Liv Signe Navarsete
Ei tid for marknad, ei tid for politikk
Senterpartiets landsstyremøte
Oslo, 17. oktober 2008
Kilde: www.senterpartiet.no

Kjære landsstyre! 

Arne Garborg skriv i diktet "Om pengar": 

"Pengar har ikkje noko verd i seg sjølv. 
Du kan ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje kle deg med dei. 
Du kunne ha lomma full av pengar, og svelte, tyrste, fryse i hel -

om det ikkje var mat og drikke og klede å få.

Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det nest største heller. 
Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vitug." 
 
Kloke ord skrivne i ei anna tid. Me kan ikkje få alt for pengar. Men pengar er eit stort gode for den som brukar dei vitug. Som folkevalde rår me over store pengar. Norge er eit privilegert land og me er eit privilegert folk. Utfordringa er å forvalte pengar med vit og klokskap. 
 
Bakteppet for dette landsstyremøtet er den internasjonale finansuroa. Krisevarsla for internasjonal økonomi har kome like tett som lågtrykka utanfor Vestlandet om hausten.  Storm ute gjev økonomisk ruskever her heime. Finanskrisa fell i tid saman med store miljøutfordringar og ei internasjonal matvarekrise. Me har mange store utfordringar som skal handterast samstundes. Sp vil bidra til at finanskrisa ikkje får skuve klimautfordringane og matvaretryggleiken i bakgrunnen.  
 
Me står overfor ei systemkrise i den internasjonale kapitalmarknaden. Denne systemkrisa har utløyst eit samstemt krav om politisk handling - styresmaktene i land etter land må ta grep.  Kravet om politisk handling vert fremma frå næringsliv, frå økonomar og den politiske høgresida som har hatt som sitt varemerke å be "politikarane om å halde fingrane frå fatet". Det er interessant at dei no etterlyser meir raudgrøn politikk. 
 
Kva er det som har skjedd i den internasjonale kapital- og finansmarknaden og som har utløyst samstemde krav om politiske tiltak? Her heime fekk me problema i den amerikanske bustadlånemarknaden på nært hald gjennom dei såkalla Terrakommunane.  
 
Hendingane siste månadane har vist verda at dette var forvarsel om ei systemkrise. Mange amerikanske husstandar hadde lån til bustad langt utover det dei hadde økonomisk evne til å betale for. Så lenge verdien av bustadane gjekk opp, gjekk systemet rundt. Mange tente seg rike på å formidle lån til folk som ikkje hadde økonomisk evne til å betene dei. Kortsiktig vinning og grådigheit vart leiestjerne. Nøysemd, ærlegdom, flid, arbeid, å setje tæring etter næring, å skape og produsere var ikkje tida sin melodi. Det var fri fly av pengar som var melodien. Risiko vart spreidd og kamuflert gjennom ei rekke instrument og avansert bokføring. Lov og regelverk var ikkje godt nok.  
 
I dette systemet vart avstanden mellom realøkonomi og finansøkonomi større og større. Då prisane på bustadar gjekk nedover vart det ein vond sirkel som førte til at systemet gjekk overende. Viktige bankar er redda av storstilt bruk av fellesskapets midlar, andre er kjøpt opp, nokre har gått konkurs. Børsverdiane har rasa og er halvert på nokre få månader. Det seier noko om kursar som er bestemt meir av psykologi og forventingar om kva som vil kunne hende, enn realøkonomiske forhold.  
 
I fjor rista folk frå landsende til landsende på hovudet av godtruande folkevalde og administrasjonen i Terra-kommunane. I dag ristar folk i mange land på hovudet over eit system som dei færraste av oss har hatt innsyn i. Mange familiar i USA er komne opp i store økonomiske vanskar. Island slit med å få kjøpt naudsynte varer og landet er på randa av konkurs. Ikkje ein gong Frp snakkar i dag om kor fantastiske marknadskreftene er, om lover og reglar som hemmar vekst, den frie konkurransen si velsigning osv.  
 
