A. Eliassen
Produktionssamlag
Nasjonalt arbeidermøte
Kristiania Arbeidersamfund, 28. juli 1880
Kilde: Fedraheimen, 31. juli og 7. august 1880 (www.aasentunet.no)

Kva kann Arbeidaren gjera for aa naa økonomisk Sjølvstende? Det vert peikat paa "kooperative" (samverkande) Samlag for Forbruk, Produktion (Upp-arbeiding, Framavling) og Seljing. Eg vil her iser prøva aa gjeva ei Rad av saklege Upplysningar um samverkande Produktionssamlag og um dei Røynslur, det er gjort um deira Levekraft.

Vaart eiget Land hev faa Røynslur aa bjoda. Me hev havt "Forbrukssamlag" ut i Bygderne; men offentlege Upplysningar um desse er ikkje framlagde, og av samverkande Produktionssamlag hev me knapt havt andre enn "Meieribolag", som synest greida seg nokso godt, men som me ikkje, det eg veit, hev nokon upplysande Statistik yver. Endeleg hev eg høyrt fortalt, at ein Del Murarar hev prøvt med eit slikt samverkande Arbeidssamlag her i Kristiania, men det hev voret raadlaust for meg aa faa vita, kor det hev gjenget. Soga um desse Samlagi høyrer Utlandet til, enno.

Alt tidleg i dette Aarhundradet kom denne Tanken upp. Kvi skal der i all producerande Arbeidsdrift berre vera ein Driftsherre, som etter sitt eiget Tykke raar yver heile Utvinningi, og som ber heile Andsvaret, og mange Arbeidarar, som fær si snaue Arbeidsløn, men hellest er utestengde fraa baade Utvinningi og Andsvaret? Kvi kann ikkje Arbeidararne paa ein Gong vera baade Arbeidarar og Eigarar, sjølve styra Drifti, bera Andsvaret og taka Vinsten, utan at det stend nokon serskild, einestyrande Driftsherre imillom? Ein slik Tanke maatte spretta fram i vaart Aarhundrad, av dess demokratiske Sjølvstyretrong, og han svarar i det sociale Liv mykje nær til den demokratiske Tankegang i det politiske. Og av denne Tanken er dei samverkande Produktionssamlag ("Samdriftslag"? Samlag for sams Arbeidsdrift) framkomne. I Fyrstningi slog Tanken ned hjaa Folk med all den Eld og Glod, som nye Tankar alltid fører med seg, - daa likevæl meir hjaa Arbeidarvennerne i dei upplyste Samfundslag enn hjaa Arbeidararne sjølve; fordi dei var endaa i det heile for lite upplyste til aa forstaa det. Ein drøymde alt um den Tidi, daa det ikkje lenger skulde finnast Folk, som berre var Arbeidarar, og Folk, som berre var Driftsherrar, men daa alle skulde vera baade Arbeidarar og Driftsherre samstundes. Samanvaksne med slike djerve Voner steig dei fyrste Produktionssamlag fram i Frankrik og England for yver 50 Aar sidan. Men i dei etterfylgjande Aar hev dei havt gode Tider til aa slaa av i sine Krav og Voner, og til aa læra si sanne Kraft og Slagvidd betre aa kjenna.

Dess verre vantar eg Sakkunnskap um det, dei tyske Arbeidararne hev gjort i Samdriftsvegen. Vonleg finst det andre her i Møtet, som kann fortelja oss um dei Produktionssamlag, som Schulze-Delitsch sette i Gang, um dei tyske Arbeidar-Bankar, og um dei mange Forbruks- og Hushaldssamlag, som serleg i Schweitz (Zürich) skal vera i den beste Bløming.

