Liv Signe Navarsete
Systemtvang og motmakt
Senterpartiets landsmøte
Hotel Alexandra, Loen, 5. april 2013
Kilde: www.senterpartiet.no

Kjære Senterpartivenner,

Velkomne til Loen og landsmøte i Senterpartiet!

Eit landsmøte som mange har sett fram til med forventning. Landsmøte i Senterpartiet er viktig, engasjerande og moro.

Nokre har også hatt litt blanda kjensler før dette landsmøtet, grunna ei lenge varsla bok.

Lat meg seie det slik: We are shaken, but not stirred!

For å vere litt meir alvorleg: Me skal tole at både parti og enkeltpersonar vert sett under lupa.

Men verken eg, Ola eller Trygve kjenner oss igjen i det biletet som vert teikna av korleis me i leiinga samarbeider.

Ja, me er politisk ueinige i enkelte saker. Men nettopp dét at me utfyller kvarandre er ein styrke for partiet. Eg meiner det gjer at me oppnår meir politisk.

Og den som trur at ei bok basert på anonyme kjelder skal spora Senterpartiet ifrå politisk debatt på landsmøte, han eller ho kjenner ikkje rørsla vår særleg godt!

Landsmøte,

Me skal dei neste dagane drøfte mange politiske saker, og gjere viktige vedtak.

Vedtak som vil endre norsk politikk på same måte som våre tidlegare vedtak har endra Noreg.

Me er jordnære folk i Senterpartiet. Det er bra.

Men det gjer og at me er litt for smålåtne. Litt for lite stolte.

Eg har tenkt på dette på skiturane i påskeferien.

Landsmøte, Sp er inne i ei storheitstid.

Me er midt i den lengste perioden Senterpartiet har vore i regjering.

Regjeringa vår har fleirtal på Stortinget.

Medlemer og lokallag - grasrotpartiet framom noko har aldri hatt større påverknad enn no.

Når neste historieverk om Senterpartiet skal skrivast, vil denne perioden bli skriven med gullskrift!

Kva har me oppnådd?

Me har sikra at dei evigvarande verdiane i norske fossefall skal tilhøyra det norske folket.

Me lova ein aktiv næringspolitikk.

Sidan me tok over roret er det skapt 300 000 nye arbeidsplassar. To av tre i privat næringsliv.

Eg er stolt over Senterpartiet som partiet for gründerar og næringsutvikling.

Og næringslivet nyt godt av at me fekk gjeninnført den differensierte arbeidsgjevaravgifta.

Me lova å setje mat og landbruk på dagsorden.

Inga anna regjering ville gitt den norske bonden kronemessig lik utvikling som andre grupper, slik me har lukkast med.

Og kortreist mat er trendig og etterspurd som aldri før.

Me lova å stogge Erna Solberg si svelteforing av kommunane.

Me har sett Noregsrekord i tillit til lokalpoltikarane: Me har auka dei frie midlar til kommunane, og rundar i år for første gong 300 milliardar frie kroner.

Det betyr at alle ungane våre får barnehageplass.

I skulane leverer dyktige leiarar stadig betre resultat.

Fleire eldre får hjelp når dei treng det.

Og aktive kommunar satsar på kultur, næringsutvikling og arbeidsplassar.

Eg hadde sjølv som samferdselsminister gleda over å vera den første som faktisk oppfylte ramma som var lagte i transportplanen.

Me har sytt for ei heilt ny tid for samferdsla i Noreg.

Høyr berre her:

Me sette raskt i gang att Intercity-utbyggjinga som stoppa opp under Høgre.

No bygger me HEILE Intercity.

Me lanserte visjonen om den digitale allemannsretten i 1997.

No sikrar me at alle - alle - husstandar i Noreg får breidt breiband.

Me tok tidleg initiativet til ferjefri E39.

Sp programfesta som einaste parti bygging av Stadt skipstunnel alt i 1997. No skal den byggjast!

Me trudde lenge det var ein draum, eit Soria Moria i seg sjølv.

No blir vegen bygd. Samanhengande.

... og slik kunne eg halde fram. Lenge.

Landsmøte - Senterpartiet i regjering forandrar Noreg. Og det skal me fortsetje med!

Avisa Nationen, 21. juni 1920:

«Klokken 10 formiddag fant den høytidelige åpning sted,
og byens største lokale var stuvende fullt av tunge bønder
hvis ansikter bar preg av en egen skjebnesvanger høytidelighet.»

