Liv Signe Navarsete
Eit godt nærmiljø der du bur
Sluttappell i pasrtilederdebatten
NRK TV, 9. september 2011
Kilde: www.nrk.no/nett-tv

Kjære alle saman.

Eg kom inn i politikken fordi eg ville gjere skulen til ungane mine betre. Mange slit i skulen. Me treng både dei teoristerke og det praktisk sterke i framtida. Me treng dei for vekst og verdiskaping i landet vårt.

Me har det godt i Norge. Mykje er bra, og me har mykje å vera takknemleg for. Men noke kan bli betre, og skal bli betre.

Vår folkevalde vil byggja fleire sjukeheimsplassar. Me vil sikre at dei eldre kan velja å bu heime så lenge dei vil. Og me vil innføra omsorgsløn til pårørandre.

Me skal få inn fleire praktiske fag i skulen. Og me skal få fleire lærarar som ser kvar enkelt elev. Me skal investera i skular, i barnehagar, i eldreplassar, og me skal investera i kyrkje, kulturhus og det som gjer livet godt å leva i nærmiljøet.

Verdiane våre blei sett på prøve i sommar. Me har stått saman. Folkestyret vårt er verdifullt.

Bruk stemmeretten din på mandag. Og stem gjerne Senterpartiet - for betre tenester og eit godt nærmiljø der du bur.