Halvdan Koht
Amerikansk samfunds-idealisme
Tildeling av Nobels fredspris til Jane Addams og Nicholas Murray Butler
Oslo, 10. desember 1931
Kilde: Les Prix Nobel en 1931, s. 56-62.

Herre konge og herr kronprins!

Høgvyrde forsamling!

Når Nobelkomitéen i dag har gjeve fredsprisen til to amerikanar, så har dermed dei Foreinte Statane kome lengst fram i rekka av dei nasjonane som fredsprisen har gått til i desse tretti åra. Før hadde Frankrike dei fleste prisvinnarane, seks i tale, og andre nasjonar hadde ikkje meir enn to eller tri. Frå i dag er det sju fredsprisar som har gått til Amerika, derav fire berre på dei siste fem åra.

Det er vel så med fredsprisane som med dei andre Nobelprisane, at ikkje alle alltid synes dei blir gjevne til dei rette. Og ingen veit nok betre enn medlemene av Nobelkomitéen kor vanskeleg vale titt kann vere. Men eg trur alle vil sanne at det har sine sterke naturlege grunnar at fredsprisen i det siste har gått så mykje til Amerika.

Dei Foreinte Statane er ei heil verd for seg sjøl, likså stor som heile Europa, og denne verda er eit veldigt fredsområde, der krig mellom statane er utenkeleg, økonomisk krig likså vel som våpenkrig. Men dei Foreinte Statane er samstundes ei stormakt i verda, økonomisk no den største av alle stormaktene. Og det vil segje at dei er med og rår for krig og fred i dei andre verdsbolkane òg. Ja i denne stunda er det snautt noko land på jorda som har slik makt over krig og fred, nett for di det er det sterkaste i pengevegen. Alle som ynsker at freden skal vare, må difor uvilkårleg vende augo mot Amerika og vone på hjelpa derifrå.

Amerika hjelpte - eller kanskje rettare sagt: nøydde - Europa til å skipe ein League of Nations som skulde skape det faste grunnlage for fredleg samliv mellom folka. Det var eit stort vonbrot at ikkje Amerika sjølv gikk inn i dette sambande, og det vart visseleg ein av grunnane til at denne League of Nations aldri har kunna nå så mykje som mange trudde på. No ser vi der altfor mykje av den gamle stormaktpolitikken og stormakt-tevlinga. Hadde dei Foreinte Statane kome med, så hadde dei vore ein naturleg midlar mellom mange av motsetningane i Europa. Amerika er meir interessert i fred i Europa enn i å gje stønad til noko serskilt land.

Det er sant at dei Foreinte Statane endå ikkje er den fredsmakta i verda som vi gjerne ynskte dei skulde vere. Dei har sumtid sjølv late seg drive ut i den imperialismen som naturleg er fødd av industri-kapitalismen i nytida. Dei er på mange måtar det mest typiske villvaksne kapitalistiske samfunde, og amerikansk politikk har fått sine merke av det.

Men Amerika har samstundes fostra noko av den livskraftigaste idealismen på jorda. Kanskje har han fått slik styrke der borte nett av di at samfundsvilkåra har skapt så mykje stygt og leitt; han er fødd av si eiga motsetning. Visst er det - det må slå alle som blir kjent med Amerika - at i det amerikanske folke lever det ei instinktiv mektig tru på det som tenkjarane for hundre eller halvt-anna hundre år sia kalla den menneskelege perfektibiliteten, evna til å vekse seg fram til å bli meir og meir fullkomen. Det er ei tru som har vore grunnlage for mange av dei største religionane og som har drive mykje av det gjevaste framgangsarbeide. Ho vart forkynt av Jesus Kristus, og ho fylte menner som Emerson og Wergeland. For amerikansk tanke er det uvilkårleg så at ingen ting er umogleg; det gjeld ikkje berre teknikk eller vitskap, det gjeld likså vel livskår og samfundsskipnad. Eit ideal er for ein amerikan ikkje berre ei fager hildring langt borte, men ein praktisk realitet som det er plikt for mannen å føre inn i live. Amerikansk samfunds-idealisme er det same som ein brennande vilje til å sette arbeid og liv inn på å bygge eit samfund med høgare rett og finare omsyn i alt samkvæme mellom menneska, med sterkare vern for alle dei veike og med rikare voner for alle gode framgangs-makter.

