Olav Moe
Fridomstanken i det norske bondefolk
Fedrelandslagets åpningsmøte
Logens store sal, Oslo , 29. januar 1925
Kilde: Tvo foredrag. Fedrelandslagets skrifter nr. 4, Oslo 1925.

Godtfolk!

Når eg er gjeve høve til å bera fram eit landsens ord frå denne plass, so vil eg straks ha sagt, at eg står her ikkje som representant for ein enkelt fylking eller eit enkelt parti, men som talsmann for det frie, nasjonale, sjøvstendige liv som har rot ute på Noregs bondebygder. I gamle Håvamål, det gamle norske diktverket, finn me ein stad desse guldkorn: «På eigen tuft, kor trong ho er, sjølv du husbond er. Har du geiter tvo under taugbendt tak, du tarv ikkje nokon tiggja.»

Det er fridomstanken, sjølvstendekjensla i folket som soleis avspeglar seg i den gamle norske bondepoesi. Og det same hugdrag, som rådde her i landet for tusund år sidan, det råder og brenn i folke-sjæli den dag i dag. Fridom og framstig på lovens og på rettens grunnlag, ut frå eit nasjonalt og kristelegt grunnsyn, det har vore framgongslina for det demokratiske bondefolk til alle tider. Og det er det same i dag. Desse folk har aldri godkjennt tanken at makt er rett. Folkestyre i landet, med rett og med rom for alt folket, det var framtidsmålet under all vår fridomskamp! Det krav er knesett i Eidsvollsverket. Det krav har ført fram til folkeleg fridom ved almen røysterett, då alle, den minste som den største, er like, når det gjeld å avgjera landets styrevis. I truskap mot desse rettferdskravi har folket til alle tider ytt dei største offer. I elsk og i kjærleik, i von og i tru på framtidi og det gode i folket, har det arbeidande norske bondefolk - frå den fatigaste husmann og arbeidar og like uppover til tops - ført ein hard og tung kamp for å rydja og byggja dette landet og for å skapa det vern som trongst um det som er rudt og byggt her heime. Og attåt alt dette slit, i rydjing og byggjing, har det norske bondefolk, det var no eit bondefolk her alt i gamle dagar, reist ein folkeleg kultur som kann syna, at me stod som eit høgt kulturfolk jamvel i gamle tider.

Me har tidleg skapt vår eigen form og lina i kultur og kunst: i folkeliv, i byggjestil, i prydkunst, i skaldskap, i musik m.v. På alle leider har me skapt vår eigi nasjonale lina. Me kann her visa til stormenn i landet, som har vunne seg verdensnamn på den gamle norske kulturen. Aldri nådde målarane Tidemann og Gude høgare enn når dei avspeila den norske natur og norske interiør i heimarne; ikkje nådde Vinje høgare enn når han tok til å skape ut frå det som rørte seg i den norske folkesjæl i bygderne våre. Og me kann sjå Ivar Aasen, han vann seg eit stort og vidkjent namn ved å granska det gamle norske kulturmålet vårt, som i si glanstid kunde hevda seg ved sida av dei beste som var i Europa. Me kann visa til Ole Bull. Det var når han greip til den norske folketone og slog den an, at han la «verdi i gråt og lått for sin fot på ein einaste gong». Og me kann sjå Edvard Grieg. Det er nettupp når han byggjer på den norske grunntone, den nasjonale, det er då han vinn det store verdsry. Mange har i dei seinare tider byggt på det norske, men ingen so kav og beinstaka som Edvard Grieg. Det er ikkje nok med at han har lagt folketonen til grunn i sine verker, han har mange stader fletta den inn og berre forma den slik at den skal høva inn i råma. Me kann sjå det store verket hans, musikken til Peer Gynt. Der er eit parti: «Naar brudefølget drager forbi»; det er brudeslåtten sett inn som me kjenner den ute i Noregs bondebygder idag, heilt og uforfalska. Eit anna parti i same drama: «Trolldansen i Dovregubbens hall», det er huldreslåtten med all den løynde mystikk, som har livt i folketrui og folkeåndi her til alle tider, det er den som me finn att i trolldansen.

Og det er det store og stolte for os nordmenn, at det nettupp er dette kav norske som har lagt ein slik glans over namnet Edvard Grieg, og derved ein slik uendeleg fager atterglans over det norske folk og den norske nasjon.

Me kann vidare sjå til dømes på den prydkunst, frå det norske arbeidsliv, som er samla ute på Bygdøy, det herlege uttrykk for gudbrandsdalsk folkekultur uppe på Maihaugen på Lillehammer, me kann visa til folkemusei utover bygderne, i Telemark, i Valdres og fleire stader. Alt er tillmåta so det høver like godt i husmannshytta som i herreheimen. Det er folkekunst av det beste, og det er folkekultur som kann tola glansen jamvel frå dei høgaste tinder. Desse verdiar har folket vårt trygda ved lov til alle tider. Og med desse lover i hand stilar me vidare fram.

