Åse Gruda Skard
Oppseding til menneskevyrdnad
Norsk Forening mot Rasehat, Oslo, 1938
Kilde: Norsk pedagogisk tidsskrift nr. 2 1986

Vi lever i ei vond verd idag. Kvar morgon får vi bod om nye redsler. Ein blir redd for å opne avisene, kjenner angest kvar dag ein slår opp augo: Kva har hendt ute i verda i dette siste døgnet? Vi får høyre om bombardement der hundrevis av menneske, av barn er drepne. Små nasjonar blir sletta ut på ei natt. Raseforfylgjing blir dekretert og gjenomført. Alt ein kan kalle «folkerett», respekt for retten, fredsvilje, toleranse - det blir straffa! Og stroken bort blir den rolege tanken, den gjensidige skynsemda, - alt det som var bygt opp med stor møde og som vi trudde skulde byggjast vidare.

I staden for det ser vi korleis menneska blir innekserserte i hat og valdshug. Det som får rå er vanvyrdnaden for andre og brutaliteten.

Stendig må vi kjenne angest for det som kan kome.

Overfor alle desse redslene, desse forferdelege bylgjene der jamvel dei store nasjonane blir små, må vi sjølvsagt få ei kjensle av at vi er totalt makteslause. Vi kan ikkje stanse alt dette i dag.

Men må vi då bare leggje hendene i fanget? Kan vi ikkje gjøre noko?

Kan vi ikkje i minsto gjøre noko her hos oss, kan vi ikkje bu oss på noko vis i vårt vesle samfund, arbeide for at det ikkje skal bli vanvittig her, gjøre noko foråt det ikkje skal bli den grobotnen her?

Vi spør oss sjølve: er det ikkje råd å hjelpe næste generasjon slik at han ikkje kjem til å liggje under for rasehat, krigsmentalitet o.l.? Kan vi ikkje få ein generasjon som ser at alt dette er avsinn og sjølvøydeleggjing? Er det ikkje mogleg å oppsede ei slekt av verkeleg sosiale menneske, med samkjensle med alle andre - menneske som har jamvekt i seg sjølv og i tilhøve til verda, menneske som ikkje er til fals for det fyrste, beste slagordet, som ikkje er nøgd med å marsjere, med å lyde ordrar? Menneske som ikkje er angstbitarar, ikkje fyllte av undantrengde åtakslyster som bare treng ein gneiste for å slå ut i veldige flammar?

Det fyrste vi då må spørre om, er: Korleis blir menneska slik som dei altfor ofte er idag? Det må være visse turfter som blir stetta på denne måten. Kva er det for turfter som driv menneske til å gå i takt og lystre blindt? Eller til å vanvyrde andre rasar, forfylgje jødar, lynsje negrar, - eller snakke nedsetjande om dei?

Kva er det som øydelegg vår naturlege vyrdnad for andre menneske i det heile? Har det årsaker som vi kan kome til livs?

Nærmar ein seg verdsproblema i dag med ei slik spursmålsstilling, vil det naturlegvis vise seg, at det her er mange og ytterst innfløkte årsaker. Gamle stridsspursmål, uløyste nasjonalitetsproblem, maktmotsetningar, strid om makt, urettferdige fredsslutningar (nå sist Versaillesfreden), ein arv av brutalitet og vanvyrdnad for menneskeliv frå krig på krig, ikkje minst verdskrigen, osb. osb. - og under altsaman ei djuptgåande sosial urettferd i alle land.

Men når desse faktiske misforholda verkar slik, - når det er så lett å få massene til å bruke dei som påskot, når det går an å pense eit heilt kultivert folk inn på jødeforfylgjing bare med nokre års pressekampanje, når slagorda slår an om dei har aldri så dårleg grunn, når løgnkampanje er effektiv og ikkje møter motstand, når enkeltmenneska bøygjer seg såpass lett for masse-suggestionar, - då må det visseleg ha samanheng med ålmenne sjelelege vilkår òg. Har det årsaker som vi kan kome til livs? Det må m.a. hange saman med indre tilhøve i individet, vanskar, kompleks, konfliktar inne i menneska sjølve, med dei same mishøva inne i oss som gjør går ikring med mistillit til andre menneske i det heile. Vi er redde for at folk skal le av oss, skal tykkje vi er «rare», vi er redde for å dumme oss ut og redde for å «være annleis». Vi er redde for å tenkje sjølve, for tenk om resultatet vart eit anna enn det andre har kome fram til! Vi er redde for å utlevere oss, - og dermed redde for verkeleg ekte kontakt med andre, ikkje bare konvensjonell, overfladisk daglegprat.

