Valgerd Svarstad Haugland
Historiske røter og dagens vokster
850-årsjubileet for opprettinga av erkebispesetet i Nidaros
Øysteinsalen, Erkebispegården i Trondheim, 26. juli 2003
Kilde: www.regjeringen.no

Godtfolk!

Kva er innhaldet i det jubileet vi er samla for å feira?

Vi er i salen som har namn etter erkebiskop Øystein, - han som fekk erkebispedømet til å utfalda seg og bløma. Vi har sett eller skal sjå spelet om Heilag Olav, gamalt og likevel nytt i kvar oppsetting. I føremiddag er det seminar om det reformarbeidet som fann stad i siste halvdelen av det 12. hundreåret. No har det vore pilegrimsmesse i Olavskyrkja, - "ho glimar som gull", seier folkevisa. Alle flagga er til topps, og no er mykje godt folk samla her. Kva er det vi feirar?

Vi feirar opprettinga av ein norsk kyrkjeprovins med erkebispesete i Nidaros 1153. Då vitja kardinal Nikolaus Brekespeare Noreg på oppdrag frå paven. Brekespeare var etter soga ein stor venn av Noreg og vart sjølv pave då han kom attende til Roma. Han oppretta erkebispesetet i Nidaros og gjorde Trondheim til metropol. Han la til Hamar som eit nytt ledd i kjeda av bispedømer. Han grunnla tre katedralskular (Oslo, Hamar og Trondheim). Ved hans vitjing vart Noreg knytt til resten av det som den gongen såg på seg sjølv som "verda". Den filosofiske, politiske og administrative utviklinga som fann stad i siste del av det 12. hundreåret, vart gjennom opprettinga av erkebispedømet ein sterk impuls i vårt land. Banda til resten av Europa vart fastare og fleire. Kyrkja fekk eit regelverk, ei kyrkjereform, som vart retningsgivande for generasjonar. Dette er sjølvsagt verd ei feiring.

Men den norske kyrkjeprovinsen med erkebispesetet i Nidaros har ikkje eksistert sidan Olav Engelbrektson sigla ut Trondheimsfjorden i 1537.

Vi feirar at kyrkja i 1153 fekk ein moderne og framtidsretta organisasjon, vart konfirmert så å seia. Det er verd ei feiring.

Men kristentrua og kyrkja kom til Noreg lenge før. Det feira vi så det verkeleg mona for nokre år sidan.

Vi feirar Heilag Olav. Erkebispesetet og Nidaros domkyrkje er ikkje tenkjelege utan han. Det er soga hans som ligg til grunn for den religiøse tydinga denne byen har og for historia om kongedømet i Noreg.

Men Heilag Olav vert høgtida både med Olavsfestdagane og spel på Stiklestad.

Vi feirar Øystein Erlendsson. Det var han som tok til med bygginga av Nidarosdomen. Det var han som stadfesta kyrkja sitt samvirke med kongedømet. Det var han som planta den kongeeiden og det kongeidealet - rex justus, den rettferdige kongen - som sidan har vore målestokk for kongane her i landet. Det var han som planta den kombinasjonen av juridisk tenking, religiøst liv og kulturtradisjonar som vi i alle desse 850 åra som er gått, har nytta til å tyda soga om konge og folk, stat og kyrkje ut i frå. Han er verd ei feiring.

Men Øystein vart ikkje erkebiskop før i 1161. Han var fehirde, datidas statsråd, hos Kong Inge i 1153.

Vi feirar at kyrkjene "seglar samla" igjen, som biskop Wagle seier. 450 års splitting ligg bak oss. Igjen vitjar ein kardinal Nidaros. Kardinal Walter Kasper skal preike ved jubileumsgudstenesta. Det er verd ei feiring.

Men det må vera lov å minna om at dette har vore feira godt og grundig tidlegare i sumar då generalforsamlinga for Konferanse av Europeiske Kyrkjer heldt til her.

Sjølv har eg leikt med tanken på om ikkje dette jubileet i røynda knyter seg til regjeringa sin aktive kyrkjepolitikk? Stortinget har slutta seg til vårt framlegg om trusopplæring i ei ny tid og reform av kyrkja si dåpsopplæring. Kyrkjeordninga har vore handsama og drøfta av offentlege utval med jamne mellomrom det siste hundreåret og Regjeringa har oppnemnd eit utval til å utgreia om tilhøvet mellom staten og kyrkja for å gi eit grunnlag å meisla ut framtida si kyrkjeordning på. Det som opprettinga av erkebispesetet var starten på, var å byggja ut eit ordna forhold mellom kyrkja og det som den gongen var ei sped statsbygging? Så er det med andre ord ikkje eit "gode-forhold-mellom-stat-og-kyrkje-jubileum" vi feirar?

Godtfolk:

De kan velja mellom desse alternativa! Nei - det kan de ikkje! For jubileet handlar om alle. Det handlar om den uoppløyselege samanhangen mellom folk og tru, stat og kyrkje, åndsmakt og verdsleg makt - og ikkje minst handlar det om historiske røter og dagens vokster.

Eg trur at det er dette som kjem til uttrykk, når så mange i samband med kyrkjeordningsdebatten seier: "Ta ikkje kyrkja frå oss!"

Nokre trur at vi skal ut av denne samanhengen, no som vi er eit meir pluralistisk samfunn.

Andre har det motsatte synet: Denne samanhengen må vi tvert i mot gjera gjennomsiktig og tydeleg på eit nytt grunnlag.

Eg skal ikkje spinna vidare på desse trådane, berre seia at kvar tid må finne si løysing i dei spørsmåla som forholdet mellom folk og tru og stat og kyrkje alltid krev svar på, - anten samfunnet er homogent eller pluralistisk. I 1153 ga kardinal Nikolaus Brekespeare oss ei løysing, historia har bygd vidare på henne.

Mykje godt har landet vårt fått gjennom det han planta. No er det vår generasjon som har ansvaret.

Vi ynskjer kvarandre lukke til med jubileet!