Aftenposten skreiv på leiarplass onsdag denne veka om bankar som ein del av eit land sin infrastruktur.  Det tykkjer eg er ei klok tilnærming.  Marknaden er ein dårleg herre, men ein god tenar. Det trengst lovar og reglar for å sikre soliditet i bankvesenet. Sofistikerte instrument som bles opp bobler utan realøkonomisk forankring, gjev rikdom til nokre få og tap og utryggleik for dei mange. Systemet "privatize the gains and socialize the losses" - vinsten vert privatisert og fellesskapen dekkjer tapa. Ingen veit i dag korleis denne internasjonale systemkrisa vil utvikle seg vidare.  
 
Fri-flyt politikk, kortsiktig tenking og liberalisering, må vike til fordel for verdiskaping tufta på eit realøkonomisk grunnlag, meir langsiktig tenking og vektlegging av framtidsretta miljøpolitikk og produksjon av mat. Me treng ei sunn internasjonal arbeidsdeling med eit fornuftig varebyte. Dette er god Sp-politikk.   
 
Den norske modellen har vore bygd på blandingsøkonomisk grunn. Me har kombinert privat eigedomsrett og virketrong med offentleg styring og tilrettelegging. I Senterpartiet har me ikkje hatt verken statsskrekk eller næringslivsskrekk.  
 
Denne internasjonale systemkrisa får sjølvsagt fylgjer for Norge. Me står godt rusta til å handtere utfordringane. Me har eit sterkt lovverk, me har gode tilsynsordningar, staten har ei sterk finansiell stilling og me har orden i eigen økonomi. Samstundes er situasjonen internasjonalt svært uoversiktleg og ustabil.  Regjeringa, Norges Bank og Kredittilsynet fylgjer situasjonen nøye. Vi set inn tiltak når det er fornuftig. Det er viktig å gjere rett ting til rett tid. Norske bankar er solide.  
 
Den siste utviklinga i finanskrisa førte til at pengemarknaden stoppa opp, og innlånskostnadene til bankane skaut i veret. Sist sundag lanserte difor regjeringa i samarbeid med Norges Bank nye og kraftfulle tiltak. Bankane vert sikra instrument for langsiktig innlåning, medan dei minste bankane får låne direkte i Norges Bank. På onsdag reduserte Norges Bank pengemarknadsrenta med 0,5 prosentpoeng. Eg forventar at norske låntakarar over tid skal få nyte godt av lågare rente på sine lån enn dei elles ville fått.  
 
Handlekraft er å gjere rett ting til rett tid, ikkje å kave og stresse rundt slik vi har sett opposisjonspartia gjere siste vekene. Frp sine løysingar om frislepp og bruk av meir pengar til alt og alle alltid, har fått brutal medfart i møtet med internasjonale nedgangstider. Sjeldan har eit parti framstått som så forvirra som Frp har gjort siste vekene. Forsøk på å stemple George Bush som sosialist, fall på steingrunn. Slike påstandar er uttrykk for at Frp undervurderer folk flest. Viktige programpostar om frislepp skal visstnok ha gått ut på dato for mange år sidan.  Dei står likevel i programmet Frp har gått til val på. Det er lite truverdig når Frp sitt mest konkrete svar på finanskrisa er å krevje meir politisk handling frå regjeringa samt å setje i gong ein ryddesjau i eigen politikk og eige program. Frp skal prøve å ta nye grep for å tale storkapitalen og småkårsfolk si sak på ein gong. Det skal ikkje verte lett når fokuset er retta frå partiet sin kritikk av andre til søkjelys på partiet sine eigne løysingar. Her er mange interessante måtar å forskreve seg på for Siv Jensen og co.  
 
Me kan ikkje i dag trekke alle konklusjonar for framtida om lovar og reglar for å sikre betre moral og betre samsvar mellom finans- og realkapital. Men eg er overtydd om at ein lærdom av finanskrisa og børsfall er at me må ta ein ny debatt om lønnsfastsetjing og lønssystemet i finansnæringa og næringslivet elles. Me er mange som utan å verte høyrt, har hevda at opsjonar knytte til børskursar og bonusar knytte til årsresultat, er usunt. Det er ikkje sikkert at det som på kort sikt aukar børskursane i eit selskap, legg grunnlag for gode produksjonsresultat og god inntening på lang sikt. Bonusar basert på årsresultat kan føre til at bankar tek større risiko enn kva som er fornuftig. Og som vi har sett: Vinstane går til leiarar og kortsiktige investorar. Tapa tek samfunnet og langsiktige investorar.  Me bør også få ein debatt om meklarbonusane.  Me har eit lønssystem som oppmuntrar meklarar til å bidra til stort omfang av kjøp og sal, og der dei er garantert vinst uavhengig av kva risiko og tap kundar vert påført. Det er å samanlikne med at dei som arbeider med å trykkje pengar, skulle ha ein viss prosentdel av pengesetelen sin verdi! Kven meiner det er fornuftig sett frå samfunnet og korleis kan næringslivet som er opptekne av å halde kostnadene ned forsvare eit slikt system?
 
