Knut Arild Hareide
Kva vi skal kjennast ved
Landsstyremøte i KrF
Økern, 4. november 2011
Kilde: www.krf.no

Sist veke var eg tilstades på ein konsert eg kjem til å huska lenge. Eg var på konserten med barnekoret Watoto frå Uganda. Watoto barnekor har sidan 1994 reist verda rundt. Borna representerer omlag 50 millionar born i Afrika som er utan foreldre på grunn av HIV/AIDS-epidemien, krig og fattigdom.

Watoto er ein ideell organisasjon som gjev omsorg til foreldrelause og sårbare barn og til kvinner i Afrika. Målet er å hjelpe og utruste menneske slik at dei kan ta ansvar i sitt eige lokalmiljø, og på lang sikt vera med på ein positiv samfunnsutvikling.  

Organisasjonen Watoto veit at familien er viktig, og at det trengs ein landsby til å oppdra barn. Derfor gjev dei kvart enkelt born ein trygg familie, i staden for å plassere dei i institusjon. I ein Watoto-landsby blir barna ein del av familien, bur i vanlege heimar og går på skule. Dei blir ein del av sin nye familie for resten av livet.

Gjennom musikk og dans formidla dei det håpet dei no har om ei god framtid, etter å ha blitt hjelpt ut av ein håplaus situasjon med vald, svolt, sjukdom og overgrep. 

Barna kom til Noreg for å formidle håpet dei har om ei betre framtid.

Valet er no over, og vi har grunn til å puste letta ut. Ikkje fordi resultatet vart kjempebra, men fordi trenden er snudd, og pila peiker oppover. Etter å ha hatt eit snitt på 4,5 prosent i 2010, er eg nøgd med at resultatet vart 5,6 prosent i kommunevalet, og 5,8 prosent i fylkestingsvalet. KrF har mista nokre av sine gode ordførarar - og fått mange gjenvalde, og også nokon nye fjes. Mange KrFarar er valde inn i kommunestyre og fylkesting over heile landet. Vi ser fram til at dei skal gjera sitt til å farge lokalsamfunnet gult dei neste fire åra.

Vi gler oss over at sentrum i politikken er styrka ved dette valet. Nokon har gong på gong snakka om sentrum sin død. Dette valet viser oss at dei tek feil. Samstundes er partia på høgre og venstre fløy betydeleg svekka.  Det òg er godt nytt for oss. KrF er ein attraktiv samarbeidspartnar, og KrF har gode grunnar for å ha trua på neste stortingsval om to år.

Vi har hatt mange gode KrF-saker på dagsorden i haustens valkamp:

KrF-styrte kommunar bruker mest pengar på innbyggarar over 80 år. Alle dei opprørande historiene om svikt i eldreomsorga, viser at KrF si stemme trengs. Lokalpolitikarane våre viser kvar dag at dei prioriterar ein god omsorg for dei eldre. Samstundes skal vi halde fram med å kjempe i Stortinget for å sikre dei eldre betre rettar, og kjempe for kommunane om meir pengar til eldreomsorg. Vi treng KrFs stemme for å sikre alle eldre ein god kvardag!

Kontantstøtta kom noko motviljug på dagsorden for KrF i slutten av valkampen. Regjeringa bestemte seg for å kutte i velferda ved å fjerne kontantstøtta for toåringane. I ei rekke kommunar vil KrF difor jobbe fram ei lokal kontantstøtte. Slik kan familien sjølv bestemme om dei bruker barnehage eller kontantstøtte.  Kommunal kontantstøtte gjer foreldra valfridom, og kommuna får fleire pengar til eldreomsorg, open barnehage eller kulturskole. Vi treng KrFs stemme for å sikre familiane sin rett til å velje sjølv!

Frå kontoret mitt, like ved Karl Johans gate, kan eg sjå eit yrande folkeliv. Det er slik vi vil ha det i alle byane våre. Samstundes veit vi at ein av tre menneske er redd for å ta del i dette utelivet, fordi dei er redde for vold og overgrep. Slik vil vi ikkje at det skal vera!

- "Det handler om alkohol", seier Wictor Furøy. - "Masse alkohol. Det er det vi sliter med. Hver eneste helg. Hadde bare folk kommet seg hjem før de ble sanseløse..."

Politiførstebetjenten veit kva han snakkar om. Politiet har gjeve oss oppskrifta: Begrens skjenketida! Den oppskrifta vil KrF følgje. Kommunar som har følgt politiet sine råd, har opplevd at valden er redusert.

Og er det noko som står høgt på dagsorden i Oslo i desse dagar, så er det å hindre vald og overgrep.

SIRUS (Statens institutt for rusmiddelforskning) framla nett no resultatet av ei undersøking som viser, at skjenkestopp éin time tidlegare på natta enn kva dagens nivå er, kan gje ei effekt på 17 % nedgang i valdstilfelle.

Eg vil be justisminister Knut Storberget straks innføre skjenkestopp kl. 2!  Dette vil kunne frigjera politiressursar.  I staden for å hente inn politifolk frå distrikta, let vi Oslo-politiet patruljere i større utstrekning.  Dette kan vera med å førebyggja valdtekter,  i staden for å passe på fulle folk i taxikø kl. halv fire på natta. Meir synleg politi gjer auka tryggleik for både kvinner og menn.

Nok snakk! Vi veit kva som fungerar - no er det tid for handling!

I familiemeldinga lagd av "Bondevik 2-regjeringa", definerte KrF sin familiepolitikk når det gjeld verdigrunnlaget slik:

"Det finnes ikke noe mer verdifullt enn mennesket, som individ og som deltaker i et fellesskap. Menneskets verdi kan ikke graderes. Dets liv, prioriteringer og betydning synliggjøres og påvirkes i samvær og fellesskap med andre mennesker. Familien er samfunnets grunnleggende sosiale enhet - den viktigste arena for tilhørighet, nærhet og fellesskap og den beste ramme rundt barns oppvekst. Det er generasjoners erfaringer - uavhengig av kultur og religion."

Når vi skal stake ut den justerte kursen for familiepolitikken, tek vi utgangspunkt i dei det angår. Korleis har småbarnsfamiliane det i 2011?  

- Mange småbarnsfamiliar meiner at det ikkje berre er mor som er viktig for barnet, og at far ikkje bør jobbe overtid kvar dag.

- Mange småbarnsfamiliar ser barnehagen som ein viktig arena for leik og læring, men ynskjer ikkje at barnet skal være der for lenge.

- Mange småbarnsfamiliar opplever at det kan vera vanskeleg for mor å komme tilbake i eit arbeid hun ynskjer seg, dersom hun blir lenge borte frå arbeidslivet medan barna er små.

- Mange småbarnsfamiliar ynskjer meir tid saman.

- Mange småbarnsfamiliar har ikkje som mål at ein skal arbeida heime, medan den andre foreldren skal arbeide ute.

- Mange småbarnsfamiliar er mest nøgd når båe foreldra bidreg med omsorg for barn og arbeid i heimen. Slik varar òg samlivet lengst.  

Kva har KrF som løysing på dagens utfordringar for småbarnsfamiliane?

Her har eg fire stikkord:

- forpliktande samliv 
- forpliktande foreldreskap 
- like moglegheiter for deltaking i og ansvar for bornas kvardag  
- like moglegheiter for deltaking i arbeidslivet

KrF sitt verdisyn og sin ideologi representerer den tredje vegen i politikken. KrF har ein sjølvstendig posisjon med eigen familiepolitikk som skil seg frå andre partis familiepolitikk.

Vår familiepolitikk byggjer på

- tillit til familien 
- ynskje om meir tid og fleksibilitet: la omsynet til familielivet gå føre omsynet til arbeidslivet og produktivitet 
- ordningar som oppmuntrar til fleire fødsler 
- gode omsorgsordningar av høg kvalitet, tilpassa kvart einskilt barn 
- kamp for likestilling og likelønn 
- vern om familie, ekteskap, samliv og foreldreskap 
- beskyttelse mot overgrep og vald  
- tryggleik og omsorg - fordi det handlar om menneskeverd for alle, nestekjærleik, solidaritet og forvaltaransvar.

KrF er eit sentrumsparti, og passar ikkje inn i ein raud og sosialistisk eller ein blå, borgerleg bås. Vi har ikkje trua på tvang og standardisering, men meiner heller ikkje at familiepolitikk skal handle om marknadsmekanismar og fråværet av politikk og styring.

Valfridom eksisterer ikkje som ein soleklar rett i det norske samfunnet av i dag:

- Menn er avhengige av rett i lovs form for å få sin del av permisjonen.

- Kvinner er avhengig av ein aktiv likestillingspolitikk for å oppleve likestilling og eins vilkår.

- Barn er avhengige av politikarar som følgjer med og legg til rette for dei - med sikring av retten til fritid og kvile. Difor seier KrF ja til maks-tid i barnehagen. Vi vil ha ein "arbeidsmiljølov" som regulerer opphaldstida for barna i barnehagen, akkurat som arbeidsmiljøloven regulerer rettane til fritid og kvile for dei vaksne.

- Barnevernsbarn treng dei gode omsorgstilboda frå ideelle aktørar.

- Familien treng eit sterkt familievern, og foreldre treng samlivskurs.

- Familien treng ikkje sosialistisk einsretting eller borgerleg frislepp, men god sentrumspolitikk der det ikkje er arbeidslivet og materielle verdiar som sit i høysete,  men tid, samarbeid og verdiar som betyr aller mest for oss alle.

For foreldre er erstatteleg på jobb - men uerstatteleg heime.

Det er foreldre som er ekspertane på eigne born, ikkje barnehagen, SFO, staten ved barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken eller oppvekstguruen Jesper Juul.

Eit samfunn er fattig når ramma for akseptabel familiepraksis tolkast av ein politisk korrekt elite som sender borna sine på dei same skulane, bur i same område, pendlar på dei same toglinene og har de same draumane for framtida.  

Dette er den nerven Malvina Reynolds trefte med songen "Little boxes" som vart ein hit i USA på 60-tallet. Songen er ein politisk satire over den samsvarande utviklinga av middelklassen. Barn og vaksne blir putta i små boksar - og alle kjem ut heilt like.

Eller som i den norske versjonen: "Alle sammen er vi like, ingen fattige, ingen rike. "

Audun Lysbakken ser verden på dette viset:

- Alle familiar føder friske barn, og mor kan gå raskt tilbake i jobb  
- Alle fedre tek lang pappaperm 
- Alle familiar tek eit års fødselspermisjon - verken meir eller mindre 
- Alle barn har fulltidsplass i ein obligatorisk 5-årig offentleg barnehage  
- Ingen eittåringar er heime med mor eller far 
- Ingen familiar brukar kontantstøtte 
- Ingen treng halv barnehageplass 
- Ingen får barn før dei har opparbeida seg rett til fødselspengar 
- Alle mødrer arbeider lenge nok før fødsel til at far får rett til pappaperm 
- Alle barn er godt planlagt og blir født på sumaren, slik at de har rett på barnehageplass frå dei er eit år  
- Mor set jobb framføre amming og går raskt tilbake i arbeidslivet dersom det passar best for arbeidsgjevaren 
- Alle barn går i heildagsskule

Nokre av desse draumane deler også eg, men eg har ei heilt anna forståing av kvardagen enn Audun Lysbakken har.

Norske familiar er ulike, og ynskjer å gjera ulike val. Summen av familiepakken som dei raudgrøne står for, skaper eit A4-samfunn der regjeringa dikterer familiane.

Draumen min er eit samfunn med familie, fellesskap og tid for barna i høgsete. Tid med mor og far - det born ynskjer seg meir av.

KrF ynskjer difor ein foreldrepermisjon som gjev familien meir tid og fleksibilitet. KrFs løysning med fleksiperm inneber ei auke til 68 veker permisjon med 80 prosent løn, der 10 veker er øyremerkt kvar av foreldra. Det betyr 48 veker til valgfri fordeling. Denne modellen gjev betre høve for tilmåting for kvar familie. 
 
KrF meiner bornas, foreldras og familiens behov må setjast fremst.

For foreldre er erstatteleg på jobb - men uerstatteleg heime.

Og alle familiar er unike, de trivs dårleg i tronge boksar.

"And they all get put in boxes, and they all come out the same"......

Det same refrenget som reknar opp idealfamilien hjå Lysbakken, gjeld også i frivilligheitspolitikken - difor seier vi: "Slepp frivilligheita fri! Gje auke i gåvefrådraget, slutt å dirigere organisasjonslivet gjennom tildelingsbrev, og kutt ned på byråkratiet.

Frivilligheita omtales ofte som tredje sektor. For KrF vil frivillig sektor alltid være første sektor. Statsbudsjettet for komande år inneheld fleire skuffelsar for frivilligheita. Dei kallar det løftebrot.

KrF meiner at regjeringa må skjerme frivilligheita for barn og unge og krev difor at Frifond vært skjerma frå noko som helst kutt i 2012!

Men vi vil ikkje stanse ved auke i satsingar - vi vil og lyfte frivilligheita vidare inn i omsorgssektoren.

Vi blir stadig fleire eldre - dette krev at vi tenker nytt!

NOUen "Innovasjon i omsorg" ble lagt fram i juni. Der foreslær utvalet å lata 25 % av den samla verksemda i omsorgssektoren bli organisert med drift som ideell verksemd innan 2025. Utvalet understrekar verdien av å søke nye løysingar og samarbeidsmønster gjennom dialog og forhandlingar mellom offentleg og friviljug verksemd innanfor omsorgsfeltet.

Samhandlingsreforma er et uttrykk som ikkje kling særleg godt i norske kommunar om dagen............

Men kapittel 2.3.1 i den før nemnde utredninga "Innovasjon i omsorg", har betre klang. Kapittelet bær tittelen: "Næromsorg - Den andre samhandlingsreformen".

Utvalet har skjønt det, - det er her framtidig satsing må skje!

Sitat:

"Det er i mellomrommet mellom det offentlige og sivilsamfunnet de nye fellesskapsløsningene kan utvikles. Ideelle tiltak og virksomheter i form av frivillige organisasjoner og brukerstyrte samvirkeforetak bør gis betydelig større rom i utviklingen av framtidas omsorgstjenester. Utvalget har tro på at dette vil styrke innovasjons- og utviklingsarbeidet på omsorgsfeltet og invitere til aktiv deltakelse og samskaping av nye eierformer og driftsmodeller for å møte den sterke veksten i omsorgsbehov som ventes i årene etter 2025. Da bør en sette seg store mål. Utvalget mener det bør være en målsetning at 25 % av den samlede virksomhet i omsorgssektoren blir organisert og drevet som ideell virksomhet innen 2025."

Dette er visjonar for den framtidige ideelle sektoren som vi bør merke oss! Her sprenger vi den tronge offentlege boksen!

Regjeringa seier i forslaget til statsbudsjettet at ho vil inngå ei samarbeidsavtale med ideell sektor. Formålet med avtalen er å begynne ein prosess som skal føre til betre og framsynte rammevilkår for ideelle tenesteleverandørar, slik at dei kan utvikle tenestetilbodet sitt i tråd med behovet i samfunnet. Regjeringa seier vidare at ho oppfordrar kommunane til å inngå tilsvarande samarbeidsavtaler.

Slikt skjer ikkje fordi regjeringa brått har fått eit bankande hjarte for dei ideelle organisasjonane. Dette skjer fordi Kirkens bymisjon, Sanitetskvinnene, Blå Kors, Frelsesarmeen og dei andre ideelle aktørane er dei mest populære blant brukarane. De leverer varene, for å bruke eit uttrykk frå næringslivet. 

Uansett, dette er positive signal. Vi har og sett handling, blant anna har Helse Sør-Aust beslutta om å inngå samanhengande avtaler innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Derimot er det mange utfordringar som gjenstår, og arbeidet med å betre rammevilkår for ideelle aktørar må halde fram. Faste avtaler med ideelle tenesteleverandørar må utvidast til å gjelde fleire. Samstundes må ikkje desse avtalene føre til at dei ideelle organisasjonane vert bundne opp. Då vil dei kunne miste spelerommet for særpreget sitt og tapa evnene sine til å sjå behov i samfunnet. Dei vil og kunne hindrast i å skape nye tiltak som hjelp dei som treng det mest.

No har eg snakka mykje om det viktigaste i livet - kva vi lever for. Vi må i tillegg ha noko å leva av - i dag og i framtida. Derfor må vi satse på forsking.

Har du nokon gong lurt på kvifor støv samlar seg og blir til, velkjende for mange, og populært kalla "hybelkaniner"?

Det lurte klasse 6b ved Ulsmåg skule på. De testa ut forskjellige hypoteser, slik som statisk elektrisitet, same prinsippet som ein rullande snøball; at varmekablar tiltrekker seg støv og at hybelkaninene virvlast opp og legg seg i "bakevjer" på grunn av trekk i lufta. Dei fann ut at det var den siste testen som gjaldt. Med dette prosjektet vant de NysgjerrigPer-prisen i 2003.

Forsking er i eine og aleine det å væra nysgjerrig. Kvifor er ting som de er? Kva kan vi gjera for å rette opp i feil og manglar? Korleis skal vi utvikle oss som nasjon?  Forsking er heilt nødvendig for å få fram idear og næringar ein kan bygge vidare på.

Vi vil at denne kunnskapstørsten skal prege skulepolitikken. Vi vil ha ei skule som gjev lærelyst og ei oppleving av å meistre Skal Noreg vera eit konkurransedyktig kunnskapssamfunn i framtida, er vi avhengig av ei langsiktig og underbygd satsing på utdanning, forsking, innovasjon, nyskaping og entreprenørskap.

Jon Lilletun forstod dette. I 1999 oppretta han Forskningsfondet. Med ein fondsstruktur ville han sikre ei godt planlagd forsking med stabile rammer. Sidan Forskningsfondet begynte å gi avkastning frå 2001, har ho spelt ei viktig rolle i norsk forsking. Fondskapitalen var i år 2000 på 4 milliardar kroner. I 2011 er den på 80 milliardar kroner. Medan den samla avkastinga i 2001 var på 203 millionar kroner, er ho anslått til 3,7 milliardar for 2011.

Nå vil regjeringa fjerne heile Forskningsfondet. Fordi avkastninga i 2013 blir lågare enn tidlegare, fjernes fondet.  Forskinga skal i staden få pengeløyvingar over statsbudsjettet. Slike skal ikkje bli lågare, seier statsråden. Dette trur eg ikkje på!

KrF vil gå i bresjen for å få til ei langt sterkare og betre planlagt satsing på høgare utdanning og forsking.

Dette treng vi, særlig når vi ser den dystre situasjonen i verdsøkonomien.

I løpet av det siste tiåret er det berre Zimbabwe og Haiti som har hatt verre økonomisk utvikling enn Italia. Italias statsgjeld er på hele 1,9 billionar euro - 120 prosent av landets BNP - meir enn dobbelt så mykje som statsgjelda til Irland, Portugal og Hellas til saman!

EU er inne i ei tung gjeldskrise. Nokon har foreslege at Noreg skal hjelpe EU med kapital frå oljefondet. Til dette er KrF sitt svar krystallklart: Slikt kjem ikkje på tale!

Det er uaktuelt for Noreg å vera redningsplanken for eit EU-system som ikkje finn varige løysingar for problem i medlemslanda.

Oljefondet er ikkje eit høyrisikofond. Det er meir naturleg at europeiske bankar tek tapet sjølv enn at Noreg gamblar i eit slikt spel. KrF forventar seg at dette er signaler som blir gjevne frå den norske regjeringa og inn til EU-systemet.

Landa i Sør-Europa har problem som stikk djupare enn gjeld og euro. Reguleringar på arbeidsmarknaden stenger dei unge ute.  Alt for få barn blir fødde. Det blir dei unge som må ta rekninga: Resultatet blir: Arbeidsløyse i dag, tunge utgiftsbører for å finansiere pensjonane i morgon. I ein slik situasjon valde Spania å kutte i barnetrygda slik at det blir enda tøffere økonomiske byrder når ein får barn. Slikt vil KrF ikkje opptre. Vi har alltid prioritering på familiepolitikken, fordi "utan familien, inga framtid". "Utan familien, ingen bærekraftig velferdsstat".

"Da handlingsregelen ble innført i 2001, ble det lagt vekt på at deler av det økte handlingsrommet som oljeinntektene gir, skulle brukes til å styrke den langsiktige vekstevnen til norsk økonomi, for eksempel gjennom investeringer i infrastruktur, forskning og utdanning. Myndighetene har brukt handlingsrommet til å gjennomføre standardøkninger og øke utgiftene på en rekke områder. Prioritering av tiltak som styrker produktiviteten og vekstevnen på lengre sikt, herunder justeringer i skattesystemet, synes derimot å ha kommet noe i bakgrunnen."

Dette er sitat frå sentralbanksjefen sin tale 17. februar i år. Diverre ga han oss ein presis skildring av sanninga. Veksten i offentlege utgifter er sterk. Dei samla kostnadene til pensjonar og trygder er på 320 mrd. kroner. Det vil si at dette utgjer om lag ein tredel av samla budsjett. Samstundes foresler regjeringa ei fjerning av forskingsfondet i tillegg til gaveforsterkningsordninga for utdanning. Framtidig vekstevne blir skadelidande.

I ein slik situasjon syns eg statsministeren burde lytte til sine eigne. Næringsminister Trond Giske og LO-leder Roar Flåthen vil nemlig fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, heilt i tråd med KrFs politikk.

Her i KrF vil vi ha skatt på rikdom, men i minst mogeleg grad på arbeidsplassane. Difor har KrF i lang tid vore i mot dei tilfella der formuesskatten i realiteten er ein skatt på arbeidsplassar, og ikkje på formue.

Vår modellgjev skatt på bankinnskot og eigedom, men ikkje på truckar, traktorar og fiskebåtar som er med å sikrar arbeidsplassane.

Det er ikkje berre LO og Giske som støtter vårt forslag. Det gjer og bedrifter, bønder og fiskarar.

Dersom regjeringa har problem med finansieringa, har eg eit godt KrF-forslag i tillegg: Innfør ein ekstra skatt på løn og overskott i finansnæringen. Ein slik skatt vil kompensere for dagens momsfritak for bankane. Dermed blir skattlegging av bankane meir lik andre næringar, og vi slepp å oppleva at finansnæringa blir unaturleg stor, slik som på Island.

Det er ingen grunn til å vente. Det er heller ikkje grunn til å vente med å rydde opp i rotet som Regjeringa har skapt rundt Eksportfinans. Eksportfinans er i ferd med å "rotne på rot" i mangel av finansiering. Finansdepartementets manglande avklaring når det gjeld varige rammevilkår for Eksportfinans, set tilliten til norsk eksportfinansiering i spill. Slikt vil ramme norsk industri og norsk rederinæring hardt. Det er ein reell fare for at eksportfinansiering stanser heilt opp. Dette vil ramme bedrifter og arbeidsplassar langs kysten. Dette har vi ikkje råd til - og særlig ikkje i desse tidene.

Om vi er ueinige i andre spørsmål om dagen, kan vi vera einige om at samferdselssektoren treng fornying! For at bedrifter og folk flest skal kunne ta heile vårt langstrakte land i bruk, er vi avhengig av god samferdsel. Kva er god samferdselspolitikk?

I dag tar det i snitt ni år å planlegge en veg i Norge. Dette er for lang tid.  Etter at ein ny veg er planlagt og bestemt, tek det lang tid før vegen er ferdigbygd og kan takast i bruk. Dei formelle planprosessane skal gjennomførast, og politisk behandling skal skje, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Planprosessane treng effektivisering. Tida det tek å planlegg må kortast ned. Difor fremmer KrF forslag i Stortinget om raskare vegbygging. Norge må få betre vegar - ny veg - raskare! På store samferdselsprosjekt må vi ha ein ambisjon om å halvere planleggingstida!

Det er eit stort behov for å bygge vegar og jernbane på ein meir effektiv måte. Store prosjekt treng forutsigbare rammer. Skal vi få fart på utbygginga - betre vegar og meir punktleg jernbane - må vi innføre prosjektfinansiering. Vi må frigjera pengeløyvingane frå dei årlege statsbudsjetta.

Offentlig-Privat-Samarbeid, fleirårig budsjettering, lånefinansiering og offentlig eigde aksjeselskap eller statsforetak er alle modellar gjer det mogleg med prosjektfinansiering. Det viktigaste, og ein av hovedgevinstane ved denne forma for organisering, er å sikre framsynt planlegging og betre flyt i prosjekta. Då blir det betre vegar og punktleg jernbane - raskare!

Det er lys i tunnelen. Stadig fleire aktørar ser behovet for å omorganisere samferdselssektoren.  Frå regjeringshald skjerpes og retorikken. Leiaren i  Senterpartiet har sett lyset.  Ho tek ofte til orde for å frigjera investeringane til samferdsle frå statsbudsjettet. Senterpartiet har adoptert KrFs samferdselspolitikk. Vi har lenge sagt at dei beste løysingane fins i sentrum.....

Nå vil Sp omorganisere transportetatane og reformere sektoren, i tråd med det KrF har foreslege fleire gonger. Dette er bra. Vi kan ikkje la vegane forfalle. Vi kan ikkje utsetja satsinga på toget - berre fordi vi ikkje er villige til å tenke nytt.

Eg seier difor: "Velkomen etter Senterpartiet" - og til Jens - "Lytt til Liv Signe"!  

Noreg bruker oljeinntekter i stor grad til å finansiere en sjenerøs velferdsstat - i mindre grad til å investere i infrastruktur. Vi må bort frå tankegangen om at ei krone brukt på samferdsel er ei oppbrukt krone.

Vi må tenke nytt: Satsing på veg, bane og kollektivtransport, er investering for framtida. Sikre og effektive transportløysingar bidreg til vekst som tryggjer velferda for framtida. Pengar til samferdsel er ikkje forbruk - det er investering i tryggleik og framtidig verdiskaping.

Vi treng ein ny kurs! Difor vil vi lansere forslaget om eit infrastrukturfond. KrF går inn for eit fond med ei ramme på 50 milliardar kroner. Avkastninga frå fondet skal koma i tillegg til ordinære løyvingar over statsbudsjettet.

KrF vil satse! Vi vil tenke nytt!  No må vi få fart på samferdsleutbygging i landet vårt!

Straks eit val er unnagjort, rettar vi blikket framover.  Meir og meir vil heretter handle om Valg2013, og særleg om regjeringsalternativ.

Vi har lenge kjent pusten i nakken både utanfrå og innanfrå.  Media har knapt tid til å vente på KrF sitt svar. Dei får likevel finne seg i å vente enno ei stund. Vi skal ikkje la oss presse til råkjør, men bruke den tida vi treng.  Vi skal halda det vi har lova, gjennomføre ein grundig og brei prosess i organisasjonen og ta sikte på å konkludere i løpet av neste haust.

I respekt for den varsla prosessen skal eg i denne fasen passe meg for å seie for mykje om dette. Når temaet så tydeleg er sett på dagsorden av så mange, også langt inn i våre eigne rekkjer, er det likevel naturleg å gi nokre få signal:

For det første:  Ein grundig gjennomgang av regjeringsspørsmålet bør vere open og fordomsfri. Frå starten vil eg gjerne at vi gir rom for ulike perspektiv.

For det andre: Prosessen og gjennomgangen skal vere kunnskaps- og realitets-orientert, ikkje følelsesbasert. KrF skal velje ein eventuell regjeringspartnar ut frå ei brei og sakleg vurdering av politiske standpunkt og prioriteringar på politikkområde for politikkområde.  Lakmustesten for ei evt. KrF-deltaking i ei ny regjering må vere: Kan vi ut frå vårt ideologiske og politiske grunnlag samla sett stå inne for den politikken ei slik regjering vil føre? Er svaret nei, er alternativet opposisjon.

For det tredje: KrF har alltid hatt tradisjon for at landsstyret og landsmøtet drøftar og gjev sine signal om partiet sin regjeringsstrategi, samtidig som partileiinga får tillit og handlingsrom til å ta beslutningane når situasjonen er inne og krev eit vegval.

Då eg tok førarkortet, lærte eg at ein god sjåfør heile tida må veksle mellom å sjå framover på vegen og å bruke alle speglane for å følgje med både bakover og til sidene.  Dette er eit klokt råd også i den prosessen vi no er på veg inn i.

Vi skal sjå framover og møte nye utfordringar med ope sinn. Derfor skal vi starte den nye prosessen med blanke ark og døra på vid vegg.  Det er vurdering av politikk, profil, prioriteringar og avstand som kjem til å avgjerde.

Men vi skal samstundes bruke speglane, for å sjå bakover og for å unngå å hamne på feil side av vegen, i verste fall i grøfta. 

I spegelen som gir oversikt bakover har eg blitt merksam på ei spennande og innsiktsfull innstilling frå partiet sitt" Ideutval frå 1984", leia av ein av våre klokaste veteranar, Jakob Aano. I Aano-utvalet si innstilling les eg med interesse m.a. følgjande:

"Vurdert ut frå politiske ideologiar og partiprogram, er det vanskeleg å peike på klåre og eintydige skilleliner eller grupperingar i norsk politikk. KrF bør difor unngå å sementere ei blokk av enkelte parti på lengre sikt. KrF må både i opposisjon og i posisjon ta vare på sitt sjølvstende, og ta sikte på å vera brubyggjar og arbeide for solidariske løysingar."

Etter å ha skumlese innstillinga ringde eg den framleis klartenkte og oppegåande 91 åringen for å høyre om han meiner dette bør gjelde også for den prosessen partiet no går inn i. Jakob sitt svar var krystallklart: "Hels landsstyret og sei at KrF som kristendemokratisk parti framleis må stå fast på sentrumslinja og vurdere regjeringsspørsmålet ut frå det."  

2011 er sjølvsagt annleis enn 1984. Samtidig minner eg om at sentrumsplasseringa har vore ein av de sterkaste gjennomgangstrådane i KrF-veven gjennom alle år, og er det framleis i dag.  Svært mange vil meine at å endre på dette vil vere eit historisk linjeskifte for partiet, slik også eit samrøystes strategiutval leia av Dagrun Eriksen uttala i fjor haust.

Eg vedkjenner meg at eg står med begge bein i den kristendemokratiske og sentrumspolitiske tradisjonen. Det er på ingen måte noko politisk eller ideologisk motsetning i det.  Snarare tvert om. 

I dag inviterer eg til ei open og fordomsfri vurdering av korleis vi skal møte den parlamentariske utfordringa som vi vil kunne stå overfor i 2013. Scenaria kan bli fleire.

Vi skal alltid få fram vårt særpreg, og ikkje la oss definere av andre. Vi skal alltid ha ambisjonar om å ha handa på rattet og setje eit tydelege verdistempel på politikken i vid forstand, ikkje berre på nokre få politikkområde.

Det viktige for KrF er å få sterkare innflytelse på den politiske kursen - å dreie den lengst mogleg i kristendemokratisk og sentrumsorientert retning.

Ny kurs for Noreg - og sanneleg treng vi ein ny kurs - vil bety ein politikk som i større grad enn i dag er prega av vår kristne og humanistiske kulturarv, og som i praksis har eit sterkare fokus på menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik.  At KrF står bak og er med skal m.a. merkast gjennom følgjande ti punkt:  

- ein økonomisk politikk prega av berekraftig forvaltning og prioritering av dei oppgåvene som betyr mest for vanlege folks velferd, helseog livskvalitet. 
- ein oppvekst- og familiepolitikk der barns beste er i sentrum og ein skulepolitikk med vekt på danning, kunnskap og formidling av kristne og humanistiske verdiar. 
- fremst i kampen for menneskeverdet og mot sorteringssamfunnet. 
- ein verdig eldrepolitikk. 
- ein politikk som sikrar kyrkje og trussamfunn rett til å vere seg sjølv og som stimulerar, ikkje styrer ein mangfaldig frivillig sektor.  
- styrkt solidarisk innsats for dei fattige heime og ute. 
- ein meir realitetsorientert og framtidsretta miljø- og klimapolitikk.  
- ein ansvarleg alkoholpolitikk og auka fokus på behandling av mennesker med rusproblem. 
- ein human flyktningpolitikk, ein konsekvent innvandringspolitikk og ein aktiv integreringspolitikk. 
- tilrettelegging og stimulans for auka verdiskaping i heile landet .

Spørsmålet om regjeringsalternativ handlar altså først og sist om politikk og om politiske resultat, ikkje om "åkken vi ska godblonke te". Eg inviterer til ein brei og open prosess, med dette som utgangspunkt.  Vi skal utfordre kvarandre til å stille dei gode - også kritiske spørsmåla, til å lytte og diskutere ope. Vi skal kombinere ideologisk og politisk forankring med vilje til forandring.  Maktar vi alt dette, vil vi også kunne koma styrka ut av prosessen og finne svar som vi kan stå inne for som eit mest mogleg samla og slagkraftig parti.

Vi kjem til å avklare vår posisjon i god tid før valet. Eg håper at landsstyret allereie hausten 2012 kan gje eit råd om samarbeid. Men eg vil minne om at det er over 650 dagar til stortingsvalet i 2013, og vi har tid til ein god prosess.

Eg starta talen min med barnekoret Watoto. Barna kom til Norge for å formidle håp om ei betre framtid. Og de utfordra oss alle: Kva for ein livshistorie vil du vera med å endre?

Dette er eit mykje viktigare spørsmål enn rødt eller blått, borgarleg eller sosialistisk. Kven er vi til for? Kva for oppgåver kan ikkje vente?

Det er i dette perspektivet vi må vurdera skilelinene i norsk politikk. Kva er viktigst?

Eg meiner høgre/venstre-aksen er ein altfor enkel inndeling.

Dette er eit skille vi har operert med siden Henry Valen og Stein Rokkan benytta når dei analyserte norsk politikk.

Både Valen og Rokkan understreka at det fans fleire betydningsfulle aksar. Dei framheva fleirdimensjonaliteten og kryssande skileliner som eit særtrekk ved norsk politikk.

Høgre-venstre-aksen lever vidare, men er i dag knytt til synet på balansen mellom offentleg og privat verksemd og økonomisk utjamning.

Den moralsk-religiøse dimensjonen lever også vidare.

I tillegg finn vi to dimensjonar som har opprinnelsen i 1970-åra, men som representerar noko nytt sammenligna med den tradisjonelle forklaringsmodellen. Dette gjeld til dels ein vekst/vern-dimensjon knytt til synet på økonomisk vekst og vern av natur og miljø.  Dels ein dimensjon knytt til synet på innvandring, u-hjelp og lov og orden.

Det er i slikt landskap vi skal manøvrere og finne vår veg.

Vi skal kjennast ved:

- ein tydeleg kristendemokratisk verdiforankring

- ein tydeleg sentrumsplassering

- at vi er samarbeidsvillige

- og at vi er resultatorienterte

Eg gler meg og ser fram til mange spanande diskusjonar omkring viktige spørsmål i komande år.