Hans Ebbing
Byens mål - målet med byen
Landsmøtet i Noregs Mållag
Bergen, 29. juli 2000
Kilde: www.nm.no

 
I 1965 rekna samfunnsvitarane med at i år 2000 ville omlag 80 % av folket bu i byar eller byliknande strok, med ein særleg sterk konsentrasjon om regionen rundt Oslofjorden.  
 
Då Noregs Mållag i 1966 fylte 60 år, ga det ut jubileumsskriftet Målsak og framtidssamfunn. Skriftet drøfta målsaka sine vilkår i det som dåverande formann, Hans Olav Tungesvik, kalla "det veldige hamskiftet i samfunnet, der bygder vert bystrok, der bonde vert bymann, der arbeidar vert funksjonær". Alt året før, på landsmøtet i Ål i 1965 vart det halden fire foredrag under hovudtittelen "Strukturendring og målpolitikk". Berge Furre heldt innleiing om Målprogram og samfunnsutvikling. I dag, 35 år seinare, kunne drøftinga på landsmøtet her i Bergen hatt samme overskrifta. Stikkordet er no som då urbanisering. Men det er òg viktige skilnader. 
 
Urbaniseringa i 1965 gjekk føre seg innafor ramma av industrialismen. Oslo og områda rundt Oslofjorden var enno det industrielle sentrum i Norge og ein tenkte seg at urbanisering ville halde fram innafor ein slik horisont. Industrisamfunnet var også grunnlaget for velferdsstaten. Norsk oljeøkonomi var ikkje til stades i 1965 - ikkje ein gong som begrep.  
 
Det var industrikapitalismen som la grunnlaget for det som i dag blir kalla moderniteten. Det første steget var framveksten av ein arbeidsmarknad med "frisett" arbeidskraft som samla seg i og rundt byane og slik sprengde dei gamle bymurane, eller som i Norge der det voks fram små industribyar der ingen byar tidlegare fanst, lengst inne i fjordarmane så langt utafor dei økonomiske knutepunkta i samfunnet som det var råd å komme. 
 
Industrisamfunnet utvikla etter kvart ein stadig større produktivitet, ei ny differensiering av så vel arbeidsliv som fritidsliv, av det sosiale livet i det heile. Fram til midten av førre hundreåret vart oppsplittinga delvis avløyst av klassesolidaritet, der det var grunnlag for det. Men frå om lag 1960-talet er dei ulike formene for kollektiv solidaritet gradvis blitt erstatta av individualisering og sosial atomisering. Dette var ikkje like klårt i 1965 som i år 2000.  
 
Urbanisering er det samlande fysiske og sosiale uttrykket for moderniteten. Baksida til denne er avfolkinga av bygdene, oppløysing, og omforming av dei livs- og kulturformer som har sitt grunnlag i desse. Moderniteten er då ikkje noko anna enn den sosialt - og mentalt - oppsplitta tilstanden som menneska i slike "moderne" samfunn finn seg sjølve i.  
 
Den fremste ideologen for New Labour, det "moderne" sosialdemokratiet, Anthony Giddens, hevdar at individualiseringa aukar presset for ei sterkare demokratisering. Erfaringar frå den norske sosiale og politiske røyndommen tilseier det motsette: Demokrati har hos oss alltid vore tufta på demokratiske masseorganisasjonar, parti, fagforeingnar, interesseorganisasjonar av høgst ulike slag. Di meir dei kollektive banda som held oppe desse organisasjonane, går i oppløysing, di meir avdemokratisert blir politikken. Demokrati er noko langt meir enn summen av alle einskildrøyster som blir lagde i valurnene. Demokrati føreset tvert om eit minimum av kollektive røynsler som grunnlag for organisering, ikkje minst eit sams politisk språk som artikulerer nye, sams erfaringar, der dei finst, og som kan skape ei politisk offentleghet.  
 
Det politiske språket er i dag i full oppløysing - eit symptom på at demokratiet er i fare. Den viktigaste oppgåve målrørsla då kan ha, blir å hjelpe til at språket best mogleg kan uttrykke desse erfaringane og styrke demokratiet. Den grunnleggande begrepsmotseiinga for ei moderne språkrørsle blir då sjølvsagt ikkje lenger norsk versus dansk, nynorsk versus bokmål, dialekt versus knot, men begrep som kan uttrykke demokrati versus elite, samhald versus oppsplitting, offentlegheit versus individualisering.  
 
Kan vi seie at spåkrørsla i Norge har lukkast i dette etter 1965? Har ho vore brei nok, demokratisk nok - eller har ho som ein følgje av urbaniseringa og den kløyvande moderniteten blitt meir isolert, meir elitistisk, vikla seg inn i sekteriske problemstillingar, i ein kamp om symbolar meir enn om språklege realitetar - eit reservat for særskilt interesserte? Eg tenker her på den merkelege striden mellom "Norge" og "Noreg" for kort tid sidan.  
 
Då språkrørsla var eit sterkt og aktivt moment i ei breiare, demokratisk og nasjonal rørsle, var samanhengen mellom målstrev, kulturreising og politikk gitt. Då kunne motsetninga mellom norsk versus dansk i det minste til ein viss grad (men berre til ein viss grad) vere dekkande for motsetninga mellom demokrati og elite. Samanhengen mellom målstrev og demokrati ga seg "praktisk" ut frå situasjonen - utan at det var nødvendig med nokon einskapleg teori som artikulerte denne samanhengen. Tvert om - di djupare målrørsla var ein del av ei større rørsle, di livlegare strid var det om samanhengen mellom målstrevet og resten av det demokratiske og nasjonale strevet. 
 
