Jørund Telnes
Fesjaa-Tale
1878
Kilde: Fedraheimen, 31. november samt 4. og 7. desember 1878 (www.aasentunet.no)

Me heve so mangei Gong fraa denne Flekkjen fengje høyrt, hossleis me skaa bera konn at fe aa faa eit venare aa bære Fe, aa eg takkar dei Mennanne som vil hjølpe konn fram i denne Vegjen; ein go Vilje skaa ein inkje laste. Men dæ kunne fulla inkje vera av Vegjen aa høyre noko um hossleis me skaa bera konn at fe aa faa eit venare aa bære Folk, fe Folk maa daa alle Dagar vera meir hell Fe, likevæl. Eg tregar bare paa dæ, at her inkje skaa vera nokon dugelegare en eg til bera fram denne Tankjen. Eg veit inkje bære Raa en at de fær taka ein go Vilje istaen fe Gjerningji. Dæ æ so rart mæ dæ, dæ kann somen turvast um dæ no inkje bli av dæ beste.

Dæ æ sagt um Embetsfolk, som bare umgjengst Bøndar at dei til slut bli rustifisera (forbonska). Ja, hoke veit, um dæ inkje kann hava seg nokosonær likt mæ desse Fesjaai. Eg tykkjes dæ æ so rart mæ dæ, rør du mæ desse Framstigsmennanne i Nautevegjen aa Matvegjen um ideale Ting, so æ dæ ofte som du bli spurt: mjølkar dæ? Og her er so mange Merkje paa, at Folk liksom blir "nautifisera" hell gjorde til Naut ve alt dette Festelle og alle dei Fe-Tankar, og eg trur, her kann snart bli for mykje av dæ au. Eg heve derfe sanka ihop noko, som eg vil freiste aa koma fram mæ i Dag, noko heve eg henta i den Tuva aa noko i den Tuva; men eg maa klaga me Diktaren: "Um Tankjen er varm der inne, naar han kjeme ut daa æ han kald, han fester seg ei paa Minne!"

Her er Kamp no um Dagjen. Dette Dyresjaae æ au noko av Kampen i Live, dæ æ Kamp fe Kjøt, fe Mjølk, hell fe Mat, hell hot du no vil kalle dæ. Kamp æ Merkje paa Liv. Dæ æ mæ Mannsnaturen som mæ Naturen ikringum konn; der æ au Kamp i mange Maatar; der æ tvo Hovumagter i Naturen, ei som vil gjeva Liv, aa ei som vil øydeleggje dæ. Og dæ maa so vera. Eit Vatn som stende stilt rotnar, aa Storm aa Toreslag reinskar Lufti. Men all Kamp æ inkje go, aa um Kampen æ go, so æ inkje all Kamp like go. Kamp um Pavens Skjegg æ ein klen Kamp; Haar- kløyving aa Kampen um mitt aa ditt æ ofte au ein klen Kamp. Aa i Sanning, her bli ført mangein laak Kamp. Derfe klagar Ole Vig:

 

"Strid og Splid er Dagens Tone,

Koldt er Blodets Baand,

Glemt er Livets bedste Krone,

Kjærlighedens Aand!

Dalekarle, Klippesønner,

Hør en ringe Broders Bønner:

Lad os mindes, lad os hædre,

alle fromme Fædre!

 

Unge Brødre hvor I vanke,

Hvad er eders Hu,

Hvortil staar vel eders Tanke,

Eders Lyst og Gru!

Er det Egennyttens Lære,

Guld og Pragt og verslig Ære?

Bobler kun paa Tidens Strømme,

Hvilke usle Drømme!"

 

Aa du, aa du! "Egennyttens Lære", den bli preka i mange Hus den, dæ bli ofte sett meir Vær paa fire Skjeling hell paa dæ som mangeigong inkje kan vegast upp mæ Gull. Dæ æ ille aa vera so vonde mot sjavekonn, at me mangei Gong sele dæ beste, Live eig, fe ein skarve Daler, aa at Broderkjærleikjen so ofte skaa vera bare Krokodillegraat. At me skaa vera so narrlege aa vera som ei stakkars Flugu, som leikar kring dæ blanke, kring "Gull aa Pragt aa verdsleg Ære"; men hot æ vel Gull aa Pragt aa verdsleg Ære? Jau dæ æ som Diktaren seie, "Bobler kun paa Tidens Strømme, hvilke usle Drømme."