Slik skildra avisa stiftinga av Bondepartiet.
... dei kjente til faget «fargerik journalistikk» også i gamle dagar ...

Eg vil gje ei ekstra helsing til dei i salen som er på sitt første landsmøte.

De skal veta at de, akkurat som dei som var med i 1920, er med på noko stort.

For det betyr noko kva me vedtek på landsmøtet i Senterpartiet.

Det legg føringar for norsk politikk!

Det nyskipa Bondepartiet spela ei viktig rolle alt frå dag ein.

Ved det første valet fekk me heile 13 % av røystene. Det finst få døme i vestlige demokrati på nyskipa parti som vinn fram så raskt.

Dette er ein viktig del av forteljinga om Senterpartiet.

Eg høyrer mange ulike historiar om oss som parti, som rørsle.

Ja - kva er Senterpartiet?

Kven er vi?

Nokon seier Senterpartiet er det jordnære partiet.

Praktikarar.

Meir opptekne av å finne løysingar enn av politisk spel.

Mange kallar oss hestehandlarar. Nokre med forakt i stemma, andre med respekt.

Me er kjende for å gje veljarane våre stor utteljing for røysta si.

Media kallar oss ofte for ordførarpartiet. Og ja, me står sterkt lokalt.

Me har solide folk som nyt sterk tillit i heile landet.

Senterpartiet er det største partiet i 60 kommunar.

Me har 93 ordførarar. 73 varaordførar.

Me er med og styrer nesten 40 % av kommunane i Noreg.

På ferja frå Molde til Vestnes for nokre veker sidan traff eg ein røsleg kar som sa han var så glad i Senterpartiet fordi me ikkje er glatte politikar-typar.

De er meir som vanlege folk.
Kvardagsmenneske, sa han.

Eg likte det.

Det er mitt Senterparti. Eit parti av og for kvardagsmenneska.

Ja - det finst mange forteljingar om Senterpartiet.

Eg meiner ei av dei som sjeldan vert fortalt, er forteljinga om at me er viktige.

Senterrørsla er ei viktig røyst. Me har stor kraft.

Senterpartiet og vår rørsle har spela ei avgjerande rolle ved viktige korsvegar i Noreg si historie.

Me var viktige lenge før partiet vårt formelt var stifta.

Det var den demokratiske bonderørsla som vann kampen mot embetsmannsstaten tidleg på 1800-talet.

Dei gav oss formannskapslovene - lover som historikarane priser som ei radikal desentralisering av makt - betre enn i nokon annan europeisk stat på den tida.

Senterpartiet endra norsk politisk historie med kriseforliket med Arbeidarpartiet i 1935.

Med Borten-regjeringa frå 1965 gjekk me i front for eit meir ope samfunn, for sosial tryggleik, for ei langsiktig forvalting av naturressursane.

Me skipa den norske distriktspolitikken, og la slik grunnlaget for at me også i dag tek heile Noreg i bruk.

1972. 1994. Utan Senterpartiet hadde Noreg på ny vore underlagt ein elitedriven union utan forankring i folket.

Me valde i 2005 å inngå eit nytt historisk samarbeid.

Me vann valet på lovnader om raudgrøn regjering og ny kurs for landet.

Det var eit viktig val.
Det var eit rett val.
Og me har endra kursen for Noreg.

Før valet til hausten spelar Senterpartiet på ny ei viktig rolle.

Me er viktige fordi me i regjering frontar kampen mot systemtvang.

Systemtvang oppstår når enkelte system og tankesett får styre fritt.

Når enkelte krefter sit med definisjonsmakta, med einerett på å leggja føringar for samfunnsdebatten.

Systemtvangen finn me på alle nivå i samfunnet.

Han er der i kvardagen - og han når ut til dei yste nesa. Til dømes til det vesle øysamfunnet Leka i Nord-Trøndelag, ei distriktskommune med knappe 600 innbyggjarar.

Der finn me sterke historiar.

I fjor haust sende skuleeleven Marie Thorsen frå Leka eit brev til Kongen og statsministeren:

«Som skoleungdom på 16 år er dette noe jeg egentlig ikke har lyst til å bekymre meg over, men når hjemplassen din holder på å forsvinne for dine føtter ser jeg ikke noe annen mulighet enn å ta dette til øverste hold, for å vise hvor mye denne lille flekken på kartet betyr for meg, og alle Lekværinger.

