Jørgen Løvland
Gud signe fedralandet!
Tale til konge, storting og regjering
Riksforsamlingens sal, Eidsvoll, 17. mai 1914
Kilde: Torkell J. Løvland (red): Menn og minner frå 1905. Av J. Løvlands papirer. Oslo 1929.

Majestæt!

Mine herrar, tingmennar og riksraader!

Kjære medborgarar!

Her og idag for 100 aar sidan sette det norske folket seglet under den grunnlovi, som var ferdug dagen fyrr, med aa velja sin eigjen konge og dermed kunne gjera for al verdi, at no stod Norigs gamle rikje atter fullskjipa og tok romet sit att millom dei sjølvstendige, frie og sjølvstyrde rikje.

Her og idag.

Det var Norigs store Magna Charta Libertatis, som vart kunngjort av det suveræne folk.

Idag for 100 aar sidan.

Dette er den største og fagraste minnestund me hev upplivt.

Me ser dei for oss idag her i salen: Her stod Georg Sverdrup, der sat Christie og nedyver ben- karne sat dei 110 andre folksens sendemennar.

Dei spyr: Den arv me gav dykk, - korleis hev Di vakta han, korleis hev Di brukt han?

Og Gud skje lov! Me kan hugheilt møta fram til reikneskap.

Liksom kong Christian Frederik og sidan Christie og hans Storting fekk berga grunnlovi gjenom dei store vandar og faarar i 1814, soleis hev folk og ting sidan varna og verga henne mot aatak, mot vrang tyding og mot misbruk, og me hev tekji burt dei telleggi og dei brigde ho fekk med unionen. So grunnlovi av 17de mai er gjeldande idag, er enno det store fridomsbrevet for kongerikjet Norig.

Grunnlovi var som eit ungt og friskt tre med rik grokraft, som Eidsvollstinget planta i Norigs jord.

Og treet hev vakse. Det fulle folkestyret hev kome fram i parlamentarismen og i den aalmenne røysteret for karmennar og kvenmennar. So treet stend no med djupare og vidare røter, med sterkare stamme, med høgare og breidare kruna og med rikare blom og frukt.

Grunnlovi hev vakse seg saman med folket og folket med henne. Og såman hev dei vakse baade etter tidarhøvi.

President Sverdrup sagde her: «Gjenreist er altså inden Norges enemerker Norges gamle kongestol.» 

Me veit at denne kongestolen um hausten vart flutt ut av landet og sjeldan ei kort stund var her heime, og me veit at somtid sette der seg ein "unionskonge" i stolen og styrde rikjet "utan raad av norsk mann".

No er kongestolen flutt heimatt til kongebyen ved Foldenfjorden, og i denne stund sit Norigs konge med sit raad av norske mennar her i salen.

Det heile Eidsvollsverk, grunnlovi og Norigs fulle sjølvstøda er livande, "so naar federne sjaa at paa jordi, dei kann kjenna sit folk og sit land."

Men dagen er inkje berre ein minnedag og ein reikneskapsdag. Han talar sterkt og aalvorsamt um vaare uppgaavur og vårt andsvar: Han kallar oss til aa akta og varna Eidsvollsverket i dei komande tider og paa same tid rydja og dyrka, bøta og byggja rikjet til større magt og vyrdnad, til rikare folkelukka og hugnad i alle heimar i by og bygd, so dei som møter her um 100 aar kan vitna um enndaa større vokster og framgong i alle leider.

Me takkar federne for grunnlovi og me takkar dei for den tru og lit dei hadde til folket og til framtidi.

Dei trøystad allstøtt til forsynet og til den retferduge sak. Deira tru er inkje sviki. Gud hev halde si hand yver Noreg i 100 aar.

Gjæv anden fraa Eidsvollstinget altid maa vera livande i det norske folket! Me samlar oss i den gamle bøni: Gud signe fedralandet!