Aasmund Olavsson Vinje
Om vaart nationale Stræv
Fyredrag haldet i Bergen til Inntekt for Taarnet paa Bergenhus
Bergen, 1869
Kilde: Vinje, A.O. Skrifter i samliing, 3. band. Kristiania 1919, s. 237-256.

Godt Folk!

Eg vil i Kveld tala om vaart nationale Stræv og svara paa det Spursmaal:

Kva er det me vilja?

Me vilja det, som stend i den fyrste Paragraf i vaar Grunnlog: At Kongeriket Norge skal vera eit fritt, sjølvstendigt, udeilelegt og uafhendelegt Rike.

Ja, det vilja me alle, svarar kver og ein, og dette er netup det rimelege i vaart Stræv, at alle norske Folk maa vera med paa det. Men dette er berre solenge der er Tale i det aalmenne og blaae. Sosnart Tingen verdt utgranskad, so koma der mange Tvistemaal, og det er desse eg her vil greida lidt ut.

Me vardt, som det heiter, eit fritt Folk og eit sjølvstendigt Land i 1814. Dette er Tanken i vaar 17de Mai, og det er ein stor Tanke; for daa kom det, som var Hovudsak, nemlig, at Landet vardt eit Land for seg sjølv med serskilt Riksstyre, og liksom fekk atter sit Rikssverd, som i gode 300 Aar hadde voret gjevet Danmark i Haand. Sosnart dette Rikssverd kom i vaar Haand, so fylgde det andre af seg sjølv. Det var berre Spursmaal om litt Tid, og den nationale eller sjølvstendige Tanke maatte koma til sine ytste Endemaal, eller den nationale Logik og vaar historiske Aand maatte draga si Tankefylgja eller Consequense. Det logiske og historiske Jernbanetrain vardt sett i Fart, og det maatte koma til sit Maal.

Me saag og straks, at det ikke var nok at me hadde eit norskt Statsraad og eit norskt Storthing og ein norsk Ombodsbolk eller Embættesstand med heile det utvordes politiske Regelverk. Dette var ein Adam, skapt af Leir, før Livsens Ande vardt blaasen i honom. Der maatte koma eit indre, eit nationalt Liv i desse utvordes Former, og dette Liv maate ganga ut ifraa Folkets eiget Tungemaal og Tenkning og heile Livskrav. Det maatte vera eit Folk, baade i Form og i Innehald; det maatte vera det heile Folk, soleids som gjekk og stod. Det maatte setjas i Stand eller restaureras, likso vel det som Kongshall og Taarn paa Bergenhus. Der var mangt forfallet af det nationale Liv i vaar Utlendings-Tid. Der var komet in Utlendingar med utlendskt Tungemaal og Stell. Desse hadde styrt os og aukat seg i Byar og fengjet eit Ombodsverk i Stand med sine Prentehus, sine Bøker og sine Rettarbøter fraa eit annat Land. Men det store Folk hadde livt sit nationale Liv for seg sjølv. Der var vel Bygder, mest paa Austlandet og nær Byar, som hadde lært eit og annat af denne hitsende Riksmagt, men jamvel i desse Bygder var der so myket atter af det gamle norske, at Grunntonen og Grunnfargen var norsk, med all den ytre Paasmurning, som der var komet til i eit og annat. Det var liksom med ein utvordes Sjukdom i Led og Limer; dei indre Livsreidskapar vaaro friske, den gamle norske Ryggmerg og det norske Hjarta vaaro ikke helselause. Der skulde ein Kur til, og det er denne Kur me no ganga igjenom.

Denne Kuren byrjad som vanlegt fyrst med smaa Doser. Bokriket eller Literaturen er eit Uttryk for det finare og hægre aandelege Liv i eit Folk. Eit sjølvstendigt Folk er det daa, naar det har eit sereiget Land med sit sereigne Tungemaal og sine sereigne Tankar. Der er ingen Grunn til, at eit Folk skal vera eit Folk for seg sjølv, dersom det ikke har desse sereigne Vilkor til eit sjølvstendigt Liv, so at det kan vera til Uplysning for det store Samfund af dei mange Verdsens Folk, som netup hava eit sjølvstendigt Liv kvert for seg, for at dei skulle leggja sin Skilling til det store aandelege Sameige, som den heile Menneskeslægt liver af. Eit Folk, eit Samfund er ikke ei Grille. Det er ikke slik ein Kile, som du kan slaa ned og reisa up atter. Det er ein aandeleg Vokster eller Organisme, som har si Livsgjerning i det store Menneskesamfund. Og ei slik Organisme er vaart Land. Det var so i gamle Dagar og er so den Dag i Dag; for det har alle Livsvilkor til at vera so. Og det ligg soleids til paa Landkortet, at du maatte segja om det, som ein Franskmann sagde om det hægste Væsen: "Si dieu n'existe pas, il faut l'inventer", eller dersom der ikke var slikt eit Væsen, so maatte du finna paa eit. Det trengst nemlig til.

Ja, me sjaa paa Landkortet eit slikt Land, og me kunna, utan at vita om det, draga ut, at det med alle dei Fjell og Fjordar maa hava eit Folk, og at dette Folk maa i Tungemaal og Tenkning vera nokot framifraa og leggja sit Ord med i Laget i det store Ordskiftet eller Debatten millom dei andre Folk. Det maa idetmindste hava ein original Tanke i Motsetning til det vesle Slettelandet der lenger sud.

Og det laag i Grunntanken af vaart Folk, at me hadde eit slikt originalt Ord at segja. Straks etter Skilnaden fraa Danmark vilde vaare Bokmenn liksom utan at vita af det hava ein norsk Literatur. Dei vreid og dei vreid seg under det gamle literære Samband med Danmark og vilde faa fram nokot norskt. Men det saag endaa nokot uliklegt ut. Vaar gode bergenske Mann Lyder Sagen sette ihop ei "dansk Læsebog", men Mauritz Hansen, som for si Tid var ein merkjeleg norsk Maalmann, han tyktes, at dette ikke var i den beste Samanheng, og han kom med ein "norsk Grammatik". Det var dansk eller Bokspraak, det som han foor med, men Mannen kjende liksom paa seg, at han maatte vera norsk. Det er sorglystigt eller tragikomisk, men so gjeng det, naar ein stor Tanke arbeider seg fram gjenom alt det uklaare. So skreiv Schwach sine norske Nytaarsvers f. Ex.; det var dansk, men Mannen vilde vera norsk. Blodet var tykkare en Vatnet, som det heiter. Og so skreiv Bjerregaard "Fjældæventyret". Han var med i denne Bokring, som stod med den eine Fot ned i Danmark og den andre up i Norge; men den tyngde so over paa den norske Foten, at Hovud og Hjarta laag der framme nord mot Heimlandet.