Først vil jeg begynne med å fortelle deg hvilken fantastisk plass denne lille øya er: På Leka finner du det meste; hyggelige folk med positive innstillinger, en humor uten like og en «ståpåvilje» ulikt alt annet. Du finner kulturskatter og et landskap som tar pusten fra deg, og du finner en trygghet og en varme som det ikke mulig kan finnes noe annet sted på jord.

Vi som vokser opp på Leka lærer oss å være modige, sterke, uavhengige, selvstendige, viljesterke og vi lærer oss å kjempe for retten vår. Vi må flytte tidlig hjemmefra for å gå på skole, og vi må kjempe nærmest daglig for retten vår - og for denne øya som vi er så glad i.»

Marie Thorsen er som de skjønar særs, særs glad i heimplassen sin.

Men ho er også uroa.

I brevet skildrar Marie godt ei kjensle av avmakt som eg trur mange vil kjenne seg att i.

Korleis hennar verd, hennar lokalsamfunn vert trua av krefter utanfrå som ikkje forstår korleis det er å leva på ein plass som Leka.

Trugsmålet ligg i systemtvangen. Den må møtast med motmakt.

Senterpartiet er den motmakta i norsk politikk. Ei motkraft der andre flyt med straumen.

Men systemtvang finn me på alle nivå. Ikkje minst globalt.

Noko av kjelda er den økonomiske teorien som sidan krigen har fått utvikla seg til einetanke, utan rom for alternative idear.

Økonomar som ikkje skjønar at realøkonomi og finansøkonomi må hengja saman.

I dag veit me at verdas største finanskonsern i årevis levde i si eiga verd, med eigen logikk.
Heva over lover og reglar - og langt forbi ein kvar grunnleggjande moral.

Gav lån til folk som absolutt ikkje hadde råd til renta.

Samansette sparetiltak. Så kreative - så kompliserte - at ingen eigentleg forsto dei.

Rundlurte folk. Og norske kommunar.

Resultatet vart ei finanskrise. Seinare ei økonomisk krise.

Store delar av verda slit no med arbeidsløyse, velferdskutt og sosial uro.

Korleis kunne det skje? Korleis kunne me la det gå så langt?

Svaret er systemtvang.

Ein einerådande ide om at marknaden kan løyse alt, at den er sjølvregulerande.
Nyliberalismen vann definisjonsmakta.

Me i Senterpartiet veit at terrenget ikkje passar overeins med eit teoretisk, ideologisk kart.
Dei balanserte løysingane er best.

Marknad og handel er naudsynt, men marknaden må korrigerast.

Finansøkonomien er ingen fiende. Den trengst, for å underbyggje realøkonomien.

Problemet er at nyliberalismen ikkje ser skilnad på finansøkonomi; pengar, aksjar, fond -
og på realøkonomi; dei konkrete produkta, faktiske varer og tenester.

I nyliberalismen er alle varer like i jakta på profitt.

Mat og jord, vatn eller sosiale tenester - alt har ein pris på ein marknad.

Men me veit at ein slik marknad, om han ikkje vert korrigert, er blind for sosial utjamning.

Blind for internasjonal rettferd, for distriktsomsyn eller mattryggleik og beredskap.

Det vert ein politikk som er historielaus og farleg.

Systemtvangen gjennomsyrer trendane rundt oss og dei internasjonale organisasjonane, som EU, EØS og WTO.

Det er tunge krefter.

Eg trur den enkle logikken i realøkonomi fell lettare for Senterpartiet enn andre parti.

Ein må skape noko for at det skal ha reell verdi.

Partiet vart skipa av menneska som levde i, med og av naturen.

Forståinga for verkeleg verdiskaping,
av å hausta av naturen,
av å foredle det du haustar,
det er sjølve arvestoffet i partisjela vår.

Framleis er me partiet for folk med trælar i nevane og skit under neglene.

Framleis er me partiet også som forstår at du må så før du kan hauste.

Eg er stolt over å høyre til i eit parti som tore å utfordre definisjonsmakta.

Som til alle tider har representert motmakta.

Det er ikkje alltid like populært.

Men politikk er ikkje alltid medstraums.

Stundom trengs "ei kjerring mot straumen ..."

I kampen for distrikta,
for primærnæringane,
for småkommunar,

for desentralisering
eller
mot EØS,
mot sentralisering,
så har Senterpartiet tatt dei utrendy kampane.

Me torer å tale Brussel midt imot og innføre prosenttoll.