I England hev me serleg aa merkja tvo Tidsskifte: Tidi fyre 1844 og Tidi etter 1844. I den fyrste Tidi raadde dei store Voner og den glødande Eldhug. Adelsmenn, Parlamentsmenn, Statsøkonomar, Bispar, Prestar, Doktorar og Driftsherrar var med paa Saki i stor Iver; dei tottest med ein Gong sjaa heile Arbeidarspursmaalet løyst. Med Studning av desse rike Menn kom det istand ei Mengd av samverkande Arbeidarlag, og i 1832 fanst det yver 700 slike. Det var mest Sparekassar, Bankar og Forbrukssamlag; men det fanst og Jordbrukssamlag; dei fleste av desse gjekk hellest snart til Grunns, so berre nokre faae av dei minste held seg og trivst godt; like eins samverkande Fabrikkar og Verkstader, som det faae Aar etter var berre nokre Restar att av. Holgoake, som sjølv var med i desse Tiltak, skreiv um dette: Dei tente godt i Fyrstningi; men so tok dei snart til aa "spekulera" og sette all Ting yver Styr. Mange byrjad utan Kapital og rauk upp i Kappstrævet. I ovmange Tilfelle var Samlagi laakt styrde, utan Dugleik, Kjenskap elder Tame i praktiske Forretningar, ja ofta endefram uærlegt. - Desse uheppne Tiltak, som utgjekk meir fraa Arbeidarvennerne enn fraa Arbeidararne sjølve, gjorde likevæl paa sin Maate godt som Forskule til det, som sidan kom: Tidi etter 1844.

I dette Aaret var det, at nokre Arbeidarar i Byen Rochedale grunnlagde eit Forbrukssamlag, som hev vortet aalkjennt ved sin blømande Framgang. Dette Tiltaket skapte ei Mengd med andre slike, og desse mange Forbrukssamlag fekk so skipat ein kooperativ Storhandel, som skulde forsyna dei mindre Samlagi med Varur beint ifraa Utførslestaderne. Gjenom denne Storhandelen fekk dei soleids det billegaste Innkjøp og slap aa skatta til dei private Storhandlarar. I seinare Tid hev Samlags-Storhandelen ikkje nøgt seg berre med aa vera Millommann millom Handelsstaderne og Forbrukssamlagi, han hev teket til aa producera sjølv. Han skaffar av eiget Arbeid Sko, Saape, Braud o. m. og hev grunnlagt ein eigen Bankforretning. Kontant Betaling krev han plent, og i 1874 hadde han ei Umsetning paa ikr. 40 Mill. Krunur. Han handlar berre med Forbrukssamlagi; Kapitalen er tilkomen gjenom Aktieteikning.

Med Produktionssamlagi gjekk det mindre godt. I 1874 fanst det 73 slike i England - men yver 1200 Forbrukssamlag -. Dei fleste av desse 73 producerad Klædevarur, desutan var der 13 Kvernebruk, 3 for Jordbruk, 3 for Mine-Arbeid o. s. b. Medlemstalet i dei kooperative Samlag var i same Aaret ikr. 500,000. Etter 1874 hev det gjenget mykje tilbake med Produktions- (Arbeids-) Samlagi, men Forbrukssamlagi og serleg Storhandelen held seg godt framleides.

Naar Ein tenkjer paa det uhorveleg store Tal av Arbeidsfolk i England i det heile, kann Ein ikkje segja at dei samverkande Arbeidarlag hev funnet nokon stor Inngang. Meir Vigt hev dei mange serskilte Fag-Samlag, som Arbeidararne hev skipat. Desse kraftige Forbund med deira styrande Utval i Brodden er det, som den engelske Arbeidaren set si Lit til. Med Hjelp av dei og den veldige Magt, som ligg i den store Tilslutning til dei og det sterke Samhald heile England yver, vonar dei aa kunna "organisera Arbeidet" gjenom Regulering av Arbeidstilbodet, Avgrendsning av Lærling-Talet, ved aa faa Stykkløn og Forsagdarbeide avteket, Arbeidsdagen avstytt og Dagløni aukad. Dette Strevet er i so god Gang, at det samlar all Umhug og set Kooperationen reint i Skuggen. Men segjer den sak-kunnige Prof. Brentano - dei mest upplyste i Arbeidarsamlagi forstend godt, at Produktionssamlagi er av stor Vigt for Arbeidarsaki; men dei kann ikkje faa Storhopen med seg.