Me har lagt fram eit budsjett for 2009 der Senterpartiet sine fotavtrykk er tydelege.  Dette budsjettet tek høgde for både at me har økonomisk ruskever og at rentenivået får fylgjer for aktiviteten særleg i bygg og anlegg.  På landsmøtet vårt 12. september sa eg at eg gledde meg til å vere byggjeleiar. I budsjettet for 2009 tek me nye steg i arbeidet for å byggje landet 
 
I 2005 gjekk Senterpartiet til val på at me skulle erstatte Erna Solberg si svelteforing av norske kommunar med ei sterk satsing på fellesskapsløysingar og lokal velferd.  Det har me gjort innanfor ei ansvarleg økonomisk totalramme. Senterpartiet si sterke satsing på kommuneøkonomi held fram i 2009. Kommunane er den viktigaste velferdsytaren i samfunnet; barnehagar, skular, legeteneste, eldreomsorg er kommunale oppgåver. 
Kvar dag etter regjeringsskiftet er det tilsett 10 nye menneske innanfor pleie og omsorg og då tek eg forsiktig i. Kvar dag etter regjeringsskiftet er det oppretta ei ny barnehageavdeling med 25 ungar. Skular er pussa opp, kyrkjer er måla og symjebasseng har fått vatn.  Me tek nye grep i 2009 for å vedlikehalde fellesskapsinstitusjonane gjennom rentefrie lån til skulebygg, symjebasseng og kyrkjer. Eg reiser mykje kring i landet. Eg møter ikkje nokon som drøymer seg tilbake til tida då Erna Solberg var kommunalminister. Det var heller ikkje slik at Norge var eit fattig land i åra 2001-2005. Det var heller ikkje slik at landet mangla arbeidskraft. Men me har prioritert fellesskap der førre regjering prioriterte skattelette. Me er ikkje i mål, men med eit lyft på 28 mrd. kr. er me på rett veg.  
 
I 2005 gjekk Senterpartiet til val på at me skulle skape optimisme og ny giv i distrikts-Noreg.  Me gjekk inn for ei sterk satsing på infrastruktur som samferdsel og breiband. Me har fylgd opp med ei historisk samferdselssatsing i budsjettet for 2009. Det handlar om å setje i stand vegane våre og syte for at folk kan ferdast trygt, samstundes som næringslivet får fram varene sine. Satsing på samferdsle er ei av dei viktigaste investeringane me kan gjere no for å byggje landet for framtida. Me overoppfyller dei økonomiske rammene for Nasjonal transportplan med 1,9 mrd kr. Forskarar finn på mykje rart.  I haust opplevde eg å skulle kommentere forskarar som hadde funne ut at betre kommunikasjonar var lite viktig og til og med førte til fråflytting. Eg har reist frå landsende til landsende, men eg har ikkje møtt ein einaste næringslivsleiar som har lagt ned ei produksjonsbedrift fordi kommunikasjonane var for gode.  Eg har heller ikkje møtt ein einaste ungdom som har sagt at ho eller han vil flytte fordi vi har så gode vegar. Men eg har møtt mange som meiner betre kommunikasjonar trengst for at dei skal satse for framtida.  Av og til verkar det som folk på ein del kontor gått seg vill på sitt eige skrivebord.  
 
Moderne telekommunikasjonar er viktig. Det var Sp-leiar Odd Roger Enoksen som reiste kravet om den digitale allemannsrettten. Me har teke grep for å sikre utbygging av breiband til heile landet. Me nærmar oss det målet, men er likevel ikkje i mål. Teknologien utviklar seg og kvaliteten på tilbodet må mange stadar hevast.  Mobildekning er også ein viktig del av infrastrukturen, og me tek grep også der. Kven andre enn Senterpartiet ville teke tak i desse sakene og fått dei høgt opp på den politiske dagsorden? 
 
