Aasmund Olavsson Vinje
Tale til 17de Mai
15. mai 1859
Kilde: Vinje, A.O. Skrifter i samliing, 3. band. Kristiania 1919, s. 77-81.

Dølen maa hermed fyrste Gongi tala om vor Friheits-Dag. Det var ikki for tidlegt, at han kom: i fem og fyrti Aar er her talat om denne Dagjen vaar med ei Tunge, som ikki var vaar, og Visur kvedne for norsk Friheit med dansk Maal. Vi fingo dei ytri Heidrs-Plagg, men vaaro ikki endaa vaxne ut, so det sat etter os; vi fingo ein "Orden", men som somangein Mann havde vi endaa ikki fortent honom. Det ytri kjem javnast fyrr en det indri, og kann ikki dette vexa etter, so kjem Sjukdom. De (I) høyra no, at det indri kjem vexande etter, og de kunna derfor hugga (hygge) dikkor med, at Folket er friskt, og at Slengje-Aari snart ero gjengne gjenom.

De tru vel, at eg stend her og drambdryser (skrøner) for dikkor; men det er den skire og klaare Sanning, eg segjer. Bruke berre Munnen dikkor, so skal Øyro segja, at det er sannt; men ero desse ogso uomskorne, som det stend i Skrifti, so er eg raadlaus og kann ingen Veg koma med dikkor, utan den, at de berre høyra paa Maalet mit, og tru beint fram paa Meiningi mi. Og det er vist, tenkjer eg, det rettaste, de kunna gjera. (?)

Det er ikki godt at røda um Friheit, for ho er ei Sak, som Folk ikki lett faa inn i Hovudet sit. Det er som at tala om Helsa for den Friske. Han synest, at Helsa er nokot, som skal so vera og kann ikki godt vera annarleides. Men verdt han sjuk, so forstend han, kvat Helsa er for ein god Ting. Solengi derfor alt gjeng godt og vel, er all Tale om Friheit ei daarleg Tale for vanlege Folk. At vera fri! ja, det er ikki at vera bunden; det er ikki nokot i seg sjølv, men det er, at nokot vondt er burte. Den som derfor ikki kjenner Ettersviden af dette vonde, maa tenkja, skal han verdsetja Friheit; og daa det er faae, som enno kjenna Sviden etter Trældomen, og endaa færri, som kunna tenkja, so maa vi finna det greidt, at det lyt ganga daudt til paa denne Dag, og dersom ikki Folk vaaro so snille, at dei gingo i Blinde drivande med i Flokkjen, so vilde det ganga endaa daudare. Det er stor Synd at skjemma paa Folket, for det er so matt, det er store Ting, at det rører so mykit paa seg.

Og det store Folk rører daa helder inkje stort paa seg. Det veit eg af mi gamle eigne Røynsla. Grunnlogi fylgde Skulen med andre Bøkar; men om eg enn havde leset liksomykit som andre Skulelærarar og derfor meir en Aalmugjen, so kunde eg aldri verda klok paa den Boki. Og eigong vi høyrde af ein Spilemann ein Slaatt, som heet den syttende Mai, so undradest vi Allesaman, kvat dette skulde segja, og sagde: "Den syttende Mai! er det nokot gildt ved den Dagjen?" Sidan lærde eg vel, kvat den Dagjen var for nokot, men det varde endaa lengi, fyrr eg rett kunde skyna Gleden paa denne Dag.

Eg trur, det gjeng andre, liksom det gjekk meg; og det vilde vera lett at visa, at det maa ganga so; men den lange Røda vilde Folk ikki lesa ut.

Friheit er derfor det største Stormannskap (Aristocrati), daa den, som skal skyna hena, maa vera ein tenkjande og upplyst Mann, altso ein Stormann. At Folk som liggja bundne ogso skyna paa hena, er ei endefram Sak; men det er likso liti Kunnst det, som at vilja eta, naar Ein er solten. For det om Italienerne no skyna paa Friheit og bløda for hena, vilde det ikki vera Rett at segja, at dei ero betri en Aalmugjen vaar, som pløgja og saa paa denne Dagjen, og lata slike Folk som vi halda han heilag.

Folket vaart leid nok det ogso eigong; men det viste ikki, kvar det vonde kom ifraa; det tok dette vonde som ein annan Kross, det maatte bera i Livet. Og daa her vardt sagt i 1814: "No er denne Krossen tekjen af Herdarne dikkor", so sagde Folket: "Det var meir, en eg viste, det, for no fær eg baadi Sylvskatt og annan Skatt, som eg ikki havde fyrr." Og no segjer det: "Bygdeskatten hever aldri voret so stor som no i denne Friheit."

Gjev derfor Smaabonden ei Skjeppe Saadkorn, og lov Storbonden, at han skal koma paa Storthinget, so skal du sjaa, at dei baade tvo halda Dagjen heilag!

Eg hever kjennt Millombøndar, som larmade og brende upp gamle Baatar den 17de Mai til Bisen for Bygdi; dei rødde om Storthinget og Regjeringi, og Folk forstode ikki eit einaste Ord af alt dette, men valde dei for alt dette "politiske" til Valmennar, og dei komo sidan paa Storthinget; solengi dei trudde at verda valde uppatter, brende dei likeins Baatar og heldo Talur, fyldte med framande Ord som turre Fuglen med innistungne Fleskestykki. Men daa dei saago, at dei ingi Von lenger havde til at verda valde, so tagnade dei og brukade dei tjørutte Baatarne til Baasfjølar. Og Rett gjorde dei: Det var betri at gjera nokot nyttelegt en at fara med Ting, som dei kvaar som var ikki forstode.