Kamp um Kjøt æ ein dyrisk Kamp, men der æ noko av dæ Slagje au i konn, aa dæ inkje so lite hell. Kamp fe Kjøt aa um Kjøt vil altso til, so lengje som me æ i dæ kjøtlege; men dæ æ dæ dyriske aa dæ kjøtlege, som me skaa sjaa vinne ivi so at me kann bli folkelege aa gudelege. Kamp um Aand æ ein go Kamp, aa i Kamp mæ Aand mot Kjøt kann me koma Guddomen nerare. Derfe sae den gamle Vismannen. "Dæ æ guddomelegt aa inkje turve noko; men dæ stende Guddomen nere aa turve so lite som maugeleg."

Mat maa me hava. Ja, dæ æ endaa mange som meiner, at Maten æ "Vissa aa inkje Voni." Eg aa mange mæ meg trur no derimot, at Maten æ Voni aa inkje Vissa; men dæ dyriske i konn heve mykjy aa seia. Derfe æ her slikt Nappetak au um den Maten, derfe ser du au mange, som kvesser baate Klo aa Nebb for aa sluke i seg ein Arming, liksom Ørni naar ho skjener ne fraa Fjølltoppen fe aa hogge Kloi si i dæ vesle Lamme, som gjenge der raalaust under Nuten.

Ja her æ Stri fe den arme Føa, dæ æ fælt so mykjy som some synest turve; naar du ser fraa den armaste Hytta upp til Salanne, som glimar av Gull aa Marmor aa den fine aa fljote Livemaaten der, so maa du bli forfæld. Vilde dei slaa av noko paa Kravi sine, daa vilde her inkje vera slik Nau aa Armo som her æ. "Dei kappast, dei kappast, Som Hunden um Beine dei nappast! Sin Skatt vil alle med seg føra Igjønom den endelouse Røra, Til dei stupa, til dei stupa, Aa andre kjem istaen til aa krupa!" Ja "dei stupa, dei stupa!" Dei stupar fe Maten aa døyr fe Live sitt; aa der va titt lite Sol aa sjaa, men i svarte Molli der dei grov etter den arme Føa, der stupa dei, der blei dei liggjannes, aa Vonløysa var meir hell stor. Va me eit Dyr, ei Kjyr hell ein Hest, ja daa hae me fulla inkje ana aa gjera hell aa gange mæ Ougae imot Jori aa leite etter den beste Maten. Daa ville dæ vera best aa liva som dæ gamle Romarfolkje. Den vera best aa liva som dæ gamle Romarfolkje. Den høgaste Lykka blei daa aa hava Rikdom aa blanke Salar, eta gott aa sova gott, dyrke Kjøte sitt i mange Maatar aa naar so dæ va gjort, so stupe som eit Dyr fe aller meir aa rise uppatte, hell i dæ høgaste vandre umkring som Skuggar i Dauingheimen. Men no æ me inkje Dyr.

