Harald 5
Melding om rikets tilstand
Stortinget, 24. september 2004

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Kampen mot internasjonal terrorisme har vore ei hovudsak også i 2004. Regjeringa har i dette arbeidet lagt vekt på ei brei tilnærming med bruk av politiske, økonomiske, juridiske og militære verkemiddel. Regjeringa har også vore oppteken av at ein må rette søkjelyset mot forhold som skaper grobotn for terrorisme, og at ein i kampen mot terror må tryggje omsynet til menneskerettane.

Regjeringa har arbeidd for at NATO skal spele ei viktig rolle i kampen mot internasjonal terrorisme og for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen. NATO-toppmøtet i Istanbul stadfestar at tryggingsutfordringane og kampen mot terrorisme framleis vil prege den vidare utviklinga i alliansen. NATO har som hovudprioritet å oppnå stabilitet i Afghanistan, ei målsetjing som også vil være viktig for tiltrua til alliansen framover. Noregs medlemskap i NATO vil framleis stå sentralt når det gjeld å ta hand om dei tryggings- og forsvarspolitiske interessene våre.

Regjeringa har gitt utviklingssamarbeidet høg prioritet i tråd med handlingsplanen for kampen mot fattigdom i sør. I 2004 er bistanden fastsett til 0,94 pst. av forventa nasjonalinntekt. Bistanden til utdanning, helse og hiv/aids har fått særleg prioritet. Regjeringa la i april fram ei stortingsmelding om utviklingspolitikken. Det er vidare lagt fram ein handlingsplan for landbruk i utviklingspolitikken og ein oppdatert og utvida handlingsplan om gjeldslette. Organiseringa av norsk utviklingssamarbeid er modernisert og effektivisert, og ein ny forvaltningsmodell er innført frå 1. april i år.

Regjeringa har ført ein aktiv europapolitikk for å ta hand om norske interesser. Både EU og EØSområdet vart utvida frå 1. mai 2004. Noreg har forplikta seg til å støtte dei minst velståande EU-landa med om lag to milliardar kroner årleg fram til 2009 og dermed bidra til økonomisk utvikling og rask integrering av dei nye medlemslanda. Regjeringa har også lagt vekt på å styrkje det politiske og økonomiske hopehavet mellom dei nye medlemslanda og Noreg.

Våren 2004 vedtok Tryggingsrådet i FN resolusjon 1546 som stadfestar at den amerikanskleidde okkupasjonen er slutt og at det skal gjenopprettast full suverenitet for Irak. Landet skal no etter planen gå igjennom ein prosess som skal ende med at demokratiske styringsorgan er på plass i løpet av 2005. Frå norsk side er det lagt stor vekt på den sentrale rolla FN skal spele i denne prosessen. Noreg har kanalisert bistanden til gjenoppbygging gjennom multilaterale fond som blir styrte av FN og Verdsbanken. I tillegg har Noreg gitt humanitær bistand gjennom FN, Raudekross-systemet og norske humanitære organisasjonar. Det norske ingeniørkompaniet i den internasjonale stabiliseringsstyrken i Irak avslutta oppdraget sitt som planlagt sommaren 2004. Noreg følgjer opp vedtaket i NATO om å støtte trening av irakiske tryggingsstyrkar i og utanfor Irak.

Regjeringa har lagt stor vekt på å bidra aktivt til ulike internasjonale krisehandteringsoperasjonar. Det er bakgrunnen for vedtaket om å auke den norske innsatsen i Afghanistan, mellom anna ved å støtte oppbygginga av det afghanske sivile politiet og eit regionalt gjenoppbyggingsteam. Vidare har Noreg teke del i den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken, ISAF. Regjeringa har også gitt omfattande støtte til overgangsregjeringa og auka bistanden til den meir langsiktige gjenoppbygginga. Samtidig blir det framleis gitt humanitær hjelp.

Hovudrådet i Verdshandelsorganisasjonen, WTO, vedtok 31. juli 2004 rammeverket for vidare forhandlingar om mellom anna landbruk og industrivarer, medrekna fisk. Regjeringa vil arbeide aktivt for å sikre viktige nasjonale interesser i dei vidare forhandlingsrundane. Målet er å styrkje det internasjonale handelssystemet og sikre meir rettferdige handelsvilkår.

Regjeringa har i 2004 prioritert høgt oppfølginga av FN-toppmøtet i Jonhannesburg om berekraftig utvikling, og har også arbeidd aktivt internasjonalt for å oppfylle FNs tusenårsmål. Den norske formanskapen i FN-kommisjonen for bærekraftig utvikling førte til ei revitalisering av kommisjonen.

Regjeringa har engasjert seg aktivt mot utsleppa av TC-99 frå Sellafield. Britiske styresmakter har gitt løyve til ny reinsemetode som vil redusere utsleppa med over 99 pst.

Den økonomiske politikken til Regjeringa er basert på retningslinjene for ei gradvis og varig innfasing av oljeinntektene i økonomien. Den økonomiske politikken skal samtidig føre til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. I tråd med dette la Regjeringa i mai fram eit revidert budsjett for 2004. Behandlinga i Stortinget medførte ein auke i bruken av oljeinntekter på 700 mill. kroner i forhold til framlegget frå Regjeringa.

Styringsrenta til Noregs Bank er pr. 1. september 2004 1,75 pst. Det er 1,25 pst. lågare enn på same tid i fjor. Sidan desember 2002 er renta vorten redusert 10 gonger.

Kronekursen har gått monaleg ned det siste halvtanna året. Målt med den effektive valutakursen i industrien var krona i september 11 pst. svakare enn i desember 2002. Styrkinga av valutakursen som fann stad i 2002, er dermed reversert.

Det er teikn til betring i arbeidsmarknaden. Etter ein nedgang i første halvår 2003 var sysselsetjinga relativt stabil fram til 1. kvartal i år, medan ho sidan har auka noko. Talet på arbeidsledige har gått ned sidan i fjor sommar. Ved utgangen av august var det registert 97.900 heilt ledige, noko som er 3.900 færre enn på same tid i fjor.