 

- Dei franske Produktionssamlag hev mange forvitnelege Serskapar, som mest er Uttrykk for den Aalmenn-aand, som utmerkjer dei romanske Folk framfor dei meir sjølvnyttige Germanar. Daa Tanken paa Produktionssamlag vaknad i Frankrike (1820-1830), vekkte han fullt so djerve og fljugande Voner som i England. Men i Frankrik tok han alt fraa fyrst av eit nytt Skap. Naar franske Arbeidarar grunnlagde ei Samdriftsforretning, skulde dei ikkje taka heile Utvinningi sjølve; ein stor Del av Vinsten skulde leggjast til Sides og utgjera ein uskifteleg og uavhendeleg Kapital, som ingen av Parthavararne kunde gjera Krav paa. Desse skulde berre hava ei høveleg Løn for Arbeidet og ein mindre Part av Vinsten; det fyrste Formaal for Samlagi skulde just vera dette aa auka den udelelege Kapitalen og yvergjeva denne til Etterkjømdi større enn daa dei sjølve tok Drifti. Med denne store, veksande Kapitalen skulde Drifti utvidast, nye Arbeidarar upptakast og nye Samlag grunnleggjast, til dess alle franske Arbeidarar var frigjorde fraa Driftsherrevelde. Gjekk eit Samlag inn, skulde den uppsparde Kapitalen gaa yver til dei andre Samlag elder til Velgjerdsinnretningar. Det er altso ikkje her berre um aa gjera, at nokre einskilde Arbeidarar gjenom slikt eit Samlag skal arbeida seg sjølve upp, og hellest lata sine Felagar hytta seg sjølve; her gjeld det aa arbeida heile Standen upp til Sjølvstende. Det er dette, som eg finn er eit Uttrykk for den romanske Aalmenn-Aand.

 

Soga um Arbeidssamlagi i Frankrike hev 3 Tidsskifte, det fyrste fraa 1830 til 1848. Dei Samlagi, som kom upp i denne Tid, gjekk under alle, so nær som eit: ein Samlagsfabrik for uægte Juvelsaker i Paris. Denne hadde paa 30 Aar arbeidt upp ein udeleleg Kapital paa yver 100,000 frcs. og sidan hev Summen vakset seg endaa større.

 

Etter Umstøyten i 1848 kom det nytt Liv i Saki. Det republikanske Styret studde Samlagi, og det same gjorde Napoleon III, daa han hadde tilranat seg Magti. I 1869 dreiv soleids Arbei- dararne i Paris 53 Samarbeids-Forretningar, forutan at det fanst ei Mengd med Forbrukssamlag og fleire kooperative Bankinnretningar. I Lyon var der mest likso mange, og desutan fleire hundrad Landet rundt. Men det same Aaret 1869 vart eit Uaar og eit Merkeaar for Samlagi. Ein av Samlagsbankarne i Paris spelad upp og drog mange av Samlagi med seg, og innbyrdes Usemja og Misnøgje, og Fanteskap bland Medlemerne, øydelagde andre, so det berre var nokre faae Samlag, som yverlivde Keisardømet og gjekk inn i det 3die Tidskiftet: den nye Republikken.

