Einar Førde
Sosialdemokratiets veg
Foredrag i Politisk Forum
Oslo, 21. februar 1980
Kilde: Einar Førde: Vi er alle sosialdemokratar - åtte foredrag. Oslo 1981, s. 56-76

Vi er alle - anten vi likar det eller ikkje - sosialdemokratar. Det er lite som tyder på at vi vil oppleve ein renessanse for revolusjonær ideologi og strategi i Noreg. Utgangspunktet for det vidare politiske arbeidet i arbeidarrørsla er at vi alle skal følgje ein reformistisk strategi. Eit anna utgangspunkt er at situasjonen er relativt kritisk. I løpet av nokre få år har den samla tilslutnaden for arbeidarrørsla i det norske folket gått ned, og utgjer nå eit mindretal av folket. Det er ei for overflatisk analyse å hevde at dette er eit resultat av det som blir kalla Arbeiderpartiets stadig sterkare høgredreiing. Om dette var rett, skulle jo ikkje veljarane vandre mot høgre. Då skulle vi vel oppleve ein renessanse for venstrekreftene. Men SV's tilbakegang dei siste åra har vore enda meir dramatisk enn Arbeiderpartiets. SV fungerer ikkje som pådrivande kraft for nye reformer. I staden er situasjonen den at vi i Arbeiderpartiet har fått ein debatt om kven vi kan samarbeide med til høgre. Den debatten måtte kome, fordi det viktigaste spørsmålet for alle politiske parti er korleis vi skal kunne sikre politisk makt.

Høgrebølgja er ei ideologisk utfordring. Det er ikkje først og fremst standpunkt i einskildsaker som har ført til at store veljargrupper har vandra til høgre. Det er høgrekreftenes evne til å binde saman sakene i eit ideologisk mønster som har verka mest attraktivt. Vi kan nok vere lite imponert over gehalten i denne ideologiske utfordringa. Vi ser at dette ikkje er nye løysingar på framtidas utfordringar, men fortidas svar som vi nå dei siste generasjonane møysommelig har kjempa oss ut av og forkasta. Anten ideologane heiter Milton Friedman eller Von Hayek, har dei alle fortidas merke med seg. Ideologisk sett er høgrebølgja ein politisk mangelsjukdom. Men utfordringa blir ikkje mindre for det.

Arbeidarrørsla har ikkje eit eintydig svar på denne utfordringa. Sosialisme på norsk tyder mange ting. Det er lett å konstatere at det store Arbeiderpartiet inneheld eit spekter av politiske oppfatningar og ideologiske haldningar. Like påfallande er det at det vesle SV har ei like stor spennvidde, noe debatten om sosialisme på norsk i «Ny Tid» har synt oss klårare enn vi før visste. Dette mangfaldet i oppfatningar bør vi nå kunne utnytte som den ressursen det er. Einar Gerhardsen kan fortelje om tider då sosialisme med endå større kraft vart brukt som skjellsord av våre politiske motstandarar. Det nye er at nå er skjellsorda byrja å verke i store folkegrupper. Det finst ingen standardsvar eller enkle løysingar på korleis ein skal møte denne utfordringa. Tvert om treng vi nå ein debatt basert på eit mangfald i synsmåtar. Det er ein debatt som det ikkje på vanleg norsk vis er det viktigaste å «vinne». Klarare enn på svært lenge kan ein nå sjå kvar den viktigaste utfordringa kjem frå, og kor avgjerande nødvendig det er at den debatten vi skal føre, ikkje først og fremst blir eit ideologisk bikkjeslagsmål av den typen som svekka norsk arbeidarrørsle i 20-åra. Og minst like viktig er det at vi ser at hovudutfordringa er politisk og ideologisk, og at vi ikkje trur at medisinen ligg i å ofre kreftene på ein debatt om personar.

Debatten om programarbeidet har fått ein matnyttig eigenverdi også i forhold til spørsmålet om politisk makt. Samtidig må vi i det mediavridde samfunnet leve med at dei politiske diskusjonane og spenningane blir tydelegare for alle. Det går ingen veg tilbake til den stalinistiske tradisjonen i norsk arbeidarrørsle. Med det sjølvsagte utgangspunkt at vi skal ha evne til å handle politisk innanfor eit større fellesskap, må vi lære oss å leve med større openheit. Ingen sterke menn og meir autoritet kan bringe dei gylne tidene tilbake. Tvert om er vårt hovudproblem i forhold til store ungdomsgrupper og nye yrkesgrupper at arbeidarrørsla verkar for lukka. Dei som bankar på, må sleppast inn. Og det er avgjerande viktig at vi greier å føre ein debatt som gir inntrykk av større openheit, reell meiningsutveksling og toleranse. Det oppfattar eg som ideologien bak Politisk Forum. Derfor er eg med her.