Det er to av dei finaste representantane for denne amerikanske idealismen som i dag har fått Nobelprisen. Dei har, båe to gjenom mange år arbeidd brennhuga med å reise freds-ideale og vekke freds-ånd i sitt folk og i heile verda.

I Jane Addams hyller vi dessuta det arbeide som kvinnene kann gjere for fredssaka, for brorskapen mellom folka. I gamal tenkning var kvinnene opphave til nær-sagt all synd og all strid på jorda. I folkesegn og dikting var det jamleg kvinner som stod bak når kongar og folk gikk i krig mot einannan. Eg veit mest ikkje av meir enn ei einaste segn som skildrar ein motsett tilgang; det er segna om dei sabinske kvinnene som kasta seg imellom dei romerske fedrane og brørne sine og dei sabinske ektemennene.

I den nyaste tida, frå Goethe, frå Ibsen og Bjørnson, har kvinnene fått eit anna rom i dikt-tanken: det er dei som ber fram den finaste og reinaste moralen i samfunde. Og ingen har sett større voner til kvinna i freds-arbeide, enn Bjørnson. Det er det nye rome som nytida har gjeve kvinnene i samfundslive, sjølvstende deira i breidd med mennene, som gav rett og grunn til å vente at dei skulde bli ei ny makt i arbeide for fred. Bjørnson tyktes sjå koss dei førte »et stille tog igjennem kampens bulder», med bøn om at kjærleiken skulde vinne på mord-hug, og han trudde at når fyrst kvinnene fikk makt i samfund og stat, så måtte sjølve krigs-ånda slokne.

Vi lyt vedgå at kvinnene har ikkje endå oppfylt alle dei vonene vi såleis kunde sette til dei. Altfor mykje har dei halde seg til den gamle mannfolk-moralen, strids-moralen. Den kjærleiken, den varme mors-kjensla som skulde gjere dråp og krig så avstyggeleg for kvar ei kvinne, den har vi merka altfor lite til i praktisk politikk. Men gudskjelov, noko har vi da set til den kvinne-viljen som reiser seg mot krigen. Alltid når kvinnene har organisert seg, så har dei teke fredssaka med i programme sitt. Og Jane Addams samlar liksom i seg alle dei beste kvinnelege eigenskapane som skal hjelpe oss til å bygge fred på jorda.

To gonger i live, fyrst for meir enn tjuge år sia og sist no i dette åre, har eg hatt den lukka å få sjå den institusjonen der ho har sett inn livsgjerninga si. I det fatigaste Chicago, mellom polakkar, italianar, mexikanar og andre slike innflyttarar, har ho grunnlagt og halde oppe det manggreinte samfundsarbeide som har midstaden sin i Hull House. Her kann både unge og gamle, alle som i det heile ynsker det, finne både opplysning og arbeidshjelp. Og når ein møter miss Addams der - i forsamlingssal, i arbeidsrom eller i matsal - då fær ein den levande kjensla at her har ho bygd ein heim, - her er ho mor for alle. Ho er ikkje av dei som talar mykje; men det stillferdige, trauste hjartelage hennar skaper ikring ho ei luft av godvilje som uvilkårleg kallar fram det beste hos alle.

Ut ifrå dette sosiale arbeide, mykje mellom folk av ulikt nasjonalt opphav, var det heilt naturleg at ho tok opp fredstanken, og i snart 25 år har ho vore ein trufast talsmann for den. Smått om senn, uta nokon freistnad på å reise blåster om verke sitt, berre i kraft av tålmodig sjølvoppofring og roleg arbeidsvilje, vann ho eit høgt rom i kjærleik og vyrnad hos folke sitt. Ho vart den fremste kvinna i nasjonen, ja ikkje langt ifrå den fremste borgaren. Difor hadde det slik serskilt vekt at ho stod opp for freds-ideale; for di millionar av menn og kvinner såg opp til ho, kunde ho gje dette ideale ny makt hos det amerikanske folke.