Senterpartiet gjekk i 2005 til val på at me skulle ha ein aktiv næringspolitikk. Norsk næringsliv er variert. Likevel ser me at i dag som tidlegare er svært mange produksjonsbedrifter tufta på naturressursane våre. I tidlegare tider landbruk og fiske, seinare vasskraft, kraftkrevjande industri, verftsindustri, maritime verksemder, møbelindustri og siste tiåra også olje og gass. Kva vert så næringsvegane framover? Eg er overtydd om at mange av desse næringane vil vere viktige også i framtida, men mogeleg i ei annleis form enn i dag.  
 
Landbruket skal framleis produsere mat, det må vere hovudformålet med landbrukspolitikken, men det må òg vere ei viktig brikke for å fremje reiselivsnæringa.. Då må produsentane sikrast inntekt og vederlag for sitt arbeid på linje med andre grupper i samfunnet.  Matvaretryggleik vil verte meir viktig framover, ikkje mindre viktig slik enkelte hevdar.  Parlamentarisk leiar kjem attende til dette i si innleiing. 
 
Fiskerinæringa skal framleis hauste av havet sine ressursar og bidra til å forsyne verda med fisk. Fiskeria vil vere viktige langs heile kysten, og me må sikre deira plass. Lofoten og Vesterålen skal ikkje opnast for leiteboring. Olje- og gassnæringa er saman med leverandørindustrien viktig for Norge og me vil ha eit høgt aktivitetsnivå i åra som kjem.  Men Senterpartiet skal heve den grøne miljøfana høgt og tydeleg. 
 
Senterpartiet har vunne ein historisk seier om eigarskapen til dei evigvarande vasskraft-ressursane.  Fornybar energi har framtida framfor seg.  Også her skal me ta nye grep. 
Me må no innrette oss på å gå frå oljetidsalderen og over til den fornybare energien sin tidsalder. Me må nytte dei neste åra på å utvikle landbasert næringsliv i heile landet og å byggje opp ei fornybar energinæring. Me treng å investere i framtidsretta og klimavenleg næringsliv. Fornybar energi er den store, nye distriktsnæringa. Vasskraft, bioenergi og vindkraft skal gje tusenvis av nye arbeidsplassar i innlandet, på Sørlandet, i Sogn og Fjordane, Trøndelag og kysten i Nord. Det er ikkje i dei store byane me finn fossefall, skog og areal kor det bles friskt. 

Etterspurnaden etter fornybar energi aukar. Klimasituasjonen krev at både Noreg og andre land i verda legg om frå olje og kol til rein energi. I Noreg har me mykje energiressursar. Me kan produsere rein energi til vår eigen transportsektor - slik at me [har] til ei elektrifisering av transportsektoren - og for eksport til Europa som har for lite fornybar energi. 

Me skal byggje ut 14 Twh bioenergi fram mot 2020. Restprodukt frå skogen, halm, søppel osv. skal omgjerast til energi. Kvar TWh gir 300 arbeidsplassar. Her har Enova ei viktig rolle. Dei får tilført nye 10 mrd kr til energifondet no i statsbudsjettet, og har med et 1,5 mrd å rutte med mellom anna til å fremje bioenergi.  

Me skal byggje ut småkraftverk der det er mogleg. Dette vil gje arbeidsplassar og lokal verdiskaping.  

Me tek store skritt for å byggje ut vindkraft no. I haust skal det gjevast tilskott til vindkraftprosjekt, og me har som mål å etablere 3 mrd twh vindkraft innan utgangen av 2010. I løpet av det neste året skal me ha avklara med Sverige viktige prinsipp for ein felles marknad for grøne sertifikat, som vil setje fart i utbygginga av vindmøller. Berre i Tyskland er over 70.000 personar sysselsett i vindkraftnæringa, og om få år vil vindkraftnæringen vere større enn den tyske bilindustrien. Og me har langt betre tilhøve for vindkraft i Noreg - faktisk har me dei beste vindressursane i Europa. Me skal byggje ut vindkraft på land no - men me skal òg framleis liggje i front på flytande vindmøller. Her ligg eit enormt potensiale for å produsere rein energi og skape ein kompetansebasert industri i Noreg. Kven veit - kanskje er det i 2030 "Statwind" som er det viktigaste norske energiselskapet - som sikrar store pengestraumar inn i statskassa?  Senterpartiet er klar for å ta Noreg inn i den fornybare energien sin tidsalder.  

