Jørund Telnes
Til Minnefesten fyr Fedranne
Seljord, 14. februar 1880
Kilde: Fedraheimen, 13. mars 1880 ( www.aasentunet.no)

Naar me no inkje visste lenger tilbakars en ifraa den Tid, som me sjave kann minnast, hoss uendeleg armt vilde daa inkje Live bli, hoss lite vilde me daa inkje vita, aa hoss lite hadde me daa inkje aa glæa konn i. Me vilde vera verre farne en dei Ville. Noko rikare vilde Live vaart bli, um me berre til dæ kunne leggje Soga um dæ Mor aa Far hadde upplivt; dæ vilde allereie vera tvo Liv lagt til eit, tvo Sogur til vaar Soga, tvo Livsrøynslur til vaar Livsrøynsle. Kunne me so til dæ leggje Soga um Bestefar og Bestemor, so hadde me fire Liv lagt til eit, aa vaart egje Liv vilde vera minst fire Gongur rikare. Naar me soleis tenkjer konn um, so vil me sjaa, at dæ beste me eig, dæ heve me fengje fraa Soga, so at dæ, som me liver eit Liv paa, som er verdt aa kalle eit Liv, dæ heve me fengje fraa den. Eg veit mest inkje hokke eg skaa seta høgare, anten Soga hell vaart egje Liv. Men dæ kann eg hugheilt seia, at Soga er likso nauturveleg for Live, som dæ er naturveleg for Hjartae, at dæ hev eit Hovu ivi seg; dei er like umissande baae tvo. Men Soga er meir en eit Hovu; ho er au Hjartae tillike. Soga er ei lang Rad av mange, lange aa rike Livsrøynslur; men dæ er inkje berre Vite aa Minne, ho ber i seg; nei, vil me leggje Øyra vaart inn til Soga, so skaa me faa høyre, at Fedrannes Hjarta bankar der; me skaa høyre dæ bankar i Glæe, me skaa høyre dæ bankar i Sut, me skaa høyre dæ i Hat, me skaa høyre dæ i Forsoning; ja me høyrer Guds egje Faderhjarta banke gjenom den. Og store Lærdomar hev ho aa gjeva. Ho syner konn, hoss dei vonde Tyrannar, som traassar Guds og Manns Rett og all Mannavyrdna, maa falla, kor sterke dei er, og koss Folkji, eit etter eit, i tunge Kampar og saar Strid reiser seg upp til Fridom og Mannsverd; ho lærer konn aa seta Verd paa Fridomen, aa ho syner oss, at eit Folk nettupp i Fridomens Sol fær Kraft til aa vekse seg stort aa fagert i so mange Lutar, baade etter Kropp aa Aand. Dæ er Soga som syner oss, at eit lite Folk kann bli eit stort Folk, aa stundom faa dei største Uppgaavur, aa at dæ inkje kjem an paa aa telje Hæri si, naar ein skaa forsvara Fridom aa Fedreland, men at dæ er dei Folk, som sigrar i Kampen, som heve Fridomen aa Fedrelande mest kjært, aa som "heve Gud attaat." Vaar egji Soga er helder inkje forutta Vitnemaal i so Maate -:

 

"Norske Mand i Hus aa Hytte,

Tak din store Gud;

Landet vilde han beskytte,

Skjønt det mørkt saa ud.

Alt hvad Fædrene har kjæmpet,

Mødrene har grædt,

Har den Herre stille lempet,

Saa vi vandt vor Ret."

 

Soga er Teologiens Moer, ho er Vitenskapens Moer, ho er Poesiens, dei fagre Kunsters Moer, ho er Civilisasjonens aa Folkelives Moer. Men dæ er syrgjeleg so lite som me kjenner Soga i dæ heile. Aa dæ er endaa syrgjelegare so lite som me kjenner vaar egji Soga, endaa den skulde vera oss nærast. Kjende me betre den, so skulde me sjaa, her var eit rikare aa fagrare Folkeliv ibland konn. Heve me inkje noko godt aa minnast, so heve me helder inkje noko godt aa likjast, og so kjem dæ raae aa laake i oss so altfor lett, upp -:

Tøilesløshed, Egennytte, Faskhed, Løgn og Tant, Sneg sig ind i mangen Hytte, Det er vist og sandt!