Alt dette heng saman med at vi i grunnen er så usikre inne i oss sjølve; og det spørst om ikkje den forferdelege skorten på stabilitet i verda idag har ei av røtene sine i den reint menneskelege skorten på tryggleik, indre tryggleik. Difor må vi millom anna setje arbeid inn på dette punktet. Og her gjeld det oss alle.

Det som moderne psykologi fyrst og fremst har lært oss, er at karakteren vår, våre vanskar og skavankar, det har alt saman opphav og røter i barndomen vår. Skal dei vaksne bli annleis, må fyrst og fremst barndomen bli annleis. Skal næste ættleden bli betre en vi, må vi leggje tilhøva annleis til rette for den nye ættleden. Det nyttar ikkje med bare å preike for dei unge om toleranse, fredssak, o.l.

Lat oss sjå litt på korleis vi vaksne som regel ber oss åt mot barna og kva fylgja blir av det.

Eit barn kjem til verda med ei rekkje turfter, og med anlegg til mange fleire. Frå fyrst av ligg det stilt, bortsét frå at det skrik nå og då. Men medkvart tar det til å handle. Det oppdagar verda og seg sjølv og vil granske alt nærare. Det opplever lyst og nyting ved ein del tilhøve og ein del handlingar, og vil ha dei tatt opp att med større eller mindre millomrom. Etterkvart som barnet veks og utviklar seg, blir handlingsradius vidare og effektiviteten større. Men dermed er det Ikkje eit bekvemt spebarn meir. For dei vaksne er det slett ikkje bekvemt lenger. Krav og turfter hos vaksne og hos barn kjem ofte i konflikt med kvarandre.

Nå, det er i og for seg inga serleg ulukke. Men dei vaksne, dei er store, sterke, overmektige. Det blir ikkje ein konflikt millom jambyrdige, det blir stendig konflikt millom ein liten og ein stor, der den store ikkje drar seg for å bruke makt eller truge med makt.

Oppsedinga, slik ho som regel ter seg, har som utgangspunkt krava åt dei vaksne og deira turfter. Vi segjer nok ofte, at «for barnet skuld» må det være slik og slik. «Barnet kan jo ikkje få venje seg til ditt eller datt», eller «vi kan då ikkje la det truge seg fram, det må då lære ...» eit eller anna. Ja, vi straffar barn «for deira eige beste» når natura deira er annleis enn vår.

For å ta konkrete eksempel: Vi vaksne vil gjerne ha ro - til å lese avisa, til matmåla o.s.b. Så krev vi av barnet at det skal «sitje stilt», «tegje», o.l. Og vi forsikrar at barnet lyt «venje seg til» å sitje stilt. Men vi tenkjer ikkje på at barn har mykje større trong til å røre på seg enn vi, at når vi tvingar barnet til å halda seg roleg, så vil denne trongen frå fyrst av bare bli sterkare og sterkare, bli nærsagt som ei kribling i heile kroppen, - og så «slå inn», bli til vanskar inne i barnesinnet, i form av overdreven dagdraum og avsky for spontane rørsler. Rørsleinstinktet, som vi godt kan kalle det, vil krevje avlaup på andre vegar. Vi ser det når t.d. barn kjem ut frå skulen: mange barn hoppar og kastar på seg, blir heilt ville; hos andre har forbodet gått så heilt i blodet at dei framleis er rolege og sedate. Men så nyt dei kanskje til gjengjeld å få marsjere i takt! Her er rørsla tillaten, godkjend av dei andre.

Innstillinga hos dei vaksne er diktert ut frå deira turfter - som naturlegvis har sin rett. Men dei vaksne ser ikkje at barna har sine turfter, dei vaksne har ikkje respekt for turftene hos barna, ikkje respekt for serdraga hos barna, ikkje respekt for mogningsgraden og mogningsgangen hos barnet.