Senterpartiet gjekk i 2005 til val på satsing på ein offensiv miljøpolitikk, med ei sterk satsing på fornybar energi samt jernbane og kollektivtrafikk i tettbygde strøk. Me leverer her også. 

Senterpartiet gjekk i 2005 også til val på eit solid løft for kulturlivet med styrking av musikk, kunst, teater, idrett og friviljuge organisasjonar. Eg la merke til at den viktigaste kritikken frå opposisjonspartia mot trontalen var at den var føreseieleg og kjedeleg.  Vel, vel.  Me driv ikkje med politikk for å underhalde opposisjonspartia.  Derimot har vi gjennom kulturløftet styrka ei rekkje tilbod som også kan vere til oppmuntring og gje gode opplevingar til humørlause opposisjonspolitikarar.  

Senterpartiet vil i tida framover ha særleg fokus på sysselsetjingssituasjonen og renteutviklinga. 
 
Når etterspørselen etter varer i andre land går ned, vil bedrifter få selt mindre. Det hjelper lite for ein arbeidar på Raufoss som har ein usikker jobb at mange andre har kome i arbeid.  Tap av inntekt fører også fort til andre problem. Me kan ikkje syte for at etterspørselen i andre land held seg oppe. Men me vil gjennom bedriftsretta tiltak og ein aktiv næringspolitikk styrke grunnlaget for framtidig sysselsetjing og verdiskaping. Me kan også framskunde arbeidsoppgåver som oppussing av skular og kyrkjebygg og vegvedlikehald for å bidra til meir arbeid dersom det skulle vise seg naudsynt. På mitt eige område, samferdsle, kan eg setje i verk aktivitet om det skulle vere naudsynt. Me er klare til å handle dersom situasjonen tilseier det. 
 
Utviklinga i bustadprisar, rentenivå og sysselsetjing, kan gjere at enkeltpersonar og familiar kjem i økonomiske vanskar. Det er viktig å sikre folk tryggleik for arbeid, hus og heim.  Det gjer me både gjennom pengepolitikken og finanspolitikken. 
 
Når vår kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa ikkje deltek her i dag, er det fordi ho no saman med KS møter folk frå kommune-Norge og Husbanken i Kristiansand for å drøfte kva om kan gjerast for dei vanskelegstilte i bustadmarknaden. Me tek her nye grep.  
 
Me forenklar og utvidar ordningar med bustønad. 50 000 nye husstandar vil kome inn under bustønaden og få redusert buutgiftene med om lag kr 20 000 pr år i snitt.  Dette inneber ein ny milliard i kampen mot fattigdom. Magnhild står på! 
 
Husbanken tilrår Startlån berekna på unge og folk som slit i bustadmarknaden. Dette er eit toppfinansieringslån med gunstig rente og gjev folk som slit høve til å refinansiere låna sine. 
 
Me aukar tal lån til utleigebustader frå 850 til 1500, og det vert høve til å få 20 års fastrente i Husbanken. 
 
Husbanken har neste år ei låneramme på 12 milliardar kr. Me vil fylgje utviklinga i bustadmarknaden nøye, og kan bruke Husbanken endå meir aktivt dersom det skulle vise seg å vere fornuftig. Me kan også bruke Kommunalbanken til å sikre gjennomføring av fornuftige investeringar i kommunesektoren.  
 
Det er kanskje eit teikn på at me står ved eit tidsskilje når økonomar og den politiske høgresida vil ha ein meir aktiv stat, strengare lovverk og Aftenposten omtalar bankvesenet som ein del av eit land sin infrastruktur. Kanskje kan ord som samfunnsansvar, nøysemd og klokskap verte viktigare inn i ei ny tid.  Pengar er eit stort gode for den som brukar dei med vit. 
 
