Lars Eskeland
Island og Færøyane og Grønland
Landsmøte i Norsk Bondelag, Stavanger, 16. juni 1923
Kilde: Lars Eskeland: Island og Færøyane og Grønland. Risør 1923 (Særtrykk av Den frilyndte ungdommen, 1923)

I all vár framvokster má me fylgja dei lover som Várherre hev bunde livet várt til. Vitet má klárast og viljen helgast til det. Pá den máten ráder me lagnaden vár. For lagnaden er ikkje ei fælsleg kjempa som trælkar oss, men ei styremakt som me sjølve èl inni oss. Det er det som lyder til oss i ordi: "Det du sár, skal du hausta." Og at dette er ei urikkeleg lov, veit ingen betre enn bøndene. Ei onnor livslov er og klár for alle som ser seg um: "Æra far din og mor di, so det kann gá deg vel og du skal leva lenge i landet som Herren gav deg." Nár ein ser pá busetnaden i landet og fylgjer ættene, so er det ikkje vandt á skyna kor stor ei sanning dette bodet ber fram. Um me hadde tusen ættesogor vel fortalde, so vilde me ha tusen gode døme pá det.

Nár me vil styrkja folket várt og tryggja framtidi, so skal me hugsa det som Herren sa til Moses: "Gjer folket etter lovi eg gav det, so skal det vera velsigna ute og inne og alle stader; men vanvyrder det lovi, so skal det missa landet og vanfarast."

Det er ein tale til oss og. Soga vár syner kor sann han er. Me var ikkje hæve til á æra far og mor, me nordmenner. Grannefolki váre var betre. I Sverike ser ein snart kor langt dei stár yver oss i so máte. Alle gode minne vyrdslar dei mykje betre enn me. Ja dei vernar betre um váre minne dess heller. Det er utruleg, men det er sant. I Nordiska Museet finn me meir enn nok av vitnemál um det. Og i kyrkjone sine hev dei langt fleire minne um Heilag-Olav enn me. Lat oss dá ikkje undra oss yver at svenskane er eit heilvakse folk og me so syrgjeleg sundrivne.

Kann det ikkje verta onnorleis med oss? Jau, her stár me framfor ei livslov att: eit menneske og eit folk kann reisa seg. Dá má det koma til seg sjølv og taka til vitet, liksom den forkomne sonen, og det má gjeva seg paa heimveg liksom han. Fâren ynskjer det. Hjá han

"sankes skjebnens traade

lik væverstolens garn

med islæt av Guds naade

selv mot hans mindste barn."

Han hev sjølv lagt heimkjærleiken i barmen vár og helga han, so all god menneskeleg vokster er ein heimgang. Ingen kann segja anna enn at me nordmenner hev vakse soleis, serleg i dei siste hundrad ár. Men me má ynskja at det vert endá betre heretter, for me var so langt av, so nedfyre komne.

I vanskelege tider er det meir um á gjera enn elles at ættarsamanhengen vert hæv og heilag for oss. Selma Lagerløf syner oss Ingmar Ingmarsson i ei serleg tung stund. Dá lyfter han seg i hugen til sæle far sin, og finn báde han og alle fedrane sine. Det vart eit velsigna møte. Gjev me mátte møta fedrane váre pá alle vegskil, og ikkje minst kvar gong det spørst um korleis me skal byggja landet várt. Aldri fær me dá anna vita enn at det skal byggjast pá bondevis. Men det dreg mykje etter seg for heile samheldet og for heile livet i samheldet frá rot til topp, i synsheimen og ándsheimen. For bøndene sit med heile arven vár ifrá fyrr, alt me skal byggja pá, og all vokstergrunn: áker og mark og skog, frá fjell til fjøra, og heile grunnlaget til eit ándsliv som kann vara og veksa fordi det hev alle sine uppkomor i folkehugen. Dei tonedikt som Ole Bull tryllte verdi med, var likso visst runne frá norsk bondegrunn som den lyngdusken han heldt i handi dá han døydde.

So lenge bøndene høyrer fedrane tala til seg og kjenner fullt andsvar for dette landet, so lenge skal det gá vel. Nár det røynde pá, svikta dei aldri fyrr. Mangt eit lysande bondenamn i gamal og ny tid ifrá desse kantar av landet minner oss um det.