Desse gilde Menn vaaro Born af si Tid, og du kjenner ved at lesa deim liksom ein Understraum up imot den norske Kyst, om so Overstraumen endaa gjekk ned mot "den gamle Moder med Fjord og Sund, med Belter og med Floder", som Øhlenschlæger so yndefullt skriv.

Og so kom desse tvo Stormennene, Wergeland og Welhaven. Det er lik tvo Skybankar, som koma in af Havet. Du seer Lynglimt og høyrer Toreslaattar langt burte. Det kjem ein Storm. Du kan ikke skyna desse Lyn og desse Hagl, for dei fara for langt burte. Der er mangt, som du ikke kan tyda, for det heng ihop med hitt Liv, som ikke lenger er her. Det er det politiske Liv, det er Samfundslivet, det er Smak, det er Poesi. Alt dette, og meir til, er no i so mangt omskift, at du ikke rett kan forstaa den blodige Strid millom hine tvo Hovudmenn, kver i Brodden af si Fylking. Og dei vaaro nationale paa si Vis baade tvo. Store Folk maa altid vera det; for det er det historiske Blod i Folket, som pulserar igjenom deim. Og om sume store Menn ikke kunna vera nationale af Theori eller Læresetningar, so ero dei det af Instinkt, for det er netup det, som gjør Mannen stor, at han liver i Samanheng med sit Folk og er ein Reidskap for det. I og for seg sjølv og i Motstrid med si Folkeaand vardt ingen Mann stor i den heile Heimssoga.

Det vilde vera nokot at halda Fyrelesningar over Wergelands og Welhavens Forhold til kverandre, og deires Forhold til det norske Samfund og vaar nationale Framvokster! Det er utan Samanlikning vaare største Poeter og literære Menn etter 1814. Kort og godt vil eg segja, at Welhaven var national liksom imot sin Vilje. Norskdomen taut liksom ut millom Sidebeini hans. Wergeland derimot var meir national af Instinkt og i sit heile Liv. Han livde med sit Folk i godt og vondt, medan Welhaven liksom stengde seg inne i ein fin Ring. Og so var Wergeland national liksom i Ord eller Gloser i Spraaket, medan Welhaven meir var det i Construction eller Ordstillingar. Og Utbytet for det norske Bokriket af desse tvo Menn var stort.

So kom Asbjørnsen og Jørgen Moe med sine Æventyr, og med desse kom der myket af det liksom meir huslege i det norske Tungemaal in i Literaturen. Det var eit stort Framstig, og det er gildare Folk desse tvo Menn, en mange trur. Det norske Spraak, som før var trutt ubrukelegt i Bokmaal, so nær som eit Ord her og der og eit norskt Ordalag imillom, det vardt no sagt at kunna bli brukat til Æventyr og simple Historier. Tenk simple! Lenger kunde det umogelegt koma! Nokot slikt veit eg, at f. Ex. Professor Monrad sagde, og han er ein Filosof. Men so maatte det og folkast paa eller civiliseras litt i Stavemaaten, so som det var gjort i desse Æventyr. Der var den rette Mønsterform funnen; ja men var den so. Og Asbjørnsen og Jørgen Moe tykte det sjølve! Dei synes reint liksom at bli sinnad, naar nokon vaagar at draga Tankefylgja vidare. Mannen trur gjerne at Livet aldri kan koma lenger, en han sjølv kom. Dette er ei af dei mange "Lyksaligheiter" for Daarar, som Holberg talar om.

So kom daa Professorarne Munch og Keyser. Keyser var so danskslikkad i sine Læresetningar om Spraaket, at eg hadde min største Gaman af at høyra under hans Fyrelesningar denne grundige og gode Mannen. Men der flaut norske Ord fraa hans Munn rett som det var; og seer du i hans Bøker, skal du finna, at der er utruleg mange norske Ord og Ordstillingar. Naturen var sterkare en Uptuktelsen, og han lærde af Mor si meir en han viste af. Munch, denne yverveldande Kjempa, som var til slik ei Rædsle for alle danske Bokmenn, han gjekk vidare i sine Læresetningar om vaart Maalstræv en nokon annan Mann. Daa nemlig Ivar Aasen i 1848 kom med det fyrste Uplag af si Spraaklære og straks etter med si Ordbok, so skreiv han, at me burde fara tilbake til det trettande Aarhundrad med vaar Literatur og Bokmaal, og so utfylla vaar nationale Utlendingstid og paa den Maate knyta ihop den historiske Traad, som var afklypt. Denne store Mannen vardt agad eller imponerad af so mønstergyldige Arbeid som Aasens. Han skulde hava livt no og seet det andre Uplaget af Aasens norske Grammatik og snart det andre Uplaget af hans Ordbok, so skulde han hava helsat endaa djupare paa det mønstergode Arbeid og det rike Tungemaal. Men so døydde han, og før han gjorde det, so talad han att og fram om denne Maalsak, so at baade Partar no taka denne Mannen til Intekt. Han var livleg; og ein Mann med mange Tankar er ikke pruten paa ei ny Meining, likso litet som den rike Mann paa Skillingen.

Overlærar Knudsen i Kristiania har no i snart 30 Aar arbeidt for Norskdom i vaart Bokrike. Han held seg mest til det grammatikalske og det, som han kallar det "dannede Bymaal", og naar alt verdt upsummerat, so er Utbytet af hans Arbeid ikke litet. Han er netup ein Mann, som det trengdest til for at gjera ein Overgang. Det sokallad dannede Talespraak maatte faa sin Talsmann, og om det just ikke seer godt ut paa Prent og heller ikke er synderleg velklingande, so maa det leggja sit Ord med i Laget, og det verdt nok hangande atter eit og annat af dette i det endelege Literaturspraak, som arbeider seg fram. Og i Samanheng med Knudsen maa Folkeskribenten Ole Vig bli nevnd. Han gjorde myket godt. Det var eit stort literært Talent, og her er enno etter honom ein national Skole, som er all Ære værd.

