Hadia Tajik
Takk, Ivar Aasen!
Festmøte for Ivar Aasen på 200-årsdagen
Ørsta, 6. august 2013
Kilde: www.regjeringen.no

Kjære jubileumsgjester, og - eg får vel seia - kjære jubilant! 

Takk for invitasjonen til denne største dagen i det nasjonale Språkåret totusenogtretten!

Nokon har spurt meg: Kva er norsk kultur?

Ingenting er vel meir norsk kultur enn norsk språk!

Og knapt noko særkjenner norsk språk meir enn at det er standardisert på to ulike måtar, med to tilhøyrande skrifttradisjonar.

I kveld skal me hylla den mannen som forma det nynorske skriftspråket. 

Nesten heilt på eiga hand gjorde han det. I skiftande talemål frå heile landet fann han eit felles mønster. Med granskande blikk og systematisk flid meisla han skriftspråket ut. Som reiskap for allmugen og heile nasjonen stilte han det til rådvelde.

For Ivar Aasen meinte at folkespråket måtte bli hovudspråket i landet.

I dag har me to norske hovudspråk, likeverdige og offisielt likestilte.

Tenk for ein rikdom - og for ein meirverdi - dette dobbelte uttrykksregisteret representerer for norsk kultur- og samfunnsliv!

For denne språklege og kulturelle rikdommen er me Ivar Aasen stor takk skyldig.

Nynorsk er ei dagleg påminning om at Noreg har ein tradisjon for språkleg og kulturelt mangfald.

Nynorsk er både ei norsk målform og eit sjølvstendig skriftspråk. Ingen ansvarleg språkpolitikk for framtida kan gå utanom nynorsken og den nynorske skriftkulturen.

I den nye læreplanen for norskfaget i skulen er det presisert at alle elevar skal lytta til og lesa begge målformer frå tidleg på barnetrinnet. Dei skal eksperimentera med skriving på sidemål frå 5. årssteget. Føremålet med sidemålsopplæringa er gjort tydelegare.  

For me kjem ikkje utanom at nynorsk - så vel som fleirtalsspråket bokmål - vedkjem alle som lever i Noreg i dag.

Og det var Ivar Aasen som la grunnlaget for dette språklege og kulturelle mangfaldet - for denne nasjonalformuen - som er rikare enn oljefondet! 

Det var han som utfordra dei språklege tradisjonalistane og reformistane på 1830-talet. Han såg føre seg eit tredje alternativ, å skapa "en aldeles norsk Sprogform". Og han såg så klart at han ikkje lét det bli med tanken. "Jeg vil forsøge et sådant Arbeide", skreiv han i 1841, i datidas danske skriftspråk.

For Ivar Aasen var også ein framsynt strateg. Han forkasta ikkje det eksisterande skriftspråket. "Ivar Aasen skriver Dansk bedre enn nogen her i landet", skreiv Arne Garborg så seint som i 1888.

Han la likevel eit solid grunnlag for den nynorske skrifttradisjonen, ikkje berre gjennom grammatikken og ordbøkene, men også gjennom praktisk tekstforming i fleire sjangrar.

Mange av dikta hans er tonesette og høyrer til våre mest folkekjære songar: Millom bakkar og berg, Gamle Norig, nørdst i grendom og Dei gamle fjell i syningom. Og ikkje minst kan mang ein politikar finna trøyst i songtitlar som Til lags aat alle kann ingen gjera og Dei vil alltid klaga og kyta.

Og høyr berre kva råd ein politikar kan få gjennom nokre av ordtaka frå Ivar Aasen:  
 
- Den som vil styra, skal fyrst læra å lyda 
 
- Eit Ord i rette Tid er betre enn mange andre 
 
Men også dette: 
 
- Den som ikkje sjølv er med og ser til, den fær ikkje Værket sitt gjort som han vil

Dei folkelege visdomsorda han samla på ferdene sine rundt i landet, talar slett ikkje berre til oss politikarar. Dei dannar til saman eit tankesystem frå den norske livsverda i helg og yrke. Og dei er levande nynorsk, som med Aasens sikre hand fekk ei fullgyldig form.

