Halvdan Koht
Østlandsk reisning
1916
Kilde: Berggrav-Jensen, Eivind og Koht, Halvdan (red.): Østlandsk reisning. Kristiania 1916.

Vi veit det er Vestlande som har drivi mest med «maalstræv» i det siste, og vestlendingane har gjort «landsmaale» mest som til sitt eige maal. Og saa har folk her østpaa fari til aa tru at maalspørsmaale var ikkje noe som kom dem ved. Men østlendingane har naa sitt maalspørsmaal, dei au. Det er ikkje bare noe som vestlendingane vil prakke inn paa dem. Det er ikkje bare dette nye spørsmaale som har komi i dei seinste aara, om vi skal faa lande vaart maalkløyvt - med «landsmaal» paa Vestlande og kanskje paa Sørlande og i Trondheimen, men et fornorska bokmaal paa Østlande og i Nordland. Østlande hadde et maalspørsmaal lenge før «landsmaale» tok til aa feste seg i vestlandsbygdene. Og naar sanninga skal fram, saa lyt ein seia at det var Østlande som fyst reiste maalspørsmaale i Norge. Det var østlendingane som fyst la i veg med det som vi no kallar maalstræv.

Dette vil mange med det same tykkje er bare tøv og tull. Men det er naa sant lell; ein kann prove det med uruggelege fakta.

Professor D. A. Seip, den nye «riksmaals»-professoren, har nyleg dregi fram tor gløymsla et lite skrift som kom ut i Kjøpenhamn i 1771. Skrifte har den uskyldige tittelen «Samtale mellem Einar Jermonsøn og Reiar Randulvsøn paa Opland i Aggerhuus-Stift i Norge». Men det er et kvast klageskrift imot embætsmagta i lande. Og det er skrivi paa norskt folkemaal, ikkje paa det danske bokmaale som elles raadde grunnen her i Norge.

Det er oprør i dette. Det var den gongen meir enn to hundre aar sia noen hadde vaaga seg til aa bruke det norske heimemaale til skriftmaal. Ja, boklærde folk hadde nok somtid dikta viser og vers paa norsk; det var noe som dei brukte i alle land i dei dagane, aa laga viser paa bygdemaal, helst naar dei skulde ha moro, - det var ingen oprørstanke i slikt. Men et politisk stridsskrift paa norsk - det sett nye maal for framgangsviljen i folke. Det har ein ny nasjonal tanke i seg. Det reiser maalspørsmaale. Med dette er det sagt, at naar det norske folke skal ta att retten og fridomen sin, saa maa det krevja rett og fridom for maale sitt au; det skal ikkje lenger krøke fingrane og tankane sine etter den danske grammatikken.

Og denne maalreisings-tanken var det ein østlending som sette fram. Professor Seip har prova, at den mannen som skreiv «Samtalen» fraa 1771, hørde heime paa Romerike, og det er visst ingen tvil om at han var ein boklærd bondeson ifraa garden Hjellebøl i Høland (han vart sia prest og skreiv seg Reier Gjellebøl). Romerikingane i vaare dagar kann visseleg kjenne att maale sitt i dette skrifte av ein Hølands-gut for halvt-anna hundre aar sia. Les bare her et lite stykke:

«De var full inga sak aa løyse krona for gjella, aa var de myky bære at kongen var skyllug sitt eie folk enn desse utalanske fanta i Holland aa Hamborg. Je har hørt seia at dei tar over tjuge ta hundre, aa du veit sjøl, da vi hadde penge, laante vi, bone imellem bone, for tre. Men, sa han far Prestgarn, dei veit inte haar de er vorti ta kistepenga vaare. Nei, de ska je seia dei: Myky er vel gaatt ut i skatter paa noen aar, men mer har presten, fauten, skrivaren, prukeratera aa lensmann eti opp; ja naar je unnatar presten, som just inte drikker mer enn te nøtørt, saa tør vel mange ta dei andre kara enda ha drukki baade vaar og si eia velfær bort; ja meir, dei har narra oss te aa bli fyllehunner, at dei kunne bruke sitt væsen naar forstana vaar var borte; for du ska alltid merke at den gemeine mann er myky vilju te aa apa etter dei store.»