Folk skal vite at vi i dei raudgrøne partia tek utviklinga på alvor. Ingen på denne jord sit i dag med ein fasit på kva som vil skje i tida framover. Difor tykkjer me alle i det politiske miljøet skal vere nokså audmjuke i forhold til den internasjonale utviklinga.  Samstundes skal folk vite at me nasjonalt tek grep for å sikre folk arbeid og inntekt slik at dei har tryggleik for hus og heim. 
 
Det er ein grøn tråd i Senterpartiet sitt arbeid fram mot valet i 2005, på Soria Moria og i arbeidet i regjeringa og Stortinget kvar dag etter 2005. Satsing på verdiskaping, lokal velferd og infrastruktur. Me skal byggje landet. Det tok me til orde for før statsbudsjettet. Det fekk me på plass i statsbudsjettet. Me skal vere garantisten for at dette fokuset som stadig fleire deler, vert til praktisk politikk.  

På valkampopninga vår i Tromsø i fjor haust tende me ein symbolsk eld på fjellet med utsyn over byen - og vi sa at Senterpartiet skulle lyfte Nord-Noreg. Sp har kjempa for å få eit OL til Tromsø i fleire år. Diverre lukkast me ikkje i å få idrett og politikarar med på å slutte opp under denne fantastiske ideen. På vegne av folk og næringsliv i Nord tykkjer eg det var leit at Idrettsstyret vende tommelen ned for eit OL.  

Sp har kjempa for å få eit OL til Nord-Noreg - ikkje fordi det skulle bli ein 14 dagar lang idrettsfest, men fordi det skulle gje eit langsiktig og naudsynt lyft til heile Nord-Noreg. Me kunne arrangert tidenes OL i Tromsø. 

Sjølv om det ikkje vart noko av OL-planane, vil Senterpartiet fortsetje sitt engasjement for å nytte ut moglegheitene i Nord-Noreg. No brettar me opp ermane og går i gang med å realisere det som heile tida har vore Senterpartiets OL-draum - nemleg ei skikkeleg satsing på reiseliv, infrastruktur, næringsutvikling og kompetanse. Senterpartiet vil sørgje for at Nord-Noreg får ei vitamininnsprøyting. Me skal bidra til å skape optimisme, eit blømande næringsliv og turistnæring, og me skal utvikle kompetansemiljø og infrastruktur.

 
På valkampopninga i fjor lanserte Senterpartiet ei tung satsing på reiseliv i nord og sa me ville samle Nord-Noreg til eit reiselivsrike i et samarbeid mellom stat, fylker og private. Me lova at regjeringa ville stille opp med 50 -100 mill. årleg til internasjonal marknadsføring og utvikling av spenstige reiselivsfyrtårn. Kommunal- og regionaldepartementet kom med pengar i budsjettet i fjor haust til å starte arbeidet, og så gjekk dei tre fylka saman og etablerte AS Nord-Norge. På KRD sitt budsjett for 2009 ligg det godt over 50 mill. kr. til reiseliv i Nord. Midlane skal nyttast til forsking, kvalitetsutvikling, destinasjonsbygging og direkteruter.

 
Sp vil trappe opp innsatsen ytterlegare dei neste åra. Det må til for at Nord-Noreg skal bli ein kvalitetsdestinasjon som er godt kjend og lett å komma seg til. Me skal lokka turistar til spektakulære Nordkapp, til rorbu og fiske i Lofoten, til midnattssol og uteliv i Nordens Paris, til gode matopplevingar, spanande kultur og vakker natur i heile landsdelen.  

I Nord-Finland har dei lukkast med å etablere julenisseturisme. I førjulstida i fjor landa 600 charterfly med britiske juleturistar på flyplassen i Rovaniemi for å avleggje nissens såkalla heimby ein visitt. I alt 110.000 julegjester tok turen til Nord-Finland - 90 prosent av dei frå Storbritannia. 

Det er klart me kan lukkast med å gjere Nord-Noreg til eit spektakulært reisemål. Me har langt meir enn nissar å by på! Men vi må våge å satse. Og det gjer me. 

 
Eg kan og lova at Senterpartiet kjem til å stå på for å få rusta opp infrastrukturen i nord. Det trengst. Eg skal legge fram ein Nasjonal transportplan på nyåret med konkrete planar for å ruste opp infrastrukturen i Nord.

