Arnhild Skre
Ein stille, fredeleg, nasjonsbyggjande og demokratisk revolusjon
Tale ved Aasen-bautaen
Vår Frelsers gravlund, Oslo, 17. mai 2013
Kilde: www.språkåret.no

Velkommen! 
Gratulerer med dagen! Og takk for at de pynta dykk så fint og kom hit. 
«Dei vil alle snu venaste sida fram», heiter det i eit av ordtaka som Ivar Aasen samla. Det er mulig baksida dykkar er like pen, men den eg ser, er vakker så det held til ein 17. mai. Her er det lagt omtanke i antrekket. 
Omtanke er det også lagt i denne talen. Ordtaket «Ein gjerer seg ofte stor sut for ei liti sak» kunne gjerne vore kasta mot meg denne våren. Men det er inga lita sak å halda 17. mai-tale ved Aasen-bautaen, og aller minst i år. 2013 er av regjeringa kåra til Språkåret, og årsaka ligg her. For 200 år sidan blei Ivar Aasen fødd, og rett nok skal også andre jubileum markerast i år, men utan Ivar Aasen, hadde det vore lite igjen å feira. 
Det skal eg snakka om her. Eg vil løfta fram heimløysa han kjende, og kva slags kraft som låg og ligg i denne moderne kjensla. Eit sveip over kva for modernisering og spenningar hans sette i gang, skal de også få. Til slutt vil eg spørja om vi har fortent dette, kva det har med den 17. mai å gjera. Og undervegs vil eg slengja litt dritt til min gode ven Bjørnson som breier seg der borte i æreslunden.

Men først til begynnelsen: Ein fransk diktar sa: 
«Eg må gå tilbake til begynnelsen 
for å få håp.» 
Min begynnelse er her, ved Ivar Aasen. Steinen hans er siktepunktet. Kor langt er vi komne frå den starten som hans liv var? 
Alt begynte med ei moderne livskjensle og ingenting - berre dansk-norsk, lærelyst og heimløyse. Bondesonen frå Sunnmøre som frå 1813 voks opp i det norske talemålet, ville læra meir, fekk høve til det, men oppdaga at jo lenger han kom inn i det skriftlege, lærde språket, jo mindre heime kjende han seg. Drivet til kunnskap førte han inn i ei framandkjensle. Han kjende avstand både til den bygda han kom frå og til den offentlegheita han ønskte å ta del i. 
«Den bur ille som bur alle stader.» Slik blir moderniteten formulert i endå eit av dei ordtaka som Ivar Aasen samla. Og ja, heimløysa hans skapte mismot, men ho skapte også kraft. Det spennet som han stod i, blei ei fjør som dreiv han inn i eit hardt arbeid for å skaffa seg og andre klassereisande ein ny heim, ein heim i skrift. 
Utopien hans, og målet til dei som støtta han, var å inkludera alle i landet i det skriftlege, i offentleg ordskifte og dermed i folkestyret. (Det var på høg tid. Italia fekk eit folkeleg skriftspråk alt frå renessansen. Tyskland rundt reformasjonen.) 
Nye grupper som vil integrerast og endrar offentlegheita, har skapt og skaper revolusjonar. Den nynorske revolusjonen starta for alvor hausten 1842, då Ivar, tjueni år gammal, la ut på si første ordsamlingsreise - for å modernisera oss. Finansiert av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, som også var nysgjerrig. Fanst det kanskje noko slikt som eitt norsk språk, ikkje berre mange? Kunne Norge bli ein skikkeleg og moderne nasjon? 
Reisene til Ivar skulle strekkja seg over 26 år. Han la bak seg minst 25 300 kilometer, ein halv runde rundt jorda, over sjø og land frå Lindesnes i sør til Tromsø i nord, minst 2000 av kilometrane til fots. (Dei gjekk han på land. Om han var frigjerar, var han ingen Jesus.) 
Alt i 1848 kvitterte Ivar Aasen for stipendet med boka «Det norske Folkesprogs Grammatik», men han var ikkje ferdig med det. Ei ordbok kom, og dikt og andre utprøvande tekstar. Og så var stafetten i gang og fleire tok språkarbeidet vidare.

