Einar Førde
Frihet til venstre
Arbeiderpartiets landsmøte
27. mars 1987
Kilde: Protokoll fra DNAs 51. ordinære landsmøte 26-29 mars 1987. Referat ved Bjørg Helle

Willy Brandt har skrive ei bok som heiter "Links und Frei" - "Frihet til venstre". I denne boka hyller han den norske fridomstradisjonen og den sterke viljen til uavhengighet og fridom som han møtte han da han kom til vårt land som flyktning frå Nazi-Tyskland.

"De nordiske årene var på mange måter år som satte sitt preg på mitt liv. Jeg lærte å forstå betydningen ikke bare av rettsstat og frihet, men også av liberalitet og solidaritet."

Det norske Arbeiderparti har sterke røter i denne fridomstradisjonen. Formålet med den demokratiske sosialismen var og er vern om og utviding av den individuelle fridomen. Den demokratiske sosialismen er den viktigaste fridomsutvidande faktor i dette hundreåret. Det har vi vore på minst to plan. For det første har den demokratiske sosialismen representert den viktigaste skansen mot totalitære rørsler til høgre og venstre. Vi har også vore det sterkaste bolverket mot leninistiske og stalinistiske metodar. For det andre er den viktigaste lange linja i vår hundreårige historie at dette partiet utvida fridomen for dei mange og gjorde eigedomsretten reell for alle.

Det finns dei - til og med historikarar - som hevdar at arbeiderrørsla eigentleg ikkje har vore så opptatt av fridom. At fridomen kom langt ned på vår verdi- og prioriteringsliste, etter likhet og solidaritet. Då spør eg: Trur noen at Markus Thrane ikkje var opptatt av politisk og individuell fridom da han sat i fengsel etter å ha prøvd å organisere småkårsfolk? Trur noen at Einar Gerhardsen og Martin Tranmæl ikkje var opptatt av fridom da dei sat i fengsel? Trur noen at fyrstikkarbeiderskene ikkje var opptatt av fridom frå utbytting da dei var sjuke av fosfor? Trur noen at dei som var eller er kasta ut i arbeidsløyse ikkje gjerne vil ha eit samfunn der dei kan velje arbeid? I arbeiderrørslas historie står ikkje fridomen langt nede på lista. Fridomen er først og størst å lese ut av dei gamle sangane og fanene. Les Internasjonalens første linje: "Opp Slaver, nu til frihet frem, - les "Nu dages det brødre: Man kveler vår frihet, beskjærer vårt brød". Les "Frihetens Forpost."

Og til dei som ikkje forstår og ikkje har lært av historia at arbeiderrørsla set fridomen først, har eg eit råd: Reis til Sør-Afrika, til Chile, til Afghanistan, og spør.

Derfor er det rett at hundreårsjubileet i vårt parti står i fridomsdebattens teikn. Vi ønskjer å knytte dette valmanifestet til fridomsdebatten. Eg ser tre hovedformål med denne debatten. For det første treng vi ved ein viktig milepel som dette å minne kvarandre om kva viktig rolle menneskas lengt etter auka fridom har spelt i vår lange historie. For det andre er det nødvendig å møte våre motstandarar på fridomens arena. Nykonservatismen har gjort fridomen til sitt slagord, og dei skuldar oss for å vere ufridomens lakeiar. For det tredje gir denne debatten oss eit framifrå høve til sjølvkritikk. I fridomsperspektivet ser vi lettare kva som er vrangt og skakt ved velferdssamfunnet, og kva vi vil gjere annleis i dei neste hundre åra.

Fridom er ei positiv kjensle som er knytt til det einskilde individet. Kvart menneske må avgjere kva det meiner med fridom. Her gjeld det ikkje at du skal gjere mot andre det du vil dei skal gjere mot deg. Deira smak er kanskje ikkje den same som din. Mange samfunnsbygningar i fridomens namn har vore autoritære og undertrykkande. Den viktigaste fridomstradisjonen i vår politikk er knytt til å rydde bort hinder for fridom meir enn å fortelle folk kva fridom er. Derfor er det eit viktig formål med vår debatt å spørje folk flest kva dei oppfattar som dei alvorlegaste hinder for fridomen i sitt daglege tilvere.