Fordi me veit at landbruksvarer ikkje er som spiker og fjernsyn.
Fordi me nektar å innordne oss ideen om at stadig friare flyt er vegen å gå.

Definisjonsmakt og motmakt. Dei etablerte sanningane vert skapte og oppretthaldne fordi nokon tener på den makta.

Senterpartiet er eit lite parti som utfordrar global systemtvang.

Ingen skal seie at me vel dei lette kampane.
Men den som tek dei tøffe kampane kan utgjera ein enorm skilnad.

Me vil alltid lengre enn me kjem.
Kanskje synest det ikkje alltid like godt, når motmakta sit i regjering.

Men det lovar eg dykk, det vil synast i Noreg når me ikkje sit der.
Noreg vil sjå annleis ut hvis andre krefter tek over.

Viktige verdiar misser eit talerøyr i regjering.

Kvardagsmenneske misser ei røyst.

Det er dét valet handlar om i september. Det er mykje som står på spel.

Systemtvangen har drive verda uti ei finansiell og økonomisk krise.

Folk har mista hus, heim og arbeid.

Og som folkestyrepartiet så forstår me i Senterpartiet betre enn nokon andre parti i Noreg at økonomisk uro også er eit demokratisk problem.

Som det står i utkastet til nytt partiprogram;

«Senterpartiets fremste mål i den økonomiske politikken er varig balanse i landets økonomi.»

Utan ein balansert økonomi, ikkje noko reelt folkestyre.

Viktige økonomiske prinsipp ligg til grunn for eit godt nasjonalt demokrat:
Den private eigedomsretten. Spreidd eigarskap. Små ulikskapar mellom folk og regionar.
Ein næringsvenleg politikk, i den rette balansen mellom individ og fellesskap.
Høg tillit mellom folk, og difor lite korrupsjon.

Folkestyre føreset at økonomien er på stell.

Og me ser konsekvensane av dette no.

Korleis uroa slit også på dei nasjonale demokratiske institusjonane i fleire av landa sørover i Europa.

Eg tykkjer òg det er interessant å sjå korleis unionen som politisk system prøver å løyse dei økonomiske problema.

Handlingsmønsteret deira stadfester kjernen i vår kritikk av EU.

Eg meiner me ser ein systemtvang også i måten EU responderer på.

Svaret deira er retta mot finansøkonomien, ikkje realøkonomien.

Og svaret deira er meir elitestyrt politikk utan forankring i folket.

Mens elitane trekkjer inn på vinslott for å drøfte løysingar,
trekker folket til gatene for å bli høyrd.

Kvar er så 16 år gamle Marie Thorsen frå Leka oppi alt dette?

Jau, også i Noreg er det systemtvang.

Og når Marie skriv brev til Kongen og statsministeren fordi ho fryktar sentraliseringa skal øydeleggje heimplassen hennar, så kjenner me i Senterpartiet oss igjen.

For sentraliseringa sin logikk gjer seg gjeldande på nær alle områder.

Svaret på ei kvar utfordring er større einingar.

Eit kvart problem løysast med å flytte kompetanse, arbeidsplassar og folk inn til sentrale strok.

Me ser det i debatten om kommunestruktur.

Eit enkelt døme: Når småkommunane har utfordringar med å rekruttere folk, er årsaka til problema at kommunen er for liten. Svaret er å slå saman kommunar.

Interessant, då, at også dei store kommunane har utfordringar med rekruttering. Men dét har visst ikkje noko med storleik å gjere. Då handlar det om mangel på utdanna fagfolk.

Me ser den norske systemtvangen i kampen for distriktspolitikken.

Korleis enkelte riksmedia og rikssynsarar med definisjonsmakt har klart å definera distriktspolitikk som subsidiering av
ineffektive,
ulønsame,
gamaldagse
og kjedelege, avsides plassar.

Stadar som høyrer fortida til.

Me ser systemtvangen i korleis Innovasjon Norge jamleg blir kritisert for å drive distriktspolitikk.

Den siste månaden har økonominettstaden E24, som er eigd av VG, køyrt ein serie særs kritiske artiklar om nettopp Innovasjon Norge.

Vel, kjære økonomijournalistar, BI-forskarar og andre kritikarar:

Det er på tide med ein liten historietime og litt god, gamaldags folkeopplysning.

Tanken om det som i dag er Innovasjon Norge vart unnfanga som ein ide frå Bygdefolkets Ungdomsfylking, Senterungdomen, i 1956.