Og da det trangs aller hardast, førte ho fredsviljen åt dei amerikanske kvinnene inn i det samfolkelege arbeide. Det skal alltid minnes som eitt av dei fagraste, mest vonfulle dådsverka frå den siste storkrigen, at kvinner ifrå heile verda, jamvel ifrå fiendsland, møttes til samråd og samhjelp for verdsfred. Det var i Haag i april 1915. Tiltake kom ifrå hollandske kvinner, og det er berre rett å nemne namne på den som stod i brodden: dr. Alletta Jacobs, - ho er ikkje no lenger mellom dei levande. Men det var naturleg at dei bad miss Addams kome og styre møte. Ho hadde straks krigen braut ut, gått i gang med ein agitasjon for at Amerika og dei andre nøytrale nasjonane skulde samle seg til arbeid for å få ende på krigen, og ho fikk skapt ein stor kvinneorganisasjon for dette formåle. Just difor sette ho seg hardt imot at dei Foreinte Statene skulde gå inn i krigen. Ho heldt fast på freds-ideale jamvel i dei vanskelege tidene då andre krav og interesser skygde over det hos folke hennar og dreiv det ut i ufred. Tvert igjenom heile krigen heldt ho fram med arbeide for ein fred som ikkje skulde fostre ny krig, og i dette streve vart ho verande ordføraren for fredsvenlege kvinner over heile verda. Ho kunde få folkemeininga mot seg både heime og ute; men ho gav ikkje opp, og til slutt vann ho det heidersrome ho hadde frå før i folke sitt. Truskap vinn altid vyrnad, og i truskapen sin er ho ekte amerikansk. Nett i år er ho med og manar folk i alle land til å krevje ålmenn avvæpning.

Attmed henne har Nobelkomitéen sett Nicholas Murray Butler, presidenten for det store Columbia University i New York. Han kom inn i fredsarbeide nett samstundes med miss Addams, for no straks 25 år sia, og der har han sett inn ei nær-sagt makelaus kraft og ein utrøytteleg ihuge. Han er ein av desse mennene som altid går like friskt til kvart eit arbeidstak som melder seg, - alltid ferdig, alltid opplagt. Ingen ting kan kue mode hans eller slite på styrken hans. Ingenting kan få den trygge smilen i augo hans til å slokne. Og det er som dette mode, denne styrken og denne tryggleiken strålar ut til alle medarbeidarane hans; han har ei stor evne til å sette andre folk i arbeid, finne gjerning for dei. Er det nokon mann ein kann kalle amerikansk, så er det han, - ein veldig arbeidskar og ein grepa arbeidsstyrar. Eg har set han i arbeid på universitete hans, og eg har set han styre fredsmøte, - det står eit vér av kraft ikring han.

Det var ein annan fredsprisvinnar, fransmannen d'Estournelles de Constant, som drog han inn i fredsarbeide og gav han det serskilte arbeidsrome sitt der. Han vart i 1907 formann for den amerikanske greina av samskipnaden »Mellomfolkeleg forsoning» som d'Estournelles hadde grunnlagt. Og når d'Estournelles fyrst og fremst hadde tenkt på forsoning mellom Frankrike og Tyskland og mellom Frankrike og England, så la Butler arbeide på mykje vidare grunn, så den amerikanske greina i røynda snart vart hovudleden i samskipnaden.

Eg trur det skal vere vanskeleg å finne nokon fredsorganisasjon som har halde oppe eit så stødigt, så ubrote og så vidfemnt arbeid for freds-tanken som dette amerikanske lage under førarskapen til Butler. Med ekte amerikansk praktisk sans såg han at arbeide måtte ha eit sterkt økonomisk grunnlag, og det var han som fyrst og fremst fikk Carnegie til å grunnlegge det veldige fonde for mellomfolkeleg fred i 1910. Der vart Butler sjølv styrar for den eine av arbeidsbolkane, den for oppfostring og opplysning, og den slo han til slutt i hop med lage sitt for »Mellomfolkeleg forsoning». Sia har han vorte formann for heile Carnegiefonde. Men gjenom alle åra er det i røynda same arbeide han har drive.