Motstandaranne av Saki hev gjort stort Braak av dette at det gjekk so galet med dei franske Samlagi i 1869. Naar so mange vonfulle Tiltak kunde faa ein slik braad Ende, so viser det, kor umogeleg heile Tanken er, meiner dei. Men slikt er aa døma for raskt, meiner Prof. Lexis, som hev studerat Soga um desse Tiltaki. For hev det berre vist seg i eit einaste Tilfelle - men det hev vist seg i mange -, at eit Arbeidssamlag hev vunnet Stødleik, so fær Framtidi visa, um ikkje fleire Arbeidarar vil kunna naa den Daning, Disiplin og Dugleik, som slike Tiltak krev for aa lukkast. Og det var tydelegt, at dei franske Arbeidararne hadde mykje meir av desse Vilkor i det andre Tidskiftet enn fyre 1848. Av dei Samlag som yverlivde Aaret 1869 og enno held seg, vil eg serleg umtala tvo: Skræddarsamlaget og Bokprentarsamlaget i Paris; for desse viser greidt nok, at Arbeidssamlagi hev Livskraft. I 1863 grunnlagde 16 Skræddarar med ein Kapital av i alt 800 frcs. ei Samarbeidsforretning. Det fyrste Motgangen, dei møtte, var, at ingen vilde leiga dei Husrom til Verkstaden; daa det var yvervunnet, varde det lengje, fyrr dei fekk skikkeleg Søkning, for Folk hadde sine Fordomar; men daa dei hadde vunnet yver det med, gjekk det fort fram, og den 1ste Januar 1876 hadde Samlaget 228 Lagsmenn, ein uppspard Kapital paa 110,000 frcs., eit Fond for Alderdomshjelp paa 80,000 frcs. og ei Boksamling paa yver 500 Bind. Kvar ny Medlem maa skjota til 100 frcs., som han betalar i smaae Avdrag kvar Maanad, og for det fær han ein Aktie i Forretningi og full Del i alt, Samlaget hev aa bjoda. Dette Samlaget er serleg merkjelegt av di at det byrjad mest utan Kapital og endaa varm Stødleik; utan Kapital plar slike Arbeissamlag gaa under i Konkurrensen.

Men mest forvitneleg er Soga um, korleids Bokprentararne i Paris arbeidde seg upp til økonomisk Sjølvstende. I 1864 heldt dei Møte og vedtok aa skipa eit Samlagstrykkeri (kooperativt). Men dei visste, at utan Pengar dugde det ikkje, vedtok altso aa bruka nokre Aar til aa samla upp Kapital paa, minst 50,000 frcs; kvar Medlem skulde skjota til 100 frcs., og difor faa ein Aktie. Dette tok fleire Aar, og fyrst i 1870, daa 360 Bokprentarsveinar hadde betalt Aktiarne sine, kunde Drifti byrja, etterat Gambetta hadde hjelpt Samlaget til aa faa Prentarbevilling (ekstraordinær) hjaa den liberale Regjering. Utgifterne til-Maskinar og Greidur og Husbygning tok heile Driftskapitalen, og Samlaget kom endaa i ikkje lite Gjeld. Men alle Meinhøve vart yvervunne, endaa dei, som Krigen og Kommuneupprøret førde med seg, og alt gjekk godt. Av dei 360 Aktie-Eigarar fekk ikkje fleire Arbeid ved Samlagstrykkeriet enn det trengdest til Drifti; dei andre lyt arbeida under framande Meistrar, men set Sparepengarne sine inn i Forretningi, so dei kann faa fleire og fleire Aktiar, og ettersom Drifti vert utvidad, kjem fleire og fleire av Aktieeigararne inn som Arbeidarar i si eigi Forretning. Etter Samlagslogjerne eig kvar Parthavar so stor Del i Forretningi som Talet av hans Aktiar er Del av det heile Aktietal; men det fær dei, som no er Parthavarar, lite godt av; for so lengje Drifti ikkje er stor nok til aa skaffa alle Parthavarar Arbeid, skal Pengarne brukast til Vidking av Forretningi og til Grunnleggjing av fleire Samlagstrykkeri. Dei maa altso enno lita seg med aa faa Løn for Arbeidet sitt og dertil ei 5 % Rentur av Aktiarne sine; Resten maa dei ofra til Bate for dei av Arbeidsbrødrarne sine, som arbeider i framande Verkstader. Fraa 1870 til 1877 hev den heile Intekti voret ikr. 2 Mill. frcs., og Utgifti so mykje mindre, at den reine Fortenesta er 115,000 frcs. 614 Mann var med, men berre 65 arbeidde i Samlagets eigne Verkstader. - Dette er det fagraste Tiltaket, eg enno hev raakat paa i Kooperationens Historie, og det viser at det gjeng an aa gjennemføra endaa slike Samlags-Verk, som ikkje berre er meinte paa aa skaffa sine einskilde Parthavarar Inntekt.