Dei nykonservative definerer ofte fridom som fråver av tvang og restriksjonar. Men det er ein altfor enkel definisjon for oss. I Arbeiderpartiets prinsipprogram er det slått fast noen sider ved fridomsbegrepet som etter mitt syn får sterkare og sterkare aktualitet for kvar dag. Det er ikkje nok å vere fri til å gjere som ein vil. Fridom har også med evne å gjere, ein må vere i stand til å gjere det ein vil. Fridom her ikkje ein rett til å utnytte eller skape ufridom for andre. Det er ein viktig lærdom fordi i alle klassesamfunn vil dei rike og mektige innskrenke fridomen for dei upriviligerte og veike. Berre fellesskapet kan hindre at dei upriviligerte blir utnytta i fridomens namn.

I vår tradisjon har fridom også med makt å gjere. Innsikta om det gjorde oss til konsekvente demokratar og førte til årelangt arbeid for demokratisering og maktspreiing. Fridom har med tryggleik å gjere. Tryggleiken er fridomsutvidande fordi den frigjer krefter fra det reine sjølvopphald.

Fridom krev sosial organisering. I vårt samfunn blir det klarare for kvar dag at det finns økologiske og sosiale grenser for fridom og vekst. Stilt overfor trugsmålet om naturøydeleggingar og miljøkatastrofer ser vi alle, at det i vår tid er enda viktigare å syte for at summen av det kvart menneske helst ville gjere ikkje får føre til ufridom for alle.

Når dei nykonservative er på sitt mest primitive, gjer dei fridomsdebatten til ein debatt for og mot statlege reguleringar. Men alle samfunn er sett av reguleringar. Ytringsfridomen, rettstryggleiken og eigedomsretten kan berre sikrast med reguleringar, lover og forbod. Reguleringar er teiknet på sivilisasjon. Heilt uavhengig av samfunnssystem har alle samfunn vore inne i ei utvikling med aukande tal av reguleringar. Derfor må vår debatt vere ein debatt om gode og dårlege reguleringar. Vårt samfunn har mange idiotiske og unødvendige reguleringar. I fridomsdebatten og i valmanifestet har vi ønskt å gi eit bidrag til ein slik meningsfylt debatt.

Einskilde konservative lever av å selje sine skrifter med polemikk mot offentlege reguleringar. Det finns ein god resept for å kurere desse ideologane med vane- og vrangforestillingar. La oss avskaffe ein einaste offentleg regulering, bestemmelsen om copyright. Det vil samtidig ta frå desse ideologane inntekt og levebrød. Kanskje dei da vil skjøne det enklaste poeng i eit sosialistisk syn: Sjølv den private eigendomsretten er ein offentleg regulering.

Det konservative standardnummer er å definere fridomen slik at den betyr eit forsvar for privilegier. For at fridomen skal bli reell må den knyttast til makt. Lag meg gi eit konkret døme på skilnaden millom vårt og eit borgarleg fridomsomgrep: Omtrent for 100 år sidan - på den tid vårt parti vart stifta - etablerte borgarmeisteren i Oslo Gyldenløwes gate som ridesti, - alle som ville skulle mosjonere sine hester der. Noen av hushjelpene i strøket hadde kanskje draumar om å nytte denne fridomen ein gong, men dei hadde ikkje hest. På same måte kunne alle som ville - helt fram til siste krig - studere ved universitetet. Men ikkje alle kunne det. Så seint som til krigen var den einaste støtte staten ga studentane "gravferdsbidraget til ubemidlede studenter", der familien ikkje kunne syte for at dei kom i jorda. Vi har gjennomført offentlege ordningar som gir den einskilde evne til å velje det han vil bruke den formelle fridomen til. Sosialisme er mangfald.

