Aasmund Olavsson Vinje
Norskdom og skandinavisme
Studentersamfundet i Kristiania, 17. mai 1867
Kilde: Fedraheimen, 17. mai 1879 (www.aasentunet.no)

Godt Folk!

 

Det er idag tvo Maanecyclar sidan, tvo Gonger nittan eller 38 Aar, - for det var i 1829 likeins paa ein Bededag, - at det sokallade "Torgeslag" stod om denne 17de Mai, som først daa rett kom i aalmenn Bruk. Og alt no sjaa me, at Mange liksom ero trøytte og leide af den Dagen! Men, det gjeng med slike Dagar og eit Folk som med den einaste Mannen. I Ungdomen sjaa me eit stort Liv framfyre oss; men eftersom me stræva oss fram til dette, so fær det altfort liksom eit annat Utsyn en det hadde i Ungdomsdraumen vaar. Det er som naar Du gjeng imot eit Fjell, eg havde nær sagt ei Sky, langt burte. Mangt av det, Du meinte, fær Du ikki, og det Du fær, verdt so tidt paa ein annan Maate, en Du hadde tenkt deg. Og so verdt Du reint svikjen, og der er i mangt ymse med det. Du verdt trøytt og uppgjeven. Og det er berre det gode Hovud og den moralske Mann, som held ut i denne lange seige Strid fraa Ungdomsdraum til den rike Livsfylle.

Me sjaa, at dei daarlege Folk likeins ero trøytte af vaar politiske Utvikling, og dei hava altfor gode Grunnar til aa vera det. Europa verdt enno, ser det ut til, meir og meir samlat i store Stater, so dei mindre faa mindre aa segja, og her synes i mangt enno at vera i Nevarettens Tid, som just sting seg kvast fram, naar so store Stater møta upp med dei smaae. Det ligg nær at missa Modet i ei slik Tid, for smaae Folk.

Og her heime er her komet eit Atterslag i vaar sterke Framgong. Me hava forspanat oss og maa liksom pusta i Bakken. Og so kom her mange mindre gode Aar efter alle dei gode. Og so kjem denne vaar Utvandring. Det kjem alting slikt med eingong, maa vita. Det er som det var forgjort, so her er nok at vera modlaus over og tenkja som det stend her i denne Visa mi.

Ja, me sjaa altfor vel, at me ero smaae, og at Landet ikki hever god Jord for os Alle, so det ligg nær at fara ifraa det. Eg hever sjølv mange Gonger tenkt paa at gjera det, og eg hever jamvel gjort ei Vise for Utvandraren; men det var vel so lagat, at eg skulde vera heime, om eg enn maatte kunna hava gjort det betre der langt burte en her. Hadde eg lagt den halve Magt paa mi Livsgjerning, so maatte eg vera komen lenger hjaa Dronning Pomare en her, der eg knapt enno kann tena Mat og Klæde, og eg liver ikki dyrt. Det er litet dette etter snart femti Aars Liv, so her er ikki stort feitt at vera efter, skulde eg tru, og her kan vera Mange, som det hever gjengjet likeins med. Me liggja som Prometheus bundne til vaare Berg.

 

Men her finnst Mange, som hava det fælande godt, og desse, som Staten føder og klæder so vel, skulde Du tru maatt vera glade i Landet og møta fram idag. Men nei! det er nettupp desse Herrar, som her er minst at sjaa af i Kveld. Og det var dette Slags Folk eg meinte med Visa mi. Mannen med Aand og Moral verdt aldri skræmd af, at hans Land er litet, om han tidt kan kjenna Mismod for ei Stund. Og det er dette Slags aandsmoduge Folk, me bør tru, at Norge skal fostra, og om desse hava aldri so mange Freite og Misnøgde imot seg, so skal det ganga som eg eingong kvad:

 

Skap Kjøt, min Ven, med fleskutt Hand,

og lat so meg faa skapa Aand

og fylgja Hugen min.

Med det i Kapp me skapa paa,

og so me skal paa Slutten sjaa,

kven d' er som Siger vinn.

 

Det er dette Slags Folk eg kallar dei Nationale. Det er Idealistarne, som aldri verda gamle og gretne.