I sitt føredrag på årsmøtet i Ål framheva Berge Furre at utviklinga gjekk mot eit bysamfunn, eit funksjonærsamfunn, eit utdanningssamfunn, eit massekultursamfunn med sine massemedia, og eit meir kommersialisert samfunn - der forholda mellom menneska meir og meir blir formidla av prosessar i marknaden, noko som særleg vil føre til det han kalla ei "kommersialisert kulturforflating". Samstundes viste han til motverkande tendensar i tida. Han såg for seg "ein brei reaksjon mot ei slik utvikling". Han meinte at "det vil bli allment opprør mot konsumpsjonsrobotsamfunnet før vi er fanga av det og at opprør alt no er merkande". 
 
Dette var kan hende ein noko optimistisk spådom, for vi er vel meir fanga av "konsumsamfunnet" enn nokon gong. Stadig meir dyrka mark blir omlagd til golfbanar, der representantar for dei lokale og nasjonale elitane slår ballar som rett nok ikkje kan etast - slik Olav Randen minner oss om i den siste boka si - mot 9, 12 eller 18 hol, men som likevel står for eit uvettig konsum vel ingen på årsmøtet i Randen sin heimkommune nokon gong kunne førestelle seg i 1965.  
 
Men heilt i miss tok den gode Furre sjølvsagt ikkje. Om ikkje akkurat "allment opprør", så fekk vi like fullt samfunnskritiske motrørsler - rørsler som fann ei felles sak i det første store slaget om norsk EF-medemskap. Og Olav Randen, forfattaren av Golfballar kan ikkje etast og tidlegare leiar i Noregs Mållag, er berre ein av mange intellektuelle utløparar av desse motrørslene før og etter `72.  
 
Den nye omdreiinga i urbaniseringsprosessen fekk ein tydelegare ikkje-industriell karakter etter kvart. Den tok for alvor til med Arbeidarpartiet si omlegging av kreditt- og valutapolitikken i 1978 med ei tiltakande liberalisering av kredittmarknaden, av kapitalflyten i det heile. Dette var det første store steget mot ei djupare, meir strukturell EF-tilpassing. I mellomtida var det norske samfunnsmaskineriet byrja bli smurt av olje frå Nordsjøen. Samstundes som norsk industri flyttar utanlands veks opphopinga av pengekapital her til lands som ein direkte verknad av den oljeøkonomien som ingen hadde begrep om i 1965. Slik oppstod det etter kvart ein overflod av kredittkapital som på si side auka presset for liberalisering i kreditt- og pengemarknaden.  
 
I løpet av 80-åra befestar finanskapitalen sin posisjonar i det norske samfunnet og dannar etter kvart det nye, økonomiske rammeverket for urbaniseringa. Med liberalisering av kredittmarknaden eksploderte t.d. eigedomsmarknaden. Den sosialdemokratiske boligpolitikken med politisk styrt rente og subsidiering blir nulla ut samstundes som privat eigedomsseksjonering av husvære blir tillate. Og då avstanden frå finanskapital til spekulasjonskapital er kort, måtte jappetida ende med eit førebels tilbakeslag. På denne tida blir begrep som "byutvikling" og "byfornying" sentrale i politikken Parallelt med dette har avfolkinga av distrikta halde fram og auka presset på boligmarknaden i byane. Di høgare boligprisar, di meir "urbanitet" for dei som har råd. 
 
Byane har alltid vore stader der kontrollen med fordelinga av verdiane i samfunnet har funne stad. Gjennom den sterke framveksten av pengeveldet dei siste 20 åra er denne makta i større grad blitt sentralisert til Oslo, der finansinstitusjonane er lokaliserte. For 30 år sidan hadde Bergen bankar og industri som enno mykje vart eigd av bergensarar. Det ga då meining å snakke om ein Bergenskapitalisme. I dag er industrien på retur, byen er blitt ein finansfilial av Oslo. Verdiskapinga derimot skjer no som før der ressursane for denne ligg. Oslo-området er ikkje som for 35 år sidan det industrielle sentrum i Norge. Vestlandet har no nesten dobbelt så mange menneske som syslar med å produsere industrivarer, olje, gass, elektrisk kraft og fisk som Osloregionen. Men desse realverdiane blir styrt via symbolverdiar - frå finansinstitusjonane, børsen og regjeringsbygget i hovudstaden 
 
Byane har allid vore nav i det samfunnsøkonomiske hjulet. Marknaden og marknadsplassen var nærast samanfallande storleikar. Byane var store eller små i omlag samme omfang som dei var store eller små marknadsplassar. For lang tid sidan hadde dei ein bymur kring seg som gjorde grensa mellom by og land skarp og markerte at byane kunne opptre som eigne politiske storleikar.  
 
Einskapen mellom marknaden og marknadsplassen er i dag forlengst oppheva. Den moderne storbyen er med sine varehus og mange butikkar rett nok framleis ein enorm marknadsplass. Men storbyen er samstundes den marknadsplassen som styrer andre marknader heilt andre stader, slik Oslo gjennom Den norske bank i Oslo, tidlegare Bergen Bank og før det att Bergens Privatbank, til dels styrer Bergen. Rettare sagt: Det er ikkje byen Oslo, men interesser og krefter som er lokaliserte i Oslo som styrer. Oslo blir igjen overstyrt frå andre, gjennom den globale marknaden sine "usynlege hender". Ufatteleg store varestraumar blir omsette i marknader der varene aldri er fysisk til stades. Handelen som bestemmer prisane på olje, gass og mineral blir gjort på børsane i New York, Tokyo, London, Frankfurt. Handelen med dei abstrakte varene som er avleidde av dei verkelege varene, verdipapir i alle moglege og umoglege variantar, assuransar og valuta, utgjer meir enn 95 % av verdien av alle pengetransaksjonar i verdsøkonomien. Mindre enn 5 % er knytte til realøkonomien og varebyttet. 
 