I dei nykonservatives terminologi er fridom ofte ein fridom til å tene pengar. Viktigaste midlet for å auke fridomen blir såkalte insentiv og ein dynamisk skattepolitikk. Hovedtanken i denne filosofien er at dei rike ikkje arbeider nok fordi dei får igjen for lite pengar, medan dei fattige arbeider ikkje fordi dei får for mykje pengar. Men desse insentiva som dei nykonservative talar om er ikkje insentiv for å få slutt på nauden og svolten i den tredje verda. Det er ikkje insentiv for å gi dei gamle den omsorg og pleie dei treng, ikkje insentiv for å beskytte barn mot trafikkdøden, ikkje insentiv for å effektivisere kampen mot rasisme, ikkje insentiv for å få slutt på alkohol- og narkotikamisbruk, ikkje insentiv for å bekjempe sur nedbør, ikkje insentiv for å skaffe unge bustadsøkande ein rimeleg bustad. Fridomen til å tene pengar har lite å gjere med dei tusenvis av aktivitetar og gjeremål som for vanlege menneske betyr mest for å skape forskjellen mellom eit fritt og humant tilvere og eit samfunn prega av ufridom og vantrivnad. Ein minnes Mesterens ve-rop, gjengitt hos Matteus, kap.23, vers 23 og 24:

"De hyklarar! De gjer tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Blinde rettleiarar. De siler av myggen, men sveljer kamelen."

La oss ta eit konkret døme på resultata av vår eigen lokale variant av nykonservatismen i Høgres bustadpolitikk. Vår gode partifelle Ole-Erik Yrvin i Nittedal tilhøyrer som eg, dessertgenerasjonen som i 1982 fekk nyte godt av Høgres takstpolitikk, og på kort tid kunne innkassere ein gevinst på kr. 275.000 som han investerte i ny bustad. Seinare har denne bustaden fordobla sin verdi. Så er vel Yrvin strålande fornøgd? Nei, nå har Yrvin tre barn som nærmar seg ein alder der dei skal flytte heimanfrå. Basert på svært nøkterne krav til bustadstandard for barna, har Yrvin rekna ut at huslyden Yrvin til nå har tapt bortimot 3/4 million på Regjeringa Willochs bustadpolitikk. Hans barn kjenner resultata av Willochs politikk som ei sterk innskrenking av fridomen. Den lagnaden deler dei med ti-tusener av andre unge.

Fridom eller sosialisme, seier våre politiske motstandarar. Det gjer dei på eit tidspunkt da dei verdikonservative element er mest borte i alle dei store vest-europeiske konservative partia. Kremmarane har overtatt. Den nykonservative politikken er nå systematiske åtak på fridom og likhet på det kontinentet der altfor mange har døydd for fridom og likhet sidan 1789. I fridomens namn opplever vi nå ein eksplosiv auke i talet på arbeidslause og nyfattige i Europa. Den einaste krig dei nykonservative fører mot denne fattigdommen er at dei kastar stein på dei fattige. Dei kan aldri bli dei ekte berarane av fridomstradisjonen i vår del av verda.

Men det tyder ikkje at vi har lov til å ta lett på den nykonservative samfunnskritikken. Tvert om ligge det i tilslutninga til høgrebølgja eit alvorleg varsel om at vi treng diskutere vår eigen kurs. Vi kan ikkje komme unna at høgrebølgja i første rekke er eit ideologisk fenomen, og at ho har presentert idear og sett av løysingar som har vore attraktive for svært mange menneske. Det ville vere dumt å nekte for at også vår debatt har preg av denne konservative utfordringa. La oss sjå litt på våre eigne behov for å diskutere gamle sanningar og på korleis vi finn elementa av denne debatten igjen i valmanifestet.