Eg kann aller tru, at den Læra æ fann, at Far Adam æ funnen under Holte ne-i Afrika, aa at dæ æ bare Rova aa noko ana Styggedom, som skaa hava dotte av meg; nei dæ kann eg aller tru. Far Adam va rovelous aa mykjy venare Kar han hell eg. Dæ æ honoms Venleik me skaa prøve aa naa; men den naar me inkje mæ aa vende konns Ouga imot Jordi; den naar me mæ, at me stirer uppimot Himmelen, der Adams Aand, Manns-Aandi, æ komi ifraa; den naar me i Kamp mæ Aand mot Kjøt, den naar me mæ at me opnar vaart Ouga aa Hjarta for alt dæ store aa vene i Himmelen aa paa Jori. Dæ va sagt til honom, at han skulde gjera Jori til Tenaren sin, aa dæ ser ut til, at dæ endaa i Naae skaa uppfyllast paa konn, naar me ser paa alle dei store Framstig, som æ gjorde i so mange Maatar. Men me gjer inkje Jori til Tenaren konns mæ den raae Magti, inkje mæ aa tenkje paa Kjøtgrytunne, men som sagt mæ, at me opnar konns Aand fe alt dæ store aa vene, som Gud vil at ho skaa fyllast mæ. Dæ æ Adams Aand, Mannsaandi mæ Herrens Hjolp, i Samljo mæ honoms Aand, som skaa herske ivi Jori; fe Aandi maa alle Dagar aa i alle Tillfelle vera vigtugare hell Kroppen; dæ æ Aandi, som gjeve Kroppen Liv, dæ æ Aandi, som æ lagt i Hjuli, som drive Lokomotive fram. Dette skulle du, som vil skapa Mat, du "Forretnings-Mann", du Røyndomens Herre, syne, at du bære skjyna paa hell som du ofta gjer; daa ville Aandis Mennar ou seta eit større Vær paa deg aa ditt Yrkje. Dei Dikt og Draumar, som du so ofte held fe bare Vas, kann hava meir Sanning i seg enn Ein skulde tru, ja beint fram innehalde Spaadomar um dei Ting, som baatte du og eg gjønne vilde sjaa verkeleg-gjorde. Naar du tenkjer paa Guten, som tok 15 Mil i Stigje, maa du daa inkje koma til aa tenkje paa Telegrafen. Naar du tenkjer paa Guten, som fekk dæ rare Skjipe som han kunne sigle ivi Fjøll aa Finne mæ likso gott som paa Vatne, maa du daa inkje koma ihug Jønnbananne? O. s. v. Dæ vilde bli ei altfor lang aa altfor tung Regste fe meg aa reikna upp alt dæ som Mannsaandi heve lagt ne i Poesien, aa som sea heve blive sannrøynt i Live. Eg vil berre peike paa noko lite. Diktaren Homer song Grekland stort; han sette upp dei Mynster, som Grekarfolkje Ætt etter Ætt stræva etter aa naa, aa dette gjore dei til dei støste aa mest dana Folk i Verdi; dei hev enno i mange Stykkje ikkje funne Likjen sin. Kong David song Jødeland stort; paa honoms Ti va Aand, Song aa Poesi sterkast i Jødefolket; Salomon va større hell David i Vitskap, men mindre i Aand. Som han sjav va gla i Stas aa ytre Storleik, so blei Folkje dæ au; det blei materialistiskt, som dæ heiter; Aand aa Poesi minka av, aa dermæ au Gudelegheiti, Krafti aa Kjærleikjen. Okkons gamle Diktarar aa Sogu-Mennar heve gjort Noreg navngjete fraa Skotland til Messina. Konns Fridom, som blei attefødd paa Eidsvoll 1814, va lengje førr "songjen inn" av Diktaranne vaare. Nordal Brun veit me song myllom andre: "Saa vaagne vi vel op engang og bryder Lænker, Baand og Tvang, og naar vi først faar Blod paa Tand vi sødt om Frihed drømme!" Diktaranne æ Folkjes Upvekkjarar aa deires Spaamennar - Profetar -; derfe bli dæ au sagt av lærde Folk, at Diktaranne æ eit Framskot av Profetanne, hell stend liksom nærast i Rekkja etter dei, - some meir i dæ gudelege, aa some meir i dæ folkelege. I 1814 blei me berre reist upp i dæ utvortes, men i dæ aandelige æ me enno ufrie. Den danske Adelen blei vel avsett; - Du veit Løvenskjold (Faer til Storthingsmannen aa Assessoren) reiste seg av Benkjen sin aa sae: "Skal Adelen afskaffes, da vil jeg sige de norske Fjelde Farvel!" Men daa reiste Jonas Rein seg aa sae: "Da vil de norske Fjelde svare "vel! vel!"" Den danske Adel miste sine Ser-Retter. Den norske Adelen hadde blivi Bøndar. Men den danske Aands-Adel heve me enno i Lande, enno site Danskjen i Høgsæte; me lese paa dansk aa tenkjer paa dansk, aa Lovanne okkons bli skrivne paa dansk, aa Prestanne kons talar dansk aa tenkjer som ein Jute. Ja her æ mykjy fremmind Aandsadel enno her i Lande. Dæ æ den, som maa ut, førr me kann seia mæ Sanning, at me æ eit fritt sjølvstendugt Folk. Enno æ me bare som ein Mann, som teke til aa lyfte paa Ougnelokji etter eit Svimeslag, daa han va Douen nere. Men kann me no tru dette, at me kann bli eit heilt upp fritt Folk? Jau, Dagbryne stend alt ivi Aasen, aa me heve Spaamennar som heve sagt dæ. Kven æ dæ? Diktaranne konses: Vergeland, Vinje, Bjørnson aa fleire. Skulde eg inkje tru dei, so maatte eg anten vera blind, hell au maatte eg sjaa paa heile Tii - paa den som æ, den som va aa den som skaa koma - liksom naar eg stirer i den blanke Fjoren aa ser, at Fjølli stend paa Hovde aa Toppanne paa Trei snur ne. "Hvad Norge var det skal det engang blive!" seie Diktaren, aa daa skal den danske Adelen seia dei norske Fjølli "Farvæl!" men den gamle Graaskjeggen under Fjølli vil svara so dæ ljomar:  

