Nils Trædal
Jamvekta mellom fridom og autoritet
Debatt om trontalen og regjeringserklæringen (4)
Stortinget, 14. desember 1945
Kilde: Stortingstidende 1945-1946, s. 47-52.

Det som den siste talaren slutta med, er vel det interessanteste som har vori sagt i dette ordskiftet i dag. Det reiser det eigenlege problem, eller kanskje det er svaret på det som har levd i mange: Quo vadis, Gerhardsen? Etter sluttsatsen her om at dersom vi andre ikkje fylgjer, er arbeidarpartiet parat til å slå lag med hr. Løvlien, skulle vi såleis ha gjeve hovudleia. Eg vil vona at eg har mistydt, eller kan henda den siste talaren ikkje greidde å gje rett uttrykk for det som han inst inne meinte. Det ville vera litt trist å ta til med den nye arbeidsdagen i Stortinget og i Noreg, og vita at statsministeren med sitt fylgje på førehand har forsvori seg til Furubotn.

Elles var det med ei viss interesse eg også høyrde at eg, saman med kollega Lavik, var frigjort når det galdt å uttala seg. Med den ordning av talarlista som her hadde kome i stand, fylgde det at representanten Natvig Pedersen, føraren for arbeidarpartiet, skaffa seg grunnlag utan bondepartiet og kristeleg folkeparti. Dermed har vi såleis den føremon, hr. Lavik og eg, at vi kan spela litt friåre enn dei hine.

No vil eg seia at det er få ting i den lange ynskelista som kjem fram i trontalen og enno meir i fråsegna frå Riksstyret, grunnlaget for dette ordskiftet, som eg treng å ta avstand frå her i dag, og det er verkeleg ingen ting i det som gjev meg noko sjokk. Det er då heller ikkje, tykkjer eg, nokon sakleg grunn til, som det delvis har vori gjort her i dag, å drøfta altfor inngåande desse mange einskilde herlegdomar som vi meiner å skulla få. Det ligg no for det fyrste i dagen at vi ikkje har framlegg om dei, annarleis enn at dei så vidt er nemnde, og for det andre veit i alle fall dei fleste av oss, som ikkje har vori så lukkelege at vi som ein tidlegare talar har sett råbudsjetta hos finansministeren, lite om kva vi kan rå med økonomisk for å kunna gjennomføra, realisera, verkeleggjera det som i Noregs storting i dag har vori lyft opp for folket som store ynskemål, og derfor kan eg for min del berre uttala at eg kan seia meg samd i mange ting av det som er haldi fram i trontalen og fråsegna som ynskje. Eg kan for min part seia at eg av heile mitt hjarte ynskjer at det må lukkast for riksmaktene å verka med til at vi får atterreist vår industri, at vi får bygt opp att vår handels- og fangstflote til det dei var føre krigen, og gjerne enno vidare fram. Det er lett for meg å vera samd i det nyttige i å gjera Noreg til eit meir utvikla turistland, jamvel om spørsmålet nok kan ha sider som kan føra til meiningsbrytningar. Vidare kan eg streka under at det er visseleg fleire riktige ting med omsyn på fiskerinæringa, m.a. er trålarproblemet så vidt nemnt, og ein kan vel med god grunn sjå i møte med ei viss spenning framlegg til lovbrigde i den materie. At riksmaktene seier seg samde i å stø tiltak som kan auka skogen si produksjonsevne, vil knapt møta motsegn frå nokon. Heller ikkje vantar det, kan eg tenke meg, vilje til å rasjonalisere våre samferdselsmiddel, koordinere dei og utvikle dei. Vidare utvikling av trygdeordningane våre med det mål å nå fram til ei sams trygd er i fullt samsvar med vårt program. Og til og med jordbruket er også nemnt, med få og ikkje altfor bindande ordelag. Og her må eg få stanse litt.