Der er Samanheng eller Logik i alt slikt. Det vil koma til sit Endemaal, naar det er sett i Fart. So kom daa det eigenlege Maalstræv. Eg trur mest det er eg sjølv, som har kristnad det med dette Navn.

Ivar Aasen skreiv sine Prøver af Landsmaalet og gjorde sin "Erving". No ja, Spraaket kunde, som du saag, brukas til Æventyr og "simple" Historier, og no gjorde det eit Stig frametter og kunde brukas til "naive Vers". Eg trur det var Filosofen, som her atter var ute. Lenger kunde det umogeleg koma. Til Politik og det meir samansette Tankeuttryk var det reint ubrukelegt. Ja men var det so. Det er med dette som med somangt nytt. Fyrst er det umogelegt. So verdt det tvilsamt. Og so er det ingen Mann, som har voret imot det. Der stod me. Men so trur eg vist det var "Dølen", som kom, og det er ikke fritt for, at Filosofen klo seg bak Øyrat og meinte, at det nok kunde skapas til det og paa ein Maate, men det vardt fælt kunstigt og tilgjort. Lenger var det atter umogelegt at koma. Men so kom der Vers f. Ex. af Ivar Aasen, og Welhaven sagde, rigtignok privat, men likevel offentlig nok: "Den som hadde havt eit slikt Maal i sin Ungdom!" Ja, han kunde so segja.

Og so ero me daa her. No kan Maalet brukas til alt, men ikke til offentlige Fyredrag. Det er, som eg har sagt, litet inspilat, i det minste i Munnen min. Men gjeng det frametter som hittil, Stig for Stig, so vil det nok tala sine livande Ord over vaar Grav.

Denne heile Tankerekkja lagde eg ein Gong ut for vaar Poet A. Munch, og han kunde ikke svara annat paa det en det nokso naturlege for ein Mann, som lik os alle gjerne vil liva etter at han er daud: "Men om nu dette gaar frem, hvordan skal det da gaa slige Folk som mig?" Ja, der stod eg og kunde berre trøysta os baade tvo med den literaturhistoriske Kjensgjerning, at dei fleste Skribenter i Grunnen ikke liva lenger literært en likamlegt. Det heile Tankedrag verdt eit annat i ein ny Mannsalder, so at jamvel store Menn i dei Laand, der Spraaket synes uforanderlegt, ikke liva stort ut over si Tid. Det kan vera slike Monarkar i Tankens og Diktningens Rike som vaar Holberg, den franske Molière, og framfor alle Shakespeare; det kan vera, at slike Folk synes at liva nokot lenger, men det er likevel eit Slags Liv paa Afstand. Dei verdt agtad og ærad, og der er Setningar i Ordspraaksform etter deim, helst naar det er vittigt sagt; men det heile Tanketrain verdt nokot nytt for kver Mannsalder, so det meir er som Mønster for si Tid en for os dei liva. Det er Mønsterfolk, og det er ein Mønsterstil, som ikke lenger er bunden til nokot serskild Tungemaal og Land, men er gjeldande for alle. Det er denne forunderlege Insalting af den menneskelege Tanke, som og verdt kallad det "klassiske". - Og er dette Omskifte sant om fyrste Rangs Folk, som paa Jordi er likso faae som Stjernor af fyrste Rang paa Himilen, so er det endaa sannare om Folk af lægre Rang nedigjenom. Nei, me maa vera fornøgde med at kunna tena vaar Tid og døy med den, og kunna me upnaa so myket, at me staa som Spraakprøver i ei Lesebok, so er det store Ting.

Og liksom det er med Tanken, soleids er det og med Spraaket. Om det seer nokso likt ut i det eine Aarhundrad som i det andre, so det er likevel med Tanken for si Tid liksom omgjort og umerkjande gjengjet over til eit annat. Det franske Spraak er kjent for at vera det minst omskiftande i desse sidste 2-300 Aar. Men les ei fransk Literaturhistorie og dei franske Dictionairar og sjaa paa Literaturen sjølv, om du kan, og du vil finna, som det so tidt er sagt, at Tungemaalet hans Corneille ikke er Maalet til Voltaire og endaa mindre til Alfred de Musset og Victor Hugo. Det kan sjaa likt nok ut, og det stend paa den gamle Grunnen, men det er omsett og ny Aand og Tanke komen in; og so nye Ord.

Den politiske Revolution i Frankrike var og ein Spraakrevolution, utan at vita eller vilja det. Folkelivet trengde meir og meir fram. Og i Engelland, der Spraaket og er gamalt og fastnat, der verdt det sagt af Kritici, f. Ex. i Westminster Review, at Charles Dickens har si største Forteneste i den engelske Literatur som Maalmann. Ord, som før vankad husville ikring paa Gatorna, førde han inn i the drawing-rooms eller Salonerne. Tennyson verdt mest rosad for sin fagre Anglosaxon. Her er Maalstræv i England og, ja i heile Europa, kan du segja. Og det er so rimelegt at vaart Maalstræv maa staa i Forhold til vaar Utlendingstid. Det er mest likso sterkt som dette nygrekiske, etter at Grekarland som Norge vardt eit sjølvstendigt Land.

Desse tvo Laand kver i sin Ende af Europa, nemlig Grekarland og Norge, dei hadde det beste Maal og det beste Bokrike i gamle Dagar, og desse deires gamle Tungemaal hanga enno paa det beste saman med deires nyare Folkemaal. Det er deifor so rimelegt, at desse tvo Folk hava dei beste Grunnar til eit sterkare Maalstræv en dei Folk, som korkje hadde so gode gamle Mønster eller so gode yngre Landsmaal, men derimot eit Bokmaal, som er utviklad i Samanheng med den nyare Tid og Folket sjølv. Og det er dette sidste, som Grekarland og Norge ikke hadde. Altso atter ein Storgrunn til Maalstræv.

Og so maa me minnast, at Holberg sette sin største Ros i at vera Maalstrævare. Og det ero me allesaman mot eller med vaar Vilje, anten me ero store som han eller mindre. Omtrent dette sagde eg til Munch i denne vaar Samtale, og dermed vardt me liksom forlikte og fann os i at liva med vaar Tid og døy med den.