Deltakinga i arbeidslivet i Noreg er blant dei høgaste i verda. I fjor var 72,9 pst. av befolkningen mellom 16 og 74 år i arbeid eller søkte arbeid. Deltakinga i arbeidslivet i andre kvartal i år var likevel noko lågare enn i same kvartal i 2003.

Regjeringa la i mars fram ei stortingsmelding med framlegg til skattereform. Reforma vil gi eit betre og meir rettferdig skattesystem som vil bidra til auka verdiskaping.

Stortinget behandla i juni 2004 framlegget frå Regjeringa til vidare modernisering av Forsvaret i perioden 2005-2008. Det er sett nye og krevjande mål for moderniseringa, som mellom anna skal sikre at overføringa av ressursar frå støtteverksemd til operativ verksemd skal halde fram.

Regjeringa har fremja ei stortingsmelding om ytringsfridom. Regjeringa gikk mellom anna inn for å oppheve forbodet mot politisk reklame i fjernsyn, avgrense det strafferettslege ansvaret for ærekrenkingar og styrkje ytringsfridommen til dei tilsette. Regjeringa meinte dessutan at innsynsprinsippet burde grunnlovfestast.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken, som vart behandla av Stortinget i juni 2004. Her går det fram at ein i bustadpolitikken framover vil leggje vekt på tiltak som skal gi ein velfungerande bustadmarknad, reduserte byggjekostnader, fleire bustader til vanskelegstilte og fleire tilgjengelege og miljøvennlege bustader. Husbanken skal framleis vere ein bank for dei breie gruppene som skal etablere seg på bustadmarknaden.

Regjeringa har lagt fram ein plan for ein heilskapleg innovasjonspolitikk, der målsetjinga er at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda.

Regjeringa la våren 2004 fram stortingsmeldinga Nasjonal transportplan 2006-2015. Politiske hovudprioriteringar er tryggare vegtrafikk, meir miljøvennleg bytransport, at det skal bli lettare å komme fram i og mellom regionar, eit meir effektivt transportsystem og eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle.

Regjeringa har følgt opp barnehageforliket i Stortinget. Forskrifter om maksimalsatsar for foreldrebetaling og syskenmoderasjon vart innførte 1. mai 2004. I 2003 vart det oppretta nye plassar til 6 910 barn og 10 000 fleire barn fekk heiltidsplass.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om grunnopplæringa, og Stortinget har slutta seg til innhaldet i meldinga. Som ledd i å følgje opp meldinga blir det utarbeidd ein strategi for kompetanseutvikling i samarbeid med mellom andre Kommunenes Sentralforbund.

FN har ei sentral rolle i arbeidet for fred, tryggleik og utvikling og er ein hjørnestein i norsk utanrikspolitikk. Forsvaret held fram med å delta med observatørar og stabspersonell i ei rekkje FN-operasjonar verda over.

NATO er utvida med sju nye medlemsland, og Noreg har som ledd i dette teke aktivt del i overvakinga av luftrommet over dei baltiske landa frå april 2004.

Regjeringa har vore oppteken av å vidareutvikle samarbeidet mellom EU og NATO. Regjeringa har derfor sett det som positivt at EU tek på seg eit større ansvar for krisehandtering i Europa. Norge tok del i EUs første militære operasjon i Makedonia i 2003. Regjeringa har like eins ført vidare arbeidet for stabilitet og reformer på Vest-Balkan og har støtta arbeidet med vidare integrering av landa i regionen i det euroatlantiske samarbeidet. Regjeringa har også auka innsatsen i Moldova, Kaukasus og Sentral-Asia.

Regjeringa har arbeidd for å gi spørsmål som er knytte til miljø og berekraftig ressursutnytting i nord, større internasjonal merksemd. Noreg har vore ein pådrivar i atomtryggingssamarbeidet med Russland. Det omfattande samarbeidet med Russland er også styrkt gjennom den norske formannskapen i Barentsrådet.

Regjeringa har følgt opp det sterke engasjementet for fred og forsoning. På Sri Lanka har Noreg i perioden særleg arbeidd for å halde oppe våpenkvila og hjelpe partane med å finne grunnlag for å ta opp att dei formelle forhandlingane. På Filippinane har Noreg lagt til rette for forhandlingar mellom regjeringa og kommunistrørsla i landet. Noreg har ført vidare det aktive arbeidet for fred og konfliktløysing i Afrika, der Sudan og Afrikas Horn har vore særleg sentrale innsatsområde.

Noregs engasjement for ei varig og fredeleg løysing på konflikten mellom Israel og palestinarane er ført vidare. Det er lagt vekt på at begge partar må bidra til å setje i verk det såkalla "Vegkartet for fred". Regjeringa har halde fram arbeidet for ei reform av dei palestinske sjølvstyresmaktene og vore med på å mobilisere internasjonal budsjettstøtte.

Gjennom Schengen-samarbeidet er Noreg med i delar av EU-samarbeidet på justisområdet, og det har gjort det mogleg å møte felles utfordringar knytte til mellom anna migrasjonskontroll, grensekontroll og ulike former for grenseoverskridande kriminalitet, her medrekna terrorisme.

Noreg tok 13. mai 2004 over formannskapen i Europarådet. Regjeringa har hatt som målsetjing for den seks månader lange formannskapsperioden å setje Europarådet betre i stand til å ta seg av viktige oppgåver med å fremje demokrati, respekt for menneskerettane, godt styresett og å hindre konfliktar. Det har vore særleg viktig å styrkje og effektivisere Menneskerettsdomstolen i Europarådet.

Utarbeiding av eit internasjonalt program for å styrkje Noregs omdømme i utlandet har stått sentralt for Regjeringa i planlegginga av 2005-markeringa av oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige. Ved å opprette Noregsportalen, som er heimesidene til utanriksstasjonane på Internett, har Regjeringa gjort informasjon om Noreg tilgjengeleg på 18 språk.

Noreg utvida 1. januar sjøterritoriet frå 4 til 12 nautiske mil. Samtidig vart det oppretta ei tilgrensande sone på 12 nautiske mil utanfor sjøterritoriet for kontrollformål. Det har gitt Noreg eitt av dei mest moderne regima i verda for kystnære farvatn og set styresmaktene betre i stand til å møte aktuelle miljøutfordringar.