Dei Freistnadar, som hev sitt Upphav i denne Republiks Tid, er serskilt forvitnelege ved det, at dei alle er samanbundne med dei franske Arbeidarsamlag elder Syndikalkammer. Desse liknar mykje dei engelske, er styrde paa same gode Maaten og hev sett seg same Formaal som dei engelske, nemleg aa skipa (organisera) Arbeidet til større Bate for Arbeidaren. I 1868-70 stod dei som Styrarar av ei Mengd med "Streik'ar" elder Arbeidsstansingar, som skulde framtvinga større Arbeidsløn; sidan, daa dei hadde lært, at paa den Maaten vann Ein mindre enn Ein tapte, hev dei teket til aa grunnleggja produktions- elder Arbeidssamlag. Desse skal styrast av Syndikalkamri, for at dei ikkje skal tapa Samanhengen med Arbeidarstanden og gjerast um til Samlag av vanlege næringsdrivande Borgarar. For Franskmannen forstend, dersom eit Arbeidssamlag ikkje utrettar annat enn aa gjera sine einskilde Medlemer rike og gjera dei um fraa Arbeidarar til Borgarar, so hev det gagnat Arbeidarsaki berre so maateleg; vist er det, at det hev teket fraa Arbeidarstanden ein Flokk dugande Folk. - Dei Produktionssamlagi, som Syndikalkamri hev grunlagt, er hellest alle for unge til at Ein kann draga Lærdomar fraa dei. Talet av dei veks fort.

- Ser me paa det, som her i store Drag er fortalt, vil me fyrst maatta leggja Merke til, kor vondt det er fyr desse Arbeidssamlagi aa halda seg uppe.

 

Dei stig modigt fram, og um eit Bil er berre nokre faae att. Og Grunnarne til Undergangen er i fremste Rekkja: at Lagsmennerne so vandskeleg kann semjast og ordna seg inn under det meir aalmenne Formaal, jamsides med at Styringi vantar Kunskap og Forretningsdugleik, og i andre Rekkja: at Drifti vert sett i Gang, fyrr nokon Driftskapital er ihopspard, so Forretningi strakst vert tyngd med Gjeld og dermed vert lett nok aa sprengja for Konkurrensen. Men paa den andre Sida er det so mange Arbeidssamlag, som hev vunnet fram, at det er tvillaust at dei kann greida seg. Og daa hev me visseleg i desse Arbeidssamlag ei av dei fagraste Raaderne til aa lyfta mange Arbeidarar upp til økonomiskt Sjølvstende.

Men det maa merkjast, at Draumen um aa faa Samlagsskipnaden til aa naa alle Arbeidarar, den er i seg sjølv ugjenomførleg. Skulde den kunna koma i Verk, maatte alle Arbeidarar hava den gode Vilje, og den Kraft til aa underordna seg, som her krevst; men det er ikkje Tilfellet. Samlagsskipnaden vil etter sin Natur vera mest for Kjernen av Arbeidararne og soleids berre magta aa frigjera eit meir elder mindre stort Lag av Arbeidsklassen. Men dette er og meir enn stor Sak nok. So er det og tydelegt, at Arbeidssamlag berre høver for Upparbeiding av dei vanlege faste Forbrukssaker: Klæde- og Matvarur, Bygningar av det Slaget, som Folk flest hev Bruk for, men knapt for Arbeidsgreiner, som krev serskild og mindre aalmenn Dugleik, t. D. Kunstarbeid. Det er i det heile ikkje trulegt, at Samlagsdrift vil fullnøgja den Arbeidaren, som er framifraa dugleg elder gaaverik; denne vil væl sidan som fyrr brøyta seg Veg sjølv, so at Samlagi mest vil koma det gode Midels-Lag av Arbeidararne til Nytte. Endeleg vil eg framhalda, at desse Samlag knapt duger til aa mana fram nye Uppfinningar; dei vil, som all Tid, koma gjenom private Tiltak, som den einskilde Mannen vaagar, og det ofta med stor Kostnad, fordi han derigjenom ser seg Von til store Vinningar. Det er med dette som med Kulturframstiget i det heile: det er ikkje Mengdi, som finn Vegen, men dei einskilde gaaverike Menn.