Ein fortel ikkje svært mykje om utviklinga i Noreg i dette hundreåret ved å beskrive ho som ein kamp mellom sosialisme og kapitalisme. Derimot er det meir interessant å sjå det som ein kamp mellom kollektive løysingar mot individuelle, mellom solidaritet mot privatisering. Utviklinga har eintydig gått i retning av at vi i aukande utstrekning har løyst våre problem på kollektiv basis. Arbeidarrørsla har vore ei drivande kraft i denne utviklinga. Det har lege eit ideologisk engasjement bak. Arbeidarrørsla omforma ein gamal gruppe- og laugssolidaritet til klassesolidaritet og seinare samfunnssolidaritet. Så opplever vi ein renessanse for dei privatiserte og individualiserte løysingane. Tilbakeslaget er yttarst paradoksalt om vi ser det i lys av dei utfordringane dette samfunnet står framfor. Det er fort gjort å finne slike utfordringar som tyder på at vi kjem til å trenge meir solidaritet og sterkare evne til å handle i fellesskap i tida som kjem. Men samtidig må vi konstatere at høgrebølgja ikkje er eit fenomen som begrensar seg til partiet Høgre. Tankar om at einkvar er si eiga lykkes smed har vunne gjenklang også i våre eigne rekker. Og alle ser at samfunnssolidariteten slår sprekker. Det ville kanskje ikkje vore så katastrofalt dersom alternativet hadde vore klassesolidaritet. Men dagleg kan vi sjå at der nå er gruppesolidariteten som er i medvind, og gruppene har ein tendens til å bli mindre og mindre. Eg går ut frå at vi fort kan bli samde om at det er viktig å snu denne utviklinga. Det kan vi berre gjere ved å foreslå politiske løysingar som synet menneska at det er i deira eiga interesse at vi framleis prøver å løyse problema i fellesskap. Men det er også ein debatt som vi må føre inn på dei organisatoriske spørsmåla. Landsorganisasjonen i Noreg er det mest kraftfulle uttrykk for klassesolidariteten. Utbygginga av dei statlege fellesinstitusjonane har på same måte vore det organisatoriske uttrykk for ein samfunnssolidaritet. Ein logisk måte å møte desse utfordringane på, vil altså vere å arbeide for å styrke Landsorganisasjonen i staden for forbunda og dei einskilde fagforeiningane, å styrke partia på bekostning av aksjonsgruppene og ei-sakorganisasjonane og å styrke Stortingets makt på bekostning av lokale folkevalde organ og organisasjonane.

Men dermed er vi over i den mest kinkige av alle aktuelle debattar sosialistar imellom: Spørsmålet om sentralisering/desentralisering og vårt tilhøve til staten. Eg vil gjerne bekjenne meg til målsettinga om desentralisering. Eg trur det er ei hovudline vi må følgje i vår politiske verksemd i åra som kjem. Det blir avgjerande viktig å spreie makt til fleire hender. Vi må framleis flytte avgjerder frå sentralt til lokalt plan og ikkje minst synest eg det er lovande at vi nå ser konturane av ein debatt om korleis vi kan føre oppgåvene bort frå offentlege og dels byråkratiske strukturar til organisasjonane og einskildmenneska og fellesskapa i lokalsamfunnet. Vil vi at vår styreform skal vere eit deltakardemokrati med engasjerte og kontinuerleg aktive einskildmenneske, må vi spreie makt og gi avkall på ein del av den sentrale styringa som har vore så grunnleggande i ideologien til norsk arbeidarrørsle i moderne tid.

Eg opplever likevel dette som eit alvorleg dilemma. Sosialisme tyder nye maktforhold og nye relasjonar mellom menneska. Slike mål kan berre nåast gjennom ein bevisst styrt politisk prosess. Det er ingenting som tyder på at summen av alle gruppe- og individinteresser vil gi oss sosialisme, like lite som isolerte marknadsavgjerder nødvendigvis er til samfunnets beste. Det er meir som tyder på at vi på denne måten får problem med å halde oppe den samfunnssolidariteten og den klassesolidariteten som er den mest avgjerande føresetnaden for å nå slike mål. Eg opplever også dette dilemmaet dagleg i det arbeidet eg har. I utdannings- og kultursektoren har vi dei siste åra desentralisert ei rad avgjerder. Vi har gjort det fullt vitande om at vi dermed har slakka på målsettinga om likskap. Vi har nå noen års røynsle for korleis kommunar, lokalsamfunn og organisasjonar løyser dei oppgåvene dei på denne måten er pålagde. Stort sett er desse røynslene positive. Men det står heller ikkje til å nekte at vi i aukande grad registrerer eit påtrykk frå dei same lokalsamfunna om å intervenere når det skjer ulykker og når ein oppfattar at avgjerdene fører til urettvise og ulikskap. Vi har aukande lokal etterspurnad etter sentralisering. Vi desentraliserer avgjerdsmakt, men dei som føler at dei kjem dårlegare ut gjennom eit slikt avgjerdssystem, kjem nå etter gamal norsk skikk igjen til den rettferdige kongen i København for å sikre sine interesser. Dette er sjølvsagt eit dilemma vi kontinuerleg skal leve med. Men eg har ei kjensle av at vi nå er på veg inn i tider og samfunnsforhold der vi igjen vil måtte sjå på kva vi kan oppnå ved å koordinere våre krefter. Med andre ord styrke vår evne til felles handling, styring og planlegging.