Den enkle logikken i all handel er å kjøpe billeg og selje dyrt. Denne logikken er i sitt opphav før-kapitalistisk, etter som handel er mykje eldre enn kapitalisme. I den industrielle kapitalismen derimot må det skytast inn ein fase med produktivt arbeid mellom kjøp og sal. Marknaden berre omfordeler verdiane av dei varene som alt ligg føre. Produksjonen i industrien og i primærnæringane skaper ny verdi, eller som i velferdsarbeidet fornyar verdiar, arbeidskraft, som alt ligg føre.  
 
Moderne finanskapital følgjer varehandelen sin enkle grunnlogikk om å kjøpe billeg og selje dyrt. Dette er børsen sin logikk. Finanskapitalen er derfor meir primitiv enn produksjonskapital. Når finanskreftene dominerer, får vi lett ein sivilisatorisk regress. Innafor horisonten av produktivt arbeid og industri, som er grunnlaget for velferdsstaten, eller innafor jordbruket, handverket og sjølve velferdsproduksjonen har begrepa produksjon og arbeid framleis ei konstituerande rolle. I finanskapitalismen med sin enkle kjøp og sal-logikk er desse begrepa overflødige. Det pregar heile den språklege situasjonen. 
 
Marknadsliberalismen er finanskapitalen sin økonomisk ideologi og politikk. Innafor denne horisonten forsvinn arbeidsbegrepet. Det viktige og samfunnsnødvendige arbeidet som går føre seg innafor offentleg sektor i helsestellet, skolen, sosialstellet osb, men som ikkje skaper profitt, blir no oppfatta som ei byrde på samfunnskroppen så lenge det ikkje er underordna den frigjerande profittmaksimeringa. Det må "følgeleg" leggast ut på privat entreprise - for til slutt å hamne på børs.  
 
Det nynorske skriftspråket er den varianten av norsk som i kraft av sitt opphav har nærast tilknyting til arbeidet. Dette var klart alt hos Ivar Aasen - ikkje som eit enkelt, filologisk faktum, men som ei sameining av erfaring, målstrev, nasjonalt strev og dikting. 
 
Framveksten av industrisamfunnet i Norge kom seint, men raskt då det først slo til. "Det store hamskifte" tok knapt to generasjonar. Eit naturleg, nærast fysisk arbeidsbegrep frå landbruks- og fiskerisamfunnet vart på kort tid omplanta til industrisamfunnet, der det samstundes fekk ny meining. Det er ikkje tilfeldig at arbeidsbegrepet, og dermed produksjonsbegrepet, i moderne norsk litteratur har overlevd best nettopp der tar utgangspunkt i industrisamfunnet. Arbeidet er den konstituerande ståstaden for Kjartan Fløgstad sin forfattarskap. Han viser at nynorsk og industrikapitalisme har noko grunnleggande felles - på ulike historiske premissar - premissar som korkje målrørsla eller arbeidarrørsla har makta å artikulere sterkt nok til at det kunne endre målsaka si strategiske stilling.  
 
Det er eit paradoks at eit skriftspråk med eit før-industrielt utgangspunkt i dag er betre eigna til å formidle industrialismen og velferdsarbeidet litterært enn det tilsynelatande meir "moderne" og "urbane" bokmålet. Denne eigenskapen ved nynorsk kan ikkje lesast ut av han som eit reint filologisk fenomen - av rettskrivinga eller setningsbygnaden. Det har å gjere med den kulturelle, sosiale og historiske konteksten som dette språket er formidla av - og korleis arbeidsbegrepet her peikar ut over denne før-industrielle horisonten gjennom diktinga. Det har å gjere med korleis språkbrukaren, forfattaren, maktar å sjå arbeidet som grunnlag for alle dei aktivitetane som ikkje er arbeid, korleis utviklinga av arbeidet har endra alt det andre.  
 
Men lat oss stanse litt her: Er det verkeleg slik at bokmål er meir moderne enn nynorsk?  
 
Skiftar vi ut bokmål med begrepet riksmål, ser vi straks at riksmålet historisk og sosialt har ei like laus tilknyting til industrialismen som nynorsken. For riksmålet vart gjennom ei omforming av dansk utvikla av dei sosiale, dei politiske, byråkratiske og litterære elitane i eit før-industrielt Norge. Rett nok har riksmålet, seinare bokmålet, vore språket til dei som organiserer og styrer utviklinga av industrien og produktivkreftene - industriherrane, ingeniørane og bedriftsøkonomane. Men desse har - om ikkje eit reflektert arbeidsbegrep - i det minste alltid hatt ei reint instinktiv forståing av arbeidet si grunnleggande betydning for deira prosjekt. For innafor den industrielle horisonten er det ikkje nok berre å kjøpe billeg og selje dyrt. Der er maksimeringa av profitt uløyseleg knytt til ein stendig auke av produktiviteten til arbeidet i sjølve produksjonsprosessen. 
 
Vi kan spørre: Finst det i det heile noko moderne og urbant skriftspråk nokon stad som er utvikla innafor horisonten av produktivt arbeid? Også mellom dagens nynorskforfattarar er det berre nokre få som skriv medvitande innafor ein slik horisont, som maktar å formidle ein slik samanheng.  
 
Det er altså ikkje nok berre å skrive nynorsk. Men vil ikkje språkleg frigjering måtte bety at vi utviklar eit språk innafor denne horisonten? Undertrykking er alltid forbunde med utbytting. Og utbytting er og blir utbytting av andres arbeid på ein eller annan måte, direkte eller indirekte - anten arbeidet er lønt eller ulønt. Er språkleg frigjering mogleg utan forståing for denne samanhengen mellom språk og arbeid?  
 