Men det er denne menneskelege Livslyst hjaa vaare Skribenter, som gjør, at dei ikke kunna vera meir norske. Dei hava vistnok ikke Forutsetning eller Underbygning til det, daa dei hava lært for litet baade af Folket og Bøker. Det er likevel endaa Tanken om at vera Mønstermenn og liva til Domedag, som stend mest i Vegen. Men baade Ibsen og Bjørnson f. Ex. ero norske langt frametter. Dei tena si Tid og uttala etter Evne si Folkeaand. Det er gode Menn, og det vilde vera daarlegt gjort at lata deim høyra ille, for dei ikke taka Stiget fullt ut. Kven gjør vel det? Dei ganga so vidt, som dei kunna, og det vilde kan henda ikke vera godt, at dei gingo vidare. Det vardt nemlig daa usant for deires eiget Vedkomande. Og Bokriket treng netup til Overgangsfolk af alle Fargar, for at der ikke skal verda for store Sprang i den javne Utvikling, men at den eine Ledringen kan knyta seg til den andre under Framvokstren af denne Ryggrad for vaart boklege Liv.

Det gjeng nemlig ikke til so, som mange trur, at der er Hopp og Sprang i nokon god Framvokster. Det kan tidt sjaa so ut; men i den store Samvokstren er det likevel ikke sant. Den, som ikke seer daglegt paa Vokstren, han synes, at der liksom er gjort Sprang og utrulege Framstig. "Nei, so du har vokset sidan ifjor," segja me til ein Ungdom, som me ikke har seet paa eit Aar. Og so med vaar Literatur. Fraa Mauritz Hansen og hans Felagar eller Kamerater og til den wergeland-welhavenske Afslutning synes eit Sprang. Og so er der eit Skifte lenger framme med det asbjørnsenske og moeske Æventyr, og so fylla Keyser og Munch ut eit Millomrum; og jamvel A. Munch, som no er, og helst so gjerne vil vera ein gamal Bokspraaksmann, jamvel med honom er det eit litet Framvarp, so danske Skribenter alt mange Aar sidan hava sagt, at der er eit og annat so norskt i hans Skrifter, at dei her og der maa slaa etter i ei Ordbok. Livet er sterkare en Mannen, maa vita, og han kan med sin beste Vilje ikke riva seg laus fraa det Samfund, han liver og andar i. Mange af Munchs Samtidige har det gjengjet likeins med. Exempelvis kan eg nevna H. Ø. Blom, C. R. Monsen og Sylvester Sivertson.

So kjem daa den literære Ledring eller Skiftet med Ibsen og Bjørnson, om just ikke so rett i Tid, so likevel i Sambygning med den boklege Utvikling. Det er eit Ledsystem, og kver af alle hine Menn eller boklege Afslutningar er liksom ein Kvirvil i denne Ryggrad. Ibsen fører, som dei fleste andre, Strid mot den literære Framvokster i national Retning. Han spenner imot og er sinnad, men han verdt sogjen med af det norske Fossedrag, som du ikke stengjer med den flate Haand af ein einstak Mann. Seer du etter, so er der myket norskt i hans Vendingar og Ordalag, om han so stavar eit og annat Ord burt i Villska. Med Bjørnson er det nokot likt, endaa han fører ikke so open Strid mot vaar spraaklege Framgang som Ibsen. Han er og meir norsk i Tone og Tanke. Og desse tvo Menn hava attaat sine Framvarp i norsk Bokveg gjort stor Nytte ved det, at dei hava lært Danske og Svenske til at sjaa vaart Maalstræv og liksom finna seg i det. Det er vel ikke danske og svenske, me fara etter, men det er likevel nyttigt, at desse utlendske Folk fylgja med os og venja seg til Omskiftet.

Det er sagt, sovidt eg veit bland andre af Geijer, at der er tri Slags Folk i den historiske Dag, nemlig Morgonmenn, Middagsmenn og Kveldsmenn. Det er daa Middelsfolket eller dei, som i Politikken verdt kallad justemilieu, nemlig dei praktiske Folk, som taka litt af deim, som ganga for langt fram, eller dei radikale, revolutionære, og so litt af deim, som fylgja for litet med, eller spenna tilbake, eller dei reaktionære. All Framgang i Literatur som Politik verdt utgjord af desse tri Slags Folk. Framstiget er liksom Dampmaskina, dei praktiske Menn eller Middelvegsfararne er liksom Styresfolket, og Atterhaldsmennerne eller dei reaktionære er Vatnet, som held imot Farten og alt, som dreg tilbake. Dei maa til allesaman; Livet maa hava alle desse tri Folk, og ingen kan godt vera den andre forutan. Men det er Daarskap at gjera Millommannen og Atterhaldsmannen til dei største og mest nyttige. Det er Framgangsmannen, som er den dragande Magt og utan denne maatte Samfundet staa stilt eller rettare, det vil de fara tilbake og veksa nedetter liksom Istappen fraa Taket. Men derfor skal Framgangsmannen setja den rette Pris paa desse tvo andre Menn og vedkjenna, at han lærer mangt af deim. Morgonen maa faa sin Middag, og so maa Kvelden koma. Det verdt ingen heil Dag utan dette.

So er daa Maalstrævet med alle sine Skribenter Morgon- eller Framgangsmannen eller dei revolutionære. Lat meg bruka det Navn, og eg godkjenner det paa meg sjølv. For andre kan eg ikke svara. Men eg kan ikke gjera annat, en eg gjør, og so segje eg daa som so: Her er god Raad paa Millommenn og endaa betre Raad paa Atterhaldsmenn, so Livet treng godt til Framdrag, og ved denne Samdraatte af alle desse tri Slags Folk vil vaart Bokrike koma fram paa høveleg Maate, og Nationen koma til seg sjølv, og det folkelege Spraak i si Tid koma til sin Rett, liksom i gamle Dagar, men likevel med det naturlege Omskifte, som vaar millomliggjande utlendske Tid og det framveksande Liv har ført med seg. Det er ikke vaar Meining at vera gamalnorske, men livande og samvirkande med vaar Tid, og derfor bruka me mangt eit Ord og Ordalag, som i den millomliggjande lange Tid er inført.

