Nils Lavik
Dei store og gode ting
Stortinget, 25. mars 1931
Kilde: Stortingstidende 1931, s. 499-501.

Når eg bad um ordet her i dag, var det for å nemna noko um desse tvo diktarlønene, som er sett upp av universitets- og fagskulenemnda. Eg kvidde meg noko for å taka ordet i dette spursmål, serleg som ny tingmann; men eg kann ikkje fylgja nemnda i det syn, ho har i denne sak, og eg må røysta mot den tilrådinga deira.

Eg likar ikkje, at nemnda gjekk vidare enn departementet i sin proposisjon. Departementet hadde ført upp ein mann til diktarløn; men nemnda tek og fører upp ein mann til. Departementet hadde sett upp Anders Hovden, og sett han upp noko av den grunn at han var ein gamal mann, men ogso fordi han millom anna hadde gjeve det norske folk ein salmeskatt, som verkeleg er mykje verd. So tek nemnda og fører upp ein ny mann, det er den norske lyrikaren Wildenvey. Eg mislikar, at nemnda gjorde det på denne måten, og eg ankar på det.

Eg kunde nok ha fylgd departementet, eller eg hadde nok ikkje teke ordet i denne sak, dersom nemnda hadde late det stå med det som departementet hadde sett upp; for eg vurderar ikkje diktarverka likt åt desse tvo mennene. Den eine er ein lyrikar, ein sterk lyrikar; men innhaldet av det, han gjev oss, er ikkje av det slag, at eg vil rå til, at han fær diktarløn. Og eg vonar at når avrøystinga skal skje i dette spursmålet, so må det verta ordna slik, at me kann røysta serskilt over spursmålet: diktarløn.

Eg synest nok, at i dette stykke kunde nemnda ha synt meir sparetanke. Det har tidt vore streka under her i Stortinget, at der det er høve til å spara, bør me spara, og kjem det fram verkeleg gode framlegg, rimelege framlegg um sparing, so skal det verta teke alt moglegt umsyn til det. Eg meiner, at i eit spursmål som dette kunde det godt sparast. Her gjeld det ingen stor sum, berre nokre tusund kronor. Det er berre som ein drope på det store riksbudgett; men ogso dropane kann verta til store sumar, dersom ein let dei drypa. Det er eit gamalt ordtak, som lyder slik: «Ei kone kan ausa meir ut med ei skei, enn mannen kann føra heim med eit skip». Det er eit gamalt ord og eit klassisk ord; og i det ordet ligg det sagt, at sparar me ikkje på småsummane, fær me heller ikkje dei store summane. Let me tusundkrona gå, når me ikkje til å spara titusundkrona heller. Dette bør Stortinget merka seg ogso i dag.

Men eg vil segja, at sparetanken veg minst for meg i denne sak. Spursmålet um diktarverk og diktarløn er mykje større. Eg trur nok, at diktarløner ogso bør delast ut i dei tronge og vanskelege tider. Har folket fått eit diktarverk, som er so sermerkt og so høgt, at det er full rett til å dela ut ei diktarløn, so lat diktaren få diktarløna for det diktarverket. Men det skal me hugsa, at diktarløna skal ikkje vera noka sælebotsgåve, og ho bør heller ikkje vera noko stipend. Det bør vera noko mykje meir! Det bør vera ei diktarløn; denne diktarløn skal vera Stortinget si påskyning for det, som er verkeleg godt og verdfullt i bokheimen vår. Og her meiner eg at Stortinget bør setja målet høgt. Det trengst, og det trengst ikkje minst no. Det trengst for folket si skuld - folket må også læra å vera taksam for gode diktarar. Og det trengst ikkje minst for diktarane si skuld. Diktarløn skal ikkje vera noko, som det er lett å få. Eg trur, Stortinget kann hugsa på det i dag, at me ikkje misser noko på det, korkje folkeleg sett eller litterært sett, um me lyfter målet ein grand upp.