Lat oss ta som eit anna døme reinsemds-oppsedinga. Vi vaksne vil sjølvsagt gjerne at barna skal bli reinslege tidleg. Det er godt for oss å sleppe barnevasken. Så tvingar vi barnet til å sitje på potte eller held det fram alt medan det er reint lite. Vi legg eit sterkare eller veikare åndeleg press på barnet for å få det til å produsere noko når vi vil og ikkje elles. Eit sterkt press er det når barnet får straff «når det går gale». Eit mildare press, men eit press, er det når barnet får ros og kjæl når det går godt og ikkje elles. Men dei vaksne tenkjer ikkje på kva det kostar barnet å halde seg. Dei har som regel ikkje respekt nok for barnet til å vente til barnet er moge nok, slik at denne oppsedinga kan kome som ein naturleg ting. Til samanlikning kan vi ta eit eksperiment frå eit anna omkverve. Ved ein skule i London der barna pla byrje i 5-6-årsalderen, delte dei eit år nybyrjarane i tri grupper som var homogene i intelligens, heimemiljø o.l. Eine gruppa fekk undervisning i lesing frå fyrste stund, altså frå dei var 5-6 år, andre gruppa byrja fyrst eit år seinare, altså då dei var 6-7 år, og tridje gruppa byrja endå eit år etter det, altså då barna var 7-8 år. Ei tid etter vart det granska kva for gruppe som las best - dei hadde alle lært etter same lesemetoden. Det viste seg då at 3dje gruppa las best, 1ste gruppa dårlegast. Dersom det var rett at øving var det viktigaste, laut det ha vore omvendt, for fyrste gruppa hadde fått øve seg i 2 år meir enn 3dje. Forklåringa på det faktiske resultatet må vera fylgjande: 5-6-åringane var ikkje mogne nok til å lære å lese då dei laut byrje; dei opplevde difor lesinga som noko vanskeleg, noko dei ikkje makta; kvar gong dei skulde til å lese, fekk dei kjensla av at «dette er noko eg ikkje greier», dei vart motlause og likte ikkje å lese. 7-8-åringane derimot var fullmogne til lesinga; dei opplevde ho som noko lett, noko dei greidde godt og som difor var morosamt; dei fekk tru på seg sjølve og glede ved arbeidet. 6-7-åringane var i ei millomstode millom dei to andre gruppene.

Men det er ikkje noko sersyn at barn opplever det same som desse 5-6-åringane opplevde med lesinga. Stendig tvingar vi barnet til handlingar som det ikkje er moge nok til. Kvifor? Dels fordi det er bekvemt for oss å få barnet til å bære seg på visse måtar, dels fordi vi er forfengjelege. Vi vil gjerne at barnet vårt skal lese tidleg så vi kan briske oss med kor dugande det er. Vi krev t.d. høflege former av barnet foråt vi kan syne det fram til andre menneske og høyre dei kyte av ungane som segjer «takk», «goddag» og «orsak» og bukkar, neiar og sit stilt. Men desse oppsedingskrava viser fyrst og fremst at vi ikkje har respekt for barnet.

Oppsedinga er ikkje berre påbod, ho er kanskje aller mest forbod, og ho er ofte i høg grad forbod mot å kjempe, mot å bli sint. Lat oss ta som døme ein sers daglegdags situasjon: Ein 2-3-åring får sjå ei serleg fin bok i hylla eller på bordet, eller ei skål eller eitkvart anna som vekkjer interessa. Den naturlege trongen til å granska tingen nærare vaknar, han tar tak i boka eller skåla og drar ho til seg. Dei vaksne er sjølvsagt redde for at tingen skal bli øydelagd, dei har trong til å verje det som kanskje har kosta dei pengar, stor møde og offer å få tak i. Det er bare rimeleg at dei vil hindre at barnet øydelegg for dei. Men det er like rimeleg at barnet vil ha greie på alle dei rare tinga i verda. Dei vaksne nøgjer seg som oftast ikkje med roleg å ta tingen bort, dei kvesser i med: «Ikkje rør!», gir kanskje barnet ein dask, riv tingen brått frå barnet, segjer kvast at det er «ein uskikkeleg unge» eller eitkvart slikt. Barnet ser ikkje bare den spanande tingen blir borte, det opplever eit vonbrot og eit nederlag samstundes. Det er rimeleg at barnet blir sint og lei: det set i å skrike. Men dermed uroar det dei vaksne, og eit nytt forbod fylgjeer: Hald opp med det skriket, svelg gråten! Barnet greier kanskje kvele sinnet utvendig, men det har då bokstaveleg svelgt det, blir gåande med det innvendig. Det formar seg om til motvilje, til hat. Evna til å kjempe blir lama. «Det nyttar ikkje!» opplever barnet gong på gong. I 3-5-årsalderen har barn gjerne det vi kallar «ein trassperiode»: samanstøyten millom det barna vil og det omverda ynskjer, er då serleg livleg, og barna strir for «det som dei har kjært», for sine planar og ynske. Men dei vaksne har overmakta og nyttar ho som oftast til det yttarste. Barn strir til fånyttes. Naturlegvis set det merke. Det skapar ei livsinnstilling: det nyttar så ikkje likevel!» «Du er dum som strir, straffa blir bare større av det!»