Det seer derfor ikke so farlegt ut, som mange Folk meina. Vaart boklege Liv vil ganga sin Veg med sine Framgangsmenn og Atterhaldsmenn og dei som standa midt imillom og taka litt af desse tvo andre til høvelegt Husbruk. Maalstrævet utviklar norsk Bokskriving og norsk Omgangstale. So gjeng det sin harmlause Veg frametter, og so ganga desse Millommenn sin, og den største Mark for desse vil vera Bladliteraturen og Bøker af mange Slag. Der vil vera litet poetisk i denne Literatur; for det poetiske maa altid vera folkelegt og vera det reinaste Uttryk for sit Lands Tungemaal og Tanke. Men han vil vera til Nytte for det praktiske Liv og gjera, at Folk liksom ikke seer nokon Framgang, før det alt er ferdigt, eller med andre Ord, før denne praktiske Literatur umerkjelegt er gleden over og in i denne poetiske og nationale. Denne Literatur for Dagen, som han og kan heita, tek nemlig up eit Ord her og eit Ord der, alt til han er mettad af denne nationale Literatur, liksom det verdt sagt om Vatn, naar der f. Ex. er upløyst so myket Sukker i det, som det kan taka in i seg.

Om desse Atterhaldsmenn eller reaktionære er det literært ikke stort at tala. Dei kunna naturlegvis litet eller ingen Ting skriva, som der er nokot vidare Værd i. Det er dei atterhaldande, dei skrikande, dei misnøgde Folk, som Framgangsmannen berre smiler aat; for dei ero i det lange Drag magtlause som alt det daarlege i dette Liv.

Eg maa her vara meg imot, at eg skulde meina vaar spraaklege Utvikling var afsluttad med det noverande Maalstræv. Langt ifraa. I ei vis Meining ero me alle Overgangsmenn og ikke minst eg sjølv. I ubunden Stil er Maalet mit enno haltande, og jamvel i bunden Stil eller paa Vers skriv eg ikke so reint norskt som mange etter meg koma til at gjera. Eg vaagar meg ikke, som eg har sagt, til at draga ut alle Stemmer paa dette Orgel og spila med fullt Verk. Ivar Aasen skriv alt reinare en eg, og desse sokallad bergenske Maalstrævarar likeins; og det er godt, at der er Grader eller Trappestig frametter med vaare Maalmenn. Det syner fram, at Spraaket er inne paa ei Utviklingsrekkje. Det kan ganga fort eller seint med denne Utvikling, og di fortare di betre. Her er ingen Ting at venta paa. Der denne Rekkja vil stansa veit enno ingen. Men stansa kan den ikke, før en det heile norske Tungemaal er upteket i vaart Bokrike og inspilat so godt som den beste Fela hans Ole Bull.

Det kunde synas underlegt, at nokon Mann skulde vera uglad i slik ein Framvokster af vaart folkelege Bokrike og ei slik Godkjenning af det nationale Tungemaal. Men dei fleste skrivande Folk bilda seg som sagt in, at dei æveleg skulle liva og vera Mønstermenn til alle Tider. Det er naturlegt dette, men det er flirande, og det visar, at desse Folk ikke hava den minste Kunnskap om Vilkoret for menneskeleg Utvikling, men at det er den faafengde Sjølvelsk og det ukjærlege Hjartelag, som vilde, at det heile Liv skulde døy med deim sjølve.

Og so er det den likso ukloke Tanken, som trur, at det vilde vera til aandeleg Skade for vaart Folk, om det fekk sit eiget Tungemaal til Bokspraak og ikke lenger laante eit annat. Dei tru, at Kulturen ligg uppi Bokhylla og ikke in i det livande menneskelege Hovud, og at me ved at bruka vaart eiget Maal vilde ganga Glipp af den Uplysning, som er os tilførd med Fællesliteraturen. Liksom me ikke skulde lesa Holberg og Wessel og Wergeland og Welhaven og alle dei andre, for det om her vardt skrivet og talad eit reinare norskt Tungemaal! Me lesa alle desse gilde Menn, so vidt som det svarar til Kravet i vaar Tid, og so vidt som me finna, at der er nokot for os at læra af deim. Og Skilnaden imillom Tungemaalet til desse Skribenter og dette reinare norske Tungemaal er ikke større, en at den, som kan lesa det eine, han kan og lesa det andre. Det er eit reinare Bokstavljod eller Vocalisation i denne nyaste Literaturutvikling eller i Maalstrævet, og der er fleire norske Ord, men alt heng so ihop med den fyrre Ledringen, at Overgangen er mindre, en han seer ut til at vera. Det var alt lagad til, so Maalet liksom af seg sjølv maatte glida over i den reinare Toneart. Men om Overgangen var større, en den er, so maatte me daa vel som eit myndigt og sjølvstendigt Folk bruka den reinare Form i vaart eiget Tungemaal, om so dette ikke var so godt, som det er; men Ivar Aasens spraaklege Arbeid og vaare beste norske Vers visa, at dette vaart norske Spraak er myket betre og meir alsidigt en det danske. Den, som talar nokot annat, han maa beint fram bli afvisad som ein Faakunning eller Ignorant.

Nei, me missa ingen Ting af det gamle ved at veksa fram i det nye. Det gamle døyr ut, som eg her framme ettervisad, om so det ytre Spraak for det gamle Tankeinhald seer ut til at vera det sama. Den eine Mannsalder tek up i seg Tankeinhaldet fraa den fyrre Mannsaldren og omseter dette til sit Bruk og til Kravet for si Tid. Det er liksom med den likamlege Maten dette; den skal ikke liggja som Graastein i Magen, men bli omsett til Safter og Blod og Livsnæring i det heile. Den, som derfor trur, at Uplysning, Kultur, ligg i dei gamle Boksamlingar og stend der uppi Hylla og ikke verkar i Tankelivet for Dagen og Timen, han er lik den Mann, som ikke vilde smelta Maten sin, men berre ganga og dragsa og bera paa den som ein annan Steinpose. Det er naturlegvis urimelegt eller absurd at tala med slike Folk, men daa det er mange af deim, so verdt du nøydd til det.