Når ein skal vurdera diktarverk, kjem innhaldet som det fyrste. Eg meiner, det er ikkje nok at eit bokverk står høgt reint kunstnarleg sett, med levande stilkunst eller med fagre skildringar, som riv med seg; med fantasi og flukt; heller ikkje er det nok, um det er kulturell charme på kvart einaste blad i diktarverket. Me må setja målet høgare, um me verkeleg vil vort folk vel.

Det som me fyrst må taka umsyn til, er um det er eit godt og friskt livssyn i diktarverket. Trur ein, at me skal dela ut diktarløn til noko mindre? Diktarane skal hjelpa folket til å sjå livsansvaret ærleg og sant i augo midt i ei veik kulturtid; og diktarane skal hjelpa folket til å taka livsansvaret inn over seg, so folket kann gå betre fyrebudt og sterkare ut i livsstriden. Eg trur ikkje det er nok, um diktarene viser oss berre det negative, slikt er so moderne i våre dagar, syna det som ribbar og plukker menneskja og som piner både den einskilde og nasjonen ut. Det og trengst nok, men det er for lite. Hjå diktarar bør me ogso møta det positive, det som lyfter eit folk, og det som byggjer eit folk, og det som stålsett menneskja og gjer dei til eit helsugt folk.

Desse ting trur eg at diktarane bør streka sterkare under, stort sett, enn dei har gjort til i dag. Og eg meinar at diktarane skulde vera so einfelde, ja eg vil ogso segja so audmjuke og små, at dei mange gonger viste større age og vyrdnad for den gamle barnelærdom, me har her i landet. Barnelærdomen har lagt ein grunn under det norske folkelivet, som ikkje diktarane vår har makta å leggja med all kunsten sin og all kulturen sin. Eg vil nemna eit ord frå professor Gran. Han sa: «Det folk, som taper barnetroen, det folk går under.» Og det sa han som professor, sogeprofessor.

Kan bokmeistrane våre gjeva oss ein slik litteratur, som stålsett og lyfter folket og lokkar fram dei friske og reine og sterke og gode krefter i folket og løyser deim ut til vilje og til dåd, so kann Stortinget dela ut diktarløner. Då kan diktaren få koma, og då kann Stortinget taka den litterære laurbærkransen og leggja han rundt ein diktarskalle. Men då må diktaren ogso ha sagt dei store og gode ting på ein slik måte, at det slær ned i folket og grip folkesjela og skapar livsmot og livsevne millom oss. Då har dei fortent diktarløn.

Men det er etter mi meining ikkje gjort i dette høve. Eg veit nok, at den diktar, som er sett upp av nemndi, har skrive noko av det mest stemningsfulle, som er skrive i norsk lyrikk, og eg har mange gonger vore gripen av dikta hans, fordi dei var so vene. Men eg vil få lov til å segja eit rolegt ord her i dag om mange av desse dikta: det er so mykje veikt og kjæle over dei; det er so mykje sjuk elskhugsleik i dei - so mykje leik med det, som er livsverde og livsålvor for eit folkeliv, og som ber eit folk og som held ætta uppe i store og vanskelege tider.

Thoralf Klaveness sa ein gong - det var sagt til dei norske lærarane: «Lær barnet å leve ellers dør det.» Det same skal ogso Stortinget, Noreg sine kårne menn, dei som står med ansvar ogso for det norske folk og deira liv, dei skal segja til diktarane vore: «Lær folket å leva, elles tek det skade».

Eg likar ikke å stå her og tala mot ein mann; men her gjeld det ikkje fyrst og fremst mannen, men folket. Og folket er diktarane si såjord og her gjeld det gamle ord, at slik som ein sår, slik vert ogso hausten. Og her er det ikkje sått berre det som er godt. Difor tel eg til, at Stortinget i dag røystar mot diktarlønene.