Hot kann vera fagrare enn Minni, godt Folk? Dæ er dei, som sete upp dei beste Mynstertankar for oss. Aa, me heve i Sanning fagre Minne; me skaa inkje klaga ivi dæ. Lat os berre gange inn under Sogas Himmel, so skaa me sjaa mange fagre Minnestjernur blinke ivi oss, aa dei skaa draga Auga vaart upp til seg, so me skaa koma til aa spyrja oss:

"Er vi ei i Slægt med disse,

Der fra fordums Tid

Staar med seierkronet Isse

Efter ærlig Strid?

Klippetroen gav dem Modet

Til at ofre Hjerteblodet,

GJennemtrængt af Kjærligheden

Stred de kun for Freden!" -

 

 

Minni er Kjærleikens ljosblaae Himmel, som kvelver seg ivi konn. Liksom me heve ein naturleg Himmel, soleis heve au kvort Folk ein Sogehimmel mæ sin serskjilde Lit aa Lag kvelvd ivi seg; men inkje alle Folk heve honom like blank aa fager. Sume heve honom skyfull og tung, aa ein ser stundom berre ei enkelt liti Stjerne, som glytter fram. Den fagraste Minnehimmel var kvelvd ivi Paktens Folk, ivi Guds udvalde. Der er han mest himmelblaa, aa der ser ein dei støste aa fagraste Stjernunne. Der ser ein Abraham, Isak aa Jakab; der ser ein Kong David aa Salomon, der ser ein Enok aa Johannes Døyparen og mange fleire. Men der fær ein au sjaa, at desse store Stjernur maa bøygje seg for "Guds Soles Sol, som randt op i Øst med himmelsk Glands paa Jord." Umkring denne Soli ser ein Apostlannes Stjernur skjin aa fær sitt Ljos. Inkje noko anna Land heve paa sin Sogehimmel kunna synt fram so fagre Stjernur aa so fager ei Sol. For den Soli, som der rann upp, maa alle Stjernur bøygje seg. Dæ er som naar ein ser, at Stjernunne um Morgonen bleiknar aa kjeme burt, naar Soli renn upp fraa Nyt aa spreier ut sin Straaleglands. Men som Gudfager inkje vil, at berre Soli honom skaa lyse, so læt han Stjernunne au rulle fram paa Himmelen; aa liksom me vist alle heve kjendt, kor sterkt dæ tek oss, naar me gjeng aa stire upp til Himmelen ein stjerneklaar Kveld, so skaa me au faa eit sterkt Intrykk, naar me gjeng inn under Sogehimmelen aa stire upp til Stjernunne der. Dæ kunne me so godt gjera um Kvellanne; dæ er liksom Kvellanne er serskjilt laga til aa draga Minni fram. Daa skulde me lata soga fortelje aa Skalden kvea; daa blinkar Stjernunne ute, aa daa stende Fjølle liksom aa lyer paa aa drøymer. -

Inkje alle Stjernur er sjølvlysande; dæ er mange av dei som lyser mæ dæ Ljose, dei fær fraa den Soli, som dei sviv umkring; men Ingen vilde vera tent mæ, at dei inkje var der. Soleis er dæ au paa Minnehimmelen. Me hev Stjernur, som heve fengje Solvermden i seg sjølve og lyser med den, og me hev andre Stjernur; men alle er dei fagre og upplyftande aa sjaa. Me heve Homer og Sokrates, me heve Leonidas og Vilhelm Tell, me heve Maalaren Rafael og Bilæthoggaren Thorvaldsen, me heve Diktaranne Shakespeare og Göthe og mange, mange slike Stjernur, som rullar fraa Guds Hendar Pol til Pol paa den evige Minnehimmelen, og som alle i Grunnen heve fengje sitt Los ifraa Soli, kvor paa sin Maate; og um sume av dei i sjaveseg kann vera ulukkelege Stjernur, noko som inkje eg kann seia noko um, so vil Soli likvæl i sin Kjærleik lata dei skjine mæ dæ Ljose, dei heve fengje, paa sin Vis, til Gud Faders Ære og til Gagn og Glæe for konn; men so gjelle dæ au, at me ser paa dei mæ dæ rette Ougae. Paa Minnets Himmel vil me au faa sjaa Tyranannes og Folkeforførarannes Stjernur; dæ er dei, som dreg dei ulukkelege Risi etter seg. - Paa Nordens Minnehimmel heve me au fagre Stjernur, og liksom vaar naturlege Himmel heve sin serlege nordiske Lit, og Stjernurne paa den lyser mæ ein serskjild og fager Glans, so heve au Minnehimmelen vaar, Fedrelandes Sogehimmel, sin norske Lit og Stjernurne paa den ein serskjild fager Glands. Ja, gamle Norig heve mange fagre Minne, ein fager Sogehimmel mæ ein herleg Nordljosdanns, som minner um Nordens gamle Kjempeliv.