Mange vil nå kanskje tenkje: For eit latterleg vanhøve millom årsak og verknad! Ja, det kan kanskje synast slik. Men her har den psykologiske gransking lagt fram overtydande tilfang. Fleir enn vi tenkjer av dei motlause, nedspente, hemja menneska som vi alle kjenner, og meir enn vi trur av motløyse og mistillit til eigne evner i oss sjølve, har rot i slike såkalla «små» ting i barndomen, i ting som kan synast forsvinnande - som eit frø frå først av, men som veks liksom frøet til det blir skugge over heile livet åt den vaksne av det.

Mange slike «små» situasjonar opplever barnet. Det er viktig t. d. når barn spør. Vi tar det då ofte ikkje ålvorleg. Vi ler av spursmåla, eller vi segjer: «Ikkje mas», «fy, ikkje tenk på slikt» o. 1., og dermed blir den sunne vitetrongen hos barnet kuva. Og ikkje berre det: Barnet kjenner seg på nytt audmykt, ledd av, såra, tilliten til andre menneske blir skaka. Og tilliten til det sjølv får på nytt eit grunnskot: «Så dum eg er» blir grunnkjensla som held seg lenge etter sjølve situasjonen er over.

Men endå viktigare er det med alt som kjem inn under kravet om at barnet skal lystre og den vaksne være autoritet: «Du må lyde straks», «det er slik når far har sagt det». For oss vaksne er det bekvemt å ha det slik. Og det stettar trongen vår til å spele herre, hevde oss. I yrkesarbeidet blir dei vaksne så altfor ofte kuva, utnytta, slik at arbeidet korkje gir den glede som ein har krav på eller gjør ein så nøgd med seg sjølv og sine eigne prestasjonar som det skulde. Så tar den vaksne det igjen når han kjem heim. For mora er situasjonen som regel at ho har husarbeid anten ho så har hug til det eller ei. Ho er økonomisk avhengig av mannen, og blir dermed så altfor lett avhengig av mannen sine meiningar òg. Men om ho blir dominert slik, så kan ho sjølv dominere barna! Eit anna moment kjem òg ofte med: Mora som går åleine heime mesteparten av dagen kjenner seg isolert, forsømt. Ho har bare barna. All kjærleiken sin auser ho ut på dei, og bind dei dermed for sterkt til seg slik at ho hindrar dei frå å bli sjølvstendige.

Barna har stor hugnad av mange slags handlingar som vaksne av ymse grunnar set stengje for. Somtid ser det mest ut til at vaksne har ein tendens til å stogge eller hemje alt som heiter barns lysthandlingar. Heilt frå fødselen har barna t. d. glede av å røre lemene sine. Men det er ikkje mange åra sidan det var vanleg skikk og bruk å reive spebarna så dei ikkje fekk stetta trongen til å sparke, slå om seg med armane o. 1. Småbarn har glede av sjølve det å suge omfram den suginga som skaffar dei mat; dei syg på alle ting dei får og dei syg på fingrane sine. Men kor mange foreldre er det ikkje som set stive mansjettar på dei små barnearmane for å hindre barna i å få hendene i munnen, eller som smør sennep el. likn. på fingrane slik at gleda skal bli øydelagd? - Den barnlege onanien som er ei naturleg handling på eit visst utviklingssteg, hindrar dei vaksne med å binde hendene til sengkanten, med trugsmål om kastrasjon, om fæle sjukdomar o.s.b. Den sunne trongen til å granske verda, ta i tinga, få greie på korleis dei er laga, blir møtt med formaninga «bare sjå, men ikkje røre». Når all fri livsutfalding blir slått ned, er det noko som blir drepe inne i individet. Eg såg ei lita gjente på 4-5 år som kom med foreldra sine nedover gata framom Kunstnernes Hus i Oslo. Ho hoppa og dansa nedover, kroppen spratt som ein ball så full av liv og glede var ho, og framfor foreldra var ho heile tida. Då ho fekk sjå bronseløva ved foten av flaggstonga utanfor Kunstnernes Hus, sprang ho til og ropte strålande: «Den vil jeg ri på!» Mora tok henne i armen og sa hardt: «Nei, det er for kaldt.» Det var ikkje serleg kaldt; men mora sjølv hadde vel ikkje hug til å ri på bronseløva og difor forstod heller ikkje ho at barnet hadde det. Eller kanskje ho nett hadde hug til det, men ikkje våga, og så heller ikkje unnte andre det ho sjølv ikkje kunde få. Men verknaden på veslegjenta var uhyggeleg: Ho sokk saman, det var som det spelande livet i kroppen vart heilt borte; dauvleg drog ho seg nedover gata, hekk etter foreldra, det var som ho ikkje kunde få beina med seg og som kroppen var ein tung sekk.