Når det gjeld både sjøbygdene og skogsbygdene, og kan henda aller mest når det gjeld jordbruket i det heile, får ein ikkje av det som er lagt fram, noka kjensle av at det er det alvor i problema som etter vårt syn er der. «Kystens problem» var i sin tid problemet, og vi har hatt - og kan få det enda meir - eit skogen sitt problem, men ikkje minst har vi no eit jordbruket og bygdenæringane sitt problem så nære innpå oss og så djuptgåande at det kan bli avgjerande for heile vår framtid som folk om vi greier å løysa det eller ikkje, og korleis vi gjer det. Vårt mål må vera, som det også har komi fram i dei politiske program i år, at alle lag av folket har rett til å få del i det kulturelle og sosiale sams gode, prinsipielt på like fot. Der kunne det ligge nær, om ein hadde tid og høve til det, av kulturelle gode også å nemne slikt som opplæring av våre born og vår ungdom, det høve som blir gjeve born og ungdom i by og bygd, og samanlikna der korleis vanskane tårnar seg opp for framtøk ungdom ute i dei grisgrendte bygdene våre samanlikna med den ungdomen som veks opp inne i sentra. Det kunne også ligge nær, når eg er inne på dei sosiale gode, å sjå på korleis dei har det med husvære og utstyr i heimane, serleg når vi tenker på det som skulle letta kvinnene sitt arbeid. Eg vil ikkje koma nærare inn på slike detaljar, det blir vel høve til det seinare. Men både nå det gjeld desse kulturelle spørsmål, og når det gjeld desse sosiale spørsmål, skulle eg ynskje at Riksstyret ville vise den same interesse som det alt har vi for mange ting, og late spørsmålet om ulikskapen i kår når det gjeld sosiale og kulturelle tilhøve i byar og sentra og ute på bygdene, bli granska og utgreitt på breiaste grunnlag. Denne ulikskapen når det gjeld sosiale og kulturelle tilhøve, heng uløysande saman med ulikskapen på det økonomiske område, og på dette økonomiske område - det må fyrst bli sagt - ser det ikkje lyst ut, serleg på bygdene i dag. Ikkje skal eg no gå i detalj om dette her, berre vil eg som ein illustrasjon nemne at vanskane alt no er store både med omsyn på arbeidshjelp og på andre måtar på mine kantar av landet, i Trøndelag. Det er vanleg på tale å minska buskapen og på annan måte freista å vegetere på ei ekstensiv drift. Men det er ikkje noko mindre enn ei dødsline, det er stagnasjon, det er tilbakegang.

Mangt vil koma på tale for å avbøta denne vanlagnaden; men det kan i hovudsaka truleg berre gå for seg på to måtar. For det fyrste ved å nytte dei naturgjevne vilkår og moderne hjelpemiddel på ein meir målmedviten måte enn hittil. Og her kan ein vesseleg - og ein bør legge vinn å det - nå etter måten langt. Rasjonalisering, serleg når det gjeld dei større bruk og våre beste jordbruksstrok, er ein viktig ting. Men heilt fram når ein knapt berre med dette, aller minst når det blir tale om dei vanlege småbruk, og det er, som vi veit, storparten av våre bruk her i landet, såleis i fyrste rekke i våre kystbygder, våre fjordbygder og våre fjellbygder. Her må ein tenke på serlege tiltak om ein skal nå fram. Ein kunne nemna slikt som attåtnæringar, arbeid for å gjera bruka større og visseleg mangt anna. Lat meg berre få lov til i denne samanhengen å peika på eit einaste spørsmål, men eit spørsmål som etter mitt skjøn også femnar vidare. Det gjeld elektrifiseringa av landet. Det er så vidt nemnt i fråsegna her i dag, nemleg i den form at ein skal bygge ut dei kraftbruk som ligg best til rette av dei som ein har teke til med. For min part ser eg dette som noko av det største og viktigaste vi kan gå i gang med, også for berginga av bygdene. Billeg drivkraft kan bli eit viktig grunnlag for arbeidsliv og verksemd. Det kan vera deler av vårt industrielle liv som no er bunde til ein storindustri, som på ein naturleg måte kunne bli tekne over som heimeindustri i bygdene, om berre dette med billeg drivkraft og maskinelt utstyr, høveleg utstyr, låg til rette for det.

Det andre som etter mitt skjøn må til for at vi skal greia å nå fram til ei jamstelling for desse bygdenæringane - noko vi alle er samde om etter fellesprogrammet - det andre som eg trur må til, det er at nasjonalinnkoma vår blir sett på som ei sams innkome meir enn før, og at dette også kjem til syne både når det gjeld skattespørsmål og når det gjeld på ein rettferdig måte å gje heile folket høve til å få del i dei sosiale og kulturelle gode som vi evnar å skape. Her kunne eg ville nemne slike ting som samskattspørsmålet, og her - men på ein annan måte - vil eg nemna i denne samanheng eingongsskatten. Eg vil vone at denne skatten ikkje kjem att på ein slik måte at det framleis blir grunn til å ottast at han vil tena til ei utarming av kommunene ut over landet, kommunene som heilt visst vil få sitt svare strev med å greie sine budsjett.