Tilsynelatande kan vi avvise dette spørsmålet ved å halde fram at det moderne samfunnet i stadig større grad er eit fritidssamfunn. Arbeidssituasjonen utgjer ein stadig mindre del av tilværet. Arbeidet er ikkje subjektivt sett så "viktig" lenger. Det moderne skriftspråket må tvert om ta sitt utgangspunkt i det meir dominerande, sosiale livet utafor arbeidet sin horisont. 
 
Denne tenkemåten gløymer noko grunnleggande - det enkle faktum at den auka fritida nettopp er eit resultat av den enorme auken i produktiviteten ved arbeidet i den industrielle produksjonen og i velferdsstaten. Ein gløymer at også arbeidet i ikkje-produktive verksemder, slik som bank og finans i stadig større grad blir automatisert og rasjonalisert - det vil seie: industrialisert. Og ikkje berre det: Med dei nye internett-bankane, får bankane kundane sine til å gjere bankarbeid for dei gratis - på fritida, heimanfrå.  
 
Eit anna resultat av den samme produktivitetsauken er at han frigjer kapital slik at denne kan investerast i land der arbeidskrafta er billegare. Av-industrialsering av Norge betyr opp-industrialisering av Korea. Den nye urbaniseringa av Oslo har sin basis i den nye verdiskapinga på Vestlandet og i Nord-Norge. 
 
Det "post-industrielle" samfunnet er ikkje noko anna enn ei industrialisering også av arbeidet utafor den materielle produksjonen. Og det er framleis slik at dei skoa, skjortene og cd-ane vi kan kjøpe billeg over internett, aldri vil komme direkte ut av pc-en, men må sendast hit frå Korea. Det post-industrielle samfunnet føreset eit industrisamfunn "ein annan stad" og dermed post-ombering av varene over endå lengre distansar. Og det er intensiveringa av produktiviteten i den materielle produksjonen som har gjort det mogleg å redusere talet på sysselsette i desse næringane og slik frigjere arbeidskraft for anna arbeid. Di meir automatisering og industrialisering, di mindre industri. 
 
No er det slik at det levande språket utviklar seg spontant utan nokon plan eller gjennomtenkt språkstrategi. Noregs Mållag, Riksmålsforeningen og Norsk språkråd kan berre i etterhand justere på den språkutviklinga som faktisk har funne stad og sette ho inn i ein større samanheng. Difor vil det levande språket bli prega av dei samanhengane der det blir mest brukt. Når arbeid og fritid skil lag, skil også arbeidsspråk og fritidsspråk lag. Den intense automatiseringa av arbeidet gjennom stadig ny teknologi snevrar inn dei sosiale sidene ved arbeidssituasjonen. Følgjeleg vil dei sosiale, mellom-menneskelege relasjonane i arbeidssituasjonen i mindre grad prege språkkjensla. 
 
Ei språkrørsle kan likevel ikkje berre ta dette som eit enkelt faktum. Ho må tvert om ta utgangspunkt i ei forståing av korleis dette faktum ved moderniteten er komen i stand og korleis det påverkar språksituasjonen i det heile.  
 
Ettersom arbeidskraftreserven på bygdene no på det næraste er oppbrukt, medan etterspurnaden etter billeg arbeidskraft i Norge framleis er stor, fører dette til behov for auka innvandring, ikkje minst til lågtlønte yrke. Parallelt med dette skaper den globale utviklinga av "moderniteten" store folkeforflyttingar som følge av krig og internasjonal utbytting. På dette viset blir det skapt ein internasjonal reserve av arbeidskraft når den nasjonale reserven skrumpar inn i dei mest "moderne" landa. Under andre økonomiske konjunkturar med aukande arbeidsløyse, vil "behovet" for å sende noko av denne nye arbeidskrafta attende til der ho kom i frå, auke på. Dette perspektivet var heller ikkje til stades i 1965. 
 
For språkutviklinga kan dette komme til å bety at språket i dei lågtlønte gruppene etter kvart blir mindre og mindre norsk, meir framand språk blanda opp med norsk. Det vil bety at norsk forskansar seg mot språkkjensla i dei delar av arbeidslivet der utbyttinga er djupast og slitet er størst.  
 
Noko tilsvarande skjer innafor dei mest avanserte delene av arbeidslivet - i dei internasjonaliserte verksemdene, offshore, forskinga osb.. Her, som nivået for løn og profitt er høgast, blir norsk gradvis fortrengd av engelsk. Den språklege avstanden mellom høgtlønte og lågtlønte, mellom høgkvalifiserte og lågkvalifiserte blir større. Og i den grad framandspråklege får opplæring i norsk, er det helst bokmål det er tale om. 
 
Språket er ikkje berre eit system av teikn for kognitive storleikar, for begrep. Det er like mykje eit system for formidling av kjensler - utan språklege teikn. Umerkande kan det då snike seg inn ein språkleg apartheid i norsk, der begrepa arbeid og utbytting berre er til stades som to ord mellom mange, stadig fleire andre ord, utan at dei har noka sentral meining for språkkjensla vår og dermed heller ikkje for vår umiddelbare sjølvforståing.  
 
Denne prosessen vil først og fremst gå føre seg i byane og slik avleire seg som eit drag ved det urbane språket, noko som alt er tilfelle. Solidaritetsbegrepet vil då miste si meining og flyte ut til vag medkjensle og nestekjærleik - til eit system av "verdiar" som ein kan moralisere med. Ein statleg verdikommisjon er eit faktum og etikk et tidas filosofiske mote. Etikk for næringslivet er populært. Men den filosofiske etikken har aldri hatt plass til fenomenet solidaritet, til kollektive erfaringar i det heile. 
 