Dei nordiske landa er vortne einige om eit nytt miljøhandlingsprogram for perioden 2005-2008. Programmet legg spesiell vekt på dei nordiske landa sitt internasjonale arbeid på miljøområdet.

To globale konvensjonar som forbyr og regulerer handelen av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, Stockholm-konvensjonen og Rotterdam-konvensjonen, er sette i kraft i 2004.

Regjeringa har styrkt den norske deltakinga i det internasjonale forskingssamarbeidet gjennom rammeprogrammet for forsking og utvikling i EU, mellom anna gjennom særskilde stimuleringsmidlar.

Regjeringa la i august 2004 fram rapporten "EU sin Lisboa-strategi i et norsk perspektiv". Lisboastrategien har som mål at EU innan 2010 skal bli den mest konkurransedyktige økonomien i verda.

Bruttonasjonalproduktet (verdiskapinga) for Fastlands-Noreg auka med berre 0,6 pst. frå 2002 til 2003 ifølgje førebels nasjonalrekneskapstal. Veksttakta i norsk økonomi auka likevel klart gjennom året, og Noreg er no inne i ein ny konjunkturoppgang. Oppsvinget heldt fram i 2. kvartal 2004, og også statistikken etter 2. kvartal støttar opp under inntrykket av oppgang. Også i internasjonal økonomi synest konjunkturoppgangen å vere godt i gang etter at veksten tok seg opp mot slutten av 2003.

Ved utgangen av 2003 syner statsrekneskapen at verdien av Statens petroleumsfond er 847 mrd. kroner. Marknadsverdien av fondet har sidan auka til 942,4 mrd. kroner fram til utgangen av 2. kvartal 2004. Av denne auken var 51,7 mrd. kroner overføring til fondet. Regjeringa vil innføre etiske retningslinjer for forvaltninga av Statens petroleumsfond slik det er gjort rede for i Revidert nasjonalbudsjett for 2004.

Konsumprisindeksen auka med 2,5 pst. i 2003. Prisveksten utanom energi og justert for avgiftsendringar var 1,1 pst. I dei første åtte månadene var konsumprisene 0,1 prosentpoeng høgare enn i same periode i fjor, medan indeksen utanom energi og justert for avgiftsendringar auka med 0,2 prosentpoeng.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 105,2 mrd. kroner i første halvår, om lag 9 mrd. kroner høgare enn i same perioden i fjor. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka med om lag 122 mrd. kroner i første halvår i år.

I 2003 var nettoproduksjonen av olje, gass og NGL i Noreg på 262,2 mill. Sm3 oljeekvivalentar (o.e.), mot 258,7 mill. Sm3 o.e. året før. Olje, inkludert NGL, stod for over 70 pst. av volumet. Produksjonsauken frå 2002 til 2003 skuldast ein sterk auke i produksjonen av gass og NGL, medan råoljeproduksjonen viste ein liten nedgang.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2003 på i underkant av 300 mrd. kroner. Det er noko høgare enn i 2002. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsverksemda var i fjor på 174 mrd. kroner.

I 2003 var den gjennomsnittlege oljeprisen om lag 29 USD/fat, som er det høgaste prisnivået sidan første halvdelen av 1980-åra. Mellom anna krig i Irak, OPECs regulering av oljeproduksjonen og sterk auke i etterspørselen mot slutten av året forklarer det høge prisnivået. I 2004 har oljeprisen lege på 30-45 USD/fat.

Regjeringa la i mai i år fram ei stortingsmelding om petroleumsverksemda. Meldinga tek for seg utfordringar og tiltak knytte til å sikre langsiktig verdiskaping på norsk kontinentalsokkel.

I stortingsmeldinga vart regjeringsvedtaket om heilårig petroleumsverksemd i området Lofoten-Barentshavet lagt fram. Vedtaket innebar at det ikkje skal opnast for vidare petroleumsverksemd i Nordland VI no. Ei nærare vurdering av dette spørsmålet vil finne stad når den samla forvaltningsplanen for Barentshavet ligg føre. For Barentshavet vart det vedteke å opne for vidare heilårig petroleumsverksemd i dei områda sør i Barentshavet som alt er opna, med visse unntak. Under behandlinga av meldinga i Stortinget slutta eit fleirtal seg til regjeringsvedtaket.

I tildelinga i førehandsdefinerte område 2003 vart til saman 19 utvinningsløyve tildelt 13 selskap. I 2004 er det i den 18. konsesjonsrunden tildelt 16 utvinningsløyve til 16 selskap.

I juli 2004 fullførte staten eit sal av om lag 117 mill. aksjar i Statoil ASA. Av dette salet vart 100 mill. aksjar plasserte hos norske og internasjonale institusjonelle investorar og 17 mill. aksjar vart selde til privatpersonar i Noreg og EØSområdet. Etter salet eig staten 76,3 pst. av aksjane i Statoil ASA.

Regjeringa la i desember 2003 fram ei stortingsmelding om trygging av straumforsyninga, som vart behandla av Stortinget i mai 2004. I meldinga blir det drege opp ein strategi for sikrare energiforsyning.

Elektrisitetsforsyninga var i 2003 prega av svikten i tilsiget til norske og svenske vassmagasin hausten 2002, og kraftprisane låg på eit høgare nivå enn det som har vore vanleg dei siste åra.

Både produksjonen og forbruket av elektrisitet i 2003 vart lågare enn gjennomsnittet for dei seinare åra. Samla var elektrisitetsproduksjonen 107 TWh, medan elektrisitetsforbruket var 115 TWh. Det siste året er det gitt konsesjon for vasskraftprosjekt med ein gjennomsnittleg årsproduksjon som svarer til om lag 0,5 TWh. Enova, som har ansvaret for det arbeidet staten gjer for å få til ei omlegging av energibruk og energiproduksjon, har i 2003 inngått avtaler med eit samla kontraktfesta energiresultat på om lag 1,8 TWh.