Det kan hende at dette var eit isolert tilfelle. Men det er meir truleg at det var eitt døme av tusen. Og trur nokon at det ikkje set merke?

Store vonbrot kan barn oppleve fordi foreldra skifter heller mykje i innstilling ettersom barnet veks. Som regel forgudar foreldra spebarnet. Mora kjem punktleg til alt barnestell, og foreldra set få eller ingen krav til veslebarnet. Men såsnart barnet blir større, 1 1/2-3 år eller så, blir det annleis, og det ofte heller brått. Mor «tar det ikkje så nøgje» t. d. med å kome heim til tider då barnet ventar. Foreldra gløymer lovnader dei har gitt o. 1. Samstundes aukar krava til barna, oppsedinga set inn ofte med mas og straff. Medan spebarnet var sentrum i huslyden, så glid dei større barna reint ut i periferien.

Barnet kjenner seg då ofte sviken. Og kvar blir det av tilliten til dei andre menneska då?

Kva er det som skjer med barnet i alle desse ulike situasjonane, om att og om att? Det blir gong på gong slått tilbake, hemja, audmykt. Det misser tilliten til dei vaksne og misser naturleg tryggleik på seg sjølv, sunn vurdering, sjølvvyrnad.

Og kva skjer så? Barnet svarar med mange ulike reaksjonar. Det prøver å ta att for det som de har mista. Det byrjar t. d. å slåst med andre barn. Det tar til å erte og plage dei som er mindre enn det sjølv. Alt det sinnet det måtte kuve og svelgje, får avlaup overfor desse andre barna. Og den naturlege utviklinga av dette er at barna veks opp til å vanvyrde alle som er annleis, t. d. negrar, alle som er veikare, som t. d. kvinna. Og serleg ser vi utslag av dette i jødeforfylgjingane. Når det viser seg at det er så lett å få barn med i jødeforfylgjinga (og dei vaksne drar seg ikkje for det!), er ikkje grunnen til det nettopp å finne her? Barna går med så mykje undertrykt sinne og hat, dei så å segje ventar bare på å finne nokon dei ustraffa kan la det gå utover. Så peikar dei vaksne ut jøden. Og barna lar sitt hat, som i grunnen var retta mot dei store vaksne, fløyme ut over stakkaren. Denne overføringa av sinnet frå eit objekt til eit anna, er ikkje sermerkt for menneske åleine. Vi finn ho att i dyreriket. Psykologen Köhler fortel t.d. at når han straffa ein av dei store apane, så våga ikkje den gjøre noko att mot han, men sprang gjerne bort og prylte ein av dei små apane, enda han ikkje hadde gjort noko vondt. Det er denne same prosessen vi finn hos menneske òg. Den som har blitt slått ned, blitt audmykt, søkjer seg gjerne andre råder til å hevde seg: Kan ein ikkje sjølv kjenne seg sikker og stor, så kan ein iminsto gjøre andre små, nedvurdere alle andre, kritisere dei og mismæte dei. Ein kan på den måten ikkje ha verkeleg vyrdnad for andre menneske. Skal ein ha sann vyrdnad for andre, må ein ha sikker, naturleg vyrdnad for seg sjølv.

Så er ein likevel redd for å skilje seg ut frå andre. Ein har ikkje full tiltru til eiga vurderingsevne, ein glid inn i den grå massen. Ein vågar ikkje tenkje sjølv; det er tryggare å gjøre som dei andre. Ein ligg under for massesuggestionen, blir eit bytte for slagorda. Og grunnen er då ikkje minst at ein aldri hadde lært å døme sjølv og handle etter det! Kravet om at barnet skal vera lydig, fører til at det både i barndomen og som vaksen blir lama i spontan handlekraft og ikkje maktar å føre sunt sinne (en «rättfärdig vrede» som Karlfeldt talar om) over i aktiv reaksjon. Ein kjem bare til alltid å søkje etter «der Führer», etter autoritetar som ein kan lystre. Då slepp ein å tenkje sjølv, då slepp ein å handle på eige initiativ. Kravet om at barnet utan vidare skal bøygje seg for autoriteten og bare lystre blindt, fører til at det blir usjølvstendig og tiltakslaust. Men samstundes blir det misnøgd og uroleg på botnen av seg sjølv.