"Vel! Vel!"

Men slikt æ fælt vondt aa faa Tak i fe den som bare "skaper Kjøt", den som trur at han liksom kann faa den eine Pylsa til aa gro ut av den andre, den som trur, at "Maten æ Vissa aa inkje Voni." Dæ æ inkje mæ detta som mæ Jønnbanar aa Noutemøte aa meir slikt, som ein kann taka paa mæ Hendanne aa sjaa paa mæ Ougo. Men dæ heve endaa Vær, skulle eg tru. Dette aa alt dæ, som kann opne vaart innare Syn, som kann forædle konns Aand aa Hjarta, dæ som kann lære oss aa elske Far og Mor, Syster og Bror, Gud aa Fedreland, som kann skapa eit sterkt aa fagert Mannsliv aa Gudsliv i oss, dæ æ dæ gjævaste av alt som me veit aa nevne.

Eg æ inkje vond paa Maten, langt derifraa! Stakkars alle dei Folk som svelt ihel! "Skap Kjøt min Ven mæ Fleskehaand, men lat so meg faa skapa Aand!" Kjeme eit Folk bort fraa sjaveseg, bli dæ sett til aa bera Vatn aa Ve fe Kokkjen, heve dæ mist Trui paa sjaveseg, heve dæ inkje Vyrna aa Elsk til Gud aa Fedreland, so heve dæ inkje lenger Kraft i seg. Daa heve dæ inkje Spartanarar, ingjen Leonidas aa møte mæ. Brest Kjærleikjen til gamle Noreg, daa brest Einars Bogje aa Noreg, o Kongje! av dine Hendar, aa Olav Trygvason vil koma til aa gange atte i ein gamal Munk ne i Myklegaard hell i dæ høgaste bare livapaa Papere aa i Boktrykkjarsvarta. Stræve fe Jønnbanar, Jordbruk, Kræturstel o. s. v. æ altsama gagnlege Ting, naar dæ bli tekje paa rette Maaten, men skaa slikt Stræv bli No. 1 i Samfunde, men Aand aa Uplysning No. 2, ja, daa fortener dæ Navn av Materialisme aa Matstræv aa bi til uboteleg Skae for lange, lange Tier. Aa Materialisma æ sterk i vaare Dagar, ja dæ æ so du mangein Gong maa tru, at dei fe aa finne den rette Mannen maa leie honom fram aa trive etter um han heve goe Mjølkeaarer aa hellest alle sine goe Merkje. Den Bonden, som steller gott Garen sin aa æ flink aa passig som dæ heiter, æ ein bra Bonde i so Maate; men heve han inkje Syn fe noko ana i Live, liver berre fe aa sanka ihop, prøver han inkje aa skaffa seg aa sine Upplysning, so han kann koma til aa vera med i eit høgre Liv, - daa æ han ein klen Bonde i Grunnen; han fortener Navn av Matstrævar aa Mammonstræl, aa han er ikkje mykjy ulik ei Kjyr hell ein Hest, som legge Mulen ne imot Jori fe aa fylle Magjen sin.