I august i år la Regjeringa fram ei ny gassmelding for Stortinget. I meldinga er det mellom anna greidd ut om det er mogleg å auke bruken av gass innanlands, og ho dreg opp rammene for arbeidet med å opprette ein sertifikatmarknad for fornybar elektrisitet.

Regjeringa la fram ein stortingsproposisjon om supplering av Verneplan for vassdrag i juni 2004. I proposisjonen foreslår Regjeringa å verne ytterlegare 52 vassdrag mot kraftutbygging, som svarer til eit utbyggingspotensial på om lag 7,3 TWh per år. Med forslaget frå Regjeringa vil den samla verneplanen for vassdrag omfatte over 390 vassdrag med eit kraftpotensial på om lag 43,5 TWh per år.

Bygging av nye fregattar er det største investeringsprosjektet i Forsvaret for tida, og den første fregatten av Fridtjof Nansen-klassa vart i samsvar med planen sjøsett i Spania i mai i år.

Med verknad frå 1. januar 2004 vart den nye institusjonen Innovasjon Noreg oppretta, basert på verkemidla i det tidlegare Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens rettleiingskontor for oppfinnarar.

I 2003 vart 3 524 prosjektsøknader med eit samla budsjett på 5,6 mrd. kroner godkjende innanfor SkatteFUNN-ordninga. Skattefrådraget for prosjekta er rekna til 1 659 mill. kroner, som er om lag 1 mrd. kroner meir enn året før.

Som eit ledd i oppfølginga av regjeringsplanen for ein heilskapleg innovasjonspolitikk la Regjeringa i mai 2004 fram ein strategiplan for entreprenørskap i utdanninga.

Regjeringa har prioritert arbeidet med forenkling og tilrettelegging for næringslivet. Ein tilstandsrapport for eit enklare Noreg, som vart lagd fram i november 2003, viste god framgang for dei aller fleste av tiltaka.

Som eit bidrag til å redusere skjemaveldet har Regjeringa lagt vekt på arbeidet med å samordne elektronisk innrapportering. Altinn-løysinga vart sett i drift våren 2004.

Regjeringa følgjer opp eNoreg 2005 og har lagt fram ein ny tilstandsrapport om utviklinga av informasjonssamfunnet. Det blir i særleg grad lagt vekt på å følgje opp arbeidet med IT i offentleg sektor.

Regjeringa har i samarbeid med marknadsaktørane sett i gang arbeidet med å leggje forholda til rette for allmenn bruk av elektronisk signatur.

I april 2004 la Regjeringa fram ei stortingsmelding om skipsfart.

Om lag 150 000 personar er sysselsette i reiselivsnæringane, og næringa står for om lag 4,4 pst. av BNP. I 2003 var det 23,5 mill. gjestedøgn på dei kommersielle overnattingsstadene, som var ein nedgang på 2 pst. i forhold til året før. Dei første fem månadene i 2004 viste ein auke i hotellovernattingar på 4 pst. i forhold til tilsvarande periode i 2003.

Regjeringa har lagt fram ein proposisjon som omhandlar strategi, kapitalisering og organisering av Statkraft.

Nærings- og handelsdepartementet overtok forvaltninga av eigardelane som staten har i det nye selskapet DnBNOR, 30. mars 2004.

Staten selde i mars 2004 om lag 171 mill. aksjar i Telenor til ein samla verdi av over 8,3 mrd. kroner. Staten eig no 53,1 pst. av aksjane i Telenor ASA og likviditeten i aksjen har auka.

I 2003 vart 280 personar drepne i vegtrafikken. Det er 30 færre omkomne enn i 2002. I 2003 omkom 5 personar i jernbane- og tunnelbaneulykker og 4 personar i luftfartsulykker. Regjeringa legg i det langsiktige sikringsarbeidet i alle transportsektorar til grunn ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde.

I 2003 var automatisk trafikkontroll (ATK) i drift i alle fylke, med over 280 fotoboksar på ei vegstrekning på over 1 100 km.

For å betre trafikktryggleiken er det frå 1. januar 2004 innført eit system med prikkbelastning av førarkort. Nye forskrifter for førarkort og føraropplæring vart sette i verk 1. mars 2004.

Gjennom ei ny belønningsordning har Regjeringa tildelt 75 mill. kroner til drift og investeringar i lokal kollektivtransport i større byområde. Midlane går til tiltak for overføring av trafikk frå personbil til buss og bane.

Både person- og godstrafikken med tog er for første gong på fleire år inne i ei positiv utvikling. Særleg har godstrafikken med jernbane hatt ein markant auke, noko som er positivt for miljøet og trafikktryggleiken.

Det nye tryggingssystemet for nødkommunikasjon på jernbane, GSM-R, er utbygd og teke i bruk for første gong i Noreg på strekninga Bodø-Rognan. I 2004 blir GSM-R utbygd vidare på Rørosbanen, Raumabanen og resten av Nordlandsbanen.

Det er gjennomført tiltak mot støy langs veg- og jernbanenettet. Grenseverdiane for støy som er fastsette i forskrifta i forureiningslova, vil i hovudsak vere nådde i 2004. Ekspertgruppa som Samferdselsdepartementet sette ned for å vurdere potensialet og tiltak for 0-utsleppsteknologi i transportsektoren la fram rapport i mai 2004.

For å gi eit betre tilbod i drosjenæringa har eit framlegg om at offentlege styresmakter ikkje lenger skal regulere talet på drosjeløyve, vore ute på høyring. Det er gjort framlegg om at dagens behovsprøving skal bli erstatta av ei ordning som byggjer på kvalifikasjonar.

For å sikre at kjøp av transporttenester på kyststrekninga Bergen-Kirkenes ikkje blir unødvendig kostbare, er ruta lagt ut på anbod for perioden 2005-2012.

Regjeringa har sendt på høyring eit framlegg om å oppheve eineretten for Posten Noreg AS frå 1. januar 2007.

Effektiviseringa og omorganiseringa av Statens vegvesen blir gjennomført som føresett. Det er venta monalege økonomiske gevinstar som vil komme trafikantane til gode.