«Apa etter dei store» - det har smaafolk gjort i all dag, og i dansketida var normennene smaafolk: Dei apa etter dansken. Men naa kom det ein kar fraa Romerike og vilde ha normennene til aa vera seg sjøl i maalvegen au. Og det er ikkje undrandes paa at dette krave kom just da. For 1771 var i mange maatar et nasjonalt nyreisings-aar for Norge. Vi hadde faatt prentefridom just da. Han stod ikkje lenge ved lag; men det bele han vara, var det liksom det valt fram alt det som folke vaart hadde drøymt om og stunda etter i lange mørke tider. Fraa alle landsens kantar reiste det seg krav paa sjølstendige norske stats-institusjonar, - norskt universitet, norsk bank, norsk regjering. Den fyste norske historiegranskaren, nordlendingen Gerhard Schøning, ropte ut med magt at Norge er et gamalt rike med et folk saa fritt og sterkt som det ikkje har funnis makan til i verda. Og læresveinen hans, Johan Nordal Brun, trøndaren, kvad den fyste norske fedrelandssongen: «For Norge, kjæmpers fødeland», med spaadomen om at fridomsdraumen nok skulde bli til sanning:

«Dog vaakner vi vel op engang

og bryter lænker, baand og tvang!»

I heile dette frambrote er det bare saa naturlegt at det norske folkemaale kom med, og her er det ein østlending, ein flatbygding, som syner vegen.

Vegen var ubrøytt, og det var bratte kneikar aa vinne over. Men 1814 hjelpte oss over ein taa dei verste: fremmendstyre i lande. Naa var det slutt med den tida da den mannen som stod for øvste styringa kunde seia: «Ingen normann er til, vi er alle bare danske borgarar.» Slutt var det paa den tida au, da ein norsk diktar - det var ennda Petter Dass - kunde synge at «Kjølen er vist et skjel mellem Svenske og Danske». Og slutt maatte det snart bli paa den tida da ein norsk diktar kunde briske seg med at han var den som fekk «det Danske i Mode», og sette si ære i «at være Dansk» (Niels Krog Bredal i 1756).

Det gjekk naa ikkje saa ratt med aa faa danskdomen ut or hjerte som med aa sprenge regjerings-unionen. «Vi have jo ogsaa engang været saagodtsom danske,» skreiv et fint Kristiania-blad saa seint som i 1843; «vi hænge ved Sprogets og Hjertets Fibrer endnu sammen med dansk Poesi og Aand, skjønt ikke mere med den danske Politik.» Saa lenge som vi hadde vori under Danmark, saa var det ikkje ventande anna, det maatte sitta tjukt med danske merke etter i sinn og skinn. Det maatte koste strid aa renske dem ut.

I dei fyste aara etter 1814 var det mange som trudde at naa galdt det om aa reise op att gamalnorsk sed og skik, og dei tok det gamalnorske maale til hjelp imot det danske. Men saa visste dei naa au, at bondemaale uti bygdene hadde runni tor den gamle rota, og saa lærde dei seg norsk taa bonde-talen. Dei granska og skreiv op bygdemaala, og dei sette om gamalnorske bokverk som dei fyllte med nynorske bonde-ord. Det var slike karar som president Christie og Jacob Aall, og biskop Johan Storm Munch som dreiv paa med dette arbeide, og meininga var - skreiv Munch i 1816 - «at udluge det fremmede Ukrud, som har qvalt Nordens herlige Tungemaal, saa at nye og frodige Skud kunde spire frem af den gamle, uvisnelige Rod». Same aare var det at Hans Hanson fraa Larvik - ein taa dei best kjende bygdemaals-diktarane vaare, han som bl. a. har skrivi «Astri, mi Astri» - spaadde at det sjølstendige Norge snart skulde faa ei heil dikting paa sitt «eget Sprog» - «et kraftfuldt Sprog fra Dølens Hjem»; han tok sine eigne kvæde som «Forvarsel» for denne nasjonale maalreisinga.