Men liksom der paa Natur-Himmelen kjeme nye Stjernur fram, aa liksom Stjernur au kjeme atte, som kann haa vore burte i mange, mange Aar, so kjeme der au paa eit Folks Himmel nye Stjernur fram, nye Mennar mæ nye Tankar; dæ er slike Folk som me kallar Geniar elder Flogvit, men dei er sjeldfengde. Likeeins kjem au dei Stjernurne atte, som heve vore lengje burte, dæ vil seia, her kjeme Mennar fram, som tek uppatte dæ Arbeie, Fedranne inkje kunne føre heilt fram. Dæ er som Vinje seie i eit anna Bilætspraak: "Um store Mænn dei felle fraa, som Gras um Vaar me nye faa; den eine Mann er titt ein Tolk, men Tankjen eig dæ heile Folk. Er Tankjen god, han liver daa, For dæ um Mannen fell ifraa. Og kjem fraa dæ han burt eit Bil, han betre atter koma vil." Liksom den verkelege Stjernehimmelen til sine Tider kann vera gjøymd av Skjy og Toku, soleis er au Minnehimmelen til sine Tider gjøymt av Skjy og Toku, av daadlause Tider, som inkje orkar aa føde store Mennar fram. Daa kann dæ vera stuslegt og tungt aa liva. Ei onor Sak er dæ, naar Tora tek til aa slaa; for dæ maa ho gjera, skaa me faa rein Luft og klaar Himmel; daa er dæ stort aa gange ut paa Vollen og høyre paa Kampen aa Dunderen i Lufti og sjaa paa Lygna, som kløyver Skjyi. Dette er dei store Kamptider, naar Aandinne tørnar imot kvorandre; Lufti bli reinare etter; dæ er som naar Tora heve slegje; Graavere maa røme, dei elektriske Skjyerne er uttømde, Himmelen bliklaar, aa Skjybankanne drive burt kring Fjølltindanne for den friske Vinden. Aa um Kvellen etter Kampens Dag glytter Stjernurne ned til dei fallne Heltar, som kviler paa Valen; dæ er Ettermæle, dæ er Soga, som fletter Straaleringen kring Heltannes Panne.

Kvort Folk er født under sine Stjernur; me, dæ norske Folkje, er fødde under Frøyjas Rokk og Thorsvogni - Karlsvogni som me no kallar ho -; dæ vil seia, me heve vaar serskjilde Folkekarakter og vaare serskjilde Upplag og Uppgaavur, som kvart ana Folk. Og dei skaa me gjeva Agt paa. Men for aa faa Tak i dæ, maa me gange inn under vaare Stjernur og inn under Sogehimmelen vaar for aa finne den Rot, me er runne av. Dæ var dæ, me skulde gjera i Kvell; me skulde gange inn under vaar eigen Minnehimmel og sjaa paa dei fagre Stjernunne vaare, og lyftast og styrkjast av Syne. Dette skal inkje berre gjerast i Kvell; men denne Kvellen er daa liksom serskjilt vigde til dæ; dæ er Festen til Fedrannes Minne, godt Folk!