I den urbane varianten blir toleranse for kulturelt mangfald sett på prøve når dette mangfaldet spreier seg som framand matlukt i korridorane og ventilasjonssystemet. Desse problema plar likevel å løyse seg etter kvart som dei norsk-urbane og dei framand-urbane skil seg fysisk frå kvarandre i eigne bystrok i kraft av prisane i eigedomsmarknaden. Marknadsmekanismane har gradvis omforma Grünerkøkka frå bustader for norsk byproletariat og innvandrar til bustader for ein ny, velhavande mellomklasse. Den "usynlege handa i marknaden" løyser problemet. 
 
Også av-industrialisering krev meir plass. Forsking og utdanning, reklame, marknadsføring, alle dei nye aktivitetane som er ringverknader av og til dels føresetnader for eit stadig meir produktivt arbeid, krev meir areal enn det industrielle arbeidet. Byane veks ut over sine grenser og gjer desse flytande. Byen opphevar byen. Erling Fossen og dei andre urbanistane si førestelling om den skarpe grensa mellom by og land, er eit ideologisk etterslep av den antikke byen og mellomalderbyen med sine bymurar mot omverda. Eit slikt bybegrep er beint fram fossilt og har ingen annan funksjon enn å gjere førestellinga om urbaniteten til eit kampbegrep mot distrikta. Det er difor reaksjonært. Den største skilnaden mellom by og land går i dag ikkje på det fysiske planet, men på det mentale. Dei sjølverklærte urbanistane går rundt med ein bymur i hjernen.  
 
Men også sjølve verdispekulasjonen med sin enkle kjøp og sal-logikk krev meir plass. Det moderne bysenteret, city, har lenge manifestert moderniteten sine mest kraftfulle fysiske uttrykk med sine høghus og finanspalass. Metropolen produserer ein ny fysisk realitet samstundes som han framstår som ein gigantisk abstraksjon. Den nye elektroniske formidlinga mellom kjøp og sal løftar finansbyen sine funksjonar ut av city og inn i cyberspace. Finansielle operasjonar kan bli like effektivt utført frå Modalen som frå Oslo Børs. (Ingen annan kommune i Norge har fleire PC-ar i høve til innbyggartalet.) Funksjonelt sett er cityen i ferd med på bli overflødig. Versemdregisteret i Norge veit vi ligg like godt i Brønnøysund som i Oslo. Eit internasjonalt språkteknologisk senter har vakse fram på Voss. 
 
Storbyen er på same tid det mest nødvendige, konkrete og etter kvart det mest unødvendige, abstrakte som finst. Han gjer det mogleg å vere til stades to stader samstundes. Kjell Inge Røkke kunne på ein og same tid vere lokalisert som skatteobjekt i London og som spekulant i Oslo - eller omvendt. For det nye sosialdemokratiet er Røkke ingen folkefiende, men ein urban folkehelt frå Nordvestlandet. Jonas Gahr Støre, den nye, statsministeren si urbane høgrehand, har på si side flytta sin vesle formue på kr. 20 mill til ein finansinstitusjon ein eller annan stad i EU for ikkje å bli ugild når regjeringa skal tilpasse norsk finanspolitikk til EU sine krav til medlemskap i Euro-klubben.  

Oslo er ikkje lenger berre ein nasjonal mediehovudstad som gjennom ei handfull riksdekkande aviser og NRK-monopolet ved slutten av den før-tabloide fasen heldt oppe ei minste sams offentleghet for politisk strid. Det var enno situasjonen i 1965. Byen er no produksjonsstad for ein stadig meir virtuell røyndom, som bryt ned denne offentlegheta gjennom nye, kommersialiserte og privatiserte medieverksemder som sameiner seg med resten av økonomien rundt fenomenet profitt. Meir enn nokon gong er Oslo den fysiske samlestasjonen for politisk makt, forvaltningsmakt, finansiell makt og mediemakt. Desse maktene er grunna på oppsplitting av resten av nasjonen og oppløysing av solidaritet innetter i store interessegrupper. Opplevd utanfrå flyt desse maktene saman i ein stor allianse slik at Oslo framstår som eit politisk subjekt - ikkje berre som ein stad der dei ulike interesser dels står mot, dels allierer seg med kvarandre. 
 
Massemedia vender seg ikkje berre til massane. Dei er òg arbeidsplassar for masse folk, for lengst industri. Overgangen frå fysiske til elektroniske media omgrupperer arbeidsstyrkane innafor medieindustrien - og industrialiserer han vidare på nye teknologiske, globale premissar.  
 
Dei nye media produserer ikkje berre virtuelle fenomen med tilhøyrande profitt, dei produserer òg sosiale relasjonar og karriereforhold innafor sine eigne samanhengar. Dei produserer nye kommunikasjonsforhold. Den gjennomgripande forma for kommunikasjon er kommunikasjon for profitt, makt og karriere.  
 
Kjartan Fløgstad sin roman Det 7. klima frå 1986 er enno det viktigaste litterære dokumentet om mellomfasen i den norske moderniteten mellom industri- og finanskapital, ein av dei mest urbane romanane som nokon gong er skriven i Norge. Skodespelet Evig varer lengst grip fatt i det urbane livet i Oslo 3 * Han skriv no på ei bok om * Oslo! Forfattaren demonstrerer dermed at urbane fenomen like gjerne kan skrivast på nynorsk som på bokmål. Det avgjerande er faktisk ikkje kva målform slike bøker får, men at dei er skrivne ut frå innsikt i samfunnet og at desse innsiktene blir gitt ei litterær formidling som gjer dei til nye erkjenningar som korkje samfunnsvitskap eller journalistikk kan yte. Slik hevdar litteraturen seg som ei sjølvstendig form for erfaring for både forfattar og lesar. Nynorsk kan her faktisk ha ein liten fordel framfor bokmål - den kan framstille "urbaniteten" utan å bli identifisert med han i kraft av sjølve språkforma og slik vinne den nødvendige distanse til fenomenet. 
 