Men det trangs ei folkereising før det kunde bli magt i maalreisinga. Og kom fyst folkereisinga, saa maatte maalreisinga fylgje med. For det danske maale var et herremaal her i lande; det var danske magthavarar som hadde sett det til høgbords i Norge. Den danske kongen og embætsmennene hans hadde teki dansk til bruk i norske statssaker alt ifraa 1400-tale. Paa 1500-tale kom det kongebrev paa kongebrev om at den gamle norske landslova maatte bli sett om paa dansk, saa lagmennene kunde skjønne ho; dei maatte ha ho - som ein taa desse embætsmennene skreiv - paa «det maal som vi nu tale her i Norge», og embætsmanns-maale det var dansk. Paa den maaten fekk vi det som kallar seg Christian IV's «norske» lov i 1604, og den nye «norske» lovboka fraa 1687 var mest bare avskrift etter den danske fraa 1683, - ymse stykke taa den gjeld her i lande den dag i dag.

Bibelen sette dei om paa dansk i Danmark og sende hit op til Norge, og denne danske bibelomsetninga raadde grunnen hos oss heilt fram til 1890. Dei hjelpte fram lærdom og oplysning mellom normennene med «danske» skolar, og kongelege forordningar sette fast at dei norske barna skulde bli oplærde i dansk og paa dansk.

I kyrkebøkene vart folkenamna vaare laga om paa dansk saa godt det let seg gjøra, saa normennene kunde sjaa ut som danskar; dei fekk heite «Ener» og «Østen» og «Hagen» o. s. fr., og det er nok av normenner som skriv seg saa den dag i dag. Paa same gjerda stellte skrivarane med gardsnamna i jordebøkene; «Tveiter» vart til «Tveder», «Løykje» til «Løgen», «Øygarden» til «Ødegaard», o. s. fr., - allslags tvilyd og harde medlyd maatte burt, og inga namn maatte ende paa den fæle norske sjøl-lyden a. Same vegen gjekk det med alle andre namn i lande, saa paa landkorte kunde Norge syne seg som det det var: ein dansk provins.

Ennda er det fullt med folk i lande som gøymer med djup vørnad paa denne danske tilsulkinga i namna vaare; norske bønder skriv seg «Ole Gundersen», og dei kann bli reint ifraa seg av sinne, naar noen vil setta norsk form paa gardsnamna deiras. Saa provins-tanken har naa eti seg langt inn i sjæla paa mange folk.

Men det er naa saa lell, at naar folke fyst tok til og vilde raa seg sjøl, saa maatte det koma i strid med dette danske maal-velde. Naar folke reiste seg imot den overklassa som styrde, saa maatte det reint uvilkaarleg med det same reise seg imot det maale overklassa brukte; for det var ikkje folkemaale.

Og saaleis gjekk det da au. Da den store bonde-agitasjonen gjekk over lande i aara 1830-32, - da det fyste «bonde-stortinge» vart valt, og bøndene samla seg til strid for folkestyre i bygdestelle sitt, i det praktiske live, i rettargangen, - da fylgde bondemaale med taa seg sjøl.

Alt i det vesle agitasjonsskrifte som var ophave til heile rørsla, - «Ola-boka» hans John Neergaard, - der er alt det som blir lagt i munnen hans Ola, skrivi paa bondemaal. Det er et trøndsk bygdemaal, selbygmaal, og mesteren for det var Petter Ertzgaard, bonde i Stjørdalen, eidsvollsmann og stortingsmann, ein taa dei trugne stridsmennene i bondereisinga.