Og skulde ein Mann ikke hava meir en den dansk-norske Literatur til at læra af, so vardt han forlitet klok. Han er likso god som mange andre denne Literaturen, det er ikke for det; men likevel so verdt han for liten for den, som ikke rigtig skal vera Heimføding. Den heile Verdensliteraturen maa til for ein Mann, som skal hava Rett til at tala om slike Saker. Den nye europæiske Literatur maa han i det minste vera heime i. Heimeliteraturen er til Husbruk for det store Folk, og i den maa me finna vaare finaste Tonar, og i den omsetja vaare beste Tankar; men det store, breide Tankeliv maa me samla fraa alle Literaturer paa sama Maaten, som Bia finn si Honning ved at suga nokre Safter fraa den eine Blomen her og andre Safter fraa den andre Blomen der. Derfor læra me og andre Spraak for at kunna bruka desse fremminde Literaturer. Veksa me derfor so langt frametter i vaart store norske Tungemaal, at det vesle danske verdt os nokot fremmind, so stilla me det i Klasse med dei andre europæiske Tungemaal, og det er ikke godt at skyna, at det skulde koma nokon Skade for norsk Kultur af dette. Den uplyste Mannen sopar med seg alle Literaturer. Og det kan ikke vera om andre en uplyste Menn me tala her. At vaart norske Folk i det store ikke skulde hava best af sit eiget Tungemaal i sine Skrifter, det kan daa vel ingen tvila paa.

Men det er ingen Fare med det. Dansk ligg os likso nær som svensk, og desse tri nordiske Spraak ero berre store Bygdarmaal eller Dialekter til kverandre. Det er berre ein Tame eller Øvelse i Lesnad, so forstend kver nokonlunde vitug Confirmant paa Landet desse tri Spraak. Det er lykkelegt, at det er so, og det er til Uplysning og Tenkning for Aalmugsmannen, at han har desse tri Bygdarmaal at lesa. Sit eiget maa han kunna fyrst og fremst, og han treng ikke til fleire, men det er altid godt, at han so lett kan taka med det svenske og det danske. For os uplyste Folk er det ingen Ting at tala om; me lesa det heile Europa, so dansk og svensk er det aldri rødande om.

Men no i denne Overgangstid, før sokallad uplyste Folk hava lært Oldnorsk og sit eiget Landsmaal, no er det enno litt leidt frametter for desse villfremminde Folk i sit eiget Land. Det støyter deim at sjaa ein ny Stavemaate, eit nytt Ord, og det er mang ein god Mann af desse Gjester i sit eiget Hus, som ikke kunna overvinna seg til at lesa norsk. Ak ja, Synet er ein paahaldande eller conservativ Sans, og dei stiga paa Alder desse Folk og hava det gjerne godt, so dei kunna taka seg ein Lur. Og so slengja dei daa ifraa seg den norske Bok og det norske Blad, og dersom dei ikke alt hava sovnat, so mala dei upatter alle dei gamle gjendrivne Grunnar mot eit norskt Tungemaal. Dei fylgja ikke med si Tid, maa vita; for gjorde dei det, so vilde dei no for det fyrste kjenna Ivar Aasens Arbeid og sjaa der det, som du ellers lett maatte kunna tenkja deg til, nemlig, at vaare Dialekter er ein Rikdom for Spraaket, daa dei alle ero Greiner paa det same Tre. Generalnevneren for desse Brøker er alt given, so nær kanske som i eit og annat smaatt, f. Ex. med nokre faae Pronomen. Det skal litt Tid til at arbeida up til mjuk og lett Framstilling i Skrift dette gode Talespraak, men at kvekkja tilbake for dette, for det ikke alt er gjort, det vilde vera som ikke at rydja up eit jordgodt Aakerland, men i Staden derfor berre bruka den vistnok meir upbrotne, men mindre gode Aakren. Og so om denne nye Aakren ikke var betre en den eldre, men det er greidt nok, at den er det; men om den ikke var betre, so er den vaar eigen, og det ligg i Naturen vaar, at me heller vil sitja som Sjølveigarar en som Leiglendingar, om so Bruket er mindre. Det er ellers ikke Spursmaal om stort eller litet Bruk i denne Vegen. Denne europæiske Tanken om Nationaliteter godkjenner den minste af desse og finn, at den etter sin Landslagnad liksom har sit sereigne Instrument at spila i den store Folkeconcert. Der er ein sereigen Klangfarge i Tonen hans, og denne maa vera med til at gjeva det heile Samspil Afveksling og Fylde. Det er derfor liksovel ei Pligt som ein Rett for ein so utprægad Nationalitet, som vaar norske i Sanning er, at utvikla det sereigne i sit Folkeliv og likso litet som nokon annan Skapning ganga burt og gjera Ende paa seg. Det kjem snart den Dag, og den er alt komen for dei beste Aander, daa Dansken og Svensken koma til at segja til Norsken: "Broder, du maa ikke upgjeva deg sjølv; me kunna ikke vera deg forutan i dette nordiske Samlag. Det er litet nok, om ingen af os gjeng burt og afkortar sine Dagar. Me draga fram kver vaar Stein og vaare Straa til den store nordiske Bygning, og du, Nordmann, maa af Naturen vera den mest originale af os. Det er ikke deg sjølv at takka for dette, det er dit alsidige Land, det er din Skog og di Mark, di Slett og din Dal, dit Fjell og din Fjord."

Her stod ein Mann paa denne Staden ifjor og talad om, at vaart Folkemaal var "fossile Levninger" eller steingjengne Rester af eit utdøydt Liv. Men du kan ganga her paa Gata og høyra, at dette Tungemaal ikke er fossilt. Det har sin Poesi, og det i tykke Bøker. Det verdt meir og meir talat paa Torg og Ting af Bonden sjølv, no daa han vaagar seg fram med det. Det har no ei Ordbok og Spraaklære, rikare og større og betre lagd ut en nokot dansk og svensk Verk af sama Slag. Her verdt dagleg tekjet up i Bokspraaket Ord og Ordalag af dette Tungemaal. Den heile Literatur stevner, som me hava seet, mot dette Maal, og den har alt mange gode Bøker i si Tunga. Og Aalmugen er glad i desse Bøker, no daa han ikke lenger verdt utskjelt, for han brukar sit eiget Maal, og naar han verdt uplærd i at lesa det. Det skal litt Vane med dette og. Nei, det er ikke fossilt dette Maal, men Folk, som kalla det so, dei maa vel heller høva til Navnet "fossile Levninger". Det er steingjengne Rester fraa denne eldre Tid, daa vaar Ombodsstand var liksom ein utlendsk Koloni utan Samliv og Samvirke med sit Folk. Dei forbaud sine Born at tala Bondens Maal eller at "bondske", og her er rundt ikring os slike "fossile Levninger", som vilja taka sine Søner heim fraa Skolen, om dei fara til med Maalstrævet, og som sjaa seg "nøydde" til at gjera det sama med sine Døttrar, sosnart ein Lærare paa Pigeskolen talar om Landsmaalsliteraturen eller brukar litt norsk i si Tale. Det er fint dette, men det er fossilt, og det dryp daa heller ikke myket Feit af desse Folk.