Det som no manglar, er ein roman om dei nye former for urbanitet innom marknadsliberalismen og finanskapitalen sine rammevilkår. 
 
Ein slik roman kunne ta utgangspunkt i at Norsk Hydro tidlegare i år selde Hydro Seefood til nederlandske Nutreco for 3.8 mrd. kroner. Då flytta den finansielle og administrative styringa med omlag 13 % av alle konsesjonar for norsk lakseoppdrett frå Hydro sitt hovudkontor i Oslo til Nutreco sitt hovudkontor i Amsterdam over natta. Hydro vil på si side skal konsentrere seg om den tradisjonelle "kjerneverksemda" - kunstgjødsel og olje. I mellomtida har prisen på laks frå produsent til oppkjøpar stege frå ca 26 kroner for kiloet til opp mot 40 kroner, medan produksjonskostnadene ligg på mellom 15 og 20 kroner, altså ein bruttoprofitt til produsenten på rundt 100 %! Bergens Tidende meldar i juli om "Klondyke i oppdrettsnæringa". Dette sikrar Nutreco si inndekking av dei 3.8 mrd. kronene til Hydro innan 2-3 år, dersom prisane held seg. Dårlegare forretning har Norsk Hydro aldri gjort.  
 
Dei tidlegare "meldingar om fiske" er erstatta av børsmeldingar. Oslo Børs melder i juli 2000 at Pan Fish har auka verdien av aksjene sine med 760 % det siste året. Akjemeklarar kan i denne veka opplyse om at "oppdrettsnæringen har tatt oppmerksomheten bort fra it-aksjer" (25.07.00). "Investerorer stimer som makrell mot fiskeriaksjer i de unoterte selskapene og presser prisene i været" (DN 26.07.00) 
 
Korleis kan dette gå til? Og kva har det med språket å gjere? 
 
Dei marknadsliberale styresmaktene i Norge dei siste 20 åra har gjort konsesjonane til alt havbruk til handelsvare. Først delar staten ut konsesjonar gratis til dei oppdrettarane som var så heldige å få dei. For ti år sidan stod Arbeidarpartiet fast på at kvar oppdrettar skulle berre ha ein konsesjon. Slik skulle ein sikre at kontrollen med ei ny primærnæring, som med tida vil bli større enn oljeutvinninga, skulle ligge på lokale hender. 
 
Men tilpassinga til EU-regimet, som folkefleirtalet to gonger har sagt nei til, tillet ikkje slike avgrensingar av kapitalen sin fridom. I tråd med den økonomiske liberalismen - den eldste, mest ekte og mest primitive forma for kapitalistisk tenking - blir så desse konsesjonane i det moderniserte Norge gjort til varer ved at staten ikkje lenger held fast på sin opphavlege eigedomsrett til dei, men må sjå til at dei blir handelsvare så sant det er kapitalsterk etterspurnad etter dei. Ein laksekonsesjon i Hordaland, som innehavaren i si tid fekk gratis av staten, kan i dag seljast for 25 - 30 mill. kroner - grunnrente rett i lomma på representantar for den nye lokale overklassen som kan trekke seg attende som rentenistar og spele golf resten av livet. Få gratis, selje dyrt. "Med så mye penger på bok må de kontakte en fondsmegler for å sove trygt på formuen", blir det klokleg sagt i Adresseavisen 30. juni i år. I alle høve blir det nå umogleg for nye oppdrettarar å komme inn i næringa utan moderne finanskapital i ryggen.  
 
Kva gjer dette med språket i næringa? Dei som arbeider ute på merdene eller i foredlinga vil enno ei tid snakke den lokale dialekten, om dei då ikkje snakkar svensk eller singalesisk. Men rundt denne næringa skyt det opp ei rekke nye verksemder og publikasjonar, ikkje minst på internett, som dagleg formidlar rørslene i den internasjonale marknaden for havprodukt, særleg på engelsk. I tillegg kjem forskingsinstitusjonar og statleg kontrollverk som viktig infrastruktur. Talet på dei som arbeider i desse sidenæringane overskrir talet på dei som arbeider i hovudnæringa. I kystavisa med det greie namnet Fiskaren, som har bladstova si eit steinkast frå dette hotellet og som ein gong var ei nynorskavis, er nynorsk forlengst blitt eit unntaksfenomen i spaltene. For to år sidan vart bladet kjøpt opp av det marknadsliberale aviskonsernet Norges handels- og sjøfartsidende som eit reint investeringsobjekt.  
 
Meldingar om fiske blir transformert frå nynorsk til bokmål når dei forvandlar seg til børsmeldingar. 
 
I den grad denne uskrivne romanen tar utgangspunkt i oppdrettsnæringa, kan ein del av handlinga gjerne leggast til Bergen. Men romanen sitt truverde vil vere heilt avhengig av at noko av handlinga blir lagd andre stader på kloten, kan hende med Oslo som mellomstasjon. 
 
Språk er makt fordi makta alltid treng eit språk. Dersom målrørsla også for ettertida skal vere ei daningsrørsle, må ho ha ei forståing av denne samanhengen - ho må kjenne maktforholda i samfunnet. Dette er ikkje noko nytt, men samfunnet er på mange måtar nytt og dermed maktforholda i det. Målrørsla si oppgåve er då å sette språkmakt opp mot maktspråk. 
 