Ein merkar lett at det er ein mann med kunnskap og vidsyn som har stått fyre alt dette arbeide. Han har ikkje nøgd seg berre med ålmenne talemåtar; men han har teke opp alle dei serskilte spørsmåla som kunde bli fårlege for freden mellom folka. Han har fått sendt ut folk til å granske vilkår og fårar for strid på Balkan, i Aust-Asia, i Mexiko, og han har fått lagt fram verdfulle utgreiingar frå mange slike politiske brennpunkt. Det er opplysning om alle mellomfolkelege tilhøve som heile tida har vore hovudsaka for han, og slagorde hans har vore å skape »internasjonalt huglag», vilje og evne til å sjå på alle spørsmål frå ein samfolkeleg synsstad, aldri gløyme at i kvar ein strid kann båe partane ha sin rett som krev forståing. Sjølv har han aldri svike dette krave, og han har gjort meir enn dei fleste til å føre det fram i heile verda.

Endå er det verdt å nemne at han ein gong, for fire-fem år sia, greip inn i ein aktuell situasjon og vann eit resultat som vart til stor glede for mange fredsvenner. Då Briand i april 1927 hadde halde den namngjetne talen sin om at Frankrike og dei Foreinte Statane burde gå i hop om å bannlyse krigen, då fikk denne oppmodinga ingen atterljom i Amerika før Butler tok ho opp og reiste ei folkemeining for tanken. Han hadde sjølv på fyrehand tala med Briand om saka, og det arbeide han no gjorde dreiv Amerika inn i den forhandlinga som åre etter førte til det ein kallar Kelloggpakten. Ein kann tenke stort eller lite om den praktiske verknaden av denne pakten; han er i minsto eit levande vitnemål om voksteren i fredstanken. Det var rimeleg nok at Briand sendte ei serskilt takk til Butler den dagen pakten vart underskriven. Og det er berre naturleg at både Briand og to andre fredsprisvinnarar, Sir Austen Chamberlain og Elihu Root, har gjeve varm stønad til fremlegge om at fredsprisen no skulde bli gjeven til Butler.

For freds-arbeidarar som Butler og Jane Addams er det sjelda at ein kann peika på synlege, handgripelege resultat av gjerninga deira eller på serskilte hendingar i statslive som namne deira er fest til. Dei som fyrst og fremst legg arbeide sitt på opplysning og folke-vekking, dei kann ikkje vente bråe sigrar som det står sensasjon om. Difor har det kunna hende - og kanskje mått hende - at fredsprisen har gått framom slike tålmodige fyrebuings-menner og til statsmenner som har sete med styringsmakta og hatt høve til å feste fredsresultata i traktatar og politiske tiltak.

Men statsmennene og politikken deira blir fostra av dei samfunds- og åndsvilkåra som rår i landa deira. Og dei må ha eit grunnlag å bygge på, skal verke deira stå. Slike fredstiltak som the League of Nations, Locarno-avtalene eller Kelloggpakten vilde vere utenkelege, om det ikkje hadde stått bak dei eit fredskrav og ein fredsvilje hos sterke folkelag i alle landa.

Visseleg er det djupe makter i sjølve samfunds- og statsvoksteren som tvingar fram alt det vi kallar fredspolitikk. Nye interesser og nye ideal har vakse opp, og driv folka fram imot nye skipnads-former. Tanken om mellomfolkeleg fred og rettsskipnad kann kanskje aldri vinne endeleg siger før allting i samfunde er bygd på ny grunn. Slik samanheng er det mellom framvoksteren på alle område.

Med det som veks og bryt på, treng alltid menner som kann gje klår, medviten tankeform til dei nye krava. Ingen ting i samfundslive fullfører seg sjølv; det skal alltid menneskeleg tanke, vilje og gjerning til å sette trongen om i levande samfundsform. Dei har då ei stor historisk gjerning, alle dei som hjelper oss med å peike ut det måle vi med eller mot ynske vårt stemner imot, - alle dei som hjelper til å samle folketanke og folkekrav om positive tiltak i ny-bygginga. Med kvar serskilt liten ting dei gjer levande i folkeviljen, fører dei oss eit steg på vegen fram imot det nye.

Det er to personar av dette slage vi idag gjev hyllinga vår til. Eit langt og offerviljugt arbeid i tenesta åt fredssaka fær idag æra med Nobelprisen. Miss Addams og president Butler hører til dei som har gjort freds-ideale levande i tusund på tusund av menneske, og dei har lært vide folkelag å krevje fred av styrarane sine. Dei har skapt makter som skal vere med å forme framgangen, og dei skal ha si takk av alle som lengtar etter eit fredssamfund på jorda.