Straks etterpaa fløymde saa bygdemaala fram i blada, - i «Ugeblad for Skien» (1831-32), i «Folkebladet» som Henrik Wergeland var med og styrde (1832), i Peder Soelvold's «Statsborgeren» (1832). Allstad er det innlegg i bondestriden; bygdemaale blir brukt til aa tala bondens sak.

Dei er namnlause, alle desse stykka, og det er some som har gissa paa at det var boklærde folk som skreiv dem, - plent som med bygdemaals-visene i 17de og 18de hundreaare. Om naa dette var sant, saa synte det bare at overklassefolk tykte dei maatte nøyte bondemaal naar dei vilde ruske op bondefolke. Men heilt sant er det naa ikkje. Altfor mange taa desse innlegga ber tydelege merke taa di at det er bønder som har skrivi dem.

Her er stykke paa telemaal, valdrismaal og gudbrandsdølsmaal. Ymse stykke i baade «Folkebladet» og «Statsborgeren» er taa ein romeriking som kallar seg «Ohla i Aasen». Ein ser lett at det er telemaal-skrivinga i «Ugeblad for Skien» som har sett mod i han, saa han vaagar seg fram med bygdemaale sitt; han er huga paa aa gje embætsfolka litegran taa same «trynemjøle» som telane har gjevi dem. Men denne romerikingen er den einaste som kjem med grunn for at han skriv paa bygdemaal. «Je talar likefram som ho mor,» saaleis sluttar han fyste bladstykke sitt, «før ho har bedt mæ aa inte knote; utas kunne noen gjøra geip taa dæ, sa 'o.» Her har ein det djupaste i alt maalstræve: Bonden, aalmuesmannen, vil «tala likefram», han har vørnad for seg sjøl og sitt eige, og han kræv same vørnaden taa dei andre.

Ein taa dei nasjonale bokmennene i den tida, diktaren S. O. Wolff, vart saa op i vêre for di at bøndene la i veg paa denne gjerda, saa han tok til aa skrive om «det nye norske sprog» som saaleis heldt paa aa laga seg til, - det var i Arendals-blade «Den vestlandske Tidende» i 1832. Han meinte at bygdemaals-stykka var esla til «at yde Bidrag til et nyt, selvstændigt norsk Sprog», og at naar bare fleire «vilde skrive, snart paa det klangfulde thrønderske, snart paa det kraftige smaalehnske og totenske, snart paa det bløde, musikalske bergenske, eller det raske valderske og tellemarkiske Sprog, da fik man en behagelig Blanding - en Total-Dialect, der vilde nærme sig det gamle, og skille sig fra det ny norsk-danske Skriftsprog». Dette var den fyste spaadomen om at ein taa alle bygdemaala i hop kunde bygge op et norskt «landsmaal», og Wolff tenkte seg ennda-til, at naar ein hadde faatt sett op dette landsmaale, saa kunde stortinge lovfeste det til aa vera einaste norske maale i lande. Men han, trøndaren, heldt paa at det som skulde vera grunnlage for det nye norske maale, det maatte bli «den rette, kraftige norske Udtale, som især høres i Thrøndelagen, Gudbrandsdalen og Toten».

Dette krave hans høvde godt med dei nasjonale vilkaara paa den tida. For mest all den norske bygdemaalsskrivinga som til dess hadde komi fram, hørde til paa Østlande (serskilt Telemarka og Romerike), og det som ikkje var derifraa, det var ifraa Trondheimen. Vestlande var slett ikkje med i heile denne rørsla. Det er paa nytt i 1831-32 liksom det var i 1771: Maalstræve er ei østlands-reising; det er østlendingen som tar op maalspørsmaale.

Dette er ikkje saa rart som det synes. For heile bondereisinga i 30-aara hadde mykje større magt paa Østlandet enn vestpaa. Det var dei to Oplands-amta og Akershus og Smaalena som gav største styrken til bondefylkingen paa stortinge. Der maatte bondemaale ta seg fram sterkast, saa sant det var samanheng mellom maalstræv og bondepolitikk.