Me skal minnast dei, som heve stridt og kjempa fyr oss; for det er deires Arbeid, me no byggjer paa. Dæ var for konn dei livde, og stræva, og til konn var dæ, dei sette si Von. Dei hev lyft oss upp paa sine Herdar, ikkje for at me skulde vekse ifraa dei, men for at me skulde kunne sjaa vidare og friare baade fram og tilbakars enn dei.  

Dei heve lagt Grunnsteinanne til dæ Fedrelandets Byggverk, som me enno murar paa. I 1814 kann me seia, at dæ tyngste Takje blei tekje. Daa var dæ som "Notti rei ivi Rygg," og no ser me, hoss "Fuglanne skaka Vengjo." Lat no inkje oss dovne av. Fedranne vaare heve gjengje til Kvile; men Ettermæle deires liver, Navni deires heve blive til fagre Stjernur paa Minnehimmelen vaar. Lat oss sjaa paa desse Stjernunne, men lat oss styrkjast ved Syne! - Der finn me Harald Haarfager, Haakon Adelstein, Øyvind Skaldaspillar, Olav den Heilage, Kong Sverre, Haakon den Gamle og so frametter i lange lysande Rader; der vil me sjaa, hoss "Bønder sine Økser brynte hvor en Her drog frem, Tordenskjold langs Kysten lynte saa det lyste hjem. Kvinder selv stod op og strede som de vare Mænd, Andre kunde bare græde, men det kom igjen." Der vil me finne Anna Kolbjørnsdotter aa fleire gjille Kvinnur, - for Kvinna maa me inkje gløyme! Utan henne vinn me inkje langt. Dæ var ho, som i gamle Dagar fann fram Hjelm og Harnisk til Mannen sin og blenkte Svære honoms og manna honom upp, so han hogg som ein Mann og inkje som ein Stakkar. Skaa dæ bli noko av Arbeie her i dei tusund Heimar, daa maa Kvinna vera mæ. Paa Israels Minnehimmel stende Kvinna høgt, og ho stend helder inkje saa laagt paa vaar. - Kring Dovretinden vil me finne ein fager Stjernekrans; dæ er Eidsvollsmennanne mæ den ljose Fridomsglansen kring seg. Tett innmæ dei vil me finne ei fager Stjerne mæ ein serskjild mild Glands; dæ er Hans Nilsen Hauge. Tett etter Eidsvoldsstjernunne vil me sjaa ei stor lysande Stjerne; ho lyser inkje berre ivi Norig, men ho kastar Straalunne sine langt ut ivi andre Land; dæ er Henrik Wergelands; so vil me finne gamle Uelands Stjerne og fleire i Kring um den. Gloser me so nord i Falketind, so skaa me sjaa ei merkjeleg Stjerne, som sia vil gange høgre upp paa Himmelen; dæ er Aasmund Vinjes Stjerne. Aa me ser mange, mange fleire Stjernur paa Minnehimmelen, en dei eg no heve nevnt! baade store og smaa, som lyser fagert. Der er au ei heil Mengd mæ fagre Stjernur, som me no inkje kann sjaa, men som likevæl inkje skaa vera gløymde, og som me inkje kann vera for utta. Dæ er deires Stjernur, som dyrka upp Lande for konn; mang ein trugjen Arbeismann heve sveitta mæ aa brote upp Steinen or den Markji, som me no sete Plogjen i; og desse hadde vore betre være ei Stjerne paa Bringa si en mange av dei, som fekk ho. Men "det som er dagligdags, det nævnes ikke saadan straks, og tidt var ingen med, som bringe kan Besked."

Ja, mangei Taar heve runne og mykjy Blo heve flote for Aare og Fedreland. Fedrannes Minne maa me elske aa vyrde, so visst som me elskar Lande, dei rudde aat oss, dæ Lande, som drakk deires Hjarteblod og tilslutt tok dei i Fang og leet dei faa kvile.

Tak Huva av, der som dei Gamle kviler,

Og varmt for Fedrelande der du be;

Daa fraa sin Himmel varmt dei til konn smiler,

Aa Herren sender sine Englar ne.

 

Ja me hev fleire en me veit aa nevne,

Som gjeng mæ os i Livets Kamp paa Jord.

Og naar me so alt godt og sant vil fevne,

So skaa var Seger og vaar Løn bli stor!