Sosialdemokratiets veg er udogmatisk. Slik bør vi også unngå dogmatiske modellar i desentraliserings/sentraliseringsdebatten. Vi skal og bør desentralisere. Men vi må også sentralisere. Vi skal føre makt ut til nærmiljøet, gi lokalsamfunna betre utvegar til å planlegge si framtid, gi einskildmenneska betre sjanse til å sikre sine eigne interesser gjennom kollektive avgjerder. Vi skal også gi lokale einingar og nærmiljø høve til å samverke og å representere politiske motkrefter mot dei sentrale. Men vi må også sikre sentral makt. La meg peike på ein viktig grunn til at dette nå står på dagsorden.

I økonomisk teori skil ein mellom makro- og mikroøkonomi. I europeisk sosialistisk debatt har ein i den seinaste tida byrja å interessere seg langt meir for den sektoren av økonomien som ikkje utan vidare lar seg putte inn i desse tradisjonelle båsane. Den blir t. d. kalt meso-økonomi. Det er den delen av det økonomiske livet som blir dominert av dei multinasjonale selskapa og dei internasjonale kapitalkreftene. Dei blir sterkare og sterkare, og vi ser at vi ikkje rår med dei gjennom vanlege finanspolitiske verkemiddel. Det er avgjerande viktig å sikre folkevald makt i forhold til desse motkreftene. Marginalstaten Noreg kan ikkje gjere det ved å pulverisere makta. Vi må føre den offentlege styringa inn i meso-økonomien. Vi kan ikkje la samfunnsansvaret for produksjonslivet berre omfatte dei svakaste og mest utsette bedriftene. Det blir skrøpeleg folkevald makt dersom vi berre skal bruke ho til å reparere. Det er viktig at staten og det offentlege er med i dei sektorane der vi tener pengar. Dette skulle ikkje vere vanskeleg å forstå i Noreg i 1980. Mange av dei viktigaste beslutningane vi skal ta i tida som kjem, knyter seg til olje- og energipolitikk. Makta over oljeressursane er første punkt på dagsorden for alle norske sosialistar. Det er sikkert mangt å seie om den nasjonale reiskapen vi har skapt for å sikre statleg og nasjonal makt i oljesektoren, nemleg Statoil. Men for norske sosialistar bør det vere sjølvsagt at vi står vakt om alle forsøk på å svekke ein nasjonal reiskap som innanfor sin sektor i internasjonal samanhang truleg heller er for liten enn for stor. Statoil er ein måte å kanalisere økonomiske ressursar til landet på. - Men det er meir enn det. Det er også ein styringsreiskap, eit organisatorisk uttrykk for at vi vil vere med der avgjerdene blir tatt og bygge opp nasjonal kompetanse på eit for oss avgjerande viktig felt. Det er eit planleggingsorgan. Og det er eit organ som representerer motkrefter til internasjonal kapital. Vi kan ikkje undervurdere styrken i dei motkreftene vi her står overfor. Det har andre land og andre samfunn bitre røynsler med. Skal vi t. d. sikre sosiale og økonomiske mål med oljepolitikken, kan vi ikkje berre gjere dette ved tradisjonelt statleg byråkrati. Vi må ha eit offentleg engasjement der pengane blir tente og verdiane blir skapte.

Dette vil gjelde også for andre delar av den sektoren av økonomien som vi ikkje når heilt fram i ved tradisjonelle økonomiske styringsmiddel. Vi kjem framleis til å ha ein blandingsøkonomi i Noreg. Og vi vil framleis ha det maktutgreiarane kallar ein forhandlingsøkonomi. Men mykje tyder på at vi er undervegs til noe nytt når det gjeld blandinga i økonomien. Vi har etter kvart utvikla ein skepsis til statleggjering som synonymt med demokratisering. Det skal eg kome tilbake til i det etterfølgjande. Men dette får ikkje hindre oss i å avvise sterkare sentral styring med kapitalen eller avvise eit aktuelt verkemiddel som t. d. nasjonalisering. Samtidig er det viktig å bringe inn det offentlege engasjementet og offentleg styring på ulike vis. Dette ser vi klart i debatten om korleis vi skal styre datateknologien. Vi kjem ikkje til å kunne greie det dersom vi ikkje legg opp til ein svært bevisst nasjonal, statleg politikk på dette området. Vi må sikre statleg innsats for å bygge opp ein nasjonal kompentanse gjennom utdanning på ulike nivå. Vi må sikre nasjonal industri på dette området. Og det offentlege som etter kvart blir ein stor datakunde, må utforme ein bevisst politikk i sine krav når det gjeld å ta i bruk datateknologien. På denne måten vil vårt nasjonale fellesskap kunne medverke til å påverke utforminga av teknologi og datasystem. I slike spørsmål kan desentralisering lett bli maktesløyse. I vårt strev for desentralisering er det grenser for det moglege og ønskjelege. Vi overlet ikkje freding av Hardangervidda til lokale folkevalde organ.

Eit nokså slåande eksempel på begrensingane ved desentraliseringa finn vi i Jugoslavia - eit land og eit system som dei fleste av oss har stor sympati for. Jugoslavia har i dag ein inflasjon som nærmar seg latinamerikanske resultat. Her registrerer vi sterke tendensar til aukande lønns- og livsstandard-skilnader. Desentraliseringspolitikken har utdjupa regionale problem i store delar av landet. Jugoslaviske sosialistar ser nå korleis ei viktig målsetting ved all sosialisme, nemleg likskap, kjem i klemme i eit desentralisert system. Samtidig illustrerer dette eit anna viktig poeng. Den mest interessante modellen for norsk sosialisme er Noreg. Her finn vi dei beste føresetnadene for sosialisme på norsk, ikkje i modellar langt ute, anten dei er i Kina, Cuba, Jugoslavia eller Praha-våren. Framtida må vere i våre hender. Og vårt nasjonale fellesskap er framleis den viktigaste styringsreiskapen vi har for å sikre det.