I ein kronikk i Aftenposten for 10. juli drøftar Kjell Arne Røvik Moderniseringen som reformretorikk. Moderniseringsretorikken er makta sitt reformspråk i dag. Den er dei politiske og andre meingsdanande elitar sitt reformspråk, særleg i media. Han talar om ei "legering av regjeringsmakt og redigeringsmakt som til sammen skaper stort trykk og gjennomslagskraft". Det er ein forførande retorikk, fordi modernisering spelar på at motstandarane av dei konkrete tiltaka som blir fremja i lys av moderniseringa, då automatisk må framstå som umoderne og gamaldagse. - Den er utmattande fordi modernisering på dette viset betyr det same som den uomgjengelege og likevel ønskelege samfunnsutviklinga. Den forenklar debatten til dei som er for og dei som er mot "modernisering", modernistar mot museumsvaktar. 
 
Den moderniseringa det fram for alt er tale om, er "fristilling" eller privatisering av offentlege verksemder slik at dei kan innordnast i marknaden sin logikk. Men denne "moderniseringa" kan like gjerne oppfattast som eit sivilisatorisk steg tilbake til ein meir primitiv dynamikk i utviklinga av samfunnet. Kvifor skulle privatisering av Statoil, eller av oljeressursane vere meir "moderne" enn at staten held fast i desse verdiane? Det er faktisk mogleg, kor skremmande det enn måtte lyde, at Håkon Lie er meir moderne enn Jens Stoltenberg. For statleg eigarskap er i alle fall eit minste, nødvendig - men ikkje tilstrekkeleg - vilkår for litt demokrati i oljesektoren. Problemet er at for modernistane er sjølve demokratibegrepet gamaldags, i den grad det framleis har noka meining for dei.  
 
I det politiske systemet har konsentrasjonen av eigedoms- og marknadsmakt i byane blitt utjamna med at stortingsrepresentantar frå distrikta treng færre veljarar bak seg enn dei frå byane. Det som distrikta tapar av økonomisk makt over si eiga verdiskaping, har dei delvis fått kompensert med sterkare politisk representasjon. Det har med demokrati å gjere og har over tid vore svært viktig for samfunnsutviklinga her i landet. Det er ikkje tilfeldig at den offensiven som dei politiske urbanistane, dei norske tilhengarane av Anthony Giddens og Tony Blair, frå Carl I. Hagen til Jens Stoltenberg, no driv fram, nyss har munna ut i eit fornya krav om at alle røyster skal vege like tungt i valurna - og slik sikre seg makt både i pose og sekk - total urban dominans på både den politiske og den økonomiske scena. Når alle blir like, blir nokre likare enn andre. Det vil mellom anna bety mindre forståing for nynorsk i Stortinget.  
 
Dei vil kunne lukkast i dette dersom interesseorganisasjonane for arbeidsfolk i dei produktive sektorane blir endå meir svekte. Når interessesambandet mellom dei produktive, reelt verdiskapande individa - anten dei arbeider i byar eller på landet, i offentleg eller privat sektor - går i oppløysing, blir dei reduserte til politiske golfballar som har heilt lik form, veg like mykje og som blir slått frå hol til hol med store og små mediekøller for lange og korte slag alt etter kor ballane ligg når dei skal settast i rørsle mot valurnene. 
 
Golf er tida sitt store spel. Store avgjerder blir stadig oftare gjort på golfbanen. Politikk er på si side redusert til medie-utspel. Medan verdispekulantane må hente inn dei store nasjonaløkonomiske verdiane frå omlandet til byane, må den urbane golfspelaren forlate byen og legge spelet sitt der det er plass til det - på landet, ofte i nynorskland. Spekulantane i Verdikommisjonen kan lite gjere med dette uvettige forbruket av areal bortsett frå å moralisere over det. Golf er ein urban sport - på landet. Store avgjerder blir gjort i nynorskland - på bokmål og engelsk. Golf kan ikkje spelast på nynorsk.  
 
Sjølv om dei urbane helst oppheld seg i Oslo, lever dei - som urbanistar - ikkje primært i denne byen, men i førestellinga om Byen. Slik blir førestellinga om byen ein del av bylivet. Urbaniteten er på same tid verkeleg og urverkeleg. Dei urbane identifiserer seg ikkje primært med Oslo, men med Byen, for dei veit med seg sjølve at i den store samanhengen er også Oslo ein provins. Ein sann urbanist frå Oslo kan derfor ikkje oppfatte seg primært som Osloborgar utan å bli minna om den provinsielle undertonen i denne identiteten. Han må vere ein annan stad samstundes - i Byen rett og slett. 
 
London, New York, Paris og Roma er dei verkelege byane. Men her er urbaniteten ein stadbunden sjølvfølge liksom det vatnet fisken symjer i. Byborgarane i desse har aldri behov for å stadfeste sin urbanitet. Dei oppfattar seg heilt sjølvsagt som londonarar, new-yorkarar, parisarar eller romarar. Med andre ord: Fikseringa på urbaniteten speglar ein provinsiell situasjon. Fornektinga av eigen provinsialitet er provinsialitet i andre potens. 
 
Ein bergensar oppfattar seg ikkje primært som byborgar, men nettopp som bergensar. Bergensar er eit heilt naturleg begrep - same kor ille likt det elles måtte vere andre stader. Noko tilsvarande begrep finst ikkje for folk frå Oslo. Osloensar er ein reint filologisk konstruksjon utan lokalitet. Urbaniteten, slik han ovrar seg i Oslo, er altså identitetslaus. Urbanitetsbegrepet er tomt. 
 
