Ellen Horn
Den vesle nøkkelen til den store låsen
Tale ved opninga av Nynorsk kultursentrum
Ørsta, 22. juni 2000
Kilde: www.regjeringen.no

Ein nøkkel er ein nøkkel, ein mann er ein mann. Men dette er ingen vanleg nøkkel, og Ivar Aasen var ingen vanleg mann. Denne nøkkelen kan ikkje brukast til noko som helst. Ivar Aasens verk kan brukast til alt.

Om Ivar Aasen er det skrive mange og gode bøker. Med all respekt for hans mange biografar vil eg tillate meg å hevde at den beste framstillinga av Ivar Aasen er på berre ni ord. Den er så liten at den har fått plass på eit spelkort.

I 1986 laga biletkunstnaren Arne Bendik Sjur og forfattaren Einar Økland små personportrett i ein kortstokk dei kalla Målstokken. Ein av dei som fekk sitt kort påskrive, var Ivar Aasen. Han var sjølvsagt det dårlegaste kortet, kløver 2. Men Einar Økland gav han den beste teksten:

Ivar Aasen - den vesle nøkkelen til den store låsen.

Eg trur den store låsen står i ei dør som opnar ut mot den vide verda av språk, menneskeleg samvær, kulturell identitet.

Somme hadde kanskje venta at eit bygg for nynorsk skriftkultur skulle bli som ein bunad, med tradisjonslinjer frå treskurd og rosemåling. Men brukarane av den nynorske skriftkulturen har jo alltid vore like heimekjende i verda som i bygda. Sjølve tanken om eit nytt skriftspråk var ein moderne, framtidsretta idé. Difor kjennest det så rett at det er den poetiske modernisten Sverre Fehn som har teikna bygget og uteamfiet her i Aasen-tunet.

La meg få gratulere professor arkitekt Sverre Fehn med eit makelaust byggverk! Du har løyst det æresoppdraget som tidlegare kulturminister Åse Kleveland gav deg i 1996, på ein måte ingen kunne gjort deg etter. Med rette er du blitt kalla strekens poet. Eg gler meg til å sjå dei lange linjene i ditt nye kunstverk, og dei mange detaljane som eg veit du har lagt så mykje omtanke og kunnskap inn i. Du har funne den nøkkelen som gjer Ivar Aasen-tunet til eit byggverk som eg trur vil verke like sterkt på publikum om femti år som i dag. Både byggherren Statsbygg og dei mange entreprenørane har gått til oppgåva med stor respekt for intensjonane og løysingane arkitekten har valt, og utan å vike frå sine strengaste kvalitetskrav. Det takkar Kulturdepartementet for!

Her eg står, forstår eg dei som kallar denne staden for den nynorske katedralen. Det kviler ei stemning av heilagdom, historie og høgtid over det vakre vestlandstunet der vesle Ivar ein gong gjekk og tenkte sitt, nøye skreiv ned sine trastefangstar og laga sitt eige trykkeri med blekk av bærsaft. Samstundes minner flydur [ eit Widerøe-fly tek av nokre minutt før statsrådens tale] og sauebreking nede i bakkane oss om kvardagens trivialitetar.

Dei som arbeidde fram det nynorske skriftspråket, ville ha eit språk som dugde både til kvardags og fest. Difor blei nynorsken, eller landsmålet som det heitte fram til 1929, ikkje berre tidleg eit offisielt språk i landet, jamstelt med bokmålet.

Ved å vise at det nye språket kunne brukast til alt frå salmedikting til bruksrettleiingar, gjorde nynorskbrukarane dette språket til ein nødvendig føresetnad for norsk kultur og demokrati på norsk. Den store låsen opnar difor dørene inn til livet i alt sitt mangfald.

Det tok til med Ivar Aasen, men nynorskens stilling i dag er resultatet av ein imponerande kollektiv innsats. Ivar Aasen-tunet blir ei påvising av kva eit fellesskap kan oppnå gjennom bokstaveleg talt målretta arbeid. Det arbeidet som Ivar Aasen utløyste i 1840-åra, tek aldri slutt. Den overveldande dugnadsinnsatsen gjennom ti år som har gjort denne nye institusjonen mogleg, er eit handfast prov på den kulturelle og politiske krafta nynorskmiljøa framleis representerer.

Dei planane Nynorsk kultursentrum har lagt fram i søknaden om driftstilskot for 2001, vitnar om både eit høgt ambisjonsnivå og ei enorm spennvidd, frå brukshus for det lokale kulturliv til arena for dei mest ulike kunstnarlege uttrykk.

Den store låsen står no i inngangsdøra til Ivar Aasen-tunet. Dette skal bli eit dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Det betyr ikkje at nynorsken no hamnar på museum. Tvert om, Storting og regjering gjer dette fordi vi erkjenner at det tospråklege har ein verdi i seg sjølv. Det hadde eg sjølv gleda av å erfare som teatersjef ved Nationaltheatret, der vi sette opp fleire stykke av Jon Fosse side om side med dramatikk på bokmål. Når nynorsken er god nok til å vise livets mange sider i den beste samtidsdramatikken som blir skriven i dag, er sanneleg nynorsken god nok i sjølve livet også.

Ved å ta lærdom av vår eigen fleirkulturelle situasjon, som nynorsken har prega så sterkt, vil vi også vere betre budde på å møte det fleirkulturelle internasjonale samfunnet. Denne kulturelle spenninga mellom jamstelte målformer, med alle dei spørsmål om makt som den spenninga inneber, er med og gjer norsk kultur interessant i andre land. Til dømes er Jon Fosse i dag den mest spelte norske dramatikaren i Europa sidan Henrik Ibsen.

Regjeringa legg til grunn at nynorsken er komen for å bli. Med Ivar Aasen-tunet i drift vonar vi det blir lettare å styrkje den nynorske skriftkulturen og nynorskbrukarane sine reelle rettar. Både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar treng Ivar Aasen-tunet for å forstå meir av vår fortid og styre meir av vår framtid. Difor er det mitt håp at denne nye nasjonale kulturinstitusjonen opnar dørene inn til den nynorske skriftkulturens mange rikdommar både for nordmenn og for dei frå andre land.

Med dette erklærer eg Ivar Aasen-tunet for opna og gir bygget vidare til eigaren, Nynorsk kultursentrum, representert ved direktør Ottar Grepstad.