Ein hev nok Grunn til aa klaga ivi forliten Upplysning, forlite Aand; dæ æ fælt aa vita hoss lite mange av konns Bøndar veit. D'æ harmeleg aa sjaa mangei Gong, naar all denne raae, tunge Magti slær Kjøtneven sin i Bore aa vil raa fekor Skaape skal stande.

 

Aa so høyrer du Røunne felle

um Pening um Hestar aa Naut;

Naar at Maten so mykjy skaa gjelle,

Æ dæ Under at Kaksen æ stout?

 

Dæ æ fælt aa sjaa, naar Hestehandlaren tumlar umkring mæ dæ arme Dyre sitt, som i Grunnen stend mykje ivi honom, kjyter aa bannar so du kann tenkje at han teke Eld, og meiner paa, at største Karsstykkje i Live er aa snyte seg rik og trekkje Folk upp. Ja dæ æ 'kje fritt fe, at du hjaa mange av desse kann sjaa eit Drag helle ei Likning av Hesten; dæ veit eg eg lae Merkje til jamvelt daa eg va liten. Vinje veit eg hadde lagt Merkje til, at dei som handla lengje mæ Stutar, blei breiare myllom Ougo. Ingjenting æ meir utskjemt hell Handelsmoralen; der heve dei fengje sett upp eit Bud, som dei trygt tor seta upp mot Guds Bud. Du høyrer ofte dæ bli sagt umlag som so: "Handel æ Handel," "den som inkje vil have uppe Ougo fær have uppe Pungjen", o. s. fr. Ja, Fusk æ Fusk, aa Lygn æ Lygn, aa Satan i Samuels Klæe æ au Satan. Dæ æ ofte dæ, at den som heites fe aa vera ein "bra Mann," æ ein Fant i Handel. Stakkars Folk, likevæl! Aa her æ mangt aa mykjy som skjemmer Folkelive konns ut; dæ vilde vera raaloust nemne alt mæ eigong.

Kvinna stakkar, stende ou ofta laagt. Ho æ no liksom fødd mæ Grautesleivi i Handi, ho. Ho skaa bare gjifte seg ho, føe Bonn, laga Mat, aa so døy. Stakkars arme Kvinna. Ho mæ dæ rike, djupe Hjartae, som vore so væl laga til aa kveikje goe Tankar og varm Hug i sine Bonn, ho som av Naturen heve den støste Magti aa dæ beste Lagje til aa fostre dugande Mennar og skapa eit fagert Folkeliv, ho som ofte kunne gjera ein Olav Tryggvason aa Olav den Heilage av Guten sin, inkje i aa fara i Viking aa vinne Land aa Rikje, men i aa liva mæ Kraft og Aand aa bruke seg til stor og go Gjerning, - Stakkars arme Kvinna! her gjeng ho, mangeigong likso svart paa Kropp aa Sjæl som den Grutsugga ho so viljugt brukar, og so sliti og arm, at ho ikkje eig ein go Tankje aa leggje inn i dei unge, mjuke Hjarto. Goe Bøndar, spare inkje paa Skjelinganne fe Gutann aa Jentunn dikkons! Send dei paa goe Skular, dæ æ mykjy meir vært hell ein stor Arv aa eit gjildt Heimafygje. Kann de inkje sjave skjyne den store Rikdomen som de dermæ gjeve Boni dikkons aa heile Lande, so vere daa so kloke aa lit andre at, som heve bære Greie paa slike Ting. Dæ æ so mæ den som lite Upplysning heve fengje: han veit inkje aa seta dæ rette Vær paa den. Ein som heve vore blind heile si Ti, heve inkje stor Greie paa Farganne, aa han heve hell inkje stor Trong etter aa sjaa; han synest Myrkre æ godt nok; han veit inkje av noko bære. Va her meir Upplysning blandt konn daa skulle mangt av den Stygedomen som no skjemmer konns Folkeliv ut, døy bort av seg sjav. Daa ville Folk hava meir aa røa um mæ kvarandre, av dæ som hadde noko Vær, hell dei no titt heve; for no, daa dei inkje heve noko bære, so maa dei anten trive til Glase, hell so maa dei til aa røa um Væ aa Vind, um Jorepleroten aa so burtigjønom. Og stundom legg dei Skarn paa Tunga si aa talar rotne Ting, som aller skulde nemnast. -