Avinor AS har begynt på ei omfattande omstilling med sikte på å redusere driftskostnadene. Omstillinga vil gjere selskapet betre i stand til å vidareutvikle flyplassnettet i alle delar av landet.

Eigarskapen til Flytoget AS vart 1. juli 2004 overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet.

Flytrafikken målt i talet på passasjerar som har komme og reist over norske lufthamner, viste i 2003 ein auke på 2,4 pst. samanlikna med 2002. I første halvår 2004 har flytrafikken auka ytterlegare.

Det er forhandla fram ei jordbruksavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag og ei reindriftsavtale mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund. Regjeringa la fram eigne proposisjonar for dei to avtalene som fekk tilslutning i Stortinget.

Mattilsynet vart oppretta 1. januar 2004. Det skal ha eit samla ansvar for å følgje matvarene gjennom heile produksjonskjeda frå innsatsvarer til ferdig mat. Matforvaltningsreforma er basert på ei modernisert lovgiving og ei effektiv organisering som tek vare på heilkjedeperspektivet.

Det er gjennomført ein omfattande forenklings- og desentraliseringsprosess knytt til tilskottsordningar på jord- og skogbruksområdet. Fleire tilskottsordningar er slått saman og avgjerdsmakta for midlane er flytta frå fylkesmannen til kommunane.

Det er gjennomført eit større strategiarbeid for Statskog SF. Framover vil føretaket bruke areala sine meir aktivt til viktige samfunnsoppåver som skogvern, friluftsformål og lokal næringsutvikling.

Den nye konsesjonslova tok til å gjelde 1. januar 2004. I den nye lova er arealgrensa for kjøp av eigedom med hus på heva til 100 dekar når ikkje meir enn 20 dekar av dei er fulldyrka mark. Vidare er priskontrollen fjerna for eigedommar det bur folk på, som blir selde for 750 000 kroner eller mindre.

Det er innført garanterte kvotar i fisket etter torsk for heile kystflåten. Det gjer det mogleg med tilpassing til eige driftsmønster, reduksjon i kappfiske og til å leggje større vekt på kvalitet.

Arbeidet med å betre driftsvilkåra for fiskeflåten er ført vidare for å betre lønnsemda for fartøya og skape grunnlag for fornying. Einings- og strukturkvoteordningar er innførte for så å seie alle fartøy over 15 meter.

Noreg og EU vidarefører arbeidet med å betre fangstmønsteret for botnfisk i Nordsjøen.

Det er sett i verk vernetiltak for å auke bestanden av norsk kysttorsk.

Ved årsskiftet 2003/2004 vart det tildelt 50 nye konsesjonar for oppdrett av laks og aure. Våren 2004 vart det også for første gong utlyst konsesjonar for havbeite av kamskjell og hummar etter den nye havbeiteforskrifta. Det vart sett ei ramme på 20 løyve for kvar havbeiteart.

Som ledd i arbeidet med ei meir effektiv og forenkla kontrollform i oppdrettsnæringa vart det i mars 2004 fastsett eiga forskrift om krav til internkontroll som oppfyller akvakulturlovgivinga.

Regjeringa har forenkla gjeldande reglar for flytting av konsesjonar til oppdrett av matfisk av laks og aure, som mellom anna inneber at det er opna for flytting over kommunegrenser.

I 2003 eksporterte Noreg fisk og fiskeprodukt for om lag 26,3 mrd. kroner, som er ein nedgang på 2,4 mrd. kroner i forhold til året før. Reduksjonen skuldast nedgang i prisen for enkelte fiskeslag.

Det rådgivande utvalet for marin verneplan overleverte framlegget sitt i juni 2004.

Forhold som gjeld fiskehelse, fiskevelferd og tryggleik og kvalitet ved sjømat, har fått aukande merksemd ved internasjonal handel med sjømat. Arbeidet på dette området er derfor intensivert.

Som grunnlag for forvaltningsplanen for Barentshavet har ein mellom anna greidd ut konsekvensane av fiskeriaktivitet og skipstrafikk. Utgreiingane vart sende på omfattande høyring i juni 2004.

Regjeringa har ført vidare og styrkt ytterlegare satsinga på marin forsking. Det gjeld særleg arbeidet for å identifisere og realisere synergipotensialet mellom landbruksforsking og marin forsking. Prosjektet "Blå-grønn matallianse" er sett i gang for å greie ut ulike modellar for organisering av forskinga innanfor desse sektorane.

Regjeringa arbeider aktivt for å styrkje tryggleiken til sjøs. Det er oppretta ein statleg slepebåtberedskap for Nord-Noreg, og det er innført seglingsleier for skip med farleg og forureinande last på dei mest utsette områda utanfor Finnmark. Dialogen med det russiske transportministeriet om vidareutvikling av samarbeidet på området for sjøtryggleik og oljevernberedskap har halde fram i 2004. Prosjekteringa av ein trafikksentral for Nord-Noreg i Vardø er sett i gang.

Oppryddinga av oljeforureining etter den tragiske "Rocknes"-ulykka utanfor Bergen vinteren 2004 vart avslutta sommaren 2004. Det er sett i gang ei evaluering av ulykka.

Stortinget vedtok ei ramme på 50 mill. kroner i fiskeristøtte for 2004 etter at det vart brott i forhandlingane mellom staten og Norges Fiskarlag. I tråd med stortingsvedtak i juni 2004 er hovudavtala for fiskerinæringa mellom staten og Norges Fiskarlag sagt opp med verknad frå 1. januar 2005.

I lønnsoppgjera i LO/NHO-området, som i stor grad danna mønster for dei andre oppgjera, vart det gitt generelle tillegg og i enkelte område låglønnstillegg. Oppgjera i staten og kommunane blir gjennomførte som sentrale forhandlingar, og partane vart samde etter mekling.

I drøftingane om pensjonsreguleringa vart det semje mellom staten, Norsk Pensjonistforbund og Landsorganisasjonen i Noreg om reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2004. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon valde å ikkje slutte seg til avtala.

Ny konkurranselov tok til å gjelde 1. mai 2004. Lova har forbod mot konkurranseskadelege handlingar samt meldeplikt for fusjonar og skjerpa sanksjonsreglar.