Ein viktig del av vår eigen debatt må vere å stille spørsmålet om kva skal staten gjere. Vi kan ikkje komme unna at den sosialistiske tradisjonen,som også vi er ein del av, ofte har ført til løysingar som mange har oppfatta som byråkratiserande og sentraliserende. Særleg har vi dei siste åra møtt denne utfordringa i form av ein systematisk politikk for privatisering av felles gode. Heller ikkje denne utfordringa kan blankt avvisast. Også vi treng å diskutere kva staten skal gjere. Om dette seier manifestet:

"Valget mellom offentlig eller privat drift må gjøres ut fra den driftsform som best tjener målet. Brukernes behov skal settes i sentrum."

Det er ei viktig understreking fordi den fortel at vi ikkje kan møte denne debatten med dogmatikk. Den fortel også at fellesgodene berre kan forsvarast dersom dei også kvalitativt held mål.

Vi bør vere kompromisslause når det gjeld å slå fast at helse, sosial tryggleik og utdanning er så grunnleggande fellesbehov at vi ikkje kan tillate at dei blir kommersialisert. På dette punktet vil eg faktisk tilrå dogmatikk. Det er ein grunnleggande kvalitet ved det norske samfunnet at det på desse områda møter alle sine borgarar på i prinsippet den same måten. Fikse private løysingar på desse områda kan isolert sett forsvarast, men dei er generelt sett fridomsinnskrenkande, fordi dei fører til at mange utsette grupper kjem i klemme. Så blir vi fort samde om at forsvar og politi er fellesoppgaver. Vi vil også hevde at grunnleggande behov som vatn, energi, kloakk og renovasjon, og kommunikasjonar - herunder post og teletenestar - er område som egnar seg dårleg for omfattande privatisering. Det alvorlege med privatiseringsframstøta så langt er at dei rettar seg mot fellesgode som vart etablert som fellesgode lenge før sosialismen kom til makt og verdigheit i vårt land. Desse framstøta må avvisast.

Men når det gjeld alle andre område av samfunnslivet, vil eg tilrå at vi blir mindre dogmatiske. Vi er ikkje mot konkurranse. Vi er heller ikke mot ikkje-offentlege organisasjons- og eigarformer. Ønskjer vi offentleg drift, må vi vere budd på å forsvare den driftsforma i tidas skarpe søkelys.

Einskilde vil kalle ei slik haldning eit høgreavvik. Det er det ikkje. Den lengste sosialistiske tradisjonen på dette området er representert ved ein skepsis mot den borgarlege staten og det den representerte av fridomsinnskrenking. Dessutan er det viktig å understreke at det framleis vil vere slik at Arbeiderpartiets hovedrolle må vere å forsvare fornuftige fellesskapstiltak. Det kan vi trygt gjere i fridomens namn. Fjellplanloven, Strandloven og Arbeidsmiljøloven er tre eksempel på store lovverk som har vore under konstant åtak frå konservativt hald. Dei tåler tidas søkelys. I dag ser vi klarare enn før at det viktigaste målet med desse lovene var ikke ein gong å sikre likheten, ikkje alle har bil og båt som gjer det lettare å nyte strand og fjell. Hovudformålet var nettopp å utvide den alminnelege fridomen i vårt land. Slik vil det vere på område etter område.

Og så minner eg igjen om at vi har ei særskilt oppgåve i å kjempe mot dårlege offentlege reguleringar og unødig byråkrati. Om dette står det eit heilt avsnitt i valmanifestet under tittelen "Bedre fellesgoder".