Det har vore landets lukka og nasjonens styrke, at vårt folk har havt ei slik serleg evna til å ordna seg i lovsamfund. Me hadde vårt eige nasjonale rettsmål og riksmål og velskrivne lover for burt imot eit tusund år sidan, og dette lovverket og den norske lovkløgten har hjelpt det norske folk gjenom dei vandaste tider. Det var vår lovkunne og vår kløgt som hjelpte oss i 1814 og i 1905. Det er ikkje lenge sidan ein lerd engelskmann i eit vitskaplegt bokverk la ut um dei gamle norske lover som grunnlaget for den engelske forfatning.

For nokre år sidan hadde eg høve til å vera til stades ved eit stort møte i St. Paul i Minnesota. Det var ein av Amerikas største statsmenn som hadde vore på reis i heile Europa, ogso i vårt land, for å setja seg inn i europæisk styrevis. Han heldt eit foredrag um ferdi si i den store byen, og sa då, at av alle land i Europa hadde Noreg den friaste forfatning! Det var ikkje fritt for at eg kjende meg som ein stor mann, der eg sat og høyrde den verdenskjente mannen tala so fagert um vårt gamla fedraland og vår gode, kloke måte å ordna oss på som folk.

Det norske folk som veit um dette, har tru på og vyrdnad for det norske lovverket. Det har set upp til det som redningsplanken for framsteg og fridom her i landet til alle tider, og det kann soleis ikkie vera anleis enn at folket i Noregs bondebygder må reagera sterkt, når nokon viser hån, ikkje berre mot det norske lovverket, men ogso mot den lovgjevande forsamling. Det syn gjeld ikkje berre ei klassa i landet; det gjeld alle dei som preikar vanvyrdnad for landsens lover, i forbodssak og i målsak, som det gjeld dei som preikar um revolusjon. Det er like gale når me høyrer ropet imot Stortinget som den store bøygen som hindrar oss frå eit diktatur etter italiensk mynster, som når me høyrer det frå den andre kanten. Det demokratiske bondefolk har alltid set med samhug til arbeidarklassens kamp for sin rett i samfundet, og ute i bygderne har me hjelpt til å stydja kravet um rettferd for desse klassar, i herad, i fylke og i statsliv. Og me har i mange måtar kjent det som vår eigen kamp um frigjering for oss og. Men når byarbeidar og industriarbeidar tek til å preika den læra, at makt skal koma i rettens stad, då vender den norske bonde og bondearbeidar seg med avsky og med sorg ifrå. Me kunde skyna slagordi i si tid um fridom, likskap og brorskap, men me kann ikkje skyna det preiket som går ut på brodermord og «all rett for oss og ingen for dei andre».

Ein må hugsa på at det arbeidande bondefolk ute i Noregs bygder kjenner det same tunge åk over seg i våre dagar som alle andre. Me har ogso vår tunge, seige kamp å føra. Men den kampen er ikkje mot pengemakti eller mot statsmakterne, det er mot sjølve naturi me må føra vår kamp so mangen ein gong. Eg kann berre visa til det som hende det siste året ute i bygderne våre. Ifjor sumar sleit me kvar einaste dag i ausande regnver for å berga det som skulde vera livemåten for folk og fe i komande år. Det lukkast oss berre halvt, innkomorne var heller mindre enn halvparten mange stader. Og no i desse dagar er det berrfrosten og føretilhøvi ute i bygderne som legg alt daudt og kallt ikring seg. Utgifterne er heller aukande, innkoma må me taka som ho kjem. Dei som skal selja tømmeret får ingen pengar so dei kann gjera rett og skil for seg. Skoghoggarane og dei som skal driva tømmeret fram har ingen ting å greida seg med. Men den tunge såre kamp mot den harde sterke natur i Noreg har lært oss bondefolk å taka motgangen med ro, med fornuft og med folkevit!

Valdsmakt mot kommunor eller mot fylke eller stat, som fyrr er nedtyngd i gjeld, det fører ikkje fram. Det største som den sterke natur har lært bondefolket det er å «reisa det som velt er og byggja og bøta med bot som duger» på folkeleg vis. Her nyttar ingi makt. Her må alt folket stå såman, og her bør ogso folket i byarne og i industrisentri draga lærdom av dette eine og same. Det frilynde demokratiske bondefolk vil ikkje finna seg i vald og trugsmål frå den andre kanten heller, likso lite: frå ei nytesjuk overklasse som frå ei maktsjuk underklasse. Uretten er like stor og like tyngjande og sår, anten den kjem til oss frå Rom eller frå Moskva. Og skulde her koma til kamp ein gong millom makt og rett, so tvilar eg ikkje på at heile det store arbeidande bondefolk, frå den minste og fatigaste og til tops, vilde reisa seg og stå vakt og vern um retten som det einaste samlande grunnlag. Det arbeidande bondefolk har stødt set up til lov og rett som det beste vern um dei små i samfundet. Det er vår lina ogso i dag. Og her gjer me rekning på samhug og studnad fyrst og framst hjå dei som har skapt desse folkelovene og dei som gjer krav på å høyra intelligensen i landet til, som hjå dei i dei nedste klassarne som kjemper for livemåten i husi sine. Fridom og framstig på rettens og på lovens grunnlag, på folkestyrets grunnlag, det er vår framtidsfana ogso i dag!