I Bergen ovrar urbaniteten seg som ein handfast patriotisme som alle andre byar misunner denne byen. For utan denne patriotismen ville byen aldri hatt Festspillene eller blitt europeisk kulturby framfor nasen til Oslo. For Bergen er på ingen måte ein større kulturby enn Oslo - truleg ikkje ein gong i høve til folketalet. Oslo har i over hundre år vore ein mykje meir dynamisk by enn Bergen. Byutviklinga i Oslo, med sin topografi som ikkje yter motstand, har derfor ført til at hovudstaden flyt ut i alle kantar. Byutviklinga går der føre seg på landsbygda. Byen maktar derfor ikkje å framstå som hovudstad for heile landet på nokon overtydande og klar måte. 
 
By-avviklande byutvikling har vi òg hatt her i Bergen. Det er bygd ein sirkel av kjøpesentra og nye bydelar utanfor bykjernen på hi sida av byfjella. Dette har tappa det gamle sentrum for kundar, kremmarbyen er snart død. Forskjellen mellom Bergen og dei fleste andre byane er at denne utflytande strukturen i Bergen ikkje er synleg frå noko punkt. Byfjella skaper ein levande illusjon om at dei er fjella mellom byen og landet - ein gamaldags, før-kapitalistisk bymur - i staden for fjella mellom bydelane.  
 
Ikkje i nokon annan by i Skandinavia har topografien hatt større betydning for byen sin fysiske og mentale identitet enn i Bergen, ikkje topografien i seg sjølv, men fordi den sette naturlege grenser for kapitalen sin ekspansjon. Byen sin urbanitet er eit naturprodukt. Frå byens absolutte sentrum, Fisketorget, ser du bygrensa skarpt mot landet eller havet. Det finst ingen overgang mellom by og natur. Fjella som omkransar byen, er byen sin naturlege bymur som lenge sette grenser for byutviklinga og slik konsentrerte denne på eit lite område. Å vere frå Bergen, er å vere frå dette konsentratet av ein by sjølv om ein bur på Hordvikneset to mil og to høge fjell nordafor. Det sentrale Bergen er eigenleg ein småby samanlikna med Oslo. Men fordi bergensarane har identitet, samme kor småborgarleg forskrudd og underleg den kan te seg, har dei ikkje noko urbanitetskompleks.  
 
Her, innafor byfjells-muren, fekk talemålet gå i sine eigne sirklar og utkrystallisere seg som ein eigen dialekt, klårt forskjellig frå strilamålet kringom byen på alle kantar. Det var herifrå Ivar Aasen først fekk støtte for sitt store prosjekt - av bergenspatriotar, overklassefolk som mest ingen var fødde i Bergen. Dei var bergensarar "av overbevisning" - slik som ein tidlegare ordførar i Bergen, innflyttar frå Vardø, uttrykte seg - kan hende ikkje den dårlegaste overtydinga ein kan ha i ei tid med så få andre, overlevande overtydingar. 
 
Man lat oss ikkje bli romantiske heimstadsfilosofar. 
 
Byen har det til felles med fenomenet nasjonen - eller bygda - at det viser til ein einskap som viskar ut skilnader og motsetnader innafor seg. Ikkje minst gjennom diktinga til Tor Jonsson blir illusjonen om bygda som einskap avdekt. Men bydyret er ikkje mindre enn bygdedyret. Både den bergenske bypatriotismen og den tome urbaniteten i Oslo dekker over dette. Det beste ville kan hende vere å forkaste urbanitets-begrepet og heller konsentrere oss om sjølve saka - byen som eit konsentrat av motsetnader - sosiale, økonomiske, politiske, kulturelle og språklege. Også innafor bergensk finst det ulike variantar med klåre sosiale tilsnitt. Ikkje minst etter at dei store byane også blir samlestader for ei fleirkulturell utvikling, er det viktig å kjenne motsetnadene i byane for ikkje å bli eit offer for dei. Til liks med dei nye kulturane som kjem til hovudstaden, er også målrørsla ei mindretalsrørsle. Det finst nok av urbanistar som oppfattar nynorskfolk som "fremmedkulturelle". Kvifor skulle ikkje nettopp målrørsla - framfor nokon andre - opne seg for dei nye minoritetane sin situasjon? Men då må målrørsla flytte til byen - både i hug og hus. 
 
Berge Furre si utfordring i 1965 var at målrørsla måtte bli eit motstandsreir mot dei forflatande tendensane i urbaniseringsprosessen, men utan å miste opphavet sitt i bygdene. Denne utfordringa er ikkje mindre i dag. Men denne oppgåva kan vi ikkje møte med ein parole om "kamp mot urbanismen". Tvert om - dersom målrørsla skal vere ei folkeleg daningsrørsle, må ho møte oppgåva på ein offensiv måte. Ei språkrørsle som ikkje forstår dei motsetnadsfulle prosessane i det samfunnet som skapar språket, vil til slutt heller ikkje forstå språket godt nok. 
 
Målrørsla må rive ned alle mentale bymurar og opne seg for livet i byen - både arbeidsliv og fritid. Ho må for all del ikkje forskanse seg bak murane i det nye og vakre Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Eigenleg burde vel dette byggverket ha vore reist i Oslo - for ein herleg provokasjon! - som eit bruhovud for ei alternativ forståing av forholdet mellom by og land, ein stad for forståing av korleis kreftene i byen verkar inn på heile samfunnet, nasjonalt og internasjonalt - og ikkje minst språkleg og kulturelt, ein verkeleg intellektuell fristad utafor det akademiske hierarkiet ved universiteta med tilhøyrande karrierekampar og revkrokar. - Men no ligg Aasen-tunet der det ligg - og der skal vi la det ligge. La det då bli ein stad der vi kan samle krefter og kveik til by-gerilja.