Debatten om privat og offentleg drift og statens rolle fører oss naturleg over i eit anna hovedmål for vår politikk, nemleg desentralisering. Det er viktig å føre vidare den desentraliseringspolitikken som i Arbeiderpartiet særleg skaut fart etter rådslagsaksjonen om demokrati i hverdagen. Det er særleg viktig å minne kvarandre om det fordi vi representerer ei rørsle og eit parti som alltid har hatt "samlande løysingar" og "heilskapsgrep på problema" som honnørord. Det er viktig å fortsette prosessen med å overføre oppgaver frå det nasjonale fellesskap til lokale folkevalde organ. Samstundes er det nødvendig å vitalisere det lokale folkevalde demokratiet. Derfor høyrer det med i vårt valmanifest noen avsnitt om dei folkevaldes arbeidsvilkår. Derfor er vi innstilt på å bygge ut og halde fram forsøka med frikommunar. Men det er også derfor at vi vil føre desentraliseringa vidare også i lokalmiljøet. Dette er kritiske tider for vitaliteten i vårt demokrati. Derfor er det mykje meir enn obligatoriske vakre ord når vi seier at gjennom nye samarbeidsformer og lokale fellesskap kan fleire ressursar utløysast. Oppgavene innenfor nærmiljøa som gjeld bumiljø, kultur, fritidsaktivitetar og vedlikehaldsarbeid kan løysast ved nye og uortodokse organisasjonsformer. Det er eit urovekkande trekk ved den moderne velferdsstaten at så mange menneske oppfattar seg som klientar og ikkje som medborgarar. Ein naturleg konsekvens av denne desentraliseringa er at vi legg mindre vekt på detaljreguleringar og kjemper mot tendensar til overorganisering.

Det er i dette perspektivet det også gir meining å gå inn for auka samarbeid mellom kommunane, det lokale næringslivet og organisasjonane. Det er ein naturleg konsekvens av denne tanken å vende tilbake til den lange tradisjonen for samvirketiltak som vi har i Norge. Vi har nemnt eldrebustader, barnehagar og drift av kabelselskap for lokal-TV som eksempel på oppgaver som må kunne løysast gjennom uortodokse organisasjonsformer.

Vi får ein særleg skarp debatt om privat organisering av barnehagetilbod. Men her får vi passe oss for å bli innhenta av røyndomen. I Skedsmo har formannen i Boligbyggelaget, Martin Gunnar Knutsen, presentert planar som foreset at bustadbyggjelaget byggjer barnehagar og at drifta blir delt i eit samarbeid mellom laget, foreldra og kommunen. I Vadsø har eit foreldreinitiativ resultert i samarbeid mellom foreldre, kommunen og bedrifter. Tilsvarande eksempel finst det hundrevis av. Vi kan ikkje prøve å stille oss til venstre for Martin Gunnar Knutsen. Vi pliktar å ta vare på sosialdemokratiets resultatorienterte tradisjon. Det viktigaste er at barna får fleire og betre førskoletilbod.

Eg ser også som ein naturleg konsekvens av dette at vi vitaliserer vår debatt om kva marknaden og lovane om tilbod og etterspurnad kan brukast til. Vi må kvitte oss med alle skuldingar om at vi er marknadsfiendtlige. Vi er for fri konkurranse der den tener forbrukarane og folket. Nå som før må vi skarpt avgrense oss mot alle dei som meiner at marknadskreftene løyser alle problem. Men vi treng ikkje ha dårleg samvet overfor dei konservative når det gjeld å stimulere til bruk av marknad og reell konkurranse. Det er ei gamal sanning at fri konkurranse og effektiv marknad berre kunne sikrast av ein aktiv stat, dersom den ikkje skulle ende i monopol og store byråkratiserte private organisasjonar. På dette punktet bør vi ta Adam Smith meir på alvor enn dei konservative har gjort det. Dette er heller ikkje eit høgreavvik. Det er den same problemstillinga Mikhail Gorbatsjov strir med, og som ligg i botn for alt hans reformarbeid. Vi kan ikkje arbeide mindre med marknadens problem enn Gorbatsjov. Det finns ei historie frå Leonid Bresjnevs dødslegje der han seier til etterfølgjaren Jurij Andropov: Eg er redd for deg, Jurij, redd for at folket ikkje vil følgje deg. Då svarar Andropov: Ta det med ro, Leonid. Dei som ikkje følgjer meg, vil følgje deg. Det er ei dødsline for Arbeiderpartiet ikkje å ta marknadskreftene på alvor.