Dette var vi inne på i debatten om det europeiske økonomiske fellesskap. Sidan den gongen har vi sett at det europeiske økonomiske fellesskap korkje er heilt europeisk, spesielt økonomisk, eller så svært mykje til fellesskap. Vi hadde rett vi som trudde at dette var ein dårleg mekanisme for å sikre sosial forandring. Som styringsreiskap har det fungert nokså dårleg. Og som motkrefter til dei som dominerer i den meso-økonomiske sektoren, er det lite von om at dette fellesskapet vil fungere. Men dette får ikkje få norske sosialistar til å unngå å sjå at mange av dei alvorlegaste styringsproblema vi står overfor, krev internasjonal samhandling og koordinering. Det internasjonale økonomiske systemet er i forandring. Det er avgjerande viktig at norske sosialistar skjønar det, og at dei forstår at internasjonal styring også krev oppbygging av internasjonale styringsorgan. Dei må vi vere med i dersom vi ser at dei er i stand til å ivareta våre interesser.

Vidareføring av det økonomiske demokratiet er nå visseleg ein av dei debattane som er mest påtrengjande for oss. Vi har altså sett korleis statleg engasjement i det økonomiske livet ikkje nødvendigvis fører til det viktigaste krav vi må sette til demokratisering, nemleg spreiing av makt til fleire menneske. Vi treng ein debatt om statsselskapa og styringsskipnaden ved dei. I desse bør vi nå kunne gå vidare med representasjonen for dei tilsette. Samtidig må vi sikre politisk makt til å gjennomføre reformer i tråd med dei vi ikkje har greidd å bere fram i denne perioden som t. d. statleg forvaltningsselskap og Laake-utvalets innstilling. Når vi nå arbeider med modellar for vidareføringa av det økonomiske demokratiet, vil eg vedkjenne meg til eit prinsipp om mangfald. Eit karakteristisk drag ved den programdebatten vi nå fører i Arbeiderpartiet, er at vi for første gong i partiets historie ikkje får ein debatt om kva vi skal gjere med kreditt-institusjonane. I siste 4-årsperiode har vi gjennomført reformer i styringsskipnaden i forretningsbankane, sparebankane og finansieringsselskapa. Forsikringsselskapa står att, men dei representerer knapt noe stort og kontroversielt problem. Ein kan meine kva ein vil om desse reformene, og mange her vil truleg meine at dei ikkje går langt nok. Men dei har mange interessante trekk. Det mest interessante er at dei eksisterer og lever sitt levande liv. Nye styringsskipnader blir prøvde i praksis, og er ikkje berre papir slik som mykje av vårt arbeid med kredittinstitusjonane tidlegare har vore. I eitt tilfelle, nemleg i forretningsbankane, har vi målt med vanlege vesteuropeiske sosialdemokratiske mål gjort noe oppsiktsvekkande ved at fleirtalet i styringsorgana i desse institusjonane ikkje lenger automatisk følgjer aksje-innehav. Det mest interessante punktet ved desse reformene er at dei er ulike. Dei representerer eit mangfald som er interessant i det perspektivet at kanskje er ingen av dei dei varige styringsordningane for denne type institusjonar. Men det vil vi lettare kunne avgjere når desse ulike modellane faktisk er til utprøving.

Vi kan godt tenke oss eit tilsvarande mangfald i den vidare demokratiseringa av det økonomiske liv. Eg ser for min del ingen stor idé i å sette på dagsorden at vi skal endre aksjelova til mindretal for eigarane i små og mellomstore bedrifter der eigarane faktisk deltar i det daglege arbeidet i bedrifta og såleis er med direkte og skaper verdiane. Annleis stiller det seg sjølvsagt med dei større einingane i produksjonslivet. Det er vanskeleg å seie kven som eig dei. Men i alle fall er dei også samfunnsinstitusjonar. Vi drøfter nå korleis og kor fort vi kan endre tilhøvet mellom representasjon for dei tilsette og dei som har skote inn kapital i bedrifta. Samtidig er ein tredje aktør blitt meir interessant, nemleg samfunnets og lokalsamfunnets interesser. Ingen uttrykk for korleis samfunns- og klassesolidariteten blir broten ned, er meir manifest enn tendensane til bedriftsegoisme. Vi burde kunne tenkje oss eit mangfald i styringsskipnader for slike samfunnsinstitusjonar. Det er ikkje sikkert at vi treng å ha den same modellen i det som i dag heiter privat storindustri som i statsselskapa. Modellane for bank er sjølvsagt ikkje nødvendigvis dei rette for skipsfart. I for liten grad har vi debattert kva rolle kooperative eigedomsformer og styringsformer vil kunne representere i framtida også i Noreg.