Nye lovreglar som opnar for konkurranse i marknaden for kommunale pensjonsordningar tok til å gjelde 1. januar 2004.

Lov om samanslåing av sikringsfondet til spare- og forretningsbankane tok til å gjelde 1. juli 2004.

Regjeringa har gjort framlegg om ny lov om bokføring og lovframlegg om innføring av internasjonale rekneskapsstandarder.

Regjeringa har komme med framlegg til ny lovgiving om livsforsikringsverksemd basert på nye prinsipp for overskottsdeling.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke ei ny lov om finansiell trygdgiving. Lova gjennomfører EØS-reglar som har til formål å styrkje stillinga til finansielle kreditorar.

Regjeringa har vedteke at det skal gjelde sentrale retningslinjer om karantene og saksforbod for embets- og tenestemenn som går over i ny stilling utanfor staten. Formålet med retningslinjene er å hindre at private aktørar får tilgang til sensitiv og strategisk viktig informasjon om statlege verksemder.

Regjeringa har vedteke ei målsetjing om at det i fem prosent av alle statlege nytilsetjingar dei to neste åra skal vere personar med nedsett funksjonsevne.

Statskonsult er frå 1. januar 2004 omdanna til eit heileigd statleg aksjeselskap.

I oktober 2003 vart det oppnemnt eit utval som mellom anna skal vurdere finansiering av dei politiske partia og verksemda til folkevalde grupper.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om at pionerdykkarane skal få oppreising og økonomisk kompensasjon.

Regjeringa la i desember 2003 fram stortingsmeldinga "Et velfungerende arbeidsmarked". Stortinget drøfta meldinga og slutta seg til ho våren 2004.

Regjeringa har følgt opp erklæringa frå partane om å vidareføre intensjonsavtala om eit meir inkluderande arbeidsliv, m.a. gjennom nye sjukmeldingsreglar. Som ein del av det vidare arbeidet med avtala vil partane auke innsatsen mot mobbing i arbeidslivet.

Det partssamansette Arbeidslivslovutvalet la fram innstillinga si i februar i år, og innstillinga har vore på omfattande høyring.

Regjeringa har komme med framlegg til den første delen av ei ny straffelov. Framlegget legg til rette for ein streng reaksjon mot dei som gjer seg skuldige i alvorleg eller omfattande kriminalitet. Samtidig blir ei human og fleksibel straffeforfølging ført vidare.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar for perioden 2004-2006.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot økonomisk kriminalitet.

Regjeringa har oppretta "Politiets utlendingseining", som er ei ny nasjonal eining i politiet som skal effektivisere arbeidet med asyl og utlendingssaker.

Arbeidet med politireforma er ført vidare.

Regjeringa har sendt på høyring framlegg om korleis politiet kan få betre metodar for å forebyggje kriminalitet.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal vurdere endringar i reglane om DNA-profilar til bruk i straffesaker.

Stortinget har vedteke framlegget frå Regjeringa om å styrkje rettane for foreldre til barn som er døde som følgje av straffbare handlingar. Den straffeprosessuelle stillinga til fornærma og pårørande skal styrkjast ytterlegare, og Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal foreslå lovendringar om det.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om samfunnstryggleik og sivilt-militært samarbeid. I meldinga blir det greidd ut om totalforsvaret i lys av endringar i trusselbiletet og moderniseringa i Forsvaret, og det blir gitt ei oversikt over tryggingstiltak innanfor ulike samfunnssektorar.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke ei ny organisering av den sivile rettspleia på grunnplanet og at uomstridde krav skal kunne tvangsinndrivast utan at fordringshavaren først må bringe saka inn for domstolane.

Stortinget har vedteke endringar i tomtefestelova, mellom anna om innløysing av festetomter og regulering av festeavgifta.

Stortinget har vedteke reglar som opnar for at det blir oppretta prøveordningar med sprøyterom for stoffavhengige.

For å styrkje redningsberedskapen på Svalbard vart det inngått ein ny kontrakt om leige av helikopterteneste på øygruppa som gjeld frå 1. april 2004. Avtala omfattar to helikopter med avansert redningsutstyr.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordningar for romanifolket/taterar og eldre samar og kvenar som ikkje har fått den skolegangen dei har hatt krav på.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa oppretta Romanifolkets fond, som er ei kollektiv erstatning for dei overgrepa romanifolket/taterane er vortne utsette for.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om å gi innvandrarane rett og plikt til norskopplæring og samfunnskunnskap.

Lov om introduksjonsordning for nye innvandrarar tok til å gjelde som ei obligatorisk ordning for kommunane frå 1. september 2004. Formålet med lova er å gjere det lettare for nye innvandrarar å få delta i yrkes- og samfunnslivet.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere talet på asylsøkjarar og effektivisere saksbehandlinga av utlendingssaker.

Kommunal- og regionaldepartementet og Kommunenes Sentralforbund har gjennom eit samarbeidsprosjekt invitert alle kommunane i landet til å vurdere om kommunegrensene deira er tilpassa framtidige utfordringar.

Fylkesmannsembeta har fått ei meir aktiv rolle i arbeidet med å stimulere til omstilling og modernisering i kommunane.

Frå januar 2004 er det sett i gang ei rekkje forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering og forsøk med einskapsfylke.

Regjeringa oppnemnde i mars 2004 lokaldemokratikommisjonen. Kommisjonen skal finne forklaringar på kvifor lokaldemokratiet ser ut til å vere svekt og peike på tiltak som kan styrkje det.

Effektutvalet leverte rapport i januar 2004. Utvalet har analysert verknadene av den statlege innsatsen i vid forstand for regional utvikling og distriktspolitiske mål.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, som vart behandla i Stortinget i mai 2004. Det følgjer av meldinga at tiltakssona skal vidareførast.

Regjeringa sette i februar 2004 ned eit utval som skal sjå på kva handlingsrom EØS-avtala og ESA-retningslinjene gir for nasjonale verkemiddel innanfor distrikts- og regionalpolitikken.