Språk er ein treg materie å endra. Ting tek hundreår på hundreår. Men frå Aasens første grammatikk i 1848 gjekk utviklinga forholdsvis raskt. På 65 år hadde nynorsken fått plass i gudstenestene, i administrasjonen, på alle steg i utdanningssystemet. På landsmål var journalistikken fornya, og vi hadde fått ein stor landsmålslitteratur i alle sjangrar. I 1913 blei Det Norske Teatret stifta. 
Språkleg praksis er som sagt, ein seig materie å endra, men alt dette skjedde altså i løpet av dei første 65 åra etter avsparket frå han som ligg her. Det må ha vore eit sug der ute. Alt skjedde raskt og omfattande nok til å rettferdiggjera at Ottar Grepstad brukar begrepet «revolusjon» om landsmålshistoria fram til då. Ein stille, fredeleg, nasjonsbyggjande og demokratisk revolusjon. Ei perfekt jubelsak på ein 17. mai. 
Mykje i denne revolusjonen var unnagjort før Ivar Aasen døydde i 1896. 
Så skulle ein tru at han blei ein av tidas store, ombruste menn? 
Han blei etter kvart hylla og beundra av mange. Ei viss ære viste storsamfunnet då han blei gravlagd her, på Vår Frelsers gravlund. Men han møtte også på sine mange og lange språkreiser «fremmede og mindre dannede folk som ikke interesserer sig for denne Reises Hensigt, men derimod betragte den med en vis Ringeagt og Mistro». 
Og alt tre år etter gravferda hans, hausten 1899, blei Ivar Aasen igjen gjort narr av - av tidas store talar, Bjørnstjerne Bjørnson. Under eit folkemøte gjekk Bjørnson til frontalangrep på landsmålet. Det var ukultur, bakstreversk og stod for alt som var skittent, tregt og somlete i dette landet. Riksmålet var kulturspråket, det elegante, kvikke, det som skapte framsteg og opna landet utover. 
Og så demonstrerte Aulestad-diktaren der oppe på talarstolen kor tuslete og udanna landsmålet var ved å herma etter ganglaget til den lute Aasen som alle visste hadde budd enkelt, kledde seg dårleg og slett ikkje var noko å visa fram i salongane. Og folk lo så dei skreik!

Men kvar står dei i dag, livsverket til Bjørnson og livsverket til Aasen? 
Etter min gode ven Bjørnstjerne Bjørnson som ligg der borte i æreslunden, er det vel omtrent berre «Ja, vi elsker» som lever. Men etter Ivar Aasen? 
Frå denne steinen går det eit langt og stridbart og seigt sigerstog som har endra og framleis endrar dette landet. Den som vil, kan lett finna grunnar til mismot i skuggen av steinen her. Men - grunnane til jubel er større: 
* Den nynorske journalistikken fornyar framleis mediefeltet - nynorskavisa Dag og Tid er opplagsvinnar medan andre avisers opplag fell. 
* Det Norske Teatret feirar hundreårsfest i år, vinn pris etter pris og har år etter år besøkstal på linje med og over Nationaltheatret (eller Unasjonalteatret som Garborg kalla det fordi dei ikkje ville spela landsmålsstykke). 
* Den nynorske litteraturen - aldri har så mange forfattarar skrive bøker på nynorsk. Og aldri har nynorsk litteratur hausta fleire prisar. Eit «nynorsk under», kallar Kjartan Fløgstad den bløminga vi ser. 
* Som ein fotnote til jubellista må det også nemnast at Ivar Aasen har fått ei oljeplattform oppkalla etter seg. (Ho skal byggjast på eit koreansk verft.)

 
Så får det heller våga seg at vi har ein utdanningsminister eller andre i regjeringssystemet som pressar mot sidemålet for å få fleire gjennom vidaregåande skule. At nokon skal få meir kunnskap av å læra mindre, er ein tanke som ville vore temmeleg fjern for han som ligg her, og for kampfellene hans. Det var kunnskapstørsten hans som skapte den moderne uroa som dreiv i gang språkarbeidet, og løfta det verket som vi i dag kan sjå dei mange og store ringvirkningane av. 
Kan vi forstå denne lange sikta, vi som er på veg tilbake til jeger og sankarstadiet - som berre vil hausta og snart oppfattar «langsiktige investeringar» som eit framandord?

Ivar Aasen jobba på lang sikt, meir eller mindre på reisefot i eit kvart hundreår. Han budde trongt og til leige heile livet. Han brukte lite pengar på designerklær, for å seia det slik. Medan vi styrer etter kortsiktige gevinstar av alle slags investeringar, enten vi gjer dei ved skulepulten, i bustadmarknaden, i aksjemarknaden, i kulturlivet eller i kjærleikslivet vårt. 
Å skapa store verdiar og omforma samfunnet krev utopisk tenking og langsiktig strev. Også den impulsen kan vi finna her ved steinen til Ivar Aasen. 
Tenkjer vi stort nok og langt nok til å løfta vidare integreringsarbeidet hans, demokratiseringsarbeidet, og til å vidareutvikla den nasjonalismen som var Ivar Aasens, ein fridoms- og frigjeringsnasjonalisme?

«Halda opp i rette Tid er ein god kunst», seier endå eit av Aasen-ordtaka, og eg skal gje meg nå. Det vil eg gjera med å leggja ned ein krans som takk for at Ivar Aasen reiste dei 2530 mila, for at han ikkje ofra mykje tid på det utvendige, for at han ikkje kravde gevinst på kort sikt, men i staden skapte eit språk og la grunnen for det nynorske underet. Måtte vi i dag ha fantasi, forstand og stamina til å gå vår bit av vegen vidare.

Takk for utfordringane, Ivar! Eg ønskjer spenning og fruktbar ufred rundt minnet ditt!