I aukande utstrekning har debatten om vidareføringa av det økonomiske demokratiet i andre land i Vest-Europa konsentrert seg om kapitalsida. Her har vi hatt det lettare i Noreg. Vi står i ein tradisjon der det har vore arbeidet som også har vore grunngjevinga for auka makt og representasjon. Vi har handla på vegne av arbeidet; kapitalen var eit spørsmål for motkreftene og fienden. Men så enkelt blir det ikkje lenger heretter. Dels er det eit dilemma at den viktigaste nye kapitaltilgang i mange bedrifter i dei siste åra i stor monn har vore sikra av samfunnet, dvs. staten. Men går vi inn for aukande ansvar og kanskje til og med fleirtal for arbeidstakarane, så pådrar vi oss også automatisk ikkje berre eit medansvar, men også eit hovudansvar for den overlag viktige oppgava det er å sikre kapitaltilgang. Ingen modell for korleis produksjonslivet i Noreg skal sjå ut i tida som kjem, kan ignorere kapitalproblema. Ofte vil det vere slik at dei mest arbeidsintensive løysingane også krev ny stor kapitalinnsats. Også vi har ein historisk sjanse til å knyte vårt krav til demokratisering til det faktum at aksjonærsystemet ikkje greier den viktigaste delen av jobben sin, nemleg å sikre kapital til utvikling av bedriftene og trygging av sysselsettinga. Også vi er på veg inn i ein debatt om korleis arbeidstakarane skal kunne medverke til å sikre kapitaltilgang, og korleis vi skal finne ordningar for ei meir demokratisk forvaltning av kapitalen. Her er eit område der det desentraliserte initiativ og desentraliserte løysingar visseleg vil ha stort rom.

Ein debatt om norsk sosialisme må også vere ein debatt om organisasjonanes rolle i vårt system. Det er eit påtrengjande behov for debatt også om arbeidarrørslas eigne organisasjonar. Mangt kan seiast om Det norske Arbeiderparti og den organisasjonen. Det får eg reservere til andre fora. Men Landsorganisasjonen og fagrørsla er kome i fokus for den politiske interessa i det siste. I borgarlege aviser spår ein nå ein reduksjon i fagrørslas makt og eit aukande konfliktforhold til partia. Eg ser for min del ingen veg til norsk sosialisme som går utanom fagrørsla. På mange av dei mest vitale områda vil fagrørsla og den makt ho kan mobilisere, på mange måtar representere nøkkelen til framtida. Lønnskampen er eit aktuelt tema. Den står tradisjonelt sentralt i fagrørslas kamp for medlemmenes interesser. Det vil lønnskampen framleis gjere. I det svært aktuelle spørsmålet om gjennomføring av lønnsoppgjeret er det eit hovudpunkt regjeringspartiet ikkje kjem utanom. Svært mykje av regjeringspartiets makt og regjeringas eksistens kviler på fagrørslas evne til å hevde si makt. I dette maktspelet er lokale lønnsforhandlingar eit heilt avgjerande element. Det norske Arbeiderparti kan sjølvsagt ikkje rive unna eit så avgjerande maktgrunnlag for seg sjølv som det lokale forhandlingsapparatet representerer. I dette ligg det dessutan viktige ressursar når det gjeld å skolere menneske til deltaking og politisk engasjement.

Men samtidig er det klart at kampen for det private forbruket blir mindre heroisk. Vi veit også at marginal auke i dette private forbruket knapt kjennest som den mest påtrengjande oppgåva for mange fagorganiserte når dei sjølve skal definere sine interesser. Vi kjem ikkje utanom at lønns- og prisspiralen er av dei drivande krefter i det problemet som heiter inflasjon. Det problemet er så viktig at det partiet som vil ha politisk makt i 80-åra, ikkje kan ignorere det. Samtidig har den pågåande lønnskampen andre problematiske trekk frå sosialistisk synsstad. Ofte er kampen for høgre lønn ein kortsiktig kamp som på lengre sikt ikkje er i medlemmenes interesser fordi det går på tryggleiken i sysselsettinga laus. Fagrørsla kjem heller ikkje unna det dilemma som ligg i at svært mykje av lønnskampen i dag er ei overflytting av velstand frå svake til relativt sett sterkare grupper. Gjennomføringa av dette lønnsoppgjeret er på mange måtar ein prøvestein for korleis ein kan klare å handtere dette problemet.

Alt i alt er det andre område for fagrørslas engasjement som er meir interessante når det gjeld å vere nøkkel til framtida. Eg ser ikkje korleis vi kan sikre ei styring av dei teknologiske utfordringane og sikre mål som arbeid for alle, og ikkje minst meiningsfylt arbeid for alle, utan at fagrørsla spelar ei nøkkelrolle. Og her ligg visseleg heilt vitale interesser frå medlemmene. Ingen som driv med politikk, kan unngå å fornemme at dei fleste menneske definerer tryggleiksproblema som stadig viktigare og viktigare. Eg ser heller ikkje korleis vi skal kunne vinne den viktige kampen om makt som heiter utdanningspolitikken utan at fagrørsla forsterkar sitt engasjement. Vi vil visseleg ikkje kome eit steg nærare økonomisk demokrati utan at det punktet har høg prioritet i Landsorganisasjonen i Noreg. Og eg trur også det er nokså begrensa kor langt vi kjem vidare i alle dei kompliserte likestillingsspørsmåla før dei for alvor blir eit område der fagrørsla kastar inn sine krefter. Alt dette er avgjerande spørsmål i det som heiter vegen fram. Ein analyse av de korporative elementa i vårt samfunn får ikkje føre til at vi ønskjer oss mindre makt og mindre engasjement frå fagrørslas side i slike vitale spørsmål.

Eg har i det føregåande i fleire samanhengar kome inn på internasjonale spørsmål. Mange av initiativtakarane til Politisk Forum veit at dei fekk sitt første og mest djuptgåande politiske engasjement gjennom internasjonale spørsmål. I mellomtida har dei generasjonar som kom etter min eigen, vore slått av at vi kanskje gjekk oss vill i store kompliserte internasjonale utfordringar. Dei har retta si merksemd mot Noreg og hatt som siktemål at det er riktig å kanalisere den politiske innsatsen dit ein kan gjere noe. Nå er dei internasjonale spørsmåla på veg tilbake med full tyngde. Arbeidarrørsla vil ikkje representere eit attraktivt alternativ for fleirtalet i det norske folket dersom vi nå forsømmer dei internasjonale utfordringane. Det er sjølvsagt på mange måtar heilt avgjerande for folks kjensle av tryggleik for framtida. Og alle ser at militær tryggleik har sine sterke begrensingar i så måte. Vårt eige militære forsvar er på veg inn i ein epoke der eit lite land som Noreg vil stange mot det som er økonomisk mogleg når det gjeld målet om at vi skal utstyre vårt forsvar med dei beste våpen. Nedrustingsspørsmåla blir stadig meir vitale, og eg synest ikkje noen av dei norske sosialistiske partia har særleg mykje å syne tilbake på når det gjeld djuptgåande og breitt engasjement i desse spørsmåla. Vi har eit kontinuerleg ansvar for framleis å plassere oss der vi gjerne ville vere når det gjeld nord/sør-problema. Norske sosialistar må vere i fremste rekke når det gjeld engasjement om internasjonale økonomiske spørsmål. Vi må vite betre enn andre at miljø- og ressursspørsmåla er internasjonale og krev internasjonalt engasjement og samarbeid. Vi er som oljemakt og stor forvaltar av havets ressursar i løpet av det siste ti-året på ein heilt annan måte komne sentralt med i det internasjonale maktspelet. Dette er nye dimensjonar i vår internasjonale debatt. Vi kjem nok framleis til å debattere medlemskapet i NATO, men det rekk sjølvsagt ikkje som grunnlag for vårt totale internasjonale engasjement og som mål på kor skiljelinene i det norske samfunnet, og for den saks skuld i arbeidarrørsla, bør gå.

Eg burde sjølvsagt frå min synsstad nytte ein del av dette innlegget til å tale om utdanningssamfunnet og reformene innanfor utdanning og kulturliv. Det gjer eg i så mange andre samanhengar at eg skal la det ligge her. Men la meg prøve å dele ei røynsle frå utdanningsdebatten med dykk fordi ho har interessante generelle sider. Vi er på veg inn i ein utdanningsdebatt der merksemda går bort frå dei organisatoriske og strukturelle sidene ved utdanningssystemet og over på innhaldet i skolen og utdanningsinstitusjonane. Vi skal i dei neste åra gjere hovudtema av forholdet mellom utdanning og arbeidsliv, eit komplisert forhold der vi i utgangspunktet bør innsjå at vi ikkje har noen patentløysingar. I forhold til slike oppgåver har eg to grunnleggjande tilnærmingsmåtar. For det første vil ingen politikar eller politiske parti kunne gjennomføre endringar i innhaldet i skolen utan rimeleg oppslutnad frå dei som arbeider og verkar i skolesamfunnet. Det nyttar lite å formulere vakre politiske mål for utdanningssamfunnet dersom ikkje interessene til dei politikarane som formulerer måla, så noenlunde fell saman med interessene til dei som skal leve med dei. Det andre er at vi her står overfor svært vanskelege problem og svært kompliserte sosiale system. Det tilseier at vi adopterer ei meir eksperimentell haldning til vår eigen politikk. Vi får investere mindre prestisje i reformene. Vi finn ikkje svara på desse problema i klassikarane. Dogmatiske haldningar er heilt utenlege som svar på desse utfordringane. Eg kjem tilbake til sosialdemokratiets veg. Det er den møysommelege vegen, ikkje ofte kransa av vaiande raude faner og entusiastisk applauderande folkemengder. Det er ein tålmodig kamp mot ein gjenstridig røyndom. I den eksperimentelle haldninga ligg det også at her bør det vere rom for desentraliserte løysingar. Her bør det lokale initiativ kunne danne interessante mønster for korleis vi seinare skal angripe problemet i større målestokk. Eksperimentell haldning har som føresetnad vilje til å prøve ulike vegar. Men eg har også som ein svært avgjerande føresetnad evne til å forkaste det vi ikkje er fornøgde med. Det har vi vore nokså dårlege til til nå.

