Berge Furre
Stortinget ført bak lyset
SVs stormøte om politisk overvåkning og brudd på norsk basepolitikk
Oslo, 22. august 1977

Det er for mykje som blir stempla hemmeleg her i landet! Kor mange gonger har vi høyrt dette dei siste månadene? Det var vel Borten som byrja. Sidan har toppane i Arbeidarpartiet kome på rekke og rad - mest som eit dårleg regissert talekor: justisministeren, som kunne tenkja seg å frigje innstillinga fra Mellbye-utvalet. Også Nordli har snakka om mer «åpenhet». Reiulf Steen har som vanleg forsikra at han er heilt samd med statsministeren. Ja, eg trur jamvel Frydenlund har vore frampå med det same. Dei smilande riddarar av det opne samfunn har vore djerve i så måte i sommar.

Men fredag slo forsvarsministeren til med ein pressekonferanse: No skal det vera slutt med slikt!

Mellbye-rapporten skal ikkje offentleggjerast - iallfall ikkje no. Schei-rapporten skal iallfall ikkje offentleggjerast - korkje no eller i framtida.

Ein general skal sjå på disiplinen i departementet når det gjeld lekkasjar.

Her skal kanalane stengjast til.

Ein skulle tru at den borgarlege opposisjon ville flira og hengja ut den regjering, - som seier ja i juli og nei i august.

Men nei, med stort alvor proklamerer dei store borgarlege aviser sin tillit til den sterke mann i forsvarsdepartementet som set sakene på plass, hindrar at sanningar om «det hemmelege Noreg» kjem ut og held orden i sysakene.

Framfor alt er han helt i Verdens Gang, det organ som er meir fullt av lekkasjar enn nokon anna avis. Men det er ikkje lekkasjar om dei mektige sitt spel bak folkets rygg.

Nei, det er lekkasjar som ser ut til å stamma frå politiet og som gjeld Trond Jensen og Ivar Johansen - opplysningar frå etterforskninga mot dei. Tendensen i lekkasjane er den same - anten det gjeld mystiske nøklar, ukjente kopiar, kontakt med diplomatar: Dei skal gjerast mistenkelege, venteleg i von om å ramme SV. Og gjev ikke stoffet dekning for påstandane, kan det lagast ei overskrift som gjev dekning. Bergens Tidende er spesialist. Mange les berre overskrifter og inntrykket sit att.

Slik skal ein i simpelt politisk erend skitna til folk som sit bak lås og slå med brev og besøksforbod - og med forsvarsadvokatar som er pålagt utvida teieplikt.

Det kjem den eine drastiske skulding etter den andre - som nærmar seg skuldingar om spionasje og høgforræderi - mot folk som er avskorne fra å forsvara seg, og med advokatar som av retten er pålagt å teia.

Desse lekkasjane er daglege. Dei er ikkje eigna til å skada dei mektige. Dei er ikkje eigna til å truga «det hemmelege Noreg». Difor får dei flyta fritt - utan at riksadvokat eller justisminister bryr seg. Det som foregår er grove brot på elementære rettsprinsipp. Men justisministeren vaskar hendene og viser til riksadvokat og påtalemakta.

Vi skal forresten ikkje lasta VG. Riksadvokaten overgjekk Akersgata fullstendig da han med dramatikk og opphissing i røysta forkynte at Trond Jensen hadde kontakt med austlege diplomatar.

Under trugsmål om injuriesak måtte han krypa tilbake på dette. Men inntrykket sit att: Den øvste påtalemakt uttalar seg om den sikta Trond Jensen slik at alle må oppfatta det som ei skulding for spionasje og høgforræderi - mens Trond Jensen sit bak lås og slå med brev- og besøksforbod og hans advokat har teieplikt.

Er Noreg ein rettsstat når rettens fremste vaktar bryt slike rettsprinsipp. Når riksadvokaten bryt så grovt med vår rettskjensle, må vi verkeleg spørja med advokat Tor Erling Staff: Kor lenge skal vi leva med Dorenfeldt? Det hemmelege Noreg avslører seg frå dag til dag på ein måte vi trudde var utenkeleg - kanskje berre for nokre dagar sidan:

Politirazzia i privat heim utan ransakingsordre. Journalist 11 timar i forhøyr. Forsøk på å henta folk midt på natta. Vart det ikkje slutt med slikt i 1945? Ynske om advokathjelp vart møtt med trugsmål om fengsling. Alt dette hevdar den øvste påtalemakt er lovleg - etter ein lov som var laga med ein krigssituasjon for auga.

