Kristofer Janson
Den demokratiske Aand
Bankett til ære for Janson
Chicago, 14. oktober 1879
Kilde: Fedraheimen, 6. desember 1879 (www.aasentunet.no)

Mine Herrar!

Fyrr eg for fra Norig, var det ein Fest i Kristiania; dei, som vart Studentar fyr 25 Aar sidan, hadde komet saman dit fraa alle Landsleite. Ein Professor heldt ein Tale og klagad yver, at Studentarne no ikkje var som dei gamle fraa hans Tid. Daa svermad dei fyr Ideen, heldt Talar fyr Ideen, no var dei so upptekne av Dagens Krav, av Livet kring seg, av Maalstræv og Politikk, at dei ikkje fekk Tid til aa tenkja paa Ideen desshelder.

Eg tykkjer no det, at Studentarne i vaar Tid aldri kunde faa betre Vitnemaal, enn dei fekk av denne Professoren, berre det var aa lita paa det, han sagde; han kunde aldri ha' dreget upp Skilnaden millom fyrr og no finare enn han gjorde. Men han vil kannhenda undrast, naar eg tek Ordi hans som eit Fyredøme paa, at dei nye Studentarne er meir idiale, meir arbeidande i Sanning enn dei gamle. For Ideen, kvat er det? Er det ein blaa Røyk, som kjem reint burt millom Henderne paa Ein? Eit tomt Namn? Eit gamalt, utslitet Merkje, som me ikkje hev annat Bruk fyr, enn aa bera det fram, naar me held Lag elder drikk Puns? Er ikkje vaart Stræv etter Idealet mykje meir Livet sjølv i alle dess Framsyningar og Arbeid paa aa naa det fullkomne?

Det var nettupp det, som den gamle Tidi bar Skuld fyr, at ho vilde skilja Livet fraa Ideen og derved gjera baade Livet og Ideen meiningslause; ho vilde berre njota Ideen æsthetisk, ikkje gjera honom til Sanning; dei kunde daa tala um Bonden, Norskdomen og Fridomen og alle Idear, men naar so Bonden, Norskdomen og Fridomen kom med sine Krav paa Gjerning, - so var dei Herrar ikkje heime. Og det er nettupp Framstiget i vaar Tid, at slikt ikkje gjeng lenger; me vil ha' Gjerning og ikkje Drøs i Vedr og Vind, me vil ha' Aalvor og ikkje tillærte Fraser. Me krev av den Mann, som vil føra eit myndigt Ord um Fridom, Norskdom osb, at han skal arbeida i Fridomens og Norskdomens Tenesta.

Det, som hev skapt detta Umslaget i Tankegangen, er den demokratiske Aand, som stendigt veks og jamvel under det sterkaste Motstand dagleg held sigrande Innstig i det gamle Europas millomalderlege Røyser. Den demokratiske Aandi ber i seg Folkefridomen, Sjølvkjennsla, det Personlege, Ordenen, Sedskapen, Religiøsiteten, ho er framfyr alt Arbeidet si Aand, Røyndomen si Aand. Ho jagar burt alt Hykl, fyr hennar sterke Blink vissnar alle Flosklar, kor blømande dei enn er; ho er utan Handskar, i Arbeidskufta.

De, mine Herrar, hev den Lukka aa ha vakset upp i eit Samfund, der den demokratiske Aandi herskar. Det kann vel henda, at sume av Dykkar skandinaviske Lærarar enno preikar Theoriarne fraa Welhaven si Tid um Ideen som nokot tokutt, blaatt, uvisst, som vel kann leggjast ned i eit fint Skaldestykkje elder ein fager Novelle, men ikkje bør smuskast til av Livet, det verkelege Livet. Men med det amerikanske Samfund til Bakgrunn tek denne Talen seg løgleg ut: heile Utviklingi i detta Samfundet er ein einaste Protest imot honom. Og eg kann helsa heimafraa og segja med Sanning, at detta Syn paa Livet syng paa sitt siste Vers. Me høyrde ein Professor halda Liktalen.