Men dermed nærmar vi oss eit av dei største og vanskelegaste notidsproblem, ikkje berre i vårt land, dette som vi kallar sentraliseringsproblemet, eller kan henda rettare spørsmålet om desentralisering. Hittil har vi bygdefolk lenge vori åleine om å reisa dette problemet. Vi har nemleg lenge kjent verknaden av sentraliseringa. Fyrst no i dei siste åra har det nått så langt i utviklinga av denne sentraliseringa at også dei mindre bysamfunn hos oss har fått merke kva det gjeld.

Oslo har etter våre tilhøve og med tilskuv i krigsvilkår nådd dit at byen har ei automatisk sugeevne. Det skulle undra meg om ikkje statsministeren, som likesom i harme og undring vart vâr ungdomen sin hug til å vandra ut i vide verda, her vil finne noko av svaret. Ungdomsstraumen har i mange år, og med aukande fart og makt, gått inn til byane, og helst til den store. Alt før krigen var det trongare og vandare for bygdeguten og bygdegjenta å finne arbeidsrom der inne, også av den grunn at arbeidet tok til å bli monopolisert, serleg da i dei fag som stod i høgste kurs. Så kom krigen, og mykje ungdom - av vår beste, men og av ringare slag - fann vegen ut. Dei drøymde seg heim, og som så mange av vårt folk her heime og, hadde dei eit heller dårande syn på eit herleg tilstand, berre freden kom. Han er komen, freden, men ikkje herlegdomen. Og ungdom ute og ungdom heime såg det lite lysande å slita bygdelivet, og byen gav bokstaveleg ikkje rom, kunne ikkje gjera det. Så stod dei der, og lengten bort tok dei. Eg seier ikkje at dette er heile svaret på statsministeren sitt spørsmål om ungdomen, men eg trur at det er noko av det.

Ut ifrå dette som eg no sist har halde fram om bygdefolket si serskilde stode, fester eg meg naturleg med den største interesse ved det som er uttala i fråsegna om ein samla økonomisk plan, «som sikrer at oppgavene blir tatt opp i riktig rekkefølge». Det har vori peika på det her før i dag. Røynsla vår på bygdene er diverre den at sentraliseringa si lov lett vil føra med seg at dei som har, oftast òg blir dei som får først. Og når eg i dag ser på mannskapet kring statsministeren, må det spørsmålet unekteleg melda seg, om dette mannskapet - som alle på ein nær, trur eg, er frå byane, og halvparten av dei er frå Oslo - kan gje meg trygd for at bygdefolket sine interesser kjem inn i rekkefylgja på riktig plass. Eg vil vone det, for dette er nett no noko av det viktigaste. Heile denne lange rekkja av tiltak kann ein visseleg rekna med vil bli så vidt kostesame, at dei som kjem sist i rekkjefylgja, får venta heller lenge. Og no har vi ikkje råd til å kome sist på bygdene, - det er mi ålvorlege meining - om det skal kunna gå godt.

Så mykje om planar og reformer. Vi kjem attende til dei når dei ligg føre utgreidde, og når vi får greie på kva vi kan rutte med av midel. Lat oss vona at planane blir gode! Lat oss til og med tru at dei blir framifrå! Men er vi så dermed velberga? Eg for min part må svara nei. Det er noko som er viktigare enn alle planar og reformer, det er noko som er heilt avgjerande vilkår for at planar i det heile skal bli verd noko meir enn det papiret dei er skrivne på, det er noko som er avgjerande for at mindre gode planar òg kann føra gjenom dei største vanskar, og dette eine er folket. Det er vi norske kvinner og menn, det er vi som skal verkeleggjera planane, det er vi som skal sette liv i dei, det er vi som er vilkåret for at planane kann duga. Eg ville nødig at vi skulle lulle oss inn i den trua at berre vi kann legge planer og gje dei flotte navn, skulle alt vera velberga. Men er dette rett, at det er folket det gjeld om, vil det og vera rett at styresmaktene forstår dette folket, og at dei veit å stella med dette folket slik at det er viljug til å gå inn for planene. Vi har levt i 5 år under okkupasjon, og vi har skoleeksempel på hva det har å seia for styringa at ho ikkje skjøner sitt folk. Dei hadde planer dei og, og dei såg bra nok ut på mange vis, men dei skjøna ikkje folket sitt, stelte ikkje med folket så at det kunne skapast liv i dei planane - lukkelegvis vil vi nå seia etterpå. Men vi treng å skjøne folket; vi, riksstyre og storting, treng å vite og kjenna ansvaret for at vi og steller med dette folket ut ifrå ein inderleg kjennskap og ein inderleg samhug med alle greiner og klasser av dette folket. Då kan det stundom henda at styresmaktene også må seia sitt folk sanningar som ein ikkje nett blir populær på. Eg skulle tru det kan henda er det veikaste og vandaste i det kjære folkestyret vi har fått lagt til vårt hjarte no i desse åra. Eg har ofte sagt at vi politikarar er ikkje redde for noko på jorda utan veljarane.