Som eit ledd i å gjere plan- og bygningslova enklare er det frå 1. juli 2004 innført reglar som inneber at kommunar må betale tilbake byggjesaksgebyr når dei ikkje held fristen på 12 veker for behandling av byggjesaker ikkje.

Det er oppnådd semje med prosessindustrien om eit opplegg som sikrar monalege utsleppsreduksjonar av klimagassar frå norsk industri. Delar av utsleppsreduksjonane skal skje innanfor eit nasjonalt kvotesystem frå 2005.

Regjeringa har innført ei refusjonsordning som er knytt til avgifta på dei sterke klimagassane HFK og PFK. Systemet vil samla sett redusere bruken av desse gassane og stimulere til innsamling for gjenvinning og destruksjon.

Regjeringa har oppretta nasjonalparkar i Junkerdalen, Dovre og Skarvan og Roltdalen. Det er oppretta 19 nye landskapsvernområde, 55 nye naturreservat, 13 nye fuglefredingsområde, ett plantefredingsområde og 8 biotopvernområde. I tillegg er 26 tidlegare verneområde utvida og av dei er 3 nasjonalparker. 23 nye friluftsområde er sikra, og av dei er 18 strandområde.

Regjeringa har lagt til rette for at nasjonalparkane i større grad kan gi grunnlag for verdiskaping ved å oppheve det generelle forbodet mot kommersiell turisme i vernevedtektene for nasjonalparkane Saltfjellet/Svartisen, Reisa og Jotunheimen.

Det er sett i gang eit samarbeid med Norges Skogeierforbund om frivillig skogvern.

Søknaden frå Noreg til UNESCO om å føre opp Vegaøyane på den prestisjetunge Verdsarvlista er teken til følgje.

Stortingsmeldinga om kulturminne var varsla i 2004. Meldinga vil bli lagt fram i vårsesjonen 2005.

Stortinget har behandla meldinga "Rovdyr i norsk natur". Det blir lagt opp til forvaltning gjennom regionale rovviltregionar med eigne nemnder, klare nasjonale mål for bestanden, betre samordning av landbrukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel og eit nytt erstatningssystem for husdyr og tamrein.

For å styrkje arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn er det oppretta eit breitt samansett nasjonalt råd for forureina sediment.

Gjennom ei endring i avfallsdefinisjonane i forureiningslova har næringslivet fått ansvaret for å ta hand om alt eige avfall.

Ny lov om rett til miljøinformasjon tok til å gjelde 1. januar 2004. Frå same tidspunkt sette Regjeringa ned ei klagenemnd som skal behandle klager over avslag på innsyn hos private bedrifter.

Innsatsen mot mobbing i barnehagar, skolar og fritidsmiljø er styrkt gjennom arbeidet med "Manifest mot mobbing", og arbeidet skal førast vidare. Innsatsen blir evaluert, og lokale prosjekt viser klare positive verknader.

Innsatsen mot barnepornografi og anna uønskt innhald på Internett har vore omfattande, mellom anna gjennom tiltaksplanen "Barn, unge og Internett" og internasjonalt samarbeid.

Noregs oppfølgingsrapport til FNs spesialsesjon om barn vart sendt over til FN i februar 2004.

1. januar 2004 overtok statlege styresmakter det overordna ansvaret for familievernet og dei oppgåvene innanfor barnevernet som fylkeskommunane tidlegare hadde ansvaret for. Denne reforma var eit ledd i arbeidet med å styrkje den faglege utviklinga av tenestetilbodet, betre den økonomiske styringa av verksemda, betre samarbeidet mellom forvaltningsnivåa og sikre auka fagleg støtte til kommunane.

Regjeringa la i juni fram ein odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg om at sambuarar med felles barn automatisk skal få felles foreldreansvar når farskapen er erkjent og foreldra har skrive under ei sambuarerklæring.

Regjeringa har med verknad frå 1. oktober 2003 innført eit nytt bidragsregelverk. Etter det nye regelverket skal ein ta utgangspunkt i kva det kostar å forsørgje barnet, og denne kostnaden skal fordelast mellom foreldra i forhold til inntektene deira. Det blir også teke omsyn til kor mykje samvær den bidragspliktige har med barnet og bidragsevna til den bidragspliktige.

Forbodet mot røyking på serveringsstader tok til å gjelde 1. juni 2004.

Stortinget har vedteke ny lov om matproduksjon og mattryggleik. Den nye lova regulerer alle forhold i samband med produksjon, bearbeiding og distribusjon av innsatsvarer og næringsmiddel, medrekna drikkevatn, all bruk av innsatsvarer og alle forhold som gjeld plante- og dyrehelse.

Frå 1. november 2003 vart det lov å selje visse reseptfrie legemiddel utanom apotek, noko som har gjort det lettare å få tak i desse legemidla.

I januar 2004 vart det oppretta eit nasjonalt reseptregister for legemiddel.

For å styrkje beredskapen mot verdsomfattande influensaepidemiar er det inngått avtale om å opprette eit beredskapslager av legemiddel mot influensa. Vidare skal det gjerast avtale om ei garantiordning for leveranse av vaksinar.

Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2006 (2008) er følgd opp i tråd med intensjonane i Stortinget.

Stortinget har vedteke endringar i lova om pasientrettar som gir pasientane rett til behandling privat eller i utlandet når retten til behandling innan ein fastsett frist ikkje er oppfylt. I tillegg er retten til fritt å velje sjukehus utvida.

Det er stadig kortare ventetider og færre som ventar ved sjukehusa. Ventetida for dei som har motteke behandling eller utgreiing er vorten redusert med 14 pst. frå 1. tertial 2003 til 1. tertial 2004.

Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress er oppretta i 2004 for å auke kunnskap og kompetanse i alle delar av hjelpeapparatet som skal ta seg av valdsutsette og andre traumatiserte grupper. Flyktningar er ei særskild målgruppe for den auka innsatsen.

For å sikre betre vern for jenter som kan bli utsette for kjønnslemlesting, har Stortinget vedteke endringar i lova om kjønnslemlesting.