Mistilliten og mistrua som barnet får gjenom ymse opplevingar, fører til at det let seg att om seg sjølv, misser den sanne, røynlege kontakten med andre. Det misser samkjensla med andre, dermed evna til å kunne leve seg inn i andre sine kjensler, og dermed òg evna til å vera verkeleg snild. Den som sjølv i sin inste grunn er misnøgd, har vanskeleg for å unne andre noko. Å gi bort blir ei plikt. Grunntendensen i sjelelivet blir snarare det motsette: hug til å ta frå andre, eller i beste høve få andre til å gi. Ein blir grisk og havandssjuk, det som er grunnlaget i krigsmentaliteten.

Spør vi nå korleis barndomen bør vera forat vi skal vekse opp til sann menneskevyrdnad, så kjem vi fram til desse krava: Vi må fyrst og fremst ha vyrdnad for barnet, vi må vise vår vaksne vyrdnad for barnet. Det tyder ikkje at vi skal forgude barnet eller være sentimentale overfor det. Barnet er ikkje noko guddomeleg. Det er ikkje «godt av naturen», men det er ikkje «vondt av naturen» heller. Kvart menneske er like verdifullt som noko anna menneske, og kvart barn er like mykje verdt som kvar vaksen. Barnet er ikkje ein vaksen i miniatyr, barndomen er ikkje bare fyrebuing, «skule», til vaksen alder. Barndomen har si eigenart, sine serskilte turfter, sin mogningsprosess som vi lyt kjenne, ta omsyn til og ha vyrdnad for.

Dinæst lyt vi sjå at prinsippet «vanar» ikkje er einaste lova i sjelelivet. Vi har alle turfter som blir sterkare når dei ikkje blir stetta og blir borte når dei er stetta («metta»), og attmed læring og vanar må vi i høg grad rekne med mogning både i turfter, evner og dugleik. For å vise skilnaden millom «vaneprinsippet» og «turftprinsippet» kan vi ta eit einfelt døme: Ei lita gjente tar til å søle med vatn såsnart ho kan kome til, og har stor moro av det. «Vanepsykologane» vilde nå segje: Ho må ikkje få lov til det, ho ven seg bare til å søle med vatn, og ho må venje seg av med slikt søl. «Turftpsykologane» derimot vilde hevde at ho nett må få drive på, få «søle seg ferdig», så vil ho halde opp å søle av seg sjølv når turfta er stetta, og då vil ho sleppe å oppleve vonbrotet og nederlaget med forbodet. Det er sjølvsagt ikkje råd å la vera med å setje opp forbod for barn. Det må t. d. være forbod når det gjeld livet; men forboda må alltid ha sakleg grunn. Vi må kome bort frå alle forbod som kjem av fordomar, konvensjonalitet, o.l.

Vi må hjelpe barnet til å skjønne kvifor forbodet er der, og til å gå inn for det sjølv. Det må altså bli slik at barnet ikkje lystrar i blinde, bøygjer seg for makt og autoritet, men går med, at det ikkje lystrar mot sine eigne impulsar, men fører impulsane sine inn i ei viss leid fordi den leida har eit fyremål. Vi må kome bort frå den vanlege overvurderinga av den militære disiplinen med sine fyremålslause autoritetskrav.

For det tridje må vi sjå på sinnet som ei positiv kraft i menneska, ei kraft som heng saman med viljen, med evna til å setje noko inn på ei sak. Difor må vi ikkje straffe sinne hos barn, med ris, med å setje det åleine el. likn. Vi må forstå at barna blir sinte, om vi så ikkje kan gje etter for sinnet deira. Ettersom barnet mognast vil vi då sjå at sinnet tar andre former, og at sinnet så å segje mognast med barnet til ei verdfull kraft i det.

For det fjorde må vi prøve å få barnet oppseda mest mogleg av sine eigne jamlikar, av andre barn, slik det skjer i barnesamfund av ymse slag, i store syskenflokkar, kameratflokkar eller aller best i barnehagar, dagheimar o.l. Der er barna med i eit kollektivt liv slik at samkjensla med andre blir styrkt. Der lærer barna å gi opp sitt eige for sams bate. Dei går inn i arbeidet for å løyse sams oppgåver, som bare kan bli løyste i samarbeid. Difor kjem dei til å innordne seg i samfundet naturleg og viljug. Der er sams lover som gjeld alle; forboda er ikkje retta mot den einskilde, men mot mange; og dei som innprentar reglar og lover, er ikkje store, overmektige vaksne, men menneske av samme storleik som ein sjølv.