Og det var ikkje bare i desse bondemaalsstykka at østlandsmaale reiste bust. Det brøytte seg veg og rom inn i sjølve det gamle bokmaals-rike. Det var Henrik Wergeland som var hovudmannen for det. Han fresta seg med reint bygdemaal au; han dikta viser fyst paa romeriksmaal og sia paa halling- og valdrismaal. For han hadde slik ein trong i seg til aa vera norsk - fullnorsk i hug og ham. Men kunde han ikkje vera fullnorsk, saa vilde han da ta med seg i arbeide sitt saa mykje norskt han kunde raa med. Og saa kjørde han bygdemaalsord og bygdemaalsformer - østlandsmaal, romeriksmaal alt i hop - inn i bokmaale sitt, aller mest naar han skreiv for sjølve folke. Han vilde ha et fritt folk i et fritt land:

Hvis landet er for lite (jeg kan det neppe tro).

des mere bør vi eie det for os selv i ro.

Hvis folket er for kleint, 

da bør dets ukrut lukes indtil det bliver reint.

Den tanken var det som dreiv maalstræve hans au. Han vilde renske ut ugrase, saa folke fekk bruke sitt eige maal.

Men denne østlands-reisinga fekk slett ikkje gaa for seg i fred og blide dagar. Tvert imot - ho kveikte strid. Det var den fyste maalstriden i Norge.

Og naa er det ein ting her som er vigtig. Striden stod ikkje bare om spørsmaale: norsk eller dansk i Norge. Det var noe anna som kom med, som gjorde striden til meir enn nasjonalstrid, - gjorde han til klasse-strid. P. A. Munch, den ypparste stridsmannen for det danske maale (han baade sa og meinte «dansk», han gjekk ved at det var et fremmendt maal), - han spotta saa fælt med desse maalstrævarane som vilde bygge paa aalmues-maale. Han vilde ikkje taala i skrift slike ord «som ere blevne saa almindelige for de lavere Klasser, og saa sjældne blandt de Bedre, at deres Indtryk maa være saare ubehageligt». Serskilt var han vond for slike «platte, aldeles pøbelagtige» former som «myra», «heia», «barna»; det var slikt som bare hørde heime «hos den laveste Pøbel i de mere fordærvede Egne». Kvassare kunde vel ikkje herre-tanken hos overklassa koma fram; det var ikkje «fint» aa tala annerleis enn den gjorde. Og da var det rimelegt at Wergeland svarte med harde ord om «Sprogaristokrati og Sprogaristokrater». Denne fyste maalstriden la klaart nok i dagen, at bokmaale var ei borg for overklassevelde mot folkemagta, og skulde folke i sanning bli herre i lande, saa laut det bryte bokmaals-velde au.

Maalstriden paa Østlande i 30-aara vart ophave til alt maalstræve sia i Norge. Bortpaa Sunnmøre sat det ein ung bondegut og las i blada hoss dei slost om dette nye spørsmaale, og han las seg harm paa alle dei fantorda som dei slengde etter morsmaale hans. Det var Ivar Aasen. Han sette op sjøl et innlegg i maalstriden - det var i 1836 - , og ennda det ikkje kom til aa bli prenta føre sytti aar etterpaa, saa er det likevel dette innlegge som har reist programme for det norske maalstræve. Her var det Aasen forma ut den merkelege tanken om hoss ein skulde granske alle bygdemaala, finne det som var sams for dem, og saa bygge et nytt «hovedsprog» paa dem, - et norskt maal som ikkje skulde «fremhæve nogen enkelt af vore dialekter», men vera sam-norskt. Det var den tanken han gjorde til livsverke sitt, og det var den som gjorde Ivar Aasen til slik ein nasjonal grunnleggar som han vart.