- Her hjaa oss hev me ikkje nokot Arbeidarspursmaal i europæisk Tydning; Uppgaava her er ikkje den, korleids Arbeidararne skal skipa seg som ei samlad Magt for aa tiltvinga seg betre Arbeidsvilkor, men Uppgaava hjaa oss vert den, at Arbeidararne einskilt i større og større Mengd kann vinna seg upp til aa vera sjølvhjelpte. Og daa er det mi Meining, at dei duglege og skikkelege av Arbeidararne vaare bør skipa Produktionssamlag. Snidkar-, Skomakar-, Skræddar-, Timbremanns-, Murar- og Bakar-Arbeidet er like godt lagde for Samdrift, og dersom Ein gjeng til Verks med vanleg norsk Varsemd og Ettertanke, er det Von til, at det ikkje vert so svært mange Samlag som lyt gaa under for at dei andre kann verta kloke av deira Skade.

*** 

Etter dette Fyredraget kom det eit Ordskifte i 2dre Avdeildi, som me her tek inn Innhaldet av:

O. And. Dietz (Utgjevar av Smaalenenes Amtstidende) heldt fram, at der alt var mange samverkande Arbeidersamlag i Landet. Det var slike som dreiv mest alt Fisket; paa Sælfangsten hadde Folki Lut i Vinsten. Der hadde vore Skipsbyggarlag i Kristiansand, Skien og Dramn. I Kristiania hadde fleire Slags Handverkarar slege seg i Hop. I Danmark hadde Herremannen Zytphen Adeler gjeve Arbeidarne paa Storgarden sin, Dragsholm, Lut i Vinsten. I Sverige var der fleire slike Samlag. Dei passa i den smaae Drifti, men ikkje i den store.

Bærem gav Upplysning um dei Skipsbyggarlag, som hadde vore i Stavanger. Timbermenner, Smedar og Kaupmenner hadde slege seg i Hop og tent gode Pengar paa Byggingi, men daa dei klene Tiderne kom, gjekk det gale.

Helge Væringsaasen fortalde at paa Aadals Bruk, som han er Medeigar i, fekk Arbeidararne Halvparten av Vinsten; det var mest bruka til Livsforsikring.

Agent Lea meinte, der var for lite Samhald og Offervilje her til Lands til at slike Ting i Lengdi kunde gaa. Det same meinte Kapt. Heyerdal (som er Styrar av Siglduksveveriet i Kristiania). Alle vilde her vera Herrar, ingen Tenarar, det saag ein av Soga vaar au.

Mekaniker Grevstad, som i fleire Aar hadde vore i Tyskland og Frankrike, hadde lært at slike Samlag kunde gaa der og kunde ikkje skyna kvi dei ikkje kunde gaa her til Lands med. Der var ingen annan Utveg for Arbeidaren, um han ikkje skulde staa ufri og bunden under Kapitalen. Han skulde gaa inn med i eit mekanisk Samlag, um han kunde faa nokon med seg.

Arbeidarformann A. Larsen fortalde um eit Lutbakarsamlag ved Sagerne. 144 Mann hadde lagt 8 Kr. kvar, dei hadde bunde seg til berre aa kaupa Brød i Samlags-Utsale, og det var 2-4 Lod større enn hjaa Bakararne. Det hadde gjenge so godt at dei hadde kaupt Hus og hadde Pengar paa Rente. Lutbrevi hadde stige like til 120 Kr.

Helge Væringsaasen sagde ifraa um dei Lutlagi, som Bønder hadde fengje i Stand i Glaumdalen til Skurd og Hyvling - det hadde gjenge so ymist med deim.

Dr. Stoltz hadde sett fram at Møtet skulde vedtaka som si Meining at "Arbeidararne bør faa Lut i Arbeidsfortenesta. Røynslorne er ikkje slike enno, at ein kann segja for visst, at samverkande Arbeidssamlag er nyttuge; di vil ikkje Møtet raada til aa faa i Stand slike i det store, men det tykkjer det var godt, um Saki vardt meir utgreidd, so Folk fekk meir Kjenskap til henne, og at det vart freista i dei smaa i dei Arbeidsgreinerne, der ein helst maatte tru at det vilde gaa".

Dette vart vedtekje baade av Avdeildi og av heile Møtet.