Ja, det er fossilt. Den nye Nationalitetslæra har i dei sidste tretti Aar omstøyt den gamle Ringeagt for eit Folks Liv, og ropat ut Retten for det til at liva. Det er dette, som no er den europæiske Politik; og det er dette, som dei beste Aander i vaar Tid setja i Stil.

Politikken er no liksom trøyt af si gamle faafengde Gjerning, at kippa mange serskilde Folk ihop til eit stort Rike. Dei sokallad Universalmonarkier hava spilat Fallit; og er enno eit stort Rike liksom nøydt til at hava mange Nationaliteter under seg, so godkjenner det Retten for kver af desse til at liva sit sereigne Tankeliv med Tungemaal og alt, som dertil høyrer. Dette er no Politikken i Østerrike; og jamvel Rusland maa nok bøygja seg for denne europæiske Folkemeining og for den Krig paa Kniven, som det ellers maa føra med sine underlagde mindre Folkeslag. Polen f. Ex. verdt nok Polen i denne Meining, og Finnland likeins. Og er ikke dette slesvikske Spursmaal eit nationalt, dette, som vaare unorske Folk sjølve hava slik Samhug med? Men det var eit annat Slag det, so Mannen beit af Kurven (Pølsa) i hinom Enda. Politikken heldt lenge paa med denne Ihopkipping af serskilde Folk, etter at den store Samstøypstanken var upgjeven med Hensyn til Tungemaalet. Dei nyare Literaturer i Europa gjorde Uprør mot Latinen, som i Middelaldren var Kulturspraaket for alle Laand og vardt trutt at skulle vera so all sin Dag. Men kvert Folk maatte faa sit Bokmaal, og det er nokot sorglystigt at lesa om dei lærde Menn, som trudde, at all Kultur maatte døy ut med Latinen, og naar desse europæiske Folk fingo sine Landsmaal. Jamvel so seint som ikring 200 Aar sidan førde ein lærd Skotlender, Buchanan, Strid mot sine skotske Maalstrævarar om dette. Han skreiv ein makalaus Latin, men Maalstrævet vann. Og var det kanske ikke mot denne Daarskap, som Holberg maatte føra slik ein Strid? Er ikke kanske Magister Stygotius ein Mann med Kulturspraak? Det er altso lenge sidan upgjevet at hava eit sams Tungemaal for alle Folk. Det vardt alt upgjevet so tidleg som i Babel. Der maa eit heimlegt Maal til for sjælelege Uttryk og Folkets Tankeliv; men til Handel og Vandel derimot kunna me jamvel gjerne bruka Telegrafteikn f. Ex. eit Heimemaal er altso godkjent gjenom Historien og af alle tenksame Folk. So er det og her tillands. Eg vaagar meg til at segja, at vaare største og beste yngre Menn staa paa denne nationale Sida; og vist er det, at dei beste literære Kræfter gjera det, om ikke altid med, so likevel mot sin Vilje. Der er haldne Slag inne i Kristiania om dette. Kanonaden har spilat fraa Bakkar og Berg, so det liksom berre er ned i Dalen bland Fotfolket, dei puffa og skjota; med andre Ord: dei beste Kræfter hava afgjort denne Maalsak i Pressen og i Studentersamfundet, alt i Samanheng med den mest uplyste europæiske Folkemeining. Og det kan fritt bli sagt, at denne nationale Sak no er at likna ved den upkomande Ungdom, og desse fossile Folk med den dalande Alderdom. Men det er med dette som med so mange andre Magtstillingar. Den eldre Mannsaldren siter inne med Magti fraa si Tid, so det "officielt" seer ut, som alt det gamle stod ved Lag; og desse eldre styrande Menn tru, at der ingen Ting nytt er komet in i Tanken og Livet. Det var ikke gamle steingjengne Folk, dersom dei kunde uptaka i seg det nye. Dei liggja sine gode tretti Aar tilbake i Tenkning og heile Livsupfatning. Derfor skal der ein ny Mannsalder til, før desse nye Tankar koma til den utvordes Magt.

Derfor maa det, som sagt, enno sjaa ut, som vaar eldre nationale Upfatning stod ved Magt, i Motsetning til den yngre, eller at dette fossile enno hadde sit gamle Liv. Soleids er, for at nevna det største Exempel, Ministeriet enno fossilt. Det maa vera kjent for alle, at Fyrsteministeren, Stang, med tvo andre Ministrar, ifjor skreiv til Storthinget eit dissenterande Votum imot, at Oldnorsk skulde koma in i dei hægre Skolar, og han ankad der over, at her blandt vaar upveksande Ungdom heller var for myket en for litet af national Tankemaate og Huglynde. Fraa hans Standpunkt maatte det so sjaa ut; for her er myket af det Slaget, og det er attaat fælt godt det, som er. Men so gjeng det med alle Folk, som eldast af. Naar her no kjem ein Fyrsteminister med vaar Tankemaate, som ikke lenge kan lata venta paa seg, so kan det somen gjerne henda, at det nationale Liv har vokset seg somyket lenger fram, at han i Likning med Stang no maa hava sin Ræddhug for, at den sterkare nationale Aand, som var grodd fram etter, at han ikke lenger var med, snart kunde koma til den ytre Magt i Staten. Det er nemlig ikke sagt, at han verdt klokare, han, men fæler liksomyket for dei nye Ideer. Og dei ero farefulle dei for aflegs Folk. Berre ein einaste Mann kan uptaka Kampen mot det heile Riksstyre, naar han gjeng med Gneisten til Elden for den store Folkeskogen.