Verkamannen med si Kona i Byen, som sliter all Dagjen, segjer likeins, naar Gata er full af Folk idag og Flagg floggra: "Folk fljuga! Var det ikki betri, at dei saato inne og gjorde Gagnverk? Vi hava like store Skattar, og Byen sekk djypri (djupare) og djypri i Gjeld; her verd trengri og trengri at liva."

Og desse gamle Friheits-Talur og Songir hava daa heller ikki voret høvelege til at læra Folket nokot betri. Dei hava voret hole og uppskruva allesaman liksom desse Luftsekkirne, so det berre skulde ein Naalestyng til at faa deim til at skreppa ihop og hanga slunkne. Dei ero gode nok for Folk, som vita alt fyrr; men for Mengden, som ikki veit det, er det eit Bjølleljod, som ingi livande Aand er i. Det er ikki betri med os, en det var i Petersborg, der Folket tenkte, at "Constitution" var ei fransk Dansarinne, som var komi dit. Dei gode Rysserar tenkte daa nokot ved Ordet; men vi tenkja som tidast inkje ved det, vi.

Det er derfor uvist, om vi skal læ elder graata yvir den velsignade Wergeland, som trudde, at han skulde faa denne Dag inn i Hovudet paa Aalmugamannen. Han vilde liksom lyfta honom upp med ei Gong og gjeva honom sit store Vit og Hjarta for Sanning og Folkevel. Folket er so stort og tungt, at den sterkaste Kjempehaand knapt kann draga det af Flekkjen, so han sjølv kann sjaa Munen. Det maa dragast gjenom Manns-Aldrar Stubb for Stubb. Det toler ikki heile Upplysningis Sol, men maa faa den eine Straalen etter den andre. Men her er ei onnor Øygt (Dagstid) af denne Dag, som Folket betri kann skyna en "Constitution", "Selvstændighed", Regjering og Storthing, "Sportler" og dette heile politiske Lass, som vaare gamle Maifolk ero komne dragande med, og denne seinare Øygti af Friheits-Dagjen vaar er at tala greidt norsk. Det forstend Folket seg godt paa, og det er beine Vegjen til Friheit. At dette kjem seinare i Tidi en det andre, hever sin ytri Grunn; men dette er det fyrste i seg sjølv, og maatte eigong koma. Derfor kvad eg ogso:

Vaart Folk i Trældom lengi gjekk,

med Sorg forutan Sæli.

Men som det att' sin Fridom fekk,

so maa det faa sit Mæli.

Det vere langt ifraa meg at miskjenna Gagnet af det, som er gjort for vaar Friheit 1814. Men eg neittar, at Folket er lært upp i Friheit elder i at halda denne Dagjen heilag. Det er dei Upplyste, som hava lært det, som dei ogso viste fyrr for det meste. Naar ein "Oppositionsmann" stridde for at faa Embættesmannen til sama Stakkaren, som han sjølv var, so kunde det vera nyttelegt nok frametter, men Folket fekk inkje annat af dette, en at det slapp med at bitala nokre Skillingar meir; det var like viist; og naar ein Mann skulde vera Folkets Mann elder tvertimot det, ettersom han var for eller imot "Tollprocenterne", so havde nok dette sit Værd paa sin Maati; men Folket var ikki mognare til si Friheit for det, og det forstod like mykit og like litit af den 17de Mai.

Det er underlegt at taka fram slike Spursmaal, som hava rørt Tidi, og sjaa paa deim. Det er liksom at finna atter eit gamalt Buxepar fraa Uppvokstren sin. Jaabæk og sovordne Folk handla med slike Klædi.

Dølen prøvar paa at gjeva Folket Staven i ei onnor Haand, og trur, at det skal koma lenger, om det vil bruka den Staven. Eit godt heimegjort Ord trur han er meir for Folket, en om f. Ex. ein Statsraad kjem i Andsvar for nokre Tjug tusind Dalar for Stellet med ein Eimbaat, som Statsraaden kvaar som er ikki kann bitala. Der skal vera Rett i alle Ting; eg lær derfor ikki aat eit slikt Andsvar. Men er det Spursmaal om Storleiken for Folke-Upplæring gjenom alle Dagar, so trur eg, at den, som fær Folket til at lesa og tala rett eit gamalt norsk Ord, gjerer størri Gagn for Folket en den, som driver igjenom ein Riks-Rett mot denne Statsraaden, for no sviver vaar politiske Kverne-Kall rundt, so han ikki trenger til so stort Tilsyn; og stansar han elder slær seg paa Skakke, so gripa vi alle i. Men eit godt Ord verdt sjeldnare og sjeldnare brukat, so at Folket tilslutt vil gløyma det, dersom ingen helder det uppe. Folket vil missa ein Tanki, ein Deil af seg sjølv, liksom naar Tonn etter Tonn feller ut.

Ved soleides at verka for Maalet trur eg, at Folket vil førast lenger fram i si Friheit en ved desse eldri Stræv med "Politik" og kunnstige Skruvar med framande Ord og Tankar. Naar Folket kann tala og lesa greidt og heimegjort, so vil det finna seg sjølv; det vil finna Sanning og

"Sanningi skal gjera dikkor frie".

Daa vil her koma Friheits-Visur og Talur, som gjeng Folket til Merg og Bein. Fyrst daa vil den 17de Mai verda ei Folkefest, fordi Folket daa veit, kvat Dagjen hever paa seg.

Lykkelege ero dei, som liva daa! Det maatte vel ganga, som det gjekk, Stig for Stig. Daa er Friheit inne, enno er ho berre ute. Leid det ikki sa langt ut paa Vaaren, maatte ho frjosa ihel. Men taka vi hena ikki snart inn, vil ho imindsto skamfrjosa for os.

Her slær eg upp Dyrni; hjelpe meg med at faa hena inn; elska de hena, so gjera de det.