Naar me tenkjer paa dei ville Folk, som et kvorandre, maa me daa inkje grysje? - men hot æ dæ vel anna hell Upplysningji, som heve gjort konn likar hell dei. Fe noka Aar sea va Drykk aa Slagsmaal mykje aalmennt; no æ dæ daa Gudskjelov snart berre Herkje, som driv paa mæ slikt; - hot æ dæ vel anna hell Upplysningji, som heve gjort dæ bære i so Maate. Fe noka Aar sea sat der i Noregs Storthing faae Bøndar, aa mest Ingjen kunne svara ein Embetsmann tvo til sju. No sit der mange Bøndar i Thingje, som kann møte baade Prest aa Fut mæ greie Tankar, um dæ enn skjil mykjy paa, at dei enno æ so goe som dei maa bli. Og ei go Upplysning æ dæ, som skaa hjelpe fram heile Lande. Folkehøgskulanne heve no gjengje i Bauten fe ei meir heimleg og livandes Upplysning, enn den me hev havt. Dæ æ i Sanning goe Skular, Bøndar; dit burde de sende Gutann aa Jentunn dikkons. Dei freistar so godt dei kann aa hjølpe konns Bondestand fram i sann Upplysning aa ei bære Aandsdaning, so at Bøndanne forsvara Plassen sin etter Landes Lov aa Rett. Dei set vaar nye Utvikling i ein grei aa naturleg Samanheng mæ den gamle Tii, so at me kann halda paa den historiske Traaen. Dæ æ inkje Soga etter den nakne Beingrindi, etter bare Bokstaven, som dei lærer paa desse Skulanne, dæ æ Historiens innare Samanheng, Historiens Lærdomar, Historiens Aand. Bokstaven slær ihel, men Aandi gjer livandes. Dæ æ dei store Grunndrag i Soga, som dei held fram i Samanheng mæ Bibelen. Hellest æ dæ eit faafengt Arbei aa fortelja um, hot ein der fær lære; vil du vita dæ, so maa du sjav gange igjønom heile Skulen. Eg heve prøva ein av desse Skulanne, Kristofer Bruuns. Den Mannen gløymer eg aller so lengje eg liver. Men eg trudde at eg skulle kjenne til dei andre Folkehøgskulanne au. D'æ inkje fe dæ, at dei heiter Folkehøgskular, at dei æ bære, men fe dæ at dei æ styrde av utifraa flinke Karar, som heve ofra Kraft aa mange Aar fe aa gjera seg duglege til slikt Yrkje. Eg tor seia eg talar av Røynsle. Eg va paa Kvitsseids Seminarium, so prøva eg Holt noka Vikur, men eg kann i Sanning seia, at eg lærde meir av dæ som hadde noko sannt Vær aa Innhald av Kristofer Brunn paa den Maanaen eg va der, hell som eg hadde lært paa Seminarie eit halvt Aar, fe inkje aa seia lenger. Some vil fulla svara meg som so: Ja eg trur nok du trur dæ; du æ no liksom meir laga fe desse Skulanne du. Ja eg skulde somen helder inkje fara bare etter sjave meg, men alle dei eg heve tala mæ, aa dæ æ inkje so faae, som heve prøva Folkehøgskulann, derimyllom Skulmeisterar au, so gjeve dei Folkehøgskulen same Lov som eg.

Dæ heve saara meg aa mange andre aa sjaa, at dei som trur dei æ Bondevener, aa som av andre ou bli halne fe aa vera dæ, inkje skaa bære kunne skjyne desse Skulanne. Dei stend i sitt eigje Ljos aa skjyggjer seg sjave aa slær paa sitt eigje Folk i Faavit. Dæ æ ein heilt urimeleg Tankje dette aa vera Bondeven i Politikkjen aa inkje i Folkehøgskulesakji; dæ æ dæ same som aa vilja seia B førr ein seie A, hell som dæ stend i den bakvende Visa: "Laksen uppi Furutopp aa Ikonn ne paa Havsens Bot.'" -

Folkehøgskulesakji maa vera Nummer ein her i Lande; fyst den innare Utvikling, so den ytre. Dæ æ Live, dæ kjeme an paa, aa inkje Formi; Formi vil sjølve Live skapa.