Norsk demokratisk sosialisme har til nå betydd å bygge sosialismen på folkefleirtalets grunn. Eg går ut frå at dette er ei målsetting som framleis vil samle svært mange av oss. Men føresetnaden for å kunne føre ein slik politikk er at ein kan telje. Ein må mellom anna skjøne det nokså enkle reknestykket at strukturendringane i det norske samfunnet føreset eit gjennombrot for arbeidarrørsla i dei nye yrkesgruppene som er komne til. Den gamle alliansen av arbeidarar, fiskarar og bønder kjem framleis i mange år til å vere ryggraden i Det norske Arbeiderparti, men den vil ikkje vere nok for å kunne kjempe for sosialisme på folkefleirtalets grunn. På mange måtar er det sjølvsagt paradoksalt at så mange av dei nye gruppene er framande for den demokratiske sosialismen. Om vi seier at utryggleik er eit dominerande politisk problem for einskildmennesket, skulle vi kanskje vente at dei første som svikta, var dei som mest har grunn til å sette spørsmålsteikn ved fellesskapets evne til å sikre dei tryggleik. Vi skulle kanskje vente svikten hos arbeidarane i fiskeindustrien i Nord-Noreg, hos dei som arbeider i utsette bedrifter på einsidig industristader, som arbeider i industriar med store strukturelle endringar. Men det er ikkje dei som er mest mottakelege for andre ideologiske straumar. Det er dei gruppene som har dei tryggaste arbeidsplassane og som er trygge først og fremst fordi det er samfunnet som tryggjer dei, som nå mest er mottakelege for bodskapen om at einkvar er si eiga lykkes smed. Dei viktigaste misjonsmarkene finst blant nye grupper som ikkje er nyare enn at dei tryggjer sin eksistens først og fremst på det systemet som norsk arbeidarrørsle har skapt. Det er i helse- og sosialsektoren, og ikkje minst i utdanningssektoren at den politiske tilslutninga både kvalitativt og kvantitativt representerer det største problemet for den demokratiske sosialismen. Her er det lettast å bryte med samfunnssolidariteten til fordel for ein stadig snevrare gruppesolidaritet. Her er aggresjonen størst overfor den politikk dei oppfattar som sosialdemokratisk.

Dette fortel oss noe om at vi også nå bør rette eit kritisk søkelys på vår evne til å løyse problem i fellesskap. Ein kan ikkje overtyde mennesket om at fellesskapsløysingane er i deira eige interesse dersom desse løysingane er dårlege, eller dei sjølve ikkje har den minste sjanse til å påverke dei. Kva utvegar har eit menneske til å påverke t. d. sitt eige bumiljø? Kva kan vi gjere effektivt for å løyse dei trafikkproblema mange opplever? Svaret er dessverre ofte nesten ingen ting. Og da blir ditt eige individuelle val av bustad ein langt meir effektiv måte å sikre eigne interesser på. Eller kva hjelper det oss at vi byggjer ut eit stadig betre kollektivtilbod og det er nesten alle menneske for, dersom dette kollektivtilbodet har det ved seg at svake og utrygge menneske ikkje vågar å nytte det etter kl. 5 om ettermiddagen? Meir og meir blir striden for samfunnssolidariteten og fellesskapsløysingane eit spørsmål om å kunne sikre kvalitet i slike løysingar. Folk er ikkje så dumme at tilslutninga til høgrebølgja berre kan forklarast med flukt frå røyndomen og manglande evne til å definere sine eigne interesser. Dessverre er ofte forklaringa meir nærliggjande i det at vi ikkje har makta å gjere fellesskapsløysingane gode nok. Og eg treng knapt peike på kva komplisert politisk kvardagsarbeid som ligg framfor oss her. Her finst det heller ikkje mange svar i bøkene. Den viktigaste ballasten vi har for å løyse slike problem, ligg i det praktiske handlaget med enkle kvardagslege problem som har vore eit av sosialdemokratiets adelsmerke i vårt land.

Vi høyrer gjerne at det er to føresetnader for at reformismen skal vere eit godt sosialistisk prinsipp. For det første må reformene vere målretta og kunne innpassast i ein langsiktig strategi. For det andre må dei komme så raskt at motkreftene ikkje får tilstrekkeleg tid til å mobilisere. Av det siste kan vi utleie at det bør vere eit arbeidsprinsipp å handle. Arbeidarrørsla kjem ikkje til å vinne tilslutnad for det vi ikkje gjer. Eir av våre store problem når det gjeld å vinne ny tilslutnad, er at vi blir oppfatta som defensive og forsvarar av det beståande. Vi har mykje å forsvare, men vegen til makt går ikkje gjennom slikt forsvar. I dei siste stortingsperiodane har Arbeiderpartiet stridd med noen såkalla upopulære saker. Det er ei vanleg oppfatning at desse upopulære sakene har kosta mykje i form av manglande oppslutnad ved val. Om desse upopulære sakene er det generelt å seie at det sjølvsagt har vore ein mangel at dei ikkje har vore sikra tilslutnad nedanfrå før dei vart fremma. Skilnaden mellom arbeidsmiljølova og mange andre saker er her påfallande. Vi har lært ei lekse her, men vi har etter mitt syn ikkje lært den leksa at vi ikkje skal fremje upopulære saker.