 
Me skal satse vidare på næringsutvikling og å løfte innovasjonsevna i Nord-Noreg. Minimum eitt av dei 5-7 nye regionale forskingsfonda som ligg i statsbudsjettet vil bli lagt til Nord-Noreg. Forskingsfondet Nord vil få ekstra midlar.  

Eg er optimistisk på Nord-Noreg sine vegne. I 2018 trur eg me har ein landsdel som struttar av sjølvkjensle, som er godt kjend i verda, som mange har besøkt, som har langt fleire kompetansearbeidsplassar enn i dag, som har ein moderne infrastruktur og sterke forskingsmiljø. Me kan leve med at me ikkje har er ein OL-eld som brenn, så lenge me får på plass alt det andre. Og det kan eg lova at kjem på plass om Senterpartiet får det slik me vil.  

Ei viktig sak som opptek mange er tenestedirektivet. Direktivet er viktig og skal ivareta motstridande omsyn.  På den eine sida skal det fremje fri flyt av tenester over grensene.  På den andre sida vert det hevda at det skal sikre at arbeidstakarane sine rettar vert respektert og at kvaliteten for kundane vert oppretthaldne. Saka er ute på høyring med frist 20. oktober.  
 
Senterpartiet deler den skepsis mange inkludert LO, har mot å godta direktivet. I siste TV-debatten før folkerøystinga i 1994 sa Anne Enger at eit EU-medlemskap ville kunne undergrave faglege rettar i Norge. Dåverande statsminister skulda Anne for å lyge. Fleire dommar frå EU-domstolen dei siste åra har vist at Anne hadde heilt rett. Det er også erkjent av tilhengarane av EØS at avtalen har gripe inn  vår nasjonale politikk på ein langt meir omfattande måte enn dei såg for seg då dei vedtok avtalen. 
 
LO har bedt Regjeringa om å bruke reservasjonsretten dersom det ikkje kan gjevast garantiar på fylgjande områder:

 
* At tenestedirektivet ikkje hindrar tiltak mot sosial dumping. 
* Allmenngjering av tariffavtaler må vidareførast og utviklast. 
* Norge må behalde styringsrett over viktige samfunnsområde.  Helse, sosiale tenester, skule, transport, produksjon av elektrisk kraft og andre grunnleggande samfunnsoppgåver må løysast gjennom offentleg sektor. 
* Tenestedirektivet må ikkje røre ved nasjonale arbeidsrettslege spørsmål eller hindre trepartsamarbeidet mellom regjeringa, LO og NHO. 
 
Ut frå forhistoria i EØS-avtalen ligg det ei tung bevisbør på dei som gjennom garantiar og på andre måtar vil sikre brei tilslutning til dette direktivet. Det viktige er at det ikkje er vår tolking, men framtidig rettspraksis i EU som vil fastslå kva som vert gjeldande politikk.  Sp vil ikkje godta ein politikk som kan slå beina under eit anstendig arbeidsliv og føre til sosial dumping. Sp vil ikkje godta ein politikk som fråtek det offentlege kontroll over viktige tenester som transport, skule og straumforsyning.
 
Men ikkje alle deler LO si vurdering av tenestedirektivet. Eg har med ei viss undring lese tidlegare Ap-leiar sine tankar om den internasjonale finanskrisa. Hans mest konkrete lærdom er at det han kallar "venstresida" bør godta tenestedirektivet. Så visse haldepunkt finst det framleis i vår omskiftelege verd. Uansett spørsmål er Thorbjørn Jagland sitt svar JA til alle reglar EU kjem opp med og JA til norsk EU-medlemskap. 

Finanskrisa har slik eg ser det forsterka argumenta mot tenestedirektivet. Dette er ikkje tida for å svekka arbeidstakarane sine rettar og gjere framtida for offentleg sektor utrygg. Alt peikar difor i retning av at Senterpartiet vil bruke reservasjonsretten mot tenestedirektivet.  
 
Kjære landsstyre. 

Eg har brukt tid på viktige utfordringar og saker me står midt opp i. Det er gjennom handteringa av slike utfordringar og saker me legg grunnlag for å bygge tillit til og oppslutnad om Senterpartiet.  
 