Vi er iallfall ikkje i USA. Eg las nyleg ei avskrift av ein amerikansk TV-serie om CIAs talrike forsøk på å myrda Castro. Det var ein pressetalsmann for ein tidlegare president som laga serien. Framfor kamera stod politikarar, embetsmenn, offiserar og agentar og fortalde om dei hemmelege tenester. Slik det har skjedd i land etter land. I Storbritannia fortalde statsminister Wilson at det var han som var overvaka.

Styremaktene har i dei fleste land lagt kort på bordet - iallfall når det gjeld fortida.

Men her i landet - her vart det panikk da ein offiser fortalde om spionasjeoppdrag i Finland eit kvart hundreår tilbake. Statsministeren vart henta med ilbod av forsvarsministeren ut av hytta i dei djupe skogane. Sikkerhetsutvalet hadde reine krisemøtet - og ropa på riksadvokaten (eller sa eg krigsadvokaten?).

Sidan har skjellsorda hagla - mot majorar, mot journalistar, mot SV. Men da Bjørn Unneberg kom med ei støttefråsegn og sette spørsmålsteikn ved ideologien og mentaliteten bak - ja så skulle han òg for retten.

Er Noreg det minst liberale land i Vest-Europa på dette området? Kva er forklaringa på denne panikk og dette oppstyr?

Kanskje er forklaringa at styremaktene er meir sårbare på dette felt enn i andre land fordi illusjonane om det prektige Noreg med det fullkomne demokrati er så mykje meir lysande. Glansbiletet er så blankt at det skjer så mykje større skade når det vert flekka.

Men stormveret har nok òg med partipolitikk å gjera. Kvifor har dei store borgarlege avisene fleire sider om listesaka kvar dag - med den openberre hensikt å skada SV. Er vi verkeleg så viktige at det er grunn til å bruka så mykje spalteplass? Ja, vi er det. Vi står framfor et viktig stortingsval. Dei har oppdaga at nykelpartiet ved dette valet er SV: Kan dei knekka SV blir det borgarleg regjering. Da blir det ny blømingstid for Dorenfeltane.

Men skulle SV greia seg, blir det ikkje borgarleg regjering. Dei veit og at SV vil få større innverknad etter valet fordi avstanden mellom Arbeidarpartiet og mellompartia blir større og større når mellompartia sonderer seg enda sterkare ihop med Høgre under valkampen.

Difor er det desperat viktig for dei å driva oss tilbake. Men vi lar oss ikkje driva tilbake. Vi skal kjempa kvar dag fram til valet. Vi skal kjempa etter valet.

Vi skal føra vår kamp for sosialisme og demokrati - mot det hemmelege Noreg, mot politisk overvaking, mot dei som undergrev folkestyret ved å føra Stortinget bak lyset, mot dei som i Mccarthyismens ånd gjer det til eit brotsverk å møta diplomatar frå andre land enn NATO.

Det ville vore lett og behageleg i dag å la vera å tala om Schei-rapporten og Loran C. Eg ville truleg fått god attest i Aftenposten og VG i morgon - som «fornuftig».

Eg er ikkje mottakeleg for Aftenpostens «fornuft».

Vi skal stå oppreist i denne valkampen om det stormar rundt oss. Å akseptera at regjeringa kan misbruka hemmelegstempling til å skjula brot på grunnlov og folkestyre - det ville blitt det hemmelege Noregs siger over oss, og vårt moralske nederlag.

Somme trur vi kan koma til å tapa stemmer på at vi står på vårt - på at alle konservative krefter samlar seg i eit stormlaup mot oss. Men eit større nederlag enn å tapa stemmer er å gje etter på det vi veit er rett.

