen blir mindre. Meir av midlane til jordbruket bør gå til driftsstøtte, og mindre til produksjonsstøtte. Meir av dei 11 milliardane som går til landbruket, bør gå til å berge den biologiske rikdommen i kulturlandskapet, og mindre til å auke ein produksjon som er for stor frå før.

Her ligg det òg til rette for å løyse ei anna viktig oppgåve, å kombinere skjøtsel av kulturlandskap med utvikling av bioenergi. Dette er ein forretningsidé, som for bøndene handlar om å melde seg på energimarknaden, ein veksande marknad med stigange prisar. Fylkeslaget i Hordaland har eit prosjekt i gang etter denne idéen.

Nå er vi nær det andre store miljøproblemet i verda, klimaendringane. Dersom dette landet vårt ikkje raskt får til ein nesten dramatisk snuoperasjon, er er det ein sikker hypotese at Noreg ikkje vil klare å etterleve Kyotoavtalen. Det er nå to år igjen til avtalepartane skal vise merkbar framgang, i 2005. Det einaste merkbare i Norge er at klimagassutsleppa går oppover.

Frå 1990 til 2002 auka utsleppa med 5 prosent. Framskrivingar frå Finansdepartementet går ut på ein auke med endå 12-13 prosent, altså 12-13 prosent i tillegg, fram til 2010. Dette blir 16-17 prosent over Kyotokravet i 2010. Og endå har dei ikkje rekna med gasskraftverk.

Altså: Nivået er for høgt. Trenden går i feil retning. Og bak denne trenden ligg det tunge krefter. Sidan 1990 er det berre industrien som har redusert utsleppa. Verstingane, både i utsleppsnivå og utvikling, er olje- og gassutvinninga og trafikken, biltrafikken.

Dette er pinleg. Dette kan bli miljøpolitikkens store fallitt. Eg kan ikkje komme på noko anna område der det er sagt så mykje og gjort så lite. Dette er den aktuelle varianten av Jeppe på berget. I alle stortingsmeldingane står det at dei vil heim til Mor Nille, dei vil redusere utsleppa. Men dei endar hos Jakob Skomakar. Også Bondevik og Steensnæs finn vi der. Det ville vere tendensiøst å seie at dei er i godt selskap, men dei er eit stort selskap. Der sit fleirtalet av Stortinget og regjeringane dei siste åra, heile det politiske hegemoniet. Sylvia Brustad bed om eit gasskraftverk til. Men berre eit lite, i første omgang.

Der styringsbehovet er størst, er styringsevna minst. Tiltaka har sidan Kyotoavtalen vart underskriven i 1997, vore ein serie av utsettingstiltak. Mest hemmande har det truleg vore med alle rundane om ulike kvotesystem for utsleppa, å gjere retten til utslepp til ei handelsvare.

Økonomane har fått mange til å tru at kvotereguleringar er fornuftig fordi dei er kostnadseffektive. Så langt har dei fått rett. Det kostar lite å setje i gang ingenting. Så langt har vi og andre miljøorganisasjonar litt nølande delteke i debatten om kvoteordningane, når dei først er i gang. Eg er ikkje lenger sikker på om det er rett. Det er nokre spørsmål som blir meir og meir påtrengande: Er ikkje kvoteordningane i realiteten mest ein moderne avlatshandel? Er ikkje kvotesystemet eigentleg eit spel det klimaet blir sitjande igjen med Svarteper? Det verkar greit nok i teorien med kvotar, men det er praksis som tel.

Vi har ein internasjonal avtale som byggjer på prinsippet om øvre grenser for utslepp frå kvar stat. Eg trur det er ein omveg til målet å starte handel av utslepp mellom statane i staden for å gå laus på utsleppa direkte der dei er. Denne tanken blir ikkje meir fjern når vi ser kven som kjempar for kvotehandelen.

I 1970-åra såg vi på oljeforbruket som uansvarleg ressurssløsing. Nå er det først og fremst eit avfallsproblem. Begge måtane å sjå det på viser at dagens forbrenningstempo i den rike verda er uansvarleg. Vi veit vi må snu. Eg trur denne konsentrasjonen om kvotehandel er med på å kamuflere nettopp den kjensgjerninga at det er ikkje mangel på CO2-kvotar som er problemet, men fossil-økonomien i seg sjølv. Finst det vilje til endring, finst det òg middel å ta i bruk.