Det er eit par slike sanningar som det kan henda det vil kosta noko å peika på, som eg vil minna om i denne samanhengen. Ei av desse kan eg forma slik: Vi har sidan vi vart fri, for mykje vore eit folk i fellesferie, i fest, i streik. Vi forstår det alle at trongen var der, både til ferie og fest, og også til streikar. Men vi hadde ikkje råd til det. Vi hadde ikkje råd til å ta oss meir enn «trjå heile dagar til ende» til fest. Vi hadde ikkje råd til alt for mykje å vera opptekne berre av fellesferiar. Og eg vågar meg til å seia at vi har òg hatt lite råd til å streika. Det eg ankar over i dag, er at det ikkje frå høgdene har vore sagt eit alvorsord til dette folket om det. Det har vore skrytt av oss, eller skal vi seia at vi har vore flinke til å skryta av kvarandre. Vel, ordet har vært nemnt, ordet arbeid, slit, det skal seiast serleg statsministeren til ære. Men det skal også seiast at helst og oftast har det vore nemnt i fest. Eg vågar påstå at maninga til arbeid hadde verka annarleis om ikkje all festinga hadde verka som opium på folket. Det kunne no helst sjå ut til at her var det inkje som stod på, helst av den grunn at det var dei fremste som gikk i spissen til fest og atter fest. Dei som ikkje kunne vera med i festinga, og heller ikkje fekk stort ferie, det var dei som måtte slite. Og då vil eg nemna at det var bønder, små og store, det var fiskarar, og det var arbeidarar i ymse yrke - og andre. Men dei fekk heller ikkje skryt. Fekk dei høyra noko, desse bøndene, fiskarane, og delvis også arbeidarane så var det om sine synder. I lovtalene merka ikkje eg til denne dag at dei serleg var med. Ris fekk dei, sjeldan ros. Og enda er det grunn til å tru at dei styrande i Noreg vil få bruk for slitarane, folk som eig evne til å forsaka, og evne til å halda ut i tru. Kva vi no enn meiner vi seinare kan nå fram til av høg og lettvint levestandard, - det stykke veg som ligg nærast for oss, blir ikkje ein spasergang berre. - Er styrarane i Norge redde for å syna folket dette og seia det? Då er ikkje folket verd alt festskrytet. Men eg trur at det toler å bli stelt andlet til andlet med den ålvorlege sanninga. Eg meiner det har rett til å møta på høgaste stad kravet og ålvoret i situasjonen. Blir ikkje folket i tide vâr dette situasjonens krav, vil dei ymse grupper møta med sine krav som ikkje svarar til situasjonen. Og skal styresmaktene etter kjøpa seg til ein stakket fest, står det et spøkjelse ikkje langt unna, og det heiter inflasjon. Kvar den og alle slag «friheteter» kan føra oss, er det i dag ingen gjeve å seia for visst.-Verst er krigsungdomen vår faren, denne ungdommen som fekk nevane fulle av falsk mynt for å øva det som den gongen var ein dyd - å sabotera. Å få dei omstelde krev ein hard skule. Skulle den ungdomlege fylkinga kring statsministeren ha noka von om å gjera innsats, måtte det vera andsynes sine eigne, om dei ville stå fram for ungdommen og tala ungdommens eige språk og seia: Hei, vi må hanga i, gutar!

Den andre beiske sanninga vi må bli minna om, er denne: Vi har vori, og er for mykje enno eit folk på jakt, på menneskejakt. Atter er å seia at det var naturleg at noko måtte til. Ja mykje måtte til. Det måtte ei opprydjing til med fast, stundom med hard hand, så hardhendt at det kunde blø i mange. Ein talar her føre meg anka over at denne handa har vore for lite hard. Eg veit ikkje kven han då tenkte på. Personleg finn eg at den handa har vori hard, og måtte vera hard, men atter er å seia på bondevis, at det skal vera måte med alt. Kven skulle ein vera hard mot? Det var flest mogleg? Skulle føremålet vera å gjera mest mogleg av Noreg til ein kyrkjegard, før vi kunde ta til med landet si frelse, eller skulle vi ta til på toppen?

Det fyrste ankemålet mitt når det gjeld desse ting, er at dette sværeste oppgjeret og hardaste inngrepet i det norske folk sitt liv, er planlagt og gjennomført av ei lita gruppe einskildmenn, og dei avgjerande av dei sat til og med i framandt land. Og desse få menn nytta dei vanskar vi var i, til å hindre at desse «anordninger» vart drøft og fekk sin sanksjon i Noregs storting.

Det andre svære som det her er å anka over etter mitt skjøn, er dette at dei same få einskildmenn som avgjorde dette, dei sit sjølv og rår over liv og død for tusen av våre landsmenn. Her vil eg få nytta eit ord av den kjende engelske professor Laski, når han seier at ingen samling av sivile tenestemenn, kor liberale dei enn er, burde ha høve til både å laga lover og til å føra prosedyren som skal godtgjera kva som er legalt. - Gjeld dette reint ålment, så gjeld det tifold meir i eit tilfelle som landssvik.

Det tredje svære som det er å anka over, er dette, som det nyleg har vori peika på, at det er sett same fælslege namnet på ein stakkars jentunge på 15-16 år som på Quisling eller ein Rinnan eller andre brotsmenn. - No blir endeleg saka lagt fram for Stortinget etter at det har måtte bli gjort brigde i «anordningen» fleire gonger. Det syner etter mitt skjøn klårare enn mangt anna at det har vori gått, skal vi seia noko vyrdslaust fram med å laga desse. Når saka no kjem her, vil eg vone at ho blir sett på under denne doble synsvinkelen: Først at skuldlause, helst då kvinner og born, får det vern som det sømer seg eit folk som gjer krav på å stå på eit rimeleg høgt kulturnivå. Og for det andre, at det må bli gjort klårast mogeleg skilnad, så vi ikkje set svikarnamnet på likt og ulikt.

Spør de meg om det er rett og rimeleg, so svarer eg at slik som det er meininga, etter det eg har sett, å avgrensa når det gjeld tyskarbeidarane, slik må det også vera rett og rimeleg å freista fara åt mot dei andre. Det eg har sett, er dette at tyskarbeidarane skulde skiljast ut på den måten at berre dei som friviljug har gått frå arbeid og til direkte militært arbeid for tyskarane, berre dei skulde koma under ansvar. Resten skulde bli fri. Og eg seier ut frå mitt personlege syn, at eg er heilt avgjort samd i det. Men då seier eg også at det einaste rettferdige er at vi ser på dei andre ut frå det same grunnprinsipp. Det har vi ikkje gjort. Enda frå kantar der vi aldri hadde venta det, har det vori hevda like til dei siste dagar at hovudsaka er å få tak i flest mogeleg, hovudsaka er å få leita opp flest mogeleg så det kunne finnast ein flokk stor nok til å bli gjort ubrukeleg som nordmann for all framtid. Eg vil difor streka under dette: Lat desse mange småsyndarar få sin sjanse. Kom i hug ein av våre kulturmenns, Olav Duuns, ord i boka om «Ragnhild»: «Ein drep ikkje det vonde med øks». Dette trur eg for min part er kristent syn, kor lite det enn har komi fram frå dei «som vakt skulde vere».

Også på det politiske området har vi vori «på jakt». Kampen mot det «gamle Stortinget» og det som heng i hop med den, vil alltid stå for meg som noko av det ufjelgaste eg har møtt i det offentlege liv - enda om dei har freista å føre striden i flomlys frå trona og under signing frå høgalteret. Det eigentlege gjekk nemleg for seg i meir eller mindre mørker.