For det femte trengst det rom for barna. Helst skulde barna i kvar huslyd ha sitt eige rom som var deira. Men i alle høve må dei ha ein krok der dei kan rå. Det er vondt å sjå alle dei gamle husa der det ikkje var rom til barna; men det er endå verre å sjå dei ny leigegardane som skal vera så «moderne» og som kjem til å bli ståande i aldri så lang tid, og der det ikkje finst ein stad der barn naturleg kan vera. Barn skulde ha slike tilhøve at dei kan få leike fritt - det viktigaste som barn i det heile kan ta seg til -, slik at dei kan bråke fritt utan omsyn til huseigarar og altfor nærtakande andre leigebuarar. Stutt sagt: barna må få meir av den fridomen som dei har på landet og som dei kunstige tilhøva i byane har gjort ende på.

Og endeleg, og det er kanskje det viktigaste av alt, må dei vaksne kome ned av den pidestalen dei har sett seg sjølve opp på, og halde opp med å være så mykje «betre» enn barna i alle høve. Vi må slutte med å vera moraliserande alltid, slutte med å vera oppsedarar kvar augneblink i alt vårt samvær med barna.

Eg opplevde eingong i ei skuleklasse ein liten episode som lærte meg litt om korleis vi vaksne kan verke på barna. Det hadde vore ein fridag, og barna kom på skulen - det var i 2dre klasse - oppfylte av det dei hadde opplevt. Ein hadde vore ute på landet og var glødande ihuga etter å fortelje: « ... og så, Frøken, så var vi med og gav grisa mat!» «Det heter ikke grisa, det heter grisene!» Forteljinga vart tydeleg sitjande fast i halsen på guten. Han stirte litt tomt på Frøken, svelgde eit par gonger og tusla ned på plassen sin. Heile gleda over fridagsopplevinga var borte.

I ein heim opplevde eg at den 4-5-årsgjenta kom styrtande inn frå leiken med strålande augo, sprang gjenom stua mot mora og ropte: «Å mor, vi leker så morsomt, vi leker at . . .» «Tørk av bena dine før du kommer inn!» sa mora. Glansen i augo åt veslegjenta døydde bort, og mor fekk aldri vite kva den morosame leiken var.

Det må bli slutt med at vi vaksne er ufeilbarlege. Det er ikkje slik at far alltid har rett, eller at mor ikkje kan ta imiss.

Dei vaksne er då vanlege menneske som kan ta feil, kan misforstå, kan bli sinte i utide, og i det heile gjøre mykje som ikkje er fullkome.

Det må bli slutt med den latterlege dyrkinga av ei vaksen idealverd som barnet naudsynleg skal passe seg inn i. Overfor barnet læst vi som vi har laga verda så ypparleg at dei bare kan gå inn i ho under full musikk slik ho er nå. Men sjå på verda! Er ho ypparleg? Barna oppdagar snøgt nok sjølve at verda på mange vis er meiningslaus, at det finst mykje som er dumt og inkonsekvent i ho. Lat oss like godt vedgå både overfor oss sjølve og dei at verda byd på problem som vi ikkje har greidd å løyse, og at dei er hjarteleg velkomne i arbeidet med å løyse dei.

Stutt sagt: Vi må kome bort frå all hykling overfor oss sjølve og andre og sjå sanninga i augo når det gjeld oss sjølve og dei drivande motiv for krava våre til barna. Vi må i det heile ikkje gjøre oss betre enn vi er. Vi har våre turfter, lat oss klårt vedgå det, og ofte er vi nøydde til å setje dei igjenom. Når t. d. eit barn får tak i manuskriptet mitt og byrjar rive sund og ete det opp, så må eg verje arbeidet mitt og ta manuskriptet att. Men eg må vera klår over at barnet ikkje då har gjort noka synd ut frå sitt standpunkt. Det er bare upraktisk for meg å få arbeidet gjort om inkje. Den trongen barn har til å granske og ta ting i munnen kjem i konflikt med trongen min til å ta vare på arbeidet mitt.

Vi vaksne må bli ferdige med å undertrykkje barna og stemple deira impulsar og turfter som «galne» og «synd». Vi må ikkje streve med allstøtt å være størst og ha rett. Men så lenge vaksne menneske sjølve blir undertrykte, er det ikkje lett for dei å ikkje ta det att overfor barna.

Kva kan vi så gjenomføre av alle desse krava?