Det som Ivar Aasen vilde lære heile det norske folke, det var det same som han romerikingen «Ohla i Aasen» hadde tala om i 1832, - at ein skal ikkje knote, men halde seg til morsmaale sitt. Dette var Østlands-programme. Hoss kann det da ha seg at Østlande likevel vart staaande saa utafor det aasenske maalstræve?

Det er ikkje saa beint fram aa svara paa, dette. Det er et taa dei vandaste spørsmaala i historia vaar. Some kjem og seier det er taa di at østlendingen er ikkje saa nasjonalt vakin som dei er paa Vestlandet. Some meiner østlendingen har det saa reint for mykje paa det at han skal vera «fin»; han skal endeleg herme etter dem som har «daninga». Og la oss liksaagodt vera ved, at det kann vera noe i dette. Østlendingen er ikkje lytelaus. Det skal mykje til aa vera saa nasjonalt vakin som ein burde. Og snobbeskapen gjør seg mangstad altfor brei. Det lyt vi nok sanne.

Men - det er naa snodigt da, at naar det var østlendingane som tok til med maalstræve, saa skulde dei snu seg saa ifraa det etterpaa. Den gongen Ivar Aasen kom med maaltanken sin, da var dei da visst ikkje meir nasjonalt vakne paa Vestlande enn dei var her østpaa, heller tvert imot, - hoss det var med snobbeskapen, skal eg ikkje kunne seia. Det maa da ha ein grunn at det skulde snu seg saaleis.

Vi maa hugse paa at det var ikkje i 30-aara Aasen kom og la fram landsmaale sitt. Det var fyst i 50-aara han var saa ferdig med granskingane sine, saa han kunde vaage seg til aa setta op det nye norske skriftmaale. Men det var mangt og mykje som hadde laga seg om paa desse 15-20 aara. I 30-aara var det Østlande som stod fremst i bondepolitikken; i 50-aara vart det Vestlande. Det hadde meldt seg nye politiske spørsmaal; arbeidarane og husmennene vilde vera med i det nye demokratie. Og da kløyvde det gamle bondepartie seg; østlandsbøndene gjekk imot arbeidarane, vestlandsbøndene gjekk i lag med dem. I striden om demokratie kom saaleis østlandsbøndene mykje til aa staa i hop med dei gamle motmennene sine, embætsfolke og byborgarane; dei vart overklasse-parti, dei au. Folk tok beint fram til aa kalle det demokratiske partie for «vestlandspartie», - saa kvast stod Vestland imot Østland. Men maalreisinga var ei demokratisk reising, ein strid imot den gamle overklassa. Og da var det naturlegt at den vart ei vestlandssak. Da Østlande kom i strid med demokratie, gav det op maalkrave sit au.

Det var stor skilnad i samfunds-vilkaara østpaa og vestpaa, saa det var ikkje undrandes at Østland og Vestland skildes i politikken. Men ho var ei nasjonal ulykke, denne kløyvinga, og det leiaste var just at østlending og vestlending kom til aa staa imot haar-andre i maalspørsmaale. For er det no'a sak som et folk bør staa samla om, saa er det vel maale sitt. Men det vart naa vandare og vandare aa faa til.

Ein kann seia seg sjøl, at naar det var vestlendingen som tok op striden for det nye landsmaale, saa laut landsmaale mest lempe seg etter vestlendingen. Det var andre ting au som drog i same leia. Den tid Ivar Aasen heldt paa og sette op landsmaale sitt, tykte alle kunnige folk at det var gjævast med et maal som likna paa det gamle maale saa langt som bare raad var, og naa var det utvilsamt at likskapen var størst mellom gamalnorsken og vestlandsmaale. Det er slett ikkje rett aa seia at Aasen difor bygde landsmaale sitt bare paa vestlandsmaal; ein kann peike paa mange ting i det som ikkje er vestlandsk, men østlandsk. Men det østlandsmaale Aasen rekna med, det var helst det som dei talar oppi fjellbygdene. Maale utover dei breie, folketette flatbygdene vørde han lite paa; han tykte det var altfor utskjemt, han kunde ikkje bruke det til det norske mønstermaale han vilde ha. Vi kann gjenne gaa med paa at det i visse maatar kunde vera nyttigt med slikt et mønstermaal som heldt op for augene vaare det egte norske ervemønstre. Men folkemaal kunde det naa ikkje bli, - slett ikkje her paa Østlande; det var saa altfor mykje av egtaste østlandsmaale som ikkje fann rom innafor dette landsmaale.