Ifrá dei norske bondebygdene langsmed havsida av landet var dei nordmenner som vann nytt land og vida Noreg ut og gjorde det so stort i gamle dagar. Det vil aldri verta gløymt meir. Og me mátte vera dei siste som kunde gløyma det. Noko av det beste som hev hendt oss no, er at me hev teke til á hugsa det for fullt álvor.

Noreg, kva skodar du etter

vestyver det store hav?

Høyrer du noko til borni

som dreiv ifrá mor si av?

Det er fortalt um Olav Tryggvason at han var konge i fem ár og kristna fem land: det var Ørknøyane og Færøyane, og Island og Grønland, umfram Noreg. Og um Olav Haraldsson høyrer me at han ofte spurde etter kor til stod med kristendom og all god sed der ute i Vesterhavsøyane; det var like mykje um á gjera for han at alt gjekk vel der som i heimlandet. Det var nordmenn der som her, og dei tala med norsk tunga. Me burde alle skifta lagnaden med einannan, meinte desse to kongane. Og eg trur me lyt sanna at det var ein kongstanke.

Dá Noreg kom ut or daneveldet i 1814, var alle desse bygdene váre frá oss komne. Og det var pá ein sovoren máte, at minnet um det vil vera som eit ope sár, so langt fram som me kann tenkja oss, og endá lenger. Færøyane og Island og Grønland høyrde til Noreg dá og, men i skilsmálsstundi rana danskane deim ifrá oss. Dei andre bygdene váre der vest hadde dei selt og pantsett og skusla burt fyrr. Men i heile det gamle Noregsveldet er det synleg den dag i dag at det er váre ættmenn og skyldfolk som byggjer der. Dá eg var i Oxford for nokre ár sidan pá eit møte, kom det ein mann til meg ein dag og spurde kor eg var ifrá; det var noko so kjent ved meg, sa han. Dá han hadde høyrt svaret vart han reint forundra. Sjølv var han engelskmann, men prest pá Orknøyane, og dá han ság meg, kunde han aldri anna tru enn at eg mátte vera derifrá, sa han. "For det er mange der som er reint merkeleg like Dykk", sa han. Og det var ein irsk professor som sa at han syrgde yver at det gamle Noregsveldet ikkje kom til á hanga i hop. Det var mange i Irland som kjende seg meir i ætt med nordmennene enn med engelsmennene, sa han. Jamvel i det engelske parlament hev det vore sagt for fullt álvor at Noreg med retto burde eiga Orknøyane og Hjaltland. Det tenkjer ingen nordmann pá, for di England hev havt dei i so lang tid og fest deim til seg med band som det vilde vera urád á slita sunder. Serleg má ein dá nemna at det gamle norske málet er á kalla reint utslokna og engelsk kome i staden. Berre for pá lag halvtanna hundrad ár sidan levde det norske málet der. Det var dei engelske skulane som drap det. Men tusental av norske stadnamn vitnar enno um den norske busetjingi.

Pá Grønland er òg det norske tungemálet slokna. Det er det einaste europeiske málet som hev levt der. Og Noreg er det einaste rike som hev havt eigedomsrett til landet.

Pá Island og Færøyane lever den norske tunga like frisk i dag som for tusen ár sidan. Noko hev málet brigda seg med tidi der og. Men formverket i islandsk er gamalnorsk endá, og Færøymálet er meir likt eit nynorsk bygdemál. Ser me nordmenn og færøyingar og islendingar saman, so gár me vel at det er same folket. Fyrste gongen eg ság ein eldre islending, kvakk det i meg, so lik var han bestefar min, som var avliden. Niels Juel ifrá Halsnøy Kloster kvakk ikkje mindre, etter som han sa, i Kjøpenhamn ein gong; han kom inn millom ein storfjølde med islendingar, og totte det var berre folk heimantil han ság ikring seg.