Men her kjem ein ny Tanke inn i denne Skilnaden imillom os, og det er den, at mange gilde Folk venta sit Lands Frelse gjenom nokot annat en Norskdom, og det er Svenskdom og Danskdom. Det er, med eit Ord, mange af desse nymotens Skandinavar. Det er desse som i Kveld "glimre ved sin Fraværelse", og som eg likeins minde paa med denne Visa mi. Det er Synd, at her skal vera denne Skilnaden imillom os. Me ero eit so litet Folk, at me ikki hava Raad til at falla fraa kverandre i Parti. Men det maatte koma til dette. Samfundet maatte liksom verda upløyst, fyrr me kunde samla os til eit Folk. Og det er Guds Lukka med det: me ero Alle i Grunnen einige, so Skilnaden berre er nokot, som i Theologien verdt kallat "dogmatiske Stridigheder". Det er "Methoden", Maaten, me strider om. Maalet er det sama: eit stort og lukkelegt Norig. Dei, som hava eit annat Maal, høyra ikki til Folk, og dei er det Ingenting at tala om.

Det er ikki einast om oss det er Synd, at dette skandinaviske Parti skal taka det paa ein annan Maate en me "Norske;" men det er mest likso stor Synd om Svensken og Dansken, som ved alle desse norsk-skandinaviske Brevskrivarar i Danske og Svenske Blad verda haldne i Uvissa om den sanne Norske Meining i Literatur og Politik, naar det gjelder paa og kjem til Enden; for denne Norske Sak hever tvo Naturmagter paa si Side, nemlig den upplyste Ungdom og det store Folk. So maa idetmindste eg og mange med meg tru. Faa no sjaa. Synes me enn stundom at vera faae, so kunna me segja med hin Franskmannen: "Det er ikki mange; men heile det Franske Folk stend bak os."

Det er ikke nok med, at desse vaare Motstandarar hava stor Magt i Sverige og Danmark, men dei hava, som rimelegt er, endaa større Magt her heime; for det er Folk, som sitja godt i det. Det skal ikke mange av deim vera freistade til at vandra ut og leita efter ein betre Heim.

Ja, det er Synd, at Svensken og Dansken skal vera misleidd og ikki kjenna os "Norske". Me vilja deim inkje Vondt; me hava ikki Magt til at gjera deim vondt, og om me hadde det, so vaaro me so kloke, at me ikki vilde gjera det. Me vilja utvikla os sjølve efter naturen vaar og koma med denne fullt utviklade Mandomen vaar in i Fostbroderlaget; og naar Svensken og Dansken fær Augo upp for Tanken vaar, so vilja dei gjeva oss Rett og ikki eingong for deires eigi Skuld hava oss anderleides; for dei trenga somen til aandeleg Tilførsel dei og.

Og so no nærast vaar gode Svenske Mann! Me vilja slaast ved hans Side og gjera os so sterke, som me paa nokon Maate hava Raad til, ja endaa sterkare; for det er so underlegt med eit Kappsprang. Me vilja handla og vandla med honom og byggja Jarnvegjer og Vegjer millom os. Me vilja ikki stengja os ute, men alt skal ske gjenom fri Vilje og private Rettarbøter. "Folkesouverainiteten" gjeva me aldri upp.

Det er leidt, at det er so Faae, som kunna tala fritt folkamillom. Statsmagterna kunna ikki gjera det. Kongelege Commissairer knapt helder, ikki eingong større Avisor, og Studentersamfundet likso litet. Der er ein "Courtoisie" og "Etiquette" med Alting, maa vita. Men slike som eg, me kunna tala friare og taka det folkamillom liksom mannamillom og derfor segja til Svensken f. Ex. "lat os no vera greide som gode sambundne Karar, og slutta med alle desse Commissions-Komedier".

No dette er vel eit for sterkt Ord, men det vil i det lange Drag like vel nokot so nær raaka den fulle Meining. Desse Folk med "Courtoisie"og desse Avisor, som tru at blaasa paa Saaret, det er dei, som just klemba Fingren, for han maa so eingong koma under Skruven. Det er at narra Folk, som dei svikne Voner bita somyket verre, naar Alt maa koma for ein Dag.

Nei, me skulle vera opne og sanne med Grannen vaar; vera i Aalvor og Leik saman som livsfriske Folk, og - drikka ihop og vera høflege mot kvarandre - -, men jamvel grove, so til Husbruk. Men Ingenting af denne "Mannfolkkyssing". Det er ikki graae Diplomatar, me skulle kyssa, det er fagre Gjentor.

Altso eit Hurra for, at desse Nordiske Folk maa forstaa kvarandre.