Dei tok til orde for eit fond som kunne finansiere utvikling i distrikts-Noreg. Behovet var stort fordi det var krevjande å finansiere næringssatsing i utkantområda.

Ungdommen foreslo eit fond på 1 mrd kroner. Det er mykje pengar i dag. Den gongen var det ein enorm sum.

Til liks med dei fleste andre djerve idear i distriktspolitikken, så vart framlegget latterleggjort.

Politiske motstandarar og rikspressa meinte tanken på eit fond for utbyggjing i distrikts-Noreg var tullete.

Men Senterungdomen ga ikkje opp. Dei argumenterte sakleg og tålmodig.

Og dei vann fram.

Distriktenes utbyggingsfond vart skipa i 1961. Det vaks til Statens Nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) i 1993. Som i 2003 vart endra til nettopp Innovasjon Norge.

Og det er dette økonomane har så tungt for å svelga:

Innovasjon Norge er og skal vera eit distriktspolitisk verkemiddel.

Verkemidlet finst fordi det norske folk ønskjer at me skal hauste av ressursane og skape verdiar i heile landet, trass i regionale forskjellar og avstandsulemper!

Dét at det bur folk overalt,
at me har levande lokalsamfunn frå den blide sørlandskysten
og heilt opp til det barske nordavindsriket
- det er noko av det som gjer at me er så glade i landet vårt.

Nei, Innovasjon Norge skal slettes ikkje slutte med distriktspolitikk - dei skal bli enno tydelegare i si distriktspolitiske oppgåve.

Mellom anna skal Innovasjon Norge akseptere større risiko i næringssvake område.

Det har ei samla regjering stilt seg bak i distriktsmeldinga me la fram før påske.

Og eg kan love kritikarane dette:
Senter-rørsla unnfanga ideen - og så lenge Senterpartiet sit i regjering så vil Innovasjon Norge vere ein del av distriktspolitikken!

Me ser systemtvangen i debatten om rovdyrpolitikken.

Andre har vore premissleverandørar, vunne definisjonsmakta.

Dei har sett likskapsteikn mellom å vere for miljø og for rovdyr - eller at mot rovdyr er mot miljø! Det gjer det vanskeleg for oss å få gjennomslag.

Me veit at god miljøpolitikk er å halde bygdene ved like og å halde naturen i hevd.

Me ser korleis dei brukar definisjonsmakta i jordbruksdebatten.

Korleis rasjonaliseringa i jordbruket ikkje vert anerkjend.

Forteier faktum som at jordbrukssektoren dei siste ti åra har hatt ein årleg vekst i arbeidsproduktiviteten på 6,3 % per år.

3 gonger så stor som i resten av Noreg.

Våren er ei viktig tid for bonden.

Ikkje berre er det kritisk å få såkornet i jorda.
Samstundes møtest partane til jordbruksoppgjeret.

Senterpartiet meiner det er sjølvsagt at verdas viktigaste yrke skal ha inntektsmoglegheiter på line med alle andre gruppar i samfunnet.

Når andre får høgare kjøpekraft, må og bøndene få det.

For å nå målet vårt om auka matproduksjon må det løne seg å produsere mat - i heile landet.

Då må me ha jordbruksoppgjer i tida framover som gjev grunnlag for auka lønnsemd og optimisme i næringa.

Eg kan love dykk at me er klare til å sloss.

Det viste me i tollsaka.

Me skal vise det igjen!

Me ser systemtvangen i debatten i kjølvatnet av 22. juli.

Korleis rapporten frå kommisjonen blir misbrukt som grunnlag for å presse fram sentralisering.

Det skjer sjølv om det ikkje står noko som helst i den rapporten som underbyggjer ei slik tenkjing eller slike framlegg.

Det mest dagsaktuelle dømet er prosessen med å leggje ned om lag halvparten av 110-sentralene.

Kven har spurt om folk i Møre og Romsdal vil få eit betre tilbod om den velfungerande 110-sentralen vert flytta frå Ålesund til Trondheim?

Det er særs gode argument mot dei framlegga som er komne.

Eg meiner det er naturleg å sjå føre seg eit fylkesdekkjande distrikt for beredskap.

Fylkesmannen har ansvaret for å koordinera tryggleiksarbeidet.
Viktige stikkord her er lokalkunnskap, øvingar, tett samarbeid mellom politi, brann- og helsevesen og nærleik til folket.