Eg er meir uroleg for folk sitt arbeid og folk sin gjeldssituasjon enn eg er for Senterpartiet si oppslutnad. Me skal møte veljarane med stort frimot i 2009. Me kan vise til gode resultat på viktige område. Me skal fram mot landsmøtet i mars 2009 formulere ein offensiv politikk for framtida som me skal gå til val på. 
 
Det er kanskje nokon her som er opptekne av meiningsmålingar.  Dei kunne vore betre. Men eg seier dykk: det kjem 9 meiningsmålingar kvar månad. Fram til valet i 2009 kjem det over 100 slike målingar. Det gjev dei ei gjennomsnittleg levetid på vel 3 dagar Me som har vore med i politisk arbeid ei tid, veit at meiningsmålingar varer kort. Valresultat derimot står i fire år. Me gjorde etter forholda gode val både i 2005 og i 2007. Dersom me alle gjer jobben vår fram til valdagen i 2009, vil mange få oppleve at Senterpartiet gjer eit overraskande godt val då òg! Me skal halde hjarte varmt og hovudet kaldt gjennom det som kan verte politiske ruskeverstider.  
 
Me skal prioritere skulering av partiet i alle ledd fram mot valet i 2009. Då Sp gjorde sitt beste stortingsval i 1993, var vi best skulert på den store saka ved det valet. Me var best skulert på EU-saka. Me hadde svara. Alle lokallagsleiarar kunne stille opp i debattar om viktige tema og vinne. Der skal me vere også i 2009. Me skal vere best skulert og best trena. Studieforbundet med Erlend i spissen har ein stor og viktig jobb. 
 
Det er programmet me går til val på i 2009, som me skal vinne valet på. Ingen røystar på parti i takksemd for det som er gjort. Men det at me har følgd opp eige program, gjev tillit og truverd til det vi vil gjere vidare.  Programmet er den jamne medlem sitt høve til å påverke politikken. Det er kort vei for dei gode tiltak frå kjøkkenbordet og inn i Senterpartiet sitt program og vidare til Soria Moria 2. Programarbeidet er eit godt tilbod til nye folk; lokale eldsjeler, grundarar og fagspesialistar. Me må verte flinkare til å ta mot nye folk som er interessert i vår politikk. 
 
Det har vore ei tid for marknad og liberalisering.  No står me framfor ei tid for politikk. 

* Me skal gå i spissen for ein aktiv politikk for å byggje landet.  Me skal ha ein klar og målretta satsing på fellesskapsverdiar, velferd og infrastruktur.  

* Me skal vere med å vinne valet i 2009, og me har krevjande vegval framfor oss. Gjennom Nasjonal Transportplan skal me vise veg for ei framtidsretta satsing på infrastruktur og samferdsle. 

* Me skal halde opp trykket på kommuneøkonomi, lokal velferd og viktige struktursaker. Folk skal kjenne tryggleik i sitt nærmiljø - me skal ha gode tenester der folk bur. 

* Me skal styrke næringsutvikling som utnyttar våre fortrinn - forsking, fornybar energi og maritime ressursar. 
 
Sjølv om verdssituasjonen verkar vanskeleg, har me store moglegheiter. Me kan handtere dei situasjonar som oppstår og bygge eit framtidsretta Norge. Senterpartiet sin forvaltartanke står støtt. Me skal levere landet vidare til neste generasjon i betre stand enn då me overtok. Det er ein god leveregel. Me skal ikkje forbruke mest mogeleg, men forvalte på ein god måte.  
 
Eg starta med Arne Garborg og skal avslutte med resten av diktet "Om pengar": 
 
"For pengar kan ein få alt, heiter det. 
Nei, ein kan ikkje det. 
 
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug, 
dropar, men ikkje helse,  
mjuke senger, men ikkje svevn, 
lærdom, men ikkje vit, 
stas, men ikkje venleik, 
glans, men ikkje hygge, 
moro, men ikkje glede, 
kamerater, men ikkje venskap, 
tenarar, men ikkje truskap, 
gråe hår, men ikkje ære, 
rolege dagar, men ikkje fred. 
 
Skalet av alle ting kan ein få for pengar. 
Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal".