Halvdan Koht
Alfred Nobel og Noreg
Minnefesten over Alfred Nobels 100 års fødselsdag
Nobelinstituttets festsal, 21. oktober 1933
Kilde: Det Norske Nobelinstitutt

Alfred Nobel og Noreg - det er eit serskilt lite kapitel i historia om fredssaka. Det fører oss tilbake til den tida da tanken om ein varig fred mellom folka ikkje tyktes anna enn ein draum, ja for mange ikkje ein fager draum dessmeir.

Vi som har gjennomlevd den fælaste krigen verdenshistoria kjenner, og som nærsagt kvar dag må gå i otte for krigsfaren som trugar på alle kantar, vi kan nok skjønne tvilen som reiste seg imot fredstanken. Men samstundes ser vi mykje klarare enn før at fredskrava er realpolitikk, vi kan mest ikkje finne frelse for oss i anna enn fred mellom folka, og vi er glad for alle som lyfte fredsdraumen opp i dei tidene, som ligg bak oss, - det var førebuing og oppseding i arbeide deira.

Da Alfred Nobel i 1895 sette fast at det norske storting skulle få retten til å velje den nemda som skulle rå for fredsprisen hans, da var det draum og arbeid som møttes. Nobel sto utafor både statsmakt og folkelig agitasjon, som kunne berre drøyme om ei fredstid for menneska. Men han lengta etter å hjelpe dei som arbeidde for freden, og så kom han til slutt på den tanke at det norske storting skulle være redskapen hans.

Han har aldri sagt sjølv eit ord om kvifor han valde Stortinget til denne æra. Da han sette opp det fyrste testamentet vi har ifrå han, i mars 1893 da tenkte han å gje ein liten sum pengar til den austeriske selskap av fredsvenner i Wien «til å fremme fredstanker» det var samhugen hans med Bertha von Suttner som her kom fram. Og så ville han gje fire femteparter av heile formuen sin til Vetenskaps-Akademien i Stockholm, til pris løner for store tankeverk ,serskilt til dem «som genom skrift och handling kunna lyckas bekåmpa de besynnerliga fordomar som ennu hyses både af nationer och regjeringer mot inråttandet af et europeisk fredstribunal».

Da han gjorde de endelege «fredforfåktare» og no la han den i hendene på ei nemd vald av det norske storting.

Mellom mars 1893 og november 1895 har soleis denne tanken fest seg hos han. Og det hadde visseleg sine grunnar.

Noreg, det norske folket, var for fred. Og det var ein heilt naturleg ting. Fredstanken var da ikkje eit ideal eller ein draum heilt for seg sjølv. Han hørte inderleg med i alt det indige brennhuga arbeide for fridom og folkestyre, for politisk og åndeleg framgang, som hadde fylt norsk samfunns- og statsliv i 1870-80 årene.

Alfred Nobel likte dette arbeide. Samhugen hans var med alle idealistane, med alle som ville fram. Han kalla seg sjølv «revolusjonær» og vi veit at han såg med glede på fridomsreising i Noreg. I siste leveåret sitt skreiv han eit radikalt drama, og det tenkte han på å gje ut i Noreg. «Med svensk sensur vil jag ej ha att skaffa» Den norske fridomen var meir i hans smak. Og av diktarene i samtida var det ingen han var så glad i, som Bjørnstjerne Bjørnson. Her var den idealismen som han sette så høgt. Kansje ingen ting drog han så sterkt til Noreg som alt det Bjørnson gav ord for og stridde for. Og så var det fredsarbeidet nordmennene kjempa for. Alfred Nobel brydde seg kansje ikkje så mykje om all den agitasjonen for nedvepning og avspenning som vart driven i Nore i 1880 åra. Han smilte kansje ein grand det han las i blada at Viggo Ullmann ropte hurra for eit Noreg uten ein einaste Løyntnant. Men han var likevel glad for at folk ville stri for eit samfunn som førte fram dit. Og han tok det visst alvorleg nok da Stortinget i 1890 kravde at regjeringa skulle freiste å få i stand mellomfolkelege skildsdom i stridsspørsmål.

Det er ein glede å nemne at det var ein landsmann til Nobel, den svenske riksdagsmannen K. P. Arnoldsson, som hadde sin store part i at denne saka kom fram i Stortinget. Og det norske storting var i røynda den fyrste nasjonalforsamlinga i Europa som tok standpunkt for slike skilsdomsavtaler. Ein må vel tru at Nobel la merke til vedtaket.

Men det førte enda ikkje til noko praktisk resultat. For dei som den gongen rådde i Sverige, hørte enda til dei som ikkje ville sette arbeid inn for fredsdraumen. Da Arnoldsson kom med framlegg i Riksdagen, vart det vraka.

Da det norske stortingsvedtaket vart lagt fram for Kongen, så fekk den svenske utanriksministeren slege fast at det ingen ting skulle bli gjort med det. Det var i 1892.

Avvisninga vakte harme i Noreg og på Stortinget i 1893 var det spørsmål om at Noreg skulle freista driva saka fram på eiga hand, om så Sverige ikkje ville væra med.

Det kan vel hende at Nobel beit merke i dette og. Det var tydeleg at dei svenske statsmaktene hindra det praktiske fredsarbeid som Noreg hadde teke opp, og det kunne nok gjera Nobel trygg på om det var rett eller naturleg å la ein svensk institusjon rå for prisløner til dei som stridde for «ett europeisk fredstribunal». Som svenske kunne han kjenne trong til å rette ei hånd over grensa til dei norske fredsvennene.

Men tilgangen i denne saka festa fredsarbeidet tett i hop, med den norske sjølvstende-striden. Når Sverige sette seg imot den norske fredspolitikken, så vart det ein grunn meir for Noreg til å krevje si eiga utanriksstyring. Og det var ingen nordmann som såg denne sammenhengen, klårare og la han fram kvassare, enn den som Nobel elska meir enn dei fleste - Bjørnson.

I 1890 hadde Bjørnson gått i gang med ein planfast agitasjon for fredssaka, og han tok denne agitasjonen med i striden for det programmet som han nett no fekk det norske Venstre til å ta opp, - kravet om ein særskild norsk utanriksminister. Han forma tanken sin i det ordlaget som så ofte har vore mistydd, at Noreg ville ha si eiga utanriksstyring fordi Noreg ingen utanrikspolitikk skulle ha. Han sa greitt nok ifrå att med «ingen utanrikspolitikk» meinte han det same som han ellers kalla «Ingen storpolitikk, dvs. ingen krigspolitikk». For han ville drive utenrikspolitikk, Bjørnson og, ein aktiv utanrikspolitikk, men ein ny politikk. Arbeidet for å samle nasjonane om skildsdoms-avtaler og fred. Det tala han om på møte både i og utanfor Noreg, og det skreiv han om i både norske og utenlands blad.

Det var i 1890 åra at han i sanninga vart ein internasjonal politikar, og det kan nok ingen tvil vera om at Nobel fylgde striden hans med samhug, om så Bjørnson jamt vendte våpna sine mot Sverige.

For her måtte det vera strid, og Bjørnson evdes ikkje med å reise klage for heile Europa imot den farlege svenske utanrikspolitikken, den som ikkje våga seg til å ta opp rettstanken i staden for krigstanken. Klaga hans vart med det same ei klage imot den svenske motstanden mot norske rettskrav. Bjørnson gjorde Noregs sak til eitt med fredssaka.

Kansje Nobel fekk høre om at fredsagitasjonen til Bjørnson i åra 1893-95 førte til at det skipa seg fredsforeninger i Noreg. Sumaren 1895 vart det jamvel samla i eit landslag «Norges Fredsforening».

Det var på den tida at Nobel gikk og tenkte på ein nyskipnad med fredsprisen sin.

Men det som gav den endelege tilstøyten til at han valgte det norske storting til reiskapen sin for fredsprisen, det trur eg nok var den krisa som kom i den norsksvenske unionsstriden, sumaren 1895. Det hadde kome så langt imellom dei to landa, så det tyktes måtte bli ei avgjersle på striden, - ein av partane måtte gje seg. Det var ålgjengt tru og tale, at Sverige ville nytte krigsmakt til å halde Noreg fast i det gamle unionsbandet. Og Noreg bøygde unna.

Midt i krisa hadde Bjørnson freista både partane til å søke avgjerdsle om å ta skilsdom i stridsspørsmålet. Ingen lydde på han, korkje i Sverige eller Noreg. Men det er vel ikkje urimeleg, å tenke at Nobel gledde seg for slik truskap for skilsdomstanken.

Og no var det at han gav sitt innlegg i striden. Testamentet hans frå november 1895 var på si vis eit svar til dei av landsmennene hans som kunne tenke seg noko så fælt som å gå til krig mot Noreg. Han ville slå eit slag mot selve krigstanken. Og det kunne ikkje bli gjort på noblare vis enn slik Nobel no gjorde. Den svenske fredsgåva var i hendene på den norske statsmakt.

Det var ei ære som såleis vart synt Stortinget, - ei ære som samstundes la ansvar. Og det er ei glede å kunne si at Stortinget med ein gong synte at dei kjente ansvar. Bare nokre veker etterpå gjorde Stortinget nytt vedtak om arbeid for faste skilsdoms-avtalar.

Det har nok mange ganger sia kunna vere skilde meiningar om korleis vi skulle drive fredsarbeid og fredspolitikk i Noreg. Men i det store og heile torer vi nok si st Noreg har halde fast på fredstanken, og gong på gong har folk og statsmakt synt at dei ikkje vil inn i noko slag eventyrpoliti Det er en vilje som får det støaste grunnlaget sitt når han byggjer på ein vel gjennomtenkt samfunnspolitikk.

Ein gong kunne folk tale som det skulle vere nasjonal sjølvoppgjeving å lite seg meir til retten enn til våpna. No er det klart for alle att rett er beste fridom for verja for fridommen vår. Minne om den stortenkte svenske mannen Alfred Nobel styrker ihugen vår for denne norske politikken. Her ligg vår nasjonale plikt og ære.