No ligg klagesakene i Justisdepartementet, og eg skal difor nøye meg med å seie at Senterpartiet skal arbeide for å oppretthalde det som fungerer. Kvifor skal me reparere det som fungerer bra. 

Me ser korleis definisjonsmakta hevdar at språket til mange av oss, nynorsk, er ein klamp om foten og ei byrde for storsamfunnet.

I dag held me landsmøtet vårt på hotellet som er sjølve flaggskipet for det nynorske næringslivet i fylket.

Alexandra vekte oppsikt då dei byrja å bruke nynorsk i marknadsføringa si for om lag 30 år sidan.

I dag lever nynorsken på heimebane som aldri før.

Men for å sikre nynorsken si framtid må me slå ring rundt mållova og sidemålsordninga i skulen.

For Senterpartiet er det ei viktig kultursak at elevar i heila landet både lærer og får karakterar i sidemål.

Kanskje er det på tide å blåse støv av målungdomen sitt gamle slagord: Nynorsk is a better language.

Me ser systemtvangen i korleis spørsmålet om medlemskap i EU aldri vert lagt dødt, sjølv om folket har sagt nei fleire gonger.

Og garantisten mot norsk EU-medlemskap er og blir Senterpartiet.

Me ser og systemtvangen i kor utruleg vanskeleg det er å forestille seg at ny verksemd og arbeidsplassar kan lokaliserast i utanfor sentrale strok eller i nye landsdelar.

Men det må me for å ta heile landet i bruk.

Og apropos det har eg med ei verkeleg gladnyheit til dykk:

I dag godkjenner Regjeringa i statsråd planen for å byggje ut og drifte Aasta Hansteen-feltet.

Aasta Hansteen ligg nord i Norskehavet, 300 km vest for Bodø.

Driftseininga for feltet vert lagt til Harstad, helikopterbasen til Brønnøysund og forsyningsbasen til Sandnessjøen.

Denne utbygginga opnar opp ein ny gassregion i Norskehavet og utløyser investeringar til over 30 milliardar.

Nord-Norge får del i oljeeventyret - også utan oljeboring i Lofoten.

Seksten år gamle Marie Thorsen frå Leka har skjønt det som alt for få i Noreg skjønar.

Politikarar, forskarar, økonomar, rikssynsarar.

Marie er som ungen i eventyret som roper ut, at «keisaren har jo ikkje klede på!»

Ho nektar å akseptere systemtvangen,

ho nektar å akseptere den rådande tenkjinga,

ho nektar å akseptere at sentralisering er svaret på Leka sine utfordringar.

Eg har snakka med Marie, og lova ho dette: Senterpartiet står fremst i denne kampen.

Ho og alle andre ungdomar som ser at heimplassen deira er truga av sentralisering skal vite kven som er deira næraste allierte.

Senterpartiet er i regjering for å endre.

Me har oppnådd mykje i lag med SV og Ap.

Men me har mykje ugjort.

Eg er sikker på at våre visjonar for Noreg lettast blir verkelege i ei ny raud-grøn regjering, med ei ny, grønvaska Soria Moria III.

Ei Soria Moria III som forsvarar alt me har bygd opp i åtte år, og som dessverre kan rivast ned av krefter som vil i ei anna retning.

Ei Soria Moria III som bygger landet vidare:

Me skal bygge veg og me skal bygge bane!

Ambisiøse planar har me, det skal de snart få sjå i Nasjonal transportplan.

Men no skal pengane løyvast og vegane byggast!

Me skal verkeleggjere digital allemannsrett!

Me har vedteke breiband til alle husstandar i heile Norge.

Me skal strekkje dei kablane og byggje dei mastane!

Me skal revolusjonere eldrepolitikken! Ein gamal er ikkje berre gamal lengre, han er ein medborgar.

Dei gode tenestene i kommune skal bli enno betre. Løyvingar til kommunane vert aldri salderingspost for sentralmakta så lenge me har handa på rattet!

Me skal auke produksjonen av trygg norsk mat.

Inntekta og statusen til den norske bonden skal opp.

Me skal byggje meir fornybar kraft enn nokonsinne.

Me skal opne døra for ei ny æra i norsk næringsliv.

Me skal setje naturen i arbeid og skape verdiar.

Landsmøte - Senterpartiet i regjering endrar Noreg.

Noreg treng Senterpartiet.

Det er me som tek heile landet i bruk.