Ein naturleg konsekvens av slike tankar er at vi må legge større vekt på mangfald. Norge er eit samfunn som i ekstrem grad har hatt eitt av alt: Ei kringkasting, eit skolesystem, eit helsestell, ei statskyrkje osv. Årsakene til det ligg ikkje berre i at vi er eit lite land, men også at likhetstradisjonen i så sterk grad har prega vårt samfunn. Likhet og desentralisering står ofte i motstrid til kvarandre. Eg er som de veit ein varm tilhengar av vidareføring av likskapstradisjonen i norsk arbeiderrørsle. Alt i alt trur eg det er den mest verdfulle tradisjonen vi har. Men det får ikkje få oss til å vere blinde for at i valet mellom likhet og desentralisering, bør vi nå oftare velje desentralisering. Vi er mot kommersialisering av skole og helsestell. Men vi bør samtidig vere for større fridom for den einskilde skole og for den einskilde helseinstitusjon. Dei skal ikkje kommersialiserast, men dei må heller ikkje bli nekta å gjere ting annleis og betre. Dette kan føre til større variasjon i utdanningstilbod og helsetilbod. Det kan bety litt mindre likhet, men det er ein billeg pris for større mangfald og fridom. Om dette står det noe i manifestet som mange vil finne interessant. Der står det også at det kan bli nødvendig å bryte ned ein del av dei eksisterande institusjonane og gjere ting utanfor dei. I avsnittet om aktive eldre ligg det noen tankar om det som i høg grad er på parti med framtida, og som det er verdt å arbeide vidare med.

Dersom større mangfald er eit siktemål, får det konsekvensar for reformarbeidet på mange andre område. Det er ønskje om større individuell valfridom som har drive fram vår debatt om arbeidstid, utvida skoledag og organisering av dagleglivet. Dette er den delen av frihetsdebatten som til nå har fått langt den største responsen ute på vårt grunnplan. Mange ottast at denne vekta på auka fridom kan føre til mindre fridom for andre som tradisjonelt hører til våre beste vener. Med opne auge må vi sjå det dilemmaet. Eg er for min del ikkje i tvil om at det ikkje går noen veg tilbake til dømes når det gjeld arbeidet for utvida åpningstider i offentleg og privat verksemd. Vår utfordring er så korleis vi skal organisere dette slik at det blir på arbeidstakarane sine premissar, og at fagrørslas hardt tilkjempa skansar ikkje går tapt. Det bør vere mogleg å greie den utfordringa. Eller sagt sterkare, vi må greie den utfordringa. Også her er det ei dødsline dersom vi prøver å reversere den siste tidas utvikling. Det vil ikkje blir forstått av dei fleste av våre eigne.

Eg var inne på at vår fridomstradisjon har nær samanheng med omgrep som demokrati og makt. Når vi i neste fase i fridomsdebatten inviterer til ny debatt om det økonomiske demokratiet, er det ein debatt vi kanskje treng meir enn noen annan. I høgrebølgjas kjølvatn kom spekulantane, pengeflytterane og dei utolmodige pengane. Mykje produktivt arbeid har kome i klemme i denne utviklinga. Det er synt sveren forakt for vår mest grunnleggande innsikt: Det er arbeidet som skapar verdiane. I VIP-skandalens kjølvatn reiser det seg mange prinsipielle og praktiske spørsmål. Må har det i mange år vore høgkonjuktur for ideen om at for å vere med å bestemme må du eige. Nå er tid for å starte den nye kampen mot myrmannsvesenet. Her er vi mange allierte. Det er ikkje tilfeldig at det er dette temaet som opptar Per Borten på Senterpartiets landsmøte, og som på mange måtar er det einaste friske og noteringsverdige initiativet frå det landsmøtet.