Stortingsmeldinga om kvalitet i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene er følgd opp gjennom eit forpliktande samarbeid med Kommunenes Sentralforbund. Eit betre harmonisert lovverk for dei kommunale helse- og sosialtenestene er under utgreiing og framlegga frå Regjeringa til enklare og meir rettferdige brukarbetalings- og finansieringsordningar har vore på høyring.

Regjeringa har lagt fram ei utgreiing om rusmiddelsituasjonen og om tiltak for å forebyggje og behandle rusmiddelproblem.

Regjeringa har sett i verk rusreforma i tråd med intensjonane i Stortinget.

Regjeringa har gjort framlegg til revisjon av alkohollova.

Oppfølginga av tiltaksplanen mot fattigdom har i 2004 mellom anna omfatta ei ytterlegare styrking av arbeidsretta tiltak for langtidsmottakarar av sosialhjelp og innvandrarar og auka innsats for å skaffe alle ein stad å bu.

Pensjonskommisjonen la fram rapporten sin i januar 2004, og rapporten har vore på høyring.

Utvalet som har greidd ut ulike organisasjonsløysingar for ei samordning av Aetat, trygdeetaten og sosialtenesta leverte rapport i juni i år.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet i grunnopplæringa er innført.

Om lag 32.000 lærarar har fullført eller held på med etterutdanning i pedagogisk bruk av IKT. Det nasjonale prosjektet "LærarIKT" står sentralt i denne satsinga, samtidig som interne opplegg på skolane viser ein sterk vekst. Evalueringa viser at "LærarIKT" har ført til auka IKT-kompetanse hos lærarane, og til ei positiv holdning til bruk av IKT i undervisning og opplæring.

Regjeringa har følgt opp utgreiinga om felles lovverk for høgare utdanning, og det er fremja ein odelstingsproposisjon med framlegg til ny lov med stor grad av likestilling mellom statlege og offentlege universitet og høgskolar.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal gjennomgå verksemda til universitetsmusea.

Frå hausten 2004 er det oppnemnt ein ny nasjonalkommisjon for UNESCO for ein periode på fire år.

Med verknad frå 15. juni 2004 er Utdanningsdirektoratet oppretta og i verksemd som eit viktig verkemiddel i den nasjonale utdanningspolitikken.

Regjeringa la hausten 2003 fram ei stortingsmelding om modernisering av Lånekassa.

Frå studieåret 2004-2005 er det innført endringar i finansieringsordningane gjennom Lånekassa for studentar i utlandet. Målet med endringane er å støtte opp om at studentane skal kunne velje fritt ved utdanning i utlandet, samtidig som ein ønskjer å leggje meir vekt på kvalitet, større geografisk spreiing av norske studentar i utlandet og auka rekruttering av studentar til ikkje-engelskspråklege land.

Handlingsplanen for Kompetansereforma er oppsummert. Rapporten viser at dei planlagde tiltaka i all hovudsak er gjennomførte og at det er komme på plass ei rekkje gode ordningar som gjer det enklare for vaksne å ta del i opplæring og kompetanseutvikling.

Regjeringa har ført vidare arbeidet i Forum for kompetanse og arbeidsliv som møteplass for styresmakter, partane i arbeidslivet og utdanningsinstitusjonar.

For å trappe opp den norske forskingsinnsatsen, særleg innanfor petroleumsforsking, er kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping auka med 1 mrd. kroner til 32,8 mrd. kroner i 2004.

Noregs forskingsråd har gjennomført ei større omorganisering frå hausten 2003, m.a. med sikte på å bli ein meir open arena for brukarane.

Flyvêrtenesta, som tidlegare har vorte utført fullt ut ved Meteorologisk institutt, er omorgansiert frå 1. januar 2004. Oppgåvene er delvis tekne over av Avinor AS.

Oppslutninga om Den norske kyrkja er stabil når det gjeld medlemstal og kyrkjelege handlingar. Reforma av trusopplæringa er igangsett.

Det er innført nye tenesteordningar for prostar og prestar som grunnlag for ei leiings- og organisasjonsutvikling av prestetenesta.

Ved behandlinga i Stortinget av kulturmeldinga frå Regjeringa er det skapt ei brei politisk plattform for ønsket om ein aktiv kulturpolitikk i åra som kjem.

H.M. Kong Harald la i september ned grunnsteinen for det nye operahuset i Bjørvika.

I april vart grunnsteinen for eit nytt teaterbygg for Hålogaland Teater i Tromsø lagt ned.

Det er inngått avtale om nye lokale for Statsarkivet i Trondheim som ei oppfølging av ønske i Stortinget om å utvikle eit senter for arkiv, bibliotek og museum i Trondheim.

Det nye sikringsmagasinet i Oslo for Nasjonalbiblioteket vart ferdig sommaren 2004, og arbeidet med å rehabilitere nasjonalbibliotekbygningen er sett i gang.

Kulturministerrådsmøtet i EU har peikt ut Stavanger og omegn til europeisk kulturhovudstad i 2008.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om endringar i kulturminnelova og lov om miljøvern på Svalbard. Det skal gi grunnlag for å ratifisere UNESCO-konvensjonen om ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar.

H.M. Kongen har med verknad frå 1. januar 2004 sagt frå seg disposisjonsretten over store delar av Bygdø Kongsgård. Norsk Folkemuseum har teke over forvaltningsansvaret med sikte på å utvikle området til eit moderne og heilskapleg publikumsanlegg, som m.a. skal formidle historisk landbruk.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om dei økonomiske rammevilkåra for filmproduksjon.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om å endre reglane for eigarskap i dagspresse og kringkasting.

Det er vedteke endringar i reglane om reklameavbrott og identifikasjon av sponsorar i kringkasting.

Vedtektene for NRK er endra. Endringane inneber ei presisering av NRKs allmennkringkastaroppdrag.

Det er for 2004 fordelt midlar frå overskottet i Norsk Tipping AS til kulturformål med 180 mill. kroner og til idrettsformål med 1 200 mill. kroner. Av fordelinga til idrettsformål er det sett av 679 mill. kroner til idrettsanlegg, 340 mill. kroner til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité, 120 mill. kroner til direkte tilskott til arbeid for barn og unge i lokale lag og foreiningar og 61 mill. kroner til andre idrettsformål.