Skal det haldast hemmeleg at regjeringa førte Stortinget bak lyset, laug for Stortinget, i ei av dei viktigaste militærpolitiske og utanrikspolitiske spørsmål i tida etter siste krig? Kan ei regjering med støtte i eit stortingsfleirtal misbruka teieplikta for å dekka over brot på fundamentale prinsipp i folkestyret? Skal teieplikta misbrukast til å verna om løgn og usanning frå toppolitikarar i eit lagnadsspørsmål for landet? Skal SVs stortingsrepresentantar vera lojale mot teieplikta eller mot folkestyret?

Dette er ein kjerne i Loran C-saka. Skilnaden mellom den opne delen av Schei-rapporten og den hemmelege delen er at den opne delen skjuler at Stortinget vart ført bak lyset, medan den hemmelege delen openberrar at Stortinget vart ført bak lyset. Hemmelegstemplinga og teieplikta blir dermed ein dekkaksjon - ikkje til forsvar for nasjonale interesser eller militære løyndomar - men til forsvar for USAs augnetenararar i dette land og til forsvar for Gerhardsens glansbilete ved DNAs 90-årsjubileum.

Kvifor vil forsvarsminister Rolf Hansen framleis at Schei-rapporten skal haldast hemmeleg? Han fortalde det fredag. Det er ikkje militære løyndomar i rapporten, vedgår han. Det er ikkje Noregs tryggleik som står på spel. Men det er omsynet til USA - til at rapporten inneheld notat og sitat frå fortrulege samtaler mellom målsmenn for Noreg og USA. Omsynet til USA skal altså hindra at nordmenn får vita korleis norske toppolitikarar forvalta sitt ansvar for Noregs framtid og plass i USAs atomstrategi. Omsynet til USA skal altså telja meir enn omsynet til vårt folks rett til å vita. Dersom det da er sant at det er omsynet til USA som er grunnen. Eller er omsynet til USA eit påskot? eit behageleg påskot i ei ubehageleg sak?

USA er ikkje redd for sine dokument til vanleg. Da USA fekk sin lekkasje om at CIA hadde nytta LSD til hjernevask, svara ikkje president Carter med å ropa på riksadvokaten, men ved å leggja 2000 sider dokument på bordet. Eg kan ikkje sjå eit einaste papir i Schei-rapporten som skulle kasta noko slag skugge over USA. USA fremjar sine interesser overfor eit alliert land. Det er den norske regjerings oppgave å verja Noregs integritet mot amerikanske ynskemål. USA har ingen ting å skjemmast for i Schei-rapporten. Det er ingen ting som tyder på at norske styremakter har gått på USA med eit klart ynskje om å offentleggjera rapporten. Spørsmålet har vore reist, vert det sagt, men når USAs ambassade veit at NATO-politikarane i regjering og Storting naudig vil ha rapporten offentleg, vil dei neppe fornærma sine norske venner med å gå SVs ærend og seia: Vi vil gjerne leggja korta på bordet, sjølv om vi veit at de ikkje vil. Ingen skal lasta USA at dei gjev sine norske venner ei handsrekning til dekkaksjonen for NATO-politikarane.

Kva er så det konkrete innhald som skal haldast hemmeleg?

Eg har aldri lova å opptre som forleggjar for rapporten, men eg aktar å fortelja det eg veit, som det norske folk har vesentleg krav på å få vita dersom vi skal kallast eit ope samfunn.

Kva er så Loran C og Omega? Det er to amerikanske navigasjonssystem - utvikla for militære føremål.

Loran C vart bygd for dei amerikanske Polaris-ubåtane med atomrakettar. Om rakettane skal treffa sitt mål, må ubåten vita nøyaktig kvar han er. Radiosignal frå Loran C-stasjonar er eit viktig hjelpemiddel for ubåten til å finna sin nøyaktige posisjon. Utan nøyaktig posisjon er ubåten militært nærast ubrukeleg. Ubåten har andre system òg, men er dessutan avhengig av Loran C. Signala vert sende frå stasjonar på land. USA bygde to på norsk grunn - ein i Vesterålen og ein på Jan Mayen. Dei vart bygde omkring 1960. Det er sant nok at også andre fartøy kan ha nytte av Loran C, men det var ikkje difor dei vart utvikla og bygde. Det var med tanke på Polaris-ubåtane. USA har aldri lagt skjul på det. Det står å lesa i tidsskrift og opne amerikanske kjelder.

Det vert sagt at også Sovjet kan bruka dei, og da kan det ikkje vera så farleg. Det har òg lite med saka å gjera. I ein tilspissa situasjon kan USA la signala skifta frekvens eller kode slik at berre ubatåne kan bruka dei.

Ein måte for Sovjet å verja seg mot USAs atomrakettar på, er å setja desse stasjonane ut av spel med von om at ubåtane går vill ikkje kan treffa sine mål. Det er mykje enklare enn å setja ubåtane ut av spel. Dermed blir slike stasjonar fyrste rangs krigsmål i ein tilspissa situasjon - mål for atomvåpen.

Omega er eit verdsomfattande amerikansk navigasjonssystem. USA har aldri vilja vedgå at dette var bygd for Polaris-flåten. Det heng truleg saman med at da systemet vart utbygd på femti-sekstitalet, møtte det motstand i fleire land, nettopp fordi folk ottast at det var basar for Polaris-ubåtane dei bygde. Det kan likevel knapt vera tvil i dag om at dei amerikanske atomrakettførande ubåtar også nyttar Omega-signal i sine datamaskiner for navigasjon. Systemet er mindre nøyaktig enn Loran C. Medan Loran C kan brukast til å finna posisjonen med eit avvik på ned til tre meter, er Omega meir grovmaska. Til gjengjeld dekker det heile kloden. Loran C dekker berre visse strategiske nykelområde.

Den tryggingspolitiske kjernen i dette spørsmålet er altså: Da USA fekk løyve til å byggja desse stasjonane på norsk jord, vart dei amerikanske ubåtane med atomrakettar meir eller mindre avhengige av navigasjonsbasar på norsk jord for å kunna operera og treffa sine mål i Sovjet. Norsk territorium vart ein del av USAs framskotne atomstrategi. Det er heilt klårt at dermed kom det ei endring i Noregs plass i det militærstrategiske biletet. Regjeringa førte Stortinget bak lyset slik at Stortinget ikkje fekk veta om dette.

Var dette eit brot på basepolitikken? I fyrsten hadde stasjonane amerikansk mannskap, men etter kvart tok nordmenn over. Formelt inneber dei altså ikkje at utanlandske troppar er stasjonerte på norsk jord. Formelt inneber dei heller ikkje at atomvåpen er stasjonert på norsk jord.

Men ubåtane er like avhengige av navigasjonssignal som dei er av forsynings- og reparasjonsbasar. Og atomvåpna er lite effektive utan slike basar.

Hovudsaka er altså at Polaris-ubåtane med atomrakettar vart avhengig av navigasjonsbasar på norsk jord. Det er ei undergraving av base- og atompolitikken. Sett frå aust må dette vera langt meir alvorleg enn stasjonering av nokre framande soldatar på norsk jord.

Men er dette så noko å bråka med - saka er jo så gamal?

Dette er ikkje ei historisk sak. Ho er dagsaktuell. Basane er der framleis. Dei sender ut sine signal i denne stund. Det er ikkje på tale å leggja dei ned. Tvert imot vert teknikken utvikla vidare slik at ubåtane meir og meir nøyaktig kan avgjera posisjonen sin ved hjelp av Loran C.

Og det Storting vi skal velja i haust skal avgjera om Loran C skal ombyggjas til å omfatta Clarinett Pilgrim, eit kommunikasjonssystem som skal gå til ubåtane over dei same stasjonane. Det inneber at ubåtane skal kunna senda og ta imot meldingar over dei same stasjonane.

Det inneber at medan stasjonane i dag fortel ubåtane kvar dei er, skal dei i morgon også kunna fortelja ubåtane om og når dei skal skyta.

Signala skal brukast ikkje berre av Polaris- og Poseidon-ubåtane med atomrakettane, men også av det nye ubåtsystemet - Trident, som er under utvikling, og som vel er USAs sterkaste strategiske atomvåpen. Det er altså heile tida tale om offensive våpen mot eit anna lands territorium - ikkje om forsvar av USA eller Noreg. Når Rolf Hansen såleis forsvarar Loran C-stasjonane med at dei skal brukast slik at det kan sikrast effektive styrkeoverføringar til norsk jord, så er ikkje det sant. Dei er ikkje bygde for å rettleia skip eller fly på veg mot Noreg, men for å rettleia USAs strategiske og offensive våpen mot Sovjet.