Sidan skal vi føre fridomsdebatten over på enda eit nytt brennande område - miljøpolitikken. Vi har som parti særlege føresetnader for å bli berarane av innsikta om at i tilhøvet til vårt naturmiljø går vegen til fridom gjennom ein meir plamessig og rasjonell fellesskapspolitikk. Det gir oss nye utvegar til å komme i kontakt med nye vener og generasjonar. Velkomen til debatten!

Eit anna stimulerande og interessant tema skal eg la ligge, fordi det etter meg kjem to førebudde innlegg. Men noe av det mest spanande vi held på med i Arbeiderpartiet nett nå er å finne grunnlaget for ein ny bypolitikk som vil gjere slutt på det borgarlege vanstyret i så mange av våre store byar. Eg skal nøye meg med å kontantere at dess utfordringane har nær tilknytning til mangt av det eg tidlegare har snakka om, og at distriktspolitikken og bypolitikken er to sider av samme sak. Får eg berre minne om ein gamal lærdom, og gjere det slik det er uttrykt i Jakob Sandes dikt til den norske landarbeidar:

"Inn under fana frende,

Land og by kom i takt.

Få er vi trelebrende,

Men samla ei sigersmakt."

Eg skal avslutte med å minne om at ordet fridom også har ein moralsk dimensjon. Den demokratiske sosialismen er nær knytt til fundamentale moraloppfatningar som vi får håpe lever i vår rørsle. Når det nå igjen blir demonstrert at vi har Vest-Europas mest ansvarlege fagrørsle, er det eit eksempel på det. Høgrebølgjas dominerande bodskap har vore at samfunnssystemet i størst mogeleg grad bør baserast på den mest overtydande av alle menneskelege eigenskapar, nemleg sjølvinteressa. Rett nok har dei alltid vedgått at ein viss orden måtte haldast oppe av styresmaktene. Men nå har det borte på mote å seia at styresmaktenes makt aldri måtte utvidast utover det som var nødvendig for å halde oppe lovene og kontrollere pengemengda. I dei siste åra har vi fått demonstrert kva som kan skje dersom ein gjer sjølvinteresse og egoisme til berande prinsipp. Ein moderne økonomi der direktørar, arbeidarar og forbrukarar lyg, stel og fuskar dersom det er mogeleg for å fremme einskildinteresser, vil ende i økonomisk kaos. Vi er ille ute dersom det berre er otten for å bli oppdaga og straffa som set begrensningar på slik framferd. Fleire og fleire er opptatt av kor viktig det er i eit godt samfunn å halde oppe ein moralsk standard. Eit samfunn utan ideologi, religion, patriotisme og lokal fellesskapskjensle har kimen i seg til å bli eit nokså ufritt samfunn.

Vegen ut av dette kan heller ikkje gå tilbake til det som var. Vi kan ikkje akseptere dei gamle ordtaka: Di fleire lækjarar, di meir sjukdom, - og Di fullare mage, di tommare skolt, som vegvisarar for vår politikk, enn om det kan vera mykje sant og rett i dei. Det frie samfunn i tydinga det samfunnet som tillet alt, og som undergrev den tradisjonelle verdien av personleg ansvar og moral, undergrev også effektiviteten i det økonomiske systemet og produksjonslivet anten dette er privateid eller statsdirigert. Dersom dei moralske fundamenta som all sivilisasjon er grunnlag på, blir gitt opp i fridomens og den individuelle frigjeringas namn, vil staten måtte utvide si makt om ikkje anna så for å sikre den almenne tryggleiken. Dei band som vi kvar for oss ikke lenger legg på oss sjølv, vil måtte erstattast av ytre sentraldirigerte band. Ei slik pervertert utgave av fridomen som politisk prinsipp vil føre oss mot eit meir totalitært samfunn. Denne problemstillinga er meir aktuell for oss enn mange vil vedgå. Eg skal her og nå nøye meg med å minne om kva moralske kvalitetar og tradisjonar vi ber med oss i arbeidarrørsla, og at vidareføring av vårt demokrati føreset at vi også har med oss desse moralske kvalitetane.