Så har eg berre att, med di eg viser til innleidingsorda i fråsegna frå Riksstyret, der det står at Riksstyret «bygger på fellesprogrammet som sitt grunnlag og dernæst på arbeiderpartiet» - å leggja Riksstyret og dess parti her Stortinget på hjarta eit par viktige ord av deira politiske frende, og dertil engelskmann, professor i politisk vitskap ved universitetet i London, Laski, der han om fridomen og dei politiske oppgåvene som skal verna om den, segjer: Vår oppgave - vår business, står det på engelsk - «er å trygge jamvekta millom fridomen vi treng, og den autoriteten som er av vesentlig vekt når det gjeld å gi vanlege menneske den klåre kjensla at dei har ålbogerom for ein personlegdom.» Laski er so vidt eg veit ein politisk frende av vårt riksstyre og dess parti, og eg trur det er noko av det viktigaste når det gjeld vår næraste framtidspolitikk, det han her har peika på: å finne den rette avgrensning, finne, som her står, jamvekta mellom den fridomen som vi treng, og den autoriteten som er vilkår for at vi skal kjenna at vi har ålbogerom for vår personlegdom. Personleg trur eg at det er den høgste statsmannskunst som vi står framfor, men også den vandaste, som krev evne og vilje til ei vurdering som ikkje er kvar manns sak. Og det trengst eit mot som heller ikkje er kvar manns sak, av di at på desse område vil nettopp massesuggesjonen, skrikets makt, gjera seg gjeldande.

- Nokre ord til av den same forfattar vil eg også be om at Riksstyret og dess parti legg seg på sinne:

«Den som utøver makt i sit fellesskap, er freista til å misbruka makta. Til med i eit demokratisk samfund må ein ha måtar og midlar til å verne minoriteten mot ein majoritet som vil trenge inn i mindretalets fridom.»

Det har hendt ting i og utanfor Stortinget som gjer desse ord aktuelle også for oss, og eg vil vone at dei som no «sit med makta», som det heiter, vil koma i hug at det fylgjer nettopp det ansvaret med den stilling, at ein kjenner at ein må halda måte om det skal verka til velsigning.

Vilde dei så syna alvoret i den vakre talen om samarbeid, om ikkje meir enn i tvo saker, som eg no skal nemna til slutt, fordi dei meir enn andre burde stå over partipolitikken, vilde det vera til glede for mange og til gagn for Noreg. Dei tvo sakene er forsvarssaka og utanrikspolitikken. Båe sakene ser det ut til er sams saker for oss som folk og bør vera det. Men det kan likevel ikkje gjøymast burt at like til det siste går det spørsmålet gjennom folket når det gjeld forsvarssaka: Kva er det som eigenleg går for seg med omsyn på forsvaret? Og det er også visse planar når det gjeld samarbeidet vårt i utanrikspolitikken, som gjer at vi spør: Kva er meininga? Eg minner om det vi alle veit her i Stortinget, at dei med makta har avgjort at vi skal ha formannskifte i utanriks- og konstitusjonsnemnda vår. Ved dette høve og i denne situasjon ligg det meir vekt på det enn eit formannskifte vanleg førar med seg. Og eg ser det som ei hending som eg djupt ankar over, av di eg finn det sakleg urett og eg finn det uheldig for Noreg både utetter og innetter. Dersom det ikkje er meininga beint fram å kløyva oss på dette område, so ser eg ingen sakleg grunn til at det skulde skje. Det er som om det skulde vera - det eg ikkje vil tru - nokon som er blitt so romstor at han ikkje toler vaksne folk ved si side. Men er det på noko område vi treng at vaksne menn møtest i samarbeid, når det gjeld det norske folks interesser, så er det akkurat her andsynes det utland som vi i så mange måtar er avhengige av og som vi treng å stå samla mot. Det er godt nok med den «goodwill» mange hevdar at vi har, det er berre å ynskja at vi held fast på han. Det er også trøystefullt at det kan bli sendt meldingar heim om at vår utanriksminister gjester sin gode venn Bevin. Men dersom ein trur - anten det gjeld «John Bull» eller «Uncle Sam» - at dei driv sin utanrikspolitikk andsynes det norske folk av berre «goodwill» og personleg vennskap, lenger til vår bate enn det er i deira eiga interesse, då trur eg dei tek i miss. Det er vi sjølve - atter kjem eg tilbake til det - det er arbeidet og slitet, det er vår eigen produksjon, det er vi sjølve som må leggja grunnlaget for det vi skal møte med derute for å skaffe oss den valutaen som blir så avgjerande for vår utvikling.

Eg sluter med å seie frå at vi - bondepartiet - på vår side av skiljestreken ikkje har noko ynske om å sjå ein sympatisk og velmeinande statsministar knekka nakken berre av di han ikkje av og til, når det trengst, vågar å slå i bordet også til sine eigne. Det blir nemleg ikkje dei borgarlege som knekk nakken hans. Vi vil tvert om tilseia sakleg stønad så langt han og styret hans syner seg som ansvarlege ikkje berre for eit parti, men for heile folket.