Saa gjekk da Østland og Vestland haar sin veg i maalspørsmaale. Landsmaale vann sterkare og sterkare fram paa Vestlande, og Østlande vart staaande med det gamle bokmaale. Det er ein nasjonal faare for lande vaart, dette. Vi held paa aa bli et maalkløyvt folk. Og det fins naa folk dessmeir, som gjør denne maalkløyvinga til program, - som vil vi skal bli staaande saaleis Vestland mot Østland. Det var naa her i vaar at «Aftenposten» med reine ord sette op dette programme: landsmaal paa Vestlande, bokmaal paa Østlande. «Vi anerkjender - skreiv dette storblade - med stor villighed og glæde den sterke nationalfølelse og i sin grund konservative livsopfatning, som ligger til grund for den maalvenlige bevægelse paa Vestlandet. Vi vurderer i enhver henseende høit den kjærlighed, som vises overfor gammel tro, gammelt sprog, gammel tradition og gammel sed; det er en folkebevarende egenskab, som er en styrke hos ethvert folk.» Men kom bare ikkje med slikt paa Østlande!

Eg veit ikkje anna nasjonalt som dette programme minner om, enn bagle-politikken. Den var ei østlandsreising, den au; men det er ikkje slik reising vi ønsker oss naa. Vi vil ha maalsamling i Norge, vi vil møtes med vestlendingen paa god norsk maalgrunn.

Men da duger det ikkje aa setta oss vale imellom anten vestlandsmaal eller dansk bokmaal. Skal østlendingen bli klemd mellom desse to maala, da kjøves han og dør.

Eg kann vise det i et einaste lite døme hoss det gaar. Her er ei bygd paa Østlande som heiter Ørskau - d. v. s. saaleis kallar folk ho til dagleg. Men ho skrivs «Urskog». I fyste leden har vi den danske vankunna; for «Ør» det har ingen ting med «Ur» aa gjøra, det er det gode norske orde «aur» som blir stytt av saaleis naar det kjem saa mange medlyd etterpaa. Men i andre leden har vi god norsk - vestlandsform. Og paa den gjerda har dei faatt tynt heile østlandsnamne.

Saaleis kjem det til aa gaa med alt østlandsmaale, om maalstriden her østpaa bare skal vera ein strid om hokken som kann faa overtake, det nye landsmaale eller det gamle bokmaale. Østlendingen lyt naa reise seg og krevja rett og rom for sitt eige. Og han maa ikkje bare be om rom innafor et av dei to skriftmaala som er i bruk naa. Skal han faa retten sin, lyt han endeleg ein gong lære seg til aa staa paa sin eigen grunn.

Det er mange taa oss som har stræva i mange aar med aa faa landsmaale til aa lempe seg noe meir etter østlandsmaale. Men det er fælt lite vi har vunni. Og det er gode østlendingar dessmeir som seier: Ein maa ikkje brøyte noe paa landsmaale, uta vestlendingen gjev samtykke sitt; for vestlendingen har naa faatt som ein serskild eigedomsrett til landsmaale. Men skal vi bare ta det som vi fær av naade taa vestlendingen, da blir det seint aa sleppe fram; eg tvilar for vi kann ikkje dryge saa lenge.