I morgon skal Thorbjørn Jagland tale om partiet vårt. Eg skal ikkje stele frå han, men vil gjerne avslutte med å minne om at føresetnaden for å kunne føre våre nye tankar om fridomen vidare, er at vi får betre kontakt med folket. Vi kan ikkje gjera som Brecht seier at regjeringa er misnøgd med folket, regjeringa ønskjer seg eit nytt folk.

I noen historiebøker heiter det at Grunnlova gjorde nordmenn til frie menn. Det er ikkje sant. Sjølv 100 år seinare når den alminnelege stemmeretten var innført også for kvinner, var det ikkje slik. Også då visste arbeiderrørsla at det ikkje var nok. Partiet og dei organisasjonane som vart til rundt partiet, frå Folkehjelpa til Opplysningsforbindet har vore ei drivande kraft i demokratiseringa av det norske samfunn. Dei trakk tusen på tusen inn i politikken, fordi partiet var ein skule i politisk arbeid, der lærte dei å tale, vere ordstyrar, leie møte, utforme forslag og gjere vedtak. Grunnboka i dette enorme skoleringsarbeide var Einar Gerhardsens Tillitsmannen. Ein heil samfunnsklasse vart innlemma i Arbeiderpartiet og våre datterorganisasjonar. Gjennom det vart dei aktivistar i den politiske kvardagen. Dette var det største løftet i det norske folkestyrets historie. Om Grunnlova slo fast dei demokratiske prinsippa, var det arbeidarrørsla som fylgde dei opp i demokratisk praksis, og som etterkvart også kom til å omfatte økonomisk demokrati. Derfor er det at vårt partis arbeidsformer ikkje berre har vore ein skole, men også har danna skole for alle politiske parti. Fridomens ideal vart omsett til politisk praksis, til demokratisk samvirke av like, frie menn og kvinner. I politikken er våre ideal om likhet og frihet gjensidige føresetnader. Fridomen kan berre vinnast på grasrota.

Vi treng minne kvarandre om at politikarar og tillitsfolk skal ikkje sitje og prate om og til folket. Politikarar skal prate med folk. Dersom vi er misnøgd med korleis folk stemmer og oppfører seg, er løysinga ikkje å byte ut folket, men å gjere kva vi kan for å gje folket ny innsikt. Det kan vi i berre liten grad gjere frå talarstolar og fjernsynsskjermar. Det må vi gjere med munn-til-munn metoden, slik arbeidarrørsla alltid har gjort det i respekt for eit kvart menneskes rett og evner til å danne seg ei eiga oppfatning. Dersom vi ønsker dialog med menneska kan ingen stoppe oss i det. Dersom vi ikkje eigentleg ønskjer dialog med menneska, kan vi finne tusen gode grunnar til å la det vere.

Valmanifestet er ikkje ein oppskrift i korleis politikarane skal få makt over folk flest. Vi tar sjansen på å tilby folk flest nye utvegar til å få betre kontroll over sin eigen situasjon. I eit usunge vers av Internasjonalen heiter det:

"I høyden vi ei frelse venter

Hos guder eller fyrsters flokk.

Nei, selv i samling vi den henter:

I fellesskap vi vinner nok.

Alt det stjålne tilbake vi krever,

Og for vår ånd et frihets vern!

Vår egen hammer selv vi hever

Og slår, mens vi har varme jern."

Det var slik arbeidarrørsla vart bygd. Dette var den viktigaste metoden for å skaffe oss krefter til å forandre samfunnet. Mangt er nytt og annleis. Vi er på jakt etter nye svar på nye utfordringar. Men velferdssamfunnet kan ikkje forbetrast og vidareutviklast utan at vi har med oss denne arven. Dei grunnleggande og gode forandringane kjem ikkje frå det høge. Dei kjem nedanfrå.