Ivar Aasen reiste land og strand rundt i om lag eit kvart hundreår. Over 2100 reisedagar skal han ha hatt. Og før og under, etter og innimellom dreiv han vitskapleg arbeid:  
Han noterte og registrerte; han analyserte og systematiserte; han alfabetiserte og definerte; han normerte og formulerte.

Ivar Aasen hadde verken laptop eller internettilgang; han hadde verken orddatabasar eller digitale tekstkorpus å søkja i. Men han hadde eit sjølvkonstruert reiseskrivebord med alt som trongst av skrivesaker. Og han hadde ikkje minst ein klar tanke og ein klar plan, eit system å registrera etter; han kunne raskt vurdera korleis den nye informasjonen han tok til seg, skulle passast inn i den heilskapen han såg føre seg.

Han utvikla sine eigne innsamlingsmåtar og vitskaplege metodar. Med vår tids samfunnsvitskaplege sjargong kan den viktigaste metoden hans truleg karakteriserast som deltakande observasjon.

Han var både ein målreisande og ein målreisar, ein reisande i norsk talemål og ein som reiste eit nytt skriftmål. Han gjorde den lengste språkreisa i norsk historie, både i geografisk og fagleg meining, og ikkje minst i kraft av det språkpolitiske prosjektet han gjennomførte: Han endra den språklege framtida i Noreg.

Andre førte livsverket til Ivar Aasen vidare og skapte det om til ei folkerørsle som utfordra det kulturelle og språklege hegemoniet i landet. Slik vart Ivar Aasen også opphavet til ein av dei klassiske motkulturane i norsk historie.

Og trass i den formelle likestillinga er nynorsk enno mykje av ein motkultur. Det er periferi mot sentrum. Det er mindretal mot fleirtal. Det er frivillig innsats, idealisme og samfunnsansvar mot makt- og marknadskrefter og teknologisk og demografisk utvikling.

I kveld er me samla til fest her i Aasen-tunet, til høgdepunktet i feiringa av 200-årsdagen for hans fødsel. Det var her han kom frå, i dette miljøet han vart forma og fekk kunnskapsgrunnlaget sitt. Og det er her livsverket hans blir dokumentert og formidla.

Men store delar av livet budde og arbeidde han i hovudstaden, mange år i Teatergata 6. Eg har sjølv kontor rett rundt hjørnet, i Akersgata 59, og skal helsa så mykje, og gratulera med dagen, både frå det geografiske nabolaget hans i Christiania og frå dagens politiske Noreg.

I Ivar Aasen-almanakkane frå 2000-talet er dagen i dag markert med følgjande ordspråk:

Takk er det minste ein Mann kann få.

Eg takkar han gjerne - men vil òg gjere meir: Nynorsk - og bokmål - skal ha gode vilkår som samfunnsberande språk i Noreg. Då må ein satse på nynorsken i skulen, ikkje kutte undervisninga vekk. Då må ein ha klåre reglar for bruk av nynorsk i forvaltninga. Og då må me oppretthalde pressestøtta. Lokalaviser og meiningsberande aviser er nokre av dei viktigaste fyrtårna for nynorsken - og det er dei som vil bli hardast ramma om pressestøtta vert kutta.

Me skal halde fram med den språklege demokratiseringa Aasen starta. Han har noko av æra for at folk ikkje treng å skjemmast for korleis dei snakkar. Ein må ikkje leggje om til standardisert riksmål for å delta i radio og TV, slik det er i fleire land. Dette er viktig for demokratiet - for identitet og kultur - og det er slett ikkje sjølvsagt. Men me er ikkje i mål med det skrivne ord. Språket til kvar og ein av oss skal vere godt nok til å bli ytra i det offentlege rom. Til å kome på trykk i aviser. Til å formidle viktig informasjon i nærings- eller organisasjonsliv. Eller til å vere hjartets språk i et kjærleiksbrev.

No gler eg meg til å feire han som starta det heile:

Ein stor takk frå oss alle på 200-årsdagen, med ønske om kraft og styrke for nynorsk språk og kultur dei neste 200 åra.

Takk, Ivar Aasen!