Ein dansk professor sa ein gong pá eit folkemøte pá Sjælland at færøyingane var sprækare enn nokor onnor ættgrein i det danske folket. Dá eg etterpá sa at han anten mátte lata færøyingane fá vera eit folk for seg sjølv eller kalla deim nordmenn, vart han reint kvit av sinne, og spurde um det var meining i á kalla tjuge tusen menneske for ein nasjon. Det var like mange i ei einaste gata i Kjøpenhamn. Eg minte han um at det var tri gonger so mykje folk i London som i heile Danmark, men danskane vilde visst vera ein nasjon like godt for det, som rimeleg og rett var. Det er ikkje talet som gjer det. Islendingane er og eit ørlite folk. Men det er visst ingen som vil segja anna enn dei er eit folk. For det stár age av det store kulturarbeidet dei hev gjort frá dei eldste tider og til no. Verdi hadde vore mykje fatigare, hadde ikkje dette litle folket vore. Og serleg hadde me nordmenner vore fatigare. Me hadde vore so mykje fatigare, at det er eit spursmál um me hadde kome oss uppatt etter nedgangstidi. Ein av dei aller viktigaste grunnane til at me greidde byggja uppatt det norske riket i 1814, var at minnet hadde vakna um det som Noreg var ein gong. Um ein av bondetingmennene er det sagt at ingen kunde setja han fast i kongesogone; han kunde deim mest utanát. Og han hadde stort fylgje, det veit me frá mange kantar og skynar av mange ting. Han hadde nok styrkt seg av minnedrykken frá gamle dagar den bonden som skyssa Georg Sverdrup òg, han som vilde gjeva alt han átte for landet sitt, livet med, og som kunde trøysta den hæve landsmannen sin med at Gud var attát.

Det var ein merkeleg prestemann her i Stavanger bispedøme som gav oss att gamletidi: Peder Klaussen til Undal. Han sette um Heimskringla av Snorre. Ei jamgod sogebok hev vel aldri vore skrivi pá jordi noko sinn. Det er den gamle norske soga som er skrivi pá denne máten, og det er ein islending som hev gjort det. Ingen kann segja kor stor ei tenesta denne mannen hev gjort oss. Den norske kongen fellte honom, eller gjorde sitt till á fella honom. Men han lønte oss vel: han var med og reiste Noreg upp. So lenge det er nordmenn til, má ikkje dette verta gløymt. Me má hugsa at islendingane hev gjort oss so mykje godt at me kann aldri fulltakka deim. Heile samhøvet várt til Island bør vera merkt og styrt av denne sanningi heretter. Me bør vera dei fyrste av alle til á hjelpa deim so langt me kann, og me bør vera dei fyrste til á gjeva deim all rettkomi æra. Det hev til denne tid skorta báde pá det eine og det andre. For ei tid sidan trong dei soleis eit pengelán pá nokre fá millionar, og dei vilde gjerne ha det hjá oss. Me kunde godt hjelpt deim med dette den gongen. Kva gjorde me? Me sa nei, for me visste ikkje visst um Danmark vilde lika det. Svenskane var glade dei fekk gjera det. Dei skjegla ikkje til Danmark fyrst.

Islendingane ynskjer at me skal gjera konsulen vár i Reykjavik til sendiherra (gesandt). Men riksstyret várt hev ottast for at Danmark ikkje vilde lika det. Og so hev det vorte utsett i minsto. Ein mátte læ át slik stakkarsdom, dersom det ikkje var so grøteleg ille.

Endeleg fær me ein professor i islandsk. Me skulde havt han for lenge sidan. Men me er dá komne pá lòs. Vegen bør aldri gro til millom frendar, sa dei gamle. Næmare frendar hev me ikkje: det er dá mor og dotter. Korleis kann me vera einannan forutan, nár me veit det? Og korleis kann ei fribori mor lata seg hindra frá á vitja dotter si med sømd, av otte for at einkvan annan ikkje skal lika det? Og dette vert ikkje betre nár ein hugsar pá kven denne andre er.

Eg nemnde at me má gjera várt til at Island kann fá den æra det skal ha. Me veit sjølv av eigi røynsla kor vondt det gjer nár nokon set oss i skuggen. Islendingane er ikkje vel nøgde med oss i dette stykket, og hev visst heller ikkje grunn til á vera det. Dei tykkjer me gár deim for nær nár me kallar heile det gamle bokriket deira med várt namn. Og eg trur me má sanna at dei hev rett. Visst er det so, at me i stor mun eig dette bokriket saman. Men islendingane er hovudmennene. Og dá er det gale á kalla alt gamalnorsk. Me má anten kalla det norsk-islandsk eller kann henda norrønt. I alle tilfelle má me bruka eit namn som gjer rett og skil til alle sidor. Me veit sjølve kor leidt det gjer nár danskane freistar eigna til seg noko som er várt med á kalla det "nordisk", eller kor stor skade det gjer at me ikkje brukar rette namni pá dei tvo máli me hev her i landet. Namnefusk er ikkje betre enn anna fusk.