La oss sjå litt på noen av dei aller mest upopulære. Den mest upopulære og kontroversielle var saka om sjølvbestemt abort. Den kosta sikkert stortingsfleirtalet i 1969 og har seinare vore ei tung sak å bere fram før avgjerda endeleg kom. Ved valet i 1981 vil abort-saka vere ei god sak. Nå er ikkje problemet lenger vårt, men det er Høgres. Det skal bli yttarst interessant å sjå om Høgre ved valet i 1981 vil gå inn på ei line som er i strid med eit overveldande fleirtal av eigne veljarars syn og innføre ei ny lov som vil bli eit av dei mest tydelege eksempel på at det ikkje er så enkelt som at Høgre alltid er mot formyndarstaten. Det andre eksemplet er Kriminalmeldinga. Om noen dagar vil Justiskomitéen leggje fram innstilling i Stortinget, og eg spår at denne innstillinga vil vise at det arbeidet og den politiske kampen Inger Louise Valle har nedlagt, ikkje har vore fåfengt. På sikt vil Kriminalmeldinga leggje eit heilt nytt grunnlag for debatten og klimaet her i Noreg. Og mange av dei forslaga som er fremma, vil vere kurante reformer her i landet om ikkje altfor lang tid. Den tredje saka steller eg med sjølv, og det er karakterspørsmålet. Manglande oppslutnad - ikkje minst frå dei som arbeider i skolen - har tvinga oss til ein midlertidig retrett i det spørsmålet. Vi får sjå på kva som er mogleg og tenleg når det gjeld endringar i vurderingsformene i skolen. Men Evalueringsutvalets innstillingar og den litt «plagsame» debatten vi har hatt, kjem ikkje til å bli av langvarig glede for reaksjonen. Også her er det sådd eit frø som kjem til å materialisere seg i reformer i åra som kjem. Eg får manifeste uttrykk for det når det på mitt bord hamnar søknader frå lærarskolestudentar om å bli kvitt eit gradert karaktersystem. Når opprøret kjem den vegen, så å seie innanfrå murane, er det eit opprør med framtid i seg.

Felles for desse upopulære sakene er at dei var målretta reformer som kan innpassast i ein samla plan for samfunnsomforminga og knytast til klare sosialistiske mål i vårt grunnsyn. Dei er gode reformer fordi dei kjem til å gjere vårt samfunn meir humant og rettferdig. Dei illustrerer også kva vi taper ved ikkje kontinuerleg å drive fram såkalla upopulære reformer. På sikt er dei meir samlande og rekrutterande enn mangt av det andre vi driv med.

Eg har konstatert at vi finn få svar i bøkene. Det er blitt viktigare enn før å kvitte seg med dogmatiske levningar frå fortida. Vi har dessutan fått ein del nye problem som ikkje er omhandla i den klassiske litteraturen. Miljø- og likestillingsproblema t. d. er typiske eksempel på spørsmål som vi må handsame her og nå. Men denne udogmatiske haldninga må sjølvsagt ikkje få oss til å ignorere debatten om idear og verdiar. Tvert om har vi i Arbeiderpartiet oppdaga at vi meir utførleg enn vi først tenkte, også treng å debattere det som i våre program heiter grunnsynet. Dette er ikkje først og fremst for å revidere det. Men det er tid for og klima for verdiar om dagen. Svært mange av dei som er på politisk leiting, vil knyte sine lojalitetar til dei partia som har eit attraktivt ideologisk ansikt. Såleis må vi ta fram dei gamle, litt forslitte orda «solidaritet» og «likskap», snu på dei og sjå om dei held og kva dei må tyde i det samfunnet vi nå er på veg inn i. Mi tru er at dei framleis har ei veldig mobiliserande kraft i seg.

Alle som arbeider med politiske program, av alle politiske avskygningar, drøymer vel om å skrive der kommunistiske manifest. Tenk å kunne skrive det hoggande, konsise og mobiliserande programmet som endra historias gang. I det kommunistiske manifestet skildrar Marx i undring den veldige eksplosjonen av nye produktivitetskrefter i det førre århundret. Men han er samtidig nokså pessimistisk når det gjeld framtida for desse produksjonskreftene under kapitalismen. Først under ein ny sosial orden kan framtidstru og optimisme atter herske. Den gamle leverer her ei skildring som høver nokså godt i dag. Nasjonalt og internasjonalt er den eksisterande sosiale orden i krise fordi vi ikkje heilt ser korleis vi kan løyse problema under denne. Marx nemner underlegginga av naturkreftene og tillempinga av kjemien i industri og jordbruket som eksempel på dei nye kolossale produksjonskreftene. Nå er også situasjonen annleis. Det har vore sagt at hittil har mennesket kjempa mot naturen. Frå og med nå står kampen mot menneskets eigen natur. Vi ser klare ressursmessige og sosiale grenser for den vidare veksten. Berre sosialismens bodskap om styring og fellesskap kan gi oss ei framtid som den vi ønskjer.

Sosialdemokratiets veg inn i denne framtida vil vere ein veg prega av utryggleik og mangel på skråsikre løysingar. Mange synest det går seint. Men det gjer det ikkje. Samanliknar vi våre eigne resultat med det som er oppnådd gjennom andre måtar å fremje sosialismen på, toler dei denne samanlikninga. Måler vi farten i omformingane med det som må vere det viktigaste for alle sosialistar, nemleg det einskilde individs fridom og levekår og dei sosiale tilhøva mellom menneske, toler dei alle samanlikningar. Den langsame og prøvande vegen fram er også den raskaste vegen.