Spørsmålet om vi ville ha Loran C-stasjonar på norsk område vart aldri førelagt Stortinget. Denne alvorlege avgjerda tok regjeringa bak Stortingets rygg.

Fyrst i ettertid da stasjonane var bygde og signala ikkje kunne løynast, kom saka til Stortinget som ledd i «den konstitusjonelle kontroll» til godkjenning i to hemmelege stortingsmøte.

Men Stortinget fekk heller ikkje da med eit ord vita at stasjonane hadde noko med amerikanske atomubåtar å gjera. Det kan reisast tvil om regjeringa var fullt klar over samanhengen da den fyrste stasjonen vart bygd, men da den andre stasjonen - på Jan Mayen - vart bygd gav USA klar beskjed. Eg les fra Schei-rapportens hemmelege del:

«Sikkerhetsutvalget behandlet saken 26. juli 1960. (Til stade var Gerhardsen, Lange, Skaug, Handal og Bjerve.) Utenriksministeren meddelte at den amerikanske ambassadør hadde opplyst at grunnen til at stasjonen burde komme i gang allerede i inneværende år, og at den etter planen ikke behøvde holdes i drift mer enn 18-24 måneder, var at det skulle foretas nøyaktige beregninger av bunn og dybdeforhold i de nordlige havområder med sikte på en eventuell innsats av ubåtbaserte rakettvåpen av typen Polaris fra dette område.»

Dette visste altså medlemene av sikkerhetsutvalet om, men dei let ikkje Stortinget få vita det, heller ikkje da stasjonen i ettertid skulle godkjennast av Stortinget.

Men heller ikkje det Stortinget da - i ettertid - fekk vita var sant. Det var tvert imot lygn...

Stortinget fekk vita

- at Loran C var eit supplement til NATO-navigasjonskjeden Loran A og

- at Loran C var eit NATO-system.

Begge deler var usant.

Tvert imot - USAs ambassade hadde gjort det heilt klart for norske styremakter at Loran C ikkje hadde noko med Loran A-systemet å gjera - eit NATO-system Noreg hadde godteke og som Stortinget hadde vedteke.

Ambassaden sa klårt frå at Loran C korkje var ei «forbetring eller erstatning for NATOs Loran A-prosjekt», og slo fast at det ikkje vart rekna for mogleg å slå desse to systema saman. Stortinget fekk høyra det motsette.

Like usant var det at Loran C var eit NATO-system. Det var eit serleg amerikansk prosjekt utan tilknytning til NATOs Lorankjede. Det gjorde forsvarsministeren klårt i Sikkerhetsutvalget 3. juli 1958. Det går jamvel fram av eit notat til forsvarsdepartementet sommeren 1958 at planen var så amerikansk og så hemmeleg at NATO ikkje ein gong skulle vita om han: « ... det er forutsetningen at NATO foreløpig ikke skal orienteres om planen».

Men kvifor skulle så ikkje Stortinget få vita at dette var eit serskilt amerikansk prosjekt som ikkje hadde noko med NATO-kjeden å gjera? USAs venner i Stortinget hadde vel ikkje noko imot å godta det likevel.

Grunnen var at saka var så hemmeleg at USA helst såg at Stortinget ikkje fekk veta noko i det heile.

I eit notat om samtaler med ambassaden heiter det at «nærværende sak må behandles med den største forsiktighet» og at «de amerikanske myndigheter har anstrengt seg for å finne en ordning, som de håpet ville gjøre det mulig for den norske regjering å kombinere et eventuelt Loran C-prosjekt med det allerede planlagte Loran A,» slik at «ytterligere Stortingsbehandling ikke skulle være påkrevet». Ambassaden undrast om ein ikkje kunne få det til ved å leggja både Loran C-stasjonen og Loran A-stasjonen på same plass.

Frå USAs side var dette berre eit ynske i ei varsam form. Det måtte bli norske styremakter som tok stilling til om denne saka måtte fram for Stortinget. I eit møte i Sikkerhetsutvalet 3. juli 1958 godtok utvalet at ein Loran C-stasjon skulle byggjast, og at det skulle skje i tilknytning til ein av dei Loran A-stasjonane som alt var vedteke bygde. Da meinte dei at ein kunne sløyfa ny behandling i Stortinget.

Visste så regjeringsmedlemene kva dei gjorde? Schei-rapporten hevdar at på det tidspunkt visste dei det ikkje: Om forsvarsministeren heiter det:

«Statsråden hadde ikke detaljerte opplysninger om hva anlegget skulle brukes til, men gikk ut fra at det skulle stå til rådighet for SAC (Strategic Air Command) og for den amerikanske marine.»

Om dette er sant, er det ikkje mindre lærerikt om Noregs forhold til NATO: Når USA bad om eit anlegg på norsk jord, sa regjeringa ja - utan ein gong å krevja at USA skulle fortelja fullt ut kva det var. Ja, regjeringa var villig til å ta katten i sekken utan å spørja kva slag katt - og utan å informera Stortinget om katten.

Men da USA så kom med neste base - på Jan Mayen - vart det altså sagt klårt frå at dette hadde med Polaris å gjera.

Stortinget fekk like lite å vita.

Skjøna så regjeringa at dei var på ville vegar, at dette var noko Stortinget hadde noko med?

Ja, Schei-rapporten stadfester det. I april 1959 var formannen i Stortingets militærkomité orientert - like eins riksrevisjonen av omsyn til den økonomiske kontroll.

Formannen i militærkomitéen vart altså informert. Kvifor? Truleg fordi regjeringa innsåg at dei var på kanten, ja langt over kanten da dei gjekk utanom Stortinget. Men militærkomitéen vart altså ikkje informert, såvidt eg kan sjå. Det er heller ikkje noko som tyder på at den utvida utanrikskomité vart informert.

Og da Stortinget i ettertid vart kjende med saka, vart dei misinformerte. Ikkje ein gong i hemmeleg møte var Stortinget verdig å få vita kva norske regjeringspolitikarar og USAs regjering hadde kokt ihop.

Men kan det tenkjast at USA hadde ført den norske regjering bak lyset, at regjeringa trudde at dette ikkje hadde noko med Polaris å gjera, og at Jan Mayen-basen berre skulle ha med Polaris å gjera ei kort tid?

Lite tyder på det, men skulle det vera tilfellet at dei i sin servile amerikanisme godtok alt utan spørsmål, fekk dei da vita enda fullare beskjed sidan.

I eit notat av 19. oktober 1964 frå oberst Rørholt, sjef for Forsvarets Fellessamband, som galdt kor vidt Omega-systemet hadde med Polaris å gjera, heiter det:

«Ifølge oberst Rørholt kan Omega-systemene ikke sies å ha noen spesiell betydning for Polaris-ubåtene. Den nøyaktighet som disse krever er ivaretatt ved Loran C-systemet

På det tidspunkt var administrasjonen i alle høve fullt klar over kva som var bygd på norsk jord - men heller ikkje da fann regjeringa nokon grunn il å orientera Stortinget om korleis Noreg var innpassa i USAs offensive atomstrategi. Stortinget fekk aldri vita - ikkje ein gong i hemmeleg møte - kva dei hadde godteke i hemmeleg møte på etterskot - før det hemmelege møtet i sommar.

I dokumenta om Loran C-saka er altså Polaris-ubåtane berre nemnde ein gong. Når det gjeld Omega-systemet, refererer rapporten ein heil del opplysningar frå ein intern debatt i administrasjonen om kor vidt Omega var eit system for Polaris-ubåtane. Frå fleire hald i administrasjonen gjorde det seg gjeldande otte for at Omega var eit system for Polaris og at det ville setja Noreg i ein meir utsett posisjon overfor Sovjet.

I eit notat vert det sagt at ein slik stasjon vil «kunne bety en meget stor belastning i vårt forhold til Sovjetsamveldet». Det vart vist til at Sovjet hadde reagert svært skarpt i ein note mot at eit amerikansk fly som vart skote ned over russisk farvatn hadde nytta norske radiostasjonar i sitt tvilsame oppdrag.

I Utanriks- og Forsvarsdepartementet var altså embetsmennene fullt klar over at slike navigasjonsbasar var ein lekk i den strategiske kamp mellom dei to supermaktene, og at dei var ei belastning for Noreg overfor Sovjet.

Da Omega-stasjonen vart godkjent, hadde USA på førehand forsikra at det ikkje var Omega-mottakarar ombord i Polaris-ubåtane.

Men var dette sant? I eit notat som vart laga etter dette amerikanske dementiet konkluderer etterretningsstabens mann med at Omega vart nytta av amerikanske atomubåtar. Spørsmålet reiser seg om etterretningsmannen hadde betre kjelder fordi etterretningsorganisasjonane i NATO-landa samarbeidde og utveksla informasjonar.

Omega-saka vart handsama i ope Stortingsmøte. Det er påfallande at heile denne debatt innanfor administrasjonen som Schei-rapporten avslører ikkje vart nemnt med eit ord i proposisjonen, innstillinga eller Stortingsdebatten. På trass av at debatten om USAs atomubåtar og deira tilknyting til Noreg føregjekk for fullt på den tida, vart det overhovud ikkje nemnt at nokon hadde vore inne på tanken at Omega kunne ha noko med det å gjera. Saka kom til Stortinget i 1965.

La meg slutta av med å summera opp:

Da navigasjonsbasane vart bygde på norsk område til hjelp for dei amerikanske atomrakettførande ubåtane, skjedde det ei viktig endring i Noregs militær- og utanrikspolitikk: Noreg vart i mykje større grad enn før ein del av USAs offensive atomstrategi. Polaris-ubåtane er ikkje i havet for å verja Noreg, men for å fremja USAs offensive strategi. Navigasjonsbasane gjorde Polaris-ubåtane meir eller mindre avhengige av norsk område - og gjer dermed norsk område til fyrste mål for atomvåpen frå andre sida: Sovjet vil kunna skada desse ubåtane ved å skada norsk område.

Vedtaket om slike basar på norsk jord er mellom dei viktigaste i norsk etterkrigspolitikk.

Men Stortinget fekk ikkje vita at dette skjedde. Stortinget vart medvete ført bak lyset. Da saka kom for Stortinget i hemmeleg møte etter at basane vart bygde, var det Stortinget fekk vita rein usanning. Sjølv eit hemmeleg stortingsmøte var ikkje verdig å vita sanninga.

Det regjeringa gjorde i Loran C-saka var å bryta grunnleggjande prinsipp i folkestyret, bryta vår grunnlov.

Ved å hemmelegstempla Schei-rapporten vert dette halde skjult for det norske folk - for å dekka dei ansvarlege. Det er ingen ting i rapporten som skulle kompromittera USA. Den kompromitterer berre nordmenn.

Dette er misbruk av teieplikta. Slik misbruk kan vara så lenge regjering og eit stortingsfleirtal vil - inntil representantar på Stortinget set lojaliteten mot demokratiet framfor lojaliteten mot teieplikta. Om teieplikta blir misbrukt til å løyna at Stortingets makt vart undergrave, blir teieplikta brukt til å undergrava Stortingets makt - gjera det lettare å føra Stortinget bak lyset ein gong til.

Eg har i alt mitt arbeid på Stortinget nøye fylgt sikkerhetsinstruks og teieplikt som ein del av kvardagen og det kjem eg til å gjera i framtida. Eg respekterer at teieplikt er naudsynleg. Men i dette høve vart det ein konflikt mellom lojalitet mot teieplikta - og lojalitet mot meir fundamentale verdiar i dette samfunn. Så får eg tale - og ta fylgjene.

Det nye som vi legg fram i dag er ikkje kva slag stasjonar som vart innført. Det er kjent frå før. Ny Tid har og tidligare hevda at Stortinget vart ført bak lyset.

Det nye er at Finn Gustavsen og eg dokumenterer med sitat og referat at Stortinget vart ført bak lyset. Det er på dette punktet vi bryt vår teieplikt, og det er denne handling andre må ta stilling til. Det er ingen samfunnsomstyrtande handling. Slik vi ser det, er det ei handling til vern om folkestyret, til vern om Stortinget mot dei som har krenkt Stortinget den gongen - og dei som krenkjer det nå ny ved sin dekkaksjon. Denne krenking er eit større brot enn å bryta teieplikta når ho blir misbrukt.