I desse dagar er det eit økonomisk spursmál som kann henda kjem til á venda heile den islandske bondehugen imot oss, dersom me ikkje syner deim den brorskap dei ventar av oss. Det gjeld den norske tollen pá islandsk sauekjøt. Bondebladet Timinn tek hardt pá oss for dette. Og me bør tvillaust taka denne tollen burt. Me bør gjera det for det samarbeidet si skuld som me no lengtar etter og treng um pá báe sidor av havet. Truleg vil det vera til rein økonomisk vinning for oss òg til slutt. Me vil gjerne driva fiske ved Island med god og romleg rett. Det vert urád, dersom me ikkje gjev islendingane noko att. Best var det um me tok det pá gamal vis att, og lét islendingane (og færøyingane) ha større rett her i landet enn noko anna folk. Eg vonar dette má koma etter kvart som me vinn oss fram pá alle leider. Denne tollminken dei bed oss um, vil auka handelssamkvemmet millom landi váre, og det er ein svært viktig ting.

So langt rád er, bør me opna skulane váre for islandsk og færøyisk ungdom, og me bør gjera oss kjende med bokheimen deira. Etter kvart me finn einannan att, vil me kjenna det like mykje báe kor stor ein styrke det gjev at nærfrendar stár saman. Island og Færøyane og Noreg er so uløyseleg samanbundne, at dei kann ikkje skiljast át. Og di lettare livsstraumen gár ifrá ein til hin, di betre er det.

Danskane ottast for at me vil freista á fá eit nytt politisk samband med desse frendefolki váre. Det viser kor vondt samvit dei hev. For det er ikkje det me tenkjer pá. Men eitt etlar me oss til á arbeida for: at det politiske sambandet som Danmark enno hev med deim, má verta so uskadeleg som rád er, og til slutt verta til inkjes. All den rett som frie folk hev og kann bruka til gagn for seg, bør desse frendane váre og fá. Island hev vunne langt fram. Men so hev dei og havt ein Jon Sigurdsson, ein folkeførar som pá alle vis er jamgod med dei ypparste me kann nemna frá andre folk, endátil dei største. England vilde vore stolt av ein slik son. Me hev berre Johan Sverdrup á setja jamsides med han.

Island kann ikkje verta verande i so nært samband med Danmark som det no er. Det kjem vonleg til full frigjering for landet um ikkje so lenge.

Men framfor alt treng Færøyane til meir frigjering. Det er harde band som danskane hev bunde deim med, so harde, at ein vert yvergjeven nár ein ser det. Eg kjenner ein gjæv færøying som vart forfylgd og sett i fengsel til slutt pá ein sovoren máte, at báde han og andre færøyingar berre ság ein grunn til det: han var for god fedralandsven.

Danskane veit kva máltvang er, og dei forsømde ikkje á fortelja um kor uvyrde tyskarane bar seg át med máltrælkingi si i Sørejylland. Og dei hadde rett og skyldnad til det. Me hjelpte deim det me kunde, og kann vera glade for det. Men korleis ber dei seg át sjølve pá Færøyane? Eg skal nemna eit døme. Ein gjæv ungdom frá Færøyane fortalde meg for nokre ár sidan, at han hadde gjenge pá den høgre skulen i Torshavn, og der hadde dei berre ein time um vika til upplæring i sitt eige mál. Og det var den siste timen um laurdagen. Og den timen var friviljug.

Og i kyrkjone hev færøymálet ingen rett; preika og salmesong og alt som høyrer gudstenesta til skal vera pá dansk. Kva segjer sør-jydane til det?

Det er visst at me kann hjelpa færøyingane báde kulturelt og økonomisk, og me bør ikkje forsøma ein slik skyldnad. Dei ventar og vonar at me retter handi til deim.