Saa er det mange som arbeider trutt med aa faa østlandsmaal inn i det gamle danske bokmaale, og i some bøker kann ein sjaa det har mona godt. Men i heile den store bok- og bladflaumen som dag etter dag skyl ut over bygdene, merkar ein likevel lite til denne «fornorskinga». Det er tjukt nok med dem som skrik paa «fornorsking»; men det er hosta faa som vil gjøra bokmaale norskt nok, - ennda færre som i sanning vil gjøra det norskt. Og det er naa et norskt maal østlendingen maa ha; han kann ikkje greie seg med mindre.

Eg veit væl at det er mange østlendingar som lever og dør i den sæle trua at dei talar det bokmaale dei finn i bøkene og blada sine. Men om det var sant, hot skulde ein da med «fornorsking»? - Nei, østlendingen talar norsk, det er sanninga. Og vil han vera seg sjøl, - vil han vera norsk, - saa lyt han setta igjenom dette norske maale sitt, saa det blir det som raar her paa Østlande.

Han kann ikkje slaa seg til taals med et bokmaal som strir saa sterkt som bokmaale ennda gjør imot alt det støaste norske i østlandsmaale. Østlendingen lyt seia til seg sjøl: Fram med østlandsmaale! Og saa lyt han sjøl bera det fram til rett og magt. Programme maa vera det same som han Ola i Aasen sette op i 1832: «Inte knote!»

Naa er det slett ikkje saa at dette programme har vori reint gløymt bort alt sia 1832. Han knotar ikkje, østlendingen, saa til dagleg. Men han maa slutte aa knote elles au. Han maa ta den eine festninga etter den andre ifraa knote.

Han har alt lenge vori i gang med dette. Det var ein gong i 60-aara dei heldt et stort møte, lærarane paa Østlande, og der kravde dei rett til aa bruke bygdemaale i skolen. Den retten fekk dei i 1874; barna fekk lov til aa tala heimemaale sitt paa skolen, og lærarane fekk paalegg om aa bruke same bygdemaale saa godt dei kunde. Men dette var ennda ikkje nok. Fire aar etter kom det et framlegg i Stortinge om at all oplæringa i skolen skulde gaa for seg paa bygdemaale; 36 stortingsmenner hadde sett namne sitt under dette, og fremst taa dem Akershus-repræsentanten Johan Sverdrup. Framlegge gjekk igjenom samrøstes, og Regjeringa gav ut forskrift om at «undervisningen i almueskolen bør saavidt mulig meddeles paa børnenes eget talesprog». I skolen har da østlandsmaale sin faste og gode rett - paa papire. Men skal dette bli meir enn papir, - skal det bli liv i aand og sanning, saa er det greitt at det maa meir til; da maa østlandsbarna faa stavebok og andre lærebøker paa sitt eige maal. Vi fær aldri knote ut or talen, før vi fær det ut or bøkene. Ein blir aldri god for aa tala bygdemaale sitt fritt og friskt i alle høve og om alle ting, minder ein finn det paa prent og lærer seg til aa skrive det etter faste reglar. Østlandsmaale maa ikkje bare lye ute paa aakeren eller innafor stuguveggen; det maa bli sett til høgbords i samfundslive og kulturarbeide. Og østlendingen sjøl maa vera kar for aa gjøra det.

Det er ikkje trong bygde-patriotisme, naar østlendingen saaleis gaar i veg med aa reise maale sitt. Han gjør det taa di at han er normann og vil vera norsk. Han vil la alle dei andre ha sin rett der dei hører heime; men her paa Østlande er det østlendingen som skal raa. Og reiser han sitt maal saaleis som vestlendingen har reist sitt, da blir det tilsaman ei stor norsk reising. Det blir det norske folke som renskar taa seg den siste resten av fremmend-velde. Det blir folke som tar magta ifraa overklassa. Det er ein veldig vinning for norsk folke-framgang, naar østlendingen blir seg sjøl fullt og fritt.