Men viljen til endring er som støv i vind. Det såg vi Sauda-saka. Det glimta ein gong ein tanke for framtida. Den urørde vassdragsnaturen bør vi overlate til seinare generasjonar, til dei som alltid er i fleirtal. Jens Stoltenberg sa det i sin einaste nyttårstale. Vi skjønar nå at det var berre nytale.

Framtida er kringsett av fortidstankar. Å høyre Ap-representanten Rolf Terje Klungland forsvare partistandpunktet i Sauda-saka, sannar den gamle revyregelen om at det er uråd å dikte noko som er meir fantasifullt enn det verkelege. Det er nesten så eg saknar dei gamle kraftkjempene Aksel Fossen og Abraham Øvrebotten. Dei prøvde aldri å gje inntrykk av at dei hadde nokon sans for elvar i fritt fall. Men dei sa kva dei stod for, og dei stod for det dei sa.

Det ser forresten ut til at dei har fått ein oppfølgjar i LO-leiar Gerd Liv Valla, som nå sufflerer Arbeidarpartiet etter eit manus frå 1950-åra, der kraftverk og skorsteinar viser vegen framover. Vasskraft sparer kolkraft, og er eit viktig klimatiltak, seier dei på den kanten. Men det må gasskraft til for å skaffe nok straum, høyrer vi i neste setning. Kva skal vi lenger med molbohistoriene?

Det gjeld ikkje berre klimagassane. På stadig fleire felt ser vi at einsidige økonomiske vurderingar ligg i botnen for tenkinga omkring miljøspørsmål. Vi fekk for eit par år sidan ei utgreiing om avfallshandtering, der det sentrale spørsmålet var i kva grad det løner seg å gjere noko med avfallet, og kva måte som løner seg best. Måten å stille spørsmålet på, gjev svaret. Lenge har det vore populært å finne opp ein økonomisk verdi på natur og naturgode som ikkje har ein omsetningpris, men som har ein verdi i seg sjølv. Vi har sett det bruk om ville dyr, område som Hardangervidda, i vegsaker og elles der økonomar har fått eit oppdrag.

Kva er dette slags tenking? Dette er ein blindveg, ein veg vekk frå naturen og vekk frå dei eigentlege verdiane i natur som ikkje blir omsett. Det er noko anna å operere med ein omsetningspris på elgkjøt enn å klistre ein kroneverdi på å oppleve elgen i skogen, eller å vite at han er der. Og det er noko uverdig i å prøve å presse verdien av urørd natur, eller ei rik og vakker blomstereng, inn i ein enkel og fattig kronesum.

Vi må heller tenkje og hevde at naturvern er ein rett (en rettighet på bokmål). Det står noko om dette i grunnlova, vedteke 25. mai 1992, i § 110b: 
"Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares".

Eit sunt miljø og ein natur med produksjonsevne og mangfald intakt, er altså ein skriven rett. Dette er ikkje berre ei programføresegn utan rettsleg innhald, ifølgje Inge Lorange Backer, leiar av Lovavdelinga i Justisdepartementet. Men det er heller ikkje ein absolutt miljørett som gjeld utan omsyn til lovene elles. Det er ein mellomting, ei rettesnor for tolkinga av andre reglar som gjeld naturforvaltninga og vårt livsmiljø.

Når eit ein rik natur og eit godt miljø er ein rett, er det noko anna enn ei handelsvare. Vi spør ikkje lenger etter kostnadene ved å oppheve slaveriet eller utbyttande barnearbeid. Vi spør ikkje lenger etter dei økonomiske konsekvensane av å gje eigedomslause røysterett, eller av likestilling mellom kvinner og menn. Slike spørsmål er uverdige. Kvifor skulle det ikkje vere like uverdig å gjere ein rik natur og eit godt miljø til eit prisspørsmål? Det ser vi skjer, i elles siviliserte land. Det skjer med retten til å fiske i havets allmenning. Med retten til reint vatn. Ja, til og med vår genetiske fellesarv på jorda blir nå patentert, privatisert og pouverisert, gjort til ein fattigdom.

Det er mange argument mot dette. Eit av dei er at dette er uverdig. Det er ein grunnleggande skilnad på å ha naturgode som ein rett, og eventuelt betale dersom tilgangen kostar noko, og å gjere alle slags naturgode til omsetningsvarer.

Det er vi i miljørørsla som kan løfte naturen og naturvernet opp til ein akseptert rett. Eg trur mange er samde med oss dersom vi klarer å gjere standpunktet og konfliktane ved det tydeleg nok.