Men her er eg liksom komen in paa den politiske Sida af denne Sak, og til den er her ikke Tid i Kveld. Og so vilde eg her heller ikke tala om annat en det, som me alle maa vera samtykte om. Politikken er altid ei saar Sak, blandt annat for han er so gruseleg praktisk og kjem so snart in paa Skillingen og Matfatet. Det einaste af dette saare, eg derfor vil røra ved, det er, at her i vaar Politik liksom er Drag burt ifraa vaart sjølvstendige nationale Liv og aust mot Sverike og sud mot Danmark. Me nationale, me vilja og liva i Fred med vaare Grannar og halda vaare Contracter som ærlege Folk; me vilja verja om Nordens Liv og ikke stengja os inne i ein blind Norskdom. Men norske vilja me vera heilt ut, i Politik som i Literatur og alt Heimestell. La logique de la chose, eller Tingens Logik maa ganga sin Gang og koma til sit Endemaal. Men desse "fossile Levninger" eller desse gamle Kolonister, som ikke vilja samveksa med det store Folk, dei synes at kjenna si koloniale Sjølvstendigheit trugad af Moderlandet eller af Norges Krav paa at vera seg sjølv i eit og alt, so her ikke lenger verdt det gamle Bruk for slike Fremmindfolk; og det er derfor ikke fritt for, at me sjaa uhyggelege Merke paa, at dei lik upskræmde Fuglar leita etter Trygd og Skjerming i desse Grannelaand. Den, som ikke vil halda seg til Heimefolket, maa sjaa seg om etter Hjelpetroppar ute. Ein Ombodsbolk, som ikke vil samverka med sit Land og syrgja og gleda seg med det, men liva innestengd for seg sjølv utan Kjennskap til dets Maal og aandelege Livskrav, den maatte staa seg paa, at Regjeringssætet laag lenger burte, so den kunde vera ein Millommann millom Riksstyret og Heimefolket. So var det før under vaar gode Dansketid, og ei Prøve med at faa atter denne gamle Tilstand kunde nok vera værd eit Æventyr. Men her er eg inne paa nokot, som eg paa andre Stader skal leggja betre ut. Det fær vera nok her berre at klunka paa denne Strengen.

Men, lat os tru paa vaar gode Aand, og meina, at me alle vilja vera med til at setja i Stand eller restaurera vaart gamle norske Liv, likso vel som vaare gamle Minnesmerke, so som denne Kongshall og dette Taarn. Her er mangt forfallet i vaart nationale Liv. Her er infallne Glaskarmar og Glugg; her er danske Flisar klinde in i den gilde Bygning. Her er Rottor og Mus, der, som skulde vera den straalande Gildehall for fagre Folk. Men Grunnmuren er god, og her er Stein i det norske Berg til at hogga ut og fella in. Her er Kunst og Vitenskap til at faa alt i den rette Stil og Samanheng. Det var ein Tanke, og inkje eit Tilfelle, at der kom eit Selskap i denne vaar Upvaknings Tid for at verja om vaare gamle Minne. Det var Nationens Livsinstinkt, som og i dette Stykket braut fram, etter at gamle Kyrkjemurar vaaro burtkjøyrde og den fine Steinen med inhogne Rosor og Liljor brukad til Laaveklopper og Florar. Der vardt stellt med dette som med somangt fraa vaart gamle historiske Liv; men Tungemaalet var ikke so lett at riva ned og kjøyra burt. Der er liksom eit evigt Liv i det, for det er Folket sjølv og Uttrykket for dets originale Aand. Og for dette, at det norske Maal livde paa Folketunga, so er Aalmugen no so glad, naar han seer, at det ikke lenger er vanagtat, men kjem fram i sine Bøker. Det er ikke sant, at han ikke vil hava sit eiget Maal, men det maatte vera sant, so lenge han vardt utskjelt for det og gjord Narr af. Det gjekk med honom som med Hindufolket, naar Brahminerne eller dets Prestar lærde, at ei Bøn af dei gamle Vedabøker eller deires Bibel vardt meir og meir heilag, di mindre Folk forstod den. Det heilagste var, naar du ikke forstod eit einaste Ord, men mumlad i Myrkret. Som det var i Indien med Sanskrit, var det i Middelaldren med Latinen, og derfor vilde heller ikke det arme Folk missa sit heilage Kyrkjemaal. Det er denne Heilagdomen i det ukjende og uforstaaelige, som enno heng i, naar det verdt trutt at vera mindre heilagt, og ikke so gudelegt, at bruka Norsk som Dansk til Salmer og paa Prækestolen. Og merkjeleg nok, det er mest Prestarne, som læra dette no liksovel som før i Indien og sidan i Middelaldren. Men Aalmugen vil hava sit Maal, naar alt verdt uplyst. Derfor er dei faae Prestar f. Ex., som tala sit Landsmaal, so framifraa vel likad, og derfor er her slik Framgang med desse nationale Høgskular. Det er liksom ein Guds Lagnad, at all denne vitenskaplege Upreising af Maalet kjem fram no, daa det kunde sjaa ilt nok ut for det med dette nyare Skolevæsen og alle dei Bøker og Blad og all Samferdsla. Men det gjekk som med Maanen: naar det sidste Ljosband paa Næ sloknar i Aust, nører han seg den krumme Glansringen paa Ny atter i Vest. Det var mange af desse fossile Folk, som hyggde seg med, at den gamle norske Aand skulde ganga i si Grav for dette nye Stell. Det var liksom Mefistofeles i Faust sagde:

Somangt eit Lik eg til Gravi bar,

og trudde, at snart det no Enden var

med Menneskelivets Alen.

Ved alle dei Baarer so glad eg stod.

Men endaa so leikar det unge Blod.

Det er so du kan bli galen.

Nationens Aand teiknar os alle in i sine Rullor for si Stridsher. Det er Folk, som billa seg in at kunna skulka ifraa denne Hertenesta og jamvel reint ut staa imot denne Herferd. Men det gjeng deim som Jutulen, daa han bygde Kyrkja og vardt til Stein, daa Soli kom og han høyrde sit Navn.

Jutul gjør si Gjerning stor,

men paa eigen Id kun agter.

So maa Magti her paa Jord

lydig tena Himlens Magter.