Ein heil del kan ikkje gjenomførast slik samfundet er idag. Så lenge den vanlege mann blir økonomisk utnytta, ikkje har kjensle av at han sjølv haustar utbytet av arbeidet sitt, så lenge «Larsen» som vi kjenner han frå «Melodien som blev vekk», blir hundsa av dei overordna og «fru Larsen» ikkje fullt ut har kjensle av sitt eige menneskeverd, lenge kjem vel foreldre til å ta uretten igjen overfor barna. Så lenge idealet for dei einskilde individa er å «arbeide seg opp», d. v. s. kome seg fram på bekostning av andre, i såkalla «fri konkurranse», kan vi ikkje vente samarbeidsånd korkje vaksne imillom eller millom vaksne og barn, og heller ikkje naturleg vyrdnad for andre. Så lenge vi held på eit samfund med «klasseskilnad», så lenge heimane har fordomar om «finare» og «simplare» menneske, om betre og dårlegare rasar, og samfundet har konvensjonar som går på tvers av dei prinsipp eg har nemnt her, så lenge kjem barna til å sakne allgild menneskevyrdnad òg.

Reint praktisk melder husproblemet seg i fyrste rekkja. Vi treng hus der barn og vaksne kan være kvar for seg meir enn det nå er vanleg, slik at dei ikkje går kvarandre på nervane. Vi treng hus der det ikkje er så lydt at grannar bankar for å få ro og klagar så snart barna bruker evner og krefter, og dermed hemjar barna i sunn utvikling. Vi treng hus der det ikkje er ein trugande husvert som set stoppar for sunn leik inne og ute og dermed driv barna bort frå ei aktiv innstilling til verda over i passiv dagdraum, indre konfliktar som dei ikkje får avlaup for, og andre åndeleg uhygieniske tilhøve.

Allstad i landet, og særleg i byane treng vi organiserte barnesamfund, slik at barna kan vera saman i gode ytre tilhøve, særleg slik dei er det i barnehagar. Fleire gonger har vi fått sjå på Østkantutstillinga i Oslo korleis livshøva er for barn i Oslo: tronge husvære, myrke gardsrom, snaudt med leikeplassar ute og endå mindre inne, dårleg med tilsyn slik at trafikkulukkene tar altfor mange barneliv, - og dertil kjem trøytte og utaste foreldre som masar og straffar, vaksne som på alle kantar set altfor tronge grenser for sunt barneliv, o. s. b.

Om ikkje samfundet med eitt slag kan bli verkeleg godt for barn å leve i, så kan likevel noko bli gjort:

1. Vi kan få oppretta fleire barnehagar, og då vel å merke med kunnig, velutdana hjelp. Vi kan arbeide med å få bustad-spursmålet løyst. Vi kan arbeide for andre sosiale og økonomiske tilhøve. Til djupare ein ser barnas problem i verda idag, til klårare blir det at saman med arbeidet for ein ny pedagogikk, lyt ein ta opp ein radikal samfunds-politikk.

2. Vi kan prøve å sjå verda frå barna sitt standpunkt. Då må vi skaffe oss kunnskap om den naturlige utviklinga, og fyrst då kan vi stille krav som høver med dei evner som er til stades hos barna og det mogningssteget dei er på. Men fyrst og fremst må vi stødt og stendigt freiste å forstå korleis situasjonen ser ut frå barnets side. Dermed har ein alt eit stykke på veg den verkelege vyrdnaden for barnet, den som skal gi barnet vyrdnad for seg sjølv, og som det skal gi igjen overfor andre!

For mange vil slike tankar som dette tykkjast liggje langt frå den aktuelle verdssituasjonen. Mange tykkjer kanskje dei er utidsmessige og livsfjerne. I ei tid då vi ikkje veit om vi har fred veka ut, då alt tykkjest gå mot undergangen, stendig fortare mot undergangen, og då barneoppsedinga i mange av Europas største kulturstatar har blitt eit middel, og eit middel som blir utnytta omsynslaust, i tenesta åt militarismen, nasjonalismen og brutaliteten - då kan det sjå rart ut å gå inn for slike ideal.

Men like fullt: det er ein av dei vegane vi kan og som vi gå. Mange av dei ting som vi ser skulde gjørast er ugjenomførlege idag. Men her er i alle fall noko som vi har fått kunnskap om, og der vi stendig får vite meir og meir, noko som kan bli eit bidrag til ei betre framtid.

Vi vilde helst gjøre vilkåra for barna betre med eitt slag, men det kan vi ikkje, såvisst som vi ikkje kan forandre verda. Men vi får gjøre vårt her. «Tek kvar og ein sin vesle stein», ja, så munar det med tida.

Lat oss arbeide på alle frontar, setje alle krefter inn på at menneska kan bli sant lukkelege, lukkelegare enn vi! Bare slik kan dei nå fram til verkeleg vyrdnad for menneska og, for seg sjølve og andre, og få evne til å forme livet slik det er menneske verdig.