Nei, til Sanning, mine Herrar! til Arbeid, til Aalvor, kvar ein, der han kjenner Kall, kvar ein, der hans Hjarta er! Inkje er for simpelt, inkje for smaatt til aa eiga Kjærleiken vaar. Det er til Kampen mot det Uverkelege, det Usanne me er kallad, til Kampen fyr aa planta Idealarne ned i det verkelege, daglege Livet.

Eg veit likso godt som De, at alt ikkje er Gull her i Amerika helder, at her finnst Hjarteløysa, endelaus Jagt etter Pengar, Tru paa Gullkalven som ingen annan Stad kannhenda; eg veit her finnst mange europæiske, artistokratiske, millomalderlege Leivingar av Krjuping fyr Titlar og Pengekassur, av Standsskilnad, Ovmod osb, men det veit eg og, at Innrettningarne i Landet og Folkeaandi er imot detta, fører Krig paa Kniven mot det. For Folkeaandi her trur paa den ordnande Magt i Fridomen som ingen annan Stad.

Daa eg var umbord paa Emigrantskipet, fekk eg rett Høve til aa sjaa, kvat Slags Folk det er, som aarvisst velter seg inn yver Amerika. Eg hev aldri seet so mange skitne, fillute Menneskjur. Eg var heilt byrg av mine Landsmenn; for baade dei og Svenskarne (Danskar var ikkje med) saag ut som reine Adelsmenn mot dei andre, baade i Klæde og Hamferd. Dei verste var fraa Irland: fillutte, uvaskade og ukjembde halvnakne Unger laag og rullad seg paa Dekket. Og alle desse Folk skulde faa Røysterett, Borgarrett, Medandsvar i Landsstyret innan stutt Tid! Daa tenkte eg: det Land maa vera stortenkt, som i Staden fyr aa standa paa Vakt med Lekkjur og Fengsl, Trældom og Bann gjev desse faavise faatøke Dungar Brorhand, helsar deim som Medborgarar, set deim paa Benk med seg og gjev deim full Part i Rettarne paa det rike Bordet sitt; daa tenkte eg: det Land maa vera veldugt, som kann taka imot desse Ladningar av usunnt Sjukdoms- og Forbrots-to og setja det um til Næring fyr Lekamen sin, til sunnt Blod; daa tenkte eg: det finnst inkje annat Land i Heimen, som enno vaagar aa tru paa Fridomen, paa Sjølvkjennsla si reisande Magt slikt som Amerika.

Der er daa eit ottelegt Vaagan detta: aa taka upp i seg og sessa millom seg alt Skrap, som Europa sender burt kvart bidige Aaret, men det er eit Vaagan, som skal lukkast, dersom det lukkast aa vekkja den Aand, som gjer alle frie, Brorkjærleiks-Aandi, hjaa alle desse Nykomarar. Og det er De, mine Landsmenn, som skal hjelpa til med detta, detta er Dykkar Uppgaava i det nye Fedrelandet til Takk fyr, at det gav Dykk Livd, Trygd og Fridom. So sannt som eg hev Grunn til aa tru, at Amerika fraa Norig, Sverig og Danmark tek imot mest rettlynde, truskylduge, arbeidskraftige Folk, so sannt vil eg beda Dykk vera paa Dykkar Post og gjenom Dykkar heiderlege Liv, Dykkar sedelege Moral stydja det gode i Folket og hjelpa til i den Kontrol, som det Gode altid fører yver det Vonde. Det er ingen Stad det Vonde kjenner seg so illt til Mode som millom flekklaus Heidr, millom grunfest moralsk Tankegang, som ikkje gjev Snyting elder Hykl Løyve til aa vere Gjest millom seg; det er ingen Ting, som hev den Magt yver den Fallne som aa vyrda honom som ei Menneskja, slaa ein Strik yver det gamle og hjelpa honom til aa byrja eit nytt Liv, soleids som Kristus for aat mot Fallne og Syndarar.

Med desse Ord og med denne Von fyr Nordens Uppgaava i dess nye Fedreland tømer eg ei Skaal fyr Amerika.