Liv Signe Navarsete
Der du bur
Sluttapell i partilederdebatten på NRK
NRK TV, 6. september 2013
Kilde: Transkribert fra tv.nrk.no

Gode veljar,

Det er mykje som står på spel mandag.

Kva er det som gjer at vi er så glad i detta landet vårt?

At det bur folk og er arbeidsplassar i heile landet, i frå Agder til Kirkenes. At det er lys i vindauga og unga på leikeplassen i heile landet vårt. At du får hjelp når ulukka er ute uansett kor du bur og uansett lommebok. At det er ein god skule, ein god barnehage og eldreomsorg der du bur. At me har gode kommunar som gjer gode teneste, men óg der med har eit lokalt demokrati som fungerar. At kem so helst av oss kan gå og banke på døra til ordføraren, at me kan styra politikken og styra vårt eige land. At maten vår - lokal, trygg, kortreist, og at vi kjenner ho som har stelt dyra.

Det står viktige verdiar på spel mandag. Du veit kor Senterpartiet står.

Godt valg.