Báde islendingar og færøyingar segjer ofte at me gløymde deim i 1814. Og dei skynar ikkje at me kunde gløyma deim, segjer dei. Men som vel er, tek dei i mist. Ja me kunde nok ynskt at me hadde hugsa deim betre. Men me gløymde deim ikkje: det var verre enn vondt det som hende. Men me makta ikkje hindra det. Ingen nordmann var med dá det gamle sambandet millom Danmark og Noreg vart slite, og sidan kunde me heller ikkje hindra den skammi og skaden det var at dei gamle norske vesterhavslandi vart skilde frá moderlandet sitt. Dersom de vil lesa danske sogebøker, so fær de sjá at dei dýl vel yver all den framferdi som Danmark sulka seg til med dá. Jamvel dei største sogeverk sveiper yver det. Og folket i Danmark er á kalla radt uvitande um det. Nár eg hev fortalt um dette pá folkehøgskulen, so hev danske elevar stødt sagt at dei aldri hev høyrt eit einaste ord um dette heime.

I Kiel var det ein svensk og ein dansk diplomat som fekk mest med skilsmáls-avtalane á gjera: Edmund Bourke og Gustaf av Wetterstedt. Báe var drivne diplomatar. Men dansken var báde klokare og gløggare enn svensken. Báe tvo var dei like samvitslause. Bourke var av irsk ætt og fødd pá St. Croix, ei av dei dansk-vestindiske øyane som dei hev selt. Men han kom tidleg inn i diplomatiet, og steig fort. Ein kann skyna at det danske riksstyret hadde stor tillit til han, nár det kunde velja han til á gjera skilsmálsavtalen um Noreg, det verste Danmark hadde havt á gjera pá aldri so lange tider. Han vann seg ros og æra: fyrst vart han utsending i London og sidan i Paris, og han vart geheimekonferensrád og lensgreve. Betre kunde det ikkje vera. Enno rosar danske sogeskrivarar han. Skal ein ikkje setja noko anna krav til ein diplomat enn sløgskap, so er han verd ros òg. Men me nordmenner minnest han berre for di han fór med svik, den styggaste svikferd som den norderlendske soga kjenner.

Dá det var avgjort at heile Noreg skulde gá frá dansk til svensk velde, sa Bourke at Island og Færøyane og Grønland alltid hadde høyrt Danmark til og vedkom ikkje denne avtalen. Endá Wetterstedt var medlem av Svenska Akademien, var han so ukunnig, at han tok dette for godt, og so lite gløgg at han ikkje ein gong gádde lygni dá Bourke like vel totte det var best á nemna det i avtalen um Noreg.

Dei danske kongane hadde bunde seg med kongelovi og med ord og eid elles til á lata Noregsveldet vera uskift. Og soleis var heile Danmark bunde til det. Men det danske folk var ikkje med anna enn i riksstyret sitt, og det var einveldigt. Folket kunde difor vaska denne syndi av seg no med ærleg og greid uppgjerd. Me ventar paa denne uppgjerdi. Og kjem ho ikkje, so tek det danske folket no eidbrotet og sviket pá seg med fullt medvit og full vilje.

Ein dansk sogeskrivar bør nemnast for di han er ærleg; det er Fr. Schiern. Han segjer at det var vankunna som gjorde at svenskane miste Island og Færøyane og Grønland for Noreg, moderlandet. Han segjer og at dei høyrer til Danmark "indtil videre".

No er spursmálet um eigedomsretten til Grønland kome sterkt fram i ordskiftet báde i Danmark og Noreg. Dá má me hugsa at me aldri hev godkjent traktaten i Kiel. Med ein gong lyste me ut for all verdi at denne traktaten ikkje kunde binda oss pá nokon máte. Der stár me, og der má me verta stáande.

Eit folk kann vel ikkje koma til á eiga eit land med sterkare rett enn den som me hev pá Grønland: tri gonger hev me funne det, to gonger hev me kristna det. Me hev alltid átt det, og alle hev visst og sagt at me átte det. Gong etter gong hev dei dansk-norske kongane kunngjort at det var norsk land og ingen ting anna. Vil no heile det danske folk gjera det same som Bourke i Kiel, so fær me segja som det er til med all verdi, og krevja retten vár.

Kva stortinget og regjeringi vil gjera no, veit eg ikkje. Men det veit eg, at dei ikkje hev rett til á gjeva det minste av Grønland frá seg fyrr det norske folk hev sagt si meining og sin vilje.

Retten er ikkje stor i verdi no. Men burtkomen er han vel ikkje so reint. For utan rett kann ætti ikkje leva